«Sjølvhjelpsarbeid og grupper - Korleis få det til

Transcription

«Sjølvhjelpsarbeid og grupper - Korleis få det til
«Sjølvhjelpsarbeid og grupper
- Korleis få det til?
Velkomen til seminar
på Skei 21. januar
Sjølvhjelp Noreg, distriktskontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane,
inviterer Dykk til eit seminar om sjølvorganiserte sjølvhjelpsgrupper, og korleis
desse kan bli eit reelt supplement til profesjonell hjelp i offentleg velferd, og ein
mogleg eigenkraftmobilisering for folk flest. Oppgåva det offentlege, ulike
organisasjonar og andre kan ta på seg, vert å «legge til rette for informasjons- og
kunn-skapsformidling som bidrar til at selvhjelpsarbeidet kan vokse og utvikle seg
lokalt.» (Nasjonal plan for Selvhjelp 14–18).
Dei fleste av oss opplever og løyser problem livet gjennom. Nokre er vanskelege,
og ein finn ikkje enkle eller raske løysingar. Sjølvhjelpsgrupper kan vere ein god
arena for å handtere desse betre. Enkeltmenneske kan, ved å snakke med nokre
«fortrolige framande» som og har eit problem, få til ei endring i «sin måte å
forholda seg til sitt problem og/eller sine omgivelser på», (Jürgen Matzat, 1987), slik at
problemet tek mindre negativ plass.
Dei som deler kunnskap og erfaringar på seminaret er Per Sandvik, Sjølvhjelp
Noreg, Tobba Sudmann, Høgskulen i Bergen, Bjørg Nilsen, Bente Holmedal,
SMISO Hordaland, Eysteinn Udberg, fylkessekretær i Rusettervernet i Sogn
Fjordane.
Siste del av dagen, vil De få drøfte ulike problemstillingar med kvarandre i
grupper og plenum, der fleire av innleggshaldarane er med. Fokus er på innhald i
sjølvhjelpsgrupper og på informasjons- og tilretteleggingsarbeid i lokalsamfunn.
Alle interesserte er velkomne!
Torsdag 21. januar 2016 - kl 0900 - 1530
Skei hotell, Jølster
Gratis deltaking. Lunsj vert servert.
Påmelding: innan 15.01.16 til Kari Witzøe: [email protected] - mob: 95227631
Program
Skei, 21. januar 2016
Sjølvhjelpsarbeid og grupper Korleis få det til?
Kl. 0900
Velkommen v/Dagleg leiar for Sjølvhjelp Noreg sitt distriktskontor for
Hordaland og Sogn og Fjordane, og helsing frå Helsedirektoratet.
Kl. 0915
Kl 1045
Tobba Sudmann, Høgskulen i Bergen.
Korleis kan samfunnsstrukturar og profesjonelle bidra eller hindra at
enkeltmenneske og grupper får høve til å bruka eigne ressursar for å løysa
problem dei sjølve erfarer?
Korleis kan deltaking i sjølvhjelpsgrupper bidra til sosialdeltaking og
sjølvstyrking?
Beinstrekk med kaffe og noko å bite i.
Kl 1100
Kl 1145
Per Sandvik, Selvhjelp Norge - «Sjølvhjelp er meir enn ein samtale»
Beinstrekk og drikke
Kl 1155
Bente Holmedal og Bjørg Nilsen, SMISO Hordaland –
Korleis gjer vi det? Om Smiso og rettleiarar si oppgåve og rolle i det å leggja
til rette for og start opp gruppene. Kva rammer har gruppene? (samtale mm)
Lunsj
Kl 1220
Kl 1300
Ein dialog om erfaringar frå det «å snakke om det», særleg i ein
sjølvhjelpsgruppe. Her deltek nokre som har nytta grupper, og nokre som
har lagt til rette og starta dei opp. Dei snakkar om sine erfaringar og tankar
om det å nytte sjølvorganiserte sjølvhjelpsgrupper i løysing og
meistring av problem.
Kl 1345
Kari Witzøe: Korleis får vi det til hjå oss?
