Mykje leik & lite anger Leikanger

Transcription

Mykje leik & lite anger Leikanger
Leikanger
Leikanger
2010
Mykje leik & lite anger
Utgitt av Leikanger Næringshage
Foto (frå venstre): Leikanger mannskor, Colin Tattersall, Lorraine Thompson, Ole Kristian Åset
Ingen stad har alt, men tru kor høgt Leikanger ville ha kome på ein skala frå 1 til 6 ved ei spørjegransking? Det
kjem sjølvsagt an på kven du spør. Men Leikanger ligg nok relativt høgt, heilt uavhengig av kven ein spør: På utdanningsnivå, på «god-å-bu-i-kommune» og på klima. Det har systrendingane godt av kvar dag. Kommunen har
eit yrande organisasjonsliv og det er stor aktivitet på fritida. Denne avisa gir deg ei lita oversikt over livet i Leikanger anno 2010.
Gøymde skattar ved fjorden
s. 5
Innvandrar for Vårherre
s. 18
Sognaquiz
s. 24
Foto: Lorraine Thompson
Rådgjevarar/seniorrådgjevarar
(tenesteutviklarar)
– ei fast stilling og eitt engasjement
Avdeling for IKT utvikling og forvaltning (UFI)
Vaktaren over Fjærlandsfjorden
Vi søkjer tenesteutviklarar til arbeid med mellom anna å samarbeide med store og små offentlege etatar og verksemder om tilrettelegging av deira tenester
i bruken Difi sine fellesløysingar, som nasjonale eID-løysingar. Ei fast stilling og eit to-års engasjement. Engasjementstillinga kan seinare verte fast stilling.
Søknadsfrist er 15.juni 2010.
Avdeling for IKT-utvikling og forvaltning (UFI) har eit spesielt ansvar for forvaltning og drift av nasjonale felleskomponentar og funksjonar,
som mellom anna Miside og MinID, drift av interne og eksterne ikt-system og utviklingsretta arbeid.
Arbeidsoppgåvene er:
å rettleie og kommunisere med offentlege etatar til å ta i bruk Difi sine løysingar med særleg fokus på nasjonale eID-løysingar
oppfølging av eksisterande brukarar av Difi sine fellesløysingar
å leie eller delta i prosjekt knytt til etablering av elektroniske tenester i forvaltninga
informasjonsarbeid ovanfor forvaltninga knytt til Difi sine løysingar
rådgjevingsoppgåver knytt til praktisk e-forvaltning.
Kompetansekrav er:
utdanning frå høgskule eller universitet. Relevante fagkrinsar kan vere informasjonssystem og informasjonsvitskap, juss, kommunikasjon eller ikt-retta kompetanse
minimum 5 års relevant arbeidserfaring
erfaring som prosjektleiar frå ikt-prosjekt og kunnskap om ikt-system i større einingar
erfaring frå eller kjennskap til offentlig forvalting og kjennskap til elektronisk forvaltning
god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
evne til å jobbe strukturert og handtere eit stort kontaktnett
gode samarbeidsevner.
Leikanger
Leikanger
Løn: Lst. 60 – 68 som rådgivar (kr 463 000 – kr 536 900) og lst 65 – 72 (kr 509 000 – kr 581700) som seniorrådgivar etter kvalifikasjonar og erfaring.
For spesielt kvalifiserte kan høgre løn verte vurdert. Frå lønna vert det trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.
Arbeidsstad for stillingane er i Leikanger. Informasjon om stillingane: [email protected] tlf 41586754 eller [email protected] tlf 90587682
Kompetansekommunen
Leikanger kommune har høgkompetente miljø som inneheld:
110 sivilingenørar, arkitektar, agronomar og naturvitarar
50 juristar
33 siviløkonomar
5 doktorar
Me har utfordringar til deg óg!
Meir om Leikanger:
www.leikanger.kommune.no
Leikanger Næringshage
www.leikangernh.no
www.opplevleikanger.no
Frå venstre: Bjørn Knutsen, Per Kenneth Haukås, Håvard Nesbø.
Foto: Jon Husabø
Vi skriv 2. mai. Vi står opp og et ein dugeleg frukost som dei færraste hotell kan
stille med. Kompisgjengen i Sogn har
fått besøk frå byn. Dei to bergensarane
er vande fjellfolk og har gått mykje på ski
aust i Jotunheimen. Etter fleire forsøk på
overtaling og ei forklaring om at det faktisk finst fjell og mulegheit for toppturar
lenger vest, beit dei på agnet.
Det har vært ein snøfattig vinter i Sogn
i år, men fortsatt ligg det rett under meteren på Stavsete, øvst i Grindsdalen. Sola
skin når vi legg i veg oppover lia. Vi har
lovt dei skitur med fjordutsikt, så målet
for dagen er fjellet Stav (1458 moh.). Når
du har sett fjellet frå forskjellige vinklar,
ser det ut som det har armar som brettar
seg utover, mest som det stør seg og vaktar over heile Fjærlandsfjorden.
Det vart seint kvelden før og vi tek
oss god tid oppover. Det er varmt som
fy. Snøen tek til å tine til skikkeleg god
vårsnø når vi kjem opp mot skjerdingane
mellom Stav og Stavafjellet . I det vi kjem
over kanten og får syn mot kva som ligg
der, kjem det eit gisp
frå karane frå byn.
Omlag 1300 meter
under oss skjer Fjærlandsfjorden seg nordover mot dei bratte
fjella og Jostedalsbreen som kviler som ei kvit dyne oppå. Vi
andre får eit lite flir rundt munnen, når vi
veit kva meir som er i vente. Vi tek oss dei
siste høgdemeterane opp mot kanten, der
mektige fjellformasjonar opnar opp for
siste delen til topps. Vi vel og prøve oss på
«brui», ein smal fjellrygg som leiar oss
dei siste meterane opp til toppen. Her er
det bratt ned på begge sider og ein skal vite
kor ein går når ein tek skia på ryggen og
går langsmed skavlane som fortsatt heng
ut over kanten. Det er ikkje mykje tale i
«tjuagutta» no. Vi ser dei mektige Balestrandsfjella i vest og store delar av Sognefjorden som strekkjer seg utover mot Arnafjorden og andre
vegen aust mot Aurlandsfjorden. Attpå
til ser me rett inn i
Hurrungane. Vakrare
kan ikkje Fjordnoreg
bli.
Vi tek oss bort og nedover den slake
Troeggi, og køyrer store svingar langsmed
Fjærlandsfjorden som ligg langt der nede
til høgre. Heile tida har vi eit ubeskriveleg
vakkert skue av fjellpanorama rundt oss.
Siste pause vert på Storholten (1024
moh.) over Hella, der vi legg ut turboka i
«Syykt rått. Dætte er en
av, ja om ikke dæn bæste
turen eg noensinne har
vært med på»
varden før vi dansar go`svingane nedover
lia. Siste høgdemeterane ned til ferjekaia
lyt vi ta skia på sekken. Vel nede på Hella
kjem det på knall bergensdialekt: «Syykt
rått. Dætte er en av, ja om ikke dæn bæste
turen eg noensinne har vært med på, dere
må love meg å si ifra neste gang dere skal
på tur».
Då kjem det frå eine sogningen, «Jau da
e no mest so du får dra med deg kjeringi
og flytta til bygdi. Da blir billegare på sikt
om du skal til fjells kvar ei veke». «Jo det
hadde kanskje vært noe det». Priviligerte
er vi som bur her allereie.
Håvard Nesbø
Leikangeravisa
Leikanger er ein einsidig «industrikommune» nbyggarane. Leikanger med sine mange fritidpå godt og vondt. På godt fordi her er bra med saktivitetar og stabile arbeidsliv er ein svært god
arbeidsplassar, på vondt sidan me, som andre stad å bu.
slike stader, er sårbare ved nedlegging eller
Einar S. Husabø,
flytting av arbeidsplassar. Det er faktisk ikkje
Leikanger Næringshage
mange år sidan me holdt på å mista Statens
vegvesen sin administrasjon og nesten samtidig
fylkesmannen. Heldigvis g jekk det heilt annleis
og me har fått auke i både desse og fleire andre
etatar. Men næringslivet er svakt, og difor er det
vesle me har ekstra viktig å ta vare på! Utan
dette hadde Leikanger vore som ein matrett
utan krydder. Det siste g jer heile forskjelen
og er nødvendig for det gode liv blant in-
Leikanger
L
3
Bulyst i Leikanger?
opplev
Gøymde skattar ved fjorden
Offentleg forvaltning, forsking og utdanning er berebjelkar i bu- og arbeidsfellesskapen Leikanger/Sogndal. Kva
er dei viktigaste grepa vi kan gjere lokalt for at denne kunnskapsklyngja kan styrkjast og vidarutviklast? Leikanger
kommune søkjer no prosjektmidlar som kan bidra til å finne svar.
Opplev
Leikanger
Sikta er god både aust- og vestover. Var det her og ikkje på Vangsnes Fridtjof den
Frøkne stod og såg bort til Ingeborg i Baldershagen, lenger vest i fjorden?
Opplev Leikanger
– frisk og frodig
Har du høyrt om Opplev Leikanger?
Lurer du på kva Opplev Leikanger er?
•
•
•
•
Eit utviklingsforum og ein paraplyorganisasjon for næringsliv, frivillige
lag og privatpersonar i Leikanger.
Arbeider for vekst og utvikling av
næringslivet i Leikanger.
Koplar næringsliv, frivillige lag, privatpersonar og kommunen i lokale
utviklingstiltak
Styrkjer samarbeidet mellom lokale
krefter
Aktivitetar og tiltak i 2009:
•
•
•
•
•
•
•
Gratis Fjordfrukost
Idédugnad
Visjonsmøte og festivalmøte under
Fruktbare Dagar
Utvikling av nettsida opplevleikanger.no
Opplev Leikanger i desember-faldar
Julehandel-aktivitetar
Uttalar om entreprenørskap, næringsarbeid, bustadpolitikk
Aktivitetar og tiltak i 2010:
Det er lenge sidan Leikanger levde av jordbruk åleine.
Foto: Lorraine Thompson
Bulyst-programmet frå Kommunal- og regionaldepartementet er ei statleg programsatsing som skal bidra til ny kunnskap om
korleis distriktskommunar kan bli meir
attraktive for busetting og etablering av
næringsverksemd. 32 millionar skal delast
ut i 2010 og Leikanger har søkt midlar til å
gjennomføre eit forprosjekt.
Kommunen står som søkjar, med Leikanger Næringshage, Opplev Leikanger
og fleire av dei offentlege verksemdene
som viktige medspelarar. «Dei offentlege
etatane og andre liknande verksemder
betyr svært mykje for Leikanger. Vi må
gjere grep lokalt for at Leikanger framleis
er ein attraktiv kommune å bu, arbeide
eller etablere nye arbeidsplassar i. Midlar frå Bulyst-programmet kan bidra til
meir systematisk og målretta arbeid med
dette», seier ordføraren i Leikanger, Olav
Lunden.
Ei breitt samansett arbeidsgruppe utforma søknaden, etter innspel frå representantar frå leiing og tilsette i ulike
verksemder. I forprosjektsøknaden er følgjande tema løfta fram:
Ei utfordring er å skaffe distriktet kompetent arbeidskraft. Dette er særs viktig
for å styrka busetjing og næringsutvikling. Utover det som verksemdene sjølve
4
le ei rolle her? Korleis kan sterkare fokus
på vertskapsrolla styrke rekrutteringa?
Bør kommunen og lokalsamfunnet ha eit
særleg fokus på tilbakeflyttarar som den
kanskje mest potensielle ressursen å nå
tak i?
Inkludering av tilflyttarar
Internasjonalt matkurs. Det kjem
stadig folk flyttande til Leikanger.
Er vi flinke nok til å ta imot dei?
Foto: Trude Risnes
På idèdugnaden til Opplev Leikanger
kom det inn mange innspel på kva
organisasjonen bør jobbe med.
Foto: Roar W. Vangsnes
Bustadproblematikk
har ansvar for – kva er «attraktivitetsfaktorane» som Leikanger-samfunnet Er det utleigemarknaden det bør leggast
må satse på for å trekke til seg «dei kloke til rette for? Sentrumsnære og mindre
hovuda»?
bustader for sal? Korleis legge til rette for
at folk som blir rekrutterte til dei mange
arbeidsplassane i bygda faktisk også buset
seg i kommunen? Kven er dei som blir
rekrutterte hit og kva ønskjer har dei
Leikanger og Sogndal er eitt bu- og arbeids- m.o.t. busituasjon? Kva konsekvensar får
fellesskap. Korleis bør Leikanger og Sogn- dette for bustadplanlegginga?
dal realisere fortrinna og mulegheitene
som kommunane har? Sterkare fellesprofilering av kunnskapsklyngja er sentralt. Aktivt rekrutteringsarbeid er tradisjonelt
Likeeins betre kommunikasjonsløysingar sett på som arbeidsgivar sitt ansvar. I kva
mellom stadene.
grad kan kommune og lokalsamfunn spe-
Klyngjetenking og felles
bu- og arbeidsmarknad
Rekruttering
Leikanger
Det er mange som flytter til Leikanger.
Nokre blir verande, mange flyttar etter ei
tid. ER vi flinke nok til å ta vare på dei
som kjem hit? Korleis kan ein breiare
partnarskap mellom etatane, kommunen,
lokalsamfunnet og regionen styrke inkluderinga?
Forprosjektet skal gje oppdatert og dokumentert kunnskap og ein plan for kva
tiltak det bør satsast på framover. Det
overordna målet er eit attraktivt Leikanger for busetting og som lokaliseringsstad
for kunnskapsintensiv verksemd.
Kven som kjem med i programmet veit
vi gjerne først mot sommaren/hausten.
Uavhengig av dette er det vilje både hjå
kommunen, verksemdene, næringshagen
og Opplev Leikanger til å gå vidare med
eit samarbeid på dei ulike områda.
Trude Risnes
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Lansering av nettstaden: opplevleikanger.no
Søknader Bulyst- og Bygdeutviklingsprogram
Internasjonalt matforum
Jonsokfest – Bygdafest
Opplev Leikanger-magasin
Kultur- og marknadsdag med
FAME
Fjordfrukost
Fruktbare Dagar
Byråkratdag
Opplev Leikanger i desember-faldar
Julehandel-aktivitetar
Bli medlem!
Vi treng ditt engasjement! Bli med og utvikle Leikanger – meld deg inn i Opplev
Leikanger!
