Byggjeskikken og landskapet

Transcription

Byggjeskikken og landskapet
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
NILS GEORG BREKKE
Byggjeskikken
og landskapet
«Det er svært, hvilke kostbare vaaningshuse der sættes op mange
steder paa landsbygdene nu. Formentlig tænkes der,
at man skal gjøre «god forretning» med byfolk i sommertiden.
Det er nu forresten en noksaa usikker indtægt, og det er et stort
spørgsmaal, om det i det hele taget blir den bedste indtægtskilde.
Byfolk øver stundom en mindre god indflydelse paa landsbefolkningen,
særlig da paa den opvoksende slægt, som bliver mere og mere nydelsessyg.
Bønderne vil være «store» de ogsaa nu; der er jo som bekjent oprettet
et eget landbrugsdepartement, som de venter sig meget af.
Men bønderne maa nok først lære, at landbrugets fremgang først og
fremst afhænger af den enkeltes arbeidsomhed og energi; ti uden det
vil det nok nytte lidet, om der blir et departement i hver bygd.»
et er dei nye husa i «moderne
stil», i sveitserstil han står og filosoferer over, reisefelagen vår, på
veg inn til Strandvik med dampskipet
«SOLSTRAND» ein laurdags ettermiddag i
1900. Refleksjonane hans over utviklinga
på bygdene stod å lesa i ei av lokalavisene
og gjev oss eit lite glimt av ei samtidsvurdering.
Det vart bygt mange nye hus på slutten
av 1800-talet. Nybygginga på gardane
D
etter utskiftingane, dei nye dampskipsstoppestadene, landhandlane, hotella og
pensjonata – alt dette gjorde at sveitserstilen fekk stor utbreiing. Dei store, velbygde gardshusa kring hundreårsskiftet er
ein byggjeskikk som viser att i det vestnorske kulturlandskapet. Sveitserstilen, som
kom samstundes med gjennombrotet for
industrialismen, innvarsla «hamskiftet» og
den nye tid utover på bygdene.
Dei velbygde lemstovene på Skjørsand i Fusa kring hundreårsskiftet, i kultivert sveitserstil,
høyrer til den klassiske byggjeskikken på Vestlandet etter dei store utskiftingane.
«DET STORE TUNBROTET»
Knapt nokon endringsprosess i det gamle
bondesamfunnet på Vestlandet har sett
sterkare spor i kulturlandskapet enn oppløysinga av dei store fellestuna, ein prosess
som for alvor kom igang med utskiftingslovene av 1821 og 1857. Før den tid låg
tuna samla som små landsbyar i landskapet,
med solsvidd tømmer eller grå, versliten
kledning under torvtekte og hellelagde tak.
Heilt sidan tidleg mellomalder og fram
til 1800-talet var dette landskapsbiletet i
store trekk det same. Husa var dei same,
men det vart fleire og fleire av dei ettersom gardane vart oppdelte i nye bruk og
jorda vart oppdelt i mindre og mindre
teigar. På Vestlandet var eigedomsforma
slik at bygningane til alle brukarane vart
liggjande i same tun, dei sparte på den
dyrka jorda og alle fekk lik fordeling av
teigar med god og mager jord. Det er
dette som skaper teigblandinga; dette lappeteppet av små og store teigar for den einskilde brukar, fordelt over heile innmarka.
Garddelingsprosessen startar alt i vikingtida, skyt fart under folkeauken på 1600- og
1700-talet og kulminerer tidleg på 1800talet, då utvandringa til Amerika tok til.
Det er det innfløkte jordfellesskapet i
teigblandinga som utløyser dei store jordreformene tidleg på 1800-talet; dei skulle
skapa grunnlag for eit meir rasjonelt jordbruk. Denne utviklinga kjem parallellt
med andre drivkrefter som skaper endringar.
Kring midten av 1800-talet var det oppgangstider, med utvikling av eit breiare
næringsgrunnlag på bygdene. Handverksspesialisering og byrjande halvindustri gav
meir pengar mellom hendene, sildefiske
og jektefart skapte jobbetider i kystbygdene og mange leiglendingar kjøpte ut
gardane sine frå dei tidlegare storgodsa
under Lysekloster og Rosendal baroni.
Nettopp i desse åra midt på 1800-talet,
då endringane i samfunnet sette inn for
fullt, reiste ein stillfarande granskar kringom i norske bygder og vart fengsla av det
store mangfaldet i byggjeskikken.
Det gamle fellestunet på Dale (R333).
