-- for utan mat og drikke duger helten ikkje

Transcription

-- for utan mat og drikke duger helten ikkje
-- for utan mat og drikke duger helten ikkje
© Opplysningskontoret for egg og kjøtt 2013
1. utgåve, 2. opplag 2014
Design: Bates United AS
Forfattarar: Ronny Lyseggen, Berit Ildjarnstad, Åse Kringlebotn
Omsetting: Kåre Vigestad
Redaktør: Bjørn H. Simonsen
Alle foto: Esten Borgos
Illustrasjonar: Bates United AS
Omslagsillustrasjon: Good Evening AS
Sats: Helvetica Neue
Trykk og innbinding: 07 Media AS
www.mat.no
2
Endeleg mat og helse!
Mats
Dette er di eiga, personlege kokebok. Du kan skrive
namnet ditt utanpå boka, og du treng ikkje å levere
henne tilbake når skuleåret er over. Ho er di! Du kan
teikne, fargeleggje og pynte i boka, løyse oppgåvene
og lime inn bilete. Bak i boka kan du skrive inn dine
eigne favorittoppskrifter. Kanskje får du nokre ekstra
gode oppskrifter frå familie og venner? Men det aller
viktigaste er at du lærer å lage mat!
Du får lære kva vi meiner med sunn kvardagsmat,
og kva som er poenget med å ete sunt.
Mathilde
Før vi går i gang, er det viktig å lære om reinsemd
(hygiene), bordskikk og samarbeid på kjøkkenet.
Det skal også vere morosamt og hyggeleg å lage
mat! Etter kvart kan du sikkert overraske med
å lage middag eller noko anna godt til familien din.
Oppskriftene i boka passar til fire elevar. Skal du
lage mat til fleire, må du auke mengda av
ingrediensar tilsvarande.
Lykke til med mat og helse!
3
Innhald
Velkomen til kjøkkenet!
LEKSJON 1:
Frukostblanding, smoothie ..................................................... side 6
Bakestart
LEKSJON 2:
Scones, frysetøy ................................................................. side 10
Mat av markas grøde
LEKSJON 3:
Grønsaksuppe, steikte eple, piska krem ................................ side 14
Middag for superheltar
LEKSJON 4:
Kokt laks, agurksalat, kokte poteter ...................................... side 18
Haustmat: bær, sopp og pannekaker
LEKSJON 5:
Pannekaker, rørte bær, soppstuing ........................................ side 22
Velkomen til bords!
LEKSJON 6:
Kyllingfajita, guacamole, tomatsalsa ...................................... side 26
LEKSJON 7:
Frokost = kos!
Rundstykke, koking av egg .................................................. side 30
Maten i verda
LEKSJON 8:
Kylling- og couscoussalat, steikt ris ...................................... side 34
Veksemat
LEKSJON 9:
Grovbrød, ertesuppe med kjøt .....................................................side 38
Søtt, salt, surt, bittert og umami
LEKSJON 10:
Forrett, hovudrett, dessert (sjokoladefondant med rips) ........... side 42
Tallerkenmodellen
LEKSJON 11:
Spagetti bolognese, salat, eplekake ...................................... side 46
Mat for kropp og sjel
LEKSJON 12:
Fiskesuppe, rullekake .......................................................... side 50
Frå mjølk til ost og smør
LEKSJON 13:
Pasta med ostesaus og laks, ferskost, heimelaga smør ........... side 54
Santa Lucia
LEKSJON 14:
Lussekatter, suppelapskaus med pølse ................................. side 60
Juleverkstad
LEKSJON 15:
Marsipan, peparkaker, kokosmakronar,
brune pinnar, risbollar, ostesmørbrød ..................................... side 64
Juleavslutning
LEKSJON 16:
Risgraut, gløgg .................................................................... side 72
God mat av restar
LEKSJON 17:
Eggepanne, arme riddarar, vaflar .......................................... side 76
4 / Innhald
Utvikling av ditt eige produkt
LEKSJON 18:
Pizzasnurrar, min eigen pizza ................................................ side 82
Førebu deg til kokkekamp
LEKSJON 19:
Kyllingfilet med pototeter i tomatsaus, crème brûlée ............... side 88
Kokkekamp! ............................................ side 91
LEKSJON 21: Samisk mat
Finnbiff, potetmos, trollkrem ................................................. side 94
LEKSJON 20:
Ro, ro til fiskeskjer
LEKSJON 22:
Seigryte, kokt ris, sjokoladekake ........................................... side 98
Tradisjonsmat
LEKSJON 23:
Kjøtkaker, brun saus, grøn ertestuing, fruktgraut med mjølk ... side 102
Sjømat er kult!
LEKSJON 24:
Blomkål med rekesaus, lappar ............................................ side 108
Mat frå andre land
LEKSJON 25:
Rogan josh (indisk lammegryte), asiatisk kyllingwok,
afrikansk peanøttsuppe, eksotisk fruktsalat, vaniljesaus ....... side 112
Påskebord
LEKSJON 26:
Fletteloff, eggerøre, muffins ................................................ side 118
Mat på tur
LEKSJON 27:
Foliepakke på bål, pinnebrød, eplesmultringar ..................... side 122
Erter, bønner, linser og nøtter
LEKSJON 28:
Falafel, tzatziki, kikertsalat .................................................. side 126
Salat til middag
LEKSJON 29:
Bland sjølv-salat, heimelaga is ............................................ side 130
Sommaravslutning
LEKSJON 30:
Pizza, sommarbowle, sjokoladesaus til is ............................. side 134
Kjøkkenreiskapar ................................................... side 138
Maten og næringstoffa ......................................... side 140
Bakterievekst ........................................................... side 141
Anatomien til egget ................................................ side 142
Kornsortar, forkortingar .................................... side 142
Stikkordliste ............................................................. side 143
Alfabetisk register over oppskrifter ................ side 144
Sider til eigne oppskrifter .................................... side 145
Innhald / 5
LEKSJON 1
6 / Velkomen på kjøkkenet!
Velkomenpå kjøkkenet!
LEKSJON 1
Først skal vi bli kjende på kjøkkenet og lære kva dei ulike kjøkkenreiskapane heiter.
Så skal vi lære om kvifor det er viktig å vere reinslege når vi lagar mat. Maten vi lager,
er det første måltidet for dagen: frukosten!
Frukostblanding
Smoothie (4 glas)
4 ms valnøtter
4 ms hasselnøtter
1 dl appelsinjus (eller annan fruktjus)
1 ms flytande margarin
1 ms sukker
1 ms honning
6 dl havregryn
1 dl solsikkekjernar
3 ms sesamfrø
1 banan
1 dl appelsinjus
2 dl yoghurt
4 dl frosne bær eller frukt
1
2
3
4
Skrell bananen.
Ha alle ingrediensane i ein hurtigmiksar.
Køyr miksaren til det blir ein jamn masse.
Hell smoothien i fire glas og server han
nylaga.
1 Set steikjeomnen på 140 °C og legg
bakepapir på eit steikjebrett.
2 Grovhakk nøttene.
3 Ha jus, margarin, sukker og honning i ein
liten kjele.
4 Varm opp medan du rører. Rør til sukkeret
er oppløyst.
5 Bland saman dei andre ingrediensane
i ein bolle.
6 Hell jusblandinga over i bollen og bland.
7 Fordel frukostblandinga jamt utover på
steikjebrettet med ein slikkepott.
8 Set brettet midt i steikjeomnen.
9 Bruk gryteklutar og ta ut steikjebrettet
etter ca. 30 minutt.
10 Rør i frukostblandinga med ei tresleiv og
steik vidare i 15–20 minutt.
11 Avkjøl og et blandinga med mjølk eller
yoghurt og friske bær eller frukt i bitar.
Tips
Om du vil ha ein tjukkare smoothie,
kan du ha i meir banan.
Velkomen på kjøkkenet! / 7
Velkomenpå kjøkkenet!
Kvatrurdukanskjedersomdugløymeråvaskehendeneførdulagarmat?
Det aller første vi må gjere, er å vaske hendene,
for å få bort alle bakteriane. Bakteriane er altfor
små til at vi kan sjå dei. Dei er flinke til
å formeire seg når det er passe varmt og
fuktig, slik det er på hendene våre.
Dersom mange bakteriar kjem over i maten,
kan dei gjere oss sjuke. Med såpe og varmt
vatn får vi vaska dei bort.
Ein bakterie består av berre ei einaste celle.
Formeiringa skjer ved at bakterien deler seg
i to. Delinga går kjempefort! På fem timar kan
éin bakterie ha blitt til 30 000! Heldigvis er det
ikkje alle bakteriar som er sinte og kan gjere
deg sjuk. Dei aller fleste lever naturleg inne
i tarmsystemet ditt. Dei er nyttige hjelparar
når kroppen skal fordøye maten.
Nokre reglar for god kjøkkenhygiene:
– Ta av deg ringar, klokke og armband, og saml
langt hår i ein strikk.
– Vask hendene med såpe og varmt vatn før du
begynner å lage mat, og før du skal ete.
– Bruk reint forkle.
VIKTIG! Vask alltid hendene etter toalettbesøk.
Kva er rett om bakteriar?
Set ring rundt dei rette orda:
Dei finst alltid/aldri på hendene våre (før
handvask).
Dei består av éi/to/tre/hundre/tusen/
millionar celle/celler.
Dei kan av og til/aldri/alltid gjere oss sjuke
dersom dei kjem over i maten.
8 / Velkomen på kjøkkenet!
Her kan du teikne ein sint bakterie:
LEKSJON 1
Frukost
Frukost heiter breakfast på engelsk. Det tyder «bryt fasta». Det stemmer bra, for vi har jo «fasta»
heile natta. Det vil seie at vi korkje har ete eller drukke noko. For at kroppen skal vakne, må vi
gi han nytt påfyll. Det er akkurat som når vi gir ein bil bensin dersom tanken er tom. Vi får ikkje
starta bilen på tom tank. Vi får ikkje kroppen til å arbeide, konsentrere seg og lære på tom tank
heller. Å ete frukost gjer det lettare å lære, og det gjer at du ikkje blir så fort sliten.
Mat og drikke til frukost er drivstoffet vårt!
Det gir oss energi og næringsstoff,
noko vi skal lære meir om etter kvart.
Her er nokre forslag til god og sunn frukost,
som vi gjerne kan variere mellom:
I favorittsmoothien min er desse
fruktene og bæra med:
– havregraut
– grovbrød med ulikt pålegg og mjølk
– frukostblanding med mjølk eller yoghurt
Det er viktig med eit variert kosthald, seier dei
vaksne. Med det meiner dei at vi bør prøve
å ikkje ete akkurat det same til frukost kvar
dag. Det kan bli så kjedeleg for kroppen at han
«protesterer». Då har vi nemleg ete så likt frå
dag til dag at kroppen har gått glipp av nokre
av alle dei ørsmå næringsstoffa som trengst.
Smoothie er godt som eit tillegg til frukosten,
for han gir oss mange nyttige næringsstoff frå
frukt og bær! Elles er det òg lurt å drikke eit
glas mjølk. Mjølk gir nyttige næringsstoff,
og det er særleg viktig når kroppen veks.
Kva er ein frukost? Kryss av for di
meining. Du kan setje fleire kryss.
brødskiver og mjølk
rundstykke og kakao
frukostblanding med mjølk
saft og seigmenn
cola og bollar
havregraut med bær
Smoothie = å drikke frukt og bær. NAM, NAM!
SPØRSMÅL
1 Kva kan du gjere for å passe på hygienen på kjøkkenet?
2 Kan vi sjå ein bakterie?
3 Kva trur du skjer dersom du tek i mat utan å vaske hendene først?
4 Dersom du gløymer å ete frukost, kva trur du skjer med kroppen din utover dagen?
Velkomen på kjøkkenet! / 9
LEKSJON 2
10 / Bakestart
Bakestart
LEKSJON 2
No skal vi lære meir om hygiene og kva god bordskikk er. Vi baker scones til kosefrukost
i helga eller når nokon kjem på besøk.
Scones (16stk.)
Frysetøy
5 ss margarin (100 g)
5 dl grov, sammalen kveite
5 dl kveitemjøl
¼ ts salt
5 ts bakepulver
4 dl mjølk
1 ms frysepulver
150 g sukker
½ kg reinsa bær
Til å strø på toppen:
2 ms linfrø, solsikkefrø eller graskarkjernar
1
2
3
4
5
6
7
8
9
1 Bland frysepulver og sukker godt saman.
2 Ha bæra i blandinga og rør med ein
rørespade til dei fleste bæra er knuste.
3 Hell frysetøyet over i eit syltetøyglas og
frys resten i tomme, vaska plastbeger.
Set steikjeomnen på 225 °C.
Legg bakepapir på eit steikjebrett.
Smuldr margarinen i mjølet med hendene.
Ha i dei andre ingrediensane og bland godt
saman med ein rørespade.
Del deigen i fire delar og trill dei til
store bollar.
Legg bollane på steikjebrettet og klapp
dei flate.
Lag eit kryss i deigen med ein kniv, men
skjer ikkje heilt igjennom.
Bruk ein bakepensel og pensl med mjølk.
Strø frø over.
Steik sconesane i 10–15 minutt, til dei er
lysebrune.
Bakestart / 11
Bakestart
Kva må vi hugse på før vi set i gang på kjøkkenet?
Hugsar du nokre av dei viktigaste hygienereglane?
– Vask hendene!
– Bruk reint forkle!
Bakteriane stortrivst og formeirar seg (deler seg) raskt i temperaturar mellom 10 °C og 50 °C.
På eit kjøkken er det kanskje rundt 20 °C. Derfor er det viktig å setje maten i kjøleskapet dersom
det er ei stund til vi skal ete han.
På hendene våre er det over 30 °C, nesten like varmt som kroppstemperaturen vår, som er
37 °C. Her liker bakteriane seg godt dersom vi gløymer handvasken!
Når vi lagar middag, er det fint å vite at dei aller fleste bakteriane døyr når vi varmar maten
godt nok – det vil seie når temperaturen kjem over ca. 70 °C.
Bak i boka, på side 141, ser du eit skjema som viser korleis bakteriane har det ved ulike
temperaturar. Korleis har bakteriane det mellom 20 og 40 °C?
Kva er god bordskikk?
Her er nokre reglar for god bordskikk:
– Set deg roleg ved bordet når verten eller
vertinna seier «ver så god!»
– Begynn alltid måltidet saman.
– Send til andre før du forsyner deg sjølv.
– Snakk hyggeleg og roleg med dei andre.
– Del dersom det er litt lite mat.
– Hugs å takke for maten.
– Hjelp til med å ta av bordet og hjelp gjerne
til med rydding og oppvask.
Finn endå ein regel til som du synest er viktig!
Kva er dårleg bordskikk?
12 / Bakestart
LEKSJON 2
Korleis skal vi vaske opp?
Det er ikkje alltid vi har oppvaskmaskin, så vi må også å lære å vaske
opp på den «gamle» måten. Her er hovudreglane:
–
–
–
–
–
Skyl av matrestar med lunka vatn. Bruk gjerne ein børste til å få av restane.
Vask opp i varmt såpevatn. Vask først opp det minst skitne, nemleg glas, deretter tallerkenar
og bestikk. Avslutt med kjelar og steikjepanner. Kanskje må du byte til nytt vatn undervegs?
Skyl alt i så varmt vatn som råd. Oppvaskhanskar er smart. Tørk med ein rein kjøkkenhandduk.
Skyl oppvaskkluten etter bruk i så varmt vatn som råd. Skyl han til slutt i kaldt vatn.
Heng kluten opp til tørk.
Sorter søppelet og ber det ut etter matlaginga.
SPØRSMÅL
1 Kva meiner vi med god bordskikk?
2 Kva for eit temperaturområde liker bakteriane best?
3 Kva bør vi ete eller drikke i tillegg dersom vi har nybakte scones til frukost?
Bakepulver - magi eller vitskap?
Alfred Bird ville lage luftige brød til kona si.
Ho var allergisk mot gjær. Han fann derfor opp
bakepulveret, i 1856. Bakepulver set i gang ein
kjemisk reaksjon som får deigen til å heve seg.
Vi bruker bakepulver til dømes når vi skal
bake scones.
Dugleiksmerke
No har du greidd
å få den første
utmerkinga di:
«Bakterienedkjempar»!
No kan du fargelegge
merket ditt.
13
LEKSJON 3
14 / Mat av markas grøde
Mat av markas grøde
LEKSJON 3
No får du lære om ulike grønsaker – korleis vi kan ta vare på dei, og kva vi kan bruke dei til.
Du får også lære om eple og litt om kva frukt og grønsaker gjer for kroppen.
Grønsaksuppe
Steikte eple
2 gulrøter
½ purre
2 skiver kålrot
1 skive sellerirot
1 l grønsakbuljong (1 l vatn +
1 grønsakbuljongterning)
2 ms frisk persille (kan sløyfast)
4 eple
3 ms hakka nøtter eller mandelflak
1 ts kanel
2 ms sukker
2 ms smør eller margarin
1
2
3
4
Vask og skrell grønsakene.
Del grønsakene i pene, små bitar.
Kok opp grønsakbuljongen.
Ha i grønsakene og kok dei i 8–10 minutt,
til dei er gjennomkokte. (Prøv med ein liten,
spiss kniv. Grønsakene skal vere lette å
stikke i.)
5 Smak på suppa og tilset eventuelt litt salt
og pepar.
6 Ha gjerne litt hakka persille over suppa
når du skal servere henne.
7 Server grønsaksuppa med brød eller
flatbrød.
1 Set steikjeomnen på 220 °C.
2 Skrell epla og bruk ein kjernehusutstikkar
til å fjerne eplekjernen.
3 Set epla i ei eldfast form og strø hakka
mandlar, kanel og sukker over.
4 Fordel smøret over epla.
5 Steik epla i omnen i 40–50 minutt,
til dei er møre. (For å få kortare steikjetid
kan epla delast i to.)
Piska krem
1½ dl kremfløyte
½ ts sukker
1 Ha kremfløyten i ein liten bolle saman med
sukker. Pisk fløyten til krem med ein visp.
2 Server epla saman med piska krem.
Steikte eple smaker òg godt med
vaniljekesam eller vaniljeyoghurt til.
Mat av markas grøde / 15
Mat av markas grøde
I tabellen på side
140 ser du
alle hovudgrupp
ene av matvarer,
kva for næringsst
off dei
inneheld, og kva
stoffa
gjer i kroppen vå
r.
Kva for næringsstoff treng vi?
«Næringsstoff» er namnet på dei stoffa som er i maten,
og som vi menneske treng for å leve og halde oss friske.
Supermat, finst det?
Her er ei oppramsing av mange ord som du kanskje har høyrt før.
Alle er ulike næringsstoff, og du får lære meir om dei etter kvart:
protein
karbohydrat
feitt
vitamin
mineral
sporstoff
vatn
Dersom vi hadde fått alle desse næringsstoffa i heilt passelege mengder frå éi einaste matvare,
då hadde det vore lettvint å ete sunt! Då skulle du vel ønskje at næringsstoffa var i:
Men slik er det ikkje, og det hadde vore ganske kjedeleg berre å ete det same kvar einaste dag?
Nokre typar matvarer inneheld mykje vitamin, medan andre inneheld mykje protein. Grønsaker,
frukt og bær inneheld mykje vitamin. Desse matvarene gir òg mange mineral og sporstoff.
Sporstoff er grunnstoff som vi treng i små mengder. Kjøt, fisk, egg, mjølk og bønner gir protein
til kroppen.
Kroppen kan ikkje lage vitamin sjølv, til dømes vitamin C. Derfor må vi få dei frå maten.
Men mange dyr, til dømes hundar, treng ikkje C-vitamin frå maten. Hundekroppen kan lage
C-vitamin sjølv.
Vi har A-, B-, C-, D-, E- og K-vitamin, og menneskekroppen treng alle saman.
A-, D-, E- og K-vitamina finst ofte i mat med mykje feitt. Dei blir kalla feittløyselege
vitamin. B- og C-vitamina finst ofte i matvarer med mykje vatn, til dømes i frukt,
bær og grønsaker. Dei blir kalla vassløyselege vitamin.
Grønsaker i alle fargar
Dei fleste norske grønsaker blir dyrka ute, men nokre blir òg dyrka i drivhus. Dei ulike
grønsakene inneheld ulike vitamin, mineral og sporstoff. Derfor er det aller sunnast å ete
så mange sortar grønsaker som råd i løpet av ein dag eller ei veke. Det er lurt å tenkje på
regnbogen. Greier du å ete grønsaker med alle fargane i regnbogen i løpet av ein dag?
Skriv opp alle grønsakene i regnbogen din
Fakta
Når vi lagar maten
sjølve og ikkje satsar på
ferdigmat, får vi i oss mykje
meir av næringsstoffa.
16 / Mat av markas grøde
LEKSJON 3
«Fem om dagen»
Det beste for kroppen er å ete variert kvar dag, og du har sikkert høyrt om «fem
om dagen»? Det vil seie at vi bør ete minst fem porsjonar grønsaker, bær eller
frukt om dagen. To–tre av dei bør vere grønsaker – eller helst fire! Ei handfull er
eit godt mål på kor mykje vi meiner. Fem handfuller om dagen er ein naturleg
«vaksine» mot mange sjukdommar som vi kan få seinare i livet.
Tips
På frukt.no/leksikon finn du bilete av og namn på dei aller fleste norske
og utanlandske grønsakene, i alle fargane i regnbågen.
Vasking og reinsing av grønsaker
Vi skyl grønsakene i kaldt eller lunka vatn. Vi bør alltid fjerne visne delar og skjere bort flekker
og skadar. Det kan følge med litt jord på grønsakene. I jorda kan det vere «stygge» jordbakteriar,
som vi ikkje ønskjer å få i oss. Skyl godt ut av vaskekummen etterpå, så det ikkje kjem jord på
andre matvarer.
Deling av grønsaker
Kva er det viktig å hugse på når vi skal skjere grønsaker? Det er viktig å halde kniven skikkeleg.
Hald godt i skaftet og pass på så fingrane ikkje kjem under knivbladet. Ta deg god tid, så lærer
du teknikken betre!
Når du skal dele opp grønsaker, er det lurt å skjere
av ein bit først. Så legg du grønsaka med snittflata
støtt på skjerefjøla. Del grønsakene i bitar som er
like store, slik at dei blir kokte like fort.
Dugleiksmerke
Når du no har øvd deg på å
lage grønsaksuppe, kan du
kalle deg «Grønsakninjaen»!
SPØRSMÅL
1 Kvifor er det viktig å ete grønsaker?
2 Kan du namnet på dei fem norske rotgrønsakene som er mest vanlege?
3 Kvifor må vi alltid vaske grønsakene før vi lagar mat?
Mat av markas grøde / 17
LEKSJON 4
18 / Middag for superheltar
Middag for superheltar
LEKSJON 4
Middagen prøver vi å ete saman – heile familien! Vi har lært om grønsaker. No skal vi lære om
middag som gir kroppen dei rette byggjesteinane. Stikkorda er poteter og feit fisk!
Kokt laks
Agurksalat
5 dl vatn
1½ ts salt
4 laksefiletar, utan skinn og bein (ca. 500 g)
1 agurk
2 ms sukker
1 klype salt
1 klype pepar
2 ms eddik
½ dl vatn
1 ms frisk persille (kan sløyfast)
1 Kok opp vatn. Ha i salt.
2 Bruk ein holspade og legg fisken i vatnet.
3 La fisken trekkje i 8–10 minutt. (Å trekkje vil
seie at vatnet ikkje skal koke, berre nesten,
slik at det så vidt rører på seg. Då får du
ein saftig fiskefilet.)
4 Lyft fiskestykka opp med ein holspade
og legg dei på eit serveringsfat rett før
servering.
5 Server med agurksalat og kokte poteter.
Kokte poteter
1 Skjer bort noko av det grøne skalet på
agurken med ein ostehøvel A.
2 Skjer agurken i tynne skiver med ein
ostehøvel B.
3 Bland sukker, salt, pepar, eddik og vatn.
Hell blandinga over agurkskivene C.
4 La agurksalaten stå i minst 15 minutt,
gjerne i kjøleskapet.
5 Strø finhakka persille over før du serverer.
A
B
4 store eller 8 små poteter
1 l vatn
½ ts salt
1 Skyl potetene og skrell dei med ein
potetskrellar. (Skrubb potetene med ein
potetbørste først dersom det er jord på dei.)
2 Set på vatnet til koking.
3 Ha i saltet og legg i potetene når vatnet
koker.
4 Kok potetene til dei er så møre
(gjennomkokte) at dei «slepper» når du stikk
i dei med ein kniv eller ein potetgaffel.
