Årsmelding for 2013 - Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane

Transcription

Årsmelding for 2013 - Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane
INNKALLING TIL ÅRSMØTE
FREDAG 14.MARS 2014 KL 12:00
KLOKKARGARDEN I JAKOB SANDE-TUNET, DALE I SUNNFJORD
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av møteleiar og skrivar
3. Val av teljekorps og to personar til å underskrive protokollen
4. Årsmelding for 2013
5. Revidert rekneskap for 2013
6. Arbeidsplan for 2014
7. Budsjett for 2014
8. Kontingent for 2015
9.Val
a Val av 2 styremedlemar for 2 år
b Val av leiar for 1 år
c Val av 3 varamedlemar i nummerrekkefølgje for 1 år
d Val av 2 revisorar for 1 år
e Val av 1 ny medlem i valnemnda og 1 varamedlem
f Val av leiar i valnemnda
10. Godtgjersle til tillitsvalde
Fagleg program:
Husdyrgjødsel v/Synnøve Rivedal, Bioforsk Vest Fureneset Gjødsling og grovfôrkvalitet ved Arve Arstein, NLR Sogn og Fjordane
Kulturinnslag
Mat frå Matglede – Bakkebø
Velkomne!
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
3
LEIAREN HAR ORDET
Gode medlemar!
Ein ny vekstsesong står for døra. Når dette vert skrive, 13. februar, så er det nesten så ein skulle tru at våren alt er komen. Sola
skin på berre bøar utan tele. Kontrasten er stor i høve dei vintrane vi har bak oss. Fjoråret sette mange av oss på harde prøver
med store vinterskadar, kostnader til fornying av enga, og innkjøp av ekstra grovfôr. Mange frukt- og bærprodusentar måtte
fornye store delar av felta sine. NLR Sogn og Fjordane har hatt
mykje oppfølging av medlemar på telefon, ved medlemsbesøk,
og vi har skipa markdagar med tema fornying. Vi håpar på ein
god vekstsesong, og at mykje ny eng skal gje rekordavlingar.
Det er 13 fast tilsette i NLR S&FJ. Vi har ein stabil og erfaren arbeidsstokk. Eg hadde gleda av å dele ut gullklokke til
Rune Vereide på juleavslutninga. Han har vore tilsett i 30 år. På
slutten av 2012 tilsette vi tre nye rådgjevarar (1 på bygg, 1 på
jordbruk, og 1 på hagebruk) Nye rådgjevarar under opplæring
er eit økonomisk løft, men naudsynt med tanke på fornying og
rekruttering. Styret har og styrka administrasjonen gjennom eit
samarbeid med Njøs næringsutvikling.
Prosjektet «Sau i Pluss» starta opp for fullt i 2013 med mange
informasjonsmøte. Den første pilotfjøsen vart opna i Kandalen
i Gloppen i oktober, og den andre pilotfjøsen i Eid er nettopp
teken i bruk. Det er stor pågang av bønder som ønskjer å utvikle
drifta på sau.
Prosjektet hagebruk i Sogn og Fjordane har halde fram. Det er
eit tett samarbeid mellom NLR Sogn og Fjordane, frukt- og bærmottaka i Sogn, og Arenaprosjektet. Sogn og Fjordane produserer 75 % av bringebæra i Noreg. Det er eit resultat av godt
samarbeid mellom alle aktørar.
Jordbruksforhandlingane i 2013 gav NLR ein auke i løyvingane
og ein del nye oppgåver. Landbruket si HMS-teneste vart frå årskiftet ein del av NLR etter at avtalepartane ba oss om å ta over.
Landbruket sin ulukkesstatistikk er ikkje lysteleg lesnad. Vi vil
sjå på korleis vi kan setje HMS på dagsorden i landbruket. Kanskje kan HMS bli eit fast innslag på alle møte der bønder samlast? Avtalepartane har også bedt NLR om å gå gjennom eigne
strukturar. NLR sentralt har derfor sett ned eit strukturutval.
Sak om framtidig organisering av NLR kjem opp på årsmøtet
sentralt i år. Endeleg vedtak skal gjerast i 2015. Det er i dag 39
lokale einingar i landet. Det vert jobba med to modellar, «NLR
Norge» og ein modell med fleire regionar.
Kunnskap vert av mange framheva som det vi skal leve av i framtida. Det passar landbruket godt. Det er få næringar som krev så
store kunnskapar som det å drive med matproduksjon. Mykje er
opparbeid gjennom mange generasjonar, og ny kunnskap kjem
til heile tida, som eit resultat av forsking, ny teknologi, og driftige matprodusentar. NLR S&FJ tek mål av seg til å vere ein god
og relevant samarbeidspartnar for medlemane i framtida.
Lukke til med ny sesong!
Sigurd Reksnes
-styreleiar-
FRAMSIDEBILETE
Biletet på framsida er det same som er brukt på profileringsbrosjyra som NLR Sogn og Fjordane gav ut i 2013.
Vi takkar Knut Tore Nes Hjelle frå Eid som er med på å profilere landbruket på ein positiv måte.
Foto: Edvin-A Hugvik.
4
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
SAK 4: ÅRSMELDING FOR 2013
Dei tilsette er plasserte slik på dei 6 kontorstadane:
Styret i 2013
Måløy:
Leiar: Nestleiar: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Sigurd Reksnes, Eid
Hans Frislid, Eid
Jon Asbjørn Målsnes, Balestrand
Hilde Søgnesand, Jølster
Tone Feidje Midlang, Vik
Dag-Arne Eide, representant for tilsette
1. varamedlem: Jacob Flatjord, Jølster
2. varamedlem: Jon Arve Førde, Jølster
3. varamedlem: Tor Arne Herstad, Naustdal
Vara for tilsette: Marianne Bøthun
Valnemnd
Leiar: Medlem: Medlem: Varamedlem: Atle Kringlen, Naustdal
Olav E Gjerde, Leikanger
Olav J Bøthun, Vik
Åslaug Stadheim Ese, Vik
Revisorar
Gunnar Råheim, Gaular
Endre Bell Fossen, Gaular
Tilsette og kontor
Ved utgangen av 2013 hadde Norsk Landbruksrådgiving Sogn
og Fjordane 13 tilsette. Det er ingen endringar sidan 2012.
I 2013 runda Rune Vereide 30 år som rådgjevar. NLR har 6
kontorstader.
Åse Leirgulen, Dagleg leiar (100 % etter 1. oktober)
Sigmund Larsen, Rådgjevar jordbruk
Sandane:
Rune Vereide, Rådgjevar/Fagansvarleg frukt og bær
Dag-Arne Eide, Rådgjevar jordbruk
Edvin Andre Hugvik, Fagansvarleg bygningsplanlegging
Veronica Grafsrønningen, Bygningsplanleggar
Fureneset:
Arve Arstein, Fagansvarleg jordbruk/ rådgjevar økonomi
Torjus Lien, Rådgjevar jordbruk
Njøs:
Marit Henjum Halsnes, Rådgjevar jordbruk (60 % stilling)
Marianne Bøthun, Prosjektleiar «Fagstilling frukt og bær»/
rådgjevar frukt og bær
Stine Huseby, Rådgjevar frukt og bær
Brekke:
Astrid Sandvik, Rådgjevar jordbruk (84 % stilling til september, seinare i 70 % stilling)
Selbu:
Hans Emil Dale, Bygningsplanleggar
I tillegg til fast tilsette er det leigd hjelp til fakturering mm frå
Njøs Næringsutvikling. Det har også vore leigd inn litt ekstrahjelp til jordprøvetaking og forsøksarbeid.
Arbeid med rekneskap og løn vert utført av Økonor Gloppen.
Styrearbeidet
Årsmøtet vart avvikla på Kafe Øyri i Vik 21.mars. Styret har
vore samla til 5 styremøte i 2013. Styret har handsama totalt 40
saker gjennom året.
Møtedeltaking
Nestleiar og dagleg leiar deltok på årsmøtet i NLR på Gardermoen i mars. Styreleiar og dagleg leiar deltok på møte for alle
styreleiarar og daglege leiar i NLR i Tønsberg i november.
Rune Vereide fekk overrekt gullklokke og blomster etter 30 år som tilsett,
først i Nordfjord Forsøksring frå 1983, no i NLR Sogn og Fjordane.
