årsmelding 2013 - Lærdal kommune

Transcription

årsmelding 2013 - Lærdal kommune
LÆRDAL
KOMMUNE
Årsmelding
2013
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Innhald
1
Overordna kommentarar frå rådmannen ............................................................................ 4
2
Folketal – økonomi – personal – sjukefråvære .................................................................. 6
2.1
Utvikling i folketal....................................................................................................... 6
2.2
Økonomi ...................................................................................................................... 6
2.2.1
Utvikling av disposisjonsfond .............................................................................. 7
2.2.2
Netto lånegjeld pr. innbyggjar i kommunen ......................................................... 7
2.3
3
Personal ....................................................................................................................... 8
2.3.1
Kommunen som arbeidsgjevar ............................................................................. 8
2.3.2
Rekruttering .......................................................................................................... 9
2.3.3
Kompetanseutvikling og læring ........................................................................... 9
2.3.4
Bedriftshelseteneste .............................................................................................. 9
2.3.5
Alderssamansetjing ............................................................................................ 10
2.3.6
Seniorpolitikk ..................................................................................................... 10
2.3.7
Løn ..................................................................................................................... 10
2.3.8
Sjukefråvære....................................................................................................... 10
Tenestene .......................................................................................................................... 11
3.1
Folkevalde ................................................................................................................. 11
3.1.1
Politisk aktivitet i 2013 ...................................................................................... 11
3.1.2
Kontrollutvalet ................................................................................................... 11
3.1.3
Råd for eldre og funksjonshemma ..................................................................... 12
3.1.4
Vennskap Jeriko – Lærdal 2013 ......................................................................... 13
3.2
Rådmannsfunksjonane ............................................................................................... 14
3.2.1
Skatteoppkrevjarkontor ...................................................................................... 15
3.2.2
Felles landbrukskontor ÅLA .............................................................................. 15
3.2.3
Næring ................................................................................................................ 16
3.2.4
Reiseliv ............................................................................................................... 17
3.2.5
Kyrkja ................................................................................................................. 19
3.3
Oppvekst .................................................................................................................... 21
3.3.1
Borgund skule .................................................................................................... 21
3.3.2
Borgund barnehage ............................................................................................ 22
3.3.3
Oppvekst Ljøsne ................................................................................................. 23
3.3.4
Lærdalsøyri skule ............................................................................................... 25
3.3.5
Lærdalsøyri barnehage ....................................................................................... 26
3.4
Helse .......................................................................................................................... 28
3.5
Sosiale tenester – NAV.............................................................................................. 30
3.6
Pleie og omsorg ......................................................................................................... 32
2
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.7
Barnevern ................................................................................................................... 34
3.8
Kultur og formidling .................................................................................................. 36
3.8.1
Kulturskule ......................................................................................................... 36
3.8.2
Bibliotek ............................................................................................................. 36
3.8.3
Kino .................................................................................................................... 36
3.8.4
Ungdomsklubb ................................................................................................... 36
3.8.5
Arrangement ....................................................................................................... 36
3.8.6
Lokalhistorisk kontor ......................................................................................... 36
3.8.7
Kulturminnevern ................................................................................................ 36
3.8.8
Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri ........................................................................ 37
3.9
Teknisk drift .............................................................................................................. 38
3
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
1 Overordna kommentarar frå rådmannen
2013 har vore nytta til å ”sette” organisasjonen. Rekrutteringa inn i ny organisasjonsstruktur
er sluttført. Leiar for kultur og oppvekst tok til i mars, og leiar for organisasjon og personal i
august. Nye leiarar tilsette i 2012 innafor Pleie og omsorg, på Lærdalsøyri skule og i
Lærdalsøyri barnehage er fasa inn. Skular og barnehagar er samla under eitt ansvar og ei
felles leiing. Det har og vore skifte av personar på økonomi, servicesentral og arkiv.
Rekruttering og skifte av personar fører til ei pressa arbeidsstode i starten. Det er myukje som
er nytt for mange, dei skal bli kjende og dei skal ha naudsynt oppfølging og opplæirng. Dette
er forsterka av mange arbeidskrevjande innsynskrav frå enkeltpersonar. Arbeidstrykket på
leiarane vert opplevd som svært høgt.
