Seljemagasin_nr 27b.qx_Layout 1

Transcription

Seljemagasin_nr 27b.qx_Layout 1
S PA T H A L A SS O - K LO ST E R - G A L L E R I - G O L F - V E ST K A P P - B ÅT L I V - S U R F - DY K K I N G
SELJE MAGASIN
Nr. 27 • September 2011
Innhaldsrikt program
2011/2012
YTTARST MOT STORHAVET I VEST
Reiselyst...
Lysta skapar verket...
– sant nok i alle samanhengar. Det er lysta som gjer at vi etter 50 år i bransjen framleis
gler oss til kvar einaste arbeidsdag i lag med glade gjestar og gode medarbeidarar.
Ein meir lystbetont arbeidsplass skal ein leite lenge etter. Skaparlysta er ikkje å forakte.
Det å ha reiselyst er eit teikn på vitalitet og
god livsappetitt. Det er den draumen, veit
du... Ta vare på draumane dine. Mange
drøymer om å reise, det er viktig å ha noko
å gle seg til og sjå fram i mot. Ta vare på
ferie kjensla utover heile året. Selje Hotel
har gode tilbod haust og vinter, noko som
gjer at du får ekstra mykje ut av eit opphald
hos oss. Her kan du ta vare på deg sjølv
gjennom gode helsebringande behandlingar,
god mat, fine turar, kulturopplevingar og
eit eksotisk landskap ved Stadhavet.
Frå svært mange stamgjester har vi gong på
gong fått stadfesta at Selje er ein stad som
kan kallast for ein moderne "Kur-stad",- ein
rekreasjon stad for oppbyggande helse og
energi. Oppbyggande helse er eit fint ord.
Utgangspunktet er vår eiga helse, og
gjennom gode haldningar, "kom i form"- aktivitetar og opplevingar i vakker natur og
saman med hyggelege folk, stig energinivået
og pågangsmotet. Hugs også at det er viktig
med utskeiingar i kvardagen. "Forandring
frydar", heiter det.
Haust og vinterprogrammet til Selje Hotel
byr på fest og moro med underhaldning på
høgt nivå.
Samarbeidet med Opera Nordfjord held
fram - "Tryllefløyten" skal også våre gjester
få oppleve. Vi kjøpte opp alle ledige plassar
fredag 7.10 og selde dei ut straks. 20.11
reiser vi på nytt til Operahuset Nordfjord,
2 Selje magasin
denne dagen for å oppleve Ellen Horn som
UNDSET (Riksteateret), og ikkje nok med
det, fredag 9.desember kan du bli med oss
til Nordfjordeid med førjulskonserten
"Hanne Krogh og tre tenorer". Ei julebordhelg på Selje Hotel er ein fin kombinasjon
saman med slike kulturarrangement.
Alexander Rybak kjem
Store og små, gle dykk til festhelga 18.-21.
november. Laurdag blir det konsert med
Alexander Rybak, som saman med eit 10 tals
lokale og profesjonelle musikarar innan
klassisk- og popmusikk, vil gi dykk ein familiekonsert de seint vil gløyme. Kom fredag, nyt
god mat og ein thalassobehandling, opplev
Rybak i konsertrus laurdag, nyt det første
julebordet laurdag kveld og bli med til
Operahuset søndag.
Gratulerer med dagen
Aldri har så mange feira dagen sin i Selje
som siste året.. Det er ei glede å sjå fleire
generasjonar samlast til fest og glede. Ta
kontakt og vi legg opp feiringa for deg.
I dette magasinet finn du mange aktivitetar
som skal gi deg lyst til å reise til Selje. Vi
har ikkje fått med alt som skal skje framover,
så følg med på www.seljehotel.no og fjesboka vår.
Velkommen til oss.
Gerd Kjellaug og Harald Berge
Det der den draumen
av Olav H. Hauge
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skjeat tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springaat draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Gratulerer med dagen. Bordet er dekka og vi ønskjer velkommen til fest!
Velkommen til feiring på Selje Hotel
Selje Hotel er eit intimt og koselig hotell som egnar seg særs godt til å feire dagen. Ingen markering er for liten til å bli feira.
Dei små og store salane våre kan lett omformast til eit flott selskapslokale, alt etter eige ønskje.
Hotellhagen og terrassane har gode kulissar som set sitt preg på ei feiring ved havet.
Har du planar om å gifte deg, kan t.d. vigsla haldast på Selje kloster, i kyrkja, i hotellhagen eller på ei strand ute ved Stadhavet.
Båt dåp, firmajubileum, ein 40 eller 80-års dag, – vi har god trening i å skape den rette ramma rundt arrangementet.
Ta kontakt og vi legg opp festen for deg.
Selje magasin 3
3 timars biltur sørover frå Ålesund, ca. ein time vestover frå Nordfjordeid,
eller ein knapp 5 timars komfortabel båttur frå Bergen.
Yttarst mot storhavet, langt
frå byens stress og mas, finn du
I hotellhagen kan du nyte utsikta mot
havet og stranda.
Selje Hotel
I restauranten kan du nyte ein
velsmakande 3 rettars middag i ein
hyggeleg og avslappa atmosfære.
Laurdag kveld serverer vi vanlegvis
Selje Buffet med fokus på fisk og rettar
frå havet i tillegg til nokre kjøtrettar.
Frå korridoren i 1.etasje er det inngang til
symjehall og til venteromet for
thalasso-avdelinga.
Dei velutdanna kokkane set si ære i å tilby
mat basert på gode ingrediensar og lokale
råvarer. Panakotta dessert er prikken over
i-en, men karamellpuddingen med same
oppskrift i 36 år,er mest populær.
Hotellet er bygd i tre og rullestein og
ligg vakkert til ved den 500 meter
lange Seljesanden.
4 Selje magasin
Margit Solberg planlegg sitt eige 25 års
jubileum for opphald på Selje Hotel, samt
feiring av 70 års dag i 2012.
Langs naustrekkja ved kyrkja finn du
spennande ting i fjøra.
Sunnivasalen møte-, kurs- og festsal. Her
finn du Sunnivagalleriet, bilete av alle
måleri og skulpturar av St.Sunniva som
er att frå mellomalderen her i landet.
Salong v/resepsjonen. Måleria på
veggen er av Kjell Stig Amdam.
TV-salong med intimt miljø og måleri av
Kjell Stig Amdam og to måleri av Vigdis
Wåge.
Kunstnarrom. Dei 4 kunstnarroma våre
med stor veranda og god plass har
namn etter kjende menn frå Selje,
- Claus Frimann, Bernt Thunold, Julius
Cæsar Hartmann og Isak Refsnes.
De luxe rom med utsikt mot havet.
(5 stk. i 3. etg.)
Hotellrom i 1. etasje med utgang direkte
til den store hotellhagen.
Tregolv og tekstilar frå Designers Guild.
Baderom de luxe-rom.
Alle hotellroma har nyoppussa bad.
Symjehallen har utgang til stor terrasse,
utebad og til hotellhagen med trapp ned
til badestranda.
Venterom Spa/thalasso
Hagestova er populær til småselskap og
feiring av dag. Utgang til terrasse med
uteservering.
Spa-/thalassoavdelinga med 13
behandlingsrom og meir enn 40 ulike
behandlingstilbod.
Selje magasin 5
Informasjon
Selje Hotel og omegn
Herleg sandstrand på Hoddeviksanden. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway
Nyttig informasjon
Telefon:
57 85 88 80
Telefaks:
57 85 88 81
E-post:
[email protected]
Besøk også: www.seljehotel.no
Akutt medisinsk naudhjelp, ring 113.
Slik brukar du hotelltelefonen:
Utgåande samtale:
Slå 0 og deretter nummeret.
Ring til eit anna rom:
Slå nummeret til romet.
Resepsjon/Romservice: 9
Spa Thalasso:
866
Sunnivasal:
886
Kjøken:
887
Avreise:
Rommet er disponibelt til kl. 12.00
avreisedagen. For anna avtale, kontakt
resepsjonen.
Aviser:
VG til sals i resepsjonen frå ca. kl. 13.30.
Badetøy: til sals i minibutikken.
Bading: Seljesanden, Erviksanden,
Hoddeviksanden. Hotellets badebasseng.
Badekåpe: Vi har badekåpe til leige.
Kontakt resepsjonen. (inkludert for Spa
Thalasso gjester)
Servering/restaurant/måltider:
Frukost:
07.30–10.00 (10.30 søndag)
Lunsj:
13.00–15.00
Middag:
18.00–20.00 (middag)
Dagens kaffi/kake (resepsjonen):
Badesko/slippers: I thalassoavdelinga må
det brukast slippers/badesko. Desse kan
leigast eller kjøpast i resepsjonen.
Atelier Amdam: Kontakt biletkunstnar
Kjell Stig Amdam tel. 57 85 66 56,
www.amdam-art.no
Bar: Hemsen Bar/Dansesal er open frå
kl. 21.00. Når baren er stengt, får du
servering frå resepsjonen.
6 Selje magasin
Barmen: Besøk øya Barmen.
Fiske i fjellvatn. www.barmen.no
Behandlingar: På Spa Thalasso tilbyr vi ei
mengd gode, velgjerande behandlingar.
Kontakt resepsjonen. Sjå eigen informasjon
lenger bak i faldaren.
BickBlikk:
Eit interaktivt senter med galleri og
fotoatelier, samt kurssenter.
Thomas Bickhardt. Telefon: 952 17 592
www.bickfoto.no
Biljard/lego/spel:
Finn du i 1.etasje ved garderoben.
Bilutleige: Kontakt resepsjonen.
Branninstruks: Sjekk branninstruksen som
heng på veggen på rommet ditt.
Bagasjeoppbevaring: Ved resepsjonen.
Butikk: Hotellet har minibutikk i
thalassoavdelinga og ved resepsjonen.
Gode kremar og alge-produkt for kropp
og ansikt, toalett-artiklar, badetøy m.m.
Ervik Kyrkje.
Vestkapp. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway
Fredagspub på Frimannsbua i vinterhalvåret.
Resepsjonen og terapeutane hjelper deg
med informasjon om dei velgjerande
spesialprodukta våre frå Biomare og Thalgo.
Keramikk, kunstartiklar, bøker og fotografi
er fine ferdaminne å ta med heim.
Badeliv om sommeren.
Ytre Fure.
Fiske: Med småbåt frå hotellet eller frå
fiskeplassar langs kaiane.
Fotturar:
Fint turterreng med mange merkte stiar.
Trappeløype frå hotellet til Risnakken.
Drosje: Ring 57 85 64 86
Doktorgarden Selje:
Kafe Claus, Galleri Salen, Butikken
NokoAnna, Overnatting. Tel. 90186882,
www.doktorgarden-selje.no
Dykking:
Vestkapp Ægir Dykkerklubb,
tlf. 70 02 43 90/976 54 327, www.aegir.no
Ervik:
Sandstrand. Hovden turområde, Gamal
kyrkjegard. Ervik Kyrkje/St. Svithunkapellet. Vegkyrkja er open i sesongen,
tlf. 950 56 252.
Handkle: Ta med handkle frå rommet til
bassenget. Nye handkle kan du få i resepsjonen eller hos dei som steller romma.
Hoddevik: Sandstrand. Surfing.
Båtutleige: Kontakt resepsjonen.
Dans: Husorkester spelar til dans..
Golf: Selje Golfklubb, tlf. 412 33 944.
Frimannsbua: Fredagspub på Frimannsbua
i vinterhalvåret.
Fure:
Idyllisk grend. Sti frå indre til ytre Fure.
Hund: Du kan ta med deg hund til Selje
Hotel, men ikkje inn i restauranten.