Foto: Åse Leirgulen.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
5
SAK 4: ÅRSMELDING FOR 2013, framhald
Medlemstal per 31/12 2013
Kommune
Medlemar
Endring
Askvoll
51
-3
Aurland
33
–
Balestrand
31
Bremanger
Medlemar
Endring
Høyanger
53
-3
Jølster
99
-3
-4
Leikanger
35
-3
63
-3
Luster
47
+1
Eid
98
-3
Lærdal
38
+3
Fjaler
56
–-
Naustdal
80
-1
Flora
110
+2
Selje
37
-5
Førde
33
-1
Sogndal
78
+3
Gaular
74
-2
Solund
14
-1
217
-5
Stryn
191
–
Gulen
82
÷1
Vik
61
+1
Hornindal
50
–
Vågsøy
24
–
Hyllestad
26
+2
Årdal
7
+1
1 688
-23
Gloppen
Kommune
I alt
Dette er ein nedgang i medlemstalet på 23 frå 2012.
Framlegg til vedtak:
Årsmøtet godkjenner årsmeldinga for 2013
Utsikt frå Korssundet sørøver Krakhellesundet ein haustdag. Foto: Astrid Sandvik.
6
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
GLIMT FRÅ AKTIVITETAR I 2013
VER OG VEKST
I årsmeldinga for 2012 stod det at avlingsåret hadde vore svært
bra, kanskje det beste i «manns minne». Denne gongen er det
faktisk freistande å kalle året 2013 det verste i «manns minne».
Kald og lang vinter med djup tele, gjorde at våronna blei sein.
Lenge håpa ein på at vinteren ikkje skulle setje så sterke spor
i bøane, men mange stader i indre strok gjekk det «hakkande
gale». Rådgjevarane merka stor pågang etterkvart som bøane
ikkje blei grøne. Det blei ein god del gardsbesøk og markdagar
fleire stader. Spesielt var situasjonen heilsvart i midtre og indre
Sunnfjord, samt både i indre Nordfjord og indre Sogn.
Dersom areal er dekt av is i over 3 månader, så er håpet lite. Det
gjekk langt ut i mai før omfanget av vinterskadane blei avdekka
alle stader. Folk heiv seg rundt både med direktesåing og vanleg
fornying av eng. Raigras blei brukt til innsåing i eldre eng for å
avhjelpe situasjonen. Mange stader var våren så sein at det blei
pløgd og harva ned på tele ut i juni månad. I slike tilfelle blir
vekstsesongen kort. Sett litt i ettertid, blei det stilt for store for-
Vårstemning i bringebærfelt i Luster 17. april 2013.
Foto: Marianne Bøthun.
ventningar til resultata etter bruk av litt for enkle reparasjonsmetodar. Det blei følgt opp og skrive ein god del om dette i
rådgjevingsmeldingar og i Bondevennen dette året.
I kjølvatnet av avlingsuår i store delar av fylket, så har behovet
for å skaffe seg grovfôr vore stort, og prisane har vore deretter.
Kraftfôrleverandørane har nok også merka auka pågang.
Ikkje berre har avlingane vore låge, men resultat frå fôranalysar
syner også at kvaliteten blei heller dårleg. Hausteforholda har
også vore vanskelege for mange dette året.
Slik såg det ut i Fjærland 25.april i fjor. Resultatet blei som forventa,
nemleg store overvintringsskadar. Foto: Knut P. Bøyum.
Sandane
Førde
I alle dei 4 første månadene var det på alle målestasjonane kaldare enn normalt (Fureneset har ikkje normal). I vekstsesongen,
frå mai t.o.m. september, var det faktisk varmare enn normalt
alle stader, bortsett frå Lærdal som hadde litt kjølegare juni enn
normalt, og august som normalt. Sommaren 2013 blir hugsa
som noko vanskeleg, men temperaturmessig kan ein ikkje klage.
På slutten av året var det mykje mildare enn normalt, spesielt i
november og desember.
Fureneset
Lærdal
Takle
Fjærland
temp
mm
temp
mm
temp
mm
temp
mm
temp
mm
temp
mm
Desember
4,4
256
3,3
421
5,3
383
3,1
55
5,0
732
1,7
352
November
4,1
186
3,0
352
5,3
359
3,1
61
5,0
468
2,3
280
Oktober
6,9
203
6,9
260
8,9
333
5,9
54
8,5
414
5,7
261
September
10,8
61
10,8
112
11,6
129
10,2
50
11,6
221
10,1
88
August
14,1
132
13,7
191
14,3
252
14,1
61
13,9
277
13,2
168
Juli
15,1
72
14,7
195
17,1
39
15,7
45
14,7
202
14,6
141
Juni
13,0
128
12,6
158
136
13,4
78
12,5
104
13,2
103
Mai
10,7
90
10,6
138
10,3
158
11,0
39
10,0
187
10,1
116
April
4,1
111
3,1
175
4,4
200
4,7
53
4,0
376
1,5
159
Mars
-0,9
17
-2,4
46
0,3
57
-1,5
4
-0,2
64
-5,4
35
Februar
-1,5
49
-3,6
98
-0,2
107
-4,3
7
-0,6
91
-7,2
54
Januar
-2,0
65
-3,6
179
-0,1
205
-5,8
16
-0,1
258
-6,5
149
Sum
1370
2325
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
2358
523
3394
1906
7
Nedbørsmengdene syner verkeleg kor ulike klimatiske tilhøve
bøndene i fylket har å drive under. Som ein kuriositet kan ein
nemne at det kom over 200 mm nedbør meir på Takle berre i
desember enn det gjorde i løpet av heile året i Lærdal! Det regna
stort sett litt meir enn normalt i månadene mai-august, noko
som også gjorde slåttetilhøva vanskelege mange stader. September var tørrare enn normalt, og gjorde at det blei gode tilhøve
for brakking og anna ugrassprøyting i haust. På slutten av året
blei det stort sett svært fuktig, medan det i Lærdal også då regna
lite.
MEDLEMSRETTA ARBEID
GROVFÔR/JORDBRUK
Våronnmøte
Slike møte blei avvikla også dette året. Omfanget varierer noko,
også når det gjeld type/storleik på desse møta. Distriktet er stort,
og bygdene er mange, så det er ikkje råd å kome på heimlege
trakter hjå alle medlemar med slike møte. Det blei totalt avvikla
24 våronnmøte for jordbrukarar i 2013. Tema var tradisjonelt
fagstoff framfor ein ny sesong.
Markdagar
Dei første markdagane dette året blei det fort behov for. Ettersom overvintringsskadane dukka opp, så kom spørsmåla frå
medlemane om dei beste rådgjerdene for å redusere konsekvensane av svarte bøar. Særleg var det i midtre og indre strok
av fylket som var råka. Det blei arrangert markdagar/synfaringar fleire stader som i Jølster, Gloppen, Hornindal og Naustdal.
Interessa var stor, og trass i alvoret i situasjonen, så tok bøndene
dette med fatning og pågangsmot. Det blei sådd mykje vanleg
engfrø rett i bakken ved hjelp av ulike direktesåmaskiner, det
blei harva og sådd, og det blei pløgd, harva og sådd. Det blei
fort for lite såfrø på marknaden, både vanleg engfrø og eittårig
raigras.
Stardalen i Jølster 19. mai i fjor. Lite grønt å sjå. Foto: Oddvin Øygard.
Medan denne våren/sesongen vart mellom dei verste, særskilt
for bærkulturane, i enkelte bygdelag, så vart den også ein av
dei beste for andre kulturar. Det kan nemnast store frostskadar
med dertil låge avlingar i bringebær på Vangsnes og i Lærdal,
medan morellavlinga i Lærdal aldri har vore større. Ein fann
også til dels store frostskadar i enkelthagar av eple og plomme,
men dette varierte veldig med lokalitet og mellom ulike sortar.
Til dømes fekk Discovery og Summerred jamt over småfalne
frukter i år. Den særmerkte sesongen gav også til ei viss grad utslag i bråmodning av særskilt tidlegplommer, med dertil dårlegare haldbarheit. Bringebær til konsum sleit også med å halda
god kvalitet i periodar, slik at meir enn vanleg gjekk til industri.
Jordbæråkrar med og utan vinterdekking/snø, sleit med frostskadar og låge avlingar.
Inge Joar Nydal i Åmot Samdrift
i Stardalen brukte denne
langfingerharva med såmaskin
både til vanlege gjenlegg og til
isåing av raigras i skada eng. I
begge desse høva fungerer denne
svært bra. Foto: Torjus Lien.
Ivar S. Haugland i Brekke i
ytre Sogn brukte den gamle
sveivemaskina til innsåing av
engfrø etter at sonen hadde brukt
moseharva. Foto: Astrid Sandvik.
Det blei også arrangert ein markdag i Stardalen på ettersommaren
for å sjå resultatet av ulike reparasjonsmetodar. Her blei vist
gode resultat av isåing av eittårig raigras i eng utan brakking.