5 Hell av kokevatnet, bruk gryteklutar og lok.
(Læraren kan vise deg korleis du gjer det.)
6 Set kjelen utan lok tilbake på plata til resten
av kokevatnet er dampa bort.
7 Server potetene straks.
C
Middag for superheltar / 19
Middag for superheltar!
Kvifor er poteter så viktige?
Poteter og feit fisk er dei gode hjelparane til kroppen! Poteter er ein viktig del av mange
middagar. Dei er aller sunnast når vi et dei vanleg kokte, eller når vi lagar herleg potetmos av dei.
Visste du at også pommes frites og potetchips er laga av poteter? Då er potetene steikt i olje,
som er reint feitt. Det er ikkje så bra til kvardags!
Set kryss:
Har skulen din ein skulehage med poteter?
Ja
Nei
Har de ein kjøkkenhage med poteter heime?
Ja
Nei
Har nokon i familien din kjøkkenhage med poteter?
Ja
Nei
Kjenner du ein bonde som dyrkar poteter på åkeren sin?
Ja
Nei
Kvar veks potetene? Set kryss:
over jorda
under jorda
Poteter inneheld mange næringsstoff. Karbohydrat, fiber og jern er nokre av dei.
Jernet i matvarene gjer at vi ikkje blir blodfattige, trøytte og slappe.
På slutten av 1700-talet kom poteta til Noreg.
Dersom kornavlingane svikta, kunne folk redde
livet ved å ete poteter. For poteta er hardfør
og toler godt det kalde klimaet vårt. I tillegg er
avlingane store. Vi får mange nye poteter for
kvar potet vi set i jorda!
I tabellen på side 140 ser du alle
hovudgruppene av matvarer, kva
for næringsstoff dei gir, og kva
stoffa gjer i kroppen vår.
Ta ein titt på side 140, både no
og seinare!
Før vi koker potetene, må vi vaske dei godt. Veit du kvifor?
Det er mykje vi kan lage av poteter og bruke poteter til:
potetmjøl, potetlomper, potetterte (kake), potetsuppe, potetsnacks.
Veit du om fleire ting vi kan bruke poteter til?
20 / Middag for superheltar
LEKSJON 4
Feit fisk
Laks er ein feit fisk. Fiskefeitt er bra for kroppen vår! Andre feite fiskar er makrell, aure, sild og ål.
Feit fisk inneheld mykje av eit stoff som blir kalla omega-3, og som er viktig for hjartet og hjernen
vår. Vi bør helst ete feit fisk to til tre gonger i veka for å få i oss nok omega-3. Men makrell
i tomat på ei brødskive held, dersom du ikkje et fisk til middag. Om du absolutt ikkje et fisk,
bør du ta tran kvar dag.
Feit fisk inneheld òg vitamin D, som det
er viktig å få i seg fordi vitamin D hjelper
kroppen med å ta opp kalsium.
Kalsium gjer at skjelettet veks
seg sterkt.
Feit fisk er fast i kjøtet og går ikkje
så lett sund når vi lagar mat.
Derfor passar feit fisk svært bra til
wokking, steiking og grilling
Fakta
Superheltar tek tran heile året.
Det gir oss D-vitamin.
Og når sola treffer huda vår,
lagar ho D-vitamin i kroppen.
SPØRSMÅL
1 Kvifor er poteter ein viktig del av kosthaldet vårt?
2 Veit du namnet på nokre feite fiskar?
3 Kvifor er det viktig å ete feit fisk?
Middag for superheltar / 21
LEKSJON 5
22 / Haustmat: bær, sopp og pannekaker
Haustmat:bær,soppogpannekaker
Vi er så heldige at vi kan plukke friske bær og sopp frå skog og hage store delar av sommaren
og hausten. No får du lære korleis du kan lage nydeleg mat av det du får frå naturen.
Pannekaker
Soppstuing
3 dl kveitemjøl
½ ts salt
5 dl mjølk
4 egg
2 ms flytande margarin til steiking
200 g sopp (kantarell, sjampinjong eller ein
annan trygg matsopp)
1 ts flytande margarin
1 ts kveitemjøl
1 dl matfløyte
½ ts salt
¼ ts pepar
1 Bland saman mjøl og salt. Tilset halvparten
av mjølka.
2 Bruk ein visp og rør godt, til ei tjukk røre
utan klumpar.
3 Ha resten av mjølka oppi og rør til alt er
jamt.
4 Visp inn egga.
5 La røra stå på benken for å svelle
i ca. 15 minutt.
6 Steik tynne pannekaker på nokså sterk
varme. Snu pannekakene når dei har stivna
på oversida og har fått ein fin og gyllen
farge på undersida. Steik dei gylne på den
andre sida.
7 Server pannekakene med rørte bær,
soppstuing eller syltetøy.
1 Reins soppen og del han i skiver.
2 Steik soppen i tørr panne (utan margarin)
på middels varme til det dampar ut vatn.
3 Rør med ein trespade i panna og steik
vidare til alt vatnet har dampa bort.
4 Ha i margarin, rør om og drys mjølet over.
5 Rør om og hell i fløyten.
6 La soppstuingen småkoke i ca. 5 minutt.
7 Smak til med salt og pepar.
Rørte bær
½ kg blåbær, jordbær eller bringebær
150 g sukker
Rør bær og sukker godt saman med ei tresleiv,
til mesteparten av bæra er knuste og sukkeret
har løyst seg opp.
Haustmat: bær, sopp og pannekaker / 23
Haustmat:bær,soppogpannekaker
Kan vi «investere» med mat?
Bær er noko av det sunnaste vi kan ete. Dei er inneheld stoff som vernar oss mot sjukdommar
gjennom heile livet. Du har kanskje høyrt ordet å investere? Det vil seie å satse på noko som kan
kome til lønne seg seinare.
Når du et mykje bær, investerer du i helsa di i framtida. Og så smaker faktisk bær kjempegodt!
Dei fleste bærsortane inneheld vitamin, mineral og sporstoff. Bær vernar oss mot sjukdom.
«Antioksidantar», har du høyrt det ordet? Det er dei stoffa som hjelper cellene i kroppen med
å halde seg frisk. Blåbær er superhelten blant bæra!
Vi kan plukke desse bæra i skogen og på fjellet:
(Fyll ut med små teikningar, fargelegg og set på namn.)
Desse bæra kan vi dyrke i hagen:
(Fyll ut med små teikningar, fargelegg og set på namn.)
Kvar finn vi bæra?
Om sommaren og hausten et vi dei friske skogsbæra og hagebæra som veks i Noreg. Resten av
året får vi bær frå utlandet. I myrterreng og på fjellet veks det molter. I skog og eng er det mykje
bringebær og markjordbær. I skogen finn du også blåbær og tyttebær.
Bær gir oss desse vitamina:
(Set ring rundt det rette svaret.)
A-vitamin
B-vitamin
C-vitamin
Når vi blandar bær og sukker, kan vi lage sunnare syltetøy.
(Set kryss for det rette svaret.)
24 / Haustmat: bær, sopp og pannekaker
Då bruker vi mykje sukker
Då bruker vi lite sukker
LEKSJON 5
Kva kan vi gjere med bæra?
Det aller beste er å ete bæra nyplukka. Men alle bær kan frysast eller konserverast, slik at vi kan
bruke dei seinare. Med konservering meiner vi å behandle maten slik at han held seg godt til
seinare bruk. Det gjer vi til dømes når vi saftar eller syltar bæra.
– Syltetøy lagar vi ved å koke bær og sukker. Så slår vi blandinga over i glas med tette lok,
slik at det ikkje kjem luft til.
– Frysetøy laga vi i leksjon 2. Det kan vi ta fram utover vinteren. Heimelaga frysetøy smaker
mykje betre og friskare enn det vi kjøper, og så har vi gjort alt sjølve!
– Det er òg lurt å fryse fine og tørre heile bær. Dei kan brukast i ein frukosttallerken med havregryn, på frukostblandinga, i smoothie, til dessertar, i kaker, til pynt på kaker og mykje meir.
Sopp
Sopp gir fiber og nokre vitamin. Det er moro å gå på sopptur! Steikt sopp er herleg som pålegg
på brødskiva, som tilbehøyr til middagen eller som soppstuing i pannekakene. Det er viktig at vi
er hundre prosent sikre på at dei soppane vi et, er gode matsoppar – og at dei ikkje er giftige!
Kantarell er den mest kjende ville matsoppen hos oss.
Kjenner du fleire?
Fiber gir sunnare pannekaker
Fiber er eit viktig stoff som vi får fra grovt mjøl.
Fiber er ein slags feiekost i tarmane våre.
Pannekaker med mykje bær er sunn og god
mat til middag av og til. Pannekakene blir endå
litt sunnare dersom vi byter ut 1½ dl sikta
kveitemjøl med 1½ dl sammalen kveite.
Då blir det meir fiber.
(Sjå skjemaet på side 140.)
SPØRSMÅL
1 Kva for næringsstoff finn vi i bær?
2 Korleis kan vi ta vare på bæra?
3 Kvifor er fiber viktig for kroppen?
Haustmat: bær, sopp og pannekaker / 25
LEKSJON 6
26 / Velkomen til bords!
Velkomen til bords!
LEKSJON 6
No skal vi lære å vere vertskap. Høyrest det vanskeleg ut? Det går berre ut på at vi lagar god mat
og dekkjer eit hyggeleg bord – og at vi tek vare på gjestene våre og ønskjer «Velkomen til bords!»
Kyllingfajitas
Guacamole
2 kyllingfiletar
½ løk
½ raud paprika
½ grøn paprika
2 ts olje
½ pk. fajita- eller tacokrydderblanding
4 store (eller 8 små) tortillalefser
¼ glas tacosaus
1 avokado
2 ms sitronsaft
¼ løk eller 1 sjalottløk
½ ts salt
¼ ts kverna pepar
1 Skjer kyllingfiletane i tynne strimlar
– om lag så store som veslefingeren din.
2 Skjer løk og paprika i strimlar.
3 Varm olje i steikjepanna og steik
kyllingstrimlane ved middels varme,
til dei blir kvite.
4 Ta dei ut av panna og steik grønsakene
i 1–2 minutt.
5 Ha kyllingen tilbake i panna saman med
grønsakene og strø fajita- eller tacokrydderblanding over.
6 Rør om.
7 Legg på lok og la det stå på svak varme
i 3 minutt.
8 Varm tortillalefsene i steikjeomnen, slik det
er forklart på pakken.
9 Ta tortillalefsene ut av omnen og smør ei
matskei tacosaus på kvar lefse.
10 Legg på kyllingfyll og rull eller brett saman
lefsene.
11 Server fajitaene med salat, mais, riven ost,
rømme, guacamole og tomatsalsa.
1 Del avokadoen i to på langs. Ta ut steinen
og skrap ut avokadokjøtet med ei skei.
2 Mos avokadokjøtet med ein gaffel.
3 Ha over sitronsaft med éin gong, for at
avokadoen ikkje skal bli mørk på farge.
4 Finhakk løken og bland han i, saman med
salt og pepar.
5 La gjerne guacamolen stå i ca. ein halv
time før du serverer han. Då får han god
smak.
Tomatsalsa
2 tomatar
½ grøn paprika
½ ts salt
½ ts sukker
½ ts nykverna pepar
1 Skjer tomatane og paprikaen i små bitar.
2 Ha i salt, sukker og pepar og bland godt.
3 La gjerne salsaen stå i ca. ein halv time
før du serverer han. Då får han god smak.
Velkomen til bords! / 27
Velkomen til bords!
Kva vil det seie det å vere vertskap?
Å vere vertskap vil seie at vi tek imot gjester. Ofte serverer verten eller vertinna eit måltid.
Vertskapet skal få alle til å kjenne seg velkomne, anten det er ein enkel kvardagsmiddag,
eit selskap eller ein stor fest. Som vert eller vertinne må du òg syte for at gjestene trivst,
og at dei får mat, drikke og god service.
.».
Slik dekkjer du bordet. Her er ein «kuvert
50 cm
60 cm
Sunnare fredagskos til familien?
I svært mange familiar et dei taco som fredagskos. Taco kjem
opphavleg frå Mexico og er blitt svært vanleg i Noreg. Det er eigentleg
tacovarianten frå Texas i USA vi et. Derfor kallar vi gjerne denne maten
Tex-Mex. Mange kjøper ferdige tacoskjel, ferdig salsasaus og ferdig
guacamole. I tillegg bruker dei kjøtdeig.
Kva med å byte ut tacoskjela med tortillalefser og lage det andre
tilbehøyret sjølv? Salsa og guacamole er ikkje vanskeleg å lage
sjølv, og då smaker det betre òg. Berre prøv! Du kan òg byte ut
kjøtdeigen med reint kjøt eller rein fisk. – Eller karbonadedeig.
Kvifor er det sunnare å lage tacoen sjølv? Svaret er at vi då får i oss
mindre feitt (av det usunne slaget), og vi unngår dei kunstige stoffa
i ferdigmaten (E-stoff). Dette er to viktige ting å tenkje på for
heile familien!
Dersom du serverer familien taco neste fredag, får du øvd deg
på å vere vertskap, sjølv om det «berre» er for din eigen familie.
Neste gong kan du kanskje invitere nokre gjester?
28 / Velkomen til bords!
LEKSJON 6
Kva er protein?
Kjøt, fisk, mjølk, egg og bønner er matvarer som gir oss mykje protein. Til måltidet i denne
leksjonen bruker vi kyllingkjøt, men vi kan gjerne byte det ut med anna kjøt eller med fisk.
Hugsar du at protein er ei gruppe næringsstoff? (Sjå side 140.) Proteina blir òg kalla
«byggjesteinane i kroppen». Det er fordi protein med på å byggje musklane våre.
Særleg barn og ungdom som veks, treng protein.
Også dei vaksne treng protein kvar dag. Då blir proteina brukte mellom anna til å byte ut
gamle muskelceller. Derfor må alle få nok protein frå maten dei et, eller frå det dei drikk,
til dømes frå mjølk. Mjølk inneheld mykje protein.
Kva er kvitt kjøt?
Kylling og kalkun blir kalla kvitt kjøt. Over heile verda, i nesten alle kulturar, et menneske
kvitt kjøt. Derfor kan vi trygt servere kylling til alle gjester.
Kva slags grønsaker et familien din til kyllingmiddagen?
Kjøt er eigentleg musklane til dyra eller fuglane. Musklar består av mykje protein og litt feitt.
Kjøt frå fuglar er ofte magert. At kjøtet er magert, vil seie at det inneheld lite av
næringsstoffet feitt. For å få best mogleg helse bør mange barn og vaksne ete mindre feitt
– særleg av den typen som blir kalla «metta feitt».
Metta feitt er alt feitt som er hardt i romtemperatur, til dømes smør, hard margarin, det synlege
feittet på kjøt og det usynlege feittet i pølser og burgarar.
Når vi et kvitt kjøt, til dømes kylling eller kalkun, får vi lite feitt og mykje protein. Det vesle feittet
som finst i kvitt kjøt, sit like under skinnet. Så dersom vi tek av skinnet, blir det nesten ikkje noko
feitt igjen. På kyllingfilet, som vi bruker til fajitaene, er skinnet teke bort. Då er kjøtet magert,
og nesten utan feitt.
SPØRSMÅL
1 Kva vil det seie å vere vertskap?
2 Kvifor treng kroppen protein?
3 Frå kva slags matvarer får vi mykje protein?
Velkomen til bords! / 29
LEKSJON 7
30 / Frukost = kos!
Frukost kos!
=
LEKSJON 7
No skal vi lære å lage gjærbakst. Vi skal bake rundstykke og koke egg på rett måte.
– Og så skal vi lage ein super helgefrukost.
Rundstykker (8 stk.)
½ pk. fersk gjær (= ½ pose tørrgjær)
2 dl lunka vatn eller lunken mjølk
1 ms flytande margarin
½ ts salt
2½ dl grov sammalen kveite
ca. 2½ dl kveitemjøl
1 Set steikjeomnen på 240 °C. Dekk eit
steikjebrett med bakepapir.
2 Rør ut gjæren i fingervarmt vatn eller mjølk
i ein bakebolle (ca. 37 °C dersom du bruker
fersk gjær, og ca. 40–45 °C dersom du
bruker tørrgjær).
3 Tilset flytande margarin.
4 Rør inn salt og alt det sammale mjølet.
5 Set til mesteparten av kveitemjølet og elt
deigen smidig og jamn, slik at han slepper
reiskapen og bollen.
6 Dekk bakebollen med plast eller ein rein
kjøkkenhandduk. La deigen heve til
dobbel storleik.
7 Elt deigen lett saman og trill han til ei pølse,
som du deler i åtte like delar.
8 Trill glatte, sprekkfrie rundstykke og legg
dei på steikjebrettet.
9 La rundstykka etterheve under ein rein
kjøkkenhandduk til eit lett fingertrykk
i deigen går langsamt tilbake.
10 Pensl rundstykka med vatn.
Drys litt sammale mjøl over like før steiking.
11 Steik rundstykka midt i omnen
i ca. 10 minutt. Avkjøl dei på ei rist.
Koking av egg
1 egg per person
1 Ta egga ut av kjøleskapet ei god stund før
dei skal kokast, for då sprekk ikkje skalet
så lett. Du kan også stikke hol med ei nål
i den butte enden av egga for å unngå at
dei sprekk under kokinga.
2 Bruk ei skei og legg eitt og eitt egg forsiktig
ned i vatnet når vatnet koker.
Skru ned plata, slik at det ikkje fosskoker.
3 Ta tida frå du legg egga i vatnet.
4 Ta egga opp av vatnet straks dei er
ferdigkokte. (Sjå koketider nedanfor.)
5 Avkjøl hardkokte egg i iskaldt vatn
i 10 minutt. Dersom egga ikkje blir godt
nok avkjølte, kan det bli ein grøn kant
rundt plomma.
Koketider for egg
Blautkokte:
3–6 minutt
«Smilande»:
6–8 minutt
(fast eggekvite, blaut eggeplomme)
Hardkokte:
8–10 minutt
Frukost = kos! / 31
Frukost = kos!
Gjær er ein ørliten sopp
Vi bruker gjær til å heve deigen når vi baker brød eller rundstykke. Gjær er eigentleg ein
ørliten sopp. I butikken kan vi kjøpe gjær i to ulike former:
Fersk gjær finn du i kjøledisken i butikken.
Han er forma som ein liten terning, innpakka i
papir, litt fuktig å ta på og med grå-brun farge.
Fast gjær blandar vi med varmt vatn eller varm
mjølk (ca. 37 °C).
Tørrgjær finn du i butikkhylla saman med
mjøl. Tørrgjær er eit knudrete pulver som er
pakka i små posar. Det blandar vi med litt
varmare vatn eller mjølk (men ikkje varmare
enn 45 °C).
Som alt anna levande treng gjærsoppen mat, vatn og oksygen. Når vi blandar saman ein
gjærdeig, får gjærsoppen mat frå mjølet. Vatn får han frå deigvæska, og oksygen får han
når deigen blir elta og knadd.
Etter kvart tek gjærsoppane til å danne gassen karbondioksid. Gassen gjer at deigen hevar seg
og lagar eit luftig reisverk inne i deigen. Når vi steikjer brød eller rundstykke, stivnar reisverket.
Gjærsoppane døyr av varmen. Då har dei gjort jobben sin, og vi får flott, luftig gjærbakst
– alt takka vere den vesle nyttige gjærsoppen!
Kva veit du om egg?
Av alt vi kan ete, er egg det som gir mest næringsstoff per gram. Derfor seier vi at egg er det
mest næringsrike vi kan ete. Egg gir protein (byggjesteinane i kroppen) og mange vitamin,
mineral og sporstoff. Det er mykje meir av næringsstoffa i eggeplomma enn i eggekviten.
Over heile verda finst det høner som legg egg, og i alle land er det folk som et egg. Derfor har
egget fått sin eigen internasjonale bursdag: Verdas eggdag. Denne dagen blir feira den andre
fredagen i oktober kvart år.
Fakta
I gamle dagar kjøpte
folk ofte eit «dusin» egg (= 12)
eller eit «sneis» egg (= 20).
32 / Frukost = kos!
Tips Snurremetoden
Veit du korleis du kan finne ut om eit egg
med skal er rått eller kokt? Snurr det rundt
på bordet som ein snurrebass. Kokte egg
snurrar raskt, rå egg snurrar sakte.
LEKSJON 7
SPØRSMÅL
1 Korleis kan du vere med på å halde det reinsleg på kjøkkenet?
2 Kva treng gjærsoppen for å leve?
3 Du gløymer å ete frukost. Kva trur du skjer med kroppen din utover dagen?
Den fuglen som legg
størst egg på land, er strutsen.
Strutseegget er 10–15 cm. i diameter og
veg opptil 1800 gram! Det tilsvarer
28–30 hønseegg.
Eit egg veg mellom
53 og 73 gram. I Kviterussland var
det ei høne som la eit egg på 160 gram!
Det er det største hønseegget
i verda.
OPPDRAG
Lag ein koseleg helgefrukost til nokon du er glad i. Kok egg, set fram anna pålegg og brød eller
rundstykke. Lag te eller kaffi, dekk bordet hyggeleg og tenn gjerne stearinlys. Du kan òg ta bilete
eller video og vise det til læraren eller laste det opp på mat.no
Frukost = kos! / 33
LEKSJON 8
34 / Maten i verden
Maten i verda
LEKSJON 8
Korn er den viktigaste matvara i verda. Kveite er det vanlegaste kornslaget i Noreg og i mange
andre land. Ris er viktigast i Asia, medan mais er viktigast i Sør-Amerika. Couscous blir laga av
noko som heiter durumkveite, og denne kornsorten blir mykje brukt i Nord-Afrika.
Kylling- og couscoussalat
2 kyllingfiletar
½ ts salt
¼ ts pepar
1 ms flytande margarin
1½ dl couscous
½ beger raude cherrytomatar
50 g frisk spinat (¼ pakke)
1 ms frisk mynte
1 ms frisk koriander
1 ms kapers (kan sløyfast)
1 båt kvitløk
saft og skal av ½ sitron
1 ms olivenolje
1 Krydr kyllingfiletane med salt og pepar
og steik dei i margarin i 2 minutt på kvar
side. Legg lok over og la dei ettersteikje på
svak varme i 6–8 minutt. Set dei til sides.
2 Kok couscousen slik det er forklart
på pakken.
3 Skyl cherrytomatane og spinatblada og ta
bort grove stilkar på spinaten.
4 Hakk mynte og koriander og
finhakk kvitløk.
5 Skjer kyllingfiletane i bitar, ca. 1 x 1 cm.
6 Bland alle ingrediensane forsiktig inn
i couscousen.
Steikt ris
1½ dl basmatiris
1 båt kvitløk
75 g røykt skinke (½ påleggspakke)
1 gulrot
1 ms olje til steiking
1 dl frosne erter
2 egg
2 ms soyasaus
½ ts pepar
1 Kok risen slik det er forklart på pakken,
og la han bli kald.
2 Finhakk kvitløken, skjer skinka i bitar og
gulrota i små terningar.
3 Steik kvitløken i olje og ha i skinka.
4 Ha i risen, bland godt og la alt steikje til
det er gyllent.
5 Bland inn gulrot og erter og la alt steikje
på svak varme i 2 minutt.
6 Visp egga lett saman og hell dei over
i panna.
7 Rør om, slik at eggea blir fordelt.
8 Smak til med soyasaus og pepar.
Maten i verda / 35
Maten i verda
Kva kan vi gjere for å kjempe mot hungerkatastrofar?
FN har innstifta Verdas matvaredag, som er 16. oktober. FN vil at alle land skal samarbeide
for å kjempe mot fattigdom og svolt. For å mette så mange som råd er det viktig å dyrke mest
mogleg korn. I tillegg må kornet fordelast betre. Det blir produsert nok mat til å mette alle i heile
verda. Men maten er skeivt fordelt. Derfor er det mange som svelt.
Dei viktigaste kornsortane i verda er ris, kveite og mais.
Dei fire kornsortane vi dyrkar mest av i Noreg, er desse:
Nr. 1: bygg
Nr. 2: kveite
Nr. 3: havre
Nr. 4: rug
Her kan du teikne dei fire kornsortane vi dyrkar i Noreg
På side 142 ser du
korleis dei
fire viktigaste norsk
e kornslaga
er bygde opp.
Ris
Ris er det aller viktigaste matkornet i verda og blei dyrka i Kina for 7000 år sidan. Over to
milliardar menneske et ris kvar dag. Dei største risprodusentane er Kina, India og Indonesia.