115
BYGGESKIKKEN
OG LANDSKAPET
EILERT SUNDT
OG BYGGJESKIKKEN
Då teologen, sosiologen og folkelivsgranskaren EILERT SUNDT på sine mange
ferder reiste omkring i Noreg for «at
studere sig ind i almuens kaar og sæder», som
han sjølv uttrykkjer det, fall det av seg
sjølv å gje nøye akt på bygningane og
gardane han drog framom. Dette var for
han ei viktig side ved folkelivet i bygdene:
Og – som han skreiv i si populære bok
«Om bygningsskikken på landet i Norge» –
det gjekk opp for han
«at i vore mere gammeldags bygder er der
noget, som man kan kalde bygnings-skik. Efter
som jeg gik ud og ind paa flere og flere gaarde,
var det mig, som om uregelmæssigheden veg
noget tilside for blikket saa jeg fikk skimte lidt
af en oprindelig regel og enhed i grunden. Og
det forekom mig, at hin uregelmeæssighedens
eiendommelige skjønhed heller blev skjønnere,
jo bedre jeg blev øvet i at øine den regel og orden
som ligger halv skjult derunder… Og det
kunde vistnok være et øiebliks moro at betragte
blandingens forvirring; men er man først kommen ind paa den tanke, at disse bygde-skikkenes uligheder kanske kunde forfølges helt op
til en lands-skikkens enhed, som de ere udsprungne af, saa kan betragtningen skjænke
underholdning og nydelse i timevis».
Og så rullar Eilert Sundt opp for oss eit
fengslande nærbilete av ei historisk utvik-
116
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
ling som han på ein meisterleg måte
fangar inn i typar og grupper, i ei sjarmerande framstillingsform, der han forsiktig
og vennleg fører lesaren med seg frå det
eine utsiktspunkt til det neste, i dette
brokete materialet:
«Men der skal vistnok god lykke til at faa
fremstillet de mange forviklinger med klarhed
og til at vinde læserens taalmodige opmærksomhed for de mange smaating, som, i sig selv
saa yderst ubetydelige, dog tilsidst danne det
interessant hele.»
Eilert Sundt er framleis ein av dei beste
reiseførarar vi kan ha i dette historiske
landskapet. Som bygningsforskar med ein
sosiologisk innfallsvinkel, var han langt
framfor si samtid i Europa. Hans typegalleri over den «akershusiske», «mandalske»
og «jæderske stueform» har blitt ei slags
plattform for vår kunnskap om den folkelege byggjeskikken, og hans oppfatningar
har fått stor autoritet – så stor at dei på
einskilde punkt er blitt ei tvangstrøye for
forskarane, heilt opp til vår tid.
«STUE OG BOD»
Eit forhold som Eilert Sundt stadig var
oppteken av, og som vi kan sjå at han
arbeidar med og grunnar på gjennom
heile boka om byggjeskikken, er sammanstillinga av «stue» og «bod», røykstove eller
eldhus og bu eller loft; dei to hovud-
Adolph Tidemands røykstoveinteriør frå Kvam er detaljrike og dokumentariske skildringar av
den gamle bustadforma frå mellomalderen. Vikøy 1867.
funksjonane i innhusa på gardane i dei
ulike bygdelaga. Han skriv i kapitlet om
årestover at:
«dette sæt af huse, ildhus eller stue, samt bur
eller bod er netop det, som jeg ovenfor tænkte
mig som begyndelsen til de aller ældste tider».
Han dannar seg etterkvart ei oppfatning
av korleis ei utvikling her måtte ha gått
føre seg. Hans hypotese om utviklinga av
«den jæderske stueform», jærhuset, er blitt
ståande som ein klassisk utviklingsteori:
«Oprindelig har der her som vist overalt i
landet været tvende særskilte huse, nemlig en
stue til at bo i og en bod (bu) med tvende rum,
et nedre og et øvre, det ene til klæder og gjæsteseng og det andet til madvarer… Og nu skal
der kun en liden bevægelse i tanken til, for at
vi skulle kunne forestille os den forandring i
den gamle skik, at boden blev flyttet tæt hen
til stuen og forenet med den formedelst
forstuen, som kom til at være imellem.»