Avlinga blei då ei blanding av det nysådde raigraset og det eldre
graset som hadde overlevd vinteren. Slikt areal må sjølvsagt også
takast igjen året etter.
4 bønder i Dvergsdalsdalen 23.mai. Dette var ein av dei stadane som
var sterkast råka av overvintringsskade. Her blei det sådd svært mykje av
vanleg engfrø med Underhaug direktesåmaskin. Foto: Dag-Arne Eide.
8
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
Mons Kvamme konkluderte med at det her var klart behov for
sviing for å unngå at heile området går tapt som vinterbeite for
utegangarsau! Det same gjeld for andre lyngvinterbeite-område
i Solund og elles på kysten.
Kjell Mangerud kom til fylket på ein liten turne i haust. Han er
rekna som ein «guru» innan jordarbeiding etter mange år som
Tunrapp er kanskje den største fienden når ein skal prøve å så inn engfrø
i areal utan brakking på førehand. Her ser vi eit tjukt teppe av tunrapp
med svake striper med raigras som prøvar å konkurrere med tunrappen.
Foto: Dag-Arne Eide
Våren var sein, og vinterskadane var store. Difor hasta det å få
gjort noko for i det heile å få grasavlingar dette året. Sett i ettertid, blei det nok gjort mykje arbeid med enkle metodar som
ikkje fungerte godt nok på eldre eng med tjukk grassvor. Meir
areal burde nok vore brakka og fornya med anten harv eller
plog. Mykje av det skadde arealet må det også jobbast ekstra
med i 2014.
Frå beitekurs i Solund i mars 2013. Sviing er eit fag som må kunnast før
ein fyrer laus. Ein skal ha kontroll på sviinga og flammane. Ein planlegg
først kvar ein vil setje fyr og kor stort område ein ønskjer å svi av. Ei må ha
eit godt arbeidslag med «pisker» til å sløkkje flammar som kanskje prøvar
seg på avvegar. Godt mannskap er også ei god sikring med tanke på at
uventa vind kan kome og snu opp ned på opplegget. Foto: Astrid Sandvik.
lærar på Blæstad. Som pensjonist har han framleis mykje å gjere
på dette fagfeltet. Han deltok som instruktør på tre pløyekurs, i
Naustdal, i Fjærland og på Nordfjordeid. Det var både teori og
praksis, og oppslutnaden var god. Tilsaman deltok 65 bønder
på desse dagane. Her blei det brukt traktorar og plogar som
bønder hadde med.
I tillegg blei det arrangert eit fagmøte om jordarbeiding med
Mangerud på Mo og Jølster Vgs. Alle 4 arrangementa var eit
samarbeid med Bioforsk Vest Fureneset, og Fylkeskommunen
støtta kursa med midlar.
NLR deltek også på markdagar som andre arrangerer. Her frå Nærøydalen
i Gudvangen 21.mars. Margun Hylland fortel om beiterydding og stell
av beita på garden deira. Dei har mjølkekyr som beitar her i ein lang
vekstsesong. Arrangør var Fylkesmannen og Felles landbrukskontor ÅLA.
Foto: Marit Henjum Halsnes.
Kurs
Foretaksøkonomi var tema på 2 dagskurs i mars (Mo og Breim).
Grovfôrproduksjon, grovfôrkvalitet, fôropptak og fôring var
stikkord. Korleis få eit best mogeleg resultat på garden med dei
ressursane ein rår over. Forelesar var Bart van Gool frå NLR
Hordaland. God deltaking.
I mars vart det gjennomført eit vellukka sauekurs i Solund
med fokus på beiteskjøtsel (lyngsviing) og gjerdeproblematikk.
Instruktørar/forelesarar var Mons Kvamme (Lyngheisenteret),
bonde Endre Bell Fossen og jordskiftedommar Kåre Jostein
Håland. Godt frammøte med 17 deltakarar. Kurset vart støtta
økonomisk av Fylkeskommunen, og Solund Sau og Geit var
medarrangør.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
Stor interesse for pløying. Her frå kurset i Fjærland. Kjell Mangerud
engasjerte dei frammøtte. Foto: Marit Henjum Halsnes.
I oktober vart det arrangert to grøftekurs, på Hafslo i Luster
og på Sandøy i Gulen. Det var først ein teoridel inne, og deretter synfaring på eit grøftingsprosjekt ute i felt. At nærmare 70
9
personar deltok på desse to kursa, vitnar om stor interesse for
å betre grøfte- og dreneringstilstanden i jorda, og at det trengst
kunnskap om temaet både for planleggjarar, maskinkøyrarar
og bønder. Samson Øpstad frå Bioforsk Vest Fureneset og Are
Johansen frå NLR Lofoten stod for det faglege. Grøftekursa var
eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Bioforsk Vest Fureneset
og NLR.
Våtsåing av fleirårig raigras i eng på Straumsnes 16. mai.
Foto: Arve Arstein.
Frå grøftekurset på Hafslo. Samson Øpstad på grøftekanten og Are Johansen
nede i grøfta. Foto: Marit Henjum Halsnes.
Jordprøvar og gjødslingsplanar
Dette utgjer ein stor del av aktiviteten om hausten og vinteren.
I 2013 vart det teke rundt 1300 jordprøvar, og det blei laga vel
360 gjødslingsplanar til medlemar. Omfanget av dette er noko
mindre enn året før.
Forsking og forsøk
Dette året har berre tre forsøk innan jordbruk vore i drift. Forsøket i Fjærland med belgvekstar, pakking og nitrogenfiksering
gjekk ut grunna vinterskade.
Gjødslingsprosjekt
Det blei lagt ut eitt nytt felt på Byrkjelo i prosjektet der vi har
fokus på val av mineralgjødseltype i tillegg til store mengder
husdyrgjødsel. Feltvert er Jan Erik Fløtre. Forsøksspørsmålet
her er om det er tilrådeleg å bruke berre svovelhaldig nitrogengjødsel i tillegg til store mengder husdyrgjødsel, også på jord
med meir medels kaliuminnhald. OPTI-NS blir her samanlikna
med Fullgjødsel 25-2-6. I tillegg er det tre ulike nitrogenstyrkar
med i forsøksplanen. Felt nr 2 i dette prosjektet er plassert hos
Kjartan Åsnes i Fjaler.
Planmessig vedlikehaldssåing i eng
Bioforsk, Agromiljø AS og NLR starta opp eit 3-årig prosjekt i
2013 der ein skal klarlegge om det er lønsamt å sette til grasfrø
i husdyrgjødsel spreidd på 1. års eng om våren. Det same skiftet
skal gjødslast med frøblanda gylle i 3 år. Gylla vert køyrt ut
med ein stripespreiar, og det er fleirårig raigras som er valt som
grasart. Spiringa av det nysådde frøet vert registrert fleire gonger
utover i sesongen, og det vert gjort avlingsregistreringar. Feltvert
er Kjartan Åsnes.
10
Medlemsbesøk
Rådgjevarane har kontakt med mange av medlemane gjennom
året i ulike samanhengar. Medlemsbesøk heime på garden er eit
tilbod som ein del nyttar seg av. Rådgjevarane klarar å gjennomføre dei besøk som blir etterspurde, og brukar i tillegg noko tid
på å gjennomføre meir eller mindre tilfeldige besøk, også på
grunn av behov for eigen fagleg oppdatering gjennom vekstsesongen.
Fagstoff til medlemar
Det blei sendt ut 13 rådgjevingsmeldingar til medlemane som
driv med grovfôr. Dette er det same talet som året før. Dei aller
fleste får dette som e-post, men det blir sendt ut ca 130 stk i
vanleg post kvar gong.
Fagbladet Bondevennen og alle NLR-einingane på Vestlandet
hadde eit samarbeid om 7 utgåver av bladet i tida mars-oktober.
Rådgjevarane i NLR skreiv fagartiklar i desse utgåvene av bladet,
som blei sendt til dei medlemane som driv med grovfôr. Frå
NLR Sogn og Fjordane blei det skrive 6 artiklar.
Fagheftet «Drenering – teori og praksis» vart sendt til alle medlemar sommaren 2013. Dette er eit faghefte om praktisk drenering skrive til vestlandsbonden. Eit tett samarbeid mellom offentleg forvalting, forsking, landbruksrådgiving, Bondevennen
og enkelte fagpersonar på tvers av 6 fylke gjorde dette mogeleg.
Rådgjevar Arve Arstein i munter
diskusjon med Ståle Hetle på
Viksdalen. Også her var mykje
vinterskade i 2013.
