Hyttehelg med dans, 24.-25. mars 2012 BUL-hytta

Transcription

Hyttehelg med dans, 24.-25. mars 2012 BUL-hytta
Hyttehelg med dans, 24.-25. mars 2012
BUL-hytta Sollia, Skaret
Denne helga skal vi danse. Instruktørane i BUL og SMUL har studert danseprogrammet til
Nordlek, det nordiske stemnet som denne gongen skal vere i Steinkjer, og vil formidle noko
av det. Det kan bli sekstur frå Danmark, menuett frå Finland (ein annan enn den vi trur vi
kan), dansur frå Færøyane, skottis frå Island, innheradspols frå Noreg, polkka frå Suomi og
engelska frå Sverige – eller noko anna. Vi får sjå.
Skal ikkje til Nordlek, seier du? Det gjer ikkje noko, for dansane er fine likevel, og dette er
den beste sjansen til å lære dei.
Innimellom danseøktene blir det lunsj, middag, frukost og lunsj, og pausar med kaffi, te og
frukt.
Laurdagsmoro lagar vi sjølve. Når vi ikkje orkar å danse meir, kan vi sjå på dansevideoar. Elles
har denne hytta tradisjon med ludoturneringar, berre for å ha nemnt det. Arrangementet er
alkoholfritt, liksom alt i BUL. Alle er velkomne til å overnatte.
Start:
Slutt:
Pris:
Med lunsj laurdag 24. mars kl. 14.00.
Søndag 25. mars kl. 15.00.
Kr. 300 inkl. alle måltid og overnatting (ta med sovepose)
(same pris også utan overnatting eller for delar av helga)
Påmelding: Innan 14. mars til bentem krøllalfa online.no eller tel. 901 49 819.
Dugnad:
Setje fram mat, rydde og vaske.
Meld frå ved påmeldinga om du vil overnatte, og om du vil komme og reise til andre tider.
Arrangør: BUL Molde, http://bulmolde.no
Køyr fylkesveg
64 mot Skaret. Parker
nedafor vegen, midt
mellom hoppbakken og
Skarstua. Finn
skiltet til BULhytta og følg
stien.
BUL-hytta ligg
like ved skieldoradoet
Skaret. Du
rekk fint ein
skitur laurdag
før dansen
eller søndag
ettermiddag.
P
norgeskart.no