Nettopp denne vesle «bevægelse i
tanken» er blitt ei – bokstaveleg tala – fasttømra oppfatning som vi først idag kan sjå
i eit nytt lys, på grunnlag av nytt dokumentasjonsmateriale. Arkeologiske utgravingar dei siste ti-åra har vist at i
kystbygdene på Vestlandet og i fjelldalane
må det i mellomalderen ha eksistert lange,
rekkjebygde hus, openbert med innhusfunksjonar i samme rekkja – altså «stue og
bod»; rom med og rom utan eldstad. Dette
blir underbygd av nyare granskningar av
den færøyiske byggeskikken, der det i dei
seinare år er sett fram solid underbygde
oppfatningar av at sammanstillinga av
røykstove og glasstove på Færøyane er
mellomalderens bustadform. Og bakgrunnen for dei færøyiske bygningstradisjonane er nettopp å finna i Vest-Noreg.
Fullfører vi nå Eilert Sundts «bevægelse»
og ser for oss at denne funksjonelle
samanstillinga av viktige innhus under
same tak eigentleg er mellomalderens
byggeskikk i mange bygder, får vi eit
bilete av ei heilt anna utvikling, delvis den
motsette av den Eilert Sundt tenkte seg!
BYGGESKIKKEN
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
LANGHUSTRADISJONANE
I LYNGHEILANDSKAPET
I dei ytre kystbygdene finn vi spor etter
bygningar som har vore samanbygde til
lange hus, med stove, eldhus, skykkje og
bu liggjande under eitt tak. Øydegardane
på Lurekalven i Lindås (R315) og på
Høybøen på Sotra (R284) – i bruk fram
til svartedauden – viser oss slike hus, og
mange yngre anlegg frå 1600- og 1700talet fortel om ein tradisjon som varer til
1800-talet (R285). Røykstova – bustadrommet i norske bygder gjennom tusen
år – kunne inngå i ulike samanstillingar og
funksjonelle kombinasjonar mellom stove,
eldhus, bu og loft. Mykje tyder på at
denne byggeskikken representerer mellomalderens bustadtradisjonar‚ tradisjonar
som har vart ved både i kystbygdene og i
fjordbygdene heilt fram til 1800-talet. Og
då har vi eit heilt anna grunnlag for å
skjøna utviklinga enn Eilert Sundt hadde.
Også i innlandsbygdene, på Voss og i
Vossestrand finn vi spor etter denne
byggjemåten, slik vi ser det i den lange,
samanbygde husrekkja på Oppheim
gamle prestegard (R353). Og nettopp i
vossebygdene har røykstovene og dei
rekkjebygde tuna halde seg i tradisjonen
heilt til vår tid. Det er gjerne ikkje så
merkeleg. Voss er eitt av dei mest tradisjonssterke område i landet.
Rekonstruksjon av det gamle fellestunet
i Vik, Strandvik.
KLYNGETUNET –
DET SOSIALE LANDSKAPET
Det vart eit tett bustadfellesskap i dei
gamle tuna med slike bygningsformer, og
deling av rom var ikkje uvanleg. På
mange måtar kan vi seia at teigblandinga
i det gamle vestlandsjordbruket har sitt
motstykke i hopehav om hus i fellestunet.
Når eit nytt bruk var skilt ut, var det
ikkje alltid at den nye brukaren fekk seg
opp hus med det same. Bygningane vart
delte etter same prinsipp som teigane, løa
vart delt etter ein av tverrbjelkane, betane –
ja, ofte kunne løa vera delt mellom mange
brukarar. Stabbur og fjøs var gjerne dei husa
den nye brukaren først fekk satt opp for
seg sjølv, deretter stove og sengebu, medan
eldhus og løe var dei husa som lengst
kunne brukast ilag med andre.
Bruksfellesskapet har vi eit slåande døme
på frå garden Indre Drange i Os, der den
gamle gardsstova, som brukarane tidlegare
hadde hatt ilag, vart delt mellom grannane
såleis i 1753:
«1 røgstue med 2 Svaler og skot som tilforn
har hørt baade Mons og Anders til men nu af
Anders afstaaet sin 1/2 part til Mons paa den
maade at Anders derudj skal have ret til at have
et melkeskab staaende tilhørende en pa bemte
(bemeldte) stues søndre langside staaende sval.»
Anders har altså overdrege sin halvpart i
gamlestova til Mons, mot at han framleis
skulle ha retten til å bruke svala på ei side
av bygningen og ha eit mjølkeskap ståande
ved stova til Mons!
OG LANDSKAPET
Dette tildels innfløkte hopehavet om
husa var like karakteristisk for det gamle
fellestunet som teigblandinga. Fleire huslydar kunne dela stovehusa over eit langt
tidsrom. Vi kan vel vanskeleg forestilla oss
kor trongbudd det måtte vera i slike
stover. Dei sosiale spelereglane måtte finslipast for at folk skulle kunne bu så tett
innpå kvarandre. På ei av dei gamle
stovene i Sandvenstunet i Kvam, i den
store «Brigtastovo», budde det fleire huslydar ilag. Her var det fast skikk at konene
Skot, skut og sval – eit gjennomført
byggjesystem.
