Årsmelding Fotball

Transcription

Årsmelding Fotball
ÅRSMELDING FOTBALLGRUPPA 2014 Styret 2014: Jarle Mjølhus (leiar), Torborg Kleppa (sekretær + idrettsskule), Even Stakkeland (aldersbestemte lag/dommerar/Hjelmeland Sparebank ­ cup), Gaute Hauge (S2S­ Treningstider/kampar mm) Styret har hatt tre ordinære møte, to trenar­ og oppmannsmøte, eit planleggingsmøte i forkant av avreis til Etne – cup og Kattegat­cup, og to planleggingsmøte før Hjelmeland Sparebank ­ cupen 2014. Oppsummering av sesongen​
: A­laget: Har spela i 6. divisjon. Sesongen starta veldig bra. Det var mange på trening i vinter, og ein god vår. I haust forsvann 5 – 6 mann på skule inkuldert trenaren Morten Bauge. Haustsesongen gjekk ikkje så godt og enda på 8.plass på tabellen, men laget kom til kvartfinale i Rogalandscupen G 16: ​
Trenarar har vore Marcin Wodka og Kjell­Magne Hjørungdal, oppmann Jan Magne Hovda. Dei har etablert eit nytt lag då fjorårets G14 –lag som har spelt saman i mange sesongar, skulle samkøyrast med dei som var eldre. Marcin har lagt ned ein stor jobb som trenar. Det nye laget strevde litt med å komme i gong skikkeleg, – litt for dårleg samspel og for dårleg kondisjon. Det kom seg utover sesongen. Trening to eller tre gonger i veka – starta med 20, men talet spelarar på trening har avtatt utover hausten. Resultata har variert ein del, og dei enda til slutt på 8.plass i 2.divisjon avd.1. J16: ​
Frode Liland(oppmann) og Magnar Viga (trenar) har leia dette laget. Dei har spela 7`­fotball i nivå 1. 17 kampar og 3. plass i serien. Laget reiste til Danmark og deltok i Kategat­cup, her fekk dei spela mange kampar (6 – 7 kampar). Dei starta treninga igjen i forkant av cupen, og det ga gode resultat både cupen og i serien etter sommaren. J13:​
Trond Sandvik og Jan Helge Rød har vore trenarar. Jan Magne Hovda har vore oppmann. J13 har spela 9’er fotball i 2.div. avd. 01, og endar på 4. plass i serien. Har hatt formstigning gjennom sesongen. Reiste til Kategat –cup , og kom til semifinale. Lånar to eldre spelarar frå J16 for å få nok. Dette samarbeidet har gått begge vegar og dei har ofte vore litt få på trening når nokon av spelarane spelar kamp med J16. G12:​
Trenarar har vore Rolf Olsen og Jon Eirik Svendsen, William Gjertsen har vore oppmann. Dei har vore 9 spelarar (12 og 13 år). Dei har vunne litt og tapt ein del, men detgjekk betre etter sommaren. I tillegg til serie har dei delteke i Etnecup og lokale cupar. Spelar jamne kampar stort sett. Trenar to gonger i veka og dei fleste møter på alle treningane. G11: ​
Trenarar har vore Jon Helge Hausken og Sigve Tuntland. Unni Fosså har vore oppmann. 11 gutar som både vinn og tapar. Laget har delteke på Etne­cup og lokale cupar. G10: ​
Trenar har vore Sveinung Ravnås, med hjelp frå Geir Morten Lie. Elin Fister Hovda har vore kontaktperson. I serien har dei tapt mykje og vunne ein kamp. Dei har delteke på Etne­cup og lokale cupar, og ser ut til å vera eit turneringslag, som vinna mange kampar på cup. Dei har vore 7­8 stk på trening. J10 +11:​
Jarle Mjølhus og Marianne Krumsvik har vore trenarar. Ingvill Hauskevåg Gjertsen har vore kontaktperson. Dei har vore 21 spelarar og har delteke i serien med 2 lag, der dei har vunne så og seia alle kampane. Sesongen har vore ein stor opptur for jentene. Godt oppmøte på kampar og trening. Jentene har delteke på Etnecup og lokale cupar. J 9: ​
Kenneth Iversen og Stian Hetlelid har vore trenarar. Ann­Cathrin Berge Kleppa har vore oppmann. Dei er 13 spelerar og har delteke i serien med 2 lag. Har prøvd å dela i to jamne lag. Dei har både tapt og vunne. Det eine laget har hatt store tap, men stor framgang. Godt frammøte på treningane. G9:​
Eivind Fjelde og Agnes Kleppa har vore trenarar, og Gry Fagerland Sjursen har vore oppmann. 13­14 gutar på trening. Dei har delteke med 1 lag i serien, og har delt gruppa i to slik at dei har spelt 2 og 2 kampar. Dei har både tapt og vunne. Dei har delteke på lokale cupar (Tau, Jørpeland og Hjelmeland). J8: ​
Oskar Ommundsen har trent desse jentene. Det har vore 13 – 14 jenter på trening. Dei har delteke på lokale cupar. G 8:​
Bjørn Olav Dale har vore trenar i lag med Jan Atle Skår. Bjørn Erik Flem som har vore oppmann. Det er 9 guttar tilsaman på trening. Dei ville gjerne vore litt fleire. Dei har delteke på lokale cupar. J+G 7: ​
Trond Kjellesvik, Ronny Mæland, Sjur Atle Kleppa og Sveinung Ravnås har delt på å vera trenarar. Sjur Atle har dessutan vore oppmann. Dei er heile 15 – 20 på trening, og trena fotball ute1 dag i veka i vår og haust. Dei har og delteke på cup på Tau, Hjelmeland og Jørpeland. Dugnad: Det har vore fleire dugnadar på idrettsbanen på Røgjeldstad og på Fister. Det var dessutan ein stor innsats frå mange i samband med opninga av sentralidrettsanlegget og Hjelmeland Sparebank – cup. Mange ungdommar deltok dessutan som dommarar under cupen. Dugnadsinnsatsen er viktig og alle som har delteke fortener takk for det! Hjelmeland Sparebank – cup og opning av sentralidrettsanlegget Førti lag frå Hjelmeland, Årdal, Fiskå, MIL, Staal og Forsand, med over 250 spelarar i alderen 7 – 12 år, deltok på Hjelmeland Sparebank­cup. Til trass for dobbelt så mange lag som i fjor, gjekk det meste godt. Cupen blei arrangert samtidig med opning av sentralidrettsanlegget, noko som medførte 1 times opphald i cupen, medan den offisielle opninga stod på. Kamp­programmet blei følgjeleg nokså tett, men alt i alt vart det ein flott dag! Full fart 2015: Me arrangerte Idrettsskule frå 24. – 28. juni – i år med nytt namn ­ “Full fart”. Om lag 50 barn deltok. Asgeir Austigard og Silje Hanasand hadde ansvaret for gjennomføringa av idrettsskulen, og gjorde ein god jobb i lag med fleire andre leiarar. Dette året var dei to dagar på Hjelmeland, og tre dagar på Fister. Også dette året rettar me stor takk til Fister sanitetsforeining for god hjelp til matserveringa. Avslutningsfest: Me hadde sesongavslutning 17. november. Det blei servert pizza og saft, og alle spelarane fekk utdelt trening t­skjorte som takk for innsatsen gjennom sesongen.