Arbeidet med å stabilisere og utvikle organisasjonen vil halde fram i kommande år. Me har
ein ambisjon om å få på plass eit system for mål og resultatstyring, og drive organisasjonsutvikling mellom anna ved å stø opp og utvikle mellomleiarane våre.
Etter avtale mellom Østfold Fylkeskommune og Lærdal kommune om utbygging av Stuvane
Kraftverk av 22.12.1981, overtok kommunen kraftverket vederlagsfritt 1.november 2013.
Av skattemessige grunnar vart det oppretta eit kommunalt føretak - Okken Kraft Lærdal
kommune - med oppgåve å drive Stuvane kraftverk, ta seg av produksjon og omsetjing av
energi og å ivareta Lærdal kommune sine interesser i energiutbyggingssaker. I mangel på
eigen kompetanse, vart drifta av kraftverket gjennom ein anbodsprosess sett vekk til Østfold
energi.
Bak overtakinga ligg det ein omfattande forhandlingsprosess. Kraftmarknaden har endra seg
vesentleg sidan 1981. Dei viktigaste endringane er fri konkurranse og fri prisdanning på kraft,
og at det er innført fleire nye skatteartar. Avtalen måtte difor tolkast på ny.
Verdien av den nye avtalen basert på 30 øre pr KWh og ein produksjon på 165 GWh gjev eit
anslag på ein total inntekt for tjuefemårsperioden på 182 mill kroner. Av dette går vel 110
millionar kroner til Lærdal kommune ved Okken Kraft. Frå 1 november må Lærdal kommune
opptre som ein kraftverkseigar med dei risikoar som ligg i det. Faktorar som kan svinge er
produksjonsvolum, utviklinga i kraftpris, utviklinga i nettkostnader (innmating til nettet) og
endringar i skatteregimet frå staten. Ingen kan spå sikkert om framtida, men ting kjem til å
endre seg. Okken Kraft Lærdal KF bør på vegner av Lærdal kommune, ha ein strategi for å
handtere den økonomiske risikoen som ligg føre.
Inntektene frå kraftproduksjonen vil bli eit viktig bidrag til den kommunale økonomien og vår
evne til å yte gode tenester til innbyggarane våre. Kommunen må ha stabile økonomiske
rammer for sin tenesteproduksjon. I kommunestyret sitt budsjettvedtak for 2014 og vedtaka av
økonomi og handlingsplanen for 2014-17 er det lagt til grunn at inntekter frå Stuvane skal
brukast til investering eller nedbetaling av lån, ikkje drift.
I oktober 2013 fekk kommunen brev frå Miljøverdepartementet der dei går inn for lang tunnel
frå Tønjum til Stuvane på E16 gjennom dalføret. Det er omsynet til lokalbefolkninga,
jordvern og natur og kulturmiljøet som gjer at dei landar på denne løysinga. Dette er i samsvar
med kommunestyret sitt vedtak i saka. Etter regjeringsskiftet vart det nasjonal politisk støy
kring vedtaket, og saka er varsla å bli langt fram for Stortinget på ny.
4
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Kommunen inviterte til informasjonsmøte om flaumsikring av Lærdalsøyri torsdag 28.
november 2013. Her vart det presentere nytt flaumsonekart utarbeida av Norconsult AS.
Kartet legg rammene for korleis bustadbygging på Lærdalsøyri kan foregå, i forhold til heving
av grunn, flaumsikringstiltak osv. NVE har godkjendt kommunen sin søknad angåande
flaumsikring av heile Lærdalsøyri, og er i gang med å planleggje eit slikt tiltak. Døme på
sikringstiltak kan vera heving og forsterking av elvebryggja, heving av vegar, byggje nye
bruer, grave kanalar osv.
Arbeidet med omstilling og næringsutvikling har skote fart etter at dagleg leiar er på plass.
Omstillingsarbeidet femner vel 30 ulike prosjekt. Etablering av statlege arbeidsplassar er eitt
av prosjekta. Her er naudsynte nasjonale politiske vedtak