Internett: Gjeste-PC til disposisjon.
Galleri/utstillingar:
Klosterutstilling + fotoutstilling av
Sunnivaleia/Turistinformasjonen.
Tlf. 57 85 66 06.
Galleri Salen/Doktorgarden: sesongope.
Tlf. 909 29 771 eller 918 65 634.
Atelier Amdam: sesongope.
Tlf. 57 85 65 65.
Sunnivagalleriet/Sunnivsalen: Selje Hotel.
Kreditt: Kreditt blir ikkje gitt utan at det
er avtalt på førehand.
Gammel Sjarm: Antikvitetshandel.
Werner van den Branden, tlf. 971 67 141
www.gammelsjarm.no
Minibar: Alle rom har minibar. Ver venleg
å fylle ut minibarskjema og ta det med til
resepsjonen når du sjekkar ut.
Kredittkort: Hotellet aksepterer dei fleste
kredittkort. Du kan ikkje ta ut kontantar
på terminalen vår.
Lege: Selje legekontor,
tlf. 57 85 61 06/57 85 56 100.
Selje magasin 7
Sagakonvoien klar til tur Selje-Bergen.
Lek og undring på Selje Kloster. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway
Fantastisk utsikt fra Vestkapp-platået. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway
Naturguiding:
Grete Solborg Fure. Tlf. 415 13 473.
www.stadtnaturguiding.no
Nødutgang: Du finn kart over nødutgangar på veggen på rommet ditt.
Overvaking:
Overvakingskamera er installert i garderobe/biljardrom, symjehall, utebadet og
venterommet på thalassoavdelinga.
Post: Postkasse i resepsjonen. Posten kjem
og blir sendt kl. 10.30.
Regntøy: Til utlån i resepsjonen.
Romservice:
Kontakt resepsjonen. Ekstra servicetillegg
kr. 50.-.
Prøv surfing i Hoddevik. Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway
Sagaboat: Produksjon i Selje,
tlf. 57 858480, www.sagaboats.no
Solarium:
Mynt kan kjøpast i resepsjonen.
Selja/Selje Kloster/Sunnivahola:
Ingen kjem til klosteret utan å undre seg,
og ingen reiser derifrå upåverka. Guida
turar kvar dag i sesongen, elles for grupper
og hotellgjester. Turistinformasjonen
tlf. 57 85 66 06. www.seljekloster.com
Teknisk informasjon:
ISDN, Internet, PC - kontakt resepsjonen.
SlowTour: Telefon: 950 23 668.
[email protected]
Turistinformasjon: i sentrum.
Tlf. 57 85 66 06.
E-post: [email protected]
Strykejern: Kan lånast i resepsjonen.
TV: Alle hotellrom har TV.
Surfing:
Eksotiske surfspots i Hoddevik og Ervik.
Tlf. 57 85 69 44/930 91 439.
www.stadsurfing.com
Vekking: Kan bestillast i resepsjonen.
Sykkelutleige: Kontakt resepsjonen.
Trening:
Treningsstudio med TechnoGym-apparat.
Gratis for hotellgjester. Nøkkel i
resepsjonen. Aldersgrense 16 år. Kr. 100.inkl. bading for gjester som ikkje bur på
hotellet. Månadskort.
8 Selje magasin
Telefaks/kopiering:
Resepsjonen hjelper deg med dette.
Symjebasseng/velværeavdeling/utebad:
Avdelinga er open kl. 0700 – 2100.
Badebasseng, trimrom, sauna. Infraraud
terapi sauna. Utebad (38 grader) kr. 50,(per person) må bestillast i resepsjonen.
Vestkapp/Stadlandet:
Besøk Dragseidet, Hoddevik, Fure, Ervik,
Vestkapp, Honningsvåg. Vestkapphuset
tlf. 915 35 160/915 11 012.
Verdisaker:
Kan deponerast i resepsjonen.
Åhjemsbuda:
Utstilling av porselen, midt i sentrum.
Prisliste Selje Hotel 1.9 2011 - 30.5 2012
Type
Antall
rom
Enkeltrom dusj/bad
Overnatting og
frukost - pr. pers.
Halvpensjon pr. pers pr. dag
2 døgn
5 døgn
Weekend fre-søn
halvpensjon pr.pers
Weekend laur-søn
halvpensjon pr.pers
975
1125
1100
2400
1325
1100
1250
1225
2650
1450
1200
1350
1325
2850
1550
9
650
800
775
1900
1000
20
850
1000
975
2300
1200
10
800
950
925
2200
1150
9
1050
1200
1175
2550
1400
Ekstraseng vaksen
500
650
625
1500
850
Ekstraseng barn under 10år
150
300
150
1 pers. 1. etg. mot VEG.
Enkeltrom/dusj/bad
1 pers. 2. etg. mot SJØ/balkong.
Enkeltrom/dusj/bad
2. etg. mot SJØ/balkong og
1. etg. mot SJØ/terrasse.
Dobbeltrom dusj/bad
2 pers, 1. etg. mot VEG.
Dobbeltrom dusj/bad
1. etg. mot SJØ/terrasse og
2. etg. mot SJØ/balkong
Dobbeltrom dusj/bad
2 pers, 2. etg. mot VEG.
De luxerom/kunstnarrom
dusj/bad 3.etg.
m/frukost
Priseks: Gjeld pr. person. Weekend fredag-søndag inkl. halvpensjon/frukost/middag. Weekend laurdag – søndag inkl. frukost og middag.
Barnemoderasjonar: 10 – 15 år. 50% reduksjon av pensjonsprisar, i ekstraseng. Born under 10 år kr. 150,- pr. barn pr. døgn i ekstraseng.
Middag 10,- pr. år.
MÅLTID:
Type:
Frukost (søndag 07.30 – 10.30)
Lunsjrettar
Lunsjbuffet (søndag)
Midddag, 3 rettar
Selje Buffet – (laurdag)
Romservice
Frukost
Spisetider:
kl. 07.30 – 10.00
kl. 13.00 – 14.00
kl. 13.00 – 15.00
kl. 18.00 – 20.00 (vinter)
kl. 19.00 – 21.00
Prisar:
Inkludert i rompris
kr.
kr.
kr.
kr.
kr.
250,- (vinterpris inkl. bading)
325,350,50,100,-
Kurs og møte med meirverdi
Legg samlinga til Sunnivasalen, Hemsen eller Hagestova. Bruk pausane til aktivitet ved havet som gir energi og motivasjon.
Legg inn i møteprogrammet ein kjapp tur opp trappeløypa til Risnakken der du har utsikt og stor takhøgde. Nedatt kan du gå gjennom
”Trollskogen”, og heile turen tek ein knapp halvtime. Be om inspirasjonsmenyen vår der vi stiller med gode kulturkrefter innan musikk,
lyrikk, bilder, klosterhistorie, spa opplevingar og anna Seljerelatert program. Midtvekepris frå kr. 1350.- . Prisen er per person i enkeltrom og inkluderer møtelokale med utstyr, ein kaffipause, middag, frukost og lunsj.
Selje magasin 9
Drømmen om å reise...
Av Thomas Bickhardt, organisasjonspsykolog og Seljeentusiast
Å reise på ferie har mennesker gjort i alle tidsepoker så lenge de grunnleggende livsbehov
har vært dekket. Det har og blitt forsket en del på spørsmålet: ”Hvorfor reiser menneske
egentlig på ferie? ” Det finnes selvsagt mange grunner til det. Jeg vil konkludere med at det
finnes noen hovedtrekk i hvorfor mennesker reiser til et bestemt sted.
1. Den viktigste grunnen for det er, ifølge
forskning, at mennesker har et sterkt ønske
om å bekrefte sine ideer og bilder av et bestemt sted. Man reiser for å finne det man
har i hodet fra før. Dette gjelder ikke bare
selve stedet, men i stor grad også opplevelser og følelser. Derfor informerer den
reisende seg på forhånd om reisemålet. Den
positive opplevelsen ligger i det å få oppfylt
sine forventninger.
den balansen som gir både reisende fra den
1. og fra den 2. gruppen gode opplevelser.
Gjennom trygge tilbud innen Klosteropplevelser/ kultur og helse har vertskapet gitt
den første gruppen en så trygg ramme, at
mange gjester har kommet igjen og igjen i
mange år, siden disse får innfridd sine forventninger gang på gang.
2. En annen grunn, som virker helt motsatt
til den første, er at mennesker ønsker å oppleve noe nytt. Den er merkelig nok mye mindre utbredt enn punkt nr. 1. Her ønsker den
reisende en overraskelse. Opplevelsen ligger
i det å bli positivt overrasket over noe nytt.
Det forutsetter en mye mer åpen holdning.
Mennesker som reiser på denne måten bruker ofte ikke å ta inn mange informasjoner
om stedet de reiser til på forhånd.
Så finnes det reisende som gjerne
kombinerer disse to tilnærmingene
Reisende som besøker Selje kommune har til
en stor grad forventninger om det de vil
oppleve på feriene sine. Dermed tilhøre de
fleste gruppe 1. Her kan jeg spesielt nevne
Klosteret på Selja, Vestkapp, surfing og
helse/velværesenteret ved Selje Hotell. For
klosteret og surfing gjelder det at disse to
reisemålene er klart definert, og til en stor
grad får gjestene oppfylt sine forventninger.
Litt mer vanskelig er det med Vestkapp,
siden mange reisende definerer Vestkapp
gjennom Vestkapphuset.
I over 25 år har Selje Hotell vært helt sentralt i reiselivsnæringen i Selje kommune.
Vertskapet på hotellet har skapt nettopp
10 Selje magasin
Vertskapet har i mange år klart å skape en
unik balanse mellom det å tilby trygge opplevelser til dem som krever det, samtidig
som de har brukt de frie ressursene til å utvikle nye opplevelser. Disse opplevelsene
dekker et stort området som inkluderer fritidsaktiviteter og kulturopplevelser, helt
opp til krevende tilbud innen helseturisme.
Det siste delvis forbundet med tidkrevende
forskning.
Balansen som var beskrevet ligger i et spenningsfelt som kan beskrives med følgende
begrep:
Spenning – Avspenning
(surfing – massasje)
Aktivitet – Passivitet
(fjellturer – ligge på sanden)
Kropp – Sjel
(trening – konserter)
Velvære – læring
(Spa Thalasso – kurs)
Men vertskapet har også brukt veldig mye
energi på å skape nye opplevelser som ikke
bare trekker nye gjester, men som og gir
gjestene som er ute etter det kjente, nye
vinklinger på kjente opplevelser. Dette arbeidet er krevende både når det gjelder kreativitet, men også i et økonomisk perspektiv.
Så har vertskapet bygget opp det første og
eneste Spa Thalasso senteret i Norge. Dermed har de tatt på seg en stor risiko for å
skape noe helt nytt, som ingen andre har.
Utfordringen som ligger i denne type utvikling blir synlig hvis vi ser på de punktene
som var beskrevet over. Som sagt er den
største reisegruppen ute etter det kjente, og
må dermed først bli kjent med et nytt produkt som Spa Thalasso.
Gjestene på Selje Hotell kan velge sine
aktiviteter fritt i dette spenningsfeltet og
dermed skape en helt individuell ferieopplevelse.
Nettopp her blir drømmen om å reise oppfylt. Vi mennesker er unike og vi vil bli behandlet individuelt. I Selje kan vi velge selv
hvordan vi vil oppleve ferieoppholdet vårt,
vi blir tatt på alvor som enkeltindivider, og
vi har muligheten til å kombinere det vi vil
oppleve i en optimal pakke.