Plantane veks på rismarker under grunt vatn. Det er mange typar å velje mellom. Dei vanlegaste
er langkorna ris, rundkorna ris (grautris), jasminris og basmatiris. Alle desse ristypane er heilt
kvite, sidan skalet er fjerna frå riskorna. Vi kan òg kjøpe fullkornris, som har skalet på.
Fullkornrisen gir meir fiber og vitamin og er sunnare for kroppen. I Noreg kan vi gjerne byte
ut ris med byggryn. Då sparer vi miljøet ved at vi ikkje transporterer ris heile vegen
frå Asia til Noreg.
Kveite
Kveite er den kornsorten vi et mest av i Noreg. Det finst mange spesialsortar av kveite, og éin
av dei blir kalla durumkveite. Både «couscous» og «bulgur» er laga av durumkveite. Couscous er
viktig i kosthaldet i Nord-Afrika, medan bulgur blir mykje brukt i Midtausten.
36 / Maten i verda
LEKSJON 8
Mais
Mais er ein kornsort som stammar frå Mexico, og han blei først dyrka for 8000–9000 år
sidan. Først blir maiskolbane hausta, og så blir det laga mange ulike matvarer av dei gule
maiskorna. Maismjøl er den viktigaste. I Mexico er maistortilla den matvara det blir ete
mest av. Maistortilla er ei slags lefse laga av maismjøl. Mais kom til Europa på
starten av 1500-talet.
I dag blir mais dyrka over heile verda. Her i landet gjer det kalde klimaet at vi berre kan
dyrke éin type mais, nemleg den gule maisen vi finn som maiskolbar i butikkane. Av mais
blir det òg laga polenta (små gryn), maisenna (maisstivelse), tacoskjel, tacosnacks og
popkorn.
Kva er karbohydrat?
Karbohydrat = stivelse, fiber og sukker. Dei næringsstoffa som det er mest av i korn, er
karbohydrat. I den kvite mjølkjernen er det mykje stivelse, medan det i skalet er mykje
fiber. Det er ikkje sukker i korn, men dersom vi tygg lenge på korn, smakar det etter kvart
søtt. Det er fordi spyttet vårt omdannar stivelse til sukker.
Næringsinnhald i korn
Kornslag og grove kornprodukt er sunn mat,
for dei gir kroppen karbohydrat (stivelse og fiber)
protein, vitamin, jern og fiber. Næringsinnhaldet
varierer frå kornsort til kornsort.
Toler alle å ete korn?
Det er ikkje alle som toler å ete korn. Somme
har ein sjukdom som heiter cøliaki. I Noreg er
det ca. 10 000 barn og vaksne som har denne
sjukdommen. Dei som har cøliaki, toler ikkje
stoffet gluten, som finst i både bygg, kveite,
rug og havre. Ris, mais og nøtter inneheld
ikkje gluten, så det kan dei ete.
SPØRSMÅL
1 Kva for kornsortar er dei viktigaste i verda?
2 Kvifor markerer FN Verdas matvaredag 16. oktober kvart år?
3 Kva for eit kornslag er couscous laga av?
4 Kva kan vi gjere for å unngå hungerkatastrofar?
Maten i verda / 37
LEKSJON 9
38 / Veksemat
Veksemat
LEKSJON 9
No er tida komen for å lære å bake brød. Eit nybakt grovbrød smaker kjempegodt og er svært sunt
for kroppen. Vi et brødskiver til mange måltid: frukost, skulemat, ofte til kveldsmat og av og til også
til middag, til dømes til ertesuppe. Protein, som er byggjesteinane i kroppen, finst både i grovt brød
og i erter. Saman blir grovt brød og erter super veksemat!
Grovbrød (1 lite brød)
Ertesuppe med kjøt
½ pk. fersk gjær
(eller ½ pose tørrgjær)
2 dl lunkent vatn eller mjølk
1 ms olje
½ ts salt
1½ dl sammalen kveite,
grov
1 dl rugmjøl, fint
ca. 2½ dl kveitemjøl
2 dl tørka erter
1 liter vatn
ca. 1 ts salt
100 g lettsalta flesk
1 løk
1 gulrot
1 ts timian
1 ms flytande margarin til å smørje forma
1 Set steikjeomnen på 200 °C og smør ei
avlang form (1 l eller 1½ l) med flytande
margarin.
2 Rør ut gjæren i fingervarmt vatn/mjølk,
ca. 37 °C dersom du bruker fersk gjær,
og 40–45 °C dersom du bruker tørrgjær.
3 Tilset olje i bakebollen.
4 Rør inn salt og alt det sammale mjølet (både
sammalen kveite og sammalen rug).
5 Tilset mesteparten av kveitemjølet og elt
deigen jamn og smidig, slik at han slepper
reiskapen og bollen A.
6 Dekk bakebollen med plast eller ein rein
kjøkkenhandduk og la deigen heve til dobbel
storleik B.
7 Ha litt mjøl på bakebordet og tøm deigen ut
på bordet. Skrap godt ut av bollen, slik at all
deigen kjem med.
8 Elt deigen lett saman og form han til ei tjukk
pølse, like lang som brødforma.
9 Legg deigen i forma og trykk han godt ned C.
10 La brødet etterheve under plast til eit lett
fingertrykk går langsamt tilbake.
11 Pensl brødet med vatn og lag forsiktig nokre
skrå snitt i overflata med ein skarp kniv.
12 Steik brødet på den nedste rilla, ca. 40 minutt.
Ta brødet ut av forma og avkjøl på ei rist.
1 Dagen før: Tøm ertene i ein kjele og fyll
den med kaldt vatn. La det stå over natta.
2 Hell vatnet av ertene, ha dei i ein kjele med
1 liter vatn, tilset salt og kok opp.
3 Skjer kjøtet i skiver, så i strimlar og til slutt
i terningar. Ha det i kjelen og la det
koke i ca. 1 time.
4 Hakk løken og skjer gulrota i små bitar.
5 Ha løk, gulrot og timian i kjelen og la
suppa koke vidare i ca. 15 minutt.
6 Smak eventuelt til med meir salt.
7 Server ertesuppa med grovbrød eller flatbrød.
A
B
C
Veksemat / 39
Veksemat
Kva er eit brød?
Brød baker vi av
1 mjøl*
2 væske (det vil seie noko vått, til dømes
vatn eller mjølk)**
3 kanskje litt feitt (oftast litt olje)
4 gjær
5 litt salt
6 kanskje noko som gir ekstra smak***
Ja til mat av korn!
Mat av korn, til dømes grovt brød, graut og
heimelaga frukostblanding, kan vi gjerne ete
meir av. Slik mat er mellom anna viktig for at
kroppen vår skal få nok fiber. På nettstaden
brodogkorn.no er det mykje nyttig å lære.
Kveitemjøl og rugmjøl eignar seg best til brødbaking.
Brøddeigen hevar seg best med desse mjølsortane.
** Som væske til brødbaking kan vi bruke alle typar
mjølk, vatn eller ei blanding av mjølk og vatn.
*
*** Det smaker godt med hakka urter, nøtter eller
frø (til dømes solsikkefrø) i brøddeigen.
Du veit no at fiber er
i kroppen.
Jern og fiber i korn
Mat av korn gir også jern, som gjer at vi ikkje så lett blir trøytte og slappe. Det finst tre
hovudtypar av mjøl: sikta mjøl (= kvitt mjøl), sammale mjøl og heilkorn. Dette seier oss noko
om kor fint eller grovt kornet er blitt male. Det er meir fiber i brød med mykje sammale mjøl
og heilkorn enn i brød med mykje sikta mjøl, til dømes loff.
Sjekk brødskalaen!
Når vi kjøper brød i brødpose, kan vi sjå etter «brødskalaen» på posen. Dersom tre
eller fire av felta på brødskalaen er farga, er brødet bakt av mest sammale, sunt
mjøl. Det er bra for kroppen!
40 / Veksemat
LEKSJON 9
Brød frå heile verda!
Å bake heime er billigare og mykje hyggelegare enn å kjøpe brødet. Opp gjennom tidene har
brød vore ein viktig del av kosthaldet til menneske over heile verda. Når vi er på ferie i andre
land, får vi ofte servert herleg brød før eit måltid eller til måltidet.
Kva for brød frå andre land har du smakt?
Vi kastar ikkje mat, vel?
Dessverre er det slik at vi kastar altfor mykje brød. Kvar familie kastar faktisk i gjennomsnitt
eit heilt brød i veka! Ein lur måte å halde brødet ferskt på er å fryse det ned i skiver. Ta opp dei
brødskivene som skal etast, og tin dei eller rist dei i brødristaren. I leksjon 17 skal vi lage mykje
godt av restar!
SPØRSMÅL
1 Kva kan vi bruke som væske i heimebakt brød?
2 Kva er den viktigaste forskjellen på brød bakt av sikta mjøl og brød bakt av sammale mjøl?
3 Kor mange felt bør vere farga på brødskalaen, når du skal kjøpe eit sunt brød?
OPPDRAG
Lag di eiga brødoppskrift og prøv
henne ut heime. Kva syntest familien
din om brødet?
Dugleiksmerke
Når du har bakt ditt
eige brød, får du eit
nytt dugleiksmerke:
«Bakemeisteren»!
Veksemat / 41
LEKSJON 10
42 / Søtt, surt, salt, bittert og umami
Søtt, salt, surt, bittert og umami
Vi skal lære om grunnsmakane i «Smaksveka». Vi skal òg lære å setje saman ein forrett, ein hovudrett
og ein dessert til ein treretters-meny. Så då kombinerer vi det heile og lagar ein treretters-meny med
dei fem grunnsmakane!
Forrett
med salt og bittert
– Spekeskinke og grapefrukt
Dessert
med søtt og surt
– Sjokoladefondant med rips
4 skiver spekeskinke
4 båtar grapefrukt
50 g smør
50 g mørk kokesjokolade
2 egg
½ dl sukker
½ dl kveitemjøl
ca. 1 dl rips (4–8 ripsklasar) og litt melis til pynt
1 Skjer av det kvite inst på grapefruktbåtane
og trekk skinnet forsiktig av.
2 Legg spekeskinka og grapefruktbåtane
pent på eit fat eller på fire tallekenar.
Hovudrett
med umami
– Strimla biff med grønsak- og potetmos
2 poteter
½ blomkål
5 dl vatn
3 ms mjølk
½ ts salt
200 g mørt biffkjøt
2 ms flytande margarin eller olje
1 Skrell potetene og del kvar potet i 4–6 bitar.
2 Skjer bort stilken og blada på blomkålen
og del han i små bukettar.
3 Kok opp vatn og ha i poteter og blomkål.
Kok til du kan stikke ein potetgaffel eller
kniv lett gjennom potetbitane,
ca. 10 minutt.
4 Hell av vatnet og bruk eit potetmosejern
til å mose potetene og blomkålen.
5 Ha i mjølk og smak mosen til med salt.
6 Skjer kjøtet i strimlar om lag så tjukke som
veslefingeren din.
7 Steik kjøtet i flytande margarin i ei steikjepanne, til det blir pent brunt på alle sider.
8 Server biffstrimlane med potet- og
blomkålmos.
1 Set steikjeomnen på 180 °C.
2 Smelt smøret i ein liten kjele.
3 Del sjokoladen i småbitar og ha
sjokoladebitane i det varme smøret.
La det stå i 2–3 minutt, til sjokoladen har
smelta. Rør saman med ein slikkepott til
alt er godt blanda.
4 Visp egga og sukkeret godt saman.
5 Tilset sjokoladeblandinga og bland godt.
Ha mjølet i ei mjølsikt og sikt det over i
sjokoladeblandinga. Rør godt.
6 Fyll muffinsformer ¾ fulle med sjokoladeblandinga. Set formene på eit steikjebrett.
7 Steik midt i omnen i ca. 7 minutt.
Avkjøl i formene i ca. 15 minutt.
8 Ha litt melis i ei mjølsikt og sikt melis over
formene ved servering.
9 Pynt med friske rips.
Søtt, surt, salt, bittert og umami / 43
Søtt, salt, surt, bittert og umami
Kva meiner vi med «grunnsmakane»?
Mennesket har fem sansar:
syn
høyrsel
kjensle
lukt
smak
Her skal vi lære meir om smakssansen. Med den kan du kjenne grunnsmakane: surt, salt, søtt,
bittert og umami. Ordet umami er japansk og tyder «det som smaker godt». Smaken «umami»
er nokså ny for oss i Noreg.
Vi får ofte morosame ansiktsuttrykk når vi smaker på mat med mykje av ein grunnsmak.
søtt
sur
uma
mi
salt
t
bittert
Smaksceller på tunga
I heile munnhola vår, men særleg på tunga, har vi celler med spesielle oppgåver.
Cellene registrerer dei fem grunnsmakane og sender ei lynrask melding til hjernen.
Smaker det surt, gir hjernen melding til nokre av musklane i ansiktet. Vi skjer ein
grimase, til dømes når vi smaker på ein sitron. Det går heilt automatisk!
Vi liker gjerne best den maten som har passe mykje eller passe lite av grunnsmakane.
Men folk har ulik smak. Somme liker søtt ekstra godt, andre liker syrleg (= litt surt)
eller litt salt mat best. Bittert er kanskje den minst populære grunnsmaken. Er du einig?
For at vi skal bli sikre på vår eigen smak, er det viktig å vite i kva slags mat dei fem
grunnsmakane finst. Det er lettast å finne grunnsmakane i heimelaga mat. Då lærer vi
meir om dei verkeleg gode, reine og naturlege smakane frå råvarene. Ferdigmat har
mykje kunstige smakar, og det forstyrrar ofte dei naturlege smakane i maten.
44 / Søtt, surt, salt, bittert og umami
LEKSJON 10
Søtt
Det som smaker søtt, er sukker, sukkertøy, tørka frukt, solmodne
frukter som mango og ananas og omnsbakte tomatar og paprika.
Kva slags annan mat smaker søtt?
Salt
Mat som smaker salt, er bordsalt, salamipølse, salte peanøtter og potetgull.
Kva slags annan mat smaker salt?
Surt
Vanlege sure smakar er sitron, sylteagurkar og surt godteri.
Kva slags annan mat smaker surt?
Bittert
Typiske bitre råvarer er grapefrukt, mørk sjokolade og kanel.
Kva slags annan mat smaker bittert?
Umami
Mat som smaker umami, er steikt kjøt, balsamico-eddik, soyasaus og vellagra ostar.
Kva slags annan mat smaker umami?
Dugleiksmerke
Når du har smakt og lært om
grunnsmakane, får du eit nytt
dugleiksmerke: «Supersmakar»!
SPØRSMÅL
1 Kva for fem sansar har vi menneske?
2 Kvar i kroppen sit smakssansen?
3 Kvifor er det viktig å lære om grunnsmakane?
Søtt, surt, salt, bittert og umami / 45
LEKSJON 11
46
Tallerkenmodellen
LEKSJON 11
Vi skal lære å lage mat både på kokeplater og i steikjeomnen. Kjøtsaus til spagettiretten lagar vi
på kokeplate, og eplekake steikjer vi i steikjeomn. Har du forresten høyrt om tallerkenmodellen?
Det er eit nyttig hjelpeverktøy når vi skal forsyne oss rett.
Spagetti bolognese
Eplekake
1 gulrot
½ løk
1 stilk stongselleri
1 ms flytande margarin eller olje til steiking
250 g kjøtdeig eller karbonadedeig
2 ms tomatpuré
1 boks hakka, hermetiske tomatar
2 dl kjøtbuljong (2 dl vatn +
½ terning kjøtbuljong)
½ ts salt
½ ts pepar
¼ ts malen muskat
250 g spagetti
3 eple
3 egg
2½ dl sukker
1½ dl margarin eller smør
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ms sukker
1 ts kanel
1 Skrell gulrota, reins løken og stongsellerien.
Skjer alt i små bitar.
2 Set steikjepanna på middels til sterk varme
og ha i margarin.
3 Ha i kjøtdeigen. Steik medan du bruker ein
steikjespade til å dele kjøtdeigen i små bitar.
4 Ha i grønsakene og tomatpuréen.
Hell dei hermetiske tomatane over.
5 Tilset buljong, rør godt og la kjøtsausen
koke i ca. 20 minutt.
6 Smak til med krydder.
7 Kok spagettien slik det står på pakken.
8 Bruk tallerkenmodellen (sjå neste side) når du
forsyner deg med spagetti, kjøtsaus og salat.
Salat
litt melis
1 Set steikjeomnen på 200 °C og smør ei
springform (rund kakeform).
2 Skrell epla og del dei i båtar med ein
epledelar. Legg dei i ein bolle med vatn.
3 Bruk ein handmiksar og pisk egg og sukker
til stiv eggedosis.
4 Smelt margarinen og ha han i eggedosisen
saman med mjølka. Bland forsiktig med
ein slikkepott.
5 Sikt kveitemjøl og bakepulver saman og
rør det forsiktig inn i kakerøra.
6 Hell kakerøra i forma. Bruk slikkepott.
7 Tørk vatnet av eplebåtane med kjøkkenpapir. Legg eplebåtane over kakerøra og
strø sukker og kanel over.
8 Steik kaka lengst nede i omnen
i ca. 40 minutt. Avkjøl henne på ei rist.
9 Ha litt melis i ei mjølsikt og drys han over
kaka før du serverer. Is smaker godt til.
1 pk. rapidsalat eller ½ hovud issalat
½ slangeagurk
4 reddikar eller ½ raud paprika
1 Vask salaten og riv han i strimlar.
2 Vask agurken og reddikane eller paprikaen.
Skjer alt i tynne skiver eller strimlar.
3 Bland saman salaten.
Tallerkenmodellen / 47
Tallerkenmodellen
Korleis kan du forsyne deg rett av middagen?
Når du forsyner deg etter tallerkenmodellen til middag, får du i deg dei næringsstoffa
kroppen din treng for å halde seg frisk og opplagd.
Tallerkenmodellen
Middagen er viktig for at du skal få i deg ulike matvarer frå dag til dag. Då er det god sjanse
for at du, i løpet av eit par dagar, har fått i deg alle dei næringsstoffa kroppen treng.
1/3 –
Middagen bør innehalde kjøt, fisk, egg, erter eller bønner eller linser for at du skal få i deg
nok protein.
1/3 –
Du bør også ete poteter, ris, mais eller pasta til middag. Bruk gjerne fullkornsris eller grov
pasta, då får du i deg meir fiber.
1/3 –
Middagen bør alltid innehalde grønsaker. Det gir mykje vitamin, mineralstoff og
sporstoff! Hugs «fem om dagen»!
48 / Tallerkenmodellen
LEKSJON 11
Italiensk mat
Bolognese er ein verdskjend, italiensk kjøtsaus som blir brukt både til pasta og som pizzafyll.
Det italienske kjøkkenet er eit av dei mest kjende kjøkkena i verda. Det vil seie at italiensk mat er
verdskjend. Italia ligg i den subtropiske sona. Der er klimaet slik at ein lett kan dyrke mange ulike
plantar. Blant dei eldste plantane i Italia er kveite, oliven, fiken, eple og druer.
Italiensk mat inneheld mykje pasta og grønsaker – og ganske lite kjøt. Ost er derimot ein viktig del av den
italienske maten. Det er lite fisk i havet rundt Italia. Derfor et dei mykje småfisk som vi i Noreg ikkje bruker
så mykje. Blant dei viktige råvarene elles er tunfisk, sardinar, blekksprut, skjel av ulike slag, reker, scampi
og ansjos. Italia er den største importøren av tørrfisk frå Lofoten.
Eple
Det aller sunnaste er å ete epla som dei er!
Då får du i deg mest av næringsstoffa.
Smaken varierer litt etter kva sort det er, og
kor modne dei er. Vi bruker eple i eplemos,
eplesaft, eplegraut, fruktsalat, steikte eple,
eplepai og eplekake. Epla frå Hardanger er
dei mest kjende i Noreg. Vi bør ta vare på alle
dei norske epla, ikkje la dei liggje på bakken
og ròtne!
Dugleiksmerke
Når du har laga maten
i denne leksjonen,
er det tid for eit nytt
dugleiksmerke:
«Monsignore Spagetti»!
SPØRSMÅL
1 Kvifor er det viktig å bruke tallerkenmodellen?
2 Kva veit du om italiensk mat?
3 Kva for eplesortar kan du finne namnet på? Bruk Internett, til dømes frukt.no.
Tallerkenmodellen / 49
LEKSJON 12
50 / Mat for kropp og sjel
Mat for kropp og sjel
LEKSJON 12
Vi kan vel ete akkurat det vi vil, kan vi ikkje? Sjølvsagt kan vi det, men helsestyresmaktene gir
oss likevel nokre gode råd om kosthaldet til kvardags. To av desse råda er å ete meir fisk og
meir grønsaker. Så no lagar vi herleg fiskesuppe!
Fiskesuppe
Rullekake
2 gulrøter
6 dl fiskebuljong (6 dl vatn +
1 fiskebuljongterning)
2 dl mjølk
2 ms kveitemjøl
ca. 100 g raud fisk utan bein
ca. 100 g kvit fisk utan bein
1 dl frosne erter
2 ms fløyte
eventuelt litt salt og pepar
1 ms grasløk
4 egg
1¼ dl sukker (120 g)
2 dl kveitemjøl (120 g)
½ ts bakepulver
1 Skrell gulrøtene og del dei i små bitar.
2 Kok opp fiskebuljong i ein kjele og legg
gulrøtene oppi.
3 Rist saman mjølk og kveitemjøl i eit glas
med skrulok og hell denne blandinga i ein
tynn stråle i suppa medan du rører godt.
La det koke i 5 minutt.
4 Skjer fisken i små terningar. Ha terningane
i suppa saman med ertene. La suppa
trekkje like under kokepunktet
i ca. 5 minutt.
5 Rør inn fløyte. Smak om suppa treng litt
salt eller pepar.
6 Klipp litt grasløk over til slutt.
Server suppa saman med grovt brød eller
flatbrød.
Fyll:
2½ dl syltetøy eller frysetøy
1 Set steikjeomnen på 200 °C.
2 Dekk botnen av ei langpanne
med bakepapir.
3 Pisk egga og sukkeret til stiv eggedosis.
Dersom du kan skrive OLE med vispen
i eggedosisen, er han stiv nok.
4 Sikt mjølet og bakepulveret saman og vend
det inn i eggedosisen med ein slikkepott.
5 Brei røra godt utover i langpanna.
6 Steik kaka midt i omnen i 8–10 minutt.
7 Legg bakepapir på ei kakerist.
8 Bruk gryteklutar og kvelv rullekaka på
papiret (læraren viser deg korleis).
9 La forma liggje over kaka til ho er avkjølt.
10 Fjern langpanna med bakepapiret og smør
syltetøy jamt utover kaka.
11 Rull kaka godt saman ved hjelp av
bakepapiret ho ligg på.
12 Pakk kaka litt stramt inn i bakepapiret og
legg henne kjølig med skøyten ned.
Mat for kropp og sjel / 51
Mat for kropp og sjel
Vi kan vel ete akkurat det vi har lyst på?
Ja, det kan vi sjølvsagt! Men det er lurt heile tida å smake på nye matvarer, slik at vi får variasjon i
maten vår. Vi må òg hugse dei gode reglane om «grønsaker i alle fargane i regnbogen»,
«fem om dagen», «tallerkenmodellen» og «fiber som feiekost i kroppen».
Helsestyresmaktene våre gir dei aller beste råda om korleis vi bør ete, slik at vi tek best
mogleg vare på helsa vår. Det lønner seg å høyre på desse råda.
Dersom vi forenklar litt, blir dei om lag slik:
Kostråd for superheltar
• Et grovt brød! (Bak sjølv, eller sjå på brødskalaen når familien din kjøper brød!)
• Dersom du bruker «smør» på brødskivene, lønner det seg å bruke litt mjuk margarin til kvardags.
• Vel grove kornprodukt (havregraut, byggrynsgraut eller heimelaga frukostblanding)!
• Ta ulike typar pålegg på brødskivene, men ikkje sjokoladepålegg til kvardags!
• Drikk lettmjølk, ekstra lettmjølk eller skummamjølk til brødskivene – og gjerne eit glas jus.
• Drikk mjølk, vatn eller jus til kvardags – brus og saft er til fest og feiring.
• Makrell i tomat eller røykjelaks er supergodt på grovt brød!
• Et mange ulike grønsaker! Skjer dei opp til snacksbitar og et så mykje du orkar!
• Kos deg med to–tre frukter kvar dag!
• Lag smoothie!
• Plukk bær og et det du orkar! Kjøp små pakkar med bær til kos elles i året.
• Smak alltid når du får fisk til middag!
• Fortel dei vaksne at du heller vil ha middag med reint kjøt eller fisk enn pølser, pizza og
burgarar! Vis familien din kva «tallerkenmodellen» er for noko!