•
•
•
Bedrifter kr. 500,-
Lag/organisasjonar kr. 250,- Privatpersonar kr. 250,-
Meld deg inn via epost:
[email protected]
L
For meir informasjon:
www.opplevleikanger.no
Nokkaneset er fortsatt ei perle.
Foto: Ørjan Talle
Mange kjenner namnet Nokkaneset og
assosierer det med Sognefjord Swim Festival og Sognefjord Hotell. Symjefestivalen,
som vert arrangert annakvart år i august,
har målpassering her etter kryssinga av
Sognefjorden frå sør til nord. Folk møter
opp i hundretal for å ta i mot dei spreke
fjordsymjarane. Andre veit kun at dette er
neset nedom Sognefjord Hotell. Mange
har ikkje teke turen
ned på neset og sett
på det fantastiske
området.
På Nokkaneset like ved sjøen er det
funne ei røys omlag åtte meter i tverrmål.
Den ligg på toppen av neset, ca. 30 meter
sør for riksvegen. Truleg er dette ei gravrøys frå bronsealderen. Nokkaneset er ein
del av garden Njøs som er den austligaste
av dei fire opphavsgardane i Leikanger.
Dei andre tre gardane er Henjum, Husabø
og Hamre.
Den fyrst skjenkestaden låg på Njøs. I
1774 fekk Åsmund Monsen Njøs kremmarløyve, det er såleis lange tradisjonar
bak drifta på Sognefjord Hotel og garden
Njøs, som opprinneleg eigde Nokkaneset.
I nyare tid har neset hatt tradisjon som
eit rekreasjonsområde for systrendingane. Heilt ytst på neset syter ei fyrlykt
for at båtar seglar trygt på si ferd inn eller
ut fjorden. Nokkaneset strekkjer seg som
eit landemerke ut i Sognefjorden, frå båthamna aust i Skjeljaviki til Pilaviki i vest.
Etter at Sognefjord Hotel blei bygt på
femtitalet har familien Eggum drifta og
stelt nede på neset. Store delar er for-
holdsvis urørt, noko er rydda og delvis
dyrka opp med fint gras slik at hotellet
sine gjester kan nytte området. Det er lett
tilgjengeleg med veg og stiar, og skjerma
frå bilveg og støy. Området er regulert
til rekreasjon og er såleis ope for allment
bruk. Det er ikkje tilgang for bilar eller
andre motoriserte køyretøy. Lite er betre
Bygda er hermed invitert til idédugnad
for kva me kan finne på, ved nyopning av
ein utandørs kulturarena.
I sommar blir det ein strålande anledning til å delta på årets sommarfest når
hotellet saman med Opplev Leikanger
inviterar til jonsokmoro på Nokkaneset
onsdag 23. juni. Då blir det jonsokfest av
god gamal sort, for
heile familien, med
kjempebål, mulegheit for kjøp av grillmat og underhaldning. «Dette føregår
tidleg på kvelden slik at dei minste også
skal få delta», seier Jack Eggum, og vonar
mange sambygdingar tek turen ned på neset den kvelden.
Rett vest for Nokkaneset ligg Pilaviki.
I le av av moloen ligg denne halve laguna
klar til å bli nytta som ein strandplass med
assosiasjonar til sydllige breidder. Dette
er ei strand som med enkel innsats kan
bli ein av våre beste badeplassar for familiar. Det som trengst er rydding av kratt
og fjerning av stein i fjøra. Med påfyll av
skjelsand vil ein gjera rekreasjonsområdet med neset enno større. Leikanger har
mykje flotte fjellområde og fin natur, men
manglar litt fleire tilbod langs fjorden.
«Nokkaneset og Pilaviki er lett tilgjengeleg og hotellet, som har tilrettelagt på
Nokkaneset, oppfordrar til å ta i eit tak
for Pilaviki», seier Jack Eggun avslutningsvis.
«Tenk når fjorden er still, då er det godt å sitja
der på svaberget, halde rundt nokon du er glad
i og sjå sola krype ned bak balestrandsfjella.»
enn ein fin sommarkveld på Nokkaneset.
Tenk når fjorden er still, då er det godt å
sitja der på svaberget, halde rundt nokon
du er glad i og sjå sola krype ned bak balestrandsfjella.
Jack Eggum, eigar av Sognefjord Hotel seier til avisa at for å auka bruken av
Nokkaneset er det investert i eit stort telt
som kan romme opptil 60 sitjeplassar. Det
kan også supplerast med fleire telt. Det er
også sett opp eit sanitæranlegg til gjestene
sitt bruk. Tanken bak dette er at ein kan
nytte området til større samankomstar og
arrangement, det kan vera sommarkonsertar, teater, grillfestar, bryllaup. Hotellet legg til rette med servering og har alle
rettigheiter.
Kanskje Leikanger kan få ein eigen
årviss sommarrevy nede på neset? Her
kan det serverast kortreist mat frå Sogn,
champagnen til canapeane byter vi med
lokale drikkevarer. Som bonus får du frisk
luft, den mest framifrå utsikta og ein atmosfære som du kun kan få ved fjorden.
Leikanger
Håvard Nesbø
5
Sterke prestasjonar i eigne fjell
Glade barn på tur!
Silje Storevik Moe vart noregsmeister og Torgeir Sværen Henjum var berre to sekundar frå å ta
heim kongepokalen under NM i fjelltelemark i Leikanger i vinter.
Visste du at det er eige Barnas Turlag i Leikanger? Her kan du gje ungane dine gode turopplevingar i lag med andre
ungar og vaksne. Besteforeldre, tanter og onklar er også inviterte med på tur, så her er det berre å pakke sekken,
og bli med!
I Leikanger er det eige turlag for barn.
14.januar 2010 vart det halde skipingsmøte, og Barnas Turlag sette i gang eit
spennande turprogram. Laget er for barn
i alderen 0–12 år, men alle som vil kan bli
med på turane, seier leiar Anne Lise Breidvik. Ta gjerne med besteforeldre, tanter
og onklar! Du treng ikkje vere medlem
for å delta på turane til Barnas Turlag i
Leikanger. Men litt stas for dei ungane
som er medlem, er «fjellpasset». Då er
du medlem av Den Norske Turistforening
i Sogn og Fjordane. Og etter at du har vore
med på 10 turar, lokkar ein premie!
– Turane er tilrettelagde for små føter.
Her er ingen stress. Ein kan bruke tida ein
vil og kose seg med opplevingar undervegs. Og det er utruleg kor lett ungane går
når dei er i lag med andre, seier Anne Lise.
Barnas Turlag i Leikanger har eigen
gruppe på Facebook, og her får du vite alt
du treng om arrangement som er på pla-
nen. Og om du lurer på å bli medlem, så
sjekk bileta frå turane som har vore og bli
inspirert!
Dei fire første arrangementa har vore
svært så populære med stor oppslutning
frå store og små.
Som nyoppretta organisasjon vil vi gjerne ha gode innspel på turarrangement for
born, seier leiar Anne Lise, og oppfordrar
folk til å ta kontakt.
Så til alle barnefamiliar i Leikanger:
Her har de eit flott tilbod for å få med ungane ut på tur, og så det er mange andre
ungar med! Ein flott måte å bli kjend med
andre småbarnsfamiliar på.
– Fellesturane startar i august igjen, seier Anne Lise, og ønskjer alle velkomene
på tur!
Birte Fossheim
1. mai: unge sprekingar på
tur Esefjorden rundt.
25. april på tur til Rud med
70 glade turentusiastar.
Turboreven: Bamsen som alltid er med
på tur. Dei ungane som vil kan bære han
på armen eller han får sitte på i sekken.
Pølser på grillen høyrer med.
Alle foto: Anne Lise Breidvik
Systrondsjenta Silje Storevik Moe vart noregsmeister i telemark på heimebane i mars.
Foto: Ørjan Talle
Og dette var berre to av fleire sterke
prestasjonar av syrilløparane i systrondsfjedli laurdag 6. mars. Både seniorar og
juniorar gjorde det skarpt då Sognefjordrennet i år hadde fått status som NMløp. Stas
Aller best gjekk det med Silje Storevik
Moe, som klatra heilt til topps på pallen
av snø. – Det er jo stas å vinna NM på heimebane, veldig kjekt, sa den nybakte noregmeisteren etter å ha fått medaljen rundt
halsen. Ho var godt nøgd med både eigen prestasjon og arrangementet.
– Det vart eit bra løp når det vart som
det vart. Det var synd me ikkje kunne
starta heilt på toppen, men det vart ei
bra løype lell, sa Silje, som hadde selskap
Kristin Bulling Johansen (f.v.),
Hanna Vangsnes og Ingrid Fredheim deltok i fjellcup-rennet.
Foto: Birthe J. F. Finstad
6
av klubbveninne Ronja Vangsnes på pal- heim var tre av deltakarane, og dei var
len. Ho var tredje raskast i mål. godt nøgde, både med innsats og premiering. Det einaste dei hadde å klaga på var
at løypa var litt kort, dei ville helst ha starGrunna skodde og dårleg sikt i fjellet ta på Kjeringafjellet dei òg. måtte nemleg starten på fjelltelemarkrennet flyttast lenger ned, men dette la ikkje
noko dempar på stemninga i målområdet Det var også noko historisk over rennet
i Oreveitane. Der var det pølsegrilling ved som vart arrangert i Leikanger første heljakt- og fiskelaget, underhaldning ved den ga i mars. For første gong vart det delt ut
profesjonelle speakeren Haagen Gjems, kongepokal til vinnaren av herreklassen i
og det kunne observerast både kubjøller fjelltelemark, og denne var berre to
og norske flagg. sekundar frå å hamna i vertsbygda. Torgeir Sværen Henjum kom nemleg i mål to
små (og litt sure) sekundar bak vinnar
Før sjølve NM-rennet vart sett i gang, var John-Ove Sinnes frå Sirdal Skilag. det fjellcross for unge og lovande
– Eg skulle gitt alvorleg mykje for den
skiløparar. Om lag 60 born og unge var kongepokalen. Eg veit om eit par småfeil
påmelde, og ved målgang venta både eg gjorde oppi der, men veit ikkje kor myflotte premiar og saft. Kristin Bulling Jo- kje dei kosta meg, sa Torgeir, som likevel
hansen, Hanna Vangsnes og Ingrid Fred- var svært glad for sølvmedaljen.
Mykje liv
Kongepokal
Barnerenn
Alle deltakarane, både i fjellcrossen og NM/Sognefjordrennet, fekk
saft etter å ha passert mållinja.
Foto: Birthe J. F. Finstad
Leikanger
Torgeir Sværen Henjum var
berre to små sekundar frå å stikka av med kongepokalen.
Foto: Ørjan Talle
Solid innsats
Også i aldersbestemte klassar gjorde
lokale løparar det skarpt i NM-løypa.
Olaug Grut Andersen frå Syril Telemark
vann landsfinalen for jenter 12-13 år,
medan Olav Henjum og Ole-Morten
Søderholm vart nummer ein og to i
tilsvarande guteklasse. I landsfinalen for jenter 14-15 år gjekk
Sarah Fiskaa Haugen frå IL Bjørn/Luster
Telemark til topps, medan Gunnhild Sofie Vangsnes frå Syril kom på tredjeplass.
I landsfinalen for gutar 14-15 år kom
systrendingane Håvard Lefdal Hove og
Øyvind Vagstad på høvesvis første- og andreplass. Birte J. Finstad
Grilling.Det var mykje liv ved målområdet i Oreveitane NM-laurdagen. Leikanger
jakt- og fiskelag stod for serveringa.
Foto: Birthe J. F. Finstad
3 Økologiske varer
3 Balholm-saft
3 Lågprisbutikken i
Midtre Sogn!
Leikanger
Leikanger
7
Nyt sommarkvelden med
bølgjeskvulp og sjøfugl
KULTURMINNEVERN
i eit framtidsperspektiv
I Asplan Viak er kulturminnevern etablert som eige forretningsområde, og vi
tilbyr brei kulturminnefagleg kompetanse innanfor:
Catering
•
•
•
•
•
Koldtbord – Snittar – Gryterettar
Heimelaga middag – Pizza
A’la carte
Bygningsvern
Arkeologi
Historiske landskap
Planlegging
Analyse og utgreiing
Klimasatsing i fylkeskommunen
www.asplanviak.no
Middagskort
Kjøp 10 middagar og få den 11. gratis
Besøk Fjordkroa som ligg ved Sognefjorden.
Med fjordterasse.
Asplan Viak er eit av landets største rådgivande ingeniør- og arkitektfirma. Selskapet tilbyr
tverrfagleg rådgivning og analysar for offentleg og privat verksemd. Asplan Viak AS er eigd
av Stiftelsen Asplan og har ca. 600 tilsette ved 19 kontor i Noreg. Selskapet er organisert i
5 divisjonar – Plan og Analyse, Arkitektur og Landskap, Bygg og Installasjonar, Samferdsel
Infrastruktur, Vatn og miljø.
Velkomen!
Hermansverk
Telefon 5765 3411
Mobil 918 35 699
Elisabeth Veivåg Helseth høgt over Leikanger.
Foto: Colin Tattersall.
Foto: Hjelledalen i Stryn, prosjekt RV 15 Strynefjellet.
Opplev Leikanger,
opplev oss!
Butikken som hjelper deg med det meste!
Radio – TV
Panasonic, Sasung, LG, Finlux, Dantax m.fl.
Jaktradio – sikringsradio – VHF
Icom, W-com, Zodiac
Kvitevarer
Bosch, Siemens, Electrolux. Beha, Whirlpool
Varmepumper
Panasonic, Fujitsu
Klede – sko – sport
Sport 1
Våpen – ammunisjon – jakt – friluft
Eigen serviceverkstad for radio/TV
Service kvitevarer
Alle som bur i Sogn og Fjordane veit at
dette er eit fylke med utfordrande naturtilhøve og vêrforhold. Menneskeskapte
klimaendringar vil truleg føra til at utfordringane ein opplevar i dag vil verta
større i framtida. Meir ekstremvêr, auka
nedbør, større rasfare og havnivåstiging er nokre av prognosane. Det er difor
i fylket si interesse å planleggja for eit
mindre sårbart samfunn, og dette inneber både å redusera klimagassutslepp
og å kunna tilpassa seg dei kommande
endringane.
