Kyrkjenytt nr 5 - 2013 - Voss kyrkjelege fellesråd

Transcription

Kyrkjenytt nr 5 - 2013 - Voss kyrkjelege fellesråd
for Vossabygdene
Helgatun 40 år
Helgatun har feira sine
40 år som leirstad og
fjellpensjonat. Historia fortel
om ein draum som har gått
i oppfylling, og eit svar på ei
underleg bøn.
Les om dette på side 4.
Nr 5 - 2013, 72. årg.
Torvedalsstemna
100 år
Ny medarbeidar i
trusopplæringa
Sundag 28. juli samla
nær 70 personar seg ved
Torvedalshytta for å markera
at det er 100 år sidan den
første Torvedalsstemna vart
halde.
Les meir, og sjå bilete på side 8.
Camilla Velsvik Sønnesyn
er tilsett i 50 % stilling som
trusopplærar i Voss. Ho
har allereie vore i arbeid
nokre veker, og gler seg alt i
arbeidet.
Les meir på side 5.
KYRKJA I VOSS
ANDAKT
2
977 74 489
408 53 537
474 62 435
474 62 435
952 62 026
995 18 194
952 62 025
478 49 134
404 40 461
952 62 084
980 64 594
414 75 383
915 98 410
414 68 733
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
e-post: [email protected]
952 62 085
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
e-post: [email protected]
415 46 366
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
Sentrumstreffa
Onsdag 4. september starta Sentrumstreffa
oppatt i Sentrumssalane i Vangsgata 46.
(Tidligare VIMI-bygget). Sentrumstreffa er 1.
onsdag i månaden vidare i haust. Vel møtt!
P.H.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
AMAZING GRACE …
Det nærmar seg haust og tida er inne til å
reinske stemmebanda og gjere dei klare til
songøving. Likar du å syngje og har ledig tid
tysdagskveldane, så møt opp i Vangskyrkja. Me
vil gjerne ha med oss nye songarar. Øvingane
startar tysdag 27. august kl. 1800.
Hugsar du forteljinga om den
samaritanske kvinna som møtte
Jesus ved Sykarbrønnen? (Johs.ev.
kap. 4) Forteljinga har lært meg
mykje om dei kvalitetane Jesus
hadde.
I haust har me eit variert og spennande program:
Oktober: Folkemusikkmesse av Jo Asgeir Lie.
Her får me med oss songarar og musikarar
frå Ål.
November: Requiem av G. Fauré. Det blir i
samarbeid med mannskoret Laudamus frå
Øystese og med konsert båder på Voss og i
Norheimsund.
Desember: Me syng og spelar jola inn. Dette er
blitt eit fast og kjært innslag saman med
andre aktørar frå Voss.
På gudstenesteveg. Også
denne sumaren har det
vore fleire gudstenester
kombinert med turar.
På biletet er det spreke
strendingar på veg til
100årsmarkering for
Torvedalsstemna.
Foto:J.O.Thaule
Kyrkjelege Fellesråd
saman med Evanger, Voss,
Raundalen, Oppheim og
Vinje sokneråd.
Besøksadresse:
Magasinvegen 35,
Tvildemoen
Postadresse Pb. 562,
5703 Voss
E-post: kyrkjebladet@
voss.kyrkja.no
Kontonr: 3480.30.56775
Telefon (red.) 915 98 410
Med tanke på den store
kløfta det var mellom
jødane og samaritanane,
valde Jesus likevel å ta
snarvegen gjennom Samaria
på si reise frå Jerusalem til
Galilea.
Den samaritanske kvinna med
dårleg rykte og med dei kulturelle
hindringane for at menn og
kvinner kunne snakka saman, tek
Jesus sjølv initiativet til samtalen
mellom dei! Trøytt og tørst som
han er ser han likevel kvinna, ser
at problema hennar er fyrst og
fremst av åndeleg karakter. Han
viser henne Guds nåde, reiser
henne opp, ser potensialet ho har!
Eg har ofte tenkt: Skal tru
om han visste kven som
ville møta han der? I alle
fall såg han det som ei av
Kvinna blei tilgitt, fekk oppleva
NÅDEN – Guds ufortente
kjærleik til oss! Møtet med
Han som kom med Guds nåde,
endra livet hennar. Etter denne
opplevinga med Jesus fekk ho
visa mange andre vegen til Gud.
Eg er ikkje perfekt, eg kan berre
takka for at eg får ta imot ny nåde
kvar dag. Ofte kan eg ta meg sjølv
i å gå og nynna på songstrofa til
Bjørn Eidsvåg: ”Du viste meg
nåde i stedet for krav, da fant jeg
tilbake til meg selv”!
Guds ufortente nåde – Amazing
grace!