• Smak alltid på maten før du saltar han.
• Lag heller ei sunn godteskål: oppskoren frukt, bær og nøtter.
52 / Mat for kropp og sjel
LEKSJON 12
Eit anna viktig råd frå helsestyresmaktene
Ver mykje ute og leik! Du bør ikkje berre sitje inne med spel og andre stillesitjande aktivitetar
etter skulen. Det er ikkje bra for helsa di. Tenk på alt det morosame du og vennene dine kan
finne på ute, anten det er haust, vinter, vår eller sommar. Spør foreldra og besteforeldra dine
om kva de leikte då dei var barn. Då kan du kanskje lære mykje morosamt!
Tips:
Nøkkelholsmerking
Når du ser ei matvare med nøkkelholsmerket, veit du at denne
matvara er den sunnaste innanfor si matvaregruppe. Merket kan
berre brukast på matvarer som gir grunnlag for eit sunt og variert
kosthald. På saft, brus, snacks og godteri kan merket
ikkje brukast.
Ei god kake --ein gong av og til!
Innimellom er det sjølvsagt heilt OK å kose seg med eit godt kakestykke.
Heimebakt smaker alltid betre enn kjøpekake! Når du baker ei rullekake,
lærer du mykje nyttig. Mellom anna lærer du å piske eggedosis, bruke
slikkepott og fordele røra jamt i langpanna.
SPØRSMÅL
1 Kvifor gir helsestyresmaktene råd om kva vi bør ete?
2 Kva meiner du er eit sunt kosthald? Diskuter med dei andre i gruppa di.
3 Kva trur du skjer med kroppen din dersom du berre et snacks og godteri og sit inne heile dagen?
Mat for kropp og sjel / 53
LEKSJON 13
54 / Frå mjølk til ost og smør
Frå mjølk til ost og smør
LEKSJON 13
Mjølk og kvit ost gir oss mest kalsium av alt det vi drikk og et. I tillegg får vi mange andre
næringsstoff. Av mjølk kan vi lage ost og smør. – Men korleis er det mogleg?
Pasta med brokkoli,
ostesaus og laks
Pasta med brokkoli
250 g tørr bandspagetti
2 l vatn
2 ts salt
½ brokkoli
1 Kok bandspagettien slik det er forklart på
pakken.
2 Skyl og reins brokkolien og del han i små
bukettar. Kok dei saman med pastaen dei
siste fire minutta.
Ferskost --cottage cheese
1 l mjølk
½ ts osteløype (kan kjøpast på apotek)
1 Varm mjølka til 37 °C og tilset osteløypen.
2 Rør om. Set mjølka til sides. La henne stå på
kjøkkenbenken til ho har skilt («osta») seg A.
3 Sil det heile gjennom ei sikt, slik at mysa renn
ned i ein bolle og ostemassen (cottage cheese)
blir liggjande att i sikta B.
4 Server ferskosten saman med friske
eller rørte bær C.
A
B
Ostesaus med laks
1 ms flytande margarin
2 ms kveitemjøl
3 dl mjølk
1 dl riven ost
2 laksefiletar utan skinn og bein (150 g)
2 ms finhakka basilikum eller persille
ev. ½ ts salt
1 Ha margarinen i ein kjele på svak varme.
2 Tilset kveitemjøl og rør blandinga jamn.
3 Tilset litt og litt av mjølka og rør blandinga
klumpfri mellom kvar gong.
4 Kok opp medan du rører godt.
5 La sausen småkoke i ca. 5 minutt.
6 Ha i riven ost og rør til osten smeltar.
7 Skjer laksefiletane i bitar. Ha bitane i sausen
saman med basilikum eller persille.
8 Smak om sausen treng meir salt.
Hald sausen varm i 3 minutt før du serverer.
9 Server pasta med brokkoli og ostesaus
med laks, eventuelt saman med grovt
brød og heimelaga smør.
C
C
Tips:
Blandar du ½ dl kremfløyte og ½ ts salt
i ferskosten, får du cottage cheese.
Frå mjølk til ost og smør / 55
LEKSJON 13
Heimelaga smør
6 dl kremfløyte
ca. ½ ts salt
1 Bruk ein handmiksar og pisk fløyten til
krem. Hald fram til du tydeleg ser at kremen
skil seg. Det faste er smør, det flytande
heiter «kinnemjølk».
2 Bruk ein slikkepott og ta alt ut av bollen.
Kinnemjølka kan frysast. Ho er fin som
deigvæske når du baker brød.
3 Form smøret til ein ball med hendene.
4 Legg smøret i ein stor bolle med kaldt vatn
og elt det i hendene. Det gjer du for å få ut
all kinnemjølka. Skift vatn 3–4 gonger og
kna smøret godt mellom kvar gong.
5 Elt salt inn i smøret og smak på det, til du
synest at det er passe salt. Pakk smøret inn
i matpapir og oppbevar det i kjøleskapet.
56 / Frå mjølk til ost og smør
Frå mjølk til ost og smør
LEKSJON 13
Kva kan vi lage av mjølk?
Å drikke mjølk er ikkje berre kult, det er smart òg! Særleg er det viktig å drikke mjølk til
brødskivene. Næringsstoffa i mjølk og brød passar saman som to brikker i eit puslespel.
Her kan du teikne favorittmaten din til mjølk:
Eg drikk mjølk
til frukost
på skulen
etter skuletid
til middag, av og til
til kveldsmaten
etter trening eller kamp
til pannekaker eller vaflar
til sjokoladekake
Denne mjølketypen er min favoritt:
Kalsium
Mjølk er viktig for at kroppen din skal få nok «kalsium». Men kva er kalsium?
Jau, kalsium er et næringsstoff i gruppa mineral. I kroppen er kalsium først
og fremst viktig for sterk beinbygning og sterke tenner.
Kva gjer kalsium i kroppen? (Kryss av for dei to rette svara.)
gir sterk beinbygning (skjelett)
gir sterke og friske tenner
er limet i kroppen
kostar tarmsystemet reint
Frå mjølk til ost og smør / 57
Yoghurt er laga av mjølk. Alle mjølkeprodukt inneheld kalsium. Det gjeld også ost!
Her kan du teikne favorittyoghurten din
Kva er favorittosten din?
gulost
brunost
smørjeost
pultost
gamalost
fetaost
kremost
chèvre
cottage cheese
ein annan ost:
I gamle dagar
På gardane der dei hadde kyr, laga dei ost og
smør sjølve i gamle dagar. Rekkjefølgja var slik:
1 Kua blei mjølka
Mjølka blei sett kjølig (i kjellaren).
2A: Ysting av ost (= lage ost)
– Dei tok av fløyten, som hadde samla seg til eit
lag øvst på mjølka. Fløyten skulle brukast til smør.
– Så tilsette dei litt osteløype i mjølka. Osteløype var
eit stoff som dei fekk frå magesekken på grisen når
dei slakta han. No får vi osteløype frå apoteket,
og den er kunstig laga.
– Osteløypa fekk mjølka til å skilje seg
i ostestoff og myse. Mysa blei brukt til å lage
brunost. Då må mysa kokast i mange timar.
– Ostestoffet blei samla til ein klump og lagt
i ei form.
– Osten blei så lagra til han blei fast, til gulost.
2B: Kinning av smør (= lage smør)
– Dei rørte fløyten i ei gammal «smørkinne» (no kan vi bruke miksmaster)
til smøret danna seg som klumpar i fløyten.
– Så tok dei ut smøret og elta det, slik at all kinnemjølka rann ut. Kald kinnemjølk drakk dei
som tørstedrikk, eller dei brukte kinnemjølka i brøddeigen.
– Til slutt elta dei inn litt salt i smøret og pressa det ned i flotte smørformer av tre.
Smøret blei lagra kaldt.
I våre dagar
På eit moderne meieri skjer det same med mjølka i dag som i gamle dagar. Forskjellen er
at vi no har eit kjempestort utval av meieriprodukt. Alle er laga av éi og same råvare: mjølk!
Kanskje mat og helse-gruppa di kan få kome på eit meieri og lære meir?
58 / Frå mjølk til ost og smør
LEKSJON 13
Finn ut kor mykje feitt det er i favorittosten din. Sjå på pakninga i butikken eller
i kjøleskapet. Der står det
g feitt per 100 g ost.
Finst favorittosten din i magrare variantar enn den du bruker?
Nei, det finst ikkje nokon
magrare variant enn den
eg bruker.
Nei, eg bruker den
magraste varianten av
denne osten allereie.
Ja, det finst ein magrare
variant av favorittosten
min.
Har du smakt cottage cheese frå butikken før?
Ja
Nei
Kva smakte best?
Heimelaga cottage cheese
(den vi laga på skulen)
Cottage cheese frå
butikken
Dei var like gode
SPØRSMÅL
1 Kva kallar vi væska som vi får når vi skil ut ostestoff frå mjølk?
2 Kva kallar vi den væska vi får når vi kinnar smør av fløyte?
3 Nemn minst fire ulike mjølketypar.
4 Kva er det viktigaste næringsstoffet i mjølk?
OPPDRAG
Lag smør-stafett:
Del gruppa i to like lag. Still opp i éin ring for kvart lag. Fyll eit eit stort glas med skrulok med
fløyte. Kvar elev skal riste i 30 sekund før glaset blir send vidare til den neste. Læraren styrer
tida. Første lag som har smørklump i glaset, vinn!
Frå mjølk til ost og smør / 59
LEKSJON 14
60 / Santa Lucia
Santa Lucia
LEKSJON 14
I heile Norden feirar vi luciadagen 13. desember. Det er dagen for lussekattar og lysfest.
Lussekattar er ein type gjærbakst som skal vere gul. For å få den rette fargen og smaken
bruker vi krydderet safran eller «erstatningskrydderet» gurkemeie.
Lussekattar
Suppelapskaus med pølse
75 g smør
2½ dl mjølk
½ pk. fersk gjær (= ½ pose tørrgjær)
1 dl sukker
¼ ts salt
1 ts kardemomme
½ ts gurkemeie
ca. 7½ dl kveitemjøl
Til pensling og pynt: 1 egg og 1 dl rosiner
5 dl kjøtbuljong (= 5 dl vatn +
1 kjøtbuljongterning)
2 gulrøter
4 poteter
3 stilkar stongselleri eller 1 skive sellerirot
½ løk
1 middagspølse
½ ts timian
1 Set steikjeomnen på 250 °C. Ta fram
steikjebrett og dekk dei med bakepapir.
2 Smelt smøret. Tilset mjølka og varm dette
opp til ca. 37 °C dersom du bruker fersk
gjær, og ca. 40–45 °C dersom du
bruker tørrgjær.
3 Smuldr gjæren i bakebollen og rør han ut
i litt av den lunkne mjølkeblandinga.
Bland inn resten av mjølka.
4 Rør i sukker, salt, kardemomme, gurkemeie
og mjøl til deigen er passe fast.
5 La deigen heve under plast, eller ein rein
kjøkkenhandduk, på ein lun stad til
dobbel storleik.
6 Drys litt mjøl på bordet. Ta deigen ut av
bollen. Elt deigen godt.
7 Del deigen i ca. 15 bitar og trill dei til lange,
fingertjukke pølser.
8 Form ulike lussekattar (nokre grunnformer
ser du på bilete).
9 Legg dei ferdig forma lussekattane på
steikjebretta og la dei etterheve under
plast i ca. 15 minutt.
10 Visp egget og pensl lussekattane.
Pynt med rosiner.
11 Steik lussekattane i 5–8 minutt.
12 Avkjøl dei litt på ei rist før servering.
Lussekattane smaker aller best lunkne.
1 Kok opp kjøtbuljongen.
2 Skrell gulrøtene og potetene og del dei
i bitar (stongselleri deler vi berre i bitar).
3 Hakk løken og ha alt i kjelen.
4 La det koke i 10–12 minutt, til grønsakene
så vidt er gjennomkokte.
5 Skjer pølsa i bitar og ha dei i suppa
saman med timian.
Santa Lucia / 61
Santa Lucia
Kvifor baker vi lussekattar?
Legenda seier at den historiske Lucia døydde martyrdøden på Sicilia 13. desember i år 300 e.Kr.
Då kristendommen kom til Norden, blei denne dagen ein merkedag. Den gamle historia om
Lucia blanda seg med urgamle nordiske tradisjonar, der tussar og troll gjekk frå hus til hus for
å passe på at alt var klart til jul.
Lussekattar er ein type gjærbakst som vi berre baker til luciadagen. Lussekattane er forma
som små bollar, S-forma kringler eller liknande. Dei skal vere gule. For å få den rette smaken og
fargen bruker vi krydderet safran eller «erstatningskrydderet» gurkemeie. Vi pyntar dei gjerne
med rosiner. Lussekattar er ein «importert tradisjon» frå Sverige.
«Importerte kulturtradisjonar»
Vi har alltid fått inspirasjon til ny god mat frå andre land. Nordmenn reiser ofte til utlandet, og
interessa for mattradisjonar i andre land har vakse enormt. Vi prøver oss med nye kryddersortar,
og dei gamle «typisk norske» middagsrettene får selskap av importerte retter. Nokre døme er
pizza, taco, tandoorikylling og sushi. I tillegg har vi fått nye festdagar, til dømes halloween og
valentinsdagen, med godtehaugar og kjærestemiddagar.
Vi kan ha ulike meiningar om slike «feiringar».
Dette meiner eg om Lucia-feiringa, med Lucia-tog og lussekattar:
Dette meiner eg om halloween: «Knask eller knep?»:
Dette meiner eg om valentinsdagen «I
62 / Santa Lucia
U»:
LEKSJON 14
Litt om krydder
Mange av dei vanlege kryddersortane kjem frå stilkar, blad og andre plantedelar.
– Men kan dei etast då? Ja, i så små porsjonar, som når vi krydrar meten, går det bra!
Her er nokre døme:
Blad:
basilikum, timian, koriander, rosmarin, salvie, dill, kjørvel, estragon,
løpstikke, bladpersille, merian, mynte, sitronmelisse, karse,
laurbærblad og grasløk. Blada kan vi bruke friske eller tørka.
Røter, jordstenglar
eller løk:
gurkemeie, ingefær, peparrot, persillerot, fennikel
(heile planten kan brukast), galangarot og kvitløk
Bork:
kanel
Frukt og bær:
paprika, anis, vanilje, pepar, kajennepepar, allehande,
einebær og laurbær
Fruktskal:
sitron og pomerans (bitre, små appelsinar)
Frø:
kardemomme, opiumsvalmue (valmuefrø), dill, sesam (sesamfrø),
solsikke (solsikkefrø), karve, muskatnøtt, ulike sennepsartar og
konglefrø frå pinjetreet (pinjekjernar)
Blomsterknoppar:
kapers og kryddernelliktre (nellikspikar)
Arret:
Av safrankrokusen bruker vi den blomsterdelen som blir kalla arret.
Krydderet safran er det dyraste krydderet i verda.
SPØRSMÅL
Teikn tre ulike
lussekattar:
1 Kva slags krydder bruker vi i lussekattar?
2 Kva for utanlandske kulturtradisjonar
som handlar om mat, kjenner du til?
3 Nemn nokre plantedelar som vi
bruker som krydder.
Santa Lucia / 63
64 / Juleverkstad
Juleverkstad
No er det snart jul! Det er ein gammal
tradisjon å fylle kakeboksane med
fleire sortar julebakst. Tradisjonen
seier at ein skulle ha minst sju sortar!
Kva slag det var, varierte frå stad til
stad og frå familie til familie. I dag er
det meir vanleg å bake nokre få sortar,
for det er hyggeleg både å bake
saman og å smake på resultatet.
I denne leksjonen kan de først lage
deigen til pepperkaker og la han
liggje i kjøleskapet til de steikjer
kakene seinare. Det same gjeld
marsipan, dersom de vil prøve å lage
det. I tillegg rekk de kanskje å bake
brune pinnar og kokosmakronar, og
kanskje teste ei smaksprøve saman
med eit glas kald mjølk?
Juleverkstad / 65
LEKSJON 15
66 / Juleverkstad
Juleverkstad
LEKSJON 15
Marsipan
Peparkaker
500 g mandlar
500 g melis
1 ms eggekvite
konditorfarge
150 g smør
1 dl mørk sirup
2 dl sukker
1 dl kremfløyte
½ ts malen nellik
½ ts malen ingefær
½ ts pepar
2 ts kanel
1 ts bakepulver
ca. 7½ dl kveitemjøl
1 Set steikjeomnen på 100 °C og dekk eit
steikjebrett med bakepapir.
2 Kok opp vatn i ein kjele og ha i mandlane.
3 Trekk kjelen av plata og la han stå
i ca. 5 minutt.
4 Sil mandlane gjennon ei mjølsikt.
5 Ta opp éin og éin mandel og klem litt i den
eine enden, slik at skalet losnar og kjernen
sprett ut. Vi seier at vi skåldar mandlane.
Kast skala.
6 Fordel mandlane utover på steikjebrettet
og tørk mandlane i omnen i ca. ein time.
7 Mal mandlane éin eller to gonger
i ei mandelkvern.
8 Mal mandlane ein gong til saman med melis.
9 Bland inn eggekvite og arbeid marsipanen
saman til han er glatt og heng godt saman.
10 Pakk marsipanen i plast og la han kvile
i minst to timar. Han kan gjerne liggje
i kjøleskapet over natta eller til neste leksjon
i mat og helse.
11 Så er det berre å bruke fantasien når du
lagar marsipanfigurar! Marsipangrisar som
premie til den som får mandel i grauten,
er berre éin idé! Du kan òg bruke små
peparkakeformer. Og du kan farge
marsipanen med nokre dropar konditorfarge
og elte inn litt meir melis.
1 Set steikjeomnen på 175 °C og legg
bakepapir på eit steikjebrett.
2 Bland smør, sirup og sukker i ein kjele.
Varm det opp til sukkeret er heilt smelta.
3 Ta kjelen av plata og avkjøl blandinga.
4 Rør inn fløyten.
5 Sikt i krydder, bakepulver og det meste
av mjølet.
6 Rør alt saman til ein jamn deig.
La deigen stå kaldt lengst mogleg.
7 Drys litt mjøl på bordet og elt deigen.
8 Kjevl deigen ut, til han blir ca. 3 mm tjukk.
9 Stikk ut ulike figurar og legg dei på
steikjebrettet.
10 Steik peparkakene midt i omnen
i ca. 10 minutt.
11 Avkjøl peparkakene på ei rist og pynt dei
eventuelt med melisglasur. (Piske ein
eggekvite lett med gaffel og rør inn melis
til konsistensen er passeleg. Glasuren kan
du farge med nokre dropar konditorfarge.)
Juleverkstad / 67
Juleverkstad
Brune pinnar
200 g smør
200 g sukker
2 eggeplommer
1 ms lys sirup
½ ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 g kveitemjøl
1 egg til pensling
2 ms sukker og 20 hakka mandlar til pynt
Kokosmakronar
2 eggekvitar
90 g melis
125 g kokosmasse
½ ts vaniljesukker
1 Set steikjeomnen på 180 °C og dekk eit
steikjebrett med bakepapir.
2 Skil egga og stivpisk eggekvitane.
(Eggeplommene kan til dømes brukast
til brune pinnar.)
3 Bland melis, kokosmasse og vaniljesukker.
Vend eggekviten lett inn i blandinga.
4 Bruk ei skei og set kakene på steikjebrettet.
5 Steik kakene midt i omnen i 12 minutt.
68 / Juleverkstad
1 Bruk handmiksar og pisk mjukt smør og
sukker til det blir lyst og kremaktig.
Det er dette vi kallar «å piske smør og
sukker kvitt».
2 Skil egga. Eggekvitane kan til dømes
brukast til kokosmakronar.
3 Bland resten av ingrediensane inn
i smørblandinga og rør saman.
4 Drys litt mjøl på bordet. Ta deigen ut av
bollen og elt han saman.
5 Del deigen i seks delar. Trill dei til pølser og
trykk dei ut på eit steikjebrett til flate stenger.
6 Visp egget og pensl kakestengene, strø
sukker og mandlar på dei og steik dei midt
i omnen på 175 °C i 10–12 minutt.
7 Skjer stengene på skrå i 2 cm. breie kaker
medan dei er varme.
8 Avkjøl kakene og legg dei over
på ei rist.
LEKSJON 15
Ostesmørbrød
4 skiver grovt brød
litt ketsjup
4 skiver kokt skinke
8 ringar paprika
4 skiver tomat
1 ts oregano
8 skiver kvit ost
1 Set steikjeomnen på 250 °C og dekk eit
steikjebrett med bakepapir.
2 Smør brødskivene med litt ketsjup.
3 Legg skinke, paprika og tomat
på brødskivene.
4 Strø oregano over og ha ost på toppen.
5 Legg brødskivene på steikjebrettet og steik
dei til osten har smelta, ca. 5 minutt.
6 Pynt gjerne med litt hakka, frisk paprika
og friske urter.
Risbollar
200 g kokesjokolade
250 g delfiafeitt
2 egg
2 dl sukker
3 ms kaffi, gjerne litt sterk
ca. 100 g puffa ris
1 Knekk sjokoladen i ruter.
2 Smelt delfiafeittet og sjokoladen saman
over svak varme. Rør saman og avkjøl litt.
3 Pisk eggedosis av egg og sukker.
4 Rør inn kaffien og sjokoladeblandinga i ein
tynn stråle. Rør lett inn puffa ris.
5 Bruk to teskeier og fyll risbollar i små
papirformer eller set dei på eit brett med
bakepapir.
6 Avkjøl og oppbevar bollane i kjøleskapet
fram til servering.
Juleverkstad / 69
Juleverkstad
Kvifor baker vi julekaker?
Desse julekakene er eg glad i:
Her kan du konstruere
super-peparkakehuset ditt:
Desse julekakene har
eg vore med på å bake før:
Julebaksten
Julebaksten er ein viktig juletradisjon. Dei vanlegaste norske julekakene er peparkaker,
peparnøtter, sirupssnippar, serinakaker, smultringar, fattigmann, goro, havremakronar,
kokosmakronar, sandkaker, krumkaker, strull, berlinarkransar, rosettbakkels, kokosmakronar,
bordstabelsbakkels og marvposteiar. I tillegg var det mange som bakte lefser, vørterkake,
julekake og Mor Monsen-kake til jul. Det er hyggeleg å bake til jul. I mange familiar er
det ein aktivitet ein gjer saman, både store og små.
Leit i gamle kokebøker eller spør besteforeldra eller oldeforeldra dine kva slags
julekaker dei er vane med frå sin eigen barndom. Fyll ut:
Det er spesielt moro å bake peparkaker og marsipan. Her gjeld det å vere kreativ og lage fine
figurar. Peparkakehus er òg ein vinnar! Mange av julekakesortane held seg lenge, og det var
viktig før i tida, då ein ikkje hadde kjøleskap eller frysar.
I tillegg til å bake til jul er det òg vanleg å lage julekonfekt. Finst det noko betre enn juleknekk
og heimelaga karamellar? Dufta av ferske peparkaker og andre småkaker er heller ikkje dumt!
Det er vel eit godt teikn på at det ikkje er lenge til jul?
70 / Juleverkstad
LEKSJON 15
Marsipan
Mandlar frå mandeltreet er hovudingrediensen i marsipan. Mandeltreet var kjent i Midtausten
og India lenge før Kristi fødsel. Sjøfolk og handelsmenn tok planten med seg heim på grunn
av dei vakre blomstrane. Historia fortel at den første konfektmarsipanen blei laga
i Europa tidleg i mellomalderen.
Kva for andre mattradisjonar har vi
i jula (middag julaftan og nyttårsaftan,
heimelaga julepålegg, dessertar)?
Dugleiksmerke
Når du har gjennomført
denne leksjonen,
kan du kalle deg
«Julekakebakemeister»!
SPØRSMÅL
1 Kvifor er det ein fordel at peparkakedeigen får kvile i kjøleskapet før vi baker han ut?
2 Korleis kan vi få brukt eggeplommene som vi får til overs når vi baker kokosmakronar?
3 Kva er det viktig å hugse på når vi laga marsipan?
4 Kvifor er det somme familiar som ikkje lagar julekaker, trur du?
Juleverkstad / 71
LEKSJON 16
72 / Juleavslutning
Juleavslutning
LEKSJON 16
«På låven sitter nissen med sin julegrøt ...» Ikkje berre nissen, nei! No skal de koke graut, lage gløgg
og kose dykk med eigen julebakst. Kanskje kan de invitere nokre gjester til å smake?
Risgraut
Gløgg
2 dl grautris
4 dl vatn
1 l mjølk
1 ts salt
1½ dl solbærsirup
6 dl vatn
1½ dl eplemost
1 bit heil kanel
6 heile nellikar
4 heile kardemommefrø
safta av ½ sitron
1 Kok grautrisen i vatn i ca. 10 minutt, til
vatnet er kokt inn.
