Breiband i bygda

Transcription

Breiband i bygda
Breiband i bygda
Målet med denne rettleiaren er å hjelpe bygdelag til lettare å kunne realisere utbygging av moderne
og framtidsretta kommunikasjonsnettverk.
IT-forum Sogn og Fjordane Breiband har i over 10 år mogleggjort og drive samarbeid om planlegging
og gjennomføring av breibandutbygging i kommunane. Dette samarbeidet har vore avgjerande for
både mobilisering og planlegging av ei lang rekkje breibandprosjekt. IT-forum utfører eit omfattande
arbeid med å initiere, samordne og sikre viktige utviklingsaktivitetar til nytte for heile fylket.
Etter utbygging av ”første generasjon breiband” frå 2003 til 2010 har dei aller fleste husstandar i
fylket tilgang til internett, men berre 50 % av husstandane har tilgang til hastigheitar opp mot
25Mbit/s eller meir. Behovet for høgare kapasitet aukar i takt med auka bruk og tilbod om nye
tenester i nettet. Hovudproblemet er lange avstandar til fibernodar,
telefonsentralar og til dels dårleg kvalitet på koparnettet. Vidare ligg nokre
bygder i satellittskugge og har dermed problem med TV-dekning etter at den
analoge kringkastinga vart avvikla. Familiar som ønskjer å busetje seg, eller å
bli buande i bygda, krev tilgang til god infrastruktur.
Breibandsleverandørane i Sogn og Fjordane tilbyr alle «fiber til heimen», men
tilbodet er ofte avgrensa til sentrale områder. Utbygging av «fiber til
heimen» er relativt dyrt, samanlikna med ADSL, VDSL og radio (WiFi), og ein
har derfor konsentrert utbygging i områder med mange husstandar innan eit geografisk avgrensa
område. I grender og bygdelag med få husstandar og lange avstandar er det ikkje kommersielt
lønnsamt å tilby fiber utan offentleg og/eller privat støtte. Dugnad og anna «gratisarbeid» kan vere
nødvendig for å få tilgang til moderne breibandtenester i områder der det ikkje er kommersielt
lønnsamt for leverandørane å bygge ut.
Innleiing
Gjennomføring av eit bygdefiberprosjekt kan vere ei utfordrande oppgåve som vil krevje stor lokal
innsats over ein lengre periode. Ein må undersøke om det er ”interesse og stemning” i bygda til å
gjennomføre ein slik stor dugnad. Vi tilrår at det vert halde informasjonsmøter der ein legg før ein
starter arbeidet med utbyggingsplanar. Detaljerte tekniske underlag og endelig kostnadsberekningar
kan gjerast på eit seinare tidspunkt.
Ein bør starte med å lage underskriftslister med namn, telefonnummer, adresse og gards- og
bruksnummer på dei som er interessert. Bedrifter og offentlege
bygg må kartleggjast særskilt.
For å realisere ei utbygging av bygdefiber vil det være behov for
ein stor eigeninnsats i form av dugnad og eigen
tilleggsfinansiering. Dugnadsabeid kan vere skogrydding, graving
med gravemaskin, handgraving, legging av rør, transport av
massar m.m. Det kan vere nyttig å få ei oversikt over kven som
vil bidra med kva inn i prosjekt på eit tidleg tidspunkt.
Organisering
Når grendelaget har kartlagt behov og interesse er det på tide å etablere ei prosjektgruppe som
arbeidar vidare med finansiering og prosjektplanlegging. Sett gjerne saman ei gruppe med
innbyggarar som brenn for prosjektet, og med ulik kompetanse og
ansvarsområde.
Arbeidsoppgåvene bør fordelast ut frå kompetanse og interesse.


Forslaget under kan vere til hjelp.
 Prosjektleiar bør vere strukturert og samlande i bygda. Personen
bør vere ei eldskjel med pågangsmot og gode kontaktar blant aktuelle samarbeidspartar.
Vedkommande har ansvar for prosjektet si framdrift, søknadar, avtalar, kontraktsoppfølging
og informasjonsarbeid.
Økonomiansvarleg. Prosjektet må sikre at ein har kontroll på økonomien og at alle involverte
får full innsikt. Person som er strukturert og ryddig, gjerne med utdanning og erfaring frå
økonomiarbeid i arbeid eller frivillige organisasjonar.
Dugnadsleiar. Prosjektet vil krevje mykje dugnad, organisering og oppfølging. Det kan derfor
vere ein ide å ha ein eigen dugnadsleiar som er flink til å få med seg andre og organisere
arbeid. Dette er gjerne ein arbeidskar som ikkje er redd for å ta eit tak.
Økonomi
Realisering av bygdefiber føreset eit spleiselag og dugnad mellom alle
partar i prosjektet. Dette kan vere private bedrifter, husstandar,
hytteeigarar, leverandørar og tilskot frå det offentlege.