Langhuset på Risa – rive i 1975 –
var bygt saman av eldhus, røykstove, bu
og torvsval.
117
BYGGESKIKKEN
OG LANDSKAPET
sto opp i kalde vintermorgonar for å
leggja i omnen og byrja med matstellet,
medan karane flytte i hop i ein sengekarm
og låg og drøste til maten var ferdig!
Dei samanbygde husa på Vestlandet,
med skut, skot og sval i grindverk kring
dei tømra opphaldsromma, er ein del av
ein nordatlantisk byggeskikk. Og i 1800talets lemstover, der stova og bua ligg symmetrisk på kvar si side av midtgang og
kjøkken, løyner det seg mange ombyggingar av dei eldre fleirromshusa frå 1600og 1700-talet (R304).
STAV OG STEIN
I utkanten av tunet stod driftsbygningane,
dei stavbygde eller grindbygde løene.
Grindverksbygningane, slik vi kjenner
denne byggemåten frå løer, utmarksbygningar og naust heilt fram til første
halvdel av 1900-talet, representerer ein
forhistorisk bygningstradisjon. Om materialbruken i ytterveggane kring stavkonstruksjonen går like langt bakover i tid, er
vanskeleg for oss å avgjera idag. Mykje
talar for at vegger tredde med einer, eller
brake, er ein svært alderdommeleg teknikk;
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
ein variant av mange ulike flettverksteknikkar som er kjende i Skandinavia og
Nordeuropa.
Det er interessant å sjå desse byggjemåtene i det perspektivet jordbrukshistorikarane dreg opp; at eigentleg varer
driftsformene i vikingtidsjordbruket heilt
til traktoren og industri-jordbruket tek
over på 1900-talet. Om vi skulle nytta
omgrepet «økologisk» byggjeskikk, kan vi
neppe bruka det med større rett enn
nettopp om grindverkstradisjonen. Primitiv er ikkje det rette ordet, for det ligg
ein gjennomtenkt funksjonalisme og
materialteknologi i denne byggjemåten,
med gråsteinsmurar, kantstilte heller og
brakekledning som ei ytre «vêrhud» kring
stavkonstruksjonen innanfor.
Brakekledningen er ofte nytta i kombinasjon med andre teknikkar. Grindverkskonstruksjonen utgjer eit frittståande, sjølvberande skjelett, og som vi ser av det isometriske snittet av ei løe i Havråtunet på
Osterøy (R323), er brakevegger her tredd
på troer som er festa på opplengjer utanfor sjølve stavane. I mange av dei mindre
utløene er troene festa direkte på stavane.
Mange
av steinbygningane
i Nordhordland
har ein
trekonstruksjon
innanfor
murane.
118
Isometrisk
snitt gjennom ei
av løene i Havråtunet.
SKUT OG SEL PÅ STØLEN
Gulatingslova har føresegner om stølsbruk, om buføring, om heimferd frå
stølen og om beiterett og eigedomsgrenser, så alt på denne tida har stølsdrifta
vore ein viktig del av gardshushaldet.
Det er byggjeskikken i bygdene som
også pregar stølstuna. Både på Hardangervidda, i vossebygdene og i Stølsheimen
finn vi mange fellestrekk. Når vi er mette
av urørt natur på våre fjellvandringar, er
det noko heimsleg å treffa på dei gamle
stølane. Mange av dei høgareliggjande
fjellstølane ligg halvt inngravne i bakken;
eit alderdommeleg trekk. Men enten stølshusa er bygde i stein eller i tre, er det ein
interessant skilnad i sjølve stølsanlegget og
funksjonen: I Stølsheimen ligg skotet – ein
Mange av stavløene har brakekledning
på alle fire vegger, men einskilde av bygningane har også store vernemurar i stein
på dei sidene som er mest utsette mot slagregnet og sørveststormane. Ofte kan vi sjå
at det er nytta både gråsteinsmur, trekledning og brakekledning på same bygning.
Brakeveden rotnar ikkje, men held seg
frisk gjennom mange generasjonar. Nålene dannar eit tett veggskikt som held
vatnet ute og slepper vinden gjennom.