Foto: Torjus Lien.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
FRUKT OG BÆR
Ny rådgjevar
Stine Huseby kom inn som ny rådgjevar på frukt og bær dette
året, ho starta i NLR Sogn og Fjordane 1. desember 2012 med
kontorstad på Njøs, Leikanger. Noko tid har difor naturleg nok
gått med til opplæring og kollegarettleiing i 2013. Dette året
blei pga. store vinterskadar i bær- og fruktkulturane nesten eit
«unntaksår» slik at ein del gjeremål vart skipla m.a. av trongen
for synfaring av skada felt.
Skjeringskursa er populære og samla mange deltakarar. Her er Jop Westplate
i aksjon i plommefelt på Leikanger. Foto: Stine Huseby.
Lang erfaring kombinert med ungt pågangsmot. Rådgjevar Stine Huseby
i samtale med den erfarne fruktdyrkaren Jostein Aske på Sandane.
Foto: Rune Vereide.
Fagstilling frukt og bær
Dette er ei prosjektstilling delfinansiert av Innovasjon Norge,
Sogn regionråd, Lærdal kommune, NLR og frukt-/bærmottaka
i Sogn for å kome sterkare i inngrep med mottaka og auka
total rettleiingskapasitet i Sogn. Prosjektstillinga overlappar
litt med prosjektet «Arena frukt og bær», men deltek og i ulike
andre arbeidsoppgåver med relevant innhald og føremål, og som
dermed også er med å finansiere «totalpakken» stillinga utgjer.
Det er frukt-/bærmottaka som i sterk grad prioriterer arbeidsoppgåvene. Sognefrukt på Leikanger fungerer som «paraply» for mottak av frukt (eple/pære/plomme) frå mest alle bygdelaga i Sogn, bortsett frå noko økologisk eple som blir omsett
gjennom Fresvik Kjølelager. Det er derimot eigne bærmottak
både i Lærdal, Luster, Vangsnes/Vik, Fresvik, Balestrand og på
Leikanger. Lærdal har i tillegg morellpakkeri som også tek imot
litt avling frå Leikanger/Sogndal. Medan arbeid med kvalitetssystem (HACCP) var ein fellesnemnar i 2012, så har arbeid
med rekruttering og særleg opplæring av nye produsentar vore
ein fellesnemnar i 2013, ikkje minst gjennom delprosjektet
«Grip Sjansen». Til dels store vinterskadar, særskilt i bærfelt, har
i 2013 medført meir trong for synfaring og rettleiing i enkelte
bygdelag enn andre. Det har også vore auka fokus på kursing
kring Raud rotrôte og uttak av prøvar frå felt. Elles er det utført
registreringar av skadedyr (oppsett og kontroll av feller i morell/
plomme), blad-og jordprøvar frå morellfelt Lærdal og haustetidsvurderingar og skjeresamlingar i fruktområda (kjerne- og
steinfrukt).
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
«Eple pluss»-prosjekt knytt til Sognefrukt/Innvik fruktlager
har no hand om større kursaktivitetar knytt til konsulentane
Aad Wisse og Jop Westplate og arrangering av studieturar, der
NLR blir leigd inn til tenester. Ein del mindre prosjekt knytt til
tindved/svarthyll, aprikos, Celina (pære), trehelse (kjernefrukt),
gjødsling/vatning i tunnel (steinfrukt), lerrote (jordbær) og
økologisk, har også vore arbeidsoppgåver. Det er stor aktivitet
med kurs og fagmøte der fagstillinga er involvert. Det er delteke
på bladgjødslingsseminar i Danmark, studietur til Hardanger
(frukt) og morellsymposium i Spania. Prosjektleiar er med på
utgjeving av eit landsdekkande nyheitsbrev for morell.
Omfattande vinterskadar
prega mange jordbær- og bringebærfelt utover vekstsesongen,
men også i frukthagar sette vinteren spor etter seg. Barfrost
på etterjulsvinteren resulterte i djup tele som sat svært lenge i
jorda utover vår og føresommar. I bringebærfelta starta veksten
medan rota stod i tela jord, resultatet vart uttørking av stenglar
og omfattande knoppdaude.
Synfaring av vinterskade i bringebærfelt, Innvik april 2013. Allereie no
er det klart at det blir omfattande vinterskade i feltet. Frå venstre: Svein
Kvame, Torbjørn Takle og Atle Skåden. Foto: Rune Vereide.
11
Det var tidleg klart at vinterskaden ville gje stor avlingssvikt i
bærkulturane. I samarbeid med landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen gjorde NLR registreringar i bringebærdistrikta i Sogn
og Nordfjord for å klargjere skadeomfanget i enkeltfelt og dra
grenser for kva som burde skjerast tilbake og kva felt som hadde
potensiale til å bere fram avling. Denne registreringa var nødvendig for å kunne nytte seg av avlingsskadeordninga i felt som
måtte sanerast.
Hagtornsugar er i søkjelyset som vektor for heksekost i eple. Kartlegging ved
fellefangst vart gjort fleire stader i Sogn. Foto: www.biolib.cz
11 eplehagane. På nokre lokalitetar er det påvist at opptil 30 %
av sugarindivida inneheld DNA frå heksekost. Prosjektet held
fram i 2014, då skal ein detaljert kartlegge når hagtornsugaren
kjem inn i hagane på våren og når den forlet hagane for å overvintre i barskog.
Hagtornsugar er som vaksen 2,5-3,3 mm lang, eldre insekt er
mørkebrune med raudaktig skjer, medan unge vaksne er oransjefarga. Kan forvekslast med pæresugarane. Unge nymfer er bleikt
gulgrøne og samlar seg ofte i koloniar på bladoversida, mest i
skottoppane der dei produserar honningdogg.
Juni 2013: Nesten ikkje knoppbryting i feltet, også sterkt tilbakesett nyvekst
frå rotmassa. Feltet vart kort tid etter klypt tilbake. Foto: Rune Vereide.
FORSØK OG REGISTRERINGAR
Gråskimmelbekjemping i jordbær
Oppdragsgjevar; prof. Arne Tronsmo v/Norges miljø- og
biovitenskapelige universitet, Ås.
Feltvert: Hans Herman Kalhagen, Gaupne
Ansvarleg/utført sprøytearbeid: Stine Huseby
I forsøket er CHOS 35 (kitinbasert miljøvennleg soppmiddel)
prøvd i samanlikning med Teldor og Signum, både åleine og i
kombinasjonar. Resultat blir evt. publisert i eiga forsøksmelding for bær.
Teldor mot begerrôte og monilia i eple – to restanalyseforsøk
Feltvertar: Gunnar Atle Vereide (Summerred) og Børre Tystad
(R. Gravenstein), Vereide.
Ansvarleg/utført sprøytearbeid: Rune Vereide
To sprøytetidspunkt under blomstring. Resultat: Restmengder
påvist, men langt under gjeldande grenseverdiar. Målet er å få
ordinær godkjenning for bruk av Teldor under blomstring.
Pr. i dag gjeld dispensasjon.
Fellefangst av hagtornsugar i eple
Ansvarleg: Stine Huseby i samarbeid med Bjørn A. Hatteland,
Bioforsk.
Hagtornsugar (Psylla melanoneura) er kjent som mogleg vektor
for spreiing av heksekost i eple. Ved hjelp av limfeller og bankeprøvar vart det i 2013 samla inn sugarar frå 11 eplehagar i Sogn.
Fellefangsten har påvist utbreiing av hagtornsugar i 10 av dei
12
Kairomonfeller for overvaking av rognebærmøll
Registreringar med luktstoff (kairomon) som skal tiltrekkje
og fange rognebærmøllen heldt fram i 2013, men i mindre
omfang enn i 2012. Det var felleregistreringar i tre hagar i Sogndal, men det vart ikkje fanga møll i nokon av dei. Det var heller
ikkje prognosetal så høge at ein venta angrep av rognebærmøll
i eple og det vart ikkje registrert skade på eple i hagane. For å få
testa effekten av kairomonfellene ventar vi på eit angrepsår med
større innsverming til eplehagane.
Kairomonfelle for overvaking av rognebærmøll. Foto: Stine Huseby.
Mekanisk ugrashandtering i frukthagane
Tradisjonelt har nye fruktfelt seinare år vore etablert med mypexduk eller anna plastdekke i trerekkjene. Dette for betre og raskare etablering grunna høgare jordtemperatur, men og som
dekke mot ugras. Ei ulempe med slike dekkemateriale er at ein
ikkje får tilført kompost, husdyrgjødsel eller andre organiske
materiale inn i trerekkjene i omløpet. Samtidig får ein ikkje ta i
bruk nytt og betre tilpassa mekanisk utstyr for ugrashandtering
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
i trerekkjene. Difor er mange nyetableringar i seinare tid gjort
utan plastdekke. Orrizonti er ein reiskapsmodul der ein kan
bruke fem ulike reiskap for fresing og børsting i og langs rekkjene. Trass litt kleim jord etter regnver knuste fresen grassvoren
i trerekkjene og smuldra jorda i overflata.
