Hardanger Folkeblad 9. januar 2013

Transcription

Hardanger Folkeblad 9. januar 2013
Møtet som rørte tv-Norge
ONSDAG
I TV-programmet «Tore på Sporet» ble seerne
vitne til det rørende møtet mellom Tanya Williamson og hennes ukjente norske far Harald
Hognerud. Her ser vi far og datter sammen. –
Jeg er glad for at jeg tok kontakt, sier Harald
Hognerud til Hardanger Folkeblad. ■ SIDE 11
Nr. 4 – 9. januar 2013
Uke 2 – Årgang 64
Løssalg kr. 20,–
hardanger-folkeblad.no
Røldal fjellstyre har fått brev
frå personar i bygda som
ynskjer å stengja Hellevassbu
for å sjå om det får meir villrein attende i området. I eit
lesarinnlegg tek Harald Kvaalen til orde for å flytta turistløypa frå Haukeli og til Middalsbu, slik at fleire tek den
vegen.
■ SIDE 9OG 12
Har hissa på
seg ivrige
namnefolk
Bygdeboknemnda i Ullensvang sitt val av talemålsnær
normering av skrivemåten på
stadnamn er omdiskutert.
Reidsete, Huse og Sandvikjè er
mellom dei som vert krevd
endra. Skrivar Erlend Trones
seier nemnda av andre er
oppfordra til talemålsnær tilnærming.
■ SIDE 8
Med eit blinkskot frå fjorårets
Expedition Amundsen fekk
Kai-Otto Melau publikumsprisen i kategorien «folk» i National Geographic sin årvisse
fotokonkurranse. Fordelt på
tre kategoriar hadde fotografar frå 150 land sendt inn 22
000 bilete til konkurransen.
■ SIDE 20
starter nå!
Se annonsene i dagens avis!
– De som vil ta inn
på hytta på Reinaskor, må raska på.
Etter påske blir den
stengt, sier Willy
Solberg og Finn T.
Ruud i Odda/
Ullensvang turlag
(bildet)
Dermed får reinen fred slik
Odda-politikerne og fylket
ønsker. Inntil andre eventuelt setter i gang prosjekt i
området. Prognosene lover
stadig økende turiststrøm
til Trolltunga-området.
■ SIDE 7
GARDINKUPP!
Utvalgte flotte
gardinhøyder
Ved kjøp av gardiner
÷20%
avslag på alle
÷30-50%
÷50%
på søm av
gardinstenger
All
gardinmetervare
÷20%
gardinhøyder
(gjelder ut januar)
(gjelder ut uken)
Stort
januarsalg!
OPPTIL
KUPP BADEROMSPLATER
pr. plate fra
398;
620x2390x10 mm
Veil. 598,-
Besøk
oss på
Odda – tlf. 53 64 22 56
Vann fotokonkurranse
Januarsalget
Stenger Reinaskor etter påske
SALG!
Vil stengja
Hellevassbu
Det store
70%
RABATT!
Espeland
Dame as
Følg oss på
SALG
÷30 ens klær!
-70%
på alle høst
Vesker & Klær
5750 ODDA – GÅGATA – TLF: 53 64 40 28 – TIPPING & LOTTO
Besøk
oss på
8
Onsdag 9. januar 2013
HARDANGER FOLKEBLAD
– Eit vanskeleg namn å konkludera for
Nemnda har ikkje konkludert
– Reiseter finn ein hjå Kolltveit, Aam K. Bu og på vegskiltet til garden, Reisæter i slektsnamnet og Reidsete står som tilrådd form på kartet over
garden. Det har soleis vore eit vanskeleg namn å konkludera for, men det
var avgjerande for oss då me gjorde valet at både Botolv Helleland, namnegranskar frå Ullensvang ved Universitetet i Oslo, og namnekonsulentane ved Universitetet tilrådde forma Reidsete, opplyser Erlend Trones.
Forfattar av bygdebøkene, Marta Gjernes, er glad for engasjementet.
Ho kan opplysa at den talemålsnære tilnærminga til skrivemåten av
stadnamn i bøkene er vedteke av bygdeboknemnda, og at dei er einige i
nemnda, men at dei tilbakemeldingane som er komne inn vil bli tatt
med i den vidare diskusjonen. – Me har ikkje konkludert, og vil diskutera
tilbakemeldingane i eit møte i byrjinga av februar, seier ho.
Usemje om skrivemåten
på stadnamn i Ullensvang
Bør det stå Reisæter,
Reiseter eller kanskje
Reidsete i dei nye
bygdebøkene for
Ullensvang? Bør det
stå Hus eller Huse,
Sandvik eller Sandvikjè?
■ Bygdeboknemnda møter motbør
ELI LUND
[email protected]
– Eg fekk eit brev frå Bygdeboknemnda i Ullensvang for ei tid
sidan. Dei kunne opplysa meg om
at eg var fødd på garden Reidsete.
Eg rekna først med at det var ein
skrivefeil, fortel Kristi Reisæter
Hagen.
Ho undersøkte nærare og fann
ut at «Reidsete» var blitt del av
Statens kartverk sine opplysingar
om garden Reisæter.
– Reisæter er skrive på så
mange måtar, opplyste han i Statens kartverk som har med stadnamn i Hordaland å gjera, seier
Reisæter Hagen.
