Program - Agder Historielag

Transcription

Program - Agder Historielag
Temamøte i Kvinesdal
om barnevandringane
Gjennom dei siste åra har historia om barnevandringane på Agder
kome fram i ljoset både gjennom innsamling av forteljingar om einskildhendingar og gjennom filmen om «Yohan barnevandrer».
Stoffet er på dette viset gjort aktuelt og det er gjort mykje arbeid
for å levandegjere dette heilt unike historiske materialet.
Du kan no gå i fotefara til barnevandrarane frå Kvinesdal og heilt
til «Austlandet», og oppleve spanande ting undervegs.
Me kan berre ane kva desse borna måtte gjennomgå.
Det er viktig at kunnskapen om denne tida ikkje går i gløymeboka.
Agder Historielag og Kvinesdal Historielag innbyr til ei
historisk temasamling om barnevandringane på Agder.
Det skjer i Kulturhuset på Åmot
sundag 23. september 2012 kl. 13.00.
Inngang: 100 kr. Inga påmelding.
Frå opninga av barnevandrarstigen i Årli, der rundt 300 personar var til stades,
mellom anna ordførar i Kvinesdal Odd Omland, ordførar i Audnedal Tønnes
Seland, primus motor i barnevandrarprosjektet i Audnedal Tyra Ågedal, ukjend
pressemann, og tidlegare ordførar i Hægebostad Jon Fidjeland. FOTO JOHANNES HAMRE
Program
Program om barnevandring ved Martha Eftestøl og Paul Sveinall.
Martha Eftestøl har i fleire år arbeidd med stoff om barnevandring
i Kvinesdalområdet.
Paul Sveinall har gjort det same i sitt område og krydrar føredraga sine
med artige anekdotar og krumspring.
Musikk ved Sverre Eftestøl, Oddbjørn Stakkeland,
Wenche Hunsbedt Svindland
og ei felegruppe frå Hægebostad og Kvinesdal.
Syning av filmen «Et fnugg av gull» etter ei novelle av Rune Belsvik.
Filmen, som er laga av Lars Emanuel Egeland og elevar og lærarar ved
Liknes skole, fekk beste sylvmedalje i kortfilm for amatørar 2006
i København.
Kvinesdal Historielag har i sommar sett opp ei lyngløe på fyrste
etappe av barnevandrarstigen.
Slike løer var det mange av på Kvinesheia for hundre år sidan. Ingvald
Tjørnhom som leiar prosjektet, vil vise foto frå bygginga.
Servering av tradisjonsmat frå bygda levert av Torvløbakkan Gard.
Frå fjorårets tur. Biletet er teke på strekninga frå Laksen og kommunegrensa
mot Hægebostad. FOTO JOHANNES HAMRE