Fokus på gjødsling i bringebær. Besøk av fagfolk frå Yara og Norgro;
frå venstre dyrkar Wald Lyslo, Peter van Schie, Yara Norge, Tor Kjetil
Kongsrud, Norgro og Mats Martinsson, Yara Sverige. Foto: Rune Vereide.
Mekanisk ugrashandtering med Orrizonti demonstrert i nyetablert
fruktfelt på Njøs. Knivar montert under roterande tallerken med følar
som gjer at den går inn mellom trea i rekkjene. Merk høgthengande
dryppslange! Foto: Rune Vereide.
Riktig innstilling og bruk av tåkesprøyter
Det har vore avvikla markdagar med fokus på riktig innstilling
og bruk av tåkesprøyter i frukthagane. Fluoriserande væske gjev
blått bladverk ved bruk av UV-lys på væskeavsetninga i trea. Vi tok
utgangspunkt i praksis på bruket og samanlikna med alternativ
dysestorleik, køyrefart, trykk, luftmengde og evt. omdreiningshastigheit på kraftuttaket. Praksis med innstilling og bruk av tåkesprøyta er svært forskjellig hjå dyrkarane og mange har hagar av
ulike typar m.o.t. til trestorleik, radavstand osv.
På dei bruka vi var innom varierte væskemengdene frå 16,5 liter
til 50 liter pr 100 m rad. Dette har utifrå den aktuelle køyrefarten og dei aktuelle radavstandane i hagane gitt væskeforbruk
frå 36 liter til 100 liter pr dekar. Betre sprøyteresultat vart i fleire
tilfelle oppnådd ved å redusere væskemengdene. Det blir meir
fokus på bruken av tåkesprøyter komande sesong.
Fokus på gjødsling i bringebær
og bærkvalitet vil gje fasit på ei riktig gjødseltildeling. Jord- og
bladprøvar bør ligge til grunn for å gjere justeringar i riktig
retning. Wald Lyslo er ein av dyrkarane som brukar gjødselvatning. Etter tidlegare å ha hatt litt for svak tilvekst, vart gjødslinga auka opp siste sesongen. Resultatet let ikkje vente på seg;
bringebæra responderte umiddelbart og tilveksten vart gjennom sesongen i kraftigaste laget. Tilpassing blir gjort komande
sesong utifrå resultata føregåande år.
Stor interesse for eplekonkurransen på Matamål-festivalen på Sandane,
oktober 2013. Foto. Rune Vereide.
Testing av væskeavsetning frå tåkesprøyter i frukthagar. Foto: Rune Vereide.
Mange dyrkarar brukar etter kvart gjødselvatning i bringebærfelta. Riktig bruk av desse anlegga gjev ei godt tilpassa gjødsling utifrå behovet i kulturen. Vurdering av tilvekst, bæravling
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
NLR-stand på «Matamål»
NLR S. og Fj. deltok for fyrste gong med stand på lokalmatfestivalen Matamål på Sandane i oktober 2013. Som aktivitet
på standen hadde vi m.a. ein konkurranse der deltakarane skulle
namngje 12 utstilte eplesortar. Dette var ein miks av nyare og
gamle sortar, også sortar med lokal tilknytning. Det var stor
interesse og god deltaking i konklurransen, der alle aldersgrupper var godt representert.
Ingen greidde namna på alle sortane, men tre deltakarar
greidde riktig namn på 10 sortar. Riktig namn på dei utstilte
sortane var etter stigande nummer: 1. Eneståande, 2. Raud
Prins, 3. Discovery, 4. Idunn, 5. Summerred, 6. Åkerø Hassel,
7. Raud Gravenstein, 8. Storgranat, 9. Filippa, 10. Raud Aroma,
11. Signe Tillisch, 12. Raud Ingrid Marie (Karin Schneider).
13
BYGNINGSPLANLEGGING
SAU I PLUSS
NLR Sogn og Fjordane har også dette året hatt mykje bygningsoppdrag, og stadig fleire som har fått hjelp hos oss har motteke
støtte frå Innovasjon Norge. Flest oppdrag gjeld bygg til sau, og
dei fyrste kraftfôrautomatane til sau er tekne i bruk i Sogn og
Fjordane. Nye oppstallingsmetodar, nye måtar å fôre sauen på,
og ny teknologi i sauehaldet skapar interesse. Mange har ynskje
om å få planlagt løysingar som gjev meir fleksibelt fjøsstell for
gardbrukaren, og kanskje gjer det lettare å kombinere sauehald
med anna arbeid.
Færre mjølkeprodusentar satsar i fellesskap på nybygg, men i
staden på enkeltbruk med kvotekjøp/-leige. Alle som planlegg
til mjølk ønskjer robot. Fleksitid i fjøset er nøkkelen for rekruttering til mjølkeproduksjon.
Bygningsplanleggarane har vore involvert på ulik måte i om lag
50 prosjekt her i fylket dette året. Planleggarane har i tillegg
oppdrag for andre. Innovasjon Norge kjøper også i år tenester i
samband med ferdiggodkjenning av bygg, og vurdering av planar. NLR Sogn og Fjordane står som ansvarleg søkjar på fleire
nye driftsbygningar her i fylket, gjennom byggfirma som kjøper
denne tenesta med oss.
Prosjektet «Sau i Pluss» vart starta opp i 2013 i regi av NLR
Sogn og Fjordane.
Hovudmålet for prosjektet er å stogge nedgangen i sauetalet i
fylket. Med fokus på bygg og økonomi vil vi tilby hjelp til bruk
som vurderer å starte opp eller gjere endringar i drifta på garden.
Stikkord er:
• Moderne bygg og driftsopplegg som gjer fjøsarbeidet lettare
og meir fleksibelt tidsmessig, slik at det vert enklare å kombinere sauehald med anna arbeid.
• Funksjonelle husdyrrom og innandørsmekanisering.
• Vegvalsrådgjeving og driftsplanlegging.
• Etablere 5 pilotfjøs der ulike byggtypar/i-mek-løysingar vert
vist.
Fagdag i Olden, 50-60 bønder møtte opp. Synfaring i fjøset hjå Linda og
Roar Alsaker. Foto: Edvin-A Hugvik.
Opning av ny mjølkefjøs med robot i Breim hjå Jakob Persson. Mange
frammøtte som ville sjå det fine fjøset. Godt opplegg for kalvestell og
gjennomtenkt plassering av småkalvane. Overrekking av blomster og
TINE-klokke til Jakob Persson (frå høgre), kona Maren Haugland og
sonen Karl Mattis Haugland Persson. Foto: Edvin-A Hugvik.
NLR Sogn og Fjordane tilbyr no hjelp frå 3 bygningsplanleggarar, Edvin-A Hugvik, Hans Emil Dale og Veronica Grafsrønningen.
Hans Emil Dale har på andre året vore med i Fagutval for byggteknisk rådgjeving i NLR sentralt.
Edvin-A Hugvik har vore prosjektmedarbeidar i prosjektet «Sau
i Pluss» saman med prosjektleiar Arve Arstein.
NLR har i overkant av 20 bygningsplanleggarar fordelt i heile
landet med unntak av Hordaland. Det har vore gjennomført
fleire kurs og samlingar i året som gjekk, og høgdepunktet var
Nordisk byggtreff som vart arrangert i Noreg dette året. Planleggarar frå alle dei nordiske landa var samla på Hedmarken for å
knyte kontaktar, dele kompetanse og ta tak i felles utfordringar.
Samarbeidet og kompetanseflyten går betre enn nokon gong
mellom dei ulike regionale einingane i NLR. Ei felles heimeside
landbruksbygg.no vart også offisielt oppretta dette året.
14
I oppstartsåret har det vore fokus på å gjere prosjektet kjent
og det har vore lagt ned stor innsats for å få etablert dei første
pilotfjøsa. Det er arrangert fagmøte i lag med lokallag i Sau og
Geit i fylket, og det er arrangert ein fagtur til Hordaland for å
sjå på moderne sauebygg. Status pilotfjøs ved utgangen av året
er at eitt fjøs er teke i bruk, eitt fjøs vert flytta inn i tidleg i 2014
og eit tredje fjøs er under planlegging.