Denne posisjonen med Selje Hotell i spissen
gir Selje kommune muligheten til å utvikle
seg til et senter for moderne reiseliv som
ivaretar drømmen om å reise.
Kurs – møter 2011-2012
Ved å velje Selje Hotell som din neste kursdestinasjon får du ikkje kun møtelokale. Du får i tillegg muligheita til å
motivere dine medarbeidarar gjennom natur og kultur samt behandlingar på vår populære spa/thalasso avdeling.
Vi kan skreddarsy opplegg for deg og dine medarbeidarar, alt etter dine ønskjer og behov.
Selje og Selje Hotell består av blant anna:
• 49 rom
• Sunnivasalen med plass til 90 i bordoppsett
• Spa/thalasso + basseng/trening
• Musikk og dans kvar kveld
• Den blå timen/lokalt kulturprogram
• Selje kloster/Stadlandet/Vestkapp
• Trappeløype til fjells direkte frå hotellet
Risnakken, på toppen av trappeløypa 15 min. tur frå hotellet.
Pris:
kr 1350,-
per person per døgn i enkeltrom, inkl. full pensjon, ein kaffipause og møtelokale med utstyr.
Det ville glede oss om du valte å ta turen til Selje neste gang du skal arrangere kurs/møter for di verksemd.
Tørrfisk og lutefisk
I Selje finn vi ein av landets største tørrfisk og lutefisk produsentar, Per Stave AS.
Godt råstoff vert levert av den lokale kyst-og banklineflåten til anlegget på Stadlandet.
Råstoffet blir så gjort til tørrfisk. Tørrfisk blir igjen vidareforedla til lutefisk.
Mesteparten av tørrfisken sender vi til Sverige som råstoff for svenskprodusert lutefisk, fortel dagleg leiar Rune Stave. Finland er og interessert i tørrfisken vår. Resten av tørrfisken brukar vi til vår eigen
lutefisk som er blitt svært populær i hotell-og restaurantbransjen. Det er likevel Norges gruppen som er den største enkelt
kunden vår, fortel Rune. Norges gruppen sel lutefisken frå
Stave med eigne etikettar.
I Noreg brukar vi mest torsk til lutefisk, medan Sverige og
Finland vil ha lange, seier Rune.
Bacalao er god mat laga av klippfisk frå Per Stave AS. Kjøkensjef Geir på Selje Hotel er kjend for si gode bacalao oppskrift
basert på Stavefisk. Lutefisken finn du sjølvsagt også m.a. på
julebordet.
©seafood.no
Selje magasin 11
Haust- og vinterprogram
2011-2012
30. sept. - 2. oktober: MAT for MONS:
VILTHELG inkludert mannfolk-thalasso og
Bjørn Inge Berge med m.a. Cornelis
Vreswijk og Evert Thaube. Les meir om
helga i ramme på høgre side.
3. - 7. september:
“Sankta Sunniva og det heilage skrinet”.
Sjå artikkel på side 26.
16. - 18. september: SPA/THALASSO HELG
med 1 behandling inkl. i weekend-prisen.
4. - 6. november:
Musical Cabaret og Kruttrøyk.
Ei helg med høg latter - og musikk faktor.
Opera Nordfjord: Tryllefløyten
3 døgn opphald, stor opera oppleving,
thalasso behandlingar, god mat + godt
reisefølgje. Vi har selt ut alle billettane til
"Tryllefløyten", men er du rask så kan vi
kanskje klare å skaffe nokre få ekstra.
7. - 10. oktober:
Opera og thalasso langhelg.
Bli med Olaug til Selje (tlf. 53 41 58 16)
15. oktober: Båtdåp Ervik Havfiske
Ervik Havfiske døyper den nye "Frøyanes",
verda største, mest moderne og det første
nybygg med hermetikk fabrikk, tilrettelagd
for lærlinger.
Foto: Tonje Marie Aarflot
Thalasso i vinterhalvåret
Det gjer ekstra godt med eit besøk på Selje Spa Thalasso i vinterhalvåret.
Det som skil oss frå andre spa er at vi brukar sjøvatn frå HAVET og sjøalgar
i behandlingane våre. I Noreg er vi åleine om det.
Vi gir store rabattar på 3. og 5 dg. thalasso pakke opphald på denne tida
av året. Prisar og anna informasjon finn du på side 20-21 i dette magasinet.
Sjå www.seljehotel for aktuelle spesialtilbod.
5 dg. thalassopakke: Spesialpris 30% rabatt
01.10.2011 - 30.10.2011 + 01.02.2012 - 30.04 2012
Halvpris = 50% rabatt: 01.11.2011 - 30.01.2012
3 dg. thalassopakke: Halvpris 50% rabatt
01.11.2011 - 30.01.2012
12 Selje magasin
18. - 21. november
SUPER LANGHELG
MED HØG
KJENDISFAKTOR
MAT FOR MONS
30. september - 2. oktober: VILTHELG inkludert
mannfolk-thalasso og Bjørn Inge Berge med m.a.
Cornelis Vreswijk og Evert Thaube
• Familiekonsert
med Alexander Rybak
• JULEBORD
• “Sigrid Undset” med Ellen Horn
i Operahuset, Nordfjordeid
Ta med deg mann din til
Selje på vilthelg. Alle menn
som sjekkar inn fredag og
blir til søndag får ein gratis
behandling inkludert i
weekendprisen.
JULEGÅVE
Ring 57 85 88 80
og vi ordnar gåva
for deg.
Vakker og vill
visesang under
måltidet av
Bjørn Inge.
Foto: Tonje Marie Aarflot
Varmt, rått og hot
Marie Austrheim og Silje Aarflot byr på
kabaret laurdag 5. november. Her blir det
høg showfaktor, friske rytmar og musikalsong på både norsk og anna språk. Dei to
kvinnene har sett saman ei kveldsførestilling der det vert gjenhøyr med mange
kjente og kjære musikalmelodiar. Overalt
har Marie og Silje fått strålande omtale.
Og etter kabareten kan du velge mellom
stordans på Teina til Kruttrøyk, eit av
Noregs beste country/rock-band. (eigen
inngangsbillett for alle på Teina), eller du
kan fortsette på Hemsen til husets dansebandmusikk.
18. - 21. november: SUPER LANGHELG
MED HØG KJENDISFAKTOR:
Alexander Rybak - Julebord - Ellen
Horn/Sigrid Undset:
Laurdag kl. 15.00 og kl. 18.00:
FAMILEKONSERT (2 like konsertar).
Alexander Rybak, saman med eit 10-tals
lokale og profesjonelle musikarar innan
klassisk-og popmusikk, vil gi dykk ein
konsert de seint vil gløyme.
Kl. 20.00 står årets første JULEBORD
dekka og de kan gle dykk til å frotse i god
tradisjonsrik, heimelaga julemat. Kvelden
blir avslutta med dans ut i dei små timar.
Søndag 20.11: kl. 1900 i Operahuset,
Nordfjordeid: Undset med Ellen Horn.
Vi køyrer gjestane våre til Eid til teaterframsyninga med retur til Selje etterpå.
Selje Hotel har sikra seg nokre billettar og
arrangerer tur/retur Nordfjordeid.
Selje magasin 13
Året 2012:
Start året med intensjonane som er lagt
inn i "Den gode sirkel", Selje Hotel sin mal
for innhaldet i eit thalasso kur-opphald i
Selje. Legg kurset og møtet til oss og du vil
få ein god smakebit av sirkelen vår.
Ta med deg familien til eit vinteropphald.
Sjekk www.seljehotel.no
KO
ST
H
AL
D
Romjulsdans 1. juledag (merk dagen) på
Hemsen. Musikk: Grand Prix
Følg med oss på Facebook for Teinafestar
m.m.
R
U
LT
KU
GJEST
MOSJON
9. - 11. desember: Hanne Krogh og
3 Tenorer/Operahuset + Julebordhelg
Ei julebordhelg du vil gle deg til på førehand og gle deg over i lang tid etterpå.
Du kjem til Selje fredag (eller møter oss på
Nordfjordeid.) Kl. 17.00 reiser vi frå Selje
til Operahuset Nordfjord der vi har reserverte plassar til kveldens store framsyning
”Hanne Krogh og 3 tenorer”. Vi er tilbake i
Selje i 22.00 tida der varm suppe m.m.
ventar. Laurdagen kan nyttast til herlige
spabehandlingar og velværeaktivitetar,
julehandel i Selje, ein fottur m.m.
Kl. 19.00 står det store JULEBORDET dekka
- gle dykk til ei matoppleving av dei
sjeldne. Og så blir det sjølvsagt dans
etterpå. Avgrensa plassar "Først til mølla” Hugs å bestille plass snarast og seinast
15. oktober.
PSYKE,
MOTIVERING
OG
MENTAL
FORM
OP
AP
PL
K
NS
N
KU
NATUR
TRIVSEL
VELVERE
LIVSKVALITET
EV
Laurdag 7. januar: NYTTÅRSSHOW
Palmerevyen til Leikanger Mannskor er
klar til å gleda oss med eit ellevilt knippe
revynummer frå dei siste palmerevyane
som går kvar påske inne i eplehagen på
Leikanger i Sogn. Mannskoret starta opp
med sine revytradisjonar ein januardag i
1960. Sidan den tid har dei spelt revy kvart
år, og har vakse seg til å bli den mest tradisjonsrike fylkesrevyen i Sogn og Fjordane.
IN
G
Helse for livet - ein draum frå havet
Halv pris = 50% rabatt på 5. og 3 dg.
thalassopakke i heile januar 2010.
5. - 10. januar kan du bli med Olaug til
Selje på 5 dg. Thalasso- KUR opphald til
halv pris. Olaug frå Stord er vår aller beste
ambassadør med snart 20 år som reiseleiar
til Selje for gjester frå Haugalandet,
Bømlo, Stord og Bergenskanten.
Start året saman med Olaug. Dei herlige
behandlingane som er inkludert er helsebringande og slankande, maten er sunn og
spennande og heile programmet er variert
og morosamt med turar, kveldsunderhaldning og mykje hygge. KNALL god pris: kr.
5.500.- p.p. i dobbeltrom inkl. halvpensjon,
Start året saman med Olaug i Selje.
14 Selje magasin
alle behandlingar og anna program. Tillegg
for enkeltrom og evt. lunsjrettar.
Påmelding til Olaug Kvalvik. Nesjahaugen
12, 5411 Stord. Tel. 53415816, 411 44 127.
Tips ektemake og born at dette er ei fin
julegåve å gi...
Leikanger Mannskor med ”Hada Hada”
Laurdag 28. januar: Trekkspel seminar og
Trekkspel/pianokonsert med Håvard
Svendsrud og Jon Inge Sigerland.
Verdsmeister i trekkspel Håvard
Svendsrud oppfordrar trekkspelklubbar og
alle trekkspelinteresserte til å melde seg
på eit 3 – 5 timars seminar laurdag.
Om kvelden blir det konsert med 2 herrar
som stiller heilt i verdstoppen av
ferdigheiter innan trekkspel og pianospel.
Foto: www.norilds.no
Mørkt ute, varmt inne... “Den blå timen” med musikk, lyrikk og
humor.
Opplev Selje i vinterprakt! Ekstra gode bornerabattar i skuleferien.
Nyt vår spanske tapasbuffet laurdag 11. februar.
Februar
Personalsamling, kurs, møte. Februar er ei
god tid for å samlast. I februar gir vi kurskundane våre gratis underhaldningsinnslag
under festmiddagen.
1. - 4. mars: Bli med Olaug igjen til Selje.
3 dg. Thalssoprogram, ”Syng og Le” kveldar
og godt humør frå start til slutt, lovar
Olaug dykk. Påmelding til Olaug Kvalvik,
tel. 53415816- 411 44 127.