Av Pål Erdal
Framsida:
Utgjeve av: Voss
sine oppgåver å møta menneske
med sin forsonande kjærleik.
Om å gå til nattverd
Kyrkjenytt
(Vi tek gjerne imot gode
framsidemotiv frå andre.)
Av Marit Svahn
Andakten
Kyrkjeverje Hans Soldal
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
Sekretær Idunn Holen
e-post: [email protected]
Sekretær Lene K.P.W. Brunborg epost: [email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
e-post: [email protected]
Kyrkjelydspedagog Camilla V. Sønnesyn
epost: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
Organist Ellen Marie Selland Geithung
Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen
Gravar Vidar Bryn
Voss og omland kantori (VOK)
Redaksjonsnemnd:
Brit Furre, Aud Wallaker
Hutchingson, John Ove
Thaule og Arne Mosefinn
(red.)
Grafisk utforming:
Åslaug Styve Mjånes
Trykk: v/ Voss Prenteverk
Opplag: 6000 eksemplar
Neste nummer kjem
ut i veke 42, frist for
innlevering av materiale
til redaksjonen:
1. okt. 2013.
Heilt frå eg tok til å sykla til og gå
i Vangskyrkja, det er fleireogtretti
gode år sidan, har eg undra meg
over eit fenomen som skjer der
om lag annankvar sundag: Når
presten har invitert «kom, for alt
er ferdig» til nattverdmåltidet, då
er det at den store kvite flokk, o g
då tenkjer eg helst på hårfargen,
reiser seg, - alle på éin
gong! Og med den møye
som alderen byr kvar og
ein, for det er jo ikkje
akkurat ungdomslandslaget,
dannar dei - lesaren ser alt
no at det er dei og ikkje
vi- smått om senn ein
alvorleg diger kø oppetter
midtgangen.
Mine tankar om...
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
Framme i koret er det
tillaup til lettare kaos,
sjølv om å snike, dét er
det jo ingen som gjer. Litt
skjemtefullt undrast eg, kva hastar slik? Maten vert
jo ikkje kald, om ein får
seie det slik utan å gjere
heilagbrøde. Og tomt vert det slett
ikkje, her er jo overflod. Så har
dei gløymd at dei første skal bli
dei siste, og dei siste skal bli dei
første?
No må eg skunde meg og tilføye
at det er altså ikkje difor eg gjerne
ventar til sist. Slett ikkje. Eg har
berre til gode å oppdage kva som
er så stas med å stå over fleire
rundar der framme, når eg har eit
godt sete nede i radene. Ikkje likar
eg å stå i kø heller, nokon stad.
Jaudå, eg skjønar at det er godt å
endeleg få lea seg litt. Og om eg
vil gå tidleg så er det smart å vere
framfus til nattverden, for då kan
eg etterpå stikke ut døra utan at så
mange av kyrkjekjenningane ser
meg, dei står jo i kø der framme.
Vel, vi har alle våre kyrkjevaner,
høgre eller venstre side, bak eller
midten. Ingen framme, der er jo
reservert annankvar sundag, så dét
let seg ikkje vanedanne. Ikkje ser
ein noko der framifrå heller, og
preika må ein høyre baklengs.
No - endeleg - kjem eg til eit
poeng med litt innhald: For det
er litt ugreitt at alle dei som kan
salmane og veit kva tid me skal
reise oss, faktisk reiser seg og går,
- samstundes. Også om dei ikkje
går ut, berre fram, og rett nok
kjem nedatt. For bak i benkane
vert det nærast tomt. Salmesongen
stilnar, og dei som sit att utan å
gjere det på trass og eigen vane
slik som eg, dei som lurar på kva
mon no skjer, og ikkje heilt vågar
eller ynskjer gå til nattverd, dei sit
att åleine og vert veldig synlege.
Nokre reiser seg dei også, sånn
etterkvart, og går motsett veg,
ut døra. For dei ser jo av køen at
dette kjem til å ta tid. Vel, alle kan
jo ikkje sitje att i lag med meg,
heller. Men kan hende er det bra
om ikkje alle går først?
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
3
TRUSOPPLÆRING
aktuelt
Helgatun 40 år – svar på ei underleg bøn
4
Helgatun vart vigsla til bruk i
Guds rikes arbeid 12. august 1973.
Den dagen fortalde ei eldre kvinne
om noko ho sjølv hadde opplevd
som barn i Myrkdalen. Bestemora
hennar budde her i dalen, og
veslejenta var på besøk her om
sumrane. Hugsa som lita jente
kor eg fekk vera med bestemor
opp på myrane her, like oppom
der husa på Helgatun vart bygde.
