Årsrapport 2013 - Bømlo kyrkjelege fellesråd

Comments

Transcription

Årsrapport 2013 - Bømlo kyrkjelege fellesråd
DEN NORSKE KYRKJA
Finnås Prestegjeld
Bremnes kyrkjelyd
Årsrapport 2013
BREMNES SOKNERÅD
Soknerådet si samansetjing:
Leiar:
Berit Hallaråker
Nestleiar:
Odd Kåre Sakseid
Kasserar:
Magnar Andreas Økland
Sekretær:
Målfrid Stautland
Medlemer:
Karl G Mæland, Kari Hellen, og Asbjørn Gundersen.
Varamedl:
Bjarte Aartun, Leif Røyrøy, Elin Nesse Jordal, Leikny Urang
Representantar i Bømlo Kyrkjelege Fellesråd:
Karl Mæland, leiar og medlem av fellesrådet sitt administrasjonsutval og –arbeidsmiljøutval.
Målfrid Stautland, medlem og 2. vara til fellesrådet sitt administrasjonsutval
Vararepresentantar: Odd Kåre Sakseid 1.vara og Kari Hellen 2. vara
Møte/tilskipingar:
 Det har gjennom året vore 9 ordinære rådsmøte.
 2 samrådingsmøte med bedehuskrinsane og ungdomsheimen, vår og haust.?
 Arbeidsutvalet har hatt 9 møte for å førebu saker for rådet.
 Bispevisitas 22.-27.01.13
 Medarbeidarfesten 22.02.13
 Kyrkjelyden sitt årsmøte vart gjennomført 10.03.13, i samband med ei gudsteneste.
 Det har vore gjennomført konsertar både med soknerådet og kantoriet som arrangør, og
kyrkja har vore utleigd til andre konsertutøvarar.
 Soknerådet var også medarrangør for ungdomsarrangementet på Bømlohallen den
16.mai.2013.
 G2-gudsteneste i samband med Ungdomsåret
Saker som ligg fast i perioden er:
 Gjennomføring av fasteaksjonen med deltaking av konfirmantane
 Tildeling av offer
 Godkjenning av gudstenesteoppsettet i samarbeid med gudstenesteutvalet
 Arbeid i samband med konfirmasjonsgudstenestene
 Godkjenning av andre arrangement i kyrkja, m.a. konsertar i samarbeid med kantor
 Oppnemning av kyrkjevertar
 Utarbeide budsjett
 Behandle saker som vert oversendt soknerådet frå utvala og andre innkomne saker.
Andre saker:








Planlegge og gjennomføre bispevisitas.
Godkjenning av Diakoniplanen 2013-2015 slik han føreligg.
Godkjenning av lokal trusopplæringsplan for kyrkjelydane på Bømlo.
Planlegging og oppfølging av arbeidet med oppgradering av kyrkja.
o Utviding av galleriet
o Nye stolar og golv
o Nytt trekk på stolane i koret og knelering rundt altaret
o Ny duk under altarduken
Innkjøp av eit vinbrett, 25 særkalkar i sølvplett og nytt kokeutstyr for nattverdkalkar.
Uttale til høyringsnotat vedrørande nye prostigrenser i Hordaland
Innkjøp av el-piano i kyrkja.
Sendt brev til prosten om ressursar til ferievikar for prestane
Visjon for vidare arbeid:
 Arbeide for å gjere gudstenestene opne og inkluderande. Jfr utdrag frå biskopen sitt
visitasføredrag: Mi viktigaste melding til dykk er: Ta vare på den gode tradisjonen, tilpass
han til vår tid og gje han vidare til nye generasjonar.
 Følgje opp dei frivillige medarbeidarane i kyrkjelyden.
 Setje av tid på nokre soknerådsmøte til å drøfte det indre livet i kyrkjelyden, m.a.
utfordringane biskopen gav kyrkjelydane i visitasføredraget.
Soknerådet har det overordna ansvaret for at ”kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni
innarbeides og utvikles i soknet” slik det står i kyrkjelova av 7. juni 1996, men dei ymse utvala har
fått delegert ansvar for den delen av det kyrkjelege arbeidet mandatet tilseier, og utvala arbeider
svært godt.
Utval
 Arbeidsutval:
Oppnemnde medlemmer:
Berit Hallaråker, Magnar Økland og Målfrid Stautland
Utvalet har ansvaret for å setje opp sakliste for soknerådsmøta, og gjera vedtak i enkle saker
og hastesaker.