Fyrste pilotfjøsen i prosjektet «Sau i Pluss» i Kandalen i Gloppen, hjå Siv
Marit og Jostein Fuglestrand. Ombygd geitefjøs med kraftfôrautomatar i
kombinasjon med rullerande fôrbrett. Foto: Edvin-A Hugvik.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
I siste del av året har arbeidet mot enkeltbønder auka på. Innteninga i sauehaldet har betra seg, men det er absolutt grunn
for å gjere grundig førearbeid. Det er mange små sauebuskapar i fylket som sårt treng oppgradering på byggsida, men
det er utfordrande å få dette til på dei minste bruka. I praksis
betyr det at dei minste buskapane må planlegge med ein auke
i dyretalet når ny bygning skal opp. Samdrift på sau er lite
utbreidd i fylket, men det er eit reelt alternativ for mindre
buskapar å få til moderne og lettstelte fjøsar. Ombygging av kufjøs til sauefjøs er eit alternativ som ofte kjem bra ut økonomisk,
samanlikna med å byggje nytt til ein middels buskap. Begge
dei to første pilotfjøsane er utbygging med bakgrunn i eksisterande bygg på garden. Ein grundig driftsplan og reelle kostnadskalkyler er eit godt utgangspunkt for å ta endeleg avgjerd.
Arve Arstein er prosjektleiar for «Sau i Pluss» med ansvar for
driftsplanlegging, økonomi- og vegvalsrådgjeving og søknad
til Innovasjon Norge. Edvin-A Hugvik er prosjektmedarbeidar
med ansvar for byggplanlegging, innandørsmekanisering og
kostnadsberekning.
Prosjektet er finansiert med fylkesvise BU-midlar, sal av tenester
(driftsplan og byggplan), eigeninnsats NLR, og med støtte frå
landbruksorganisasjonar og firma.
Andre pilotfjøsen i prosjektet ”Sau i pluss” under bygging hjå Knut Tore
Nes Hjelle på Nordfjordeid. Tilbygg til eksisterande bygg, kraftfôrautomat
i kombinasjon med grôvfôrhekk (appetittfôring). Foto: Edvin-A Hugvik.
ØKONOMI/DRIFTSPLANLEGGING
Dette er eit nytt tilbod i NLR Sogn og Fjordane. I 2013 vart
det meste av ressursen på dette fagområdet sett inn på prosjektet
«Sau i Pluss», men NLR har vore engasjerte i vegvalsrådgjeving
og driftsplanlegging knytt til storfebuskapar også. Det er Arve
Arstein som har ansvar for økonomirådgjevinga i organisasjonen.
Ein grundig driftsplan er eit godt hjelpemiddel når ein skal
ta avgjerd i samband med endring i drifta, påbygg/nybygg,
generasjonsskifte og vegval. Dataprogrammet NLR Plan A, som
er utvikla av erfarne driftsplanleggarar i NLR, er eit godt hjelpemiddel når ein skal vurdere ulike driftsalternativ. Innovasjon
Norge krev 5-årige driftsplanar som vedlegg til søknadane om
støtte til ulike tiltak.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
Rettleiing ved sal og kjøp av fôr, fôrpris og fôrkvalitet og transport av husdyrgjødsel er ei teneste som ein del medlemar ber
om hjelp til. Oftast vert slike spørsmål avklara i telefonsamtale,
men vi dokumenterer slike saker skriftleg etter ynskje. I 2013
vart temaet fôrkjøp svært aktuelt, sidan mange fekk stor mangel
på fôr. Innkjøpt grovfôr kosta for dei aller fleste klart meir enn
kraftfôr, så det er viktig med gode fôrplanar for å finne optimale
løysingar.
FUNKSJONSTESTING AV ÅKERSPRØYTER
NLR Sogn og Fjordane testar åkersprøyter i heile fylket. Både
medlemar og ikkje-medlemar har tilbod om testing. Edvin-A
Hugvik er den einaste rådgjevaren som er sertifisert til dette
arbeidet. I 2013 blei det testa 37 sprøyter. NLR Sogn og Fjordane
er forhandlar av Hardi sprøytedelar. Dei vanlegaste delane er
med under testing, og kan monterast på direkte, om det skulle
vere behov for det.
ØKOLOGISK LANDBRUK
NLR Sogn og Fjordane tilbyr rådgjeving innan økologisk landbruk. Det har også dette året vore forholdsvis liten etterspurnad
etter dei tilbod som finst innan dette fagfeltet. Hovudsakleg er
det saueprodusentar og fruktdyrkarar som syner størst interesse.
Tiltaka er støtta økonomisk av staten, fordi det er eit politisk
mål at 15 % av matproduksjonen og matforbruket skal vere
økologisk innan 2020.
Tiltaka er Økologisk førsteråd, Økoplan (Driftsbeskrivelse, krav
frå Debio), og Rådgjevingspakke (fagleg oppfølging av omleggingsbruk eller omlagde bruk). Ein slik rådgjevingspakke kan
omfatte vegvalsrådgjeving, økonomirådgjeving, bygningsplanlegging, hjelp med miljøplan, og elles det bonden måtte ønskje
av fagleg hjelp. Grupperådgjeving er eit anna tilbod. Dette kan
vere fjøsmøte, markvandringar, demonstrasjonar og fagmøte.
Produsentar med nokså like produksjonar kan bygge nettverk,
kan utveksle erfaringar og heve eigen kompetanse. Til dei ulike
tiltaka kan NLR trekkje inn spisskompetanse for å kunne levere
faglege tilbod av høg kvalitet.
Omgrepet «økologisk» innan landbruket er beskytta. Dei som
ønskjer å vere økologiske produsentar, må melde seg inn i det
økologiske kontrollorganet Debio. Mange opplever Debioordninga som litt uoversiktleg, og ønskjer informasjon om korleis dei kan kome inn i ordninga.
I 2013 er det er gjennomført 5 økologisk førsteråd, 2 rådgjevingspakkar, 2 økoplanar, 13 grupperåd der 12 av desse er arrangert for
hagebrukarar. Rådgjevingstilbodet i 2013 har omfatta økonomiog vegvalsrådgjeving, teikning av nybygg, eller ombygging av
eksisterande bygg, dyrkingstips, hjelp med miljøplan og økoplan for medlemar frå heile fylket.
Dei økologiske rådgjevingstilboda er retta mot alle gardbrukarar
og krev ikkje medlemskap i NLR.
15
PROSJEKTET
«POTET OG GRØNSAKPRODUKSJON
PÅ VESTLANDET»
fine slåttemarker som har kriterier for bruk av desse midlane.
Elles har Astrid besøkt lokalitetar for innlemming i ordninga i
Balestrand, Bremanger og Askvoll.
NLR Sogn og Fjordane har vore med på eit samarbeidsprosjekt
om «Potet og grønsakproduksjon på Vestlandet». Lærdal Grønt
er prosjekteigar og Økoringen Vest har arbeidsgjevaransvar.
Målet med prosjektet er å få etablert lokalt rådgjevingstilbod
innan både økologisk og konvensjonell produksjon av grønsaker og potet. Kari Bysveen har vore prosjektleiar. Prosjektet
har gått i 2 år, og det er 2 år igjen av prosjektperioden. Prosjektpartnarane er Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, Norsk
Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane, Sogn Jord- og Hagebruksskule, Økoringen Vest og Lærdal Grønt.
ARBEID UTFØRT FOR ANDRE
For kommunar
Sigmund Larsen er leigd ut til Vågsøy kommune i 30 % stilling
og til Bremanger kommune i 55 % stilling. I desse kommunane
utfører han vanlege «landbrukskontorsaker».
For Fylkesmannen
Handlingsplan
Astrid Sandvik har utført handlingsplan- og skjøtselplanarbeid
for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Landbruksavdelinga og
Miljøvernavdelinga samarbeider om dette.
Skjøtselplangruppa i fylket set opp ei prioriteringsliste for skjøtselplanar for slåttemarker og for kystlynghei utifrå lokalitetar som
ligg i Naturbasen, og vurdering utifrå kjennskapen til desse.
Astrid lagar planane.
Frå slåttemark på Øvre Haukås, Sogndal. Foto: Astrid Sandvik.
Gjennom året har ho i samarbeid med brukarar arbeidd med tre
skjøtselplanar for kystlynghei. Dette var i Askvoll, Bremanger
og Selje. Det er også arbeidd med 8 skjøtselplanar for slåttemark, nemleg i Askvoll, Balestrand, Eid, Lærdal, Sogndal og
Vågsøy. Etter kvart som dei vert ferdige, samarbeider eigaren/
brukaren om ein, som oftast, 10-årig avtale om skjøtselen.
Tilskota kjem via Miljødirektoratet.