Laurdag 11. februar: TAPASKVELD
med spansk inspirert underhaldning.
2. - 4. mars: Syng og Le-helg
med Gunnar GP og Sigrid
April: VÅR i Selje.
Legg vårturen til Selje. Her kjem våren
tidleg og dette er ei fin tid for utflukter
til kulturperler og det eksotiske
landskapet på Stadhalvøya.
Be om eit 2 døgnopphald med standardprogram. Ta kontakt og vi legg opp
programmet for deg og gruppa di.
Vinterferie og skuleferie:
Ekstra fine bornerabattar.
12. - 17. mars: Helseferie ved Havet
5 døgn med behandlingar, turopplegg,
trening, kulturkveld, inspirasjon.
2. - 4. mars: SYNG OG LE-HELG
med GUNNAR GP & SIGRID
Mai: SOMMAR i Selje.
Ver tidlig ute med sommarbestillinga.
Syng og Le er både tittel på ein velkjent vals og
på GP sitt radioserieprogram i NRK som vart ein
stor publikumsuksess. Fredag spelar GP& Sigrid
til dans, laurdag blir det Syng og Le Show der
artistparet har plukka ut humoristiske songar og
viser. Konserten er krydra med morosame vitsar
og skrøner, slik GP ofte gjorde hos Skoglund i
Rorbua “Du skal høre mye.”
Dansemusikk til GP &
Sigrid laurdag kveld
også. Er du glad i
humor og likar å svinge
deg til gladmusikk, er
dette helga for deg.
Selje magasin 15
Tekst og foto: Anne-Mari Tomasgard
Vurderer framtida til Selje Hotel
Etter 50 år i reiselivet og 36 år som vertskap ved Selje Hotel,
vurderer Gerd Kjellaug og Harald Berge å selje eller leige ut hotellet.
Reiseliv. – Alderen er der, men lysta til å gi
seg er der ikkje. Vi er i prosess for å finne
framtida til Selje Hotell, seier Gerd Kjellaug
og Harald Berge.
Begge har nådd pensjonsalderen, og dei
planlegg no pensjonstilværet der livsverket
blir ført vidare av andre.
Brukar tid. Det er mange hotell til sals for
tida, og hotellparet sonderer interessa utan
at dei enno har gått ut på den opne marknaden.
– Vi vil bruke den tida som er nødvendig for
å sikre vidare hotelldrift i Selje. Hotelldrifta
er livsstilen vår, og vi vil ikkje forhaste oss,
seier dei to som rundar 70 om vel eitt og to år.
Oljehyre. Selje Hotel opna sommaren 1975.
Ekteparet Berge kom til «hotellet ved storhavet» i februar året etter. Då hadde dei
drive Seljestad hotell i tre år, eit hotell
HOTELLPAR. Gerd Kjellaug og Harald Berge synest Selje
er flottaste plassen på jord. Her ved Seljesanden og med
utsikt til Stadhavet har dei drive hotell i snart 36 år.
No er dei på jakt etter nokon som kan føre livsverket vidare.
16 Selje magasin
som fort blei fylt opp med bussgrupper som
ville sjå Hardanger. Det var heilt andre vilkår for reiselivet på den vêrharde kysten av
Nordfjord.
– Å begynne her utan ein einaste ordre i boka,
var utfordrande, minnest Gerd Kjellaug.
Dei bestemte seg med ein gong for at dei
ikkje skulle kopiere Seljestad eller andre hotell.
– Vi måtte finne det spesielle ved Selje. Og
det er storm ved Stad og 1000 års historie,
seier Gerd Kjellaug og minnest at dei kjøpte
oljehyre til gjestene og marknadsførte styggevêret. Slikt blei lagt merke til i riksmedia.
Dei bestemte også fort ein standard for korleis dei ville ha hotellet. Det skulle ikkje
vere luksus, men kvalitet, med heimekoseleg atomsfære og lett tone.
Stopp på turen. Det unge paret frå Sogn
dreiv hotellet for familien Drageset dei første åra. Sidan 1983 har dei eigd det.
– Vi hadde ikkje tenkt å bli verande her, og
såg det som eit stopp på turen vidare. Men
då vi fekk tilbod om anna, protesterte ungane, fortel Harald.
Verken han eller Gerd Kjellaug har likevel
angra på at dei blei verande i Selje. Dei to
døtrene har seinare valt å etablere seg andre
stader. Begge har teke reiselivsutdanning,
men har bestemt seg for ikkje å ta over
hotelldrifta etter foreldra. Difor vil hotellet
snart anten bli seld eller leigd vekk.
– Selje har alt eit moderne menneske treng
av påfyll i kvardagen, meiner Gerd Kjellaug
og Harald.
Dei elskar Seljenaturen, kulturlandskapet,
lyset, havet, kulturminna -og, dei er heilt
sikre på at med det rette vertskapet, så har
Selje Hotel ei stor, lys framtid.
Vinterope. I alle år har Gerd Kjellaug og
Harald lagt vekt på at hotellet skal vere heilårsope, sjølv om drifta i vintermånadene går
med tap.
– For oss har det vore viktig å ha god likviditet, og så lenge vi har kunna betalt alle
forpliktingane våre, har vi forsvart overfor
oss sjølve å ha eit heilårsope hotell, seier dei.
Dei vil ha lys i vindauga, gi eit tilbod til
bygda og ikkje minst handlar det om å ta
vare på tilsette gjennom heile året.
2011 har vore ein travel, men normal turistsesong. Trass hektisk aktivitet, har arbeidet likevel vore svært lystprega for
vertskapet.
– Og no skal vi over i underhaldningsbransjen, smiler dei.
For når sommarferien er over, blir hotellet
også kulturhus. Hanne Krogh og Alexander
Rybak er berre noko av det som står på programmet hausten 2011.
Thalasso. Hotellet var tidleg ute og satsa på
kombinasjonen helse, natur, kultur og velvære. Dei er framleis einaste tilbodet i Skandinavia med Thalassoterapi. Til denne
behandlinga hentar dei sjøvatn direkte frå
Stadhavet.
– Dette har vore med og bidrege til at vi har
kunne hatt heilårsope. Det er nesten naturstridig at vi har hatt ope i januar og februar,
men vi har aldri stengt, seier Gerd Kjellaug.
Sjølv om andre snart må ta over, manglar
Gerd Kjellaug og Harald ikkje idear for vidare utvikling av hotellet. Dei har teikningar klare for både eit Kystbad Selje og
panoramasalong. Dei tenkjer at hotellet i
framtida må bli endå meir havrelatert.
Endra samfunn. Tidlegare dreiv hotellet
sjøsportsenter med utleige av seglbrett,
vasski og robåtar. No er det ikkje nokon som
spør etter slikt lenger. Hotellet arrangerte
fiskekonkurransar og hadde naust med
sløyebenk og djupfrysar. Dette er vekke som
hotellet sitt tilbod i dag. Fisketuristar bur i
rorbu.
Lokalsamfunnet har også endra seg på andre
måtar. Til dømes er det mindre aktivitet i
industrien enn det var før. Framleis opplever dei at hotellet er bygda si storstove, men
folk har fått fleire alternativ for å arrangere
samkomer.
Engasjert. Gerd Kjellaug har i fleire tiår
vore engasjert også i samfunnslivet utanfor
hotellet. Mellom anna har ho vore visepresident og president i Norsk Hotell og Restaurantforbund og visepresident i NHO.
– Verva har vore viktige for henne. Når vi
har budd på ein liten plass, så har det vore
viktig å kome ut og vere med i det som skje
utanom hotellet og det som skjer i bygda,
seier Harald.
– Det er interessant å bu på ein liten plass
og få overordna perspektiv på utfordringane, skyt Gerd Kjellaug til.
Etter fem år som flyvertinne i SAS fekk ho
sett heile verda. Og verva i NHO førte dei
begge til generalforsamling i FN to gonger.
Første gongen var 186 nasjonar samla, og på
same dagen snakka både Clinton, Jeltsin og
Godal. Neste gong fekk dei høyre både Bush,
Kofi Annan og Bondevik.
– Tema var globalisering, og det er interessant og nyttig å lyfte blikket og sjå kva vi kan
bidra med i eit lokalsamfunn for å få ei god
verd. Litt av drivkrafta våre er at vi ser at
det vi driv med i Selje har litt betydning. Ein
må finne inspirasjon andre stader når ein
driv hotell. Det er einsamt å vere den kreative, seier Gerd Kjellaug.
reform og rekreasjon/rehabilitering.
– Viss vi kunne få til denne kombinasjonen,
må det offentlege gå i bresjen og ikkje
motsett. Elles blir vi berre skulda for å vere
kommersielle, seier ho.
Patriotar. Sogningane Gerd Kjellaug og
Harald Berge blei fort skikkelege Seljepatriotar. Den dagen andre tek over hotellet, er planen likevel å flytte til Sogndal. Dei
vil behalde huset sitt i Selje, men i Sogndal
ventar eit gammalt, flott og stort hus etter
Harald si bestemor som var kunstnar. Dette
huset vil dei no bruke meir tid på. Og så vil
dei reise endå meir enn dei har gjort og
bruke tid på barnebarn i Sogndal og på Sørlandet.
– Vi blir ikkje arbeidsledige og skal ikkje
kjede oss, seier hotellparet som planlegg å
tre av etter over ein mannsalder som sentral
reiselivsaktør i ytre Nordfjord.
Samhandling. Det er utfordrande å drive
hotell på bygda i Norge, med kort turistsesong. Både Selje Hotel og andre bygdehotell
har mykje ledig kapasitet i store deler av
året. Ein av Gerd Kjellaug sine visjonar er
at det bør vere meir samhandling mellom
hotell og kommunar innan dagens utfordringar, som folkehelse, samhandlings-
Selje magasin 17
Stadt Naturguiding tilbyr
turar i vill og vakker natur
på Stadtlandet og i Selje
Av Grete Solberg Fure, journalist Solfrid Vartdal og fotograf June Johansen
Eg har bestemte turopplegg,
men tilpassar til veret og dei
ulike kundane. Undervegs får
du også høyre historiene frå
stadane vi går. Eg har budd
størstedelen av livet på
Stadlandet, og kjenner både
naturen og historia her.
Å ferdast i naturen har alltid vore viktig for
meg, og Stadt har utruleg mykje å tilby året
rundt. Dei raske verskiftingane er noko av
det som fasinerar. Det eg og set stor pris på
er den korte avstanden frå fjøre til fjell. Det
gjer dei flotte fjella våre lett tilgjengeleg,
og passar for folk flest. Du når opp og har ei
fantastisk utsikt på kort tid, og kan vandre
kort eller langt, på eit nydeleg teppe av
mose og lyng. Eller ta ein spennande tur
langs fjøra, som t.d. til Ytre Fure der eg
stammar i frå. Eit område på sørsida av
Stadthalvøya, bl.a. Hoddevik, er utpeika som
eit av 20 mest verdifulle kuturlandskap i
Norge. Det vil sei at det er lite berørt av
moderne inngrep, og gjer det ekstra spennande å ferdast der. I tillegg har vi ei dramatisk og spennande historie t.d. på
Dragseidet, Selje kloster, Ervik og fleire,
desse får du høyre undervegs.
Eksempel på turopplegg er Gamle Kyrkjevegen frå Stadt til Selje, eller frå Indre til
Ytre Fure, men det finnst mange andre
alternativ. Du kan og få ein rein biltur, eller
ein kombinasjon med vandring.