Der skar me torv som vart turka
og brukt til brensel. Bestemor
hadde alltid nistekorg med seg ut
her då. Men før me fekk eta, folda
bestemor nevane sine og bad for
maten, og så bad ho ei underleg
bøn: «Kan ikkje du Jesus bruka
desse myrane til noko i ditt rikes
arbeid!»
noko som var fullført. Dagen
vart heller eit kolon: no kjem
det noko viktig! Alt i påsken
var det samlingar i råbygget, på
den grovstøypte betongplata.
Påskebodskapen lydde for første
gong på Helgatun. Det var eit
misjonsarbeid meir enn eit bygg
som vart vigsla. Leirarbeidet var
i gang. Dei unge fylde salane
med lått og song, - og med stille
lytting. Myrkdalen hadde og fått
eit tilbod til dei tilreisande, midt
i smørauga om ein tenkjer på
plasseringa.
I 1973 fekk den eldre kvinna
sjå bønesvaret på bestemor sine
bøner! Jau, Gud har god tid – ein
herleg tanke å ha med seg i si
daglege bøn.
Sidan starten har det vore 360
000 gjestedøger. I tillegg kjem
alle som har vore innom kaféen,
bussgrupper som har hatt ein
stopp for enkel servering, eller
alle dag-gjester til festmiddagar,
ein kaffikopp med kaker, is eller
eit enkelt smørbrød til. For
nokon har Helgatun fått vore
ei «varmestove», for andre ei
Vigslingsdagen i august vart
ein festdag, og ei stadfesting
av at noko stort var sett i gang
i Myrkdalen. Dagen vart ikkje
eit punktum, ei markering av
I dag er Myrkdalen bygd ut til
å vera eit av dei største fritidsog rekreasjonsområda i landet.
Helgatun er ein del av denne
storsatsinga.
«nødhamn».
Helgatun er borna, ungdommane
og familiane sin leirplass. For
Voss kyrkjelyd har Helgatun vore
fast plass for konfirmantleirar.
Og så alle frå Vossa-distriktet
som har vore her på barne- og
tenåringsleirar, eller generasjonsog familieleirar.
For andre er Helgatun
fjellpensjonatet med roen, naturen
og fellesskapet med andre ein
viktig del i livet deira. Tenkjer på
juleopphald, pensjonistturane og
påskeferiane, med sportsandaktar,
bibeltimar og hyggjekveldar.
Ja, Helgatun har vore og er ein
Misjonsstasjon som Gud står bak
og velsignar. «Draumen som
gjekk i oppfylling», som Styrkår
Hirth sa då Helgatun markerte dei
første 10 driftsåra.
Teksten byggjer på stoff frå
«HelgatunHelsing nr. 1 2013 og skriv
frå dagleg leiar Solveig Norheim.
Ny trusopplærar på Voss
Av Brit Furre
Mann, barn og ein ny pus må vika
for eit besøk med underteikna,
på kafé. Ho har no vore på
jobb i nokre veker allereie, og
ho strålar! Ho klyp seg sjølv i
arma og kjenner etter… er dette
verkeleg ein jobb, eller er det
heller dugnad, som ho er van med,
når det gjeld denne type arbeid?
Ho fortel ivrig om kor godt ho har
vorte motteken av dei andre som
arbeider på Kyrkjelydskontoret,
og om lokalitetane på
Tvildemoen.
Den nye trusopplæraren er
Camilla Velsvik Sønnesyn. For
dei som ikkje kjenner henne, så
er å nemna at ho kom til Voss
så tidleg at ho rakk å skaffa seg
skarre –r, og ho har gått alle åra i
grunnskulen og vidaregåande her
i bygda. Namnet Velsvik kjem frå
Sunnmøre, frå ei lita bygd som
heiter Velsvik, og så er ho gift
med Sigbjørn Sønnesyn.
Ho fortel at hovudrolla hennar
er å vera mor til 3 barn, frå eitt
og eit halvt til 9 år. Til no har ho
sett karrieren på vent og har vore
mykje heime. Ho er utdanna lærar
med master i spesialpedagogikk.
Radio og tv utdanning har ho òg
på CV’en. Ho arbeidde i skulen
i nokre år i Bergen, og familien
flytta til Voss for 2 år sidan.
Eg byr på kaffi, men ho vil gjerne
ha te…… klart det, ho skal jo
arbeida med T-dagar!
-Kva er eigentleg T-dagar?
- T’en står for trusopplæring.
Barn og ungdom vert inviterte
til arrangement i kyrkja frå dåp
til dei er 18 år. På Voss har ikkje
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
ho er oppteken av å visa ungane
respekt, og visa at me har respekt
for trua. I løpet av samtalen kjem
det fram at ho brenn for ungar,
og mediedama får ein og auge
på når ein snakkar om tilbodet
for barn på norske mediekanalar.
Eg forstår det slik at ho synst at
mykje er bra, men at det er viktig
å avpassa kvantiteten.