I 2009 vedtok fylkestinget ein Fylkesdelplan for klima og miljø, og i fylkeskommunen vert det no arbeidd aktivt
med oppfylgjing av denne planen. Klimasatsinga til fylkeskommunen er brei
og heilheitleg og på mange måtar unik
i perspektiv og utforming. I tillegg til
produksjonsrelaterte utslepp, inkluderer
fylkeskommunen også eit fokus på forbruksrelaterte utslepp. Samstundes vert
det sett søkelys på
klimatilpassing. Dette
er ganske spesielt og
få andre fylker i Noreg har ei så heilheitleg klimasatsing som
Sogn og Fjordane.
Utsleppsreduksjon og klimatilpassing
skal skje innanfor mange ulike sektorar
og det er eit stort puslespel å organisera
og koordinera dette. For å få til ei solid
klimasatsing er det viktig med godt samarbeid. Fylkeskommunen samarbeidar
mellom anna med KS og Fylkesmannen
i Sogn og Fjordane for å hjelpa kommunane å møta klimautfordringa på ein god
måte.
Når fylkeskommunen arbeidar med utsleppsreduksjon er det essensielt å kunna
måla om ein faktisk klarar å redusera utsleppa. Metodane for å måla dette i dag
er ikkje gode nok. Det betyr at ein treng
å utvikla nye metodar for å seia noko
Sparebanken Sogn og Fjordane
- la oss fellesskape framtida vår
meirennbank.no
8
facebook
twitter ssf.no
Leikanger
[email protected]
at utfordringa blir møtt på alle nivå i
samfunnet; internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt. Det som er sikkert er
at det vil bli nødvendig med mange ulike
tilnærmingar for å møta klimautfordringa
i framtida. Dette inneber mellom anna ny
teknologi, omlegging av produksjon, meir
fornybar energi, energieffektivitet og
mindre forbruk generelt. I denne samanheng er det viktig at styresmaktene legg til
rette for klima- og miljøvenlege val, men
samstundes har kvar av oss også individuelt ansvar for å gjera desse vala!
Ansvarsfråskriving er eit svært sentralt
problem i møte med klimautfordringa, og
aktørar på alle nivå er flinke til å skulda
på kvarandre og skyva ansvaret frå seg.
Fylkesdelplan for klima og miljø viser at
Sogn og Fjordane er klar til å ta sin del av
det globale ansvaret.
Elisabeth Veivåg Helseth
Miljøfyrtårn
Energibunt. Miljøbank. Ny kystnæring
I dag er han ein liten energibunt på 4 år. Om 20 år kan han
produsere vindkraft for milliardar frå ein vindmøllepark på
Stadhavet. For med dei ressursane vi har i vind og ruskevêr langs
kysten av Sogn og Fjordane, kan vi bli fremst i Europa på rein og
fornybar energi. Vi veit kva drivkrefter som finst i fylket vårt, og
som lokal bank engasjerer vi oss og hjelper dei fram. At vindkraft
kan bli det nye oljeeventyret for kystbefolkninga vår, det trur vi,
det ønskjer vi og det satsar vi på.
om kva retning klimagassutsleppa går
i. Dette vert mellom
anna gjort gjennom
eit forskings- og utviklingsoppdrag
i
samarbeid med Vestlandsforsking. I dette forskingsprosjektet
vert det også sett på korleis utslepp frå
forbruk kan reknast med og inkluderast
i Noreg sin klimapolitikk. Store delar av
klimagassutsleppa i industrialiserte land
kjem frå forbruket vårt. Når me kjøper
varer tenker me ikkje alltid over at desse
varene har ei historie. I dagens moderne
samfunn er det lett å gløyma at det krevst
mykje arbeid og ressursar å produsera mat
eller andre varer.
Som ein del av klimasatsinga er Fylkeshuset i Leikanger blitt sertifisert som eit
av dei fyrste miljøfyrtårna i kommunen.
Å hindra at menneskeskapte klimaendringar når eit ureversibelt nivå, vil krevja
«Det er lett å gløyma at
det krevst mykje arbeid
og ressursar å produsera
mat eller andre varer. »
Fylkesrådmann mottek Jan Øhlkers beviset på Sogn og Fjordane er eit
miljøfyrtårn frå ordførar Olav Lunden.
Foto: Liv Strømme
Her ligg sentraladministrasjonen til fylkeskommunen.
Miljøfyrtårnsertifisering inneber ein
omfattande sjekk og godkjenning av
områder som internkontroll og HMS, arbeidsmiljø, innkjøp, materialbruk, avfall,
energibruk, transport og utslepp til luft og
vatn på ein arbeidsplass.
Miljøsertifiseringa er starten på ein
kontinuerleg forbetringsprosess: Å definera konkrete mål og kartleggja avvik
samanlikna med målsetjinga er viktige for
å sikra framgong.
Foto: Elisabeth Veivåg Helseth
Leikanger
Slik sett er sertifikatet ei byrjing og ikkje
noko mål i seg sjølv. Det daglege miljøarbeidet i ettertid av sertifiseringa er
det viktigaste. Årvisse rapporteringar i
etterkant skal sikra at det skjer ei gradvis
forbetring over tid.
L
Du kan lesa meir om klimaarbeid i Sogn
og Fjordane på klimanettstaden:
http://www.sfj.no/klima/cms.nsf
9
Brød og sirkus i Saften
Fruktbare Leikanger
Det blå treet.
Foto: Lars Nes
Nokre år før tusenårsskiftet starta den
haustfesten som vert kalla Fruktbare dagar, ein aktivitet under stiftinga Norsk
Fruktmuseum. Dagane er fortsatt under
oppbygging og strekkjer seg no over ei
veke. Her finn du kunst og kultur, musikk
og underhaldning, torg og mat, konkurranse og fest. Alt for sjel, mage og gane.
Og endå til eit visjonsmøte.
«I morgon …» ein kabaret om og frå
vegvesenet i ei omstillingstid. Med Jakob
Sande og Bjørn Andresen bak tekstar og
musikk, vart servert i 2002, same året
som fylkesmannen oppfordra til å byggja eit nytt Statens Hus i Leikanger. Det
vart eit fruktbart spel også! Siste innslaget dette året var med Fjøgl, folkemusikarane frå Hornindal og Breim der også
Sigrid Moldestad underhaldt i Leikanger
for første gong.
Det blå treet vil dei fleste hugsa, og nokre saknar det kanskje? Det var Magne
Vangsnes som stod for dette kunststuntet
i 2003. Treet vart kappa i småbitar året
etter, som ein del av opningsmarkeringa.
Nyare tids sentrumsutvikling i Leikanger starta med kantsteinar på Hermansverk i 90-åra. Men som han sa på
folkemøtet, grunderen, i den då tome
Lerum-fabrikken: «sentrum er meir enn
kantstein». Han ville ha aktivitet også.
Deretter hadde Fruktbare dagar besøk av
Lisbeth Iversen (profilert byråd i Bergen)
som føredrog om det å ha visjonar for å
skapa eit sentrum. No er me godt i gang,
takka vera eldsjeler. Men jobben er ikkje
gjort og eldsjeler må fortsatt visa veg i
denne utviklinga.
For vidare aktivitet og trivsel kan
Fruktbare dagar også brukast som ramme rundt kurs, møter, utstillingar eller
liknande. Dette er ekte fruktbarheit - til
glede for alle.
Einar Skram Husabø
I over 50 år har Leikanger Mannskor gitt systrendingar
og tilreisande underhaldning med latter og glede. For
første gang kunne vi spela revy i ein ferdig tilrettelagt
kultursal. Med alle krumspring som hadde skjedd både
fjordalangs og i heile fylket gjennom året, måtte tittelen
berre bli «brød og sirkus».
Kjeringi Open 2010
April i Sogn er som regel synonymt med
lite nedbør, at varmen stig mot slutten
av månaden og at fruktbløminga startar.
I år var det omvendt, med varme dagar i
starten. Då nærma det seg den 17. april og
Kjeringi Open, slo ruskeveret til. Natt til
den 17. snødde det heilt ned i bygda og ein
halvmeter nysnø la seg i fjellet. No, tenkte
vi – her er det berre «å stao pao»…
Løypetraseane endra
over natta
Då vi reiste til fjells for å merka løypa frå
toppen og ned til veksling i Damefall, der
2. etappe startar, var veret bra nok til å
starta på toppen. Samstundes måtte det
springast på siste delen av førsteetappen,
og langrenn var omgjort til springing.
Men ruskeveret ville det annleis. For
første gong måtte vi flytte starten ned til
1050 moh. til foten av Kjeringafjellet. 2.
etappen vart derimot endra attende til
langrenn, men løparane fekk lov å skøyta
seg gjennom. Sidan gjekk det i snøslaps
og gjørme nedover.
Kaldt på Hanehaug
Palmerevyen 2010 er i mål, og mannskoret med gode hjelparar framfor scenekanten.
Foto: Leikanger mannskor
I kraftige regnbyger piska regnet i «kjakane» både på juniorkjeringar og publikum. Det var 153 deltakarar i juniorløypa
og heile 11 «Stjerner i sikte»-lag som
viste fram flotte kulturinnslag på lastekarmen til fruktlageret sin bil. Hotelleigar
Jan Erik Lie fekk folk inn på hotellet, der
premieutdelinga vart gjennomført i varmare omgivnader og med stor applaus til
alle som fekk premie. Fjordsymjarane
trassa veret, og kunne med si «snorklypping» markera at badesesongen er i gang.
Det 18’ende Kjeringi Open går over i
historia som den suraste, våtaste og kaldaste av alle. Neste år vil vi ha sol, god sikt
i fjellet og ein varmare dag under «vaorens vidlaste eventyr». Samstundes var
det mykje varme og glede å sjå både blant
deltakarar og funksjonærar og publikum.
Ja, rett og slett ei minnerik oppleving.
Roar Werner Vangsnes
Samhald og speleglede
Det å vera tilknytt eit mannskor som
både syng, spelar revy og har det moro,
er ein fabelaktig kombinasjon. Det gir eit
sterkt og godt samhald som vi utnyttar på
beste måte. Dei siste åra har vi også kopla
ungdommen sterkare på revydelen, både
fordi snittalderen er høg i mannskoret,
men også fordi vi har ein arena der den
yngre garde kan få innblikk i revylivets
gleder. Samstundes er det ein fin læringsarena, og ei stor utfordring for ungdommen som desse tek med stor entusiasme.
Vi har også vore heldige å nytta oss av
jenter frå danseverkstaden som instruktørar, der dei styrer innøvinga med stø
hand og dansefot.
April kan by på all slags vêr. Her frå Kjeringafjellet før start.
Foto: Roar Werner Vangsnes
Kjempesjekken
10
For første gang spelte vi revy i Saften der
alle ting no er meir elle mindre på plass,
etter «tjuvstarten» som vi hadde i fjor i
ein uinnreidd sal. Difor vart det både eksamen for oss i mannskoret og Saften som
revyarena. Og då er det glede med bortimot fulle hus kvar kveld. Vi har fått ein
velfungerande kultursal, som viser seg å
vera godt tilpassa både revyar, konsertar
og andre viktige kulturaktivitetar i Systrondsbygdi. Vi i Leikanger Mannskor
håpar å kunne halde fram med mykje
«brød og sirkus» i framtidige revyar,
men også samarbeid om andre kulturarrangement med alle dei gode kulturkreftene som finst i Leikanger.
Roar Werner Vangsnes
Leikvangen
Leikanger Ungdomslag eig og driv ungdomshuset Leikvang –
eit aktivt og levande hus for unge og gamle! Her er det aktivitet
fem–seks dagar i veka store delar av året. Mykje av aktiviteten
står Leikanger danseverkstad for. Dette er eit samarbeid mellom ungdomslaget og Leikanger kommune, og danseverkstaden
er med i «Dans utan grenser». Danseverkstaden gir ut eigen
informasjonsfoldar ved skulestart om dansegrupper som vil bli
starta opp i august.
Leikanger mannskor er ikkje heilt som andre
kor. Leikanger har etter mange års sakn
endeleg fått seg sin eigen kultursal, som ein
del at den nye storstova vår, Saften. Då det
røynte på med finansieringa av innhaldet
i kulturdelen av fleirbrukshallen, trødde
koret til med ein kjempesjekk til Leikanger
kommune: 200.000 kroner la koret på
bordet. Til beste for alle. Dette er overskot
etter mange palmerevyar. Eit overskot etter
hardt arbeid, stor speleglede og mykje latter.
L
Eksamen for oss og
eksamen for Saften
Frå overrekkinga av sjekken:
Frå venstre: Roar Werner Vangsnes, ordførar
Olav Lunden, Ole Ingar Hæreid og Olav Handeland.
Foto: Leikanger mannskor
Leikanger
halde fram til hausten. Pensjonistlaget brukar huset til eldretrim
store deler av året. Ungdomshuset blir dessutan utleigd til festar
og arrangement.
For ungdom og vaksne er det måndagsdans, der alle er velkomne
anten dei er nybyrjarar eller kan litt frå før. Det er variert dans,
med swing, linedance, gamaldans og litt tango. Det blir gitt instruksjon, men er ikkje lagt opp som kurs. Av og til blir det arrangert helgakurs, og dette blir kunng jort på plakatar, facebook
Annankvar tysdag mellom september og påske, er det leik og og e-post.
dans for dei mellom to og seks år. Mange glade ungar møtest og Dans er trim, det gir glede, dans er miljøskapande og sosialt! Vi
har det moro under leiing av nokre foreldre som deler dette op- har god plass til fleire unge og eldre dansarar, anten du er ny i
plegget mellom seg.
bygda, eller innfødt! Du kan g jerne komme aleine, – det g jer
L
Sist semester har det vore teaterverkstad for andre ôg!
5.–7. klassingar og dette ser ut til å kunne
Astrid Bolstad
Leikanger
For meir informasjon:
www.leikanger.ungdomslag.no
11
Møteplassen
Folk treng møteplass og møteplassen treng folk. Møteplass kan vere mange stader. Det kan vere i heimen, over
hagegjerdet med grannen eller ut i bygda. Gode møteplassar er kjenneteikna av trygge og trivelege omgjevnader,
der folk har ærend og gjev seg tid til samvære. Ærend er og mangt. Det kan vere handel, reise, eller berre ynskje
om å møte anna folk for samtale.
