Korrigere naseskilleveggen, septumplastikk

Transcription

Korrigere naseskilleveggen, septumplastikk
Heimreise
Dei som er operert dagkirurgisk kan reise heim etter 3 timar, men du må ha tilsyn
av ein annan vaksen det første døgnet etter operasjonen. Innlagde reiser heim
neste dag. Du kan ikkje køyre bil same dag.
Dagen etter operasjonen skal du attende til ØNH-pol for å få fjerne tampongane i
nasen. Støtteplatene inne i nasen skal ligge i 5-10 dagar.
Naseskylling: Etter du har fått fjerna tampongane i nasen skal du skylle nasen
med saltvatn minst 4 gangar dagleg i to veker. Det er for å hindre skorpedanning
og lukt frå plastplatene i nasen. Du skal ikkje snyte deg dei første dagane etter at
tampongane er fjerna.
Smerter: Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Du får
med deg smertestillande frå avdelinga som du kan ta dei første dagane etter
operasjonen. Etter dette held det oftast med paracetamol smertestillande, følg
dosering anbefalt på pakken frå apoteket.
Velkomen til Dagkirurgisk seksjon
ØNH Ålesund sjukehus
Pasientinformasjon
Til deg som skal til septumplastikk
Mat og drikke: Du skal ha avkjølt mat og drikke eit par dagar etter utskriving,
deretter kan du ete som vanleg.
Aktivitet: Etter operasjonen kan du verte sjukmeldt i 7-14 dagar. Du skal ikkje
delta på trening eller tung fysisk aktivitet dei 2 fyrste vekene etter operasjonen.
Komplikasjonar: Dersom du har feber over 38,5 gradar i meir enn 3 timar, kan
det vere teikn på infeksjon og lege må kontaktast.
Kontrolltime: 5-10 dagar etter operasjonen skal du til kontroll på ØNH-poliklinikk,
då vert plastplatene i nasen fjerna. Det endelege resultatet foreligg først etter fleire
månader når all hevelse og arrendring er borte.
Telefon:
Dagkirurgisk seksjon: 70 10 52 37 (man-fre 0800-1700)
ØNH-ekspedisjon: 70 10 58 32 (man-fre 0800-1000 og 1300-1500)
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Før operasjonen
Operasjonsdagen
Du har fått time til septumplastikk for å korrigere skilleveggen i nasen i
narkose. Inngrepet vert oftast gjort dagkirurgisk, men nokon vert innlagd til
neste dag av medisinsk grunn. Du må vere frisk, ikkje ha oppkast, feber eller
vere forkjøla. Ta kontakt om du er i tvil. Dersom du er forhindra frå å møte til
tildelt time må du gi beskjed snarast råd.
Operasjonsdagen melder du deg i luke 3 ved dagkirurgisk seksjon. Deretter
blir du møtt av ein sjukepleiar som tek seg av deg inne i avdelinga. Du får
pyjamas og seng.
Faste
Den som skal til operasjon skal faste frå kl 24 kvelden før operasjonen. Det vil
sei; ikkje ete mat eller drikke juice, mjølk, eller andre drikker som inneheld
mjølk. Klare væsker som vatn og saft kan drikkast fram til 2 timer før
oppmøtetid. Det er viktig og ikkje vere tom for energi ved oppmøte da det kan
bli litt venting.Det er ikkje lov å ete drops eller tyggegummi. For dei som røyker
eller bruker snus er dette heller ikkje tillate etter kl.24.
Hygiene
For å hindre infeksjonar må alle dusje og vaske håret kvelden før operasjonen
eller operasjonsdagen. Menn med skjeggvekst må fjerne bart og skjegg.
Smykke, ringar, piercing og neglelakk må fjernast.
Operasjon
Operasjonen vert gjort i narkose, og operasjonstida er vanlegvis 1-2 timar.
Det vert lagt inn tampongar og støtteplater av plast i nasen under
operasjonen. Når du vaknar vil du vere tett i nasen, og må puste gjennom
munnen.
Observasjon
Etter operasjonen ligg du på overvakinga til du får reise heim. Dagkirurgiske
pasientar kan reise heim etter 3 timar, men må ha tilsyn av ein annan vaksen
det første døgnet etter operasjonen.
Drikke
Under og etter operasjonen får du væsketilførsel i armen. Du får drikke vatn
så snart du er i form til det etter operasjonen, og kan ete kald eller avkjølt mat
etter nokre timar.
Medisinar
Dersom du bruker blodtynnande medisin som Marevan og Albyl-E, må du
kontakte ØNH seinast 10 dagar før operasjonen (Tlf 70 10 58 32), om dette
ikkje er avklara på førehand.
Smertestillande
På oppvakinga vert smertestillande gitt intravenøst om du har behov for det,
seinare får du smertestillande tablettar.
Dersom du har astma og bruker inhalasjonsmedisin skal denne takast som
vanleg operasjonsdagen. Du skal også ta med inhalasjonsmedisinane til
sjukehuset, sjølv om du brukar astmamedisin berre ved behov.
Bløding
For å minske risikoen for bløding skal ein halde seg i ro etter inngrepet, og ha
lett heva hovudende i senga.
Operasjonsdagen skal du ta faste medisinar om morgonen med litt vatn,
bortsett frå diabetes-medisin og insulin. Det er viktig å ta med alle medisinar
til sjukehuset. Skal du overnatte på pasienthotellet MÅ du også ta med
dei smertestillande medisinane som du har fått resept på.
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no