Mal til rapport - Logometrica AS

Transcription

Mal til rapport - Logometrica AS
Mal for sertifiseringsrapport
NYNORSK
Generelt
Etter at du har satt deg grundig inn i bruken av LOGOS, testar du éin elev med lesevanskar. Ta opp
eleven si lesing på PC eller på lydband til bruk i feilanalysen. Dersom du under testinga gjer observasjonar
som er viktige for testresultatet, kan du skrive desse inn i feltet ”Merknader” i
Logos.
Krav til rapporten sitt innhald
1. Personalia
Her oppgjer ein fiktive opplysningar om namn, skule osv.
2. Bakgrunn for tilvisinga
a) Informasjon frå skulen:
Kva for problem har eleven?
Kor lenge har han/ho hatt desse vanskane?
Har han/ho fått noko hjelp?
Dersom ja, kva for tiltak har blitt nytta (innhald, organisering
osv.)
Korleis har effekten av tiltaka vore?
Korleis fungerer eleven i rettskriving? I andre fag?
Andre informasjonar du meiner det er viktig å ta med
b) Informasjon innhenta ved samtale med eleven og føresette:
Forsinka språkutvikling?
Artikulasjonsvanskar?
Går lesevanskane igjen i familien?
Er eleven interessert i lesing/skriving?
Har eleven fått undersøkt syn/høyrsel? I så tilfelle – kva var resultatet?
Eleven sin motivasjon/interesse for å lese?
3. Presentasjon og tolking av Logos-resultata
A. Bruk detaljert rapport i kartleggingsarbeidet
B. Gå nøye gjennom kvar enkelt deltest. Du må alltid vurdere både prosentilet for korrekthet, prosentilet
for tidsbruk (R2) og effektivitetsprosentilet. Til slutt kategoriserer du vanskane i samsvar med
klassifiseringa i handboka til Logos (alvorlige vanskar, moderate vanskar eller innanfor normalområdet)
C. Rapporten må innehalde en samanfatting av resultata etter tolkinga av den enkelte deltesten. I
samanfattinga er det naturlig å halde følgjande deltestar opp mot kvarandre:
Leseforståing, lytteforståing og omgrepsforståing: desse kan saman sei noko om eleven si
generelle språkforståing.
Ordidentifikasjon, Fonologisk lesing og Ortografisk lesing: Gje ei samla vurdering av eleven
sin hovudstrategi og hans meistring av denne, underbygg vurderinga med å syne til resultat/funn i
dei enkelte deltestane. Sei og noko om kor godt eleven meistrar den strategien som ikkje er hans
fyrsteval.
Fonemsyntese og fonemanalyse (oppgåvesett 6-10, fonemisk medvit): desse to fortel deg
noko om eleven sin fonologiske medvit. Hald gjerne resultatet saman med Fonologisk lesing.
Å velje mellom ord og homofont nonord, ortografisk lesing og diktat: disse deltestane gjev
innsyn i eleven sin ortografiske medvit, og ein kan undersøke om det er forskjell mellom
gjenkjenning og gjenkalling.
Manuell og munnleg reaksjonstid: Desse to deltestane fortell deg noe om elevens generelle
reaksjonstid eller såkalla ”kognitive stil”.
D. Konklusjon: Til slutt i rapporten må en konkludere med omsyn til om lesevanskane synes å vere av
generell karakter eller om det er dysleksi. Bruk indikatorskjemaet.
4. Skisser eit utkast til eit pedagogisk opplegg for eleven
Sett opp konkrete forslag til øvingsoppgåver for eleven (sjå Forslag til pedagogiske tiltak i Handbok til
LOGOS og i Logos):
1. Tenk deg at opplegget skal nyttast av ein lærer/spesialpedagog i hjelpeundervisninga.
2. Skisser konkrete tiltak med utgangspunkt i elevens testresultat. Ikkje bare ”rams opp” ei rekke
tiltak – avgrens tiltaka!
Korleis meiner du at undervisninga bør organiserast (éin-til-éin, i gruppe etc.)?
Omfanget av hjelpeundervisninga: Kor mange timar pr. uke? Kor mange timar i alt? Gjer greie for korleis
ein bør vekta dei ulike tiltaka i éin undervisningstime.
Kva for konsekvensar får eleven sine vanskar for annen undervisning?
5. Samarbeid
Korleis kan eit samarbeid mellom skole og heim fremja leseferdigheita til eleven?
Korleis kan ein ivareta samarbeidet med andre lærarar på skulen som underviser eleven?
6. Supplerande testingar
Forslag til supplerande testingar.
Bør annan fagekspertise trekkjast inn i diagnostiseringsarbeidet? I så tilfelle- kva for ekspertise?
Avsluttande merknader
Innsending av rapporten
Rapporten skal sendast til Logometrica AS pb. 29, 4349 Bryne, seinast fem månader etter avslutta kurs.
Saman med rapporten sender du utskrift av:
• elevprofil
• detaljert rapport
• indikatorskjema
• framsida til sertifiseringsrapporten (det finn du her).
Etter at rapporten er motteken av Logometrica AS, vil det ta inntil åtte veker før du får tilbakemelding om at
rapporten er vurdert. Dersom rapporten blir godkjent, vil du få tilsendt eit brev om godkjenninga, samt
sertifiseringsbevis. Dersom rapporten ikkje blir godkjent, må det sendast inn ein ny rapport innan to
månader etter at brevet er motteke.