Av dei eldste typiske møteplassane var
kyrkjebakken. Der var ynskjet frå folk
vel så mykje å møta anna folk og frette
nytt som å høyra preika. Seinare kom
møteplassar der kommuniksjonslinjene
møttest. Det kunne vere møte mellom
sjø, veg og jarnbane. Handel og herberge
kom i kjølvatnet. Arbeid vart skapt. Både
Hermansverk og Leikanger var typiske
slike stader der folk møttest, talast og
handla. Dei eldre hugsar enno folkemengda
som ofte følgde med
når Sognabåten la til kai. Ein tur på bui
og på serveringsstaden kom i same snuen.
Ja, ein kunne jamvel kombinere sundagsturen med ei vitjing på den lokale filmframsyninga om ein tok seg tid og såg seg
råd til det. No, i den travle kvardagen til
folk flest, er dei tradisjonelle møteplassane i bygd og by i stor grad erstatta med
kjøpesentra og liknande. Det kan ein
like eller la vere, men slik er det. I mange
småsamfunn har dette ført til at gamle
møteplassar og arbeidsplassar forsvann,
utan at nye vart skapte.
Kva har så skjedd i Leikanger kommune
over dei siste 30 åra. Ja, det er mykje og
resultatet kjenner vi. Det er utarming av
båe sentra. På Leikanger er det knapt att
handel og på Hermansverk har det minka. Innanfor kolonialhandel ligg tilbodet
bokstaveleg tala på lågaste hylle. Årsakene er mange, handelen skjer i Sogndal
eller enda lenger borte. Kommunikasjonane har endra seg, Sognabåten har blitt
spikar eller ferdast i fjerne farvatn. Nyhende finns på TV og internett. Folk har
endra vaner. Men trongen og ynskje om
samkvem er uendra medan folk sin et-
opp uteområdet kraftig. I første omgang
gjeld det i dei næraste omgjevnadene. Anleggsarbeidet vert utført av entreprenør
i løpet av våren/sumaren i år. Finansieringa kjem frå eksterne midlar, i hovudsak
frå fylkeskommunen. Arbeidet som skal
gjerast no, er ein lekk i ein større plan som
omfattar kjerneområdet i sentrum. Det er
planlagt vesentleg miljøheving av uteområdet der kvalitet, natur og folk er prioritert framføre bil og parkering. Grunntanken er å åpne
opp området betre mot sjø
og elv. Alle detaljplanar er utforma i tråd
med hovudidéane nedfelt i ei utarbeidd
tettstadsanalyse.
Den same tettstadsanalysen tek óg for
seg eit større område, nærare bestemt mellom Skeiesvingen og båthamna. Her det
er tale om opprusting av riksvegen med
nærliggande areal. Byggekvalitet, estetikk
og folk skal prioriterast samstundes som
framkomst for biltrafikken vert ivareteke.
Det inneber ei kraftig miljømessig opprusting av området.
Kommunen har søkt vegstyresmaktene om at tiltaket får prioritet innanfor
nogjeldande vegplan. Dei lokale vegstyresmaktene har tilrådd søknaden.
Det er difor viktig at kommunen går
12
terspørsel etter varer og tenester har auka
vesentleg. Handelsstanden i Leikanger
har ikkje teke sin del.
Midt oppe i alt dette er det difor sers
positivt at kommunen gjekk inn for å
samlokalisere idrettshallen med Saften
i det nye fleirbruksbygget. Her har folk
i bygda fått ein stad der dei kan møtast
både på dag- og kveldstid og samstundes
vera trygge på å møta andre. Det rike
kulturlivet i bygda har fått ei ny og tenleg storstove på rett stad. Rett nok vert
det driftsøkonomisk ei dyrare løysing for
kommunen, men samfunnsøkonomisk
lønsam. Auka ferdsle skaper meir ferdsle
og handel.
Vidare satsar og kommunen på å ruste
HERMANNSVERK
SENTRUMSPLASS
«Folk treng møteplass, møteplassen treng folk.»
Leikanger
Nede til venstre:
Det var nok ekstra mykje folk då kong
Olav kom med Fylkesbaatane i 1958, men
kaien var ein viktig møteplass til vanleg óg.
Foto: Leiv Bergum
Til høgre og nede til høgre:
Slik tenkjer landskapsarkitektane
Smedsvig at det nye sentrumet i
Leikanger kan bli, som eit tun. Til hausten
skal ein del av planen realiserast.
Illustrasjon: Smedsvig
vidare med tilretteleggingsarbeid utan
opphald. Tiltaket er av ein slik art og betydning at det bør organiserast som eit
eige prosjekt. God organisering og rett
framdrift kan vere avgjerande for å lukkast.
Dette er og næringsutvikling for bygda.
Ei triveleg bygd får reisande til å stogge
og finne ærend, før reisa går vidare. Ein
triveleg stad får og folk til å handle meir
heime heller enn å reise langveges. Folk
treng møteplass, møteplassen treng folk.
Magne Strand
Leikanger
13
Etter arbeid
Arbeidsro under hotelltaket
Dei fleste av oss jobbar i tretti-førti år, og i desse åra er det jobben som styrer livet.
Kva skjer den dagen vi får fri for resten av livet?
Store installasjonar i mange silkelag, tekstilkunstnar Janne Nes er attende på hovudsporet denne våren.
Ingemår Fosshagen, no 69 år, arbeidde i
annonseavdelinga til Sogn Avis i førti år.
Då han fylte 65, gjekk han av med AFP.
Han hadde fatta avgjerda eitt år før, og
var budd då dagen kom. Likevel sat tårene
laust.
– Det var nok blant dei tyngste dagane
i livet mitt. Ein kryssar jo ei linje, og det
er vemodig. Eg jobba jo med så mange
kjekke folk. Eg var ein del av avisa.
Ut med plikter
Lyst er i grunnen hovudprinsippet i Ingemår sitt nye liv. Enkelte fryktar at dagane i pensjonistlivet har ein skremmande
mangel på struktur. Slik har Ingemår aldri
kjent det.
– Eg er ingen planleggjar. Eg reiser gjerne tre veker til Kanariøyane for å slappa
av i sola og vera lat. På den tida les eg gjerne tre-fire bøker. Privat disponerer eg tida
akkurat som eg vil, og eg har slutta med
all pliktaktivitet. Det eg ikkje har lyst til,
gjer eg ikkje, seier han bestemt. Valfridomen er den pensjonerte sitt store privilegium. Men fordi Ingemår likar så mykje,
er det håplaust å bruka han som eit mål på
korleis det er å vera pensjonist i ei byråkratbygd som Leikanger, prega av åtte til
fire-rytmen i det offentlege. Rett nok er
Ingemår ein storforbrukar av bøker, men
han vitjar berre biblioteket for å fylla på
lydbøker, ei nyoppdaga glede.
– Mentalt er eg ikkje hundre prosent
pensjonist. Eg veit at det finst eit pensjonistlag, men eg har så fullt opp av andre
interesser.
Den sosiale songen
Mange trur pensjonistar har eit hav av
ledig tid. Slik er det ikkje med sånne som
brukar vinteren til å lage revy. Denne
torsdagen før palmehelga er Ingemår i
Leikanger sin nye fleirbrukshall, ein stad
mellom avisa sine redaksjonslokale og
den nye kulturscena. «Gå etter lyden»,
står det i tekstmeldinga. For å finna vegen
må ein ta seg gjennom tronge garderobar
med koristar i skjørt. Ved scena vrimlar
det av øsne revymenn. Ingemår er i elden
nett no. To dagar før premieren er køyreplanen stram; songarar og musikarar øver
frå fire og fram til Kveldsnytt. Når Ingemår kjem travande, ser han likevel
kvikk og blid ut.
– Mannskoret er ei viktig brikke i det
sosiale livet mitt, seier Ingemår. Han skildrar det aldrande koret som «ein gjeng
gutungar». Ingemår har vore med på revy
i fleire år enn han har arbeidd for avisa.
Likevel nyt han å snekre saman nye nummer, kle seg ut og synge freidige nidviser
om folk og fe, som i fylkeshovudstaden
inneber fylkeseliten, stortingsbenken og
andre som har stukke hovudet fram. I tillegg til revy og mannskor er Ingemår aktiv
i Norges korforbund Sogn og Fjordane.
– Eg likar det med songen. Har alltid
gjort det, smiler han.
Avis i blodet
Også avisfaget sit djupt i han. Slik blir det
gjerne ettersom åra går. Då Ingemår blei
avismann midt på sekstitalet, raste Vietnamkrigen ute i verda. I avisa sitt trykkeri
stod typografane og stabla bokstavar på
vinkelhake.
– Aviskarrieren min strekte seg i grunnen frå Gutenberg til cyberspace. Det er
ganske utruleg å tenkja på, seier han engasjert.
– Det var i si tid eg som ivra for data i
avisa, då i samband med bokføring. Me
L
Fritida viktig
To veteranar på scenen: Ingemår Fosshagen og Odd Njøs.
Foto: Leikanger mannskor
Ingemår Fosshagen og Arne Røyrvik i
fri utfalding. Foto: Leikanger mannskor
innførde eit system som no er fullstendig
antikvert, ein slags mellomting mellom
holkort og data, humrar han.
Etter avgangen for fire år sidan har Ingemår vore tilkallingsvikar. I prinsippet
har han fått jobba så mykje han ville, og
med den oppgåva han hadde mest sans for
medan han var tilsett.
– Korrekturlesing var hobbyen min før.
No gjer eg det heile tida. Eg likar å hjelpa
til med å skubba avisa i rett retning.
Pensjonist Ingemår Fosshagen, ein
aktiv mann. Foto: Idun A. Husabø
Som om ikkje det var nok, har avisa gitt
Ingemår ansvaret for å poda kjærleik til
lokalmedia inn i den oppveksande generasjonen gjennom «Avis i skulen». Opplegget i regi av Norske avisers landsforening går ut på å besøka skular i Sogn Avis
sitt nedslagsfelt.
– Då eg slutta, var det ingen som ivra
for å ta over. Eg har alltid likt det, så då
tok eg det på meg.
Ingemår reknar seg som heldig fordi han
er «frisk og hunig» og har familie rundt
seg. Heime hjelper han til med gardsarbeid, mens kona Tolly stiller opp med
barnepass for travle småbarnsforeldre.
Overgangen har vore smidig for dei, men
han ser at avskjeden med yrkeslivet kan
vere langt hardare for andre.
– Det er kjekt så lenge du har noko å
gjera. Elles er det synd. Eg har sett dei som
ikkje har noko. Du er nøydd til å interessera deg for anna enn fjernsynet og sofaen
– det går an å førebyggja einsemd gjennom ei aktiv fritid.
Som sagt, så gjort. Brått får den imøtekomande Ingemår ei fure i panna. Kanskje lyttar han etter eit songnummer han
er med på. Om litt skal Helse Førde til
pers i eit operanummer der alle songarane endar med å døy framfor publikum.
Difor fyk han attende til den gledelege
songplikta – lett på foten, trygg i tekstane. Straks etter står han rakrygga blant
korkameratar og let røysta runga ut over
kultursalen.
Idun A. Husabø
Likar du å lese bøker?
Visste du at i Leikanger er det ein bokklubb?
Denne klubben er open for alle – damer og
menn – som likar å lese bøker. Etter å ha
lest ei god (eller dårleg…) bok,
er det utruleg artig å høyre kva
14
andre har likt med boka! Kanskje får du
lyst å lese boka oppatt, når du høyrer kva
andre har lagt merke til? Bokklubben er på
Café Herman annankvar månad. Dei som
deltek på bokkvelden, bestemmer neste bok.
På denne måten vert det stadig varierande
sjangrar på bøkene som blir valt. Dette er
ein veldig kjekk kveld! Det er sosialt og ein
fin måte å bli kjent med folk du gjerne ikkje
kjenner i bygda frå før.
Leikanger
Neste bok ut er «Min Kamp 1» av Karl
Ove Knausgård.
Er du glad i å lese bøker – nøl ikkje med å
møte opp!
Atelier. På toppen av Gamlehotellet er det godt å vera, fredeleg når ein vil det, og samrøre med andre nede i etasjane, når det høver.
Foto: Terje Eggum
Snart reiser ho til Krakow for å medverka
på den internasjonale kunsttriennalen Artistic Tapestry – Transformations. Ho er
representert med eit tekstilarbeid, ei halv
kube i elleve lag. Det flyt i rommet, ikkje
ulikt Janne Nes sine installasjonar i Statens hus i Leikanger og i kommunen sin
sjukeheim. Ho hentar fram den svevande
skulpturen med ein oransje kuleform på
pc-skjermen.
– Eg håpar eg kan formidla kjensla av
å oppdaga noko uventa når ein vandrer
rundt skulpturen, seier ho.
Janne Nes sin verkstad på toppen av
Gamlehotellet er ei av åtte verksemder i
det over 100 år gamle huset. Her har ho
arbeidsfred. Samstundes er ho ein del av
eit tverrfagleg miljø, i fire etasjar.
Janne har budd i Leikanger sidan 1979.
Ho ser omkring seg i heimbygda og tykkjer det har skjedd meir dei siste få åra
enn gjennom dei vel 20 føregåande.
– Det er tydelege endringar rundt oss,
seier ho, og for hennar eigen del er Gamlehotellet, som ho og ektemann Lars tok
over i 2000, eit første steg inn i det som
kan bli eit nytt Leikanger. Sidan kom Næringshagen, med basis i alliansen Banken/
Gamlehotellet. Eit tredje steg, om me
held oss i sentrum, er Saften, ferdigstilt i
fjor vår. Det store fleirbrukskomplekset
som rommar både offentlege og private
formål.
Omsider blei sentrumsbiletet litt meir
komplett rundt Janne, ni år etter innflytting i Gamlehotellet.
– Men nye Leikanger sentrum er ikkje
i hamn?
– Nei, langt i frå, men me har lagt bak
oss ein god start, etter kvart kan det bli
veldig bra, seier Janne Nes.
– Kva gjer det med folk?
– Eg trur mange er positive til at bygda
får dette til, folk ynskjer nok ein betre definert Leikanger tettstad, med arenaer der
dei kan møta andre.
Janne Nes er frå Hamar. Ho vedgår at
ho har sakna småbyens tilrettelagde stader for sosiale treff. I sentrumsgruppa,
som ho har medverka i som representant
for Saften, har dei summert opp prosessen
slik: Frå ikkjestad til møtestad.
– Målet er å laga eit sentrum me har ønskje om å visa fram og der det er godt å
vera.
– Det blir mykje nytt på utsida av Saften
dette året?