Det er laurdag. - Det er fridag. Eg
hastar av stad for å møte den nye
trusopplæraren til ein liten prat.
alle tilbod enno, men planarbeidet
er i gang. Me har starta med
dei minste, med babysong for
eittåringane, undretur i kyrkja
for treåringane og seksåringane
har eit tilbod som heiter «Heilt
første klasse», for å nemna
nokre eksempel. Dette arbeidet
har vore på Voss sidan 2006 på
forsøksbasis. Frå og med i år er
det gjennomføringsfase.
Dama har allsidig utdanning, og
eg lurar på kvifor ho no har vald å
arbeide i kyrkjesamanheng?
-Eg vart oppmoda til å søkja på
den ledige jobben, i 50 % stilling.
Det vil seia at eg arbeider 2 dagar
i veka, og i tillegg vert det noko
kveldsarbeid, og noko i helgane.
Camilla fortel vidare at ho
arbeider saman med Rønnaug
Skjeldal og Tone Brekke, og
at arbeidet er ein kombinasjon
å arbeida ut planar og praktisk
arbeid. Ho presiserer at ho ikkje er
prest eller kateket. Som pedagog
er ho oppteken av å formidla
kunnskap, og få verdigrunnlaget
synleg for ungane, slik at dei kan
ta sjølvstendige val. Ho seier at
Camilla har hatt barne- og
ungdomstida si i Vonheim, i
KFUK/KFUM, der ho har vore
dirigent og medlem i styret for
Refleks. Der har ho lang fartstid
med dugnadsarbeid og har lært
seg å setja pris på det, men å få
det som jobb…!
Me ynskjer lukke til!
Voss Kvite Band 70 år
Voss Kvite Band er ei lita
foreining som står i ein stor
samanheng. Det Hvite Bånd er
ein kristen avhaldsorganisasjon
for kvinner, tilslutta Worlds
Womans Christian Temperance
Union (WWCTU). Den har
foreiningar og lag i over 46 land.
Organisasjonen vart starta i USA
i 1874, og er den eldste frivillige
kvinneorganisasjonen i verda,
som har eksistert utan opphald
sidan starten. Kvite Band på Voss
har òg eksistert utan opphald i 70
år.
5. oktober vil me markera
70-årsjubileet i Velferdssentralen.
Det vert eit ope møte, så då vonar
me mange vil vera med. Elles har
me har me hatt 5-6 møter i året. I
tillegg deltek me på krinsmøte og
søstertreff i krinsen. Neste år skal
krinsmøtet vera på Voss. Laget
har no 30 medlemer. 70-årsynsket
er fleire medlemer. Marit Våle
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
5
I SAMTALE MED
SIDAN SIST
I samtale med: Ivar Hellene
Olsokmesse på Krossaset
Tekst og foto: Magnus Kløften, kantor
Intervju ved Arne Mosefinn
I sist nr. av Kyrkjenytt
vart lensmann Ivar Hellene
utfordra til å svara på
våre spørsmål om verdiar,
lokalmiljø og tilhøve til
kyrkja. Han tok imot
utfordringa og syntes det var
greitt å presentera tankane
sine i bladet.
Om lokalmiljøet
Om verdiar
Elles er her ein fantastisk natur
som innbyr til ulike aktivitetar
heile året. Voss er avhengig av at
det er aktivitetar og festivalar.
Kva er viktige verdiar for deg?
6
Eg synes det er godt når folk er
snille mot kvarandre. Eg verdset
folk med høg moral. Det er eit
ord som seier at vi skal gjera mot
andre det vi vil dei skal gjera mot
oss. Vi skal ikkje snakka negativt
om kvarandre, men heller finna
det positive. Av svigermor har eg
lært at viss ikkje du har noko godt
å seia om eit menneske, så treng
du ikkje seia noko.
Som etat har vi etiske
retningsliner som eg strevar etter
å fylgja: vera rettskaffen, høfleg,
open og ærleg, og behandla alle
med respekt.
Kva synes du er bra med Voss?
Det aller meste!
Eg er imponert over
dugnadsinnsatsen i samband med
alle arrangementa.
Voss er elles ein trygg stad å bu.
Her er lite kriminalitet samanlikna
med andre stader.
Noko du tenkjer kunne bli betre på
Voss?
Me har det eigentleg veldig
bra. Men eg ser fram til auka
bustadbygging – at planlagde
bustadfelt vert realiserte slik at vi
kan få rimelegare husvere, spesielt
for nyetablerarar.
Som lensmann ser eg og fram til
betre og tryggare vegar som kan
hindra ulukker.
Om kyrkja sin plass
Kva tenkjer du om kyrkja sin plass
i lokalmiljøet?
