Øko-skepsis snudd til optimisme

Transcription

Øko-skepsis snudd til optimisme
Øko-skepsis snudd til optimisme
Tekst: Frøydis Lindén, Føregangsfylke økologisk frukt og bær 2015
Olav Bøtun frykta at skadedyr, sjukdommar og næringsmangel skulle auke etter omlegging
til økologisk epleproduksjon. Men erfaringane har vist at han tok feil.
Olav Bøtun la om frå konvensjonell til økologisk drift i år 2000. Han var då ein erfaren
fruktdyrkar som kjende garden sin i frukt og bærbygda Fresvik i Sogn godt. Å vera ein god
agronom er ein føresetnad for å lykkast med den økologiske produksjonen.
Full kontroll på soppen
Det var ikkje fritt for at han måtte skifte ut nokre skurvsvake sortar før han hadde kontroll på dei fem
dekarane med økologiske eple. Trea var om lag ti år gamle då han la dei om til økologisk drift. I dag
held han kontroll på skurven med Nordox (koparpreparat mot soppangrep) på våren, og fyljer opp
med Thiovit (skurv-preparat som inneheld svovel) etter kvart som skurvvarslingane kjem.
-Skurv-sprøytingane slurvar eg ikkje med, for eg veit det vil auke faren for kraftige soppangrev og
senke kvaliteten over tid, understrekar Bøtun.
Tynning gir jamn avling
Den gode og jamne avlinga som Olav Bøtun har oppnådd dei siste åra, kan han takke handtynninga
for. Han han meiner det svarar seg godt å halde arbeidsfolk til å tynne feltet.
-Sjølv om det er tidkrevande å handtynne, får me igjen for innsatsen året etter. Eg får meir stabile
avlingar kvart år og jamnare fruktstorleik ved å bruke ressursar på tynning, meiner Bøtun.
Djupe røter krev lite gjødsling
Epletrea til Bøtun er poda på sterktveksande grunnstammar som har djupare rotsystem, samanlikna
med grunnstammar nytta i moderne tettplantingar. Etter ei god etablering, med rikeleg av godt
omdanna sauegjødsel, treng ikkje epletrea hans meir gjødsel enn frå graset han sler og let ligge igjen
til nedmolding.
Råd mot mangelsymptom
Dersom han får mangelsymptom på bladverk eller frukt, gjødslar han etter råd frå rådgjevaren sin.
Han gjødslar blada med dei mikronæringsstoffa trea treng, men Debio krev at mangel på
næringsstoff skal dokumenterast gjennom blad-eller jordprøver før bladgjødsling kan nyttast. Dette
gjeld ikkje for nitrogen, som ein i økologiske drift må skaffe frå husdyrgjødsel eller gjennom
nitrogenfikserande plantar.
Vatning mot næringsmangel
Ein ting Bøtun er nøye med er vatningsrutinane, spesielt om våren. God vasstilgang vil som oftast
hjelpe til med ei god omdanning og opptak av næringsstoff frå jorda.
-Det er turkesvak sandjord i eplefeltet og eg vatnar etter behov heile sommaren. Me har rikeleg
tilgang på vatn frå elva like ved. Er det tørt vatnar eg med spreiaren både morgon og kveld, fortel
Bøtun.
Lim for å skilja maur og bladlus
Bøtun planta trea på med vevd duk for å halde ugraset rundt trea vekke. Men truleg laga duken over
sandjorda eit gunstig klima, der mauren trivast godt, og gjorde at han etter kvart fekk problem med
bladlus. Bladlusa forsyner mauren med plantesukker mot at mauren jagar vekk nyttedyr som ét
bladlus.
Etter at plastduken vart fjerna og ei limrand rundt stamma hindra mauren i å klatre opp til blada med
lus, har han halde luseproblemet under kontroll. Bøtun har ikkje hatt behov for å bruke det nylig
godkjente pyretrum-produktet ‘konsentrat mot skadeinsekter’ frå Neudorff eller tilsvarande ‘Natria
insektkonsentrat’ frå Bayer. Preparatet kan nyttast for å halde nede luseangrep på enkelttre.
‘Makkjen’ er ikkje eit problem lenger
Insektproblem har han stort sett ikkje i fruktteigane sine lenger. Ei stund sprøytte han mot
rognebærmøll med ei olje/såpeblanding. Men han har kome fram til at han truleg ikkje vil få store
angrep av rognebærmøll, då rognebærtre er langt frå felta hans. Det har heller ikkje vore store
angrep i Fresvik dei siste åra.
Forskarar er framleis usikre på kvifor angrep av rognebærmøll ikkje er så store lenger. Ein teori er at
rogn i mindre grad er vekselbærande no enn før. Rognebærmøll føretrekker å legge egg i rognebær,
og når det alltid er rogn i skogen vil ikkje møllen måtte finne seg ny vertsplante i til dømes eple.
Kjenn garden din!
Bøtun kjenner garden sin godt, og meiner det er ein av grunnane til at han etter kvart har lukkast
godt med økologisk epleproduksjon.
-Eg har lært meg å forstå korleis jord og lokalklima påverkar produksjonane mine. Tek eg omsyn til
dette klarar eg stort sett å treffe dei riktige vala gjennom sesongen. Då får eg stabil avling og god
økonomi, seier Olav Bøtun.
Faktaboks:
Allsidig drift på garden: konvensjonell drift av 70 vinterfôra sau og eigen grovfôrproduskjon, 17 daa
bringebær der 4 daa er i tunell og resten på friland. Tre til seks daa jordbær på friland til industri.
Øko-areal: 5 daa økologiske eple med ca 20prosent vendeteigar. Epleavling: 1,4-2 tonn/daa.
Eplesortar: Aroma og Discovery på grunnstamme M26 og skore i slank spindel. Noko Idunn for å ha
tidlegeple – Nanna og Eir er på veg ut frå produksjonen.