Omtale og bilde av turane finn du på
www.stadtnaturguiding.no og
www.facebook.com/Stadt-Naturguiding
18 Selje magasin
Heilårsdrift og lokalt samarbeid
Stadt Naturguiding satsar på heilårsdrift,
ikkje berre på sommarsesongen.
Å oppleve ein vakker solskinsdag eller å sjå
stormbyene komme drivande inn frå havet,
begge deler kan vere ei utruleg flott oppleving, det er berre å spele på lag med naturen, og legge opp turane etter det. Eg sluttar
ikkje å bli fasinert av alt det vakre og unike
vi har rundt oss, så eg syns det er kjekt å få
dele dette med andre. Turane vert alltid tilpassa til veret, og tilrettelagt at ein kan ta
nistepause innandørs når det er behov.
Eg samarbeider også med lokale bedrifter
på bl.a.mat og overnatting, og har hatt eit
veldig godt samarbeid med Selje hotell, bl.a.
i Helseferieprosjektet.
Foto: Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norway
Brusande balsam
for kropp og sjel
- vest ved havet
Selje Spa Thalasso
Velkommen til Selje Spa Thalasso. Thalassoterapi er ei av verdas mest naturlege og effektive anti-stress behandling og er heilt
kompatibel med den menneskelege organismen. Behandlinga er basert på sjøvassbad oppvarma til ca. 33- 35 grader. Huda
absorberer ulike element som finns i overflod i sjøvatn, som jod, svovel, kalsium og magnesium. Desse elementa veg opp mot
mangelen av salt og mineral forårsaka av stress og trøttheit i kroppen og bidreg til å få til ei rask betring av nervøse plager.
Thalassoterapi er ikkje berre anbefalt for stress-relaterte plager, men bidreg også til å forebygge og gir lindring for alle type smerte
relatert til revmatisme, leddgikt og forholdet mellom bein og musklar. Behandlingar med thalassoterapi er også anbefalt for luftvegssjukdommar, hudpleie, og ikkje minst for alle som vil investere i velvære og er oppteken av å halde seg slank og i god form.
Thalassoterapi er balsam for heile sanseapparatet, og etter to timar med algeterapi, bølgjemassasje, saltvassbobler og
høgtrykkspyling er kroppen fullstendig nullstilt; velværet breier seg frå isse til tær...
Hugs å slappe av etter ei behandling, bruk gjerne kvileromet vårt.
Behandlingar og prisliste 2011/2012:
THALGO HUDPLEIE:
Alle behandlingane inkluderer
reins, peeling og massasje.
Mini hudpleie
Reins, peeling, maske, krem.
30 min . . . . . . . . . . . . .kr. 675.-
Djup reins for ansikt
Gir rein og klar hud med
individuell maske.
55 min . . . . . . . . . . . .kr. 775.-
Forming av bryn . . . .kr. 250.-
Spesial fuktigheitsbehandling
Intensiv fuktbehandling for tørr
hud. (virkar straks)
70 min . . . . . . . . . . . .kr. 975,-
Farging av vipper
eller bryn . . . . . . . . . .kr. 250.-
Cold marinemaske
(super for roseacea)
Svært roande og kjølande
behandling for sensitiv hud.
70 min . . . . . . . . . . . .kr. 975,Askepottbehandling
Fuktigheitsgivande collagenbehandling, poresamantrekkjande.
Veldig bra før makeup.
70 min . . . . . . . . . . . .kr. 1075.Antirynkebehandling
Svært god behandling for å
motverke rynker. Linjene fyller vi
opp med strips av hyaluronsyre.
(umiddelbart resultat)
80 min . . . . . . . . . . . .kr. 1075.-
20 Selje magasin
Farging av vipper og bryn
inkl. forming . . . . . . . .kr. 495.-
Voksing av legger, lår
og bikinilinjer . . . . . .kr. 850.Voksing av overleppe kr. 195.Voksing av hake . . . .kr. 150.Voksing av legger
eller lår . . . . . . . . . . . .kr. 425.Mjuke hender
Peeling, parafinvoks, massasje
25 min . . . . . . . . . . . .kr. 450.Mjuke føter
Fotbad, peeling, parafinvoks,
massasje
30 min . . . . . . . . . . . .kr. 500.-
THALASSOBEHANDLINGAR:
Alle behandlingane går ut på å
kvitte seg med avfallsstoff, og ta
opp nye mineral. Vi brukar oppvarma sjøvatn og algeprodukt av
høg kvalitet.
Standard Thalasso
- Thalasso/hydroterapibad
- Stimulerande kroppsspyling
- Avslappande algeinnpakning
- Avsluttande massasje
120 min . . . . . . . . . . .kr. 1650.Thalasso med kroppsskrubb
Thalasso/hydroterapibad, kroppspeeling, algeinnpakning, massasje.
120 min . . . . . . . . . . .kr. 1700.Sunn slanking, Selje Biomare
Sauna, algaskin, kvile, te, kroppspeeling, utrensande algeinnpakning, anticellulittmassasje.
110 min . . . . . . . . . . .kr. 1500.Mini Thalasso
- Thalasso/hydroterapibad.
- Algeinnpakning m/rosemaske.
- Algeolje
60 min . . . . . . . . . . . .kr. 850.-
Thalgomince
Thalgo sin nye anticellulitt og
oppstrammande behandling.
Kroppsbehandling, cellulittmassasje, gummimaske
90 min . . . . . . . . . . . .kr. 1195.6 behandlingar . . . . . .kr. 4900,(inkl. fri bruk av basseng,
infraraud sauna, trimrom)
ENKLE BEHANDLINGAR:
Thalasso/hydroterapibad
25 min . . . . . . . . . . . .kr. 420.Dusjjet
15 min . . . . . . . . . . . .kr. 385.Algeinnpakning
25 min . . . . . . . . . . . .kr. 400.Dusjaffusjon
25 min . . . . . . . . . . . .kr. 550.Kroppspeeling
25 min . . . . . . . . . . . .kr. 480.Steambad og/eller infraraud
badstove/kvile
45 min . . . . . . . . . . . .kr. 350.-
Behandlingspakkar Selje Spa Thalasso
Alle pakkeprisane inkluderer opphald i gode rom med badekåpe og frukt,
1/2 pensjon (frukost og middag), fri bruk av velværeaktivitetar som utebad,
basseng, treningsrom, sauna. Andre behandlingar kan evt. bestillast ekstra - sjå
prisliste. NB! Bestill før du kjem. Ver merksam på at lunsj ikke er inkludert.
3 dg. thalassopakke
2011 - 2012:
Thalassobad/hydroterapibad + dusjspyling + algeinnpakning + massasje
Steambad/kvile + Minihudpleie + Mjuke hender
(Desse behandlingane blir fordelt på 2 dagar)
• Kr. 5.000.- (midtveke) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-.
• Kr. 5.700.- (helg/tors-sønd) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-.
50 % RABATT: Periode: 01.11.2011 - 30.01.2012:
• Kr. 2.500.- (Midtveke) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-.
• Kr. 2.850.- (helg/tors-sønd) pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 450,-.
5 dg. thalassopakke
2011 - 2012:
Dag 1: Thalassobad/hydroterapibad + dusjspyling + algeinnpakning
Dag 2: Thalassobad/hydroterapibad + dusj affusjon + kalde algar
Dag 3: Thalassobad/hydroterapibad + sauna + plastpakning + mjuke føter
Dag 4: Thalassobad/hydroteraspibad + algeinnpakning + massasje
• Kr. 11.000.- pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 750,-.
SPESIALPRIS 30% RABATT: 01.10.2011 - 30.10.2011 + 01.02.2012 - 30.04.2012
• Kr. 7.700.- pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 750,-.
Viktig å vite
Behandlingane tek ein
på eige ansvar:
Vi ber deg informere oss ved bestilling om evt. graviditet, høgt eller
lågt blodtrykk, kreft, svakt hjerte og
bruk av spesielle medisinar.
Timebestilling:
Bestill time i god tid før du kjem. Vi
anbefaler at du set av tid til å nyte
velværeavdelinga før ei spa thalassobehandling. Etter behandlinga bør du
sette av tid til å slappe godt av.
Avbestilling:
50 % RABATT: Periode: 01.11.2011 - 30.01.2012:
• Kr. 5.500.- pr. pers. i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom kr. 750,-.
Prisliste Selje Spa Thalasso:
MASSASJE:
Kroppsmassasje m/algeolje
25 min . . . . . . . . .kr. 495.-.
Kroppsmassasje 55 min
Massasje med algeolje.
55 min . . . . . . . . .kr. 795.Ayurvedamassasje
- Rytmisk massasje med lange
strykingar og oppvarma olje.
90 min . . . . . . . . .kr.1200.-
Fotsoneterapi
55 min . . . . . . . . .kr. 795.Kopping/massasje
55 min . . . . . . . . .kr. 795.Dusjaffusjon
- Manuell massasje samtidig
som 5 strålar sjøvatn
bearbeider kroppen.
25 min . . . . . . . . .kr. 550.-
Avbestilling må skje minst 24 timar
før behandlinga skal starte. Ved seinare avbestilling belastar vi deg med
75% av beløpet for behandlinga.
Gåvekort:
Innerlifemassasje
Djup avspenning. Behandlinga
er spesielt god for dei som er
slitne og har kroppssmerter.
Passar også godt for gravide.
60 min . . . . . . . . .kr. 875.-
Kontakt resepsjonen som ordnar den
personlege gåva for deg.
For gjester som ikkje
er på thalassoopphald:
Utebad 37 grader,
2 personar . . . . . . . . . . . .kr. 100.Slippers/badesko . . . . . . .kr. 100.Leige av badekåpe . . . . . .kr. 75,-
Selje magasin 21
Produkt
Alagaform
CAMA 2:
Muskel- og leddproblem.
Spenningsstress. Revmatisme.
Algare aminosyrer, betakaroten, fytohormon, jern,
magnesium, naturleg vitamin,
oligo-element. Pris kr. 450,-.
ALAGASKINN KROPP:
Reinsar og tilfører næring/
mineral. Antiseptisk. Hjelper
mot arr og merke i huda.
Hjelper mot cellulitt. Enzym,
8 essensielle oljar, bivoks,
naturlege oljar. Pris kr. 350,-.
CAMA 4:
Tunge bein. Gikt. Cellulittar.
Sirkulasjonsfremjande. 8 essensielle oljar, kamfer, eukaluptus,
planteestrakt, jernkarbonat,
biokarbonat. Pris kr. 450,-.
AQUALAGA 1 og 2:
Reinsar kroppen. Fører til god
form og vitalitet. Konsentrert
sjøvatn og algar, magnesium,
jern, sink og oligo-element.
4-5 dropar i eit glas vatn kvar
morgon. Pris kr. 220,-.
Alagaform produkta er laga av element frå naturen; sjø, sol, tang og tare. Desse produkta
hjelper oss til å halde oss unge og i god form og har ein antistressverknad. I laboratoriet
blir tang og tare frysetørka, så blir det vakuum-pakka inntil det blir brukt. Alagaforme
brukar spesial-leire for å bevare dei aktive algane på ein 100% naturleg måte.
Bruk produkta heime etter ein thalassokur.
ALAGAMASK:
Tilfører fuktigheit og næring
til ansikt og hals. Enzym,
vitamin, jern, mineral, leire,
bivoks. Pris kr. 400,-/250,-.
HYDRALAGA VISAGE:
Dagleg hudpleie, motverkar
rynker. Beskyttar mot sola,
gjev fuktigheit og næring til
ansiktet. Algeekstrakt, keratin
frå ull, næringssalt, Oligoelement, naturlege oljar.
Pris kr. 325,-.
HYDRALAGA
Body oil H.M.2
Eucaluptus, kastanje, karoten,
oljar. Pris kr. 375,-.