Kostnad per tilkopling i bygdefiberprosjekt vil erfaringsvis bli høgare
enn i tettbygde strøk. Større avstandar krev meir graving og meir
materiell. Kostand på tilkopling vil variere frå prosjekt til prosjekt ut frå
avstand, topografi, dugnadsinnsats og bruk av eksisterande i infrastruktur. Val at tekniske løysingar
vil og vere avgjerande. Fiberprosjekt vil som regel koste i storleiken 25.000 – 50.000 kr per tilkopling.
Kostnad- og finansieringsplan må avklarast før anleggsarbeidar startar opp og kontraktfestes. Det må
avklarast kven som vert kontraktspart i eit utbyggingsprosjekt og korleis ein skal handtere spørsmålet
om meirverdiavgift.
 Skal det opprettast eit eige selskap eller bedrift som står for investeringar og
anleggskostnaden?
 Finnes det ei eksisterande bedrift/selskap som kan nyttast
 Kan kommunen stå som kontraktspart?
Kartlegging
Det er ein del kartlegging som må gjerast før ein går i gang med prosjektgjennomføringa.
 Har lokale breibandleverandørar utbyggingsplanar i området?
 Har Telenor, NetCom eller andre planar om utbygging av mobilt
internett?
 Har Telenor planar for oppgradering/modernisering av
telefonsentralen i bygda?
 Er det planar om bygging eller utbetring av offentlege eller private
vegar i utbyggingsområdet.
 Finnes det trekkerøyr, stolpar eller anna infrastruktur som kan
nyttast?
 Kvar finst nærmaste fiberaksess ein kan nytte seg til?
 Har nettleverandøren planar om større vedlikehald, utbygging eller endringar av nettet?
Det må etablerast kontakt med teknisk etat i kommunen. Det
er avgjerande at kommunen er positiv og at det vert lagt til
rette for å finne gode løysingar. Prosjektet må avklare om det
må takast spesielle omsyn i utbyggingsområde, slik som
kulturminner, verneverdige objekt, vass- og avløpsnettverk,
graving i kommunale vegar. Kryssing av fylkesveg og riksveg
krev løyve frå Statens vegvesen. Dette kan vere både
tidkrevjande prosessar og kostbare løysingar.
Prosjekt må og kontakte alle grunneigarar og avklare korleis dei stiller seg til å graving og framføring
av linjenett over eigedommane. Avhengig av kva tekniske løysingar ein vel kan det vere behov for
oppføring av sendestasjonar/master, kummar, koplingsskåp og hytter der det og må framførst
elektrisk straum. Alle mogelegheiter og hindringar bør i størst mogeleg grad avklarast før ein startar
utbygging.
Løysings- og kostnadsoverslag
Når innleiande aktivitetane er gjennomført kan det vere på tide å ta kontakt med ein eller fleire
breibandleverandørar. Invitere til eit møte i bygda der de informerer om prosjektet sine
målsettingar, interessentar, behov og ynskjer. Be leverandøren utarbeide ei første løysingsskisse og
kostnadsoverslag.
Leverandørane har truleg relevant erfaring frå liknande prosjekt og vil kunne utarbeide eit grunnlag
som prosjektgruppa kan presentere i eit neste informasjonsmøte i bygda. Større prosjekt vert gjerne
delt inn i fleire fasar med ei anbefalt rekkefølgje.
Løysingsforslaget vil innehalde forslag til teknisk løysing, kva oppgåver som kan gjerast på dugnad og
korleis dette arbeidet kan utførast.
Offentleg støtte
Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for
breiband. Gjennom denne ordninga vil regjeringa
sikra eit tilstrekkeleg godt breibandtilbod til områder
det ikkje er lønnsamt å byggje ut på kommersielle
vilkår.
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
forvaltar denne tilskotsordninga og lyser midlar ein gong i året.
Det er kommunane og fylkeskommunen som kan søke Nkom om dei statlege tilskotsmidlar.
Eigendelen for kommunane er 30-40%. Søknadsfristen er på våren, sjå www.nkom.no.
I statsbudsjettet for 2015 er det sett av 110 millionar kroner til denne tilskotsordning. I 2014 var
potten 160 millionar kroner. I 2014 fekk 23 prosjekt i Sogn og Fjordane tildelt 40 millionar kroner frå
denne ordninga. Eigendelen for kommunane/fylke er 30-40%.
Det er viktig å kontakte kommunen så tidleg som mulig i prosessen å melde inn behov. Framtidige
utlysningar krev at kommunen har utarbeida kommunale utbyggingsplanar og prioriteringslister. Dei
prosjekta som er komme lengst og er klare for utbygging vert truleg prioriterte.
