mer info her - Hardanger Trebåtfestival i Norheimsund

Transcription

mer info her - Hardanger Trebåtfestival i Norheimsund
(Foto: BT)
Kirkeskøyta
M/K Lauvanger
Byggeår: 1943 – 1945, Namdalseid
Ved sjøsetting i 1945 fekk båten namnet Kirkeskøyta,
og vart vigsla til kyrkjeleg teneste på kysten av Finnmark og Troms
Mykje av infrastrukturen låg då nedbrend etter krigen, også kyrkjene.
Kirkeskøyta vart sett inn som ei kyrkje på kjøl med prest og skipper,
særleg i farvatna kring Lopphavet. Om bord vart det forretta gudstenester,
barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd fram til 1952
Seinare fekk båten namnet M/K Lauvanger etter Lavangen kommune som ny heimehavn.
Kirkeskøyta M/K Lauvanger har no heimehavn ved Askvoll i Sunnfjord, og
har dei siste åra vore gjennom omfattande oppgradering og restaurering.
Båtens eigar er familien Olav (skipper) og Anne Grete Hammersland som nyttar
båten som eit tilbod for sine gjester ved Askvoll Fjordhotell, men som og tar
vare på Kirkeskøytas opphavlege historie
Kirkeskøyta vert framleis nytta til kyrkjelege handlingar, tokt til historiske hamner og er
mest sannsynleg den einaste båten i Noreg som er vigsla
Kirkeskøyta M/K Lauvanger samarbeider med Sira Siglar,
ein kunnskapsbrønn som formidlar sjøvegen og historiske hamner som ein kulturarv i vår
nasjonale hukommelse gjennom folkeopplysning, historietimar, foredragsserier og historiske
tokt på kysten og i fjordane. Seglarpresten Kjell Svarstad er styrmann for Sira Siglar og
historieforteljar om bord i Kirkeskøyta
Under trebåtfestivalen i Norheimsund er tittelen på foredraga om bord:
Då Noreg fann seg sjølv, ein historietime
Tekstblokk, komprimert til dagsprogrammet:
Då Noreg fann seg sjølv, ein historietime.
Kjell Svarstad om bord i Kirkeskøyta M/K Lauvanger