– Det blir sett i gang med meir utearbeid snart, då får heile plassen opp frå
riksvegen eit nytt andlet, i neste omgang
ser me fram til å få ny miljøtilpassa gjennomgang på riksvegen, det skal bli ein
flott opphaldsstad for unge og gamle.
I det siste har Janne jobba litt på sida av
primærfeltet sitt. Ho har illustrert bøker
for Skald Forlag og ho har vore engasjert
i arbeidet med messehaglar for Jostedal
kyrkje, i høve 1600-tals kyrkja sitt 350 års
jubileum til sommaren. No ser ho fra til å
stilla ut i Krakow, samstundes gler ho
seg over å ha motteke eit stipend frå biltekunstnarane sitt vederlagsfond.
– Det er ein slump pengar, men det er
og ei viktig anerkjenning å få, det ligg mykje positivt i det, seier Janne Nes.
Terje Eggum
Leikanger
Bileta nedafor:
Oppe til høgre: Janne Nes skal vera
representert i Krakow frå 13. mai,
installasjonen hennar (pc-skjermen)
skal hengja oppe til 30. mai.
Foto: Terje Eggum
Utstilling på heimebane. I 2007
vart kunstverk av Janne Nes vist
fram i Cooperhuset i Balestrand.
Foto: Simone Stibbe
15
Klatring med gode utsikter
Har du fått nok av fjord-ditt og fjord-datt? No som fjordsymjing har fått skikkeleg fotfeste er det på tide å koma
seg opp i høgda. Sogndølene har den høgste veggen og eit svært aktivt klatremiljø, men systrendingane kan no
skilta med klatrerutene med best utsikt - rett ved fjorden, og benk på toppen!
Då fleirbrukshallen Saften stod ferdig i
fjor haust, var han utstyrt med klatrevegg.
Og med klatrevegg trengs det klatreklubb. Slik vart Leikanger Klivarlaug stifta.
Klatrevegg i Saften var første steget, men
når snøen tinar er det få som ynskjer å klatra inne. Då var det naturleg å ta steget ut i
sola, og koma seg opp i fjellveggen.
Opninga av dei 13 første klatrerutene i
Leikanger vart gjennomført 1. mai i år, av
laugsleiar Terje Verlo med besøk av presidenten i Norges klatreforbund, Ole Karsten Birkeland.
Hovudpersonane bak klatrerutene er
likevel systrendingane (og ein Sogndøl)
som har brukt våren på å skru boltar inn
i fjellet. Klatreruter kan vera merkte av på
eit kart, men dersom ein skal klatra trygt
og enkelt som på ein innandørs klatrevegg, må det boltar til. Boltar som klatrarane kan feste tauet sitt i på veg opp fjellveggen. Klatreutstyr skal vera sikkert, og
gode, sikre boltar er på ingen måte gratis.
«For å få boltar frå Norges klatreforbund,
trengte me ein skikkeleg klubb,» seier
Terje Verlo, leiar i det nye klivarlauget.
Klatreforbundet var ein viktig sponsor, og
stilte med opplæring og 125 boltar. «Dei
delte ut ganske mykje i år og me var heldige og fekk mange nok,» stemmer Torgeir
Sværen Henjum i, som saman med Terje,
Dagfinn Henjum Sværen, Dagfinn Ylvisåker, Johanne Brock Hauge, Sarah Storevik
Moe og Hans Kristian Henjum har utgjort
boltelaget. Det har blitt mange fine dagar
med klatring og bålkos. «Grunneigar Siri
Johannes Sand har vore veldig positiv og
grei med oss.» held Torgeir fram.
I Saften har Brattkort-kurs allereie vore
arrangert. Boltelaget fekk mykje tips
frå klatremiljøet i Sogndal som framleis
monterer nye ruter på Kvam og Ølnes, og
dei fekk opplæring saman med boltane
frå klatreforbundet. Klubbutviklar Frank
Have Olesen og Sigbjørn Veslegard frå
Norges klatreforbund heldt kurs, og det
vil i løpet av sommaren verte gratis innetil-ute-kurs for dei som har brattkort.
Klyvarane ser ikkje på feltet i Leikanger som nokon konkurranse til klatrefelta
på Kvam og Ølnes i Sogndal, felta både i
Sogndal og Leikanger er opne for alle som
ynskjer å klatra. Hjedlene-feltet har likevel nokre fordelar i høve til felta i Sogndal.
«Feltet er sørvendt slik at berget tørkar
fort, og rutene er plassert tettare saman,»
forklarar Terje, «me har lengre sesong
her, sidan snøen kjem seinare og smeltar
tidlegare,» held Torgeir fram, «og det er
det einaste feltet i Indre Sogn der du kan
kvila på ein benk på toppen!» legg Dagfinn Ylvisåker til. Typisk nok gløymer dei
det systrendingar ofte tek for gitt: utsikta
er storslegen, og dess høgre opp du kjem,
dess betre vert den.
Etter omlag 30 besøkade til klatreveggen, i steikande sol, ser klyvarlaget fram
til ein lang klatresesong og ny søknad til
klatreforbundet for å laga fleire ruter neste år.
Guttorm Flatabø
Friidrett i Leikanger
Idrettslaget vårt, SYRIL, driv ikkje berre med fotball
og ski, laget har også ei friidrettsgruppe. Det er eitt av
vårteikna på Systrond når det tek til å røra seg på bana
etter vinteren. Friidretten tek til utandørs samstundes
med fotballen. I SYRIL har det i mange år vore samarbeid med fotballgruppa om treninga til dei aller yngste.
7, 8 og 9 åringane har fotball- og friidrettstreningar på
same kvelden.
Dei som er 10 år og eldre har reine friidrettstreningar.
I SYRIL er det som regel slik at dei fleste born og ungdomar er med i fleire idrettsgreiner.
Friidrett har lange tradisjonar på Systrond. Då idrettslaget vart skipa i 1906 var friidretten ein av dei viktigaste
greinene. Seinare, frå 1946 og til ut på 90-talet, var SY-
Spyd og stafettpinne.
Foto: Jørn E. Gåsvær
RIL-stafetten ein viktig og velkjent friidrettstradisjon i
fylket. Friidrettsgruppa har i over 10 år arrangert og delteke i klubbcup med Balestrand og Vik.
SYRIL har hatt mange gode utøvarar i friidrett på
bane, både i løp, hopp og kast. Laget sine utøvarar har
gjennom mange år blitt lagt merke til for gode resultat.
Særleg gjeld dette på aldersbestemt nivå. Vi har teke
mange medaljar og meisterskap i Donald Duckleikane,
Telenorleikane, UM (Noregsmeisterskap for aldersgruppene 15-19 år) og junior-NM. Nokre utøvarar har meldt
overgang til større klubbar ved overgang til senior og
gjort det bra der. Det er likevel breiddeaktiviteten som
er SYRIL sitt hovudfokus, det at alle skal få vera med.
Oppslutnaden om individuelle idrettsgreiner vil like-
vel gå litt i bølgjer. Etter ein sterk periode på 90-talet har
oppslutnaden gått litt ned. Dette gjer seg utslag i at vi har
heller få utøvarar over 13 år. Oppslutnaden frå dei yngste
har vore god heile tida. Difor er vi optimistar på vegner
av friidretten i klubben vår. Friidretten seglar for tida i
medvind på landsbasis, noko vi kjem til å merka meir til
etterkvart også i Sogn.
Hovudtreningskvelden vår er på onsdagar og vi har
gode trenarar med friidretts- og anna idrettsbakgrunn. I
tillegg har vi mange foreldre som hjelpetrenarar. Dersom
du tykkjer friidrett ser spanande ut er du hjarteleg velkomen til å vera med oss!
Mari Felde Liljedal og Kristine Linde Røyseth varmar opp.
Foto: Jørn E. Gåsvær
Glade friidrettsutøvarar.
Foto: Jørn E. Gåsvær
Torgeir Urdahl
Ungdomar med positivt
blikk på Leikanger
Kva er det ungdomane i 8. klasse synest er positivt med å bu i Leikanger? Dette skal det no lagast film-dagbøker
om. Vi skal på ein glad og «amatørmessig» måte få sjå Leikanger sine positive sider sett med ungdomane sine
auge. Filmsnuttane vert lagde ut på nettsida til Opplev Leikanger etter kvart som dei vert ferdige.
Terje Verlo leiter etter noko å ta tak i.
Foto: Marit Solberg Verlo
Sara Storevik Moe har funne noko
å ta tak i. Foto: Marit Solberg Verlo
Brattkort
Leikanger klyvarlaug
Brattkort er eit prov på at du har kunnskap og
dugleik nok til å bruka innandørs klatreanlegg sikkert og ansvarleg. Ordninga er driven
av Norges klatreforbund, og du kan få kort
ved å ta kurs og prøve. Dette kan takast både
i Leikanger og i Sogndal. Ta kontakt med klatreklubben for meir informasjon. Brattkort er
påkrevd både på klatreveggen i Saften og klatreveggen i Sognahallen i Sogndal.
Vart stifta sommaren 2009. Leiarar er Terje
Verlo og Håvard Nesbø. Klubben har om lag
40 aktive medlemmar. Nye medlemmar er
hjarteleg velkomne. Medlem i Norges klatreforbund.
L
Leikanger
ein skal lage ein god videofilm? Forelesar var Odd
Ragnar Kjellstrøm frå Balestand TV. Han skal også
redigere filmane for ungdomane etter at dei har
gjort filmopptaka sine.
Fjordglede i Leikanger
Skuledagbøker
Ta kontakt:
epost: [email protected]
telefon: 41525303.
Du finn dei på Facebook.
Les meir på: www.klatring.no
16
I samband med utvikling av ny nettside til Opplev
Leikanger dukka det opp ein glimrande idé: Kva
med å få ungdomane som bur i bygda til å fortelje
om kva dei meiner er positivt med med Leikanger?
I samarbeid med ungdomsrådet i Leikanger og
ungdomsskulen, tok eit spennande prosjekt form.
Stor hønnør til lærarane i ungdomsskulen for positiv samarbeidsvilje. Dette kunne dei kople opp mot
norskundervisninga og entreprenørskapsarbeid i
skulen.
Tarjei Nedrelo oppe til venstre og Kari Holen Loftesnes frå Sogndal testar rutene i det nye klatrefeltet. Til saman var omlag 30 personar innom feltet på opningsdagen, mange frå klatremiljøet i Sogndal.
Foto: Guttorm Flatabø.
Ungdomane i 8. klasse har no delt seg inn i ulike
grupper og skal ut på filmoppdrag for å vise sambygdingar og andre kva dei meinar er bra med bygda si. Resultatet får vi andre få sjå som «skuledagbøker» frå 8. klassingar på nettsida til Opplev
Leikanger.
Elevane på ungdomsskulen har også fått litt ekstern hjelp. Dei har hatt 2 timar undervisning på
skulen i filmkunnskap: Kva må ein leggje vekt på når
Synne Næss, Oddveig Svardal, Heidi Husabø og Silje Fossheim.
Foto: Birte Fossheim
Leikanger
Ei av gruppene som berre ventar på at fjorden skal
bli litt varmare før dei kjem i gang med filminga, er
dei som har valgt «Fjordglede i Leikanger». Silje
Fossheim er koordinator for gruppa, og seier at det
ikkje heilt er stemning i gruppa for å hoppe i det
enno, det er jo berre 8 grader i fjorden! Kanskje dei
skal starte med å ta ut kajakkane i dag, og ta seg ein
padletur i sola?
Andre tema som ungdomane har valt for filmprosjekta sine er: Vinter i Leikanger, aktivitetar
i Saften, fruktbygda Leikanger og spennande arbeidsplassar.
Vi gleder oss til å sjå resultatet!
Birte Fossheim
17
Innvandrar for Vårherre
Tre nye om bygda
Diktaren Jakob Sande hevda at alle er sunnfjordingar for Vårherre. Me sunnfjordingar brukar det gjerne som forsvar når nokon vil tøysa med oss. Frå gammalt av har det vore slik at sogningane liksom var dei gjevaste her frå
fylket, medan sunnfjordingen var lite å samla på. Slik er det ikkje lenger.
Håvard er liten og ser uskuldig ut, men er eigentleg litt villmann. Han kan vera på Kjeringi før andre er fått ned
søndagsfrukosten. Heidi er ein nyutdanna fersking som no har funne seg ein plass å bu ved fjorden. Stuart er ein
typisk engelsk pubvert som omgir seg med godt humør. Ein annan aktiv nyinnflyttar, Colin, har snakka med dei.
No er det også slik at Jakob Sande hadde
nært venskap med mange sogningar. Eit av
dei var med fylkesgartnar Eirik Johnsen,
opphavleg frå Aurland, men innvandrar
til Systrond der han vart ein legendarisk person, mykje takka vere stor fagkunnskap, ei frodig sjel og ein treffsikker
replikk. Etterkomarane hans lever i beste
velgåande i bygdi den dag i dag og heiter
Marit Andresen Jorunn Johnsen, Arne
Monrad Johnsen og Karl Erik Johnsen,
dei to siste viktige menn bak arrangement
som Kjeringi Open og Tinderittet. Me
kan difor slå fast at det kjem mykje godt
frå innvandrarar.
Faktisk har Systrond det beste klima i landet og den høgste middeltemperaturen på
årsbasis.
I kjølvatnet av amtmann og byråkratiet han drog med seg, har den mest særmerkte administrasjonsstad i Noreg vakse
fram. Eit miljø med over 700 arbeidsplassar innanfor styre og stell i kommune,
Nav, Statens vegvesen, Mesta, fylkeskommune, fylkesmann og det statlege direktoratet Difi i tillegg til Innovasjon Noreg.
Sogn og Fjordane vert styrt frå denne vesle bygda, og mange av dei som produserar
styringskunnskapen bur i kommunane
rundt. Der buset dei strender og dalar
med kloke hovud.
Saften – eit innvandrartiltak som har vorte innfødd
Bygda som er både framtidsretta og verneverdig
Eg har merka meg at ikkje alle innvandrarar og tilreisande med ein gong forstår
kvifor me snakkar om Saften og Saftenkvartalet. Det hadde seg slik at lustringen
Halvard Drægni i 1900, som den fyrste i
Noreg starta opp fabrikkproduksjon av
saft og syltetøy i Skjolden. På grunn av isvanskane i Lustrafjorden vinterstid flytta
han verksemda til Hermansverk i 1918, og
bygde fabrikk på det som snart fekk namnet Saftvodl. På folkemunne vart verksemda heitande Saften, og systrendingar
innretta dagen sin etter fabrikkfløyta som
bles til morgon, middag og kvelds. Etter
at Lerum tok over, heldt drifta fram, også
med produksjon av Pepsi Cola, heile tida
under namnet Saften mellom systrendingar. Det var difor naturleg å kalla det nye
allbrukshuset som no har reist seg for Saften. Og det lyt alle innvandrarar rette seg
etter, også underteikna som vandra inn i
1988.