Kyrkja er viktig for mange –
særleg ved store høgtider og
ved gravferder. Etaten vår
samarbeider med prestane ved
ulukker og dødsfall. Det hender
vi må gå med dødsbodskap, eller
informera familien når nokon
kjem ut for ei ulukke. Dette er
tunge oppgåver som vi aldri vert
profesjonelle på. Det er då godt å
ha prestane som medhjelparar.
Kva betyr kyrkja i ditt liv?
Ivar Hellene, lensmann i Voss, ein regntung
dag med Gråsida i skodde i bakgrunnen.
Voss er likevel heilt fantastisk, meiner han..
Etter gammal tradisjon vart det
óg i år gjennomført friluftsmesse
på Krossaset, nært knytt opp mot
sjølve Olsokdagen den 29.07.
Eit fylgje på om lag 30 personar
samla seg om denne tradisjonsrike
markeringa, og veret vart mykje
betre enn det metereologisk
institutt varsla på førehand.
Gudstenesta fekk difor ei perfekt
råme, omgjeve av storslått natur
på alle kantar.
Personleg betyr ikkje kyrkja så
mykje for meg. Som institusjon
har den ein viktig plass. Når
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
Ivar Hellene på toppen av Domkyrkja i
Firenze den 12. juli i år - om lag 150 meter
over bakken. ”Santa Maria del Flore” er den
4 største kyrkja i Europa.
eg er ute og reiser, oppsøkjer
eg ofte kyrkjebygg. I sommar
var vi innom både Vatikanet/
Peterskyrkja og katedralen i
Firenze. Har dessutan vore i
Notre Dame og Sacre Ceour
i Paris. Det er ein spesiell
atmosfære i desse mektige
bygningane. Det er godt å setja
seg ned for ei stille stund og finna
roen. – Elles er Vangskyrkja heilt
fantastisk.
Kven vil du utfordra til ein
samtale i neste nummer?
Eg utfordrar Gerd Fleischer
Tønjum.
Ivar Hellene
Født: 11.12.59
Bustad: Haugamoen
Familie: Sambuar, 3 born
Interesser: Fotball, å gå i
fjellet (var nyleg på
Hondalsnuten)
Favorittmat: Likar all mat,
særleg fisk
Les: Har berre tid til å lesa
faglitteratur og aviser.
Til og med frå Folkedal-sida
kom det vandrarar som tok del i
gudsteneste-feiringa! Johannes
Melve tala over temaet frå Lukasevangeliet, kapittel 24, vers 2427; om det å vera ein tenar iblant
folket. Salmane me song var gode
kjerne-salmar frå salmeboka vår:
«Himmelske Fader, herleg utan
like», «Alltid freidig når du går»
og «Fagert er landet». Kantor
Magnus Kløften hadde satt att
orgelet i Vangskyrkja denne
dagen, og dermed vart dagens
postludium ei ekstra salme; «Ja,
en gang mine øyne skal se kongen
i hans prakt», skrive av prest
Gudsteneste i storslått natur på Krossaset
Karl Marthinussen frå Bergen i
året 1954. Dei i kyrkjelyden som
kunne teksten frå før, bidrog til at
det ikkje vart berre ei stemme som
tona gudstenesta ut.
Ågot Himle hadde syrgja for
kyrkjekaffi og nysteika «lappar».
Me som var til stades fekk ei
riktig god oppleving av Olsokmessa dette året. Dei aller
fyrste regndråpane kom når alle
var vel tilbake ved bilane på
parkeringsplassen.
Voss sokneråd har no eit utval som
samlar historiske data frå kjelder
som Kyrkjebladet, Jolekveld
i kyrkjelyden, samt andre
lokalhistoriske skrifter, med det
føremål å laga eit kompendium
over historia knytt til Krossaset.
Olav Edal er initiativtakar til dette
prosjektet. Me ynskjer til lukke
med dette arbeidet, og ser fram til
det ferdige resultatet!
Kleinnsamling til Ukraina
Også denne hausten skal Valborg
Nummedal samla inn klede til
naudstilte i Ukraina. Innsamlinga
vert fredag 13. september kl.
1500-2000, og laurdag 14.
september kl. 0800-0900, same
stad som i fjor: i lokala til
Fellesbakeriet i Brynamoen.
Det som vert levert skal pakkast
i sekkar. Det kostar kr. 50 pr.
sekk i frakt. Om det vert noko til
overs, går det til hjelpearbeidet
som Open Hearts driv saman
med pinsekyrkja der. Dei driv
m.a. suppekjøkken som gir
mat til nesten 4000 born kvar
dag, eigen barneheim for 250
born frå 0-6 år, eigen skule for
vanskelegstilte born frå 6-10 år og
massedistribusjon av klede og mat
til fattige born og familiar.
Vossingane er flinke til å gje.