HYDRALAGA
Masasje olje H.M.1
8 essensielle oljar, eucaluptus,
hestekastanje. Pris kr. 375,-.
ALAGASERUM:
Ha i badekaret og nyt eit bad i
20-30 minutt. Magnesium,
oligo-element, næringssalt.
Pris. kr. 220,-.
CARTAGO SÅPE:
Algar, olivenolje. Pris kr. 100,-.
ALAGA GEL G4:
Godt for vonde musklar og
ledd. Hjelper mot tunge bein,
sirkulasjonsfremjande.
Oligo-element, næringssalt.
7 essensielle oljar. Kamfer,
kastanje, kamomille.
Pris kr. 355,-.
ALAGA SJAMPO:
Algar, næringssalt, oligoelement, jern, magnesium,
sink, essensielle oljar.
Pris kr. 250,-
Thalgo produkt
I ansiktsbehandlingane våre brukar vi produkt frå
Thalgo Cosmetic. Thalgo har spesialisert seg på
bruk av havets ingrediensar i alle produkt for behandlingar og til heimebruk. Havet har vore kjelde
til sunnheit og velvære sidan tidenes morgon; la
havets ingrediensar ta vare på huda og helsa di!
Valet står mellom fleire ulike ansiktsbehandlingar;
og behandlingane kan du fortsette med heime. Vi
har eit stort og variert utval av produkt tilpassa
dei fleste hudtypar og behov.
Her på Selje Hotel gir vi deg starten og inspirasjonen; det er heime i det daglige resultata kjem. La
oss gi deg råd vidare; for ei sunn og frisk hud og
betre helse – lykke til !
6740 Selje • Tlf. 57 85 88 80 • Fax 57 85 88 81
[email protected] • www.seljehotel.no
22 Selje magasin
Valet
For ti år sidan var eg fysisk og mental ein
sliten mann. Ryggen byrja å svikte. Berre
det å røyse seg frå stolen tok pinlig lang
tid, for ikkje å snakke om grimasene eg
måtte prøve å svelge.
Åresvis med rovdrift byrja å sette spor. Hadde eg gløymt å lytte
til kroppen? Hadde eg gløymt å lytte til den finstemte indre
stemma som kan vere vanskeleg å høyre i all verdas mas og støy?
Hasta eg avgarde på tredemølla mot ei sikker grav som om eg
var redd for å kome for seint? Hadde eg i det minste tatt meg
tid til å vurdere om eg var på rett veg? Kva med håp og draumar, den sterke elden som det no knapt var blårøyk igjen av.
Spiren til eit nytt og anna liv kom opp av aska.
Valet blei tatt og etter eit par år tenking og avikling kunne eg
ta farvel med Bergen og forretningslivet, 30 år som unekteleg
har gitt meg mykje og som kan sjåast tilbake på med takksemd.
Allikevel: No skulle det nye livet levast, Lyset over Selja tok i
mot meg når eg kom over Manseidfjellet og såg utover mot den
storslåtte horisonten. Plassen der eg vaks opp og har mine røter
skulle igjen vere mine kullissar. Her skulle eg ta fram mitt
innerste, her skulle eg sleppe fri og dyrke spiren som eg alltid
har båret med meg, men som aldri før hadde fått skikkelige kår
for bløming.
Björn Inge Berge & Universet: RUSLETUR BAK TID OG ROM
Releasedato: 19. august 2011
BIB records/ Musikkoperatørene as
Her skulle eg ta fram musikken og tekstskrivinga. Her skulle
eg få oppleve inspirasjonen og ta den til meg som eit barn ved
sin moders bryst. Når storbåra slår mot ei uthuling i fjellsida og
får paukene i filarmonien til å høyre ut som plastleiketøy. Når
ein kjenner suget frå storhavet, høyrer bruset av båra som kjerteiknar ei sandstrand ei sommarnatt. Eller som min gode nabo
sa det: Når vi ankrar opp på klostervågen 2000 år attende i tid.
Når eg nyt god mat og drikke blandt vener, ruslar ut på balkongen mot vest ei desembernatt, ser på stjernene og undrast
over den enorme takhøgda.
Bjørn Inge Berge er mannen som
selde hus og firma i Bergen og flytta
på landet til Selje for å vie seg til
tekst- og musikkskriving på heiltid.
Denne endringa av livsstil bar
frukter; "Rusletur bak tid og rom"
framstår som fragment av eit levd
liv, ein moden og vakker debut.
Varme, nære tekstar og ei musikalsk
allsidigheit som svingar frå rap til hardingfele utan å miste tråden.
I skrivande stund, 19. august 2011, blir mitt CD-album "Rusletur bak tid og rom" sendt ut frå "Musikkoperatørene" sitt
lager for å distribuerast. Om " Rusletur bak tid og rom" blir
ein økonomisk suksess veit eg ikkje, men det er ikkje det viktigaste. Når eg legg meg om kvelden, så gjer eg det med smil om
munn. Når eg lettbeint sprett opp av senga om morgonen så
veit eg at det har vore ein rusletur bak tid og rom. At eg i dag,
10 år etterpå er 10 år yngre enn eg var for 10 år sidan.
Jau... "Valet" var rett.
Musikarane i "Universet" skapar vare stemningar inspirert av latino
og folk- og powerpop. Radiosingelen "Komme det som komme må"
gjekk i mars 2011 rett inn på andre plass på NRK SFJ Fylkestoppen,
berre to poeng bak "Eva & The Heartmaker" . BIB & Universet har i
alle avstemningar fått klart flest stemmer frå folkejurien.
Musikarane i ”Universet” består av: Bjørn Inge Berge- Gitar, vokal
Helge Nyheim - Trommer, vokal • Bjarte Aasmul - Gitar, lapsteel,
bouzouki Daniel Hauge - Tangenter • Geir Stønjum - Bass
Selje magasin 23
“Sanct Svithuns gåte”
– krigsgåte i ny krimbok
Rune Timberlid frå Sogndal i Sogn, no busett i Førde, har lagt hendinga i si nye krimbok til
Selje. Politihelten Rolf Randen har denne gongen fordjupa seg i hurtigruta "Sanct Svithun"
som blei bomba utanfor Ervik i 1943.
Timeberlid brukar alltid Sogn og Fjordane
som kulisse i bøkene sine, og denne gongen
har han valt Selje kommune som hendingsplass. Forfattaren er inspirert av den mektige
Seljenaturen, kontrastane i vêret ute ved
storhavet og i historia og mystikken på klosterøya Selja. For meg er det få ting som gjer
større naturinntrykk enn å kome til Selje, og
no har eg endeleg klkart å få bruke dette landskapet i ei av bøkene mine, seier Timberlid.
Dramatikken rundt "Sanct Svithun" ulukka
30. september 1943 der bygdefolk gjorde ein
dramatisk redningsaksjon ved å ro ut på Stadhavet i stiv kuling for å redde passasjerar, har
gjort sterkt inntrykk på Timberlid. Mange
vart redda denne natta, men det var også
mange som omkom.
Boka som er gitt ut på Samlaget og er sjette
boka i serien om Randen, er ei blanding av fiksjon og fakta, men dei historiske opplysningane i boka er korrekte, fortel Timberlid.
Selje kloster, Sunnivahola, Sildagapet, Vestkapp og til og med hotellet er nemt i boka.
Politihelten Rof Randen er i sentrum av eit
storslege drama som har greiningar til Stalins
Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske
armada - og bak ligg den mektige naturen i
Selje og spelar med.
24 Selje magasin
Selje - vest ved havet
2110,2334,-
Midtveke kr
Helg kr
• Ekspressbåt Bergen – Selje, tur-retur
• To overnattingar i dobbeltrom på Selje Hotel
• Frukost begge dagar
• Tillegg for helg/høgtid
• Rabatt for barn
Ta kontakt for prisar og nærare opplysningar om aktivitetar og spa/thalassoprisar
(Gjeld til 30.04.2012)
Tlf. 57 85 88 80
www.seljehotel.no
[email protected]
Skjorter, bluser og antrekk
for uniforms- og profilmarkedet
Skjønnhet
fra havet
Ansikts- og kroppsbehandlinger
for enhver hudtype basert på algers fantastiske virkning på oss
mennesker.
UNIFORMPARTNER, avd. SELJE
6740 Selje • Tlf. 57 85 92 00 • www.selje.com
Selje magasin 25
Sankta Sunniva sitt år
September 2011 - september 2012
I Norge er det 3703 jenter som heiter Sunniva, vi har Sunniva juice og Sunniva klinikk.
8. juli er namnedag for Sunniva, Synnøve og Synne. I Selje finn ein mange spor etter Sunniva.
På Selje Hotell finn du Sunnivasalen med ei permanent utstilling om Sta. Sunniva. Ute på Selja
kan du oppsøke Sunnivahola der dramaet i Sunnivalegenda utspelte seg. Kvart år vert det feira
Seljumannamesse i juli til minne om Sunniva og Seljumennene. Barnehageborn i Selje feirar
Sunniva kvar haust og alle 7. klassingar i Selje og Vanylven har Sunniva, kloster og helgenanlegget på Selja på skuleplanen. Likevel er opphavet til Sunniva-bruken, Sankta Sunniva,
no ukjend for mange på Vestlandet. Tidlegare tider æra dei henne som sin vernehelgen.
Kven var Sankta Sunniva? Kvar kom ho i frå
og kvifor blei ho bergensarane, vestlendingane og dei sjøfarande sin skytshelgen?
Ei stor utstilling om Sankta Sunniva opna på
Bryggens museum i Bergen 7. september
2011. Den markerar starten på Sunnivaåret
her i Selje og gjev svar på spørsmåla. ─
Mange i dag leitar etter meining og strekker
seg etter åndelege verdiar, i historia til
Sankta Sunniva finnast det mykje å ta tak i,
seier prosjektleiar Helga Odden Reksnes i
Selja og Stad. Ho trur at Sunniva og dei verdiane som denne helgenen står for vil inspirere mange. – Kom og sjå utstillinganga i
Bergen og ta turen til helgenanlegget på
Selja. Det er ei reise til både åndelege og naturgjevne opplevingar.
“Sankta Sunniva og det heilage skrinet”
Utstillinga er på 350 kvadratmeter og fyller
heile 2. etasje på Bryggens Museum. Utstillingsarkitekt Anne Mette Prestegård frå Bymuseet er prosjektleiar for utstillinga. Selje
kommune har vore engasjert i planlegging og
utforming av utstillinga. Prosjektleiar Helga
Odden Reksnes i Selja og Stad har koordinert arbeidet frå Seljesida. Venner av Selja
har vore aktivt med i planlegginga. ─ Utstillinga heiter ”Sankta Sunniva og det heilage
skrinet” og er forma som ei forteljing i fire
delar, seier Odden Reksnes. Dei fire delena
er kalla: Sunnivalegenda, Selja – Sankta Sunniva si øy, Bergen - Sunnivaskrinet og Sunniva i dag. Offisiell opning var 7. september
og utstillinga skal stå eit heilt år. Datoen for
Sunnivaskrinet i produksjon. Ordførar og leiar for den lokale arrangementkomiteen vitjar Hove aktivitetssenter.
26 Selje magasin
opninga var ikkje tilfeldig vald. 7. september 1170 blei Sunnivaskrinet flytta frå Selja
til Bergen som ei formell markering av at
bispesete vart flytta frå Selja til Bergen.
Skrinet
I samband med opninga av utstillinga var
det markeringar både i Selje og i Bergen.