Gudstenesteutvalet:
Oppnemnde medlemmer:
Arnfinn Norheim (leiar) , Karsten Nesse (nestleiar), Asbjørn Gundersen, Jostein Molde, Eivind
Innvær, Synnøve Nilsen Ådnanes, Leif Røyrøy og Berit Hallaråker
Utvalet har hatt 3 møter i 2013. Hovudansvaret er å vera rådgjevande organ for soknerådet i tillegg
til å leggja tilrette einskilde gudstenester. Gudstenesteutvalet kjem også med innspel til
gjennomføring av dei oppsette gudstenestene. Utvalet har m.a. arbeidd med desse sakene:
 arrangert Syng med - kveldar, ein om hausten, mest med tanke på born,
og ein om våren der Osternes mannskor var med.
 arbeider med å rekruttere fleire medliturgar.

Undervisningsutvalet:
Oppnemnde medlemer:
Liv Tveit Sæverud (leiar), Målfrid Stautland, Kari Hellen, Leikny Urang
Kyrkjelydspedagogane møter når saklista tilseier det.
Utvalet har hatt 4 møte i 2013.
Saker utvalet har jobba med dette året:
 Deltaking ved gudstenester der borna er spesielt involvert.
 Deltaking ved
o innskriving av konfirmantar
o organisering av miljøtiltak for konfirmantane
o konfirmant- og foreldresamling for heile Bømlo
o Tårnagenthelg for 8 åringar
 Saman med kyrkjelydspedagogane drøfta utvalet Plan for trusopplæring og korleis
gjennomføre dette i vår kyrkjelyd.
Undervisningsutvalet går i 2014 over til Trusopplæringsutval (TOL) og har då i lag med ein
kyrkjelydspedagog ansvaret for å innføra/gjennomføre tiltaka i Trusopplæringsplanen i vårt
sokn. Det vert litt utskifting av medlemmene ved overgangen.

Diakoniutvalet:
Oppnemnde medlemer:
Bjarte Aartun, leiar, Randi Hillesøy Kallevåg, Olga Fylkesnes, Jan Inge Nord, Aud Risøy,
Reidun Vikne Molde og Magnar Andreas Økland (referent).
Diakonimedarbeidar Sissel F. Våge har møtt på alle møtene.
Utvalet har hatt 4 møter i 2013 og har arbeid med:
 Evaluert diakoniplan for 2013-2015
 Er støttande i det arbeidet som diakonen gjer
 Miljøtiltak på asylmottaket på Svortland
 Å snakka norsk i ei gruppe med innvandrarar, menn og kvinner, på
vaksenopplæringa.
 Kristne interkulturelle treff på ungdomsheimen med bibelhistorie, mat prat og litt om
samfunnet.
 Seks treffkveldar/forenkla gudsteneste tilpassa utviklingshemma i kyrkja.
 Delteke på 16.mai-arrangementet i Bømlohallen
 Helsingar til jubilantar i soknet som har runda 80, 90 og 100 år
 Blomehelsingar til dei som har mist ektefelle eller born i løpet av året
 Besøksteneste
 Organiserer kyrkjeskyss
 Tilbud om kurs i sjelesorg og livsmeistring
 Helsekurs i samarbeid med Frivillighetssentralen
 Tilbud om treningskontaktkurs
 Samlivskurs
 Songstund på sjukeheimen fyrste måndagen i månaden.