Deltakarane får snakke saman i grupper. (drikke og noko til, undervegs)
Gruppene kan velje ein eller fleire:
1) Prøve ut prinsippa for samtalar i sjølvhjelpsgrupper. (Sjølvhjelp Noreg)
2) Dele erfaringar om deltaking i/arbeid med sjølvhjelpsgrupper
3) Drøfte informasjons- og tilretteleggingsarbeid i eigen organisasjon eller
lokalsamfunn slik at fleire kan nytte sjølvhjelpsgrupper.
(døme: korleis leggje til rette for at sjølvhjelpsgrupper utgår frå kurs eller
leia grupper? Kva gjer vi i så fall for å få det til? Korleis og saman med
kven kan vi drive lokalt informasjonsarbeid slik at moglege interesserte får
tilgang til verktøyet?).
Kl 1500
Plenum: Kva kom gruppene fram til? Korleis kan De nytte Sjølvhjelp Noreg,
Og kvarandre som ressurs for å fremme bruk av sjølvhjelpsgrupper?
Vel heim!
Kl 1530
Tobba Sudmann, fysioterapeut og medisinsk sosiolog, tilsett
som første-amanuensis (forskar) på Høgskulen i Bergen,
Institutt for sosialfag og vernepleie og Senter for
omsorgsforsking Vest.
Ho er fagleg leiar for mastergradprogrammet i samfunnsarbeid.
Samfunnsarbeid er å undersøkje og påverke vilkåra for sosial
deltaking saman med dei det gjeld. Tobba Sudmann er med i fleire
prosjekt om velferdstenester på gard, der ein studerer korleis
einskildpersonar kan bidra til kvarandre si helse og trivsel gjennom
fellesskap og samhandling.
Sudmann er oppteken av korleis kroppen har verdi for sosial
deltaking, aktivitet og medverknad. Då må ein forstå kroppen
biologisk, men og korleis og kvifor kroppen treng aktivitet og
restitusjon, og korleis kroppen er utgangspunkt og middel for alt
sosialt liv. Sosial deltaking er både mål og middel for helsa vår. Det
same er fysisk aktivitet. Kombinasjonen sosial deltaking, natur og
fysisk aktivitet er difor interessant å kunna meir om.
Per Sandvik, rådgjevar på kompetansesenteret Selvhjelp
Norge sidan 2009. Han er utdanna psykoterapeut, har studert
faga sosiologi, psykologi, økonomi, litteraturvitskap og norsk.
Han har mykje erfaring med endrings- og prosjektarbeid i
privat og offentleg sektor. Han har tidlegare leia utvikling og
sikra gjennomføring av eit landsdekkande kurs- og
sjølvhjelpstilbod for pårørande til rusavhengige.
Eysteinn Udberg, fylkessekretær i Rusettervernet i Sogn
og Fjordane. Han er og deltakar i ei sjølvhjelpsgruppe, i regi
av rusettervernet. Rusettervernet er ein frivillig organisasjon, i
hovudsak driven av dugnadsarbeid frå medlemmar, og med
økonomisk stønad frå Helse Vest. Rusettervernet sine grupper
er for personar som ønskjer å slutte å ruse seg. Dei gjev
pårørande til rusavhengige tilbod om deltaking i eigne grupper.
Bjørg Nilsen
fagleg rettleiar ved SMISO Hordaland
Hordaland
Bente Holmedal
Fagleg rettleiar ved SMISO
Hordaland
SMISO Hordaland (Senter mot incest og seksuelle overgrep), har mykje
erfaring med å leggja til rette for ulike grupper. Støttegrupper er sjølvstyrte,
og er dei både Bente Holmedal og Bjørg Nilsen jobbar med. Jamfør
http://www.smiso-hordaland.no/Tilbudene-ved-senteret/grupper:
«Støttegruppene er en av bærebjelkene i senterets arbeid. En støttegruppe er
en selvstyrt selvhjelpsgruppe der brukere velger å arbeide sammen for å nå
personlige mål. Gjensidig støtte og hjelp, respekt, disiplinering og mot, er
viktige elementer i støttegruppe-arbeidet. Ansatte ved senteret er veiledere
for gruppene. De starter opp gruppene, og deltar inntil gruppene fungerer
selv.»