Ifølgje skrivar i bygdeboknemnda, Erlend Trones kan det
offentlege velja mellom tre ulike
skrivemåtar. «Reisæter», «Reiseter» og «Reidsete» som alle tre er
registrert av Statens kartverk.
Kristi Hagen Reisæter har
kontakta Jordskifte-kontoret i
Hordaland, og fekk der opplyst at
det står skrivemåten Reisæter i
jordskifte-matrikkelen for gard
nr. 53 i Ullensvang.
Ulovleg å endra namn
Ho har òg snakka med Hordaland fylkeskommune. Der fekk
ho opplyst at det er ulovleg å forandra på skrivemåten på gardsog stadnamn.
– Eg kan ikkje seie eg er imponert over den eller dei som har
tukla med eit gamalt gardsnamn.
Frå Statens kartverket fekk eg
REISÆTER, REISETER ELLER REIDSETE? Bygdeboknemnda slår eit slag for den tradisjonelle uttalen og har sendt ut utkast til innbyggjarane der dei nyttar Reidsete.
Reaksjonane let ikkje venta på seg.
Arkivfoto frå 2009: Eli Lund
opplyst at skulle Reisæter verta
skrivemåten så laut oppsitjarane
på garden senda søknad om
namneendring. Kor høyrer det
heime, spør Kristi Reisæter
Hagen.
– Det er ikkje oppsitjarane som
har rota det til. Det må vera dei
som har endra skrivemåten som
må retta det opp att, legg ho til.
Ved Nå Auto står det eit skilt
som viser til Reiseter.
– Unødig forvirring
– Det vert unødig forvirring når
namn ikkje er rett skrivne, meiner Kristi Reisæter Hagen og er
ikkje åleine om å meina det. Også
i Kinsarvik har bygdeboknemnda
møtt motbør.
– Me har forståing for at det
kjem reaksjonar når me vel å
skriva nokre gardsnamn på ein
annan måte enn den tilvande, og
ynskjer å skapa forståing for årsakene til at me har valt å gjera det i
bygdebøkene, skriv Erlend Trones i eit svarbrev til dei frå Kinsnarvik som protesterer.
– Viss det er gode grunnar for å
endra skrivemåte eller tillata fleire skrivemåtar enn før, finst det
faste prosedyrar for korleis ein då
skal gå fram for å få ein ny skrivemåte inn i registeret til Statens
kartverk. Reiseter vart lagt inn
der i 1971, Reidsete i 1988 og Reisæter i 1995, so det offentlege må
altso velja mellom desse tre, opplyser Trones.
meir normgjevande for uttalen av
gardsnamna, medan den munnlege tradisjonen står stadig svakare i eit samfunn med større
geografisk mobilitet og svakare
tilknyting til det tradisjonelle
jordbrukssamfunnet. Det fører
ofte til at tradisjonell, nedarva
uttale står i fare for å verta marginalisert og gløymd. I eit historieverk som det me no held på med,
og som vil verta tilgjengeleg for
heile befolkninga i Ullensvang, er
ei av oppgåvene å ta vare på minnet om og auka kunnskapen om
lokale tilhøve. Stadnamn kjem
inn som ein naturleg del av dette,
og me har sett trongen for å
handsama stadnamna på ein
meir gjennomtenkt måte enn det
som ofte har vore gjort tidlegare.
Ikkje nådige til Huse og Sandvikjè
Frå Kinsarvik vert bygdeboknemnda møtt av protestar frå
ei rekkje innbyggjarar.
ikkje kan gjera vedtak om skrivemåten av gardsnamn.
Dei krev at skrivemåten for dei to
gardsnamna Hus og Sandvik
ikkje vert «Huse» og «Sandvikjè»
i dei nye bygdebøkene.
Grendekontaktar for bygdebokarbeidet, Olav B. Hus og Torleif Sandvik har fått reaksjonar
og stiller seg sjølve bak kravet.
Dei spør seg kva heimel redaktøren og bygdeboknemnda har
for å skriva namna slik dei gjer.
Og meiner bygdeboknemnda
Skrivar Erlend Trones har forfatta eit svar til dei. I svaret peikar
han på ei misforståing.
«Nemnda har ikkje høve til å
gjera vedtak om kva skrivemåte
det offentlege skal nytta for stadnamn, det er Statens kartverk
som har mynde til å gjera det. På
den andre sida har nemnda i
samråd med redaktøren og forfattaren av bygdebøkene høve til
å avgjera korleis lokale stadnamn
Misforståing
skal skrivast i sjølve bygdebøkene». ...«Dette fordi bygdebøker
o.l. ikkje er offentleg bruk og difor
ikkje underlagt pålegget om å
nytta vedtekne skrivemåtar, slik
det offentlege er».
Trones forklarer: –Det er altso
ein nyanse her, bøkene vert gjevne ut av det offentlege, men innhaldet er ikkje underlagt reglane
som lov om stadnamn gjev for
offentleg bruk.
–Uttale står i fare
«Dei skriftlege formene av stadnamn er i ferd med å verta stadig
– Felles kulturarv
Slektsnamnet er ei privatsak,
medan| stadnamnet er vår felles
kulturarv. Me i bygdeboknemnda
har eit ynske om å fylgja dei vanlege norske prinsippa for talemålsnær normering, for slik å slå
eit slag for den tradisjonelle uttalen, og håpar at de kan ha forståing for det», skriv Erlend Trones.