Felles trusopplæringsutval for Bømlo( TOL)
Oppnemnde medlemmer frå Bremnes sokn: Tone Osestad Baugstø og Målfrid Stautland
Utvalet har hatt 2 møte og arbeidd med trusopplæringsplanen for kyrkjelydane på Bømlo.
Planen er nå godkjend av sokneråd og bispekontoret.
Kyrkjemusikalsk arbeid:
Kyrkjemusikalsk kontakt for soknerådet: Berit Hallaråker.
Fagleg ansvarleg: Jostein Molde
Det har vore 12 kyrkjemusikalske arrangement, derav 10 eigne (sokneråd og kantori).
Frammøte: ca 2500 til saman, med eit snitt på over 200. Mest lokale aktørar. Stor
sjangerbreidde, frå tungrock med «Sarpta», via «Visst skal våren komme» med kantori og
musikarar, til Händels «Messias» med tenåringar frå Stord vidg.skule.
Bremnes kantori har ca 45 aktive medlemer. Aktivitet:
- Eigen konsert i mars og samarbeidskonsertar i juni og november.
- Deltaking med fullt kor og ulike grupper ved 18 gudstenester, pluss
jubileumsgudsteneste i Lykling kyrkje og fellesgudsteneste i Moster Amfi.
Soul Children og barnekor frå Meling har delteke i gudstenester. Det same har Ten Sing og
Havdur gjort.
Lokale instrumentalistar har delteke i nokre gudstenester, både som solistar og i band.
Tekstelesarar:
Berit Hallaråker, Anders Stavland, Randi Hillesøy Kallevåg og Håkon Staveland
Dei gjer teneste som tekstlesarar ved gudstenester og er med for å formidla bibeltekstane på
ulike måtar for kyrkjelyden.
Kreativ tenestekomite:
Medlemer
Ingebjørg Dale Madsen, leiar, Målfrid Stautland og Elisabeth Kvelland
Komiteen har ansvar for å pynte i kyrkja ved spesielle høve, t.d. konfirmasjonsgudstenester.
Ved nokre høve er målet med utsmykkinga at kyrkjelyden skal få oppleve bibelteksten eller
temaet for gudstenesta, med andre sansar enn høyrsla.
Kyrkjekaffikomite:
Medlemer
Jorunn Glittenberg, Aud Risøy og Marit B. Hollund.
Kyrkjekaffien er eit viktig innslag for å skapa og ta vare på fellesskapet i kyrkja. Dei har
laga til trivelege stunder etter gudstenesta, der kyrkjelyden kan ta seg tid til ein prat, kaffi og
noko å bita i.
I 2013 har dei 10 gonger servert kyrkjekaffi etter gudstenesta og dekka kveldsmåltid etter
forbøns-gudstenester. Komiteen har også ansvar for at det vert servert frukt ved
hausttakkegudstenesta. Mange stoppar for ein prat og kaffi.
Video-overføring til BBR og sjukeheimen.
Det er 8 personar som syt for at gudstenester og anna som soknerådet har ansvar for i kyrkja,
vert video-overført til BBR og Bømlo sjukeheim. Hermann Økland har hovudansvaret. Dei
andre er som er med er Jens Steinsbø, Oddvar Pedersen, Borghild Hjelmeland, Kjell
Rolfsnes, Lars Ersland, Nils A Stautland og Sverre Håvik. Ei viktig teneste til glede for dei
som sjølv ikkje kjem seg til kyrkje.
Ymse kontaktpersonar.
 Odd Kåre Sakseid – KN-kontakt. Han har ansvaret for å koordinera innsamlingsarbeidet for
KN som er konfirmantane sitt vårprosjekt.
 Håkon Staveland er soknerådet sin representant i styret for Gjevartenesta for
soknediakonstillinga.
 Medlem av Estlandskomitéen er Håkon Staveland og Halldis Bjørkum. Komitéen har ansvar
for kontakt med vennskapskyrkjelyden vår i Sangaste.
Statistikk:
Bremnes
Døypte
Konfirmerte
Kyrkjeleg vigsel
Gravferder
Gudstenester
Musikkand./Konsertar
Innmelde DNK
Utmelde DNK
Takkoffer/Kollekt
Givartenesta
Andre innsaml.i soknet
Deltaking v/ alle gudst.
Bremnes
2013
65
91
8
54
68
12
2
10
351 763
60 000
88 413
12 834
2012
65
97
17
56
70
9
3
6
364193
66300
78788
11663
Økonomi:
Det vert vist til rekneskapen.
Strukturen i det arbeidet som soknerådet har ansvar for, fungerer godt, men innsatsen dei mange
trufaste frivillige gjer kvart einaste år, er heilt avgjerande.
Soknerådet takkar alle medlemene av utvala og alle andre som gjer ein stor og viktig innsats for at
kyrkjelydslivet skal kunna veksa.
Me takkar også for det gode samarbeidet me har med dei tilsette på kyrkjekontoret.
Framlegg til vedtak:
Årsrapporten 2013 er vedteken i Bremnes sokneråd 25.02.2014
Berit Hallaråker
leiar
Sak 03-14-14
Målfrid Stautland
sekretær

Similar documents