Fjor-dis, fjord-is, fjortis? Systrond er i dag er ei moderne bygd med
Foto: Lorraine Thompson uvanleg høg urbanitetsfaktor på grunn
av alle innvandrarane. Eit svært høgt
kunnskapsnivå på innbyggjarane gjer
henne ekstra interessant som døme på
vellukka motkraft i ei verd som er sterkt
prega av sentralisering. På Systrond vert
mytane om at alt må skje i store sentra dagleg motbeviste.
Framleis lever den gamle frukt- og bærdyrkarkulturen jamsides og infiltrert i byråkratiproduksjonen. I mai vert me kvart
år minte om dette når aplar, plomme-,
pære- og morellebærtrea blømer akkompagnert av sauer som brækar for å passe
på lamma sine. Det er nemleg også slik at
dei innfødde her er svært glade i sauer, og
du vil difor lett finna byråkratar som kan
framvise svært høg tilleggskompetanse på
sauehald, frukt- og bærdyrking.
Så interessant er heimbygda til Harald
Villblomstring.
Foto: Lorraine Thompson Hårfagre no. Han burde eigentleg heitt
Husabø, for stadig fleire historikarar vert
samde om at det var her han voks opp.
Han var også innvandrar, for far hans hadelendingen Halvdan Svarte skal ha plassert han i den gamle kongsgarden Husabø
på Systrond. Det var for å halde han vekke frå dei som kunne ha interesse av å ta
kongssonen av dage, noko som ikkje var
uvanleg på den tid.
Så difor, kjære lesar: Som innvandrar
kan eg tilrå Leikanger på det varmaste,
sjølv som sunnfjording, og skulle du ikkje
tru meg kan eg slå i bordet med følgjande
trumfkort: Me har ein ordførar som kjem
frå Lærdal, nett som det fyrste amtmannen!
Bygda med dei
mange tungemål
Ein tur rundt i bygda som har fått ansvar for det såkalla Eplehageperspektivet,
avslører eit virvar av tungemål. Systrendingar, andre sogningar, sunnfjordingar, nordfjordingar, eritrearar, møringar, trønderar, hollendarar, russarar,
setesdøler, oslofolk, polakkar, bergensarar, hardingar, britar, gudbrandsdøler,
amerikanarar, bosniarar, rogalendingar,
thailendarar, nordlendingar, folk frå Sri
Lanka, hamarsingar, vossingar og veitastrendingar, islendingar, ja endåtil danskar
finn så stor hugnad og trivnad her at dei
ikkje flyttar heim att dit dei kom frå når
dei vert pensjonistar. Slik var det også
med dei fyrste byråkratar som kom til bygda. I 1864 flytta den fyrste amtmannen
hit fordi her var så godt klima og vokster.
18
«Er det ikkje vår snart?»
Foto: Lorraine Thompson
Leikanger
L
Henning Rivedal
Alle foto: Colin Tattersall
Håvard Nesbø
Heidi Ravnestad
Sunnfjordingen Håvard Nesbø, flytta til Leikanger for For Heidi Ravnestad var det ikkje eit vanskeleg val å flytå kome nærare lidenskapen sin, dei høge fjella og den ta til Leikanger. Å få fast jobb i Leikanger etter studiar
beste snøen. I Sogn finn han lang skisesong og turmuleg- og vikariat i Bergen og på Sandane, var svært roande.
heitene er uendelege.
Kvifor kom du til Leikanger?
Kvifor kom du til Leikanger?
Først og fremst fordi eg hadde tilbod om ein spennande
Eg var på utkikk etter jobb innan reiselivet, der eg har ut- jobb som var relevant for utdanninga mi. Eg har tidlegadanning frå, og når det opna seg ein mulegheit på Sogne- re vore tilsett i vikariat mellom anna som avisjournalist,
fjord Hotel, tok eg sjansen. Der eg har ein allsidig jobb men ikkje noko fast. Eg er no kommunikasjonsrådgjevar
med mykje utfordringar.
ved Statens vegvesen, og er veldig glad for det.
Var det vanskeleg og få jobb her?
Nei eg vil ikkje sei det, hadde opp til fleire å velje mellom
i regionen, men når Fatlatunellen vart ferdig så var valet
enkelt.
Du har vore involvert i nokre arrangement her
i vinter?
Ja, på Systrond er det nesten for lett å engasjere seg.
Eldsjeler får med nye tilflyttarar og andre som vil vera
aktive. Eg var med under NM i fjelltelemark si prosjektgruppe som medie-koordinator og blei fanga opp av
Kjeringi Open, der eg i år har hatt jobben som prosjektleiar. Moro, lærerikt og spennande. Det er flott å sjå at
ein får med nærare 150 funksjonærar år etter år. Veka i
forkant av arrangementet pyntar folk opp med kosting,
blomar og slik for at det skal sjå fint ut når deltakarane
passerar. Så eg benyttar no anledninga til å takke dei på
det varmaste på vegne av Kjeringi Open.
Kva gjorde de med veret i år?
På fjellet hadde dei til tider 5 meter sikt før start. Likevel
var det mange positive fjes, og eit magisk augneblikk då
Roar drog i gang Kjeringi-sangen i høgfjellet i vassrett
snødrev. NM i fjelltelemark var ein morsom sak. Veret
var ikkje vår beste medspelar den dagen heller, men vi
fekk gjennomført rennet med litt improvisasjon. Bonusen var at bygda fekk nye Noregsmeisterar. Til neste år
skal nokon på kurs å lære seg å kontrollere veret…
Kva er di neste utfordring?
Komme meg i litt betre form. Eg, Verloen og Frimanslunden fer til Kaukasus og skal trakke i fjella der eit par
veker i august, med høgder opp mot 5600 m.
Stuart Bibby
Engelskmannen Stuart Bibby flytta frå Brighton i april
2009 for å få ein pause frå ein hektisk kvardag der han
administrerte ein pub og oppdrog eit barn. Med Lizzie
Kleppa og Viktor (2) køyrde han gjennom fleire land for
å koma til Leikanger.
Når bestemte de dykk for å flytte til Noreg, og
kva gjorde at de valde Leikanger?
Lizzie sin far bur her, og frå han hadde eg høyrt at Leikanger var ein veldig hyggeleg stad. Eg hadde snakka
med verten på Café Herman før eg kom, og visste at det
var moglegheit for å få jobb der.
Kva har du engasjert deg i etter at du kom til
Leikanger?
Eg har trent litt med damehandball-laget til Syril, og eg Liknar arbeidet du gjer no på arbeidet du
er medlem av treningssenteret på Saften. Eg er imponert gjorde før?
Eg pleide å driva ein pub i Brighton, noko som kunne
over alle idrettsaktivitetane.
vera svært travelt. Spesielt når kokkane ikkje møtte opp
Du likar å gå på fjellturar?
på jobb. Då måtte eg gjera all matlagingga sjølv. Vi har
Ja, det stemmer. Det er så mange valmoglegheiter her i
god tradisjon for matlaging i familien min. Eg er ikkje
området. Eg likar å gå på ski og fotturar i fjellet, men eg
faglært kokk, men eg elskar matlaging!
driv ikkje med ekstremsport!
Korleis har de funne dykk til rette her?
Så du likar friluftsliv – skal du ha ferie her i
Vi har funne oss godt til rette, og mykje har vorte gjort
sommar?
for at vi skal føla oss velkomne. Vesle Aslak kom til verda
Eg har berre litt ferie i år, men eg gledar meg til fjellturar
før jul, så vi har hatt hendene fulle! Dette er ein god stad
når snøen forsvinn. Og så gledar eg meg til å spele sandfor barn å vokse opp, og vi har nettopp flytta inn i vårt
volleyball ved fjorden etter jobb. Ja, det vert koseleg på
eige hus! Vi er takknemlige for å vera her. Eg elskar den
ein varm sommardag! Eg er dog ikkje sikker på om eg
flotte naturen i dette området, men har ikkje fått nytta
kjem til å symja mykje i fjorden.
meg nok av den! Eg ser verkeleg fram til å gå på ski neste
Det sosiale livet – har du fått mange vener?
sesong. Frå den nye heimen vår kan vi gå på ski frå innFolk er flinke til å finne på ting og til å invitere andre gangsdøra om vinteren.
med. Sist laurdag hadde vi bålkveld på stranda. Det var
Er det nokre ting du ynskjer å utvikla i jobben?
ein flott gjeng der!
Vi planlegg å ha ein grillfest i løpet av sommaren. Vil det
Dette er din fyrste faste jobb etter studiane –
ikkje vera flott å sitja ute på framsida ein varm sommartrur du at du blir her lenge?
kveld? Ein kan vera sosial og nyta god mat og god drikke.
Ja, her får eg ein god kombinasjon av gode vener, ein Vi prøver òg å utvikla ei felleskapsånd. Eg ynskjer ikkje
kjekk jobb og friluftsaktivitetar – og det er viktig for å at dette skal vera ein trendy plass, men ein ressurs for
trivast! Det var litt vanskeleg å finna ein plass å bu, men samfunnet. Lokale råvarer blir brukt så mykje som mono har eg ei koseleg leiligheit med fin utsikt over fjorden. geleg. Vi likar og å lage all maten sjølv, for eksempel laga
Ja, det passar veldig bra!
vi nyleg vårt eige bacon. Eg inviterer alle til å nyta den
lokale maten.
Colin Tattersall
Leikanger
19
Saman om entreprenørskapsarbeid
Ingrid satsar på hest
Bedrifter og frivillige lag samarbeider med skulane.
Med Leikanger Hestesenter har Ingrid Haugen etablert eit nytt fritidstilbod på Leikanger. No er ho godt i gang med
å gje ridetimar, og i den gamle sauefjøsen på farsgarden har ho stallen sin.
I Leikanger er det gode tradisjonar
for entreprenørskapsamarbeid mellom skule, verksemder og frivillige
lag. No er også barnehagane kopla
på, med Leikanger jakt- og fiskelag
som aktiv samarbeidspartnar.
Kunnskap om heimstaden, gode
opplevingar i oppveksten og rike
mulegheiter til å prøve ut idear er
viktig ballast for unge systrendingar,
som vi ein gong håpar skal velje å
busetje seg, engasjere seg og kanskje
skape noko eige her i Sogn. Entreprenørskapsarbeid i skulen handlar om
dette.
Skulane og barnehagane i Leikanger arbeider gjennom heile året med
entreprenørskap, i ulik form; Internasjonalt samarbeid, bedriftsbesøk,
elevbedrifter, elevkafé, «Skriv ei
bok-prosjekt», opparbeiding av kultur- og naturstiar, rydding i strandsona, musikal-oppsetting … Born og
unge i Leikanger får prøve seg på litt
av kvart som stimulerer til kreativitet, samarbeid, initiativ og gleda over
å skape noko sjølv, i eige lokalsamfunn.
Nybø barnehage jobbar også med
entreprenørskap og har , naturleg
nok, valgt seg stranda i Fylkesmannsgarden som viktig «laboratorium».
Her lærer ungane om fjorden, fjøra
og stranda og knyter heilt spesielle
minner og band til staden. Jakt- og
fiskelaget har vore ein aktiv og flott
medspelar for barnehagen i dette
arbeidet. Med god hjelp frå kyndige
Dei mange laga og organisasjonane i Leikanger er viktige ressursar i Leikanger si satsing på entreprenørskap og lokal identitet. Her frå tur med fiskeklubben.
Alle foto: Leikanger Jakt- og Fiskelag
Leikanger jakt- og fiskelag har etablert entreprenørskapssamarbeid med
Nybø barnehage. Og Fylkesmannsstrondi er eit fantastisk laboratorium for læring og utprøving.
Entreprenørskapssatsinga på fleire føter:
Bygging av lokal identitet, kunnskap om
eiga bygd og kultur for å prøve ut engasjement og initiativ er viktige ingridiensar
som sjølv dei minste kan involverast i.
lagsmedlemmer har ungane fått
opplevd garnsetting, stangfiske og
setting av krabbeteiner. Og ikkje
minst førebudd og ete fangsten, laga
til på grua. Det gjev rikt påfyll til
minneboka!
Lenger oppe i bygda, på barneskulen, er engasjementet ikkje noko
mindre. Skulen og SFO har i fleire
år hatt fokus på mat og mattradisjonar: Ja, bli ikkje overraska om sviing
av smalahove står på dagsplanen til
hausten! Slik kan også kulturtradisjonar i bygda førast vidare.
Ungdomsskuleelevane utfaldar
seg dei også. Elevbedrifter og internasjonalt samarbeid har vore i fleire
år. Men tru ikkje at det kjem av seg
sjølv! Godt samarbeid med lokale
verksemder og kreative lærarkrefter og skuleleiing ligg i botn. Og i
år prøver skulen seg på nye område:
Saman med Leikanger ungdomsråd
og Opplev Leikanger skal elevar i 8.
klasse lage videodagbøker om «livet
på Leikanger». Videodagbøkene er
tenkt lagt ut på opplevleikanger.no.
Kva er vel meir naturleg enn å bruke
kommunikasjonsglade ungdomar
til å presentere «sitt Leikanger»?
Praksisplassar, elevbedrifter, musikkverkstad, videoproduksjon, mu­­­­si­
kalar, teater, mekkeverkstad, grindahus
og grillstader, naturstiar, uteområde
… – idèrike og handlekraftige born og
unge med engasjement for bygda er vår
framtidsressurs nummer 1!
Trude Risnes
20
Flytta heim
Riding for alle
Dei to jentene på 11 år har timer hos Ingrid kvar veke, og dei salar sjølv på hestane og gjer klar for ridetur.
– Folk smilar og kosar seg når dei får
vera i lag med dyra, og riding passar for
både unge og gamle. Men er ein under 10
år, må ein ha med seg ein vaksenperson,
seier Ingrid Haugen.
Ho har busett seg på garden der faren
driv morellproduksjon, og ho tek sikte på
å overta bruket på Moene etter kvart.
– Om eg vil satsa på fruktproduksjon i
tillegg til hest, har eg ikkje teke stilling til
enno. Me har i alle fall byrja med å leggja
garden til rette for hestehald, og pappa og
eg har gjort ein stor innsats for å byggja
om sauefjøsen til ein funksjonell stall for
hestane, seier ho.