Det betyr så utruleg mykje for
dei som får hjelpa. Tusen takk!
Jolekort til Romania
Du las rett! Me tenkjer jolekort
alt no. 18. og 19. september kan
born og vaksne koma i Bordalen
bedehus for å laga jolekort til
barneheimsborn i Romania.
Begge dagar frå kl. 1500 og utover
så lenge det trengs.
Vonar du og kjem.
Helsing Valborg.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
7
SIDAN SIST
8
SIDAN SIST
Torvedalsstemna 100 år
Voss sin kyrkjelydstur 2013
Av Arne Mosefinn
Sundag 28. juli samla nær 70
personar seg i Torvedalen i
Stølsheimen for å markera at
det er 100 år sidan den første
Torvedalsstemna vart halde.
sjølve stemneplassen var truleg
ikkje den same som dengong. No
har Voss Utferdslag sett opp hytte
på ei høgde over Torvedalsvatnet,
og det var her vi samla oss.
Onsdag 31. juli steig 31
forventningsfulle deltakarar
på bussen med mål for
Ulvik. Borghild og Johannes
Melve, som tidlegare har
budd og arbeidt i Ulvik i ei
årrekkje, var våre dyktige
guidar gjennom denne
opplevingsrike dagen.
Heilt fram til 1965 samla
kyrkjefolk frå Eksingedalen og
Vossestrand seg her til stemne
siste sundagen i juli. Dei syntes
det var godt å koma saman etter
ein strevsam
sommar med
onnearbeid. Frå
Gullbrå øvst i
Eksingedalen er
det om lag 1,5
timar å gå. Frå
Reppane innanfor
Engjaland tek det
om lag 3 timar.
Gudstenesta vart
leia av sokneprest
John Ove Thaule,
medan folk frå
Eksingedalen
og Vossestrand
tok del med
tekstlesing og
bøner.
Gudmund Furu spela trompet til
songane. Tekstane handla om
tilgjeving og det å vera gode mot
kvarandre.
Etter gudstenesta vart det servert
kyrkjekaffi, og det vart fortalt
historiar frå tidlegare stemner
av nokre som var med då. Til
slutt framførde ei songgruppe ein
salme skriven av Nils Lavik –
mangeårig stemnetalar – i 1913.
Han var då 29 år. Salmen heiter
«Eg lyfter mitt auga, min Frelsar,
til deg» og står på nr. 495 i Norsk
Salmebok.
Gudmund Furu spela trompet til salmane.
Stemnedeltakarane (dei fleste) samla utanfor Torvedalshytta.
Songgruppa som framførte Nils Lavik sin salme «Eg lyfter mitt auga, min
Frelsar, til deg»: Arvid Nese, Svein Tollefsen, Magnar Nese, John Ove
Thaule og Gudmund Furu.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
Dugnad på
kyrkjestova på
Oppheim
Av Eldbjørg Foldnes Finne
Medlemer av Nesheim sokneråd, Haldis Bjotveit Øvstedal og
Frøydis Gullbrå, serverer kyrkjekaffi til Ruth D. Thaule, medan
Klaus Gjukastein (bak) ventar på tur. Foto: J.O.Thaule
Fyrste stopp var på garden
Rossvoll der diktaren Olav H
Hauge levde sitt liv. Her vart vi
tekne imot av grandson til Hauge,
Stein Olav Kolås og hans familie.
Stunda i stova der diktaren hadde
budd og arbeidd vart ei varm, god
og nær oppleving som gav rom for
orientering, spørsmål, biletvising,
samtale med diktlesing og nybaka
kake. Å høyra diktaren med den
særeigne røysta lesa dikta «Mange
års røynsle med pil og boge» og
«Ny duk» (innlest på CD då han
var 80 år) gav oss ei heilt spesiell
oppleving. Rusleturen rundt i
tunet med ei imponerande utsikt
og mektig natur var også med på
å utvida forståinga for mangt i
Olav H Hauge si dikting. – Grava
til diktaren og minnesmerke som
er reist i Ulvik sentrum vart også
vitja.
Etter ein velsmakande middag
på Brakanes hotell, gjekk turen
vidare både på kyrkjeveg og
ciderveg i trygt fylgje med våre to
lokalkjende guidar.
Johannes tok oss med på ei
interessant reise gjennom Ulvik
kyrkje si lange historie der dagens
kyrkje, ei korskyrkje frå 1859,
er den tredje i rekkja av kyrkjer
på denne staden. Veggane i
kyrkja vart i 1923 dekorert av
kunstnaren Lars Osa. Alterkalken
og døypefonten er frå den fyrste
middelalderkyrkja. Gammal
av J.O. Thaule
Veggane på kyrkjestova har
lenge ropa på maling. I fjor
vart veggane høgtrykkspylte,
men mykje regn gjorde maling
umogleg.
