sak-14-15-adm-dir-si-orientering-notat-3-aarsmelding

Transcription

sak-14-15-adm-dir-si-orientering-notat-3-aarsmelding
Notat
Går til:
Føretak:
Dato:
Sakshandsamar:
Saka gjeld:
Styremedlemmer
Helse Fonna HF
13.03.15
Haldis Økland Lier
Årsmelding for Kvalitetsutvalet i Helse Fonna for 2014
Styresak 14/15 O
Administrerande direktør si orientering pkt. 3
1 vedlegg
Styremøte 27.03.15
Kvalitetsutvalet
ÅRSMELDING FRÅ KVALITETSUTVALET, HELSE FONNA,
FOR 2014.
Plass i organisasjonen:
Kvalitetsutvalet er eit rådgjevanda utval for linjeleiinga. Kvalitetsutvalet er ein del av
internkontrollen i føretaket. Det er nedfelt i § 3 i lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg
tilsyn med helsetenesta at føretaka skal ha kvalitetsutval.
Målsetting:
Kvalitetsutvalet skal vera eit verkemiddel i arbeidet med å fremje tryggleik og kvalitet på
helsetenestene. Kvalitetsutvalet skal stimulere til førebyggjande og kvalitetsfremjande
arbeid i pasientretta tenester i føretaket.
Organisering:
Helse Fonna har eit felles kvalitetsutval for alle sjukehusa og DPSa i føretaket.
Utvalet er sett saman av ein representant frå kvar klinikk (fem i 2014 og det er krav om
minimum to legar), smittevernrepresentant, brukarrepresentant, kvalitets- og sikkerheitssjef,
fagdirektør og sekretær. Utvalet har ein representant frå område med spesifikt risikobilete. I
2014 (same området var også representert i 2013) har fagområdet fødselshjelp vore
prioritert.
Ansvar for behandling av enkeltsaker som gjeld pasientskader og næruhell som kunne ført
til pasientskader er lagt til linjeleiinga som óg sørgjer for analyser av årsakssamanhengar
og gjennomfører forbetringstiltak i eigen seksjon og klinikk. Klinikkdirektørar skal
informere kvalitetsutvalet om sakene, slik at utvalet kan analysere systemsvikt og bidra til
læringseffekt i heile organisasjonen.
Tilbakemelding til klinikkane har i hovudsak skjedd gjennom medlemmene i utvalet samt at
møtereferat er gjort tilgjengelege.
Medlemmer 2014:
Kjellfrid Laugaland, fagsjef, leiar fram til og med 30.04.14, Haldis Økland Lier, fagdirektør,
leiar frå 01.05.14.
Tomas Jonson, Kvalitets- og sikkerhetssjef
Grete Müller, brukarrepresentant
Lars Holst-Larsen, smittevernoverlege til og med 30.09.14, Randi Ofstad, smittevernoverlege
frå 01.10.14.
Trine Båtsvik Grov, kvalitetsrådgjevar og sekretær for utvalet.
Anne Mari Hagen, funksjonsleiar medisinsk biokjemi og repr. Medisinsk serviceklinikk.
Ralf Teetzman, overlege og repr. Klinikk somatikk Stord
Knut Skaug, overlege og repr. Medisinsk klinikk
POSTADRESSE :
Postboks 2170, Bedriftspostkontoret
5504 Haugesund
BESØKSADRESSE :
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
TELEFON :
52732020
TELEFAX :
52732019
Laimonas Ratkus, overlege og repr. Klinikk for psykisk helsevern
Øystein Skåden, overlege og repr. Kirurgisk klinikk fram til og med 30.04.14. (Kirurgisk
klinikk har ikkje hatt fast representant sidan mai 2014).
Samla rapport 2014:
Kvalitetsutvala har hatt til 11 møte à 2,5 timar i 2014 (13.01., 17.02., 17.03., 14.4., 05.05.,
02.06., 18.8., 15.09., 20.10., 10.11., 8.12). Det har jamt over vore godt oppmøte.
Oppgåvene: Kvalitetsutvalet skal vere informert om og følgje kvalitetsfremjande arbeid.
Utvalet skal óg gjennomgå eigna rapportar jamleg (eks synergirapportar, rapportar frå NPE,
Helsetilsynet og Kunnskapssenteret). Utvalet skal arbeide for god meldekultur ved
pasientskader og næruhell, bidra til at avvik vert følgde opp og brukte i førebyggjande arbeid,
og årleg arrangere Kvalitetsdagen.
