Fjerne nasepolyppar (polyppevulsjon) i narkose

Transcription

Fjerne nasepolyppar (polyppevulsjon) i narkose
Heimreise
Du kan reise heim etter 2-3 timar, men må ha tilsyn av ein annan vaksen det første
døgnet etter operasjonen. Du kan ikkje køyre bil same dag.
Kontrolltime:
Det vert avtalt time til kontroll ved ØNH-poliklinikk. Tampongane i nasen vert fjerna
når du kjem til kontroll etter 2-4 dagar.
Naseskylling:
Etter at du har fått fjerna tampongane skal du skylle nasen med saltvatn minst 4
gongar dagleg i 4 veker. Det er for å hindre skorpedanning i nasen.
Smerter:
Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med paracetamol
smertestillande, følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket.
Mat og drikke:
Du skal ha avkjølt mat og drikke operasjonsdagen, deretter kan du ete som
vanleg, om operatøren ikkje gir deg annan beskjed operasjonsdagen.
Velkomen til Dagkirurgisk seksjon
ØNH Ålesund sjukehus
Pasientinformasjon
Til deg som skal fjerne nasepolyppar i
narkose
Aktivitet:
Du vert sjukemeldt til du har fått fjerna tampongane i nasen, operatøren vurderer
om du har behov for lengre sjukemelding. Du skal ikkje delta på trening eller tung
fysisk aktivitet så lenge du har tampongar i nasen.
Komplikasjonar:
Etter fjerning av nasepolyppar vil det ofte sive blod/ slim frå nasen, og etterkvart
kan det danne seg skorper i nasen. Dersom du har feber over 38,5 gradar i meir
enn eit døgn, kan det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast. Du bør også
ta kontakt om du får aukande/ kraftig hodepine, kraftig bløding eller renning av klar
væske frå nasen.
Telefon:
Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700)
ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500)
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Før operasjonen
Du har fått time til dagkirurgi for å fjerne nasepolyppar i narkose.
Du må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller vere forkjøla. Ta kontakt om du er i
tvil. Dersom du er forhindra frå å møte til tildelt time må du gi beskjed snarast
råd.
Faste
Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil
sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld mjølk.
Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før oppmøtetid.
Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan bli litt venting.
Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For dei som røyker eller bruker
snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24.
Hygiene
For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen
eller operasjonsdagen. Menn med skjeggvekst må fjerne bart og skjegg.
Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast.
Medisinar
Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du
kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette ikkje
er avklara på førehand.
Dersom du har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som
vanleg operasjonsdagen. Du skal også ta med inhalasjonsmedisinane til
sjukehuset, sjølv om du brukar astmamedisin berre ved behov.
Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen med litt vatn, bortsett
frå diabetes-medisin og insulin. Det er viktig å ta med alle medisinar til
sjukehuset.
www.helse-mr.no
Operasjonsdagen
Operasjonsdagen melder du deg i luke 3 ved dagkirurgisk seksjon. Deretter blir
du møtt av ein sjukepleiar som tek seg av deg inne i avdelinga. Du får pyjamas
og seng.
Operasjon
Operasjonen vert gjort i narkose, og operasjonstida er vanlegvis 1 time. Det vert
oftast lagt inn tampongar i nasen under operasjonen. Når du vaknar vil du vere
tett i nasen, og må puste gjennom munnen.
Observasjon
Etter operasjonen ligg du på overvakinga til du får reise heim. Dagkirurgiske
pasientar kan reise heim etter 2-3 timar, men må ha tilsyn av ein annan vaksen
det første døgnet etter operasjonen.
Drikke
Under og etter operasjonen får du væsketilførsel i armen. Du får drikke vatn så
snart du er i form til det etter operasjonen, og kan ete kald eller avkjølt mat etter
nokre timar.
Smertestillande
På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om du har behov for det,
seinare får du smertestillande tablettar.
Bløding
For å minske risikoen for bløding skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha
lett heva hovudende i senga.
www.helse-mr.no