På kyrkjeveg
altertavle og kyrkjeklokke er
også teken vare på. Den kvitmåla
kyrkja var det einaste bygget
som vart ståande att i sentrum av
Ulvik etter at tyskarane i 1940
gjekk til angrep på bygda. –
Vår stund i kyrkja vart avslutta
med salmesong, skriftlesing og
minipreike.
På turen rundt i bygda delte
Borghild rikeleg av sine lokaleog detaljkunnskapar. Her berre
i stikkords form: Dramatisk
krikshistorie frå 2. verdskrigen,
om Hjeltnes gartnarskule og
det digre valnøttreet, gards- og
stadnamn, om kjende personar
si tilknyting til bygda og gode
historiar om liv og virke langs den
frodige Cidervegen i den vakre
turist-bygda Ulvik.
Vossakyrkjemessa sin
historie
Olav Edal har samla
stoff frå aktivitetane til
Vossakyrkjemessa frå starten
i 1985 fram til 2012. Dette
er presentert i eit hefte som
no er til sals for kr. 100 på
sokneprestkontoret i Uttrågata.
No i juni stilte
soknerådsmedlemer, naboar
og andre velviljuge opp.
Fellesrådet kosta maling og
lift mot at kyrkjelyden gjorde
dugnadsarbeid. I skrivande
stund er ikkje alt ferdig.
Noko av bordkledningen må
skiftast ut og det står det att litt
malingsarbeid, men takk til alle
som har vore med på dugnaden.
9
Ung og gammal var med på dugnad på
Kyrkjestova på Oppheim
Voss kyrkje 700 år
Bøkene som vart laga til
700års-jubileet for Vangskyrkja
har me enno mange eksemplar
att av. Den minste som handlar
om kyrkje og kristenliv vert
selt for kr. 50. Den største
– Arne Berg sitt praktverk
om Vangskyrkja - vert selt
for kr. 100. Du finn dei på
prestekontoret.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
Kyrkjelege handlingar
Døypte:
- satsar på Vestlandet
Voss gutar:
09.06.Liam Fritzer-Nikolaisen
23.06.Sigurd Haugse Bakkerud
Magnus Farsund Grevle
Endre Kolskår Lindstad
Mikal Sannan Slettemark
30.06.Sander Skorpen Kråkevik
21.07.Dennis Julseth Hovland
Filip Halrynjo Øydvin
11.08.Teodor Lidsheim
Marius Andre Øvrebø Sandvik
Voss jenter:
23.06.Tiril Magnusson Hatledal
Ingrid Nedkvitne
07.07.Kaia Stephansen
Elisabeth Hafnor Gjerald
Jannicke Hjertnes Slettemark
Ingeborg Noreng Giljarhus
11.08. Julia Valdes Hustavenes
18.08Silje Graue
Sunniva Dymbe Tveito
Evanger:
14.07.Ingeborg Charlotte Århus
10
Vinje:
22.06.Ådne Sleen Hirth
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Selskap i konsernet
HMV Voss AS
ALT I FØRARKORT
www.hagatrafikk.no
9100 3101
[email protected]
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
Oppheim:
07.07.Frida Kausland Sleen
Aksel Moberg Jordalen
04.08.Odin Skjervheim
Raundalen:
09.06.Tuva Brodin Snoots
Vigde:
Voss:
08.06.Anita Gjerme og Kristian Fenne
Kjersti Kvåle og Arvid Sigvald Helgaset
22.06.Inger Anne Himle Halrynjo og Nils Petter
Fosse Bere
Unni Grete Mathisen og Sjur Arnstein
Flatlandsmo
Kjersti Solvoll Bakketun og Olav Tronvoll
29.06.Susanne Grenasberg Sunde og Michael
Zwartjes
Anne Christine Auth og Stian Sandved
06.07.Elisabeth Tveite og Harald Østervold
Kristin Røen og Asbjørn Fauske
Jade Camilla Johannessen og Thomas Leer
20.07.Kristin Skjerven og Stig Flotve
Vinje:
22.06.Gunn Hirth og Eldgrim Sleen
03.07.Torill Årmot og Egil Bjelland (Helgatun
kapell)
Oppheim:
03.07.Magni Stensø og Ingve Hommedal
Døde:
Voss menn:
26.05.Eirik Øvsthus, f. 1948
01.06.Sigmund Bystøl, f. 1958
21.06.Sigbjørn Arvid Knapstad, f. 1953
25.06.Bjarne Vivås, f. 1922
28.06.Ola Egge Ødegaard, f. 1991
11.07.Kollbjørn Johan Sivertsen, f. 1935
22.07.Ingebret Mossige, f. 1932
27.07.Arnfinn Træen, f. 1954
31.07.Leif Rode, f. 1933
05.08.Roald Nordgård, f. 1926
09.08.Johannes Lien, f. 1944
10.08.Lars Rørlien, f. 1925
Voss kvinner:
01.06.Marta Vimo, f. 1928
05.06.Magnhild Kyte, f. 1933
11.06.Odlaug Ingegerd Mossige, f. 1932
12.06.Agnes Lid, f. 1920
22.06.Ingrid Instøy Eriksen, f. 1922
26.06.Anni Elise Hedenstad, f. 1922
19.07.Kirsti Mossefinn, f. 1926
26.07.Guri Fossmark, f. 1921
27.07.Anna Møen, f. 1930
30.07.Bjørg Vethe Pedersen, f. 1932
02.08.Marit Aaserud, f. 1939
Evanger:
03.06.Birger Akselberg, f. 1920
23.06.Svein Jarle Hernes, f. 1946
04.07.Ingrid Langedal, f. 1923 (gr.l. Bolstadøyri)
*10.07Edith Bolstad, f. 1921 (gr.l. Bolstadøyri)
(*Edith budde og døydde i Hokksund, Øvre Eiker –
seremonien var der, men ho vart gravlagd på
Bolstad.)