Kystarven
Kystarven leigde i 3 ½ år Astrid til arbeidet med å auke sauetal og sauebrukartal i lyng- og beitemark på kysten i HAFSkommunane. Prosjektet er avslutta med rapport frå arbeidet og
markering på Villsaufestivalen i Solund i sommar. Rapporten er
lenka til på heimesida til NLR Sogn og Fjordane.
Frå kystlynghei i Borgundvåg, Selje. Foto: Leif Hauge.
11. og 12. juni besøkte Pål Thorvaldsen, Bioforsk Vest Fureneset og Astrid verdifulle slåttemarker som ligg i Naturbasen
som A- og B lokalitetar i kommunane Eid, Vågsøy og Stryn.
Det var spesielt to fine slåttemarker som bør få skjøtselplan og
handlingsplanmidlar til brukaren som ønskjer å skjøtta desse. I
tillegg er det registrert berre to funn av Solblom i dette fylket, i
Eid og i Vågsøy. Desse blei besøkt og det er ønskje om skjøtselplan for å ta vare på desse, og kanskje få auke i tal solblomar.
25. juni hadde Leif Hauge, Høgskulen i Sogn og Fjordane og
Astrid same opplegget i Aurland og Sogndal der det også var to
16
Svein Kråkenes har god kontakt med villsauene sine i Solund
Foto: Astrid Sandvik.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
ÅRSREKNESKAP FOR 2013 – BUDSJETT FOR 2014
Resultat 2012
DRIFTSINNTEKTER
Salsinntekter
Medlemstenester
Konsulenttenester andre
Kurs og undervisning
Rammetilskot
Kurstilskot
Kommunetilskot1)
Prosjektinntekter
Feltgodtgjersle
Andre tilskot
Medlemskontingent og støttemedl2)
Andre inntekter
SUM DRIFTSINNTEKTER
DRIFTSKOSTNADER
Møte, forsøk, kurs, medlemsblad
Lønskostnader
Kontorkostnader
Reise- og møtekostnader
Kontingentar
Andre driftskostnader
SUM DRIFTSKOSTNADER
Driftsresultat
FINANSPOSTAR
ÅRSRESULTAT
Budsjett 2013
Resultat 2013
Budsjett 2014
109 785
1 002 391
1 265 315
130 911
2 061 300
185 200
408 990
1 320 353
132 100
57 022
2 171 927
78 785
8 924 078
70 000
1 140 000
1 160 000
100 000
2 449 500
120 000
450 000
1 440 000
140 000
20 000
2 250 000
160 000
9 559 500
102 146
1 033 742
1 653 927
234 896
2 487 610
250 200
348 725
1 492 736
51 337
37 811
2 204 527
110 689
10 008 343
95 000
1 542 500
1 200 000
325 000
2 519 500
345 000
350 000
1 672 000
100 000
40 000
2 340 000
160 000
10 689 000
137 205
6 814 976
995 079
567 747
295 302
60 789
136 000
7 385 000
1 060 000
513 000
302 000
90 000
9 486 000
341 615
7 731 334
1 123 848
711 434
307 947
56 429
10 272 607
335 500
8 059 500
1 125 500
578 500
305 000
75 000
10 479 000
166 000
-264 263
7 032
-257 231
210 000
8 871 099
52 980
167 46
69 725
166 000
210 000
Notar til rekneskapen
1) Kommunestøtte 2013
Balestrand
Kr 17.775, Bremanger
Kr 20.000, Gloppen
Kr 125.000, Gulen
Kr 51.000, Hornindal
Kr 10.000, Leikanger
Kr 33.900, Sogndal
Kr 40.000
Solund
Kr 17.500, Stryn
Kr 25.000, Vik
Kr 37.725, Vågsøy
Kontor for 2 rådgjevarar
2) Støttemedlemar 2013
Felleskjøpet Agri SA
Yara Norge AS
22
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
Balanse pr 31.12.
2012
2013
EIGENDELAR
Kundar
Opptent inntekt
Andre krav
Andelar
740 000
1 099 121
3200
2000
768 099
1 820 407
-6000
0
Bankinnskot, kontantar
SUM EIGENDELAR
GJELD OG EIGENKAPITAL
Eigenkapital 1/1
Årets resultat
1 491 097
3 335 419
192 638
2 775 144
1 067 857
69 725
1 137 583
-257 231
Sum Eigenkapital
Leverandørar
Offentlege avgifter
Skuldig løn og feriepengar
Sum gjeld
SUM GJELD OG EGENKAPITAL
1 137 583
376 378
665 330
1 156 128
2 197 836
3 335 419
880.352
384 056
662 570
848 155
1 894 793
2 775 144
Note til balansen
Pensjonsforsikring for alle tilsette er dekka ved ei kollektiv ytelsesbasert pensjonsforsikring som ved 31.12.2013 omfattar 13 tilsette.
Forpliktinga er ikkje balanseført, og den årlege pensjonspremien, samt evt. tilleggsbetalingar til fondet, vert sett på som årets pensjonskostnad. Akkumulert innbetaling til pensjonspremiefond er ikkje balanseført. Det er høve til å betale delar av pensjonskostnaden frå dette fondet, det er ikkje gjort i 2013.
Pensjonspremiefondet framkjem slik i 2013:
Inngåande saldo pensjonspremiefond 1/1 2013
Posterte beløp perioden 1/1-31/12 2013
Saldo pensjonspremiefond per 31/12 2013
kr 1.979,kr 34.396,kr 36.375,-
SAK 5: REVIDERT REKNESKAP FOR 2013
Årsrekneskapen for 2013 syner eit underskot på kr 257.231 og eigenkapitalen til NLR Sogn og Fjordane er no på kr 880.352.
Revidert rekneskap og revisjonsmelding vert framlagt på årsmøtet.
Framlegg til vedtak:
Revidert rekneskap for 2013 vert godkjent.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
23
SAK 6: ARBEIDSPLAN FOR 2014
Kjerneaktiviteten er medlemsretta arbeid innan jordbruk og hagebruk og tilbod om byggteknisk rådgjeving til alle bønder i fylket.
Dette vil halde fram som før i 2014. Målet er til ei kvar tid å
tilby dei tenestene som medlemane etterspør. Innan hagebruk
held prosjektet «Fagstilling frukt og bær» fram på femte året.
«Sau i Pluss» går no inn i andre prosjektåret, og responsen på
tilbodet som ligg i prosjektet er forventa å vere god.
Fagleg arbeid
• Medlemsbesøk. Besøkje nye og gamle medlemar og tilby fagleg rådgjeving på garden etter behov.
• Uttak av jordprøvar og gjødslingsplanlegging, ca 300 bruk/planar på jordbrukssida. I tillegg ein del jord- og bladprøvar og gjødslingsplanar innan frukt- og bær
kulturane.
• Rådgjevingsmeldingar per e-post innan jordbruk og
hagebruk.
• Lokale markdagar/demonstrasjonar etter ynskje og behov i
heile vekstsesongen. Fruktmarkdagar/gardsbesøk med fokus på sprøyteresultat ved bruk av tåkesprøyter.
• Haustetidsvurderingar i frukt.
• Haustetidsvurderingar av eng i ulike regionar i fylket
basert på «Grovfôrmodellen».
• Grovfôrkvalitet, økonomi, kjøp og sal av fôr.
• Økotiltak: Førsteråd, rådgjevingspakkar, grupperåd og
økoplan.
• Bygningsplanlegging, førstebesøk, planlegging, kostnads kalkyler, ansvarleg søkjar.
• Funksjonstesting av åkersprøyter.
• Økonomi- og driftsplanlegging, vegvalsrådgjeving.
Fagmøte/fagturar
• Våronnmøte, ca 20 stk.
• Fagmøte grovfôrdyrking.
• Plantevernmøte frukt og bær, samarbeid med FMLA.
• Haustetidsmøte med frukt-/bærmottak og grossistledd.
• Fagtur til Nederland for grovfôrdyrkarar (NLR Hordaland/
Bondevennen).
• Faglege arrangement i samarbeid med andre organisasjonar
jordbruk og hagebruk.
Kurs
• Autorisasjonskurs i plantevern.
• Skjeringskurs i steinfrukt og kjernefrukt.
• Kurs i birøkt.
• Gjødslingsseminar frukt og bær.
• Beitekurs småfe og storfe.
• Grip sjansen; rekrutteringskurs til frukt og bærnæringa.
• Dreneringskurs i Nordfjord og Sunnfjord.
• Sauekurs.
Prosjekt
• «Sau i Pluss»
• Fagstilling frukt og bær; NLR i tett samarbeid med frukt og bærmottaka i Sogn.