Som lagringsrom for høy er såleis brakekledde løer funksjonelt sett heilt idéelle
bygningar. Høy som var fuktig når det vart
køyrt i hus, kunne tørka godt opp i ei
brakeløe. Også garverihusa kunne vera
kledde med brake. Det var for at skinn og
huder skulle hengja luftig og tørka godt
etter garvinga. Ved Brakvatn på Osterøy
ligg det ein brakekledd garveribygning,
truleg ein av dei eldste på Vestlandet.
SJØBRUKET
Vestlandskysten har gjennom hundreåra
vore prega av eit delt næringsgrunnlag.
Sjøen var den sentrale transportvegen, og
sjøbruket gav eit kjærkome tilskot til
gardshushaldet. Til dei fleste gardane langs
kysten og innover i fjordane høyrer frå
gamalt av naust og sjøbuer som ein del av
bruksbygningane på garden. Det var
minst like viktig for dei høgareliggjande
gardane å ha naustrett som for gardane ved
fjorden, mellom anna for å ha plass til
lagring og omlasting av varer. På Fosse i
Hardanger var det fjellgardane på Haukås
og Engedal som var mest tiltøkne når det
gjaldt jaktefart og Nordlandshandel. Dei
hadde sine naust i Fossevågen, og det var
travelt om våren når dei barka nøter i
Fossefjøra og det låg fullt med jakter på
vågen. I mange bygdelag var det vanleg at
dei bøndene som budde seg til å ta del i
fisket kvart år, hadde sengeplass på naustloftet. Notlaga skaffa seg ofte store landnøter i fellesskap mellom 5-6 brukarar, og
dei sette seg opp eigne notbuer med plass
til gavlbåt og lettbåtar nede og lagringsplass for nøter, kaggar og blåser på loftet
eller i andre høgda i dei store notbuene.
Brakeløene på Osterøy representerer ein
forhistorisk bygningstradisjon.
BYGGESKIKKEN
KULTURHISTORISK VEGBOK. TEMA
OG LANDSKAPET
grindbygd del – framfor det lafta selet. I skotet er grua og her kokar ein ost, medan
selet er opphaldsrommet. På Hardangervidda ligg ofte skuten og selet ved sida av
kvarandre. I skuten koka og ysta budeiene,
og her hadde dei også senga si, medan
mjølkematen vart lagra i selet. Men –
skuten, skotet og selet er ein del av det
same byggjesystemet.
Steinen har i alle århundre vore eit godt
bygningsmateriale i dei treberre områda
der ein måtte økonomisera med ressursane. På høgfjellet eller i dei vide, opne
lyngheiane ut mot havet møter vi steinbygningen i si knappe, arkitektoniske
form; ein del av eit stort, nordatlantisk
kulturfellesskap.
❑
Nausta og sjøhusa viser grindverk og reisverk
i ulike versjoner.
Kvar gong bruket hadde vore i sjøen måtte
det tørkast, og det var vanleg å ha eigne
nothengjer eller garnhengjer til dette på
stader som var lette å koma til frå sjøen.
Innover i fjordane finn vi mange naust
og sjøbuer med tilknytning til typiske
sekundærnæringar i høve til fisket:
produksjon av sildetønner og fiskekassar.
Eitt av dei mest tradisjonsrike handverka
på Vestlandet, båtbygging, har sjølvsagt
vore påverka av konjunkturane i fisket, og
det har stått mange båtbyggjarar og klinka
færingar i nausta langs strendene. På naustlemmen var det vanleg å lagra båtmaterialar eitt års tid før dei skulle brukast.
Det er ein karakteristisk skilnad mellom
naust og sjøbuer i sjølve plasseringa.
Nausta ligg som regel trekt noko tilbake
frå flomålet, slik at det er plass til å dra opp
ein båt i fjøra eller båtstøa framfor, medan
sjøbuene ligg ut i sjøen på eit tømra
bolverk, steinpillarar eller steinmur, for at
ein skal kunne koma heilt inntil med båt
for lossing og lasting.
Den mest iaugnefallande skilnaden er
likevel den arkitektoniske: sjøhusa er høgare
og har vindeskur eller vindehus i gavlen
eller på langsidene, eit reint funksjonelt
bygningsledd med ei fast utforming prega
av utsvinga konturar i barokkens formspråk.
Dei små båtskykkjene, stavbygningen i
si enklaste form, og dei steinbygde nausta er
byggjeteknikkar vi også møter att på stølen.
Steinbuer på Vidda. Stavali.
Dei store sjøhusa med vindeskur i gavlen er ein av dei mest karakteristiske bygningstypane
i den vestnorske kystarkitekturen. Frå Brandasund.
119