Aktuelle tekniske løysingar
Det finst ulike tekniske løysingar for å realisere ei breibandutbygging. Ofte vert det valt ei
kombinasjon av ulike tekniske lysingar.
Fiber
Det største fordelen med breiband via fiber er kapasiteten. Fiber
overfører datasignal ved hjelp av lys, i lyset sin hastigheit. Fiber
har tilnærma uavgrensa kapasitet og gir synkron overføring, det
vil seie at nedlastingshastigheit (nedstraum) og
opplastingshastigheit (oppstraum) er lik.
Det er endeutstyret som avgrensar kva hastigheit du kan få.
Breibandleverandørane i fylket leverar i dag abonnement med
kapasitet frå 30Mbit/s til 100Mbit/s. Dagens multi-modus fiber har ei bandbreidde på 1 Gbit/s.
Breiband via fiber er som regel meir stabilt enn mobilt breiband eller breiband via xDSL-teknologien.
Etableringskostanden er normalt langt høgare for fiber enn andre teknologiar, men ein vil ha ei varig
løysing i mange år fram i tid.
VDSL (Very High Digital Subsciber Line) og fibernode
VDSL og VDSL 2 er så langt det beste DSL alternativet på marknaden.
VDSL og VDSL2 er som ADSL asymmetrisk, men mottakshastigheita
(nedstrøm) og sendehastigheita (oppstrøm) på linja er betydeleg
høgare.
Telenor gjennomfører ei storstilt oppgradering/modernisering av
sine telefonsentralar. Dei oppgraderte sentralane vil tilby VDSL, ein teknologi for som utnyttar det
eksisterande koparnettet betre enn ADSL. VDSL kan gi opptil 50Mbit/s nedlasting på kabellengder
opp til ca. 800m - 1 km frå sentralen. Overføringshastigheita vert redusert med lengda og kvaliteten
på koparkabelen.
For abonnentar med lengre avstand til sentralen kan det byggast fiber ut frå sentralen til for
eksempel eit byggjefelt der ein etablerer ein fibernode. Fibernoden inneheld ein liten sentral som
tilbyr VDSL lenger ut i nettet til fleire abonnentar. Frå fibernoden til husstanden nyttar ein
eksisterande koparkabel. Per i dag er det berre Telenor og NextGenTel som tilbyr VDSL



www.telenor.no/privat/bredband/bredbandsoppgradering.jsp
www.telenor.no/privat/abonnementsvilkar/vilkaardsl.jsp
http://www.nextgentel.no/privat/bredband/vdsl/
Radio (WiFi)
Radiobreiband inneberer at du monterer ei antenne på huset og
koplar denne til innvendig utstyr for tilkopling til internett. Antenna
kommuniserer med leverandøren sitt sendepunkt. Radio til heimen
(punkt-til-multipunkt) vart mykje brukt for ein del år sidan, men er
etter kvart erstatta av andre og betre løysingar.
Dagens radiolink (punkt-til-punkt) vert mest nytta til å føre fram
høg-hastigheit breiband til områder der ein ikkje finn det teknisk
eller økonomisk mogleg å kable fram fiber. Dette kan vere til mobile
basestatasjonar som skal levere mobilt breiband (4G) eller tilførsel
til noder i bygder der ein kablar med fiber eller tilbyr VDSL på
eksisterande koparkablar ut til kvar husstand.
Ceragon (tidlegare NERA) nyttar konsesjon baserte frekvensar og kan levere opptil 600Mbits fullt
utbygd. Ubnt nyttar opne frekvensar i 5 Ghz-bandet og kan gi kapasitetar opptil 80 Mbits pr. kunde.
Mobilt breiband (3G / 4G)
LTE (Long Term Evolution) er ei vidareutvikling av GSM- og UMTSmobilnetta. Desse vert kalla 2G og 3G fordi dei er andre og tredje
generasjon mobilnett. Det avvikla NMT-telefonnettet var første
generasjon. Sidan LTE er fjerde generasjon vert denne kalla 4G.
I utgangspunktet gir LTE berre tilgang til data, ikkje tale. Dei aller fleste
telefonar vil nytte 3G- eller GSM i tillegg til 4G, og dermed også tilby samtalar. Det vert forska på tale
over LTE (VoLTE), men tenesta er ikkje tilgjengeleg per i dag.
LTE vert bygd ut på forskjellige frekvensar. 3G-nettet nyttar 900- og 1900 MHz-banda i Noreg, medan
4G nyttar 2600, 1800 og 800 MHz-banda til utbygging av LTE. Lågare frekvens gir lengre rekkevidde.
800 MHz er derfor godt egna i distrikta.
LTE kan gi mottakshastigheit (nedstrøm) på opptil 40 Mbit/s, men som med alle delte ressursar gir
også LTE varierande hastigheit etter kor mange som nyttar nettet samtidig. Dagens abonnement har
ei kvoteregulering.