• Div. prosjektarbeid innan frukt og bær: ‘Arenaprosjektet’,
‘Eple-Pluss’, ‘FriskeTre’, ‘Kvalitetssortar av jordbær og
bringebær til industri og konsum’, ‘Smartare bringebær dyrking’, ‘Rett vatning-gjødsling til morell i tunnell’,
‘Nye vekstar’.
• Nytt grovfôrprosjekt i samarbeid med utvalde kommunar.
• Fokus på agronomi.
Raud Gravenstein på Rake i Stryn.Utsyn mot Olden. Foto: Rune Vereide.
24
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
Grovfôrrådgjevarane på fagtur. Her på besøk hjå Felde Samdrift i
Breim. Foto: Astrid Sandvik.
Forsking/utvikling
• Haustetidsprognose eng.
• Gjødsling til eng, store mengder husdyrgjødsel.
• Våtsåing i eng, samarbeid med Bioforsk og Agromiljø AS.
• Nytt grovfôrprosjekt. Fornying av eng, kostnader og
effektivitet.
• Rognebærmøll; Vidare utprøving av luktfeller.
Registreringar som grunnlag for angrepsprognosar i eple.
• Framhald fellefangst av hagtornsugar i eple.
• Diverse utprøving av bladgjødslingspreparat.
Oppdrag for andre
• Landbrukskontoret i Vågsøy kommune.
• Landbrukskontoret i Bremanger kommune.
• Skjøtselsplanar for utvalde naturtypar, slåttemark og
kystlynghei.
• Vurdering av Regionalt Miljøprogram-midlar for
kommunane
• Nordfjord bygg, byggesøknad.
Ein jobbar heile tida for å få finansiert nye prosjekt og få inn nye
oppdrag innan aktuelle fagfelt. Det vil difor bli endringar i høve
til arbeidsplanen undervegs i året.
Framlegg til vedtak:
Årsmøtet godkjenner arbeidsplanen for 2014
Fine morellar i Lærdal. Foto: Stine Huseby.
SAK 7: BUDSJETT FOR 2014
Budsjettet byggjer på vidare drift med rådgjeving innan jordbruk, hagebruk og byggteknisk rådgjeving, med 13 tilsette i til
saman 12,3 årsverk. På inntektssida er dei viktigaste postane
rammetilskot, medlemskontingent, sal av tenester, både til medlemar og andre, samt inntekter frå prosjekt. Personalkostnader
utgjer om lag 80 % av kostnadene til NLR Sogn og Fjordane.
Med eit underskot i 2013, og ein situasjon med aukande omsetnad, er det viktig å styrke eigenkapitalen. Det er difor budsjettert med eit driftsoverskot på kr 210.000 i 2014.
Framlegg til vedtak:
Årsmøtet godkjenner styret sitt budsjett for 2014.
SAK 8: KONTINGENT FOR 2015
Årsmøtet i 2013 vedtok medlemskontingent for 2014, og årsmøtet i 2014 handsamar kontingent for 2015. I framlegget er
det lagt opp til å auke kontingenten i takt med løns- og prisstigninga.
Framlegg til vedtak:
Medlemskontingenten for 2015 vert fastsett slik (2014 i parentes):
•
•
•
•
•
Grunnkontingent kr 880,- (850)
Arealkontingent grovfôr kr 5,35 pr da (5,20)
Arealkontingent potet og grønsaker kr 36,50 pr da (36,40)
Arealkontingent frukt og bær kr 53,- pr da (52)
Maksimalkontingent kr 2800,- (2650)
Frå markdag i Fortun i Luster i juni 2013. Foto: Marit Henjum Halsnes.
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
25
www.norgro.no
SAK 9: VAL
Valnemnda har vore samansett av Atle Kringlen, Naustdal,
leiar, Olav E Gjerde, Leikanger og Olav J Bøthun, Vik. Dei
har levert denne innstillinga framfor valet:
Styremedlemar:
Sigurd Reksnes, Eid, attval 2 år
Tone Feidje Midlang, Vik, attval 2 år
Hans Frislid, Eid, ikkje på val
Hilde Søgnesand, Jølster, ikkje på val
Jon Asbjørn Målsnes, Balestrand, ikkje på val
Leiar i styret:
Sigurd Reksnes, Eid 1 år, attval
Frukt og bær
· Sertifisert plantemateriale
gir et godt resultat
· Fagkunnskap og
engasjement
· Driftsmidler til den
profesjonelle dyrker
Varamedlemar til styret. Alle skal veljast for 1 år
1. vara: Åge Ervik, Selje, ny
2. vara: Jon Arve Førde, Jølster, attval
3. vara: Tor Arne Herstad, Naustdal, attval
Revisorar:
Gunnar Råheim, Gaular, attval, 1 år
Endre Bell Fossen, Gaular, attval, 1 år
Valnemnd:
Åslaug Stadheim Ese, Vik, ny, 3 år
Leiar i valnemnda:
Olav E Gjerde, Leikanger
Vara til valnemnda:
Svein Per Ervik, Selje, 1 år
Styremedlem med vara, valt mellom og av dei tilsette:
Plantebestilling
tlf. 37 00 17 00
støldal fotografisk · 0212
Ordrekontor
tlf. 32 22 85 65
NORGRO AS – Sælidv. 44, 2322 Ridabu
tlf. 32 22 85 50 · fax 62 54 15 55 (Hamar), 32 22 85 60 (Lier)
e-post: [email protected]
26
Ann_FruktBar_100x297_0212.indd 1
Dag-Arne Eide, styremedlem 2 år, attval
Marianne Bøthun, vara for styremedlem frå tilsette, attval
SAK 10: GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE
Valnemnda sitt framlegg:
•
•
•
•
•
•
Styreleiar – årleg godtgjersle Revisorar – årleg godtgjersle Møtegodtgjersle heil dag
Møtegodtgjersle halv dag
Telefonmøte Reisegodtgjersle etter statens satsar
kr 8000
kr 4000
kr 2000
kr 1000
kr 400
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
20.02.12 10:42
RÅDGJEVINGSTILBOD
for medlemar i NLR Sogn og Fjordane 2014
Tenester som er inkludert i kontingenten, og betalingstenester utover dette.
Generell rådgjeving innan jordbruk
og hagebruk
Rådgjevingsmeldingar per e-post
med aktuelt fagstoff (15-20 utgåver årleg)
Gratis telefonrådgjeving
Eitt gratis medlemsbesøk årleg
(etter førespurnad)
Jordbruk, Frukt og bær.
Potet.
Grønsaker.
Moreller
Gjødslingsplan
Gratis uttak av jordprøvar
Gjødslingsplan utarbeidd i Skifteplan®
med tilhøyrande kart
Rådgjeving innan plantevern i jordbruk
og hagebruk
Rådgjerder mot ugras, skadedyr og
plantesjukdomar
Grasprøvar / Fôrprøvar / Bladprøvar
Uttak av prøve, analysering og rådgjeving
Div kurstilbod (døme)
Autorisasjonskurs for plantevernmiddel
(årleg i Sogn og Nordfjord)
Grovfôrdyrking, drenering, pløying
Kurs i skjering av frukttre, dyrkingskurs i ulike
frukt- og bærkulturar
Økologisk rådgjeving
Økologisk førsteråd (gratis for bonden)
Økoplan
Rådgjevingsavtalar og grupperådgjeving
Miljøplan og kulturlandskap
Utarbeiding av Miljøplan trinn 1 og trinn 2
Revisjon av Miljøplan
Skjøtselsplanar, SMIL-søknader og beitevurdering
Bygningsplanlegging
Fyrstebesøk med enkel rapport/referat
Byggteknisk planlegging,
skisse – byggeteikningar – dimensjonering
BU-søknad, kostnadsoverslag
Ansvarleg søkjar
Funksjonstesting av åkersprøyter
Markdagar og fagmøte innan aktuelle tema
(Kunngjering på e-post, SMS og på heimesida)
Testing og vedlikehaldsreparasjon av dei
vanlegaste sprøytetypane
Sal av deler til Hardi® åkersprøyter
Økonomisk Rådgjeving
Vegvalsrådgjeving
Driftsplan
Meir informasjon på heimesida vår:
ÅRSMELDING NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING 2013
http://sognogfjordane.lr.no
31
Utgjevar:
Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane
Postboks 181, 6701 Måløy
Tel. 909 67 726
[email protected]
Ikkje la det bli berre
med tanken
Start sparing til pensjon i dag.
Gå inn på ssf.no/pensjon og sjå kva sparepakke som passar for deg.
ssf.no/pensjon
•
tlf. 57 82 97 00
meirennbank.no