Ingrid Haugen på hesteryggen foran garden der ho har starta hestesenter.
Foto: Ole Kristian Åset, Sogn Avis
Lagt til rette
Faren har lagt ned mange timar med sveiseapparat og hammer nede i fjøskjellaren,
og Ingrid kan no tilby dei firbeinte vene
sine ein trygg og tørr plass å vera når vêret
er surt ute. På loven har dei innreia utstyrsrom, og dei har fjerna jord frå markane
og erstatta den med grus og sand, slik at
området ikkje skal bli eit gjørmehòl når
det er fuktig i vêret.
– Garden ligg på morenejord, så me har
funne all grusen her på plassen, seier Ingrid.
Frå garden har ho kort veg til fine treningsområde, både innover Henjadalen
og oppover Njøsadalen og fjellområda
der.
– Islandshestane er utruleg trygge og
stødige i ulendt terreng, og dei tek seg
fram over det meste, seier Ingrid.
Så langt er det åtte hestar på garden.
Nokre av dei er Ingrid sine eigne, nokre er
på lån og nokre er på stallplass på garden.
Ho reknar seg fram til at det er rundt 30
hestar på Leikanger, etter at ho etablerte
seg i bygda. Sjølv flytta ho frå Leikanger
15 år gamal, for å gå på jordbruksskule
i Lyngdal i Vest-Agder. Seinare vart ho
lærling ved ein islandsheststall på Indre
Hafslo, og ho tok fagbrev i hestefag som
den første i Indre Sogn. Ho har også jobba
med hest i Bergen og Suldal før ho flytta
heim att.
– Eg har ikkje sysla lenge med planar
om å flytta heim til Leikanger og overta
garden, men no vart det slik. Garden er
ganske liten, men akkurat passe stor til
å driva med hest. Eg ser ikkje for meg at
gardsdrifta skal vera livsgrunnlaget, men
eg tenkjer meg heller ein jobb i bygda, etter litt vidare studium, seier ho.
Islandshestar har heile tida vore hovudinteressa, og ho sit som ungdomsleiar i
den nasjonale Norsk Islandshestforening
og som nestleiar i det lokale islandshestlaget Jøkull.
– Det er islandshest eg synest er kjekkast. Dei er oppvaksne i flokk og har naturleg respekt for folk. I tillegg har dei
fleire gangartar enn andre hestar, seier
Ingrid.
Ole Kristian Åset
Internasjonal Shipping i Leikanger
Kven skulle tru at eit garasjebygg i søvnige Strandavegen er tilhaldsstaden for Maritime Management AS, som
tilbyr shippingtenester på den globale marknaden?
Felles jonsokfeiring på Nokkaneset
Ingen avtalar for Jonsokkvelden i år? På Leikanger har
dei planane klare: «I samarbeid inviterer vi til tradisjonsrik Jonsokfeiring på Nokkaneset», seier direktør
for Sognefjord Hotell, Jack Eggum, og Trude Risnes i
Opplev Leikanger.
Jonsokbrurepar, brurefølgje, hesteskyss, familieleikar,
god mat, is, brus og musikk. Og så eit stort jonsokbål,
sjølvsagt! Det er planane for jonsokfesten som Sognefjord Hotell og Opplev Leikanger no førebur. I somme
byggefelt og grender på Leikanger er der mindre jonsokarrangement, men ikkje noko fellesfeiring.
«Vi har fått innspel på at felles Jonskokfest for heile
bygda er sakna. Ikkje alle har sin eigen jonsokfest å gå
til. Vi håpar difor at arrangementet kan leve side om
side med dei feiringane som allereie er», seier Trude
Risnes. For Sognefjord Hotell er det eit fint høve til å
invitere bygdafolket til eit fantastisk uteområde. «Vi
satsar på godt vêr, men skulle vêrgudane snu ryggen
til oss, har vi store telt for slike utearrangement», seier
Jack Eggum. Hotellet vil stå for grilling og sal av mat
og drikke.
– Eg såg at eit hestesenter ville vera noko
nytt på Leikanger, seier Ingrid Haugen.
Både gutar og jenter har teke ridetimar
hos Ingrid dei siste månadene, og to av
dei faste elevane er Helene Risnes Wolff
og Kristine Linde Røyseth.
– Ingrid er verdas beste hesteinstruktør,
seier Kristine.
– Det er spanande å ri på hest, og Ingrid
er god til å forklara oss kva me skal gjera,
seier Helene.
No satsar initiativtakarane på ivrige bålbyggarar framover. «Vi kan få det mest storslåtte jonsokbålet langs
heile Sognefjorden!» seier dei og oppmodar alle om å
bidra til bålbygginga. Turt trevirke som pallar, greiner,
busker og liknande kan leverast på bosplassen dei tre
første torsdagane i juni. Kommunen vil plassera ein
eigen, merka tilhengar der folk kan leggje trevirke til
bålet. Fredag før Jonsok køyrer kommunen tilhengaren
ned på Nokkaneset, der bålet skal byggast. Utlegg av
brannslange hjelper dei også til med.
Følg med på annonsar og plakatar framover og
hjarteleg velkomne til jonsokfest! seier Jack og Trude i
arrangørgruppa.
L
«Nett so i gamle dagar!»
I år blir det tradisjonsrik jonsokfest på
Nokkaneset. Jonsokbrurepar, jonsokleikar,
god mat og drikke og eit flott bål!
Merk av 23. juni til Jonsokfest!
Foto: Petter Stenstadvold
Leikanger
Grunnleggjaren Kjell Jensen (53 år) er
fødd på Sotra, men flytta til Leikanger i
1984. Han er gift med Kari, og dei har tre
barn og tre barnebarn. Kjell si karriere til
sjøs starta då han som 16-åring fekk arbeid som dekksgut. I løpet av åra reiste
han over heile verda, og jobba m.a. for
Wilhelmsen, og ei rekkje andre reiarlag.
Etter kvart tok han maritim ingeniøreksamen og sjøkapteineksamen ved Bergen
Maritime Høgskole, og vart kaptein og
seinare også los.
Medan han framleis jobba som los for
Kystverket i Narvik, Fedje og Bergen, byrja
Kjell i 1996 å jobbe deltid som konsulent.
Målgruppa var skipsreiarlag, og han arbeidde m.a. med å framskaffe kvalitetsikringssystem etter ISM og ISO standard
for reiarlaga, Naudprosedyrar i samband
med oljeforureining, prosedyrar for sikring
av last, planar for terrorberedskap mm.
I 2006 vart Maritime Management
skipa, og selskapet fekk driftsansvaret for
Kjell Jensen handterer 12
skip over heile verda.
Foto: Lorraine Thompson
to skip i Noreg. I dag har firmaet driftsansvaret for heile 12 skip med om lag 125
tilsette om bord på skipa. Skipa opererer
på den globale marknaden. To av desse
skipa er eigd av selskap som er tilknytt
Maritime Management AS.
Maritime Management AS er sertifisert for drift av skip av Panama, Antigua
& Barbuda, St.Kitts & Nevis, Gibraltar,
Færøyane og Noreg. Skipa som vert styrt
frå Strandavegen er laste- og containerskip, og opererer i både Europa og i resten
av verda.
Maritime Management AS tilbyr et
komplett spekter av integrerte tjenester
innen drift av skip. Dette innbefatter drift
av skip i samsvar med ISM-koden, som
er eit internasjonalt regelverk som fastset
overordna reglar for sikker drift av skip.
Vidare utfører selskapet rekruttering av
mannskap, teknisk drift og kommersiell
drift av skip.
Internasjonal shipping har dei seinare
åra vore mykje påverka av den globale
finanskrisa. I tillegg til å bli påverka av
dei store trendane i verdsøkonomien er
det andre utfordringar knytt til å drive
Leikanger
ei internasjonal shippingverksemd frå
Leikanger. Mellom anna kan det vere utfordrande med tanke på logistikk, auka
reisekostnader, avgrensa posttenester og
tilgangen til kvalifisert nøkkelpersonell.
Trass i desse utfordringane har Maritime Management As utvida verksemda
i 2009 og 2010. Selskapet overtek, saman
med partnarar, i år eigarskapet for tre skip
og firmaet har sikra ei langvarig fraktavtale for desse skipa. To av dei nyinnkjøpte
skipa er nybygg på om lag 3.000 TDW.
På grunn av den auka aktiviteten på
Leikanger, vil Maritime Management AS
flytte inn i større kontorlokale på Hanahaug, og vil i tillegg tilsetje ein teknisk
leiar og ein rekneskapsassistent. Dette vil
dobla antal tilsette ved kontoret på Leikanger, som i dag består av Dagleg leiar
Kjell Jensen og Lorraine Thompson som
rekneskapsarbeidar.
Lorraine Thompson
21
Difi veks – med fokus på trivsel
Ei (d)rivande utvikling?
Eg les lokalavisa og får med meg ein del av det som skjer heime på Systrond og elles
i Sogn. I Leikanger har det heilt tydeleg vore ei vaksi utvikling dei siste åri,
rett nok ein del av det ved at styresmaktene og andre sentrale aktørar har lagt arbeidsplassar til bygdi, sopass at det har vorte
vanskeleg med husly til alle nyinnflytte, har eg forstått. Då
er det ei glede å sjå at framsynte folk tenkjer å ta gamle
aldersheimen i bruk til bustader; for somme kan det
bli til at dei om eit par år får sin fyrste eigne heim på
gamleheimen, ein bygning som kler bygdi og truleg
toler gjenbruk …
Det er det ikkje alle bygningar i bygdi som gjer;
somme skulle ha vore rivne og jamna med jordi. Det
desidert styggaste som har vore sett opp på Systrond
etter krigen, må vel vera kontorkassen der Jørondhusi
stod på Henjasanden; han skulle sjølvsagt ha vore riven i
staden for å verta vølt på, sjølv om han no kanskje kan seiast å ha vorte noko mindre skrikande stygg. I staden vart
Fallinhuset, eit klassisk femtitalshus, og det
Aarskoghuset som skulle ha fått
stått, det opphavlege, staselege, der Dugstadbui heldt
til i retteleg gamle dagar,
rive for ei tid sidan.
På den positive sida
ser eg det at Saften vart
teken vare på og bygd om
til eit fleirbrukshus som,
slik
eg les det, har vorte teke godt
imot og teke i bruk
av bygdefolket. Ikkje det at det er so veldig vakkert, det heller, men det er vorte
mindre stygt enn det var og går inn i ein plan for ei heldig sentrumsutvikling på
Hermansverk, det eg kan sjå. Brungarden og Sagagjerdet tek i det heile til å bli mykje meir skapleg og triveleg enn det har vore sidan Knutsenbui brann og Torphuset
vart rive. Dessutan ser planane for Slippen slett ikkje verst ut, heller.
Men det står enno att eit hus eller to dei
ikkje heilt veit kva dei vil med; Brunosten (Tinghus III) og Kvitosten
(Tinghus II), tome på mellom
femte og tiande året no. Eg veit
kva eg ville ha gjort, so sant
det ikkje er tvingande bruk for
dei til kontor i byråkratibygdi:
Riv Tinghus III, som ser ut som
eit vrengt, flislagt 70-talsbad,
kanskje også Tinghus II, om ikkje
kommunen treng det, og lat kyrkja og
kyrkjegarden koma til sin rett att frå sjøsida, den finaste sida å sjå Systrond frå. Kunne nok
ha nemnt nokre større, sjøvende bygningar til (ikkje
gamle barneheimen uti Husabø, lell), men får styra
riveiveren min litevetta.
Ikkje det at eg har noko med det, heller, og desse meiningane mine er sjølvsagt noko overflatiske,
men mi oppmoding til både styrande og næringsliv på
Systrond må bli å sjå meir samanheng, slik det er i ferd
med å skje i sentrum innaføre, og vera meir modige i val av
kva som kan kvittast og kva som skal takast vare på og utviklast
vidare. Sjølv Jerikos murar let seg riva, medan somme andre murar
ikkje skulle ha vore sette opp …
opplev
Ei frimodig ytring frå Alv Reidar Dale,
Systrending i utlegd
Opplev
Leikanger
Vi treng ditt engasjement!
Bli medlem!
www.opplevleikanger.no
Med 83 tilsette er Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) ein av dei største arbeidsplassane i
Leikanger. Berre det siste året har Difi fått meir enn 20 nye tilsette.
Leikanger husar to av Difi sine sju avdelingar. Avdelinga for Kommunikasjon (KOM)
har med sine 22 tilsette eit spesielt ansvar
for å gjere det enklare for innbyggjarane
å få innsyn i forvaltninga og få tilgang til
offentleg informasjon og tenester. Nettportalen Noreg.no er utvikla her, og
oppdatering av innhaldet finn stad i nettredaksjonen. Svartenesta gir hjelp og rettleiing på telefon, e-post, SMS og nettprat.
KOM arbeider og med klart språk i staten,
kvalitetsvurdering av offentlege nettstader,
offentleg elektronisk postjournal og Los –
felles emneord for offentlege tenester.
Avdelinga for IKT utvikling og forvaltning (UFI) er den største avdelinga i Difi
med 63 tilsette; seks av dei i Oslo. I tillegg
kjem 19 tilsette på deltid og i mellombelse
stillingar på brukarstøtte for påloggingsløysinga MinID, som er «flaggskipet»
blant dei brukarretta tenestene i Difi. Ei
stor gruppe tilsette jobbar med utvikling
av nye heilskaplege og standardiserte
Ein gjeng Difianarar kosar seg i hagen utanfor kantina.
Foto: Jørn E. Gåsvær
IKT-løysingar, både mot publikum og
internt i Difi og elles i forvaltninga. Alle
har fokus på brukarretting, effektivitet
og samhandling, og fleire jobbar utelukkande med sikkerheit. UFI har og ansvar
for IKT drift og support for heile Difi,
og jobbar og med universell utforming –
både for nettstader og fysisk tilpasning av
bygg. Administrasjonsavdelinga (ADM) i
Oslo har 4 tilsette på Leikanger som jobbar med organisasjon, kantine og reinhald.
Difi legg stor vekt på trivsel blant dei
tilsette, og som IA-bedrift (inkluderande
arbeidsliv) har Difi sett i verk fleire tiltak for å få ned sjukefråvær og førebyggje
sjukdom og skader. Blant anna er det innreia treningsrom i bygget, og dei tilsette
kan bruke to timar av arbeidstida kvar
veke til trening eller anna fysisk aktivitet.