Sentralt i desse markeringane stod flyttinga
av Sunnivaskrinet frå Selje til Bergen i forkant av opninga. Skrinet er rett nok ikkje det
originale skrinet, men blei produsert av
Hove aktivitetssenter i Selje etter spesifikasjonar frå Bymuseet i Bergen. Dagfred Berstad i Ervik laga utsmykkinga – Dette var eit
uvanleg oppdrag. Vi syntest det er stas å få
vere med i dette store utstillingsprosjektet,
Arbeidsskisse frå Bymuseet i Bergen for produksjon av skrinet.
Sunnivaskrinet berast i prosesjon av elevar frå 8. klasse over Seljesanden frå Selje kyrkje til hurtigbåten.
seier dagleg leiar på aktivitetssenteret Vidar
Sjåstad. - Dei tilsette og brukarane har brei
kompetanse og vi er stolte over at vi kunne
ta på oss ei så spesiell oppgåve, seier Sjåstad.
Skrinet kom, akkurat som i 1170, sjøvegen
frå Selja til Bergen. med stopp i Florø/Kinn
undervegs. I Bergen blei skrinet tatt imot av
biskopen i Bjørgvin med følgje og bore i
mellomalderprosesjon gjennom Bergen, via
Kristkyrkja til Bryggens museum. Her blei
skrinet sett ned framføre dei brente bygningsrestane i kjellaren for å markere skrinet sin spesielle betyding i samband med
den store bybrannen i 1170; "Skrinet vart
bore mot elden og Sunniva synte seg som ei
sann vernar av byen".
No står skrinet i sjølve utstillinga der det
utgjer eit naturleg midtpunkt.
Fleire høgdepunkt i Sunnivaåret
─ Sunnivautstillinga i Bergen banar veg for
Born frå Selje barnehage får en tjuvtitt på det ferdige skrinet før alle andre.
mange Sunnivaarrangement. I september vil
ein lokal komité legge fram ein omfattande
handlingsplan for Sunnivaåret. Det blir utstillingar, seminar, konsertar, messer, skuleprosjekt, pilegrimsvandringar, forskingsoppgåver og mykje meir, lover prosjektleiar
i Selja og Stad- Helga Odden Reksnes.
Følg med på den offisielle nettstaden til
Selje Kloster og helgenanlegget,
www.seljekloster.com for å vere oppdatert.
Sunnivaskrinet blei bore opp til Sunnivakyrkja på Selja der det sto før det blei flytta til
Bergen i 1170.
Selje magasin 27
Selje klosterakademi i støypeskeia
Det svært omfattande skjøtsels- og bevaringsprosjektet i regi av Riksantikvaren, Sogn og
fjordane fylkeskommune og Selje kommune legg grunnlaget for ei rekkje verdiskapande
aktivitetar på Selje og i regionen. Under paraplyen Selje kloster - og pilegrimsarena er det
no prosjekt i gang på seks ulike område. Alle prosjekt er forankra i Strategisk næringsplan
for Selje kommune.
─ Eitt av dei seks verdiskapingsprosjekta er
etablering av eit klosterakademi med kursog seminartilbod på ulike fagområde som
relaterer seg både spesifikt til den faglege
aktiviteten i ruinprosjektet og meir generelt
til den kulturhistoriske ramma rundt Selje
kloster og helgenanlegg – summert opp i det
litt tabloide uttrykket ”frå mørtel til mystikk”, fortel prosjektleiar Bjørn E. Jensen,
Selje kloster- og helgenanlegg.
øya. Lyngbrenning vil no bli utprøvd i 2012.
Skjøtsel av kulturlandskapet er ein viktig del
av ruinprosjektet, konstaterer Jensen.
– Kloster og helgenanlegget heng direkte
saman med landskapet rundt seg. Det er på
grunn av landskapet at anlegget ligg der det
ligg. Mange urter står på den såkalla rødlista, det vil si at dei er utryddingstrua.
Skjøtsel med sauebeiting bidreg til at disse
urtene får betre vokstervilkår og ikkje går
tapt, seir Jensen. Eit fagseminar om kulturlandskapet på Selja vil fokusere på mange
forhold og danne grunnlag for utvikling av
ei heilskapleg kulturlandskapsplan.
Fagfolk konstaterar at dei har funne gråsteinsbruddet på Selja.
Prosjektleiar Bjørn E. Jensen passar godt på sauene på Selja.
─ I 2012 er det planlagd 3-4 seminar. Tema
femner vidt. Stein, helgenkult, kulturlandskap og gregoriansk song er stikkord for det
første akademiåret. Fleire av seminara vil
tiltrekkje seg fagfolk frå heile Norge. Alle
seminara vil vere tverrfaglege. Nokre vil ha
ei populærvitskapleg ramme og rette seg
mot folk flest, seier Jensen.
28 Selje magasin
Gråsteinsbrot på Selja
─ Mange fagfolk har antyda at gråsteinen i
klosteranlegget på Selja må stamme frå
sjølve øya, men det har aldri tidligare vært
gjort forsøk på å lokalisere steinbrota på
Selja, seier Jensen. Forprosjektet “Klosterruinane på Selja – steinbrudd, forvitring og
dokumentasjon” vil danne grunnlag for vidare
fagleg arbeid på dette området. I 2012 vil
utvalde fagmiljø bli invitert til steinseminar. ─ Det er svært få steinbrot frå mellomalder som er funne, fortel han. På Selja gjer
plassering i vasskanten at brotet må ligge
opp i dagen. Gråstein, metodar for utvinning, pinningsstein (forsterking i kalkmørtel) og produksjon av pinningsstein vil bli
belyst på steinseminaret.
Kulturlandskapet på Selja
─ Mangel på småfe og lyngbrenning gjer
dessverre at kulturlandskap på Selja gror
igjen. Sidan 2009 har saueeigarar på fastlandet hatt sauer på beite i allmenningen på
Helgenkult
Sta. Sunniva blei den
første norske helgenen
og er den einaste
kvinnelege. Ho vart
helgen lenge før Olav
Haraldsson fall på Stiklestad. Sunnivakulten
var utbredt i middelalderen. Sta. Sunniva og
Seljumennene vart æra
frå Skálholt på Island i
vest til Åbo i Finland i
aust, og frå Lebesby i Finnmark i nord til
Stralsund i Tyskland i sør. Eit Sunnivaseminar høyrer difor naturleg heime i Sunnivaåret (sjå omtale side 29).
Gregoriansk song
Det finnes tekstar på latin knytt til Selja og
Sunnivakulten. Mellom anna har vi det som
kallast Sunnivaofficiet, tidebønene frå
mellomalder der Sunniva er nemnt. Selje
klosterakademi ynskjer å arrangere seminar
i gregorianikk. Målet for seminaret er å
framføre alle tidebøner i klosteret i samband med Seljumannamesse i 2012. Seminaret blir todelt; ei samling på våren og ei i
same veke som Seljemannamesse.
Pilegrimshelg i Skjåk
– Selja og Sta. Sunniva i fokus
I august sette Skjåk kommune søkjelyset på pilegrims-tradisjonar og -utvikling.
Pilegrimshelga var ein del av den store Nasjonalparkfestivalen.
Helga opna med konsert på fredag kveld der
vandringstonar var tema. Laurdag var det
pilegrimsseminar på Grotli Høyfjellshotell.
“Kvifor vandre?”, Selja som pilegrimsknutepunkt, den heilage Sunniva og Selja, Olavstradisjonen, helse, infrastruktur og kulturhistoriske vandringsspor mellom aust og vest
var tema som blei tatt opp på seminaret.
Søndagen var det pilegrimsvandring på
gamle Strynefjellsveg til vasssvenda. Under
vandringa møttes St. Olav og Sta. Sunniva i
eit lite pilegrimsspel. Fylkesmann i Oppland
Kristin Hille Valla la ned pilegrimsstein for
å markere starten på ei ny lei mellom Skjåk
og Selja. Pilegrimshelga vart avslutta med
utandørs messe - på vegen mellom aust og
vest.
Tre kvinnelege geistlege forretta under messa, soknepresten i Selje, Kari Leine Balog, biskop Solveig Margrete Fiske i Hamar
bispedøme og sokneprest i Skjåk Hege Fagermoen. Både Heilag Olav (Endre Skjåk) og St. Sunniva (Aud Hove) deltok.
På konserten fredag song Bjørn Jensen den gamle Sunnivahymnen Aeterna Christi Munera akkompagnert av jazztonar frå
saksofonist Vidar Johansen.
Selje magasin 29
Venner av Selje Kloster
Bli medlem, du også!
Venner av Selja kloster er ein organisasjon for deg som
synest at det er viktig å ta vare på og få fram kunnskap
om historia til Selja kloster og helgenanlegg. Venelaget
arbeider m.a. for å få til eit kloster- og pilegrimssenter i
Selje, opparbeide pilegrimsruter til Selja, og få oppført
ein Sunnivastatue sentralt i Selje. Venelaget skipar elles
til kulturkveldar, pilegrimsvandringar og andre aktivitetar.
❢
5
Meld deg inn ved å betale til konto 3790 12 95639 kr 100 for vanleg medlemskap,
kr 200 for hustandsmedlemskap eller kr 500 for bedrifter.
på huset
Vi stilte desse spørsmåla
til 5 av våre tilsette:
1. Namn/Yrke?
2. Tilsett frå?
3. Kva gjer du i fritida, og korleis
ser ein perfekt frikveld ut?
4. Kva bør opplevast i Selje?
5. Kva gjer du om du blir
lottomillionær?
Og, vi fekk desse svara:
30 Selje magasin
Heimeside: www.seljavenner.no
Leiar: Torkjell Djupedal / [email protected]
1.
Arvid Hamre,
resepsjonssjef
2. 1980
3. Går mykje på fjellet, har vore på alle
fjelltoppane i kommunen.
Les masse. Favorittforfattaren min er Jo
Nesbø.
Stille og rolig heime. Kanskje sjå eit godt
Tv-program.
4. Fjellturar. Start på Dragseidet, gå den
gamle kyrkjevegen over fjellet til Liset.
5. Dele med familien min.
1.
Hildegunn
Lunde,
Resepsjonist,
servitør m.m.
2. 2001
3. Er husmor, trenar litt, likar å synge.
Kosekveld med Geir, god mat og drikke,
gitar og song.
4. Ta med familien min frå Bergen på
ein rundtur på Stadlandet, vise dei
Dragseidet, Ervik og Vestkapp. La dei for
valet mellom å gå frå Indre Fure til Ytre
Fure eller å nyte surfemiljøet i Hoddevik
og rusle på Hoddeviksanden.
5. Betale ned gjeld, reise meir m.a. ein
tur til Cuba.
Øya Selja er eit skattkammer – ei vandring i historia.
Minnesmerka er mange.
Stiar gjennom historia
Øya har fysiske spor heilt frå steinalder
fram til moderne tid. I vikingstida var
Selja eit viktig stogg på vegen sørover
til Bergen, nordover til Trondheim og
vestover til Island, Færøyane og Grønland. Innsida av øya var ei trygg hamn
ved det stormfulle Stadhavet.
Kombiner gjerne en tur til klosteret
med ein tur over øya frå Bø. Kloster og
helgenanlegget ligg på vestsida av øya.
Merka sti frå Bø tek deg dit.
Det er daglege turar til Bø heile året.
Båten går i frå Selje til Bø kl. 12.30. Frå
Bø kan du vandre over øya til klosteranlegget.
Kart på nett: www.seljekloster.com/planlegg-turen/stiar-og-turkart/
1
Dette er den eldste stien mellom Bø og klosteret.
Stien kan vere laga før klosteret vart etablert.
Vanskelighetsgrad: lett.