2 Tilset mjølka, rør godt og kok vidare ved
svak varme til grauten er passe tjukk
(ca. ein time). Rør i grauten av og til medan
han koker.
3 Smak til med salt til slutt.
4 Server risgrauten med «smørauge», sukker
og kanel.
Ved servering: rosiner og hakka mandlar
1 Kok opp alt bortsett frå sitronsafta.
La det stå på plata og trekkje i 30 minutt.
2 Sil bort krydderet. Kok opp på nytt og tilset
sitronsafta. Server gløggen rykande varm
med rosiner og hakka mandlar (gjerne ved
sida av).
Juleavslutning / 73
Juleavslutning
Vi pyntar skulekjøkkenet til julefest
De hugsar vel kva som skulle til for å dekkje til fest?
Vi skal òg hugse å vere eit godt vertskap for kvarandre.
Dette er dei viktigaste vertskapsreglane:
Vi skal dekkje eit fint bord med duk, tallerkenar, glas, bestikk og serviettar. Det er hyggeleg
med litt pynt på bordet òg. Då er det fint med lysestakar, blomstrar og gjerne julepynt.
Planlegg og teikn ditt eige fantasijulebord:
Risengrynsgraut
Graut er kanskje den mest tradisjonsrike maten vi har i Noreg. Svært mange av dykk er vane
med å ete risengrynsgraut til jul. Somme har tradisjon for å gøyme ein mandel i grauten.
Den som finn mandelen, får ein premie – gjerne ein marsipangris. Det er godt å drikke
raud saft til grauten. Somme liker òg å ha gløgg ved sida av.
74 / Juleavslutning
LEKSJON 16
Julekake
med
hol i
midten
Kvitt
skjegg
og raude
klede
Vanleg
middag
på nyttårsaftan
Her kjem
vi dine ...
små
Vanleg
juletretype
Vanleg
middag på
julaftan
Fakta
Gløgg blei frå gammalt av rekna
som ein sunn og helsebringande drikk. Han
stammar frå omkring år 400 e.Kr. Drikken blei
kalla «ipocras», «ypocras» eller «hipocris»,
etter den greske legen Hippokrates
(460–377 f.Kr.), som blir kalla
«far til legekunsten».
OPPDRAG
Lag eit hyggeleg julepynta bord heime. Server gjerne risgraut, eller du kan servere
gløgg og småkaker som du har laga sjølv. Ta bilete av julebordet og vis dei til læraren
din, eller last opp bileta på mat.no
Juleavslutning / 75
LEKSJON 17
76 / God mat av restar
God mat av restar
LEKSJON 17
Det er mykje godt vi kan lage av restane i kjøleskapet. Særleg no etter jul kan restematen bli til gode
måltid. Osteskorper, middagsrestar, pålegg, tørt brød og skvettar av meieriprodukt kan brukast.
Egg kan du òg bruke, sjølv om datoen har gått ut. Målet er: Vi må ikkje kaste mat!
Eggepanne
Arme riddarar
4 egg
4 ms vatn
½ ts salt
¼ ts pepar
1 finhakka kvitløksbåt (kan sløyfast)
1 vårløk eller ¼ purre
1–2 tomatar eller 6–8 cherrytomatar
¼ squash
1–2 ts flytande margarin til steiking
1 dl riven ost eller 2 ms fetaost (restar)
2 egg
1–2 ms sukker
2 dl mjølk
½ ts kardemomme
¼ ts kanel
4 skiver brød, gjerne nokre dagar gammalt
1–2 ts flytande margarin til steiking
1 Visp egg, vatn, salt, pepar og eventuelt
kvitløk lett saman.
2 Skyl vårløken eller purren og skjer han
i tynne skiver.
3 Skjer tomatane i skiver eller del
cherrytomatane i to.
4 Skjer squashen i tynne skiver.
5 Ha margarinen i ei middels varm
steikjepanne. Slå i eggeblandinga.
6 La eggeblandinga stivne litt og fordel
grønsakene og osten over.
7 Skru ned varmen og la eggepanna stivne
heilt, gjerne under lok.
8 Bruk steikjespaden og stikk litt i eggepanna
medan ho stivnar, slik at det flytande på
toppen renn ned i botnen.
9 Server gjerne rista brød (restar) til.
1 Visp egga lett saman med sukker, mjølk og
krydder. Hell blandinga i eit fat med kantar.
2 La brødskivene liggje i røra til dei
er gjennombløytte.
3 Ta opp brødskivene og steik dei med litt
margarin i steikjepanne på middels varme.
Steik på begge sider til dei er pent
gulbrune.
4 Server arme riddarar straks, med rørte bær
eller syltetøy.
God mat av restar / 77
God mat av restar
Arme riddarar,
lunsjvariant
2 egg
2 dl mjølk
½ ts salt
4 skiver brød, gjerne nokre dagar gammalt
1–2 ts flytande margarin til steiking
4 skiver kokt skinke eller anna pålegg
4 skiver ost eller 4 ms riven ost (restar)
1 Følg punkta 1–3 i oppskrifta på føregåande
side og gjer det same med desse
brødskivene (men utan sukker og krydder,
berre salt).
2 Legg kjøtpålegget og osten på brødskivene
medan dei er i steikjepanna. Skru av
varmen og legg på lok. Vent eit par minutt,
til osten har smelta.
3 Server arme riddarar varme, med tomatar
og grøn salat. Då blir det nesten som ein
liten middagsrett.
78 / God mat av restar
Vaflar (ca. 10 plater)
100 g flytande margarin
4 egg
4½ ms sukker
½ ts kardemomme (kan sløyfast)
5 dl kveitemjøl
½ ts bakepulver
5 dl mjølk eller ei blanding av mjølk, fløyte,
rømme og yoghurt (restar)
1 Bland alle ingrediensane i ein bolle og
pisk til du får ei jamn røre.
2 La røra stå i minst 15 minutt, slik at mjølet
får svelle. Røra skal vere som ein tjukk
saus. Er ho for fast, kan du røre inn litt vatn.
3 Varm opp vaffeljernet og steik vaflane.
4 Nysteikte vaflar smaker godt med syltetøy
eller brunost.
LEKSJON 17
God mat av restar / 79
God mat av restar
Kvifor er det viktig å bruke opp restane?
Kvar person kastar ca. 50 kilo mat i året – mat som kunne ha vore eten! Det blir
gram mat som går rett i søpla kvar dag. Kor mykje blir det for din familie kvar dag?
No skal vi vere superheltar og finne fram til alt det gode vi kan lage av restar.
(rekn ut)
(rekn ut).
Men kvifor kastar vi restemat, eigentleg? Her er nokre forklaringar, kan du kome på fleire?
– Vi handlar inn for mykje mat.
– Vi lagar for mykje til middag.
– Vi forsyner oss med meir enn vi et opp.
– Vi kastar mat med ein gong datostemplinga har gått ut.
– Vi veit ikkje kva datostemplinga tyder.
– Vi vil ikkje ete det same to dagar etter kvarandre, så restane blir ståande.
– Vi veit ikkje kor lenge restane kan halde seg, så vi kastar dei.
– Vi veit ikkje kva vi kan lage av restane.
– Anna:
Tankevekkjar
Dersom alle familiar i Noreg blei flinkare til å handle berre akkurat det dei kom til å ete opp,
ville vi saman gjere noko stort og flott for miljøet. Då hadde det ikkje vore nødvendig
å produsere så mykje mat, og det ville ha hjelpt til med å verne miljøet på jorda. For det er
slik at meir matproduksjon aukar klimagassutsleppa. Då blir det gradvis varmare
på jorda. I tillegg er matsøppel eit stort miljøproblem.
Når vi lagar mat av restar
– sparer vi miljøet
– sparer vi pengar for familien
– lærer vi mykje viktig om å lage god mat
– oppdagar vi nye, spennande retter som vi kan lage
Kva får vi av restar etter jul?
Dette trur eg vi kan lage av restane:
Kva får vi av restar etter ein tacokveld?
Dette trur eg vi kan lage av restane:
80 / God mat av restar
LEKSJON 17
Kor lenge held maten seg ... eigentleg?
VIKTIG! Når det står «Best før» + dato eller
berre ein dato, er denne matvara like fin
å ete sjølv om ho har gått ut på dato.
Ikkje kast denne maten! «Best før»
vil seie at maten smaker best før datoen
på pakken, men han kan faktisk smake like
godt lenge etterpå òg. Mat som er merkt slik,
er til dømes tørre erter, bønner, linser, tørr pasta,
knekkebrød og egg.
VIKTIG! Dersom det står «Siste forbruksdag»
+ dato, må maten etast før han har gått over
datoen! Følg med i kjøleskapet, slik at du
unngår å kaste mat! Mat som er merkt på
denne måten, er til dømes pålegg som servelat,
kokt skinke, leverpostei og fiskepudding.
SPØRSMÅL
1 Kor mykje mat kastar kvar norsk familie på fire i gjennomsnitt kvart år?
2 Kva for ei matvare kastar vi mest av, trur du?
3 Nemn tre retter som du kunne tenkje deg å lage av restemat.
OPPDRAG
Bruk Internett, til dømes loop.no, og finn
ut kva som skjer med alt matsøppelet
som blir kasta i søppelbytta. Kan matsøppel vere ein ressurs? Presenter
resultatet for dei andre i klassen/gruppa.
Dugleiksmerke
Når du er ferdig med
denne leksjonen om
restemat, kan du kalle
deg «Matmiljøagent»!
God mat av restar / 81
LEKSJON 18
82 / Utvikling av ditt eige produkt
Utvikling av ditt eige produkt
No skal du få prøve deg som oppfinnar! Set saman ein heilt spesiell pizza som er din eigen!
Hadde du greidd å selje denne pizzaen dersom du hadde din eigen pizzarestaurant?
Korleis kunne du ha greidd det? Oppskriftene her er døme som du kan bruke som
utgangspunkt når du skal gjere din eigen vri.
Pizzasnurrar
Min eigen pizza
Pizzadeig:
½ pk. fersk gjær (= ½ pose tørrgjær)
3 dl lunka vatn
2 ms olje
ca. 7 dl kveitemjøl
½ ts salt
1 pitabrød
6 skiver tomat
2 ms pizzasaus
6 skiver mozzarellaost (eller annan ost)
2 ts pesto
Fyll:
ca. 100 g kokt skinke eller kyllingpålegg
5 ms pizzasaus
1 ts oregano
3 dl riven ost
1 Set steikjeomnen på 225 °C og dekk eit
steikjebrett med bakepapir.
2 Rør ut gjæren i fingervarmt vatn, ca. 37 °C
dersom du bruker fersk gjær,
og ca. 40–45 °C dersom du bruker tørrgjær.
3 Tilset olje, mjøl og salt. Elt deigen godt
saman og la han heve under plast eller ein
rein kjøkkenhandduk, til dobbel storleik.
4 Skjer skinka i strimlar og ta fram dei andre
ingrediensane til fyllet.
5 Ha litt mjøl på bakebordet og skrap ut
deigen. Elt deigen godt saman og kjevl han
til ein avlang firkant, ca. 30 x 50 cm.
6 Smør pizzasaus på det heile, bortsett frå
2–3 cm. ytst langs kantane.
7 Ha på skinke, ost og oregano og rull deigen
saman til ei pølse.
8 Skjer pølsa i ca. 1,5 cm. tjukke skiver og
legg dei på steikjebrettet.
9 Etterhev pizzasnurrane i ca. 15 minutt og
steik dei midt i omnen i ca. 15 minutt.
1 Set steikjeomnen på 225 °C.
2 Del pitabrødet i to, slik at det blir to
små pizzabotnar.
3 Skjer tomatane i skiver.
4 Smør pizzasaus på pizzabotnane og legg
på ost og tomat. Dryp pesto over.
5 Steik pizzaene midt i omnen i 5 minutt.
Lag ditt eige produkt!
Tortillalefser, naanbrød, polarbrød og potetlomper kan òg brukast som «pizzabotn».
Miks din eigen pizza ut frå dei råvarene de har
på kjøkkenet, til dømes kjøtbollar, skinke,
chorizo-pølse, reker, fiskepålegg, ost, pizzasaus, tacosaus, tomatpuré, rømme, pesto,
mais, paprika, tomatar, sopp, urter, ananas,
avokado, oliven eller nøtter. Bruk fantasien!
Utvikling av ditt eige produkt / 83
Utvikling av ditt eige produkt
Korleis kan du gjennomføre dei gode ideane dine?
«Produktutvikling» og «marknadsføring». Har du høyrt desse to orda før? Kanskje nokon
i familien din arbeider med produktutvikling eller marknadsføring?
Produktutvikling
«Produktutvikling» vil seie å utvikle eit heilt nytt produkt. Ofte startar det med noko så enkelt
som ein god idé. Men det kan vere lurt å sjekke om ideen er så god som du sjølv trur. Då må
du først gjere spørjeundersøkingar for å få vite om også andre synest at ideen er god. Det er
lurt å utvikle produktet og teste det ut i ei lita gruppe.
Dersom testgruppa ikkje er fornøgd, må du kanskje «justere» produktet. Justere er det same
som å tilpasse. Dersom det til dømes er ein ny type yoghurt, kan det hende at testgruppa synest
at yoghurten er for søt. Då må du som produktutviklar lage ein ny yoghurt med litt mindre
sukker, og teste han ut ein gong til. Produktet bør testast om att og om att – heilt til testgruppa
er superfornøgd!
Undervegs må du finne ut korleis du kan tene pengar på produktet. Pengane du tener, blir kalla
«forteneste». For å få forteneste må utgiftene til produksjonen vere mindre enn inntektene
av salet.
Marknadsføring
«Marknadsføring» vil seie å bestemme målgruppe, bestemme prisen og lage reklame for å selje
produktet. Ei «målgruppe» er dei du ønskjer å nå fram til med produktet ditt. Det kan til dømes
vere alle som er interesserte i sunt kosthald. Dersom det er ein ny yoghurt, må du finne ut kva du
trur du kan selje yoghurten for – og bestemme prisen slik at du får ei forteneste.
Så må du bestemme korleis du skal reklamere for yoghurten, og du må lage salsargument. Det
kan vere: «Ny blåbæryoghurt med mindre sukker!» Det er lurt å lage ein annonse i eit blad eller
ei avis. Kanskje kan du lage ein videoreklame? Eller kanskje kan du lage reklame på Internett?
Du må altså bestemme deg for kva for «reklamekanalar» du vil bruke. Ein reklamekanal er den
staden der du vil ha reklamen din. Heile denne jobben blir kalla «reklamekampanje».
Eg veit om desse reklamekanalane:
84 / Utvikling av ditt eige produkt
LEKSJON 18
OPPDRAG
1 Komponer pizzaen sjølv!
Det er vel ikkje berre italienarane som kan finne opp ein pizza, er det vel? No får også de prøve
dykk. Det er lurt å starte med ei spørjeundersøking på skulen. Då kan de finne ut kva elevane
i målgruppa ønskjer seg på pizzaen, korleis dei vil at pizzabotnen skal vere, osv. Dersom de
meiner at de har ein supergod idé, kan de satse på at mange vil like pizzaen, og berre gå i gang!
I alle fall må de hugse å teste ideen dykkar!
2 Spørjeskjema
3 Budsjett
1 Bestem dykk for ei målgruppe
for pizzaen:
No kan de planleggje kor mykje gruppa
treng av kvar ingrediens, og finne ut kva
ingrediensane kostar. Så må de bli einige om
kor mykje det ferdige produktet skal koste.
Gruppa skal ha forteneste på det de sel.
Fyll ut tabellen nedanfor.
2 Kva ønskjer målgruppa
på ein ny pizza?
Budsjett: No er det tid for å finne ut kor
mykje ingrediensane kostar.
De må tenkje på:
Ingrediens
3 Kor mykje er dei villige til å
betale for ein slik pizza?
Pris
Ost
4 Kva skal pizzaen heite?
5 Kva slags type botn skal det vere?
6 Kor mange ingrediensar skal det
vere på pizzaen?
Pris for heile pizzaen
kroner
Vi kan selje pizzaen for
kroner
Forteneste per pizza
kroner
Utvikling av ditt eige produkt / 85
OPPDRAG, FRAMHALD
4 Marknadsføring
1 Lag ein salsplakat for produktet. Skriv kvifor dykkar produkt er det
beste. Teikn eller lim inn eit bilete av produktet.
2 Kan de lage ein reklamefilm for produktet?
3 Kva skal produktet koste, og skal de gi rabatt til dei som kjøper fleire på éin gong?
4 Lag brosjyrar om produktet og del dei ut til alle i målgruppa.
5 Har gruppa andre idear til marknadsføring?
5 Produksjon og sal
Produser pizzaen og sel han til målgruppa dykkar.
6 Evaluering
Når prosjektet er avslutta, kan de i gruppa evaluere
dykkar eige prosjekt. Å evaluere vil seie å vurdere
korleis prosjektet gjekk. Presenter resultata for dei
andre i gruppa/klassen. Kva gjekk bra? Kva gjekk
ikkje så bra? Kva kan de lære av dette til neste gong?
Evaluering er ein viktig del av arbeidet for alle som
arbeider med produktutvikling og marknadsføring.
SPØRSMÅL
1 Kva lærte de av marknadsundersøkinga?
2 Kva er forteneste?
3 Kva er god marknadsføring?
86 / Utvikling av ditt eige produkt
Dugleiksmerke
Når du har gjennomført
denne leksjonen, får du
eit nytt dugleiksmerke:
«Petter Smart»!
Lag din eigen salsplakat:
Utvikling av ditt eige produkt / 87
LEKSJON 19
88
Førebu deg til kokkekamp
LEKSJON 19
Har du høyrt om eller sett på kokkekamp på TV? Ser det ikkje kjempespennande ut?
No er det dykkar tur til å ha kokkekamp! I denne leksjonen skal de planleggje kokkekampen
og finne oppskrifter som de kan bruke. Kvar gruppe får 125 kroner til å kjøpe råvarer for.
Her får de sjå kva andre elevar har kjøpt for ca. 125 kroner, og kva dei har laga.
Dette var handlelista:
2 kyllingfiletar
4 poteter
1 bunt brokkoli
1 boks hermetiske tomatar
1 liten boks tomatpuré
1 løk
6 egg
3 dl matfløyte
1 appelsin
= 125 kroner
Dette blei laga:
Kyllingfilet med poteter i tomatsaus.
Crème brûlée til dessert.
Oppskriftene ser du på side 91.
Kanskje har de andre oppskrifter som de har
lyst til å prøve i kokkekampen? Det er viktig å
lage ei handleliste over kva de treng. Ta lista
med i butikken og undersøk kva det kostar, før
de bestemmer dykk for kva de skal lage. Det
kan hende at de må lage noko anna dersom de
ikkje har råd til å handle inn ingrediensane.
Førebu deg til kokkekamp / 89
LEKSJON 19
De er blitt einige om kva de skal lage av mat til den store kokkekampen. Det er viktig at de held
dykk til planen og følgjer oppskriftene. Så er det berre opp til dykk korleis resultatet blir!
Klar – ferdig – kok!
Kokkekamp gjennomføring
Klar – ferdig – kok! Det gjeld å dekkje eit hyggeleg bord, så når maten er klar,
får dommarane både ei god og ei pen oppleving.
OPPSKRIFT 1
OPPSKRIFT 2
Ingrediensar
Ingrediensar
Slik gjer du det:
Slik gjer du det:

°C

90 / Førebu deg til kokkekamp
rille

min.

°C

rille

min.
Kokkekamp!
LEKSJON 20
Her er oppskriftene til bileta på side 89 (døme på kva ei gruppe på ein annan skule laga):
Kyllingfilet med
poteter i tomatsaus
1 ms flytande margarin til steiking
2 kyllingfiletar
1 liten løk
2 båtar kvitløk
1 boks hakka hermetiske tomatar
2 ms tomatpuré
1 ts tørka oregano
½ ts salt
¼ ts pepar
½ ts sukker
4 poteter
½ brokkoli
1 Ha margarinen i steikjepanna og steik
kyllingfiletane på middels varme,
ca. 2 minutt på kvar side. Skru ned til svak
varme og legg på lok. Ettersteik i 6–8
minutt. Legg filetane på ein tallerken.
2 Grovhakk løken og finhakk kvitløken.
3 Steik løken og kvitløken på middels varme
til løken blir blank – han skal ikkje bli brun!
4 Tilset hermetiske tomatar, tomatpuré og
oregano og la alt småkoke på svak varme
i ca. 15 minutt. Smak til tomatsausen med
salt, pepar og sukker.
5 Skrell potetene og del dei i bitar.
Del brokkolien i litt store bitar.
6 Ha vatn i ein kjele, kok opp, ha i potetbitane
og la det koke i ca. 7 minutt.
7 Legg brokkolien i kjelen, kok opp på nytt
og la dei koke 3–4 minutt. Hell av
kokevatnet og legg brokkolien på eit fat.
8 Bland potetbitane inn i tomatsausen og
varm opp.
9 Skjer kyllingfiletane i skiver og server dei
med tomatsaus og brokkoli.
Crème brûlée
3 egg
3 dl matfløyte
2 ms sukker
½ ts vaniljesukker
4 ts sukker (til karamell på toppen)
8–10 appelsinbåtar til pynt
1 Set steikjeomnen på 125 °C.
2 Visp egg, fløyte, sukker og vaniljesukker
lett saman.
3 Sil blandinga og la henne stå i 4–5 minutt.
4 Set fire eldfaste porsjonsformer i langpanna.
Fyll langpanna med så mykje vatn at
botnen vert dekt.
5 Fordel eggeblandinga i formene og set
langpanna forsiktig inn midt i omnen.
6 Steik eggeblandinga i 40 minutt, til ho
har stivna.
7 Ta langpanna forsiktig ut. Ta ut formene og
hell vatnet ut av langpanna. Få gjerne hjelp
av ein vaksen.
8 Set på grillen på steikjeomnen. Strø ei
teskei sukker på kvar av formene og set
dei på eit steikjebrett. Set brettet øvst i
omnen og følg med i omnsvindauget! Etter
kort tid (ca. 2–3 minutt), når sukkeret har
karamellisert seg, tek du brettet forsiktig ut.
9 Server avkjølt crème brûlée med
appelsinbåtar utan skal.
Tips:
Crème brûlée kan òg steikjast i ei
paiform, i ei langpanne med vatn, på
same måten. Steik då i ca. 40 minutt.
Kokkekamp! / 91
Kva lærte du av kokkekampen?
Dette synest eg om kokkekampen:
Korleis gjekk det å planleggje det gruppa di skulle lage?
Det gjekk bra.
Det var litt vanskeleg å bli einige.
Vi måtte få litt hjelp frå læraren.
Til middag laga vi
Til dessert laga vi
Vi pyntet bordet med
Årets kokkekampgruppe
Vil mat og helse-gruppa di vere med i ein konkurranse?
Premie: Vinnargruppa får 5000 kroner til å lage ein avslutningsfest
før sommaren for heile klassetrinnet!
Viktig!
Heile mat og helse-gruppa di kan vinne sjølv om berre eitt bord er med i konkurransen.
Fyll ut på side 90 pluss på denne sida og ta kopi eller skann sidene. Ta også bilete av rettene
og det pynta bordet. Send oss utfylt sidene 90 + 92 + bilete på e-post (helst) eller i brev til:
[email protected]
Opplysningskontoret for egg og kjøt
Postboks 395 Økern
0513 Oslo
Merk e-posten eller konvolutten med Kokkekamp!
NB! Innsendingsfrist: må sendast frå skulen før påske!
Namnet på skulen:
Telefonnummeret til skulen:
Adresse:
Namnet til læraren:
Elevane på mitt bord (fornamn og etternamn):
Viktig: Heile mat og helse-gruppa di kan vinne, sjølv om berre eitt bord er med i konkurransen.
Lykke til!
92 / Kokkekamp!
LEKSJON 20
Her kan du teikne og fargeleggje det de laga til kokkekampen (eller lim inn eit bilete):
Kokkekampar for vaksne
Har du høyrt om kokkekonkurransar som vaksne kan vere med på? Den mest kjende er den
franske konkurransen «Bocuse d’Or» (blir uttalt: «båkkus dår»). Bocuse d’Or er eit slags VM i
kokkekunst. Konkurransen blir arrangert annakvart år i den franske byen Lyon. Bocuse d’Or
blei starta av den franske kokken Paul Bocuse i 1987. Noreg er det landet, nest etter Frankrike,
som har teke flest medaljar. Hurra!