Vinje:
06.07.Arne Dukstad, f. 1935
Retting:
12.05Borgny Bergkvist-Lid, f. 1940 (blei gravlagd
i Raundalen, ikkje Voss som det sto skrive i
siste Kyrkjenytt)
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
11
DET HENDER
Gudstenesteliste:
Vangskyrkja:
08.09. kl. 1100 Gudsteneste m/
konfirmantpresentasjon v/Skjeldal og Boge.
Offer tilVoss KFUK/M
15.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Hellesøy. Dåp.
Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
22.09. kl. 1100 Familiegudsteneste v/Boge m.fl. T4.
29.09. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Nattverd.
Offer til NLA.
06.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Dåp.
Offer til Rådet for psykisk helse.
13.10. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Evanger kyrkje:
08.09. kl. 1100 Fjelltur med T9/10 til Raustølen.
Andakt v/Molde.
22.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Molde.
Konfirmantpresentasjon.
Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.
13.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til NLA.
Bolstadøyri kapell:
15.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Molde. T3-4.
Offer til Bedehuset. Kyrkjekaffi.
Raundalen kyrkje:
29.09. kl. 1700 Hausttakkefest v/Boge.
Sundagsskulen tek del. Kyrkjekaffi.
Oppheim kyrkje:
15.09. kl. 1100 Hausttakkefest v/Thaule.
Konfirmantpresentasjon. Dåp.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
29.09. kl. 1100 Gudsteneste v/Jan Rantrud.
Offer til NLA.
Vinje kyrkje:
08.09. kl. 1930 Gudsteneste v/Thaule. Nattverd.
Offer til NLA.
22.09. kl. 1100 Høgmesse v/Helge Hitland.
Gjesting frå misjonshelg på Helgatun.
Offer til Israelsmisjonen/Normisjon.
06.10. kl. 1100 Hausttakkefest v/Thaule.
Konfirmantpresentasjon. 50års
konfirmantjubileum.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 5/13
C-BLAD
Fulldistribusjon
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Aktivitetskalendar
+
Evanger sundag 8. september.
Fjelltur til Raustølen.
Start frå Øvstedalen kl. 1100.
Oppheim/Vinje. Tur Oppheim Vinje laurdag
14. september kl. 1400-1630.
For Voss sokn, på Prestegardslandet laurdag
21. september kl. 1400-1630.
Babysong startar i Oppheim kyrkje og
Vangskyrkja torsdag 12. september kl. 1030.
Varer veke 37-43. Interesserte frå Evanger
sokn kan delta på Voss.
Vangskyrkja laurdag 21. september kl. 1100
og 1230 (2 grupper). Sjå invitasjon for kva
gruppe du er med i.
For Voss sokn sundag 22. september kl. 1100 i
Vonheim – deretter Vangskyrkja.
+
For Evanger sokn i Bolstadøyri kapell
sundag 15. september kl. 1100.
For Voss sokn tysdag 15. oktober kl. 16001730. Invitasjon kjem etter kvart.
Kyrkjebenken Frå onsdag 11. september vil tilsette
vere på kyrkjebenken på AMFI senter kvar
onsdag frå kl. 13.00- 15.00. Velkomen til ein
god prat!
Kyrkjelyden si besøksteneste
Det trengs fleire som kan være besøkar.
Har du tid til å kunne besøke ein person ein gong
i veka eller kvar 14 dag fast? Då kan du melde
deg som besøkar! Tilbod om kurs og oppfølging
av diakonen.
Ta kontakt med
Voss Kyrkjelydskontor: 56 52 38 80 eller
diakon: 47 84 91 34