1. Roald
Otnes,
Servitør og
nattevakt
2. 1986
3. Kviler ut etter lange nattevakter, held
hus og heim vedlike, prøver å vere sosial.
Invitere venner til middag med god mat
og drikke, sitte rundt bordet i mange
timar i hyggelig selskap.
4. Besøke galleria og utstillingane som
er tilgjengeleg i Selje. Ta turen innom
Doktorgarden for å smake på dei gode
kakene til Karenlill.
5. Redusere arbeidstida noko. Oppgradere
huset mitt. Starte på "Operaruten" i
Milano og besøkje dei store operahusa i
verda. Og gå til innkjøp av Patek Phillippe
klokke, ellipse forma.
2
Stien går gjennom skaret på sørsida, forbi
fleire gravrøyser, til Heimen, der munkane
hadde urtehage. Vanskelighetsgrad: middels.
3
Stien går over toppen av Selja og gir ei veldig fin utsikt over Seljebygda
og området rundt. Stien kjem ned like ved Hola og Sunnivakyrkja.
Vanskelighetsgrad: middels.
1. Sissel
Rundereim,
Avdelingsleiar
Spa/Thalasso
2. 2000
3. Spring etter borna mine, trenar.
Ein venninnekveld med prat og fjas.
4. Prøv thalasso terapi. I Noreg er vi
åleine om desse behandlingane der vi
brukar sjøvatn og algar som gjev gode
mineral til kroppen. Thalasso er balsam
for heile sanseapparatet. Gå trappeløypa,
300 trinn, like ved hotelldøra og opp på
Risnakken før du startar på behandling.
Garantert ein perfekt dag.
5. Betale ned gjeld, reise meir.
1. Geir
Stønjum,
Kjøkensjef
2. 1985 første gang, 2011 siste gong
3. Spelar musikk og lyttar til musikk.
Favorittmusikar er Bjørn Inge Berge.
Vere saman med jentene mine +
"digge" med musikkvenner.
4. Ta med ungane til klosterøya Selja
enten på ein guida tur eller bruke
heile dagen. Gå rundt øya og opp på
Varden, ned til Sunnivahola og oppleve
stemninga i ruinane på Selje kloster.
5. Sette pengane i banken, det ville far
min likt (han var bankmann). Men ein
tur til Cuba ville eg ha spandert på
Hildegunn og meg sjølv.
Selje magasin 31
TLF 05555
EIENDOMSMEGLER VEST
|
FRENDE FORSIKRING
|
NORNE SECURITIES
| |
BRAGE FINANS
KYTE NÆRINGSMEGLING
Reaktor Foto: Tor Yttri
SPV.NO
Spelar det nokon rolle kva bank du vel?
I all beskjedenheit: Ja, det gjer det. Når det gjeld tenester
og vilkår, er dei fleste bankar like som to dråpar vatn. Men
vi veit at kundane våre ønskjer å ta dei viktige økonomiske
diskusjonane ansikt til ansikt, og aller helst med ein dei
kjenner. Det er det som gjer at vi får fleire og fleire nøgde
kundar, også her i Sogn og Fjordane.
Med over 60 kontor frå Stadlandet i nord til Jæren i sør er
Sparebanken Vest den lokale storbanken på Vestlandet.
I tillegg er vi ein pådrivar for samfunns- og næringsliv, og
vi har sidan 1823 gitt inntil 25 prosent av årsoverskotet
vårt til verdiskapande formål på Vestlandet.
Vi er herfrå. Det gjer ein forskjell.
Gode bøker frå Selja Forlag
Kr. 398,-
Kr. 398,-
Kr. 98,-
Kr. 448,-
BØKENE FÅR DU KJØPT I
DOKTORGARDEN SELJE,
I BOKHANDELEN ELLER
DIREKTE FRÅ FORLAGET.
32 Selje magasin
tilbod
Kr. 198,-
Kr. 268,-
Telefon 57 83 22 20
www.selja.no
...eit hus
med sjel
TELEFON: 57 85 69 90
• KAFE CLAUS • OVERNATTING
BUTIKKEN NOKO ANNA • GALLERI SALEN
Doktorgarden er ein sjarmerande og innhaldsrik villa frå 1917,
midt i Selje-bygda, med gangavstand til det meste. Galleri Salen
har skiftande salsutstillingar. Butikken Noko Anna har bøker,
originale suvenirar og kunsthandverk. Kafe Claus byr på
heimelaga, god mat og drikke. I 2. etasje er det fire lekre rom til
utleige, stort bad og eige kjøken for dei som vil stelle seg sjølve.
Doktorgarden har ope kvar dag i sesongen, helgane i skuldersesongen frå påske til haustferien og elles etter avtale.
Doktorgarden høver ypperleg også til mindre grupper, møte og
arrangement. Ta kontakt for tilbod.
Lyst på noe nytt
og spennende?
Noe nytt til hjemmet...
Blomster og gaver.
Klær og sko for han og henne.
B AT E S U N I T E D F O T O : I S I D O R
Doktorgarden Selje,
6740 Selje
Tlf 57 02 01 89/ 909 29 771/ 901 86 882 / 918 65 634
[email protected]
www.doktorgarden-selje.no
Nyheit!
Lerums Utvalde, vårt finaste syltetøy av jordbær
Lerums Utvalde er eit syltetøy som er sett saman av dei finaste frukt og bær, og tilpassa ei sukkermengd som
gir deg den aller beste smaksopplevinga. Unn deg noko ekstra godt på vaffelen, du kjem til å kjenne forskjellen!
Finn din favoritt blant våre 13 smaksvariantar.
Lerum_jordbaer_220x151.indd 1
Frukt og bær på hjernen
i meir enn 100 år
10/14/08 3:15:41 PM
Selje magasin 33
BickBlikk er et interaktivt senter
som har flere funksjoner:
1. Et kurssenter for samhandlingskompetanse, lederutvikling og ytelsesutvikling
2. Et interaktivt fotogalleri hvor gjestene skal være en del av utstillingen
3. Et fotoatelier for fotografering og bildemontasje/utforming
Ved siden av galleri og fotoatelier blir BickBlikk brukt som senter for kurs/ konferanser.
Organisasjoner kan leie lokalet med Thomas Bickhardt som kursleder for å jobbe med problemstillinger innen samhandling,
ledelse og ytelsesutvikling. Det kan være kurs/seminar på flere dager eller korte foredrag.
Thomas Bickhardt er utdannet tysk psykolog med spesialisering i organisasjonsutvikling, ledelsesutvikling og ytelsesutvikling.
Attraksjonar:
STADHAVET
1. Kjerringa, 496 m.o.h. Loddrette klipper mot
8. Årsheim.
Hesten
Stadhavet. Fantastisk utsikt. Fleire krigsminner 9. Manseidet. Gamal ferdselsveg,
kongsvegen.
439
(kanonstillingar)
10. Skulemuseum, Sandvik Skule.
2. St. Svitunkapellet bygd til minne om skipet
Honningsvåg
Revjehornet
Buholmen fyrlykt
som vart bomba og gjekk ned under krigen. 11. Selje prestegard med bygningar frå
Kjerrina Årvik
Eltvik 5
1782. Selje kyrkje.
427
Gamal gravplass. Erviksanden (sandstrand).
497 Ferstad Kyrnossa
Gamal kyrkjegard. Seljesanden,
Krigsminnar på Hovden.
441
Tungevåg
Ervika
500 m lang sandstrand.
Hanekamben
3. Hoddeviksanden, flygesand.
Svarthornet
12. Klostret på Selja. Ruiner frå
502
Borgundvåg 4. Fure. Eldre gardstun.
2
middelalderen.
Hovden
479
5. Krigsminner, festningsanlegg, bunkersar,
Albanusklosteret og St. Sunniva
kanonstillingar.
6 Leikanger
Dalskarhornet
kyrkja frå 1000- og 1100-talet.
6. Leikanger kapell. Gamal kyrkje frå Selja
3
Sunnivahola.
vart flytta hit og ombygd i 1866.
7. Olavskrossen på Dragseidet. Der Olav Trygvasson
Libera 7
4
kristna 4 fylke i 977. I gamal tid drog dei båtane
Drage
487
over Dragseidet for å unngå den frykta ferda
Fure
Skårfjellet
Ytre Fure
rundt Stadt.
Vikafjellet
Gamla lys- og lydbølge
Tarvaldsegga
Sandvik
645
SILDAGAPET
Skårbø
Årsheim
Selja
Sandvikseiedet
Lyngfjellet
8
Åheim
Selje 11
12
Skongsnes fyr
Eidshornet
Røysetfjorden
Moldefjorden
Røyset
Høgehornet
Mørklia
774
Barmøy
Silda
579
Kvammefjellet
Kjøde
Austeliheim
Solvåg
642
Barmen
Flistrahornet
Ulvesund fyr
Venøy
10
570
Randeberg
Flatraket
Stålet
pollen
Vestkapp
nd
et
ves
u
Ul
en
oll
VÅ
GS
ØY
p
rd
34 Selje magasin
No
Sørpollen
Måløy
Hanekammen
652
B e rs
tadd
alen
B a rm
Kjøde
sunde
t
Kart over Selje og Stad. Be om oversiktskart i resepsjonen
Se mer informasjon på: www.bickfoto.no eller ta kontakt på tlf.: 952 17 592 • mail: [email protected]
Synnevalhornet
684
Sørpollen
Grønnlikollen
569
Salen
643
Nordpollen
Maurstad
Bryggja
Totland
Lefdal
Klosterruinar på øya Selja
Bli med på
ei reise
1000 år
tilbake i tid,
og bli kjend
med:
• St. Sunniva, den irske prinsessa
• Det første bispesetet på Vestlandet
• Verdens minste bispedøme
• Benediktinarklosteret
• Landets første pilegrimsmål
• Den helbredande St. Sunniva-kjelda
Vi tilbyr båtturar til øya med guiding i klosteret.
Daglege turar i sommarsesong, elles på bestilling.
Informasjon og billettar: Turistinformasjon Tel.: 57 85 66 06
e-mail: [email protected] • klosterbåten: 990 46 022 • www.seljekloster.no
Velkommen til et godt utvalg og gode opplevelser
SELJE
Opningstider:
9–21(20)
Bli medlem og få kjøpeutbytte
på alle varer! Du får mer
informasjon om kjøpeutbytte
og medlemsfordeler i
Coop-butikkene eller
www.coop.no
GULE PRISER = LAVE PRISER
Selje magasin 35
Layout: www.macverket.no. Trykk: www.tlas.no • Foto: Lasse Fløde, Torkjell Djupedal,
Helle Frogner, Grete Solborg Fure, Thomas Bickhardt, Harald Berge, Christin Gustavsen
Yttarst mot storhavet i vest
ligg segnomsuste Selje. Her er det vilt og vakkert.
I Selje er ein på historisk grunn.
Ruinane av Selje Kloster står framleis på Seljeøya og vitnar
om at Selje ein gong var eit av dei
viktigaste bispeseta i landet.
Du kan reise til Selje med fly, båt eller bil.
Reisa hit er i seg sjølv ei spennande naturoppleving.
På Selje bur du godt. La deg inspirere på eit av våre kunstnarrom.
Moderne komfort og intim atmosfære. For oss er framleis den
sjelelege roa like viktig som den kroppslege.
Her får du tid til å glede deg over livet og naturen.
Du kan la deg stimulere gjennom deltaking i dei
aktivitetar vi kan tilby, eller legge opp ditt eige løp.
Velkommen til hotellet ved havet
Gerd Kjellaug og Harald Berge
6740 Selje • Tlf. 57 85 88 80 • Fax 57 85 88 81
[email protected] • www.seljehotel.no
Svanemerket trykksak