1987: Arne Brimi, semifinalist
1989: Eyvind Hellstrøm, 5. plass
1991: Lars Erik Underthun, sølv
1993: Bent Stiansen, gull
1997: Odd Ivar Solvold, bronse
1999: Terje Ness, gull
2003: Charles Tjessem, gull
2005: Tom Victor Gausdal, sølv
2007: Sven Erik Renaa, beste fiskerett
2009: Geir Skeie, gull
2011: Gunnar Hvarnes, bronse
2013: Ørjan Johannessen, beste fiskerett
Dugleiksmerke
Når du har gjennomført
kokkekampen, får du eit
nytt dugleiksmerke:
«Meisterkokk»!
SPØRSMÅL
1 Kvar fann de oppskriftene til kokkekampen?
2 Fekk de hjelp av nokon vaksne heime?
3 Korleis samarbeidde gruppa di om kokkekampen?
Kokkekamp! / 93
LEKSJON 21
94 / Samisk mat
Samisk mat
LEKSJON 21
«Mun lean nealgi ja goiku!» («Eg er svolten og tørst!») Reinkjøt har alltid vore den viktigaste matvara for
dei samane som driv med reindrift. Det er den viktigaste handelsvara òg! 6. februar blir samefolkets
dag feira, og då passar det å lage finnbiff av reinkjøt når vi skal lære meir om samisk matkultur.
Finnbiff
2 gulrøter
100 g frisk sjampinjong
75 g bacon
1 ms flytande margarin til steiking
200 g reinskav
1 dl vatn
1 dl mjølk
3 knuste einebær
1 dl seterrømme
2 skiver brunost
¼ ts tørka timian
½ ts salt
¼ ts pepar
1 Skrell gulrøtene og reins soppen. Skjer det
i skiver. Skjer bacon i terningar eller strimlar.
2 Ha margarin i panna og steik reinskav og
bacon raskt på sterk varme.
Ha det over i ei gryte.
3 Steik gulrøtene og soppen raskt på sterk
varme. Ha det over i gryta.
4 Tilset vatn og mjølk og rør om.
5 Kok opp og la det småkoke i 10 minutt.
6 Knus einebæra med eit kjevle eller
ein mortar.
7 Tilset rømme, brunost, einebær og timian.
8 Rør om og la det småkoke i 5 minutt.
Smak til med salt og pepar.
Potetmos
6 poteter
5 dl vatn
1½ dl mjølk
2 ms flytande margarin
½ ts salt
½ ts pepar
¼ potte frisk persille
1 Skrell potetene og del dei i terningar. Kok opp
vatn utan salt, ha i potetbitane og la dei koke
i ca. 15 minutt. Prøv med ein potetgaffel om
potetbitane er møre.
2 Mos potetene med eit potetmosarjern
eller ein gaffel.
3 Rør inn mjølk og margarin. Rør godt, slik at
potetmosen blir luftig.
4 Smak til med salt og pepar.
5 Klipp opp persillen.
6 Rør persillen inn i potetmosen eller strø han
over før du serverer.
Trollkrem
2½ dl tyttebær eller blåbær
75 g sukker
½ ts vaniljesukker
1 eggekvite
1 Bruk ein handmiksar og pisk bær, sukker,
vaniljesukker og eggekvite til eit tjukt skum.
2 Server trollkremen i porsjonsglas.
Samisk mat / 95
Samisk mat
Kva er den vanlegaste samiske maten?
6. februar er samefolkets dag. Denne dagen blir feira til minne om det første samiske
landsmøtet, som blei halde i Trondheim i 1917. Dette var den aller første gongen samane
samla seg for å diskutere felles politiske saker over landegrensene. Samefolkets dag er
felles for alle samar, anten dei bur i Noreg, Sverige, Finland eller Russland.
Fargelegg det samiske flagget:
Kjenner du nokon samar? Set kryss:
Ja, eg er same sjølv og kjenner mange andre.
Ja, nokre.
Eg kjenner éin, og han/ho heiter
Eg veit om denne samiske popgruppa:
Kva er det vanlegaste husdyret hos samane?
Samane er ei urbefolkning. Veit du om nokre andre urbefolkningar i verda?
Åtte årstider
Samane deler året inn i åtte årstider, som følgjer livsfasane til reinen:
–
–
–
–
96 / Samisk mat
vår med kalving
forsommar
høgsommar (då et reinen mest)
seinsommar
–
–
–
–
haust (slaktinga startar)
førjulsvinter (med slakting av kalv)
vinter
seinvinter
LEKSJON 21
Samisk mat
Både i dag og før i tida har samane levd eit liv nær naturen. Jakt og fiske var viktig for å skaffe
mat, særleg i tidlegare tider. Kjøtet og fisken blei røykt, salta eller tørka for at det skulle halde
seg. For mange samefamiliar, både kystsamar og innlandssamar, har reindrift vore vanleg.
Det er viktig å ta vare på mest mogleg av reinen når han blir slakta. Også innmaten, til dømes
hjartet og blodet, blir brukt. Samane lagar blodpølser og steikjer blodkaker. Dette blir framleis
rekna som delikatessar i det samiske kjøkkenet.
Tidlegare var det vanleg å lage ost og smør av reinmjølka, for samane mjølka reinsimlene
(hoene). Både reinkjøt og annan kjøtmat blei eten kokt eller steikt. Ein av dei mest kjende
samiske matrettene heiter «bidos». Bidos er ei kjøtsuppe kokt på mykje reinkjøt og lite vatn.
Suppa blir brukt mykje som festmat, og mange samar et bidos på samefolkets dag.
Finnbiff eller reinskav er eigentleg ikkje ein matrett i seg sjølv, men ein ingrediens som
består av strimla reinkjøt. Finnbiff kan brukast som hovudingrediens i ulike retter,
til dømes i tradisjonell finnbiff. Namnet «reinskav» kjem av måten kjøtet er delt opp på.
Frose reinkjøt blei skava i strimlar, steikt over open varme og ete.
Trollkrem er skikkeleg tradisjonsmat. Vi veit ikkje heilt kvifor retten heiter trollkrem. Éi mogleg
forklaring er at han har namn etter tyttebæret. I gamle dagar var «trollbær» eit samleomgrep for
alle slags bær som ikkje kunne etast. Namnet kan altså vise til at dei sure tyttebæra blei betre
i kombinasjon med sukker og eggekvite.
Pizza eller bidos? --Ja, takk, begge delar!
Mange av dei tradisjonelle metodane for å lage mat er framleis i bruk, men hos samiske familiar
i dag er nok pizza ein minst like vanleg middagsrett som blodkaker ...
SPØRSMÅL
1 Kva slags konserveringsmetodar blei brukte for at kjøt og fisk skulle halde seg?
2 Kva for delar av reinen blei brukt til matlaging?
3 Kvifor blir samefolkets dag feira?
Samisk mat / 97
LEKSJON 22
98 / Ro, ro til fiskeskjer
Ro, ro til fiskeskjer
LEKSJON 22
Når vi ser på noregskartet, er det lett å forstå at Noreg er ein fiskerinasjon. Vi har mykje fisk,
så derfor kan vi eksportere fisk til folk i andre land. Fisk er noko av det sunnaste vi kan ete,
så det er lurt å lære seg å lage fleire gode fiskeretter!
Seigryte med ris
Sjokoladekake
3 gulrøter
1 persillerot
2 skiver sellerirot
3 dl fiskebuljong (= 3 dl vatn +
½ fiskebuljongterning)
3 dl mjølk
1 vårløk eller ¼ purre
jamning av ½ dl vatn og 1½ ms kveitemjøl
ca. 400 g seifilet
¼ ts sitronpepar
1 ms hakka persille eller grasløk (kan sløyfast)
200 g smør eller margarin
2½ dl vatn
4 ms kakaopulver
2 egg
½ beger lettrømme
1½ ts natron
4½ dl sukker
½ ts salt
4½ dl kveitemjøl
1 Skrell gulrøtene, persillerota og sellerirota
og skjer dei i skiver/terningar.
2 Kok opp fiskebuljong og legg i dei
oppdelte rotgrønsakene. La det koke
i ca. 10 minutt. Ha i mjølka.
3 Skyl vårløken eller purren og skjer dei
i tynne ringar. Ha dei i gryta.
4 Ha vatn og mjøl i eit glas med skrulok og
rist det saman til ei klumpfri røre (jamning).
5 Rør jamninga inn i retten og kok opp på nytt.
6 Del seien i bitar og legg dei over i gryta.
Strø sitronpepar over.
7 La gryta trekkje under lok til fisken er
gjennomkokt, ca. 5 minutt.
8 Server gjerne fiskegryta med hakka persille
eller grasløk og kokt ris.
1 Set steikjeomnen på 180 °C.
2 Smelt smøret og ha det i ein bolle. Tilset
alle dei andre ingrediensane, mjølet til slutt.
3 Bruk ei springform og dekk henne med eit
bakepapir i botnen (klipp ein sirkel).
4 Ha røra i forma og steik kaka midt i omnen
i 40–45 minutt.
5 Sjekk med ein trepinne (grillspyd av tre) om
kaka er steikt. Stikk pinnen i midten av
kaka. Dersom det ikkje festar seg noko til
pinnen, er kaka ferdig.
Sjokoladeglasur
50 g mjukt smør eller margarin
2½ dl melis
1 ms kakaopulver
1 Bland saman smør, melis og kakao til ein
glasur.
2 Smør glasuren på kaka når ho er heilt kald.
Kokt ris
4 dl vatn
½ ts salt
2 dl fullkornris
Kok opp vatn til risen. Ha i salt og ris og kok til
risen er ferdig, slik det er forklart på pakken.
Ro, ro til fiskeskjer / 99
Ro, ro til fiskeskjer
Kvifor er det så viktig å ete fisk?
Nokre fiskeslag lever i saltvatn, medan andre lever i ferskvatn.
Eg veit om desse saltvassfiskane:
Eg veit om desse ferskvassfiskane:
Eg har fiska ca.
gonger. Eg har fått (skriv kva fiskeslag eller skaldyr det var)
Den største fisken eg har fått, var
cm. lang, og vog
gram. Det var ein/ei
Feit fisk eller mager fisk?
Nokre fiskar er magre. Det vil seie at dei inneheld lite av næringsstoffet feitt.
Eg veit om desse magre fiskane:
Andre fiskar er feite. Det vil seie at dei inneheld meir av næringsstoffet feitt.
Feitt frå fisk er svært bra for kroppen! Feit fisk gir også dei feittløyselege
vitamina A og D. All fisk er bra for kroppen, både
i dag og seinare i livet. JA til meir fisk!
Det er også svært smart å ete fiskepålegg.
Et du til dømes makrell i tomat på éi
brødskive kvar dag, får du nok
omega-3 for den dagen.
Brød med makrell i tomat gir også bra med
vitamin D, som har mange viktige oppgåver
i kroppen. Ei av dei er at vitamin D er ein
«nøkkel» som låser opp for at kalsium
frå mjølk og ost skal kome inn i kroppen.
Kroppen bruker kalsium til beinbygninga
og til tennene.
D-vitamin låser opp døra for kalsium i kroppen!
/ Ro, ro til fiskeskjer
LEKSJON 22
Fiskemat
Fiskekaker, fiskebollar og fiskepudding blir ofte kalla fiskemat – fiskeburgarar òg! Når vi steikjer
fiskekaker eller fiskeburgarar sjølve, blir dei sunnast dersom vi ikkje bruker så mykje feitt når vi
steikjer dei.
Fisk må ha det kaldt
All fisk må oppbevarast kaldt i kjøleskapet, og det er best å ete fisken i løpet av to dagar.
I frysaren kan fisk halde seg fin i ca. seks månader. Feit fisk, til dømes sild, makrell og laks,
held seg ikkje så lenge i frysaren, maksimalt i tre månader. Ligg han lenger, kan slik fisk
harskne. Harsk mat er det ikkje bra å ete (ikkje smaker det godt heller).
Sjokolade til kos ein gong av og til
Sjokolade er ei matvare som ikkje høyrer til i
kvardagen. Men sjokolade og sjokoladekake
er noko å glede seg til ein gong av og til. Med
sjokolade eller sjokoladekake kvar dag hadde
vi fått i oss altfor mykje feitt og sukker!
Fakta
Sjokolade blir laga av bønnene frå
fruktene på kakaotreet, Theobroma cacao.
Kakaotreet er blitt dyrka i Mellom-Amerika av
mayaindianarane sidan 600-talet. Sjokolade
kom første gongen til Europa med
Kristoffer Columbus i 1502.
Sjokolade er laga av kakaomasse, kakaofeitt og sukker. Sjokolade er blant dei mest
populære godteria i verda. Vi finn han i ulike
godsaker, som spisesjokolade, konfekt, varm
kakao, i baking, i dessertar og som pålegg.
Dette liker eg aller best av all sjokolade:
Eg et sjokolade om lag
Eg trur det er:
gonger i veka, eller
passe
litt for mykje
gonger i månaden.
altfor mykje
SPØRSMÅL
1 Kvifor er det bra å ete fiskepålegg på brødskiva?
2 Kva meiner vi med fiskemat?
3 Kvar kjem sjokolade opphavleg frå?
Ro, ro til fiskeskjer /
LEKSJON 23
102 / Tradisjonsmat
Tradisjonsmat
LEKSJON 23
Du veit sikkert kva ein tradisjon er. Tradisjonar er noko vi gjer om att og om att i løpet av livet,
til dømes feirar vi høgtider og 17. mai. Vi kan ha mat som tradisjon òg, og då meiner vi mat
som er blitt eten gjennom fleire generasjonar – til dømes mat som både du, foreldra dine og
besteforeldra dine har ete. Kjøtkaker i brun saus er norsk tradisjonsmat.
Kjøtkaker
Brun saus
400 g kjøtdeig
1½ ts salt
¼ ts pepar
¼ ts malen muskat
¼ ts malen ingefær
2 ms potetmjøl
1½ dl mjølk eller vatn
2 ms flytande margarin til steiking
½ løk
5 dl kjøtbuljong (= 5 dl vatn +
1 kjøtbuljongterning)
5 dl buljongkraft frå kjøtkakene
2 ms kveitemjøl
ca. ½ dl kaldt vatn
ca. 1 ts salt
ca. ½ ts pepar
ca. 5 dropar sukkerkulør
1 Bruk ei trespade eller nyvaska hender og rør
saltet godt inn i kjøtdeigen. Rør inn krydder
og potetmjøl og tilset mjølk eller vatn,
litt om gongen.
2 Form runde kaker ved hjelp av ei skei og
handa di. Dypp skeia i eit glas kaldt vatn
mellom kvar kake.
3 Ha margarin i steikjepanna og steik
kjøtkakene på middels varme i nokre
minutt på kvar side – til dei har fått ein
fin brunfarge.
4 Finhakk løken.
5 Ha kjøtbuljong i ei gryte og varm han opp.
Ha i kjøtkakene og løken.
6 La det småkoke i ca. 10 minutt, til
kjøtkakene er gjennomkokte.
7 Bruk ei holsleiv og ta opp kjøtkakene frå
gryta. Legg dei på ein stor tallerken.
Server kjøtkakene med brun saus, kokte
poteter, grøn ertestuing og tyttebærsyltetøy.
1 Kjøtbuljongkrafta i gryta skal bli saus.
Dersom du ikkje lagar kjøtkaker, kan du
bruke 5 dl kjøtbuljong.
2 Lag jamning: Bland kveitemjøl og kaldt vatn
i eit glas med skrulok og rist på glaset.
3 Slå litt og litt av jamninga i gryta, under
omrøring, til sausen er passe tjukk.
4 La sausen koke i 5 minutt.
5 Smak til med salt og pepar.
6 Tilset sukkerkulør til du får passeleg farge
på sausen. Rør godt.
Ha kjøtkakene tilbake i sausen og kok han
opp, slik at kjøtkakene blir gjennomvarme.
Grøn ertestuing
1 liten pakke frosne erter
1 dl kjøtbuljong (= 1 dl vatn +
¼ kjøtbuljongterning)
2 ms flytande margarin
¼ ts pepar
1 Kok opp dei frosne ertene i kjøtbuljongen.
2 Bland lett med ein stavmiksar,
ein matprosessor eller eit potetmosarjern.
3 Tilset margarin og smak til med pepar.
Tradisjonsmat / 103
Tradisjonsmat
Fruktgraut med mjølk
3 eple
4 dl vatn
4 ms sukker
1 dl tørka aprikosar
1 dl rosiner
jamning av 1 ms potetmjøl utrørt
i ca. ¼ dl kaldt vatn (potetmjøljamning)
1 Skrell epla og del dei i båtar med
ein epledelar.
2 Kok opp vatn og sukker og ha i eple,
aprikosar og rosiner. La det koke til epla
er møre, ca. 5 minutt (stikk i dei med ein
spiss kniv).
3 Trekk kjelen av plata. Tilset potetmjøljamninga i ein tynn stråle medan du rører.
4 Set gryta tilbake på plata og gi fruktgrauten
eit raskt oppkok.
5 Hell fruktgrauten over i ein serveringsbolle
og strø litt sukker over, slik at det ikkje
blir snerk.
6 Server fruktgrauten med mjølk til.
104 / Tradisjonsmat
LEKSJON 23
Har vi gløymt bestemors kjøtkaker?
Du har kanskje høyrt dei vaksne snakke om bestemors kjøtkaker? Kanskje vi heller burde døype
dei om til «oldemors kjøtkaker»? Det er ikkje så mange som lagar skikkeleg, god og tradisjonell
kjøtkakemiddag lenger – heilt heimelaga, altså!
Kjøtkaker i brun saus er norsk tradisjonsmat. Alle burde lære å lage det! For det er viktig å ta
vare på norske mattradisjonar og passe på at dei blir førte vidare til neste generasjon.
Tradisjonsmat
Tradisjonsmat er heimelaga mat som har vore laga i ein familie, på ein stad, i ein landsdel eller
hos eit folk gjennom fleire enn to generasjonar. Stort sett kan vi seie: «Heller tradisjonsmat enn
ferdigmat!»
Tradisjonsmat blir laga av råvarer som finst på staden, og det blir ofte billig, alltid sunnast og
gjerne aller best!
Tradisjonsmat til kvardags
I Noreg har vi mange tradisjonsretter som vi kan bruke til kvardags, til dømes kjøtkaker eller
fiskekaker. Før i tida blei mykje av det vi i dag reknar som kvardagsmat, brukt som festmat eller
søndagsmat. Sidan vi er blitt eit rikare land og er blitt påverka av mange andre matkulturar, er
ein del av desse tradisjonane nesten blitt borte. Nokre døme på tradisjonsmat er heimelaga
lapskaus, betasuppe, fiskegrateng, seibiff med løk og torskerogn med råkost.
Kva som er tradisjonsmat, varierer etter kvar i landet vi bur. Nokre døme er torsketunger,
boknafisk, trøndersodd, brennsnut, bergensk fiskesuppe, sørlandskomper og flesk med duppe.
Du har kanskje ikkje høyrt om nokre av desse middagsrettene før? Spør besteforeldra eller
oldeforeldra dine, så lærer du meir om norsk tradisjonsmat!
Veit du om nokre
tradisjonsretter frå heimstaden din?
(Spør gjerne i familien din eller søk på Internett.)
Eg veit om:
Tradisjonsmat / 105
LEKSJON 23
Kjøt til middag
Når vi lagar andre kjøtmiddagar til kvardags, bør vi oftast velje reint kjøt, utan synleg feitt.
Når vi skal lage middag av kotelettar, til dømes, kan vi skjere bort feittet før vi et, for det
er lett å sjå det! Feitt frå dyr på fire bein er nemleg ikkje så bra for kroppen til kvardags.
Det inneheld mykje av det vi kallar metta feitt.
Det finst mange gode middagsretter vi kan lage av reint kjøt. Vi kan variere mellom kjøt frå
storfe, gris og lam. Vi har òg kjøt frå vilt, mellom anna rein, elg, hjort og rådyr. Viltkjøt er som
regel magrare (inneheld mindre feitt) enn kjøt frå husdyr.
Kjøt til middag gir kroppen mykje protein (byggjesteinane i kroppen). Vi får også i oss eit viktig
næringsstoff som heiter jern. Jern treng vi for å halde oss friske og opplagde, slik at vi ikkje blir
«blodfattige». Det er fordi jern passar på at blodet i kroppen held seg friskt, raudt og sunt.
Kvifor et ikkje alle folkegrupper svinekjøt
(kjøt og kjøtmat frå gris, til dømes kotelettar, pølser, bacon og skinke)?
Fordi det tek lang
tid å lage
Fordi det er
vanskeleg å få tak i
Fordi religionen ikkje
tillèt svinekjøt i maten
Dyrefamiliane
Fyll ut tabellen nedanfor: bukk (far), søye (mor), lam (barn), okserein (far), simle (mor),
kalv (barn), råne (far), purke (mor), grisunge (barn), okse (far), ku (mor), kalv (barn).
Han
Ho
Barn
Gris
Storfe
Sau
Rein
Eg veit at fire av desse seks matvarene er laga av svinekjøt:
bacon
fårepølse
biff
spekeskinke
ribbe
sommarkotelettar
106 / Tradisjonsmat
LEKSJON 23
OPPDRAG
Lag eit intervju med ein av besteforeldra eller
oldeforeldra dine, med temaet: «Kva åt du til
middag då du var barn?» Intervjuet skal
innehalde minst fem spørsmål med svar.
Spørsmåla kan handle om kvardag og fest,
om kva dei likte, og kva dei ikkje likte. Du kan
til dømes spørje om dei åt opp maten sin.
Skriv ned spørsmåla på førehand.
Dugleiksmerke
Når du har gjennomført
denne leksjonen, er du
kvalifisert til eit nytt
dugleiksmerke:
«Tradisjons-forkjempar»!
SPØRSMÅL
1 Kva er tradisjonsmat?
2 Kva er det viktigaste næringsstoffet vi får frå kjøt?
3 Korleis får vi fruktgrauten til å bli tjukk?
4 Kva synest du er viktig med tradisjonsmat?
Tradisjonsmat / 107
LEKSJON 24
108 / Sjømat er kult!
Sjømat er kult!
LEKSJON 24
Vi har lært at fisk er mat for superheltar! Fisk gir kroppen viktige næringsstoff, som hjelper oss til å
vere friske og opplagde. Fisk blir kalla sjømat. Men det er også andre dyr i havet som blir kalla sjømat,
til dømes reker, krabbar og blåskjel. Veit du om fleire?
Blomkål med rekesaus
Lappar
ca. 400 g reker (frosne) med skal
2 l vatn
2 ts salt
1 blomkål
3 ms flytande margarin
4 dl kveitemjøl
3 dl mjølk
5 egg
½ ts salt
1 ts bakepulver
flytande margarin til steiking
1 Tin rekene og reins dei. Legg dei i ei skål
og set dei i kjøleskapet.
2 Kok opp vatn og salt i ein kjele.
3 Skjer bort blada og den ytste delen av
stilken på blomkålen.
4 Lag eit kryss i stilken på blomkålhovudet,
slik at det koker raskare.
5 Legg blomkålen i kjelen med stilken opp
når vatnet fosskoker, og la det koke
i 12–15 minutt.
6 Stikk i blomkålen med ein spiss kniv eller
ein potetgaffel for å kjenne om han er mør.
Saus
1 ms flytande margarin
2 ms kveitemjøl
3 dl mjølk
1 dl riven ost
2 ms finhakka dill (kan sløyfast)
½ ts salt
1 Bland alle ingrediensane til ei jamn røre
med ein handmiksar.
2 La (helst) røra svelle i 15 minutt.
3 Ha litt margarin i panna og steik lappane.
Snu dei når dei har stivna på overflata,
etter ca. 1 minutt.
Tips
Et lappane lune, med syltetøy,
frysetøy eller friske bær.
1 Ha margarinen i ein kjele ved svak varme.
Tilset kveitemjøl og rør blandinga jamn.
2 Ta kjelen av plata. Tilset litt og litt av mjølka
og rør til blandinga er klumpfri mellom kvar
gong.
3 Set kjelen tilbake på plata og la sausen
koke opp medan du rører godt.
4 La sausen småkoke i ca. 5 minutt, tilset ost
og eventuelt dill. Smak til med salt.
5 Legg heile blomkålhovudet på eit fat og hell
saus over. Fordel rekene oppå. Server retten
saman med godt brød.
Sjømat er kult! / 109
Sjømat er kult!
Kva er fordelen med sjømat?
Sjømat er fisk og annan mat frå havet, til dømes torsk, reker, krabbar og blåskjel.
Kva passar for deg?
Eg liker sjømat! Favoritten min er
Eg liker aller best å ete det eg fiskar eller fangar sjølv!
Eg liker sjømat betre no enn då eg var liten.