Dei viktigaste sakene som er handsama i 2014:
1. Fortløpande rapporteringar frå klinikkrepresentantane
Pasientskader og næruhell vert melde i avvikssystemet Synergi. Før kvart møte blir det tatt ut
klinikkvise rapportar på pasientrelaterte saker. Gjennomgang av rapportar så langt viser at dei
hyppigaste meldte pasientsakene er fall og saker knytt til legemiddelhandtering.
Kvalitetsutvalet har hatt fokus på korleis ein kan arbeide med desse sakene for å fremje læring
i heile organisasjonen. Referata har blitt tydelegare på saker kvalitetsutvalet meiner treng
ekstra oppfølging. I nokre klinikkar har klinikkdirektør gjennomgang av sakene med «sin
representant» før møtet i utvalet. Dette fungerer godt og ein bør leggje til rette for dette i alle
klinikkane.
2. Publisering av saker
Helse Fonna har meldeplikt til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten om hendingar
som har ført til, eller kunne ha ført til, betydeleg personskade på pasient, jfr. Lov om
spesialisthelsetjenesten §3-3. Helse Fonna ønskjer å vere open om uønskte hendingar på ein
kvalitetssikra måte og utarbeidde difor ei prosedyre for offentleggjering av § 3-3-meldingar
(februar 2014). Det er likevel publisert få hendingar. Dette skuldast ofte at hendingane
manglar skildring av tiltak. Det er publisert hendingar i juni og august 2014.
3. NPE-saker
Det er 83 nye saker frå Helse Fonna i 2014, 97 året før. Av 97 saker som er ferdigbehandla i
2013, har 34 fått medhald. Det tilsvarer 35 %, som er noko høgare enn i 2013 (26.5%) .
4. Pasientsikkerhetsprogrammet
Kvalitetsutvalet har blitt orientert om arbeid med pasientsikkerhetsprogrammet ved rådgjevar
i programmet.
5. Presentasjon av kvalitetsarbeid i klinikkane
Alle klinikkane har presentert pågåande kvalitetsarbeid for kvalitetsutvalet i 2014.
POSTADRESSE :
Postboks 2170, Bedriftspostkontoret
5504 Haugesund
BESØKSADRESSE :
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
TELEFON :
52732020
TELEFAX :
52732019
Kvalitetsdagen 2014
Utvalet skal årleg arrangere «Kvalitetsdag». I år var kvalitetsdagen 14. november 2014.
Miriam Hartveit som er PhD-stipendiat i Nettverk for forsking på behandlingsliner og
samhandling i Helse Fonna og har ei bistilling som fagansvarleg for Kvalitetsforbedring i
helsetenesta ved Med. od. fakultet UiB hadde føredrag om kva som skal til for at vi skal
kunne lære av andre sine feil. Det var i tillegg presentasjon av kvalitetsforbedringsprosjekt frå
alle klinikkane. Oppslutninga var god (ca 100 påmelde) og det kom gode tilbakemeldingar på
tema og foredrag. Føredraga på kvalitetsdagen blei overført via Lync til Odda, Stord og
Valen sjukehus. Kvalitetsutvalet har som oppgåve å stimulere til førebyggjande og
kvalitetsfremjande arbeid i føretaket. Denne dagen var ledd i dette arbeidet ved blant anna å
synleggjere eksempel på godt kvalitetsarbeid.
Kvalitetsprisen blei delt ut under kvalitetsdagen. Søknadene var vurderte etter fastsette
kriterier. Kvalitets- og pasientsikkerheitssjef og fagdirektør var vurderingskomitè. Det var
mange gode søknader i 2014.
I år var vinnaren Ferdighets- og simulatorsenteret: Ferdighets- og simulatorsenteret fekk
prisen for godt arbeid over mange år. Dei bidrar til kvalitet i tenesten ved å trene
helsepersonell i vanskelege situasjonar, slik at dei kan vere godt førebudd og ha den
kunnskapen dei treng når dei treng den.
03.03.15
Haldis Økland Lier
Leiar Kvalitetsutvalet.
POSTADRESSE :
Postboks 2170, Bedriftspostkontoret
5504 Haugesund
BESØKSADRESSE :
Karmsundsgt. 120
5528 HAUGESUND
TELEFON :
52732020
TELEFAX :
52732019