Telenor og Netcom oppgraderar sine basestasjonar til LTE. For at ein basestasjon skal kunne levere
LTE må denne matast med fiber eller høg-hastigheit radiolink. Netcom har krav om 98 %
befolkningsdekning innan 2018. Dekningskart for Netcom og Telenor


https://netcom.no/dekningskart
http://www.telenor.no/privat/dekning/dekning_data.jsp
ICE nett
Ice Norge AS opererer med ein eigen infrastruktur bygd på 450 MHz-frekvensane og dekker meir enn
75 prosent av Norges landareal i tillegg til dekning langs kystlinja. Maksimal hastigheit er 9,3 Mbit/s
nedlasting og 3,1 Mbit/s opplasting. Dagens abonnement har ei
kvoteregulering.
Radiofrekvensane i 450 MHz-bandet var tidlegare i bruk for NMT. Dette
frekvensbandet gir stor geografisk dekning. Større områder vert dermed
dekka av færre basestasjoner og enklare infrastruktur enn dei banda som
ligg høgare i frekvens.
Ice krev ingen lokal infrastruktur utover brukaren sitt eige utstyr og montering av dette.
Sjå www.ice.no for meir informasjon
Satellitt
Breiband via satellitt kan vere løysninga for husstandar som ikkje kan
få fiber, VDSL, ICE eller andre tilbod. Montering er nokså lik oppsett
av vanleg parabol for TV, men krev noko meir finjustering. Krev fri sikt
mot stellitten, ca. 180 grader sør.
Montering må gjerne utførast av forhandlar.
Ein kan oppnå teoretiske hastigheiter opp til 20Mbit/s nedstrøms og
6Mbit/s oppstøms. Som for Ice og mobilt breiband finnes det ulike
kvotebegrensing og ulike abonnement.
Breiband via satellitt krev ingen lokal infrastruktur utover brukaren sin eigen parabolpakke.
Breiband via satellitt kan og vere aktuell som backup til andre teknologiar.
Sjå www.breiband.no for meir informasjon og prisar.
Oppstart
Om ein vel å gå vidare må det takast ei avgjer på oppstart og skrivast kontrakt med ein
breibandleverandør som skal stå for prosjektgjennomføringa og det teletekniske arbeidet.
Om kommunen er kontraktspart må regelverk for offentleg innkjøp føljast. Offentlege innkjøp skal så
langt som muleg basere seg på konkurranse for å sikre effektiv ressursbruk i det offentlige og bidra til
økt verdiskapning i samfunnet.
For meir informasjon om regelverket sjå
http://www.regjeringen.no/nb/dep/nfd/tema/konkurransepolitikk/offentligeanskaffelser/offentlige-anskaffelser-regelverk-og-skj.html?id=414953 og www.anskaffelser.no
Kontraktar
Breibandleverandøren vil i dei fleste tilfelle stå som eigar av
det etablerte nettverket. Alt som vert lagt ned i
dugnadsarbeid, privat og offentleg økonomisk støtte vert eit
anleggsbidrag for å få realisert utbygging.
Drift av nettverket og tenestene i nettet vert betalt av
abonnentane. Breibandleverandøren har ei
standardkontrakt med kvar enkelt abonnent som beskriv kva tenester som vert levert (internett
kapasitet, telefoni, TV kanalar o.s.v), etableringskostand og bindingstid.
Beskriving
Ved bygging av fibernett vert det etablert ein eller fleire nodar i bygda der leverandøren plasserer
teknisk utstyr som fordelar signalet ut til abonnentane. Noden vert kopla til leverandøren sitt
fibernett. Frå noden må det gravast grøfter der det vert lagt ned trekkerøyr som det seinare skal
blåsast fiberkablar gjennom. Alternativt kan det strekkast kablar i eksisterande eller nye stolpar.
Det vert montert kummar og koplingsskåp med
skøytepunkt ca. for kvar 1km. Mellom node og
koplingsskap vert det lagt 40mm trekkerøyr,
medan det ut til kvar abonnent vert lagt 12mm
trekkerøyr på inntil 450 meter. I kummane er det
vanlegvis lagt ein kveil på ca. 2 meter. Saman med
trekkerøyra vert det lagt ein peileråd/søkekabel.
Ca 20 cm over trekkerøyret vert det lagt
varslingsband.
Kommunen stiller vanlegvis krav til gravedjupn.
Desse kan variere noko frå kommune til kommune
og må tilpassast lokale forhold og krav. Normalt
gravedjupn er 40-50 cm og 80 cm på dyrka mark.
Micro-trenching
Micro-trenching er relativt ny og effektiv måte å
legge trekkerøyr for fiber i asfalt.
Man skjærer då eit spor i avfalten, legger
trekkerøyr nedi sportet og tetter igjen med ein
fugemasse.