Ja
Nei
Eg har lyst til å smake på nye typar sjømat.
Ja
Nei
Her kan du teikne og fargeleggje sjømat-favorittane dine:
Noreg er ein fiskerinasjon!
Noreg er eit langt, smalt land, med mange små og store øyar i skjergarden. Dersom vi hadde
delt den lange kystlinja heilt likt mellom alle som bur i landet, hadde vi fått ca. 15 meter kvar.
Dersom du hadde dine eigne 15 meter med kystlinje, kva ville du ha brukt henne mest til?
å bade
å fiske med stong
å sjå etter krabbar
110 / Sjømat er kult!
å ta opp blåskjel
å kaste fiskesprett med
steinar utover havet
å lære meg å ro, for å fiske
med snøre
andre ting
LEKSJON 24
Set eit hjarte rundt dei skaldyra du liker:
krabbar
kamskjel
hummar
blåskjel
sjøkreps
kråkebollar
reker
østers
kongekrabbe
Skaldyr er delikatessar frå havet
Skaldyr gir ei rekkje næringsstoff, men lite feitt. Vi kan ete fritt av dei! Reker er vanlege, og dei
blir kokte og selde ferske eller fryste. Blåskjel finst langs heile kysten. Dei festar seg til botnen
ved hjelp av trådar. Blåskjela er kjempegode og ofte billige! Kamskjel kjenner du att på den
typiske viftefasongen på skalet. Østers har sesong heile året, men er best haust, vinter og vår.
Sjøkreps blir også kalla jomfruhummar. Han blir fanga heile året, men har best kvalitet om
vinteren. Hummaren er eit av dei største krepsdyra våre. Han blir også kalla «havets kardinal».
Har du nokon gong fiska krabbe? Taskekrabben lever langs kysten heilt opp til Troms.
Den største krabben vi finn i Noreg, er kongekrabben. Han blir også kalla «kamtsjatkakrabbe»
eller «russarkrabbe». Veit du kvifor?
Blåskjeltelefonen eller blåskjelappen
Blåskjel kan vere giftige i enkelte periodar. Ring blåskjeltelefonen, 820 33 333,
eller bruk mobilappen «blåskjel» for å finne ut om blåskjela i ditt område er etande.
SPØRSMÅL
1 Kva er fellesnamnet for fisk og skaldyr?
2 Nemn namnet på minst tre typar skjel som kan etast.
3 Korleis kan vi finne ut om blåskjela er giftige?
Sjømat er kult! / 111
LEKSJON 25
112 / Mat frå andre land
Mat frå andre land
LEKSJON 25
Vi et mat av utanlandsk opphav kvar einaste dag! Pasta og pizza er frå Italia, taco er frå Mexico,
og ris er frå landa i Asia. Sjølv vanlege frukter og grønsaker, til dømes appelsin, banan og melon,
kjem frå utlandet. Det er spennande å smake på ny mat og finne nye favorittar!
Rogan josh,
indisk lammegryte
400 g beinfritt lammekjøt frå steik
1 løk
2 ms olje til steiking
2 ms indisk, raud karripasta
1 boks hakka, hermetiske tomatar
1 ts sukker
2 ms kokosmasse
¼ potte frisk koriander
1 Del lammekjøtet i terningar (ca. 3 x 3 cm.)
og hakk løken.
2 Ha olje i steikjepanna og varm han opp.
3 Ha i kjøt og løk og steik i fleire omgangar
(2–3) til alt blir gyllent.
4 Tilset karripasta og hermetiske tomatar
og la alt småkoke i 10–15 minutt.
5 Rør inn sukker og kokosmasse.
Klipp litt frisk koriander over.
Server rogan josh saman med
Tips
basmatiris og gjerne ein salat. Basmatiris
Afrikansk peanøttsuppe
8 dl hønsebuljong (= 8 dl vatn +
2 hønsebuljongterningar)
1 boks hermetiske tomatar
4 ms peanøttsmør
ca. ½ raud chili utan frø
1 ms sitronsaft
ca. 1 ts salt
ca. ¼ ts pepar
200 g ferdigsteikt kjøt frå kylling
(= ½ grilla kylling)
1 Kok opp hønsebuljongen.
2 Køyr hermetiske tomatar i ein matprosessor
til ein jamn masse og ha han i gryta.
3 Finhakk chilien. OBS: Ikkje gni deg i auga!
4 Ha peanøttsmør, chili og sitronsaft i gryta.
Rør om, kok opp og smak til med
salt og pepar.
5 Reins kyllingen for skinn og bein og skjer
kjøtet i strimlar. Ha det i suppa.
6 Varm opp suppa i 2–3 minutt og server.
passar òg godt til retten asiatisk kyllingwok.
Asiatisk kyllingwok
1 brokkoli
1 båt kvitløk
2 ms olje til steiking
2 kyllingfiletar
2 ms østerssaus
2 ms cashewnøtter
1 Vask og reins brokkolien og del han i små
bukettar. Finhakk kvitløken.
2 Skjer kyllingfiletane i tynne strimlar, om lag
så store som veslefingeren din.
3 Ha 1 ms olje i ei steikjepanne eller wokpanne
og varm opp til nokså sterk varme.
4 Ha kyllingstrimlane i panna og steik dei til
kjøtet blir kvitt.
5 Ta kjøtet ut av panna og legg det på
ein tallerken.
6 Ha i resten av oljen og hald fram med
wokkinga med kvitløk og brokkoli.
7 Rør om, ha god varme og steik i 3–4 minutt.
8 Ha kyllingstrimlane tilbake i panna og tilset
østerssausen og cashewnøttene.
9 Rør om og la woken stå på varmen i 2 minutt.
10 Server straks, grønsakene skal vere sprø og
kjøtet gjennomsteikt.
11 Server kokt basmatiris til.
Mat frå andre land / 113
LEKSJON 25
Eksotisk fruktsalat
2 appelsinar
1½ banan
4 kiwi
1 mango
½ melon
1 Reins frukta, del bananen i skiver og det
andre i bitar.
2 Bland frukta saman og hell sukkersausen
over. Set det kjølig fram til servering.
3 Server fruktsalaten med vaniljesaus til.
Vaniljesaus
2 eggeplommer
2½ dl mjølk
1 ts vaniljesukker
¼ dl sukker
1 ts maisenna
1 Skil egga i plomme og kvite. Eggekviten
kan frysast og brukast seinare.
2 Bland eggeplommene med dei andre
ingrediensane i ein kjele.
3 Varm opp og rør heile tida, til sausen når
kokepunktet og tjuknar. (Sausen vil skilje
seg og bli knudrete dersom han held fram
med å koke.)
4 Set kjelen i kaldt vatn og avkjøl sausen.
5 Server sausen i ei lita glasmugge.
114 / Mat frå andre land
Mat frå andre land
LEKSJON 25
Kvar kjem den beste maten frå?
Morosam krydra mat – kvar kjem han frå? Her kan du lære litt om maten i nokre viktige matland.
Lær meir om mat frå heile verda i spelet «Mats og Mathildes store reise», som du finn på mat.no
Kva for land kjem desse utanlandske middagsrettene frå? (Veit du om fleire?)
Biff Stroganoff kjem frå
Gulasj kjem frå
Burritos kjem frå
Wok kjem frå
Sushi kjem frå
Spagetti bolognese kjem frå
Janssons freisting kjem frå
Fish and chips kjem frå
Eksotisk frukt
Eksotisk frukt er frukt frå land langt borte. I dag kan vi finne mange ulike typar frukt frå andre
land i norske butikkar – heile året. Fruktene kan ha flotte fargar og rare fasongar, men det er
ingen grunn til å vere redd for å smake på dei. Det er faktisk like enkelt som å ete eit eple eller
ei gulrot. Prøv til dømes litchi, rambutan, granateple eller kumquat. Kanskje blir du overraska?
Då blir det i alle fall artigare med «fem om dagen»!
Mi meining om den eksotiske fruktsalaten i denne leksjonen:
ikkje særleg god
passe god
svært god
supergod!
Eg veit om desse fruktene som kjem frå andre
land, og har merkt av min eigen favoritt med eit smilefjes:
Mat frå andre land / 115
Mat frå andre land
India
India er eit stort land, og nesten 18 prosent av alle menneske på jorda bur i India. Rundt om
i landet er det store variasjonar i kva folk et. Indarar ser på maten som ei gåve frå gudane, og dei
et ikkje berre for å overleve. Maten er også eit middel til å oppnå fysisk og åndeleg balanse.
Då er det viktig at maten er rett samansett og rett krydra. I heile India et dei mykje ris (basmatiris).
Indarane et mykje meir vegetarisk mat enn det vi gjer. Det kan vere fordi mange ikkje har råd til
kjøt, og på grunn av religion. For folk langs kysten er sjømat ein viktig del av kosthaldet.
Kjøtretter av kylling eller lam blir mest brukte, sidan storfekjøt er forbode for hinduar, og svinekjøt
er forbode for muslimar. India er dessutan den største krydderprodusenten i verda!
Kvifor bruker vi krydder?
Eg kjenner til desse kryddertypane
og har merkt av mitt eige favorittkrydder med eit smilefjes:
Nord-Afrika
Maten i Nord-Afrika har sterke fargar og smakar. Couscous blir mykje brukt! Mange folkeslag har
gjennom tidene gått i land på nordkysten av Afrika, og dei har introdusert mange ulike matvarer.
Løk, oliven, tørka sitronar, granateple, dadlar, fiken, rosiner, nøtter, persille, koriander og mynte
set smak på maten. Slike smakstilsetjingar blir ofte brukte i krydra gryteretter med grønsaker,
kylling eller lam.
Kina
I det kjempestore landet Kina bur kvart femte menneske på jorda. Når kinesarane et, er det
viktig med ein god balanse mellom ris, kjøt og grønsaker. Mykje av maten blir wokka eller
skoren i tynne strimlar og frityrsteikt i olje. Det er store forskjellar mellom maten dei et i dei
ulike områda. Klimaet og kva folk har hatt av råvarer, har delt landet i fire hovudkjøkken:
1) Sør-Kina, 2) Aust-Kina (langs kysten), 3) Vest-Kina og det sentrale Kina og 4) Nord-Kina.
Vietnam
Vietnam blei styrt av Kina i nærmare tusen år, så derfor liknar maten der ganske mykje på
kinesisk mat. Vietnamesarane er endå meir opptekne av at maten skal vere fersk og lett. På
vietnamesiske matmarknader ser du dei aller beste og ferskaste råvarene. Til mange retter får
du servert eit heilt fat med ferske urter og grønsaker. Den mest typiske vietnamesiske matvara
er «nuoc mam», som er ein fiskesaus. Han liknar ikkje på noko anna. Ein vanleg rett i Vietnam
er vårrullar. Alle lagar dei på sin måte, og alle bruker ulike dippsausar til.
116 / Mat frå andre land
LEKSJON 25
OPPDRAG
Del klassen/gruppa i mindre grupper.
Lag eit måltid frå kvart av landa som er
nemnde i denne leksjonen, eller eventuelt frå
land som elevar i gruppa kjem frå. Lag ein
fest der de pyntar bordet i stil med det landet
maten kjem frå! Kvar av gruppene held ein
liten presentasjon der dei fortel om maten
og landet.
Dugleiksmerke
Når de har gjennomført
verdsmat-festen, får de
eit nytt dugleiksmerke:
«Verdskokk»!
SPØRSMÅL
1 Kva veit du om det indiske kjøkkenet?
2 Nemn ei viktig råvare i Nord-Afrika.
3 Nemn nokre spesialitetar frå Vietnam.
4 Kvifor er det viktig at vi smaker på mat frå andre land?
Mat frå andre land / 117
LEKSJON 26
118 / Påskebord
Påskebord
LEKSJON 26
Det er koseleg å pynte til påske. Gult er sjølve påskefargen, og gulfargen får oss til å tenkje på
påskesol og varmare tider. Påskemat er ofte gul, tenk berre på eggeretter og appelsinar. God påske!
Fletteloff
Eggerøre
½ pk. fersk gjær (= ½ pose tørrgjær)
2 dl lunka vatn
1 egg
½ ts salt
1 ms olje
1 ms sukker
ca. 6 dl kveitemjøl
1 egg til pensling
2 ms valmuefrø
4 egg
4 ms vatn
½ ts salt
1 ms flytande margarin
4–5 strå grasløk
1 Set steikjeomnen på 220 °C og dekk eit
steikjebrett med bakepapir.
2 Rør ut gjæren i fingervarmt vatn. Varm
vatnet opp til ca. 37 °C dersom du bruker
fersk gjær, og ca. 40–45 °C dersom du
bruker tørrgjær.
3 Knekk egget og visp det lett saman.
4 Ha egg, salt, olje og sukker i gjærblandinga.
5 Rør inn kveitemjøl til ein passe fast deig.
Elt deigen glatt og jamn.
6 Dekk bakebollen med plast eller ein rein
kjøkkenhandduk. La deigen heve til
dobbel storleik.
7 Del deigen i tre like store delar og trill dei
til ca. 20 cm. lange pølser A på neste side.
8 Flett pølsene saman til ein fletteloff B–D.
9 Legg loffen på steikjebrettet. La han
etterheve til dobbel storleik eller til eit lett
fingertrykk i deigen går langsamt tilbake.
10 Knekk egget til pensling,
visp det lett saman.
11 Pensl loffen med egg og strø
valmuefrø over.
12 Set loffen midt i omnen og steik han
i 15–20 minutt. Avkjøl den ferdige loffen
på ei rist.
1 Visp egg, vatn og salt lett saman med gaffel.
2 Ha margarin i ei panne som er så
varm at margarinen fresar.
3 Hell eggeblandinga i panna.
4 Trekk eggerøra saman med ein
steikespade etter kvart som ho stivnar.
Klipp grasløk over.
5 Avkjøl eggerøra litt. Server henne på
påskebordet saman med spekemat eller
røykjelaks og brød.
Muffins (ca. 10 stk.)
100 g smør
150 g sukker
3 egg
150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
½ dl appelsinjus
1 Set steikjeomnen på 175 °C og set
muffinsformer utover på eit steikjebrett.
2 Rør mjukt smør og sukker kvitt. Rør inn eitt
og eitt egg.
3 Sikt kveitemjøl og bakepulver og rør inn litt
mjølblanding vekselvis med appelsinjus.
4 Fyll muffinsformene ¾ fulle ved hjelp av
to teskeier.
5 Steik muffinsane i ca. 20 minutt.
6 Avkjøl muffinsane og pynt
dei med melisglasur
(rør 1 ms kaldt vatn i 1½ dl
melis) og marsipanfigurar.
119
Påskebord
A
B
C
D
Kva er påsketradisjonar for deg?
Påskekos med påsketradisjonar
Dette er påske for meg (rams opp ting du tenkjer på):
Egg
I gamle dagar la ikkje hønene egg om vinteren. Først når vårsola titta fram og dagane blei lengre og
lysare, starta dei med verpinga igjen. Dette skjedde om lag ved påsketider. Egget blei derfor eit viktig
påskesymbol, både her i landet og i mange andre land.
Til påske liker eg å ete denne maten med egg:
Når eg koker egg til påskefrukosten, koker eg egget mitt i
minutt.
Dobbelt så mange egg
I løpet av påska et nordmenn 21 millionar egg. Det er eitt egg på kvar av oss kvar fridag i påska.
Elles et vi halvparten, altså eit halvt egg kvar om dagen.
Det kan ikkje bli kyllingar av egga vi kjøper i butikken. Veit du kvifor? Grunnen er at det må både
ein hane og ei høne til for at det skal bli ein kylling i egget. Egga vi kjøper i butikken, kjem av den
vanlege eggløysinga til høna, utan at ein hane har befrukta det.
Her kan du lage ein påskerebus som du kan teste på dei andre i gruppa:
120 / Påskebord
LEKSJON 26
Påsketradisjonar
Påska er både ein gammal religiøs fest og ein heidensk vårfest. Det er den viktigaste høgtida
både i kristendommen og i jødedommen. I Noreg er det ein spesiell tradisjon i påska at mange
reiser til fjells og solar seg, går på ski og nyt det siste av vinteren. Eigentleg er det berre ein av
åtte som reiser på påskeferie. Det vanlegaste er altså å kose seg heime.
Dei viktigaste påskesymbola er krossen, egg og kyllingar, lam, den gule fargen og håpefullt
lysegrønt frå nyutsprunge lauv. Gult som påskefarge er spesielt for dei nordiske landa,
i andre land har dei andre påskefargar, til dømes lilla.
Påskemat er godt!
Påska er full av mattradisjonar. Først og fremst handlar det om lam, egg, kylling, sjokolade,
marsipan, appelsinar og spirande karse. Kyllingar som påskesymbol er spesielt for Norden.
I andre land er påskeharen og kaninar populære påskesymbol.
Pynting av påskebord
Kva treng vi når vi vil pynte eit påskebord?
De hugsar vel kva som skulle til for å dekkje
til fest? Vi skal også vere eit godt vertskap for
kvarandre. Vi kan dekkje eit fint bord med duk,
tallerkenar, glas, bestikk og serviettar. Det er
hyggeleg med litt pynt på bordet. Då er det
fint med lysestakar med gule lys, gule
blomstrar og gjerne annan påskepynt,
til dømes kyllingar og greiner med gåsungar
og grøne skot. Hugs berre å spørje om
nokon har pollenallergi før de tek med
greiner inn på skulekjøkkenet!
SPØRSMÅL
1 Kvifor er egg eit påskesymbol?
2 Kva er tradisjonell norsk påskemat?
3 Kvifor er det viktig at vi er samla rundt eit festbord innimellom?
Påskebord / 121
LEKSJON 27
122 / Mat på tur
Mat på tur
LEKSJON 27
No går vi ut på tur! Naturen endrar seg gjennom dei fire årstidene. Det er alltid noko nytt
å sjå og lære. Vi går ut på tur med opne sansar, vi ser, lyttar, luktar, smaker og tek på.
Foliepakke på bål
Pinnebrød
½ kyllingfilet
½ gulrot
1 potet
½ paprika
5 cm. purre
1 ms margarin
½ ts paprikapulver
½ ts salt
¼ ts pepar
4 dl kveitemjøl
½ ts salt
2 ts sukker
2 ts bakepulver
¾ dl soyaolje
ca. 1½ dl vatn
1 Skjer kyllingfileten i bitar og legg han på
eit ark aluminiumsfolie.
2 Skrell gulrota og poteta, og skyl paprikaen.
Del purren på langs og skyl godt
mellom laga.
3 Skjer gulrota, poteta og paprikaen i bitar.
Skjer purren i tynne ringar.
4 Legg grønsakene på aluminiumsfolien
saman med margarin. Strø på krydder.
5 Brett aluminiumsfolien rundt maten til
ein pakke og klem godt saman, slik at
han blir tett.
6 Legg pakken på bålet eller grill han
i ca.10 minutt. Et den ferdige kyllingfileten
saman med pinnebrød.
1 Bland saman kveitemjøl, salt, sukker
og bakepulver.
2 Tilset olje og vatn og rør det heile saman
til ein glatt deig (ha i litt meir mjøl dersom
deigen blir klissete).
3 Bruk ein eggepensel og pensl litt olje
rundt deigen, slik at han ikkje klistrar
seg til emballasjen.
4 Legg deigen i ein brødpose eller ein
plastboks med lok.
5 Spikk pinnar og tvinn deigen rundt pinnane.
6 Steik pinnebrødet over glørne på bålet.
Snu pinnane ofte, slik at brødet ikkje
blir brent.
Eplesmultringar på bål
4 smultringar, gjerne restar frå julebaksten
1 eple
1 ms sukker
1 ts kanel
1 Fest smultringane på trespyd.
2 Skrell eplet og del det i båtar. Vend
eplebåtane i sukker og kanel. Fest også
dei på spyda.
3 Steik eplesmultringane over glørne på
bålet i 1–2 minutt. Snu spyda ofte,
slik at maten ikkje blir brend.
Mat på tur / 123
Mat på tur
Kvifor treng vi meir mat når vi er ute i naturen?
I naturen finn vi mange former for energi. Energi er det same som kraft, altså kraft til å gjere
eit eller anna arbeid. Vi bruker energi når vi går eller arbeider, og energien får vi frå maten!
Du har sikkert høyrt om solenergi, vasskraft, gasskraft eller atomkraft? Vi veit at det er energi
i olje og bensin. Alle desse formene for energi eller kraft bruker vi menneske til å få lys og
varme, til maskinar i landbruket og industrien, til bilar, fly, tog og andre transportmiddel.
Er det rett at ein
seglbåt ikkje bruker energi?
Ja
Nei
Finst det andre transportmiddel som
ikkje bruker energi frå bensin, gass eller kol?
Tips
Det beste grillspydet
lagar du av ei grein av friskt tre.
Spikk av borken på den øvste
delen, der maten skal sitje.
Energi i mat
Det er ganske rart at det er energi (kraft) i maten vi et! Men det er jo nettopp maten som gjer
at vi kan leve og bruke kroppen vår! Vi får energi frå feitt, protein og karbohydrat i mat og drikke.
Eitt at desse næringsstoffa bør vi ete litt mindre av!
Veit du kva for eit næringsstoff?
Og kvifor?
Eg veit korleis ein kan ete mindre
Det er ved å ete litt mindre
Å lage mat for å ha med seg på tur er ingen kunst. Det er berre fantasien som set grenser for
kva vi kan gjere i stand og ta med oss av mat. Vi kan ta med oss det meste, så lenge det
passar i sekken og ikkje er for tungt.
Når vi bruker kroppen
Dersom vi bruker kroppen meir, kan vi ete meir mat utan å leggje på oss. Då forbrenner kroppen
vår meir energi – akkurat som om kroppen er ein omn med flammar i! Det er sunt for kroppen og
helsa vår å forbrenne mykje energi. Det handlar om balanse – balanse mellom mengda energi vi
bruker, og mengda energi vi får i oss gjennom maten.
124 / Mat på tur
LEKSJON 27
Held du på med aktivitetar ute?
Set kryss ved favorittaktivitetane dine:
syklar
badar i sjøen
klatrar
dreg på fisketur
driv med aking, står på
snøbrett eller går på ski
driv med friidrett, orientering, løping eller ballspel
driv med skating
går turar i skogen og
på fjellet
gjer noko anna:
Kva er artig å gjere når du er på tur? Set kryss framfor favorittane dine:
grille foliepakke eller
pinnebrød
leike «boksen går»
lytte på fuglelåtar
fiske
plukke bær eller sopp
syngje og spele gitar eller
eit anna instrument ved
bålet
tautrekking
(to lag om gongen) + finale
finne dyrespor
andre ting:
Fakta
All bålbrenning i eller i nærleiken
av skog og mark er forbode utan
løyve frå brannstellet i tida
15. april – 15. september.
SPØRSMÅL
1 Kan du nemne nokre former for energi i naturen?
2 Kva for næringsstoff i maten gir oss energi?
3 Kvifor er det viktig at vi bruker kroppen meir?
Mat på tur / 125
LEKSJON 28
126
Erter, bønner, linser og nøtter
Belgfrukter er eit samlenamn på alle dei matvarene som veks i ein «belg». Her i landet kjenner vi
kanskje best sukkererter frå kjøkkenhagen. No skal vi lære å bruke fleire av desse sunne plantane!
– Og vi tek med nøtter, som òg er bra for kroppen.
Falafel
½ løk
2 båtar kvitløk
2 ms olje til steiking
ca. 250 g kokte kikerter (1 boks)
1 ts malen spisskummen
1 ts malen koriander
¼ ts kajennepepar eller chilipulver
½ potte koriander eller persille
1 egg
4 pitabrød
1 Finhakk løken og kvitløken.
2 Ha 1 ms olje i steikjepanna og steik løk
og kvitløk på middels varme til løken er
mjuk og blank.
3 Skyl kikertene og la dei renne godt av seg.
Ha dei i ein bolle saman med løken.
4 Tilset spisskummen, koriander
og kajennepepar.
5 Mos det heile godt saman med
eit potetmosarjern.
6 Finhakk korianderen. Bland han inn i mosen
saman med egget. Elt alt godt.
7 Smak til med meir salt og krydder dersom
det er nødvendig.
8 Form 8–10 små bollar av blandinga og
klem dei litt flate.
9 Ha resten av oljen i steikjepanna og steik
falafelane på middels varme til dei er
gylne, ca. 3 minutt på kvar side.
Tzatziki
½ slangeagurk
½ ts salt
1 båt kvitløk
1½ dl gresk yoghurt
¼ ts nykverna pepar
1 Riv slangeagurken grovt på rivjernet og strø
salt over. La det trekkje i 5–10 minutt og
press ut vatnet.