Det aktive miljøet har gitt utteljing i fleire
deltakande lag på Kjeringi Open og siger i
byråkratcupen i volleyball.
Under slagordet «Grønt Difi» har ein
gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere
skadelege miljøutslepp. Døme på dette er
avfallssortering, energiøkonomisering og
miljøkrav til leverandørar. Møte med kollegaene i Oslo skjer ofte som videokonferanse for å spare den belastninga reiser
utgjer for miljøet. Difi på Leikanger vart
i desember sertifisert som miljøfyrtårnsbedrift.
Jørn E. Gåsvær
Populær blant nyutdanna
Mange av dei tilsette i Difi i Leikanger er innfødde sogningar. Fleire er rundt 30 år og kjem opphavleg frå Leikanger,
Sogndal og nabokommunane. Eit fellestrekk er at dei har vore «ute» og teke solid og relevant utdanning for å
kome «heimatt» til spennande jobb i Difi.
Ei av dei «heimvende» er Elianne Eggum
(27) som har jobba på brukarstøtte for MinID i Difi sia i februar. No er ho inne i eit
engasjement som rådgjevar i nettredaksjonen for Noreg.no, med særleg ansvar for
dei engelske sidene.
– Det passar meg bra, seier Elianne. Ho
har engelsk grunnfag frå Høgskulen i Sogn
og Fjordane, engelsk mellomfag frå University of York og bachelorgrad i Fagspråk
og oversetting frå dåværande Høgskulen i
Agder, inkludert eitt år ved Stirling University i Skottland. Ho skulle uansett heim
til Leikanger, og synest Difi har vore ein
flott plass å ta til i arbeidslivet på.
Anders Nedland Røneid (25) er ein annan Difi-tilsett frå Leikanger. Han har
vore førstekonsulent i Difi sidan oppstarten i 2008, då han kom så godt som rett frå
bachelorutdanninga i Media Management
ved Høgskulen i Gjøvik.
– Jobben min er svært spennande, med
varierte arbeidsoppgåver i eit lærerikt miljø, seier Anders. Han jobbar med å utvikle
kvaliteten på offentlege nettstader og slik
sikre innbyggjarane betre tenester på nett.
Anders har og vore med på å marknadsføre
Difi i Leikanger på rekrutteringsmesser.
Begge dei heimvende Leikanger-ungdommane skryter av det gode arbeidsmiljøet og
Elianne Eggum og Anders Nedland Røneid. Difi si evne til å ta vare på medarbeidarane.
Foto: Jørn E. Gåsvær
Jørn E. Gåsvær
Torsdagsklubben
Klubb er ei riktig jentegreie. Vi har venninneklubber – gjerne både ein og fleire …
Vi styrer på. Ryddar hus og lagar mat for å
kose oss i lag med venninner.
Tenk å komme til duk og dekka bord! Få
servert mat – til og med á la carte! Og
du velgjer fritt kva du vil drikke til. Eller
kanskje du berre har lyst på ein dessert
med ein kaffikopp til?
Your dream has come true …!
Tredje kvar torsdag i kvar månad er
det Torsdagsklubb for damer på Café
Herman! Dette er ein open klubb for alle
som vil. Ideen med klubben er at her
kan vi treffe venninner, men kanskje
like viktig – bli kjent med nye! Her
Leikanger
er det ingen begrensning – du treng ikkje
tenke på kor mange du har plass til i sofaen
heime. Dette er ein flott arena for å inkludere nye kvinnelige sambygdingar! Skikkeleg kvinne-bygge-nettverk-kveld! Og når
mange damer samlast, blir det garantert
mykje latter og prat! Klubben har ingen
aldersgrense – alle er velkomne!
Herman er på ingen måte stengt for menn
desse torsdagskveldane. Fritt fram å vere
fluge på veggen …
L
Vel møtt på neste Torsdagsklubb:
17. juni kl 20 og utover.
Håpar å sjå deg!
23
Leikanger
Leikanger
SOGNAQUIZ
1. Sogn Regionråd skal vere ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikle rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. Kva
heiter kommunane som er medlemer i Sogn Regionråd?
2. Kven er leiar i Sogn Regionråd?
3. Kven er ordførar i Årdal?
4. Kor høg er Galdhøpiggen?
5. Kvifor er 7. juni offentleg flaggdag?
6. Når vart riksveg 13 over Gaularfjellet opna?
7. Når vart fylkesadministrasjonen lokalisert til Leikanger?
8. Når vart Sogn Avis skipa?
9. Kor lang er Flåmsbana og kor mange tunnelar har den?
10. Når opna Flåmsbana?
11. Luster kommune er større enn eit av fylka i landet. Størrelse på
Luster kommune og kva for eit fylke er mindre?
12. Kor mange kyrkjer/kapell har Luster?
13. Når starta Høgskulen i Sogndal?
14. Kven var Joachim de Knagenhielm?
15. Norges høgste foss i fritt fall – namn og meter fritt fall?
16. Kven var Lars L. Ese d.y.?
17. St. Olafs kyrkje i Balestrand, også kalla «Engelsk-kyrkja» vart bygd
i 1897. Kven er kyrkja underlagt?
18. Kva vart Hauge kyrkje landskjend for i 1995?
19. Verdas hittil lengste vegtunnel er Lærdalstunnelen – kor lang og
kven opna den, når?
20. Fullt namn og høgde på ei statue på Framnes?
Quizmeister: Knut Henning Grepstad
Mykje leik & lite anger
Impressum
Denne avisa er utgitt av Leikanger Næringshage AS med støtte av Leikanger
kommune.
4
Ansvarleg redaktør: Einar Skram Husabø
[email protected]
Stor takk til alle skribentane:
12
Håvard Nesbø, Trude Risnes, Einar
Skram Husabø, Birthe J. Finstad, Birte
Fossheim, Elisabeth Veivåg Helseth, Roar
Werner Vangsnes, Astrid Bolstad, Idun
A. Husabø, Terje Eggum, Magne Strand.
Guttorm Flatabø, Torgeir Urdahl, Henning Rivedal, Colin Tattersall, Ole Kristian Åset, Lorraine Thompson, Alv Reidar
Dale, Jørn E. Gåsvær og Knut Henning
Grepstad
Pyntebileta er tekne av:
Lorraine Thompson & Simone Stibbe
Grafisk form: Simone Stibbe
www.simonestibbe.com
[email protected]
Leikanger Næringshage
20
Leikanger
kommune
Ei (d)rivande utvikling?
Eg les lokalavisa og får med meg ein del av det som skjer heime på Systrond og elles
i Sogn. I Leikanger har det heilt tydeleg vore ei vaksi utvikling dei siste åri,
rett nok ein del av det ved at styresmaktene og andre sentrale aktørar har lagt arbeidsplassar til bygdi, sopass at det har vorte
vanskeleg med husly til alle nyinnflytte, har eg forstått. Då
er det ei glede å sjå at framsynte folk tenkjer å ta gamle
aldersheimen i bruk til bustader; for somme kan det
bli til at dei om eit par år får sin fyrste eigne heim på
gamleheimen, ein bygning som kler bygdi og truleg
toler gjenbruk …
Det er det ikkje alle bygningar i bygdi som gjer;
somme skulle ha vore rivne og jamna med jordi. Det
desidert styggaste som har vore sett opp på Systrond
etter krigen, må vel vera kontorkassen der Jørondhusi
stod på Henjasanden; han skulle sjølvsagt ha vore riven i
staden for å verta vølt på, sjølv om han no kanskje kan seiast å ha vorte noko mindre skrikande stygg. I staden vart
Fallinhuset, eit klassisk femtitalshus, og det
Aarskoghuset som skulle ha fått
stått, det opphavlege, staselege, der Dugstadbui heldt
til i retteleg gamle dagar,
rive for ei tid sidan.
På den positive sida
ser eg det at Saften vart
teken vare på og bygd om
til eit fleirbrukshus som,
slik
eg les det, har vorte teke godt
imot og teke i bruk
av bygdefolket. Ikkje det at det er so veldig vakkert, det heller, men det er vorte
mindre stygt enn det var og går inn i ein plan for ei heldig sentrumsutvikling på
Hermansverk, det eg kan sjå. Brungarden og Sagagjerdet tek i det heile til å bli mykje meir skapleg og triveleg enn det har vore sidan Knutsenbui brann og Torphuset
vart rive. Dessutan ser planane for Slippen slett ikkje verst ut, heller.
Men det står enno att eit hus eller to dei
ikkje heilt veit kva dei vil med; Brunosten (Tinghus III) og Kvitosten
(Tinghus II), tome på mellom
femte og tiande året no. Eg veit
kva eg ville ha gjort, so sant
det ikkje er tvingande bruk for
dei til kontor i byråkratibygdi:
Riv Tinghus III, som ser ut som
eit vrengt, flislagt 70-talsbad,
kanskje også Tinghus II, om ikkje
kommunen treng det, og lat kyrkja og
kyrkjegarden koma til sin rett att frå sjøsida, den finaste sida å sjå Systrond frå. Kunne nok
ha nemnt nokre større, sjøvende bygningar til (ikkje
gamle barneheimen uti Husabø, lell), men får styra
riveiveren min litevetta.
Ikkje det at eg har noko med det, heller, og desse meiningane mine er sjølvsagt noko overflatiske,
men mi oppmoding til både styrande og næringsliv på
Systrond må bli å sjå meir samanheng, slik det er i ferd
med å skje i sentrum innaføre, og vera meir modige i val av
kva som kan kvittast og kva som skal takast vare på og utviklast
vidare. Sjølv Jerikos murar let seg riva, medan somme andre murar
ikkje skulle ha vore sette opp …
Ei frimodig ytring frå Alv Reidar Dale,
Systrending i utlegd
Hatlebakkane 2–4, Leikanger
Ferdig prosjektert/klart for bygging straks formalitetar og byggemelding er på plass.
Det skjer i Leikanger
13.juni 23.juni
kl. 18.00 August
12.august kl. 23.00 26. sept
kl. 11.00
Oktober
November
13. des kl. 07.00
L
Miniputturnering på Syril stadion
Jonsokfeiring på Nokkaneset – open familiefest
Sosial bygdafrukost utanfor Saften
Ungdomsmusikalen FAME kjem til Leikanger – utescene
Hausttakkefest i kyrkja – bok til 4-åringane
Fruktbare dager
Jubileumskonsert – Leikanger mannskor 85 år
Luciafrukost i kyrkja – bygdas damer og jenter i Luciaopptog
Stor idrettsglede på Syril stadion.
Foto: Roar Werner Vangsnes
Svar: 1. Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Aurland; 2. Ordførar Torodd Urnes, Luster kommune; 3. Arild Ingar Lægreid (AP); 4. 2468,8 moh.; 5. Unionsoppløysinga i 1905; 6. Blei opna for trafikk i 1938; 7. 1864; 8. I 1992 då dei to avisene Sogningen/Sogns Avis (S/SA) og Sogn og Fjordane vart slegne saman; 9. Flåmsbana er 20
kilometer med 20 tunnelar; 10. I 1940; 11. 2702 km² – større enn Vestfold; 12. 12 (Fortun, Dale, Nes, 2 i Gaupne, Jostedal, Jordanger, Feet, Hafslo, Veitestrand kapell, Solvoren,
Urnes); 13. I 1963 som lærarskuleklasse med 30 elevar ved Sogndal Gymnas; 14. Jurist og første amtmann i Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke)Frå Kaupanger;
15. Vettisfossen i Årdal, 275 meter loddrett fall, samla fall 370 meter; 16. Bonde og skyttar frå Balestrand. Skyttarkonge fire gonger, ein prestasjon som ingen sidan har makta
å kopiere; 17. Kyrkja er underlagt biskopen av Gibraltar. Han bur i London, men har ansvar for alle utanlandske anglikanske kyrkjer; 18. Hauge kyrkje vart landskjend i 1995
då kyrkjetenar Hans Hagheim nekta å ringje fordi han vart høyrsleskadd av klokkeklangen. Etter at Arbeidstilsynet hadde målt klokkeklangen til 140 decibel, fekk Hagheim
forlenga ringjetaua slik at han slapp å stå så nær klokkene når det «small»!; 19. 24 510 meter – vart opna i november 2000 av HM Kong Harald, 20. Fridtjof den frøkne, 22,5
meter høg på sokkelen. Framnes er det gamle namnet på Vangsnes.
Leikanger
Slik kan gamle sjukeheimen verte sjåande ut etter ombygging, sett frå fjorden. Den skal innehalda 1–4 roms leilegheiter, samt stort fellesareal i plan 3.
Taket har einsidig fall med terrenget, dvs. minimalt redusert sikt for bakanforliggande naboar. I tillegg vert det dekka med Sedum (botndekkande plantar).
Leilegheitene vil ligge nydeleg til med fantastisk utsikt til fjord og fjell.
Del av fellesareal i plan 3 vert sett av til massasjebad, badstove og
velvære. I tillegg vert her aktivitetsareal og sosiale rom, samt plass til steinovn for baking og grilling. Her vert også ein stor felles takterrasse der
utsynet over vakre Sognefjorden kan nytast frå aust til vest!
Illustrasjonane er utarbeidde av:
Kvar leilegheit vil ha:
Direkte tilgang til veg i plan med eigen garasje/oppstillingsplass og utv. boder.
Stor utv. terasse/balkong som er tenkt delvis innglassa som vinterhage (skyvedørar).
Utvendig areal vert opparbeidd med:
parkeringspl. og boder i aust med eigen tilkomsveg til kvart plan.
felles leik- og opphaldsareal i vest samt i koselege nisjer langs fasadar.
Leilegheiter for sal/utleige i plan 0 og for sal i plan 1 og 2 (1 ½-etg.)
Storleik vert tilpassa frå dei minste 1-roms til dei største 4-roms.
Kvar leil. vil ha høg standard, men kan tilpassast spesielle ønskje.
Heile bygget vert oppvarma av varmepumpe/vannboren varme + evt. solcellepanel og
vil tilfredstille alle nye energikrav.
Ei framtidsretta investering med miljø i fokus.
Din totalentreprenør for alle typer bygg, inkl. rehabilitering
Ing. Arvid Thuland AS
6980 Askvoll
Tlf: 577 30 650, Mobil: 481 51781
Epost: [email protected]
Forhandlar av: BYGGMANN
... hjem til dine drømmer