Meir info - Nor Sahel
Transcription
Meir info - Nor Sahel
Nyhetsbrev jul 2014 www.norsahel.no Spesielle hendingar i 2014 Ungdomskulejenter ved Tambaga ungdomskule med nye syklar i november 2014 65 syklar rullar no i Tambaga! Til saman rullar det no 65 nye syklar på ungdomskulane i Tambaga gitt gjennom prosjektet: «Skulesykkel til ungdomskulejenter i Tambaga». Det er to ungdomskular i Tambaga kommune, med over 500 elevar(begge blei åpna etter 2006). foreldrerådet i Tambaga med orda: «Jentene våre har fått ein ny og gyllen sjanse til å fullføre utdanning. Ein sykkel kan bety meir enn de aner for ei jente og hennar familie» Under siste utdeling(gjort lokalt i Tambaga) av syklar blei jenter klart prioritert og fekk 35 nye syklar blei i slutten av oktober 2014 alle syklane. Dette gleder oss stort då me overlevert skulen. Under denne heile tida har oppmuntra til dette! Dette overleveringa fekk vi melding om at prosjektet er styrt lokalt i Tambaga. ordførar, skulesjef m.fl. var til stades. At Mange av jentene har over 10 km med skulesjefen i Kita fylke (med 400 000 skuleveg. Jentene ved ungdomskulen har innbyggarar) i eigen person valde å hatt stort fråfall tidlegare p.g.a fleire delta, viser at prosjektet er anerkjent heilt forhold, mellom anna barneekteskap. Nå opp i skuleleiinga. Dette er veldig viktig er tilbakemeldingane at fleire jenter enn for oss! nokon gong går på ungdomskulen, og at prosjektet skal ha mykje av æra for dette! I ei videohelsing helsar leiar i • Mali-kveld I Nissedal med 120 frammøtte i mars • Medlem i Innsamlingskontrollen i april • Nissedal Ungdomskule hadde OD-dag i oktober for syklar til Tambaga • Mottakingsfest i Tambaga, Mali 31 oktober 2014 for nye skulesyklar. • NorSahel med i Visjon 2030 i november med konsept om gjenoppliving av nyfødde i Mali • NorSahel for første gong offisiell deltakar på den årlige Norad konferansen i desember 2014 «Ett barn, én lærer, én blyant og én bok kan forandre verden.» MALALA YOUSAFZAI Kven og kva NorSahel består av ei gruppe menneske som brenn for berekraftig utvikling i Mali. Våre prosjekt er retta mot utdanning av jenter og mot mor/barn arbeid. Vi har ei solid gruppe fagpersonar knytta til oss for helsearbeidet. NorSahel har i 2014 engasjert ein stadleg representant i ei lita stilling i Mali til å følgje opp arbeidet. Han heiter Etienne og er lønna av øyremerka midlar. I Norge har vi berre frivillige og ubetalte medarbeidarar. NorSahel er bistandsfaglig godt utrusta og legg vekt på god orden i økonomi. NorSahel legg tydeleg vekt på hjelp til sjølvhjelp og berekraft. Meir info om oss: Sjå nettsida vår. Samtidig legg vi vekt på å famne breitt og engasjere den vanlege mann i gata. Vi håpar fleire blir med oss i visjonen om å hjelpe dei mest sårbare i Mali med hjelp til sjølvhjelp. NorSahel har i 2014 tatt nye steg og er klare for nye utfordringar. Fatoumata i 7ende klasse (norsk 8ende) med sin nye skulesykkel nov. 2014 NorSahel nyhetsbrev jul 2014. . www.norsahel.no OD dag for syklar til Mali Malala Nissedal Ungdomskule arrangerte 30. oktober 2014 OD-dag. Dei arbeidde for pengar til skule-syklar til ungdom i Tambaga. Elevane gjorde ein framifrå innsats og fekk inn nærare 15 000 kroner. Etter jul skal Hølje Haugsjå og Øyvind Tveit frå NorSahel møte heile ungdomskulen der dei både skal takke og fortele litt frå Mali og Tambaga. Vi gratulerer Malala med fredsprisen for 2014! Malala har blitt det sterkaste symbolet på jenters rett til utdanning i land der deira rett til utdanning er under press. Også i Mali er det framleis ein lang veg å gå! Vi vil fortsatt ta del i denne kampen ved å setje fokus på jenters rett til skule på lik linje med gutar. Det er ein menneskerett. Støtt oss! Vi vil gjerne ha fleire støttespelarar. Ungdomskulen og jenter i Tambaga spør etter syklar for å kome til skulen. Mange fleire bør få skule-sykkel! Gi ein sykkel til jul! Ved å bruke kontonummer under gir du til syklar for utdanning av jenter i Mali. Ein annan god måte å støtte oss på er å bli medlem. Og hugs : NorSahel er medlem av Innsamlinsgskontrollen som betyr at rekneskapen blir nøye kontrollert og offentleggjort. Adresse: NorSahel 3855 Treungen KONTONR: 2801.32.59889 Medlemskontingent: 200,- år (merk medlem) Ein ny skule-sykkel: 600 kr (merk sykkel) Prosjekt nyfødd:(merk nyfødd) Kort om strategi Vi set fokus på Mali og Vest-Afrika, spesielt sårbare grupper. Vi vil gjere dette med grunnleggande prinsipp om hjelp til sjølvhjelp. Vi arbeider ut frå ein strategi som skal hjelpe mottakar i Mali til å finne fram til eigne ressursar og ta ansvar for utvikling sjølv. Hjelpa blir kanalisert gjennom nasjonale strukturar og ikkje på sida av desse, nettopp for å sikre berekraftig utvikling Nyfødd- prosjekt Prosjektet «Gjenoppliving av nyfødde i Mali» tar sikte på effektiv kamp mot spedbarns død i Mali. Mali er blant dei landa i verda der flest barn dør som spedbarn. Dette prosjektet skal også knytte fagmiljø i Noreg saman med Mali. Vårt konsept deltok i november på idédugnaden til Norad og U.D., Visjon 2030, der eit innovativt og nytenkande konsept blir presentert. Vi er nå i ein prosess der konseptet så og sei er ferdig og snart skal presentarast til framtidige samarbeidspartnarar. Bl.a. har vi allereie dialog med Kavli-fondet om mogleg støtte i 2015. Bilete av utstyret som skal brukast i prosjektet gjenoppliving i Mali Vår stadlege representant i Mali, Etienne, har jobba på dette prosjektet i Mali og førebudd ulike sider godt . Gjennom to besøk i Mali i 2014 har Hølje Haugsjå hatt møte både på fylkesnivå og med Helsedirektoratet i Mali. Vi er veldig glade for den opninga vi har fått for prosjektet. Vi har stor tru på at det kan redde mange småbarn. Den faglige tyngda er styrken til prosjektet. Legane Olav Mikkel Eielsen og Ola Didrik Saugstad dannar ei solid faggruppe der også Anita H. Haugsjå og Marthe Eielsen er med. Meir info om dette prosjektet blir å finne på våre nettsider om kort tid. Kontakt oss: (døgnåpent) E-Mail: Takk til alle støttespelarar [email protected] Telefon: 90171814 Web: www.norsahel.no Takk til alle som har støtta oss i 2014!! Me ynskjer alle lesarar av nyhetsbrevet eit Caption describing picture or graphic. rektig godt nytt år! «Utdanning er det sterkeste våpen for å forandre verden.» Nelson Mandela. Side 2 NorSahel nyhetsbrev jul 2014. . www.norsahel.no