2 Bland dette saman med finhakka kvitløk
og yoghurt. Smak til med nykverna pepar.
Kikertsalat
½ dl linser (tørre)
1 boks (400 g) kikerter
2 tomatar
1 liten løk
1 båt kvitløk
¼ potte persille
1½ ms balsamico-eddik
2 ms olje
1 Kok linsene slik det er forklart på pakken.
2 Ha kikerter og linser i eit dørslag og skyl
dei under kaldt vatn. La det renne godt av.
3 Skyl tomatane og skrell løken og kvitløken.
Grovhakk tomatane og finhakk løk
kvitløk og persille.
4 Bland alt i ein bolle, saman med linser
og erter.
5 Rør balsamico-eddik og olje saman og
hell det over salaten. Bland salaten lett
med to gaflar.
6 La salaten trekkje smak minst ein halv time
før du serverer han, gjerne med brød til.
Erter, bønner, linser og nøtter / 127
Erter, bønner, linser og nøtter
Kva er bra med erter, bønner, linser og nøtter?
Mange menneske er vegetarianarar. Det vil seie at dei ikkje et kjøt eller fisk. Vi har lært at kjøt og
fisk gir mykje protein, som er byggjesteinane i kroppen. Men kan ein få nok protein utan å ete
kjøt eller fisk? – Ja, det kan ein! Svaret er BELGFRUKTER!
Belgfrukter + kornprodukt = nok protein. Proteina i belgfrukter og korn (brød) passar saman som
to brikker i eit puslespel!
Belgfrukter er gode kjelder for protein, fiber, B-vitamin, jern og andre mineral.
Kva for nokre av desse rettene er belgfrukt + kornprodukt? Set eit hjarte framfor.
ertesuppe + flatbrød
falafel + pitabrød
pølse + pommes frittes
kikertsalat + grovbrød
Sjå på ein boks, ein pakke eller ein pose med erter, bønner eller linser.
Kor lenge kan innhaldet i pakken halde seg?
Eg ser på ein boks/pakke/pose med
, og innhaldet kan halde seg til
Fakta
Ein pose med nøtter og
tørka frukt er lur å ha med på tur.
Det gir energi.
128 / Erter, bønner, linser og nøtter
LEKSJON 28
Nokre sortar av erter, bønner og linser
Hermetiske bønner og linser er bønner og linser på boks. Dei kan brukast i gryteretter, i stuingar,
som tilbehøyr, i salatar og i supper. Her er namnet på nokre av dei: adzuki-bønner, blackeyebønner, raude salatbønner, kikerter, linser, grøne-, raude-, svarte- og kvite bønner, limabønner,
mungbønner og soyabønner.
Ferske bønner et vi heile, altså både belgen og ertene. Alle er supergode til middag!
Aspargesbønner er lange og har små, runde erter. Snittebønner er lange, flate og grøne,
og dei blir vanlegvis «snitta» opp i mindre bitar. Brekkbønner er noko mindre enn snittebønner.
Dei har ovale, saftige og tjukke belger som inneheld kvite, søte bønner. Sukkererter finst det to
typar av: flate og runde. Voksbønner er gule og har same form og storleik som brekkbønner.
Kva er ei nøtt?
Ei nøtt er ei tørr, hard frukt omgitt av skal. Peanøtter, pistasjnøtter, hasselnøtter, valnøtter,
pekannøtter og kokosnøtter er nokre av nøttesortane. Nøtter inneheld mykje feitt, men feittet
er mest av det sunne slaget som vi kallar umetta feitt. Derfor kan vi gjerne ete litt meir nøtter.
Nøtter gir også protein og er derfor fint i vegetarisk mat. Men somme er allergiske mot nøtter.
Fordi nøtter inneheld mykje umetta feitt, harsknar dei lett. Eit tips er å oppbevare nøttene
i kjøleskapet. Heile nøtter med skal held seg betre enn skrelte og hakka nøtter.
VIKTIG: Nøtter med mugg eller mugglukt må ikkje etast – men kastast!
SPØRSMÅL
1 Kva er ei belgfrukt?
2 Korleis kan belgfrukter og kornprodukt saman erstatte kjøt eller fisk?
3 Kva synest du om å erstatte vanleg snacks
og godteri med frukt og nøtter?
Erter, bønner, linser og nøtter / 129
LEKSJON 29
130
Salat til middag
LEKSJON 29
I ein salat kan vi blande heilt fritt alt vi liker. Eller vi kan leggje kvar ingrediens for seg, slik at alle
kan velje kva dei vil ete. Friske fargar på maten gjer han endå meir freistande. Vi har lært at di fleire
fargar, di sunnare for kroppen!
Bland sjølv-salat
Forslag:
100 g pastaskruar
150 g kjøtpålegg eller 1 peparmakrell
1 paprika
1 pk. sukkererter
ca. 50 g kvit ost
1 boks mais
4 ms graskarkjernar
1 pk. crispisalat eller annan salat
4 ms pesto
1 Kok pastaen slik det er forklart på pakken.
Skyl den kokte pastaen i kaldt vatn.
2 Skjer kjøtpålegget i strimlar eller del fisken
i små stykke.
3 Skyl paprikaen og sukkerertene, skjer dei
i bitar. Skjer osten i terningar.
4 Skyl salaten og riv han i passelege stykke.
5 Ha alle ingrediensane i små skåler, slik at
alle kan blande sin eigen salat.
Heimelaga is
3 egg
1 dl sukker
3 dl kremfløyte
1½ ts vaniljesukker
1 Pisk egg og sukker til eggedosis.
2 Stivpisk kremfløyte og vaniljesukker.
3 Bruk slikkepott og bland kremen
og eggedosisen.
4 Ønskjer du å tilsetje andre smakar på isen,
kan du blande inn hakka bær, hakka
sjokolade, peanøtter eller liknande.
5 Hell isblandinga i tomme, vaska
yoghurtbeger og set dei i frysaren
til neste leksjon.
Salat til middag / 131
Salat til middag
Kva er salat?
Salat og wok er supermiddag!
Eigentleg er salat eit grønt salathovud
som vi kan dele i eitt og eitt salatblad.
Her er nokre salattypar:
Isbergsalat
Lollosalat
Eikebladsalat
Kan du fleire? (Sjå frukt.no.)
Salat som eigen rett
Når vi lagar ein salat og et han som ein eigen rett, blandar
vi fleire grønsaker saman med grøn salat. Kanskje kan vi
også ta med frukt, egg, ost, belgfrukter, nøtter, fisk eller kjøt.
Slik salat kan vi gjerne ha til lunsj eller middag. Et gjerne grovt
brød ved sida av salaten. Salat med grovt brød kan vere ein «fullverdig middag».
Kva trur du ein «fullverdig middag» er?
ein dyr middag
ein kjempestor
porsjon middag
ein middag som gir
alle næringsstoffa
kroppen treng
Kva meiner du om salaten i denne leksjonen?
ikkje særleg god
passe god
svært god
supergod!
Vi bør ete meir frukt og grønt!
Det er eit godt råd å ete «fem om dagen». Kan ein porsjon salat vere éin av desse fem?
Ja
Nei
Her er namnet på nokre verdskjende salatar. Kva for land trur du dei kjem frå?
1 Salade Niçoise
2 Waldorfsalat
3 Cæsarsalat
4 Gresk salat
132 / Salat til middag
LEKSJON 29
Varm salat?
Kva kallar vi det dersom vi varmar opp
salaten? Svaret er wok. Å wokke er å frese
ingrediensar raskt i ei panne, slik at
grønsakene framleis held seg sprø og
knasande, og kjøt eller fisk blir raskt steikt.
Ei wok-oppskrift finn du i leksjon 25, nemleg
asiatisk kyllingwok.
Tips når du skal lage salat
– Skyl kvart salatblad. Oppbevar salatblada i
plastpose i kjøleskapet ei stund før du skal
blande salaten, då blir dei sprø og fine.
– Del opp salatblada ved å rive dei i staden
for å kutte dei med kniv. Då held salaten
seg betre, og han held seg òg lenger sprø.
– Bland gjerne fleire ulike salatsortar.
Ta gjerne med nokre bitre sortar,
til dømes radicchio eller frissée.
Fakta
Når du wokkar, må du bruke olje
som toler høg varme. Det kan vere
rapsolje eller solsikkeolje.
– Å bruke hendene er best når du blandar
salat. Vask dei heilt reine først!
– Dersom du bruker ein dressing, bør du ha
han på rett før servering, elles vil salaten
falle saman.
– Ha ikkje på for mykje dressing. Server
heller dressingen ved sida av i ei skål,
så kan gjestene ha på meir sjølve.
SPØRSMÅL
1 Nemn minst fem salattypar.
2 Korleis oppbevarer vi salat på den beste måten?
3 Forklar korleis ein salat kan bli ein fullverdig middag.
Salat til middag / 133
LEKSJON 30
134 / Sommaravslutning!
Sommaravslutning
Pizza
Pizzabotn
½ pk. fersk gjær (= ½ pose tørrgjær)
1½ dl lunka vatn
2 ms olje
½ ts salt
ca. 4 dl kveitemjøl
1 Set steikjeomnen på 225 °C og dekk eit
steikjebrett med bakepapir.
2 Rør gjæren ut i fingervarmt vatn i bakebollen,
ca. 37 °C dersom du bruker fersk gjær, og
ca. 40–45 °C dersom du bruker tørrgjær.
3 Ha i olje, salt og kveitemjøl.
4 Elt deigen godt, slik at han slepper
reiskapen og bollen.
5 La deigen heve under plast eller ein rein
kjøkkenhandduk, til dobbel storleik.
6 Lag pizzasausen medan deigen hevar seg.
Pizzasaus
½ løk
1 båt kvitløk
1 ms olje
150 g kjøtdeig eller karbonadedeig
3 ms tomatpuré eller ketsjup
½ dl vatn
1 ts oregano
¼ ts salt
¼ ts pepar
1 vårløk og 3 dl riven kvit ost
1 Skrell løken og kvitløken og finhakk begge.
2 Ha olje i steikjepanna og steik kjøtdeigen,
løken og kvitløken.
3 Tilset tomatpuré, vatn, oregano, salt og
pepar, og kok sausen i 5 minutt.
4 Kjevle ut pizzabotnen og legg han over
på steikjebrettet.
5 Fordel pizzasausen jamt utover deigen.
6 Skyl vårløken og del han i tynne ringar.
Strø vårløk og ost på pizzaen.
7 Steik pizzaen midt i omnen til botnen er
steikt og osten er gyllen, ca. 20 minutt.
8 Del pizzaen i snippar og server han varm,
gjerne med ein god salat til.
LEKSJON 30
Sommarbowle
ca. 2 dl appelsinsaft
1½ l mineralvatn med kolsyre
1 appelsin
½ sitron
ca. 8 jordbær
10 mynteblad
8 isbitar
1 Bland saft og mineralvatn i ei mugge.
2 Smak til du synest blandinga er
passe sterk.
3 Vask appelsinen og sitronen godt,
og skjer dei i tynne skiver.
4 Del jordbæra i bitar.
5 Ha alle ingrediensane, bortsett frå
isbitane, i mugga.
6 Set mugga kjølig i minst 30 minutt.
7 Ha i isbitar like før du skal servere.
Sjokoladesaus til is
1 plate kokesjokolade
3 dl kremfløyte
1 Knekk sjokoladen i ruter.
2 Varm opp fløyten i ei gryte og ha i sjokoladen.
3 La sjokoladesausen småkoke på svak
varme til han tjuknar litt. Rør undervegs.
4 Server den varme sjokoladesausen i ei
mugge til den heimelaga isen. Jordbær
smaker ekstra godt til.
Sommaravslutning! / 135
Sommaravslutning
Siste gong på mat og helse-rommet før sommarferien! No har du sikkert lært å lage mykje
god mat og har fått dine eigne favorittar, både til kvardag og fest. Har også familien din
fått smake resultatet av kokkekunstane dine?
Kva har du lært i mat og helse-faget dette året?
– Men først litt pizzahistorie! Pizza er den vanlegaste middagsretten i heile Noreg. I alle fall
80 prosent av alle som bur i Noreg, har smakt pizza, og mange et pizza fleire gonger i veka.
Pizzahistoria er eigentleg nokså gammal. I år 1000 f.Kr. laga grekarane og etruskarane kvar
sine pizzatypar. Dette var dei første pizzaene i verda. Den gongen var pizzabotnen eit grovt
brød som blei bakt mellom steinar over eit bål. Når brødet var ferdig steikt, strødde dei
ulike krydder på det. Deretter blei det dyppa i kjøtkraft og ulike sausar.
Mange hundre år seinare tok romarane ideen vidare og laga den klassiske pizzaen som vi et
i dag. Romarane gjorde pizzaen kjend i Italia. Han blei først rekna som «fattigmannskost»,
så dei rike åt lite av han. Seint på 1800-talet blei pizzaen svært populær i Napoli, ein stor
by i Italia. Unge gutar stod ute på gatene og selde pizza til frukost, lunsj og middag.
Seint på 1800-talet dukka dei første pizzabuene opp. Frå gatene i Napoli spreidde han
seg vidare ut i verda ...
Kva synest du er det viktigaste du har lært i mat og helse-faget dette året?
Synest du at du kan lage mat?
Ikkje så mykje, eg vil
gjerne lære meir!
Favorittleksjonen min var
Eg har lært sånn passeleg
mykje.
, fordi
Kva har du lyst til å lære meir om i mat og helse-faget?
136 / Sommaravslutning!
Ja! Eg har lært masse,
og eg gleder meg til å lage
mat vidare i livet!
LEKSJON 30
Mat og helse heime
Eg fekk med mat frå skulekjøkkenet heim, og nokre i familien min fekk smake på
Dette syntest dei om maten min:
Eg har laga desse rettene heime:
Om sommarfesten
Vi pynta bordet med
Så mange sat ved bordet:
Ja, det var
Hadde de gjester?
Nei
Mi meining om maten:
Pizzaen:
Sommarbowlen:
Isen:
Dugleiksmerke
Når du har gjennomført
leksjon 30, har du fortent
den aller siste og mest
verdfulle utmerkinga:
«Matlagings-superhelt»!
SPØRSMÅL
1 Fortel litt om opphavet til pizzaen.
2 Kvifor er det viktig å kunne lage mat?
3 Nemn nokre forskjellar på kvardagsmat og festmat.
4 Kva kan du gjere for å lage meir mat heime?
Sommaravslutning! / 137
Kjøkkenreiskapar
Visp
Tresleiv
Ause
Rørespade
av tre
Slikkepott
Holspade
Kokkekniv
Brødkniv
Steikjespade
Rotkniv
Kakespade
Potetskrellar/rotskrellar
Potetmosejern i stål
Mjølpensel
Potetgaffel
Potetmosejern i plast
Kjevle
Eggedelar
Baketrinse
Pizzahjul
138 / Kjøkkenredskaper
Smørpensel/eggepensel
Rivjern
Dørslag
Mjølsikt
Sitruspresse
Springform
Epledelar
Brødform
Kjernehusutstikkar
Kakerist
Eldfast form
Suffléform
Eldfaste
porsjonsformer
Mortar
Mandelkvern
Oppvaskbørste
Oppvaskklut
Kjøkkenredskaper / 139
Maten og næringsstoffa
Mat
Brød og korn
Frukt
Bær
Grønsaker
Poteter
Kva gjer dei?
Fiber
Kostar tarmane reine
for avfallsstoff
Jern
Gjer at vi ikkje blir
trøytte og slappe
Stivelse (karbohydrat)
Gir energi
A-vitamin
Vitamin for auget
C-vitamin
Meir eller mindre?
Bra å ete!
Lim for kroppen
Veldig bra!
Antioksidantar
Vern mot
sjukdommar
Fiber
Kroppen sin feiekost
Protein
Veksestoff
D-vitamin
(egg og feit fisk)
Nøkkelen som låser opp
for kalsium i kroppen
B-vitamin
For normal hud, hår og negler
Protein
B-vitamin
Jern
Veksestoff
For normal hud, hår og negler
Gjer at vi ikkje blir trøytte og
slappe
Et litt mindre
Mjølk
Yoghurt
Ost
Kalsium
Sterke bein og friske tenner
Bra å drikke og ete!
Sukker
Søtsaker
Brus
Sukker
Gir berre kaloriar
Ikkje til kvardags
Snacks
Fast-food
Feitt
Gir masse kaloriar
Ikkje til kvardags
Smør
Margarin
Olje
A-vitamin
D-vitamin
E-vitamin
Feitt
Gir kaloriar
Smør kroppsmaskineriet
Litt er OK
Egg
Fisk
Kylling og kalkun
Raudt kjøt
/
Næringsstoff
te o
ri
ssto
Bra å ete!
Bakterievekst
°C
100
Alle bakteriar døyr, men sporar overlever.
+ 100 °C Kokepunkt
90
80
Somme bakteriar døyr,
men andre overlever.
70
60
50
Bakterieveksten aukar sakte.
40
Bakterieveksten aukar raskt.
Faresone
30
20
Bakterieveksten aukar sakte.
10
+ 4 °C Kjøleskapstemperatur
0
Dei fleste bakteriane, sluttar å formeire seg.
– 10
Ingen bakteriar formeirar seg. Dei døyr ikkje, men er i dvale.
– 18 °C Frysetemperatur
– 20
– 30
Bakterievekst / 141
Anatomien til egget
Forkortingar
g gram
luftrom
kg kilogram
eggeskal
l liter
dl desiliter
cl centiliter
eggcelle/
kimflekk
pk. pakke
tynn kvite
ts teskei
ms matskei
ca. cirka
kcal kilokaloriar
tjukk kvite
°C gradar celsius
krm kryddermål (= 1/5 ts)
plomme
streng som held
plomma midt i egget
(plommestreng)
Dei viktigaste kornsortane og korleis kornet er bygd opp
skal
mjølkjerne
kime
142 / Anatomien til egget
Kveite
Rug
Bygg
Havre
Stikkordliste
A
G
M
aktivitetar 125
antioksidantar 24
A-vitamin 16
gjær 32
gluten 37
graut 73, 104
grautris 36, 104
grunnsmakane 44
grønsaker 16
gulrot 35, 39, 47, 123
H
mais 36, 37
mager fisk 100
marknadsføring 84, 86
meieriprodukt 58
metta feitt 29, 106
mineral 16
mjølkeprodukt 58
mjølslag 40
måltid 7, 39
haldbarheit 81
Helsedirektoratet 52
N
B
bakepulver 13
bakterie 8, 141
belgfrukt 127
bittert 44
borddekking 28
bordskikk 12
brød 40
brødskalaen 40
B-vitamin 16, 140
bær 24
bønner 128
C
C-vitamin 16, 100, 140
cottage cheese 55
cøliaki 37
D
D-vitamin 16, 140
E
egg 31, 32, 120
eksotisk frukt 115
energi 124
eple 49
erter 128
E-vitamin 16, 140
F
«fem om dagen» 17
fersk gjær 32
ferskost 56
feit fisk 21, 100
feitt 11
feittløyselege vitamin 16
fiber 16, 25
fisk 21, 100, 101
FN 36
forbruksdag, siste 80, 100
frukost 9
I
indisk mat 116
italiensk mat 49, 136
J
jern 106, 128, 140
jul 64–75
julebakst 65–69
K
kalsium 21, 57, 58 ,100,140
karbohydrat 16, 37
kinesisk mat 116
kjøkkenhygiene 8
kjøt 29, 106
koking av egg 31
konservering 25
korn 35, 36, 40
kornprodukt 37, 52, 128
kosthald 9, 41, 52
kostråd 52
krydder 63
kuvert 28
kveite 25, 35, 36, 40, 49
kvitt kjøt 29
K-vitamin 16
kylling 29, 116, 120, 121
L
linser 127–129
lunsj 78, 132
nordafrikansk mat 116
næringsinnhald 37, 140
næringsstoff 16, 140
nøkkelholsmerket 53
nøtter 127–129
O
omega-3 21, 100
oppvask 13
ost 55–59
P
potet 20
produktutvikling 84
protein 16, 29,106,128,140
påske 119–121
påsketradisjonar 121
R
restar 77–81
restemat 80
ris 36, 116
S
salat 47, 129, 133
salt 44, 52
samefolkets dag 96
samisk mat 95–96
sammale mel 40
sansar 44
sjokolade 101
sjømat 109–111
skaldyr 110–111
slakting 96
smaksveke 43
smaksceller 44
smak 44
smakssansen 44
smør 55–59
sopp 23–25
sporstoff 16, 140
stivelse 37, 140
sukker 24, 45
supersmakar 44
surt 44
syltetøy 25
søtt 44
T
tallerkenmodellen 48
tradisjonsmat 103–107
tørrgjær 32
U
umami 44
umetta feitt 129
utanlandsk mat 113–117
uteaktivitetar 125
V
vatn 8, 16
vatnløylige vitamin 16
vaske opp 18
vegetarianarar 128
vert 28
vertinne 28
vertskap 28, 74
vietnamesisk mat 116
vitamin 16, 140
W
wok 116, 133
Y
yoghurt 58
Stikkordliste / 143
Alfabetisk register over oppskrifter
A
H
R
Afrikansk peanøttsuppe ............ side 113
Agurksalat ................................... side 19
Arme riddarar .............................. side 77
Arme riddarar, lunsjvariant ........... side 78
Asiatisk kyllingwok .................... side 113
Heimelaga is .............................. side 131
Heimelaga smør .......................... side 56
Risbollar ....................................... side 69
Risgraut ....................................... side 73
Rogan josh ................................ side 113
Rullekake ..................................... side 51
Rundstykke .................................. side 31
Rørte bær .................................... side 23
B
Bland sjølv-salat ........................ side 131
Blomkål med rekesaus .............. side 109
Brun saus .................................. side 103
Brune pinnar ................................ side 68
C
Crème brûlée ............................... side 91
E
Eggepanne .................................. side 77
Eggerøre .................................... side 119
Eksotisk fruktsalat ..................... side 114
Eplekake ...................................... side 47
Eplesmultringar på bål................ side 123
Ertesuppe med kjøt ..................... side 39
F
Falafel ........................................ side 127
Fersk ost – cottage cheese ......... side 55
Finnbiff ......................................... side 95
Fiskesuppe .................................. side 51
Fletteloff ..................................... side 119
Foliepakke på bål ....................... side 123
Frukostblanding ............................. side 7
Fruktgraut med mjølk ................ side 104
Frysetøy ....................................... side 11
G
Gløgg ........................................... side 73
Grovbrød ..................................... side 39
Grøn ertestuing .......................... side 103
Grønsaksuppe ............................. side 15
Guacamole .................................. side 27
144 / Alfabetisk register over oppskrifter
K
Kikertsalat .................................. side 127
Kjøtkaker i brun saus ................. side 103
Koking av egg .............................. side 31
Kokosmakronar ........................... side 68
Kokt laks ...................................... side 19
Kokt pasta med brokkoli ............. side 55
Kokt ris ........................................ side 99
Kokte poteter ............................... side 19
Kylling- og couscoussalat ........... side 35
Kyllingfajitas ................................ side 27
Kyllingfilet med poteter
i tomatsaus .................................. side 91
S
Marsipan ...................................... side 67
Min eigen pizza ............................ side 83
Muffins ....................................... side 119
Salat ............................................ side 47
Scones ........................................ side 11
Seigryte med ris .......................... side 99
Sjokoladefondant med rips ......... side 43
Sjokoladeglasur ........................... side 99
Sjokoladekake ............................. side 99
Sjokoladesaus til is .................... side 135
Smoothie ....................................... side 7
Sommarbowle ........................... side 135
Soppstuing .................................. side 23
Spagetti bolognese ..................... side 47
Spekeskinke og grapefrukt ......... side 43
Steikt ris ....................................... side 35
Steikte eple .................................. side 15
Strimla biff med grønsakog potetmos ................................ side 43
Suppelapskaus med pølse .......... side 61
O
T
Ostesaus ..................................... side 55
Ostesmørbrød ............................. side 69
Tomatsalsa .................................. side 27
Trollkrem ...................................... side 95
Tzatziki ...................................... side 127
L
Lappar ....................................... side 109
Lussekattar .................................. side 61
M
P
Pannekaker .................................. side 23
Pasta med ostesaus og laks ....... side 55
Peparkaker .................................. side 67
Pinnebrød .................................. side 123
Piska krem ................................... side 15
Pizza .......................................... side 135
Pizzasnurrar ................................. side 83
Potetmos ..................................... side 95
V
Vaflar ............................................ side 78
Vaniljesaus ................................. side 114
Sider til eigne oppskrifter
Eigne oppskrifter / 145
146 / Eigne oppskrifter
Eigne oppskrifter / 147
Utgivar er Opplysningskontoret for egg og kjøtt.