Sjette artikkel
Transcription
Sjette artikkel
2 LAURDAG 25.02. 2012 NYHENDE Laurdag 25.02. Nyhende Store og små hendingar frå heile distriktet. Tur i posten FRILUFT: Årets turprogram for Indre Sunnfjord Turlag kjem snart i posten til medlemmene, melder leiar Ragna Renna (biletet) Heimen i front mo FØRDE: – Det kan verke som det no skjer ei normalisering av hasjbruken. Haldningsarbeidet i heimane blir utruleg viktig for å møte denne utviklinga. NARKOTIKA HELGE JOHNSEN [email protected] 91149810 Det seier nyvald 1. nestleiar Sindre Roska i Sogn og Fjordane Venstre. Han er usamd med sin eigen fylkespartileiar, Marit Barsnes Krogsæter, som i gårsdagens Firda såg i retning av å legalisere cannabis. Medan fylkespartileiaren og Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn snakkar om t.d. sal av hasj på apotek, vil Krogsæters politiske høgre hand halde oppe forbodet. Heimane – og politiet Roskas line er å setje meir ressursar inn på politiets oppfølgings- og førebyggingsarbeid – og ikkje minst leggje vekt på å få heimane i frontlina i kampen mot narkotika. – Krogsæter målber eit syn eg og mange andre i Venstre ikkje stiller oss bak. Vi kan vere samde om at narkotikapolitikken ikkje fungerer, men legalisering er ikkje svaret, seier nestleiaren. Heile ungdomsgruppa Roska meiner intervjuet Firda sist måndag hadde med to hasjrøykande «vanlege» ungdommar speglar av at hasjbruk er i ferd med å bli meir og meir normalt. – Då blir det tilsvarande viktig å rette innsatsen breitt inn mot den store gruppa av ungdom. Då blir heimane og bevisstheita og haldningsarbeidet der heilt sentralt, seier han. – Det er om å gjere at foreldra ikkje er naive, og at dei følgjer med på kven ungane deira er i lag med og kvar dei held seg, seier han. – Men dette er vel ikkje alltid like enkelt, når ungdommar ofte tek til å halde foreldra sine på avstand, og påpassing lett berre gjer forholdet endå verre? – Eg meiner det er kjempeviktig å vere tydelege vaksne, setje grenser og gjerne gjere dette saman med andre foreldre. Men eg er klar over at ungdommar er forskjellige, og at nokre er vanskelegare enn andre, seier Roska. Venstre-fylkesnestleiaren seier han er fullstendig samd med KrFs Trude Brosvik i at lettare tilgang på hasj berre vil auke bruken. SAKA ▶ Ungdommar som har stått fram i Firda, fortel at hasj i dag blir brukt av mange ressurssterke unge, langt typiske dopmiljø. ▶ Behandlarar og politi åtvarar. Unge Venstreleiaren og fylkespartileiaren i Venstre er opne for legalisering. – Vi treng ikkje fleire lovlege rusmiddel. Vi har nok med å handtere dei som er, seier han. Roska meiner biletet av politiets narkotikainnsats blir teikna altfor mykje i svart/kvitt. – Politiet driv ikkje berre med straffereaksjonar i narkosakene. Dei har eit heilt sett med andre verkemiddel som også blir nytta, og som bør byggjast opp under med auka ressursar, seier han. – Det kan vere greitt å sjå på hasjbruk meir som eit helseproblem. Men direkte legalisering blir feil, seier fylkespartinestleiaren i Venstre. Delte meiningar Ifølgje Roska, diskuterte Sogn og Fjordane Venstre narkotikapolitikken på eit årsmøte for eit par år sidan, etter at Unge Venstre ville sjå på problematikken rundt avkriminalisering. Men det var delte meiningar på årsmøtet, seier han. Unge Venstres leiar på landsplan, Sveinung Rotevatn, har lenge vore klar tilhengjar av liberalisering og legalisering av cannabis. Rotevatn sa torsdag til Firda at det farlegaste var forbodet mot hasj, og at behandlarar og politi hadde ei forelda haldning. ▶ Diskuter saka på FIRDA nett USAMD: Vi treng ikkje fleire lovlege rusmiddel, seier Sindre Roska. Foto: Helge Johnsen. – Kven er best eigna til å omsetje hasj? Denne veka har Firda sett søkjelys på hasjbruk blant unge. Sakene har ført til store diskusjonar i debattforumet på firda.no. ▶ Det er ikke et spørsmål om vi skal akseptere hasj eller ikke, fordi hasj er allerede her. Spørsmålet er heller hvem vi føler er best egnet til omsette hasjen. Hvem har folkets beste i tankene, og hvem føler vi ville ha de beste regulative tiltakene. Kenneth ▶ Det er vel inga overrasking at ungdommen ikkje ser rekkevidden av kva skade narkotiske stoffer har på kort og lengre sikt. Aase L ▶ Staten jobbar febrilsk med å få oss til å slutte å røyke. Det blir vel då litt dumt å legalisere eit stoff ein veit er såpass farleg? Hald det ulovleg. Lytt til dei som har sett følgjene. Ikkje lull dykk inn i fantasiar om kor ok det er å røyke hasj. Reidun Støfring ▶ Legaliser i alle fall cannabis for medisinsk bruk slik dei no gjer i ein del andre land. Er mange kronisk sjuke og kreftpasientar som får cellegift som hadde hatt godt av det. Vegard Solheim ▶ Lovligheten til et stoff har faktisk lite å si på forbruket. Forbudet derimot fører til at brukerne blir presset ned i en undergrunnsverden hvor de kommer i kontakt med kri- minelle som igjen kan føre til at de blir fristet med sterkere stoffer. Jon B. ▶ Vi kan ikkje legalisere alle typar kriminalitet som ein har dårleg kontroll på, fordi ein trur at staten skal regulere det i hamn. Det er naivt. På same måte som det er ei kraftig forenkling å sei at det er forbodet som skapar alle problem knytte til bruk av cannabis. Joakim Systaddal LAURDAG 25.02. 2012 NYHENDE Betre mobilnett Skatt til gjennomsyn JØLSTER: Telenor ønskjer å leggje fiberoptisk innsjøkabel i Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, for å betre mobilsambandet i Jølster. Den auka trafikken i mobilnettet har ført til at det er behov for å oppgradere nettet, skriv Telenor i søknaden. HØYANGER: Eigedomsskatt-takstlista for 2012 i Høyanger kommune vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 01. mars. Lista vert lagt i rådhuset i Høyanger (biletet). ot hasj FOR ELLER MOT LEGALISERING? TOVE VAMRÅK (54) frå Høyanger – Eg har ikkje noko forhold til hasj, og kjenner heller ingen som har det. Stoffet er framand for meg og derfor ville eg aldri prøvd det sjølv, men om det blir legalisert eller ikkje skal eg ikkje leggje meg opp i. Det er uansett viktig å tenkje på at hasj er helsefarleg. POPULÆRT FAG: Ifølgje Gro Fivelsdal brukar det å vere oversøking til Tip, men hittil har dei måtta byte skule etter vg1 i Dale. Arkivfoto: Tora Hope No slepp ho å sende vekk 2.-klassingane FJALER: Til hausten kan elevar gå vidare med industriell produksjon ved Dale vidaregåande skule. ARNT OLA FIDJESTØL (43) frå Førde (bur i Ålesund) – Det er heilt klart ein tanke som er verdt å forfølgje. Sjølvsagt er det gale med hasj, men eg trur eigentleg at alkohol ligg på same skala. Eg har ikkje behov for fleire legaliserte rusmiddel. SIRI ANN ROSKA (19) Frå Førde – Eg er heilt klart mot legalisering av hasj. Stoffet skaper dårleg helsegevinst. Sjølvsagt er det eit poeng at kriminaliteten går ned om det blir legalisert, men det hadde på same tid ført til at fleire hadde prøvd stoffet. Det får halde med alkohol. UTDANNING HILDE GENBERG [email protected] 91149818 Dei som tek vg2 industriell produksjon får jobb i Hafs-området, lovar skulen i presentasjonen på heimesida si. Rektor Gro Fivesdal stadfestar at desse elevane er garantert lærlingplass. Teknisk fagskule er også ein moglegheit etterpå. – Det er næringslivet i regionen, først og fremst Havyard, Lutelandet Utvikling og Solund mekaniske, som tok initiativet til faget, forklarer Fivesdal. Skulen har lenge ønskt eit lokalt tilbod til dei som tek teknikk og industriell produksjon (Tip) første året, men hittil har desse elevane blitt spreidde etter eitt år i Dale. Nokre vel brønnboring i Bergen, andre maritime fag eller industriteknikk ved andre skular. – Dette er eit attraktivt tilbod, så eg håpar det vert fast, seier Fivesdal, som har dei lærarressursane som trengst, utanom litt kompetanse til elektrodelen. I tillegg oppgraderer skulen utstyret på plate- og sveisavdelinga. Ein datastyrt fresemaskin, eller CNC skjæremaskin er i ferd med å bli installert. Dersom det er nok søkjarar, vil Dale framleis ha to studiespesialiseringsklassar til hausten, men så ventar år med magrare elevkull og truleg berre éin allmennfagsklasse. Keisarhelg 2.–4. mars Eit historisk opphald med historisk innhald og matopplevingar Kviknes Hotel inviterer til ei helg der me vert nærare kjende med Keisar Wilhelm og hans besøk til Norge. Svein Skotheim vil på laurdagen gi oss eit innblikk i Keisaren sitt liv, reisene hans og hans facinasjon for Norge. I etterkant av foredraget, vil me vise filmen «Fotografen og Keisaren», regi av Balestrandsjenta Ingrid Ese og produsert av André Folkestad for Filmakeriet AS. Filmen viser unik dokumentasjon om kva som skjedde når Keisaren inntok ei lita vestlandsbygd tidleg på 1900-talet. Hyggjeleg samvær med god middag avsluttar laurdagen. Søndag morgon vil Eli Grete Høyvik ta oss med på ei kultrvandring gjennom Balestrand sentrum til Ciderhuset, der ein får høve til å smake på deira eigenproduserte Cider. ▶ På tross av ulike holdninger må vi likevel være ærlige i forhold til om dagens restriktive narkotikapolitikk har fungert, eller om det har vært en fiasko. Jeg er åpen for andre løsninger enn regulering, men til sist ønsker vi det samme; Å redusere bruk og illegal omsetning av narkotika. Bjørn Kvernstrøm verknadene ved hasj i forhold til alkohol, kor mange av hasj brukarane blir misbrukarar, og kor mange av alkoholbrukarane blir misbrukarar? Erlend Haugen Herstad ▶ Eg trur ein treng ein generel debatt om rusmiddel . Kva er skade- Innlegga er redigerte, les alle kommentarane på nett. 3 Dette, samt middag fredag, lunsj laurdag, aperitiff laurdag og frukost begge dagar; frå kr 1795,– pr. person pr. natt. AUDUN RAMSTAD (69) frå Førde – Legalisering vil berre føre til auka bruk av hasj og/eller andre rusmiddel. Lova som forbyr det i dag gjer at fleire i samfunnet vegrar seg for å prøve. Derfor er eg mot legalisering. Booking: www.kviknes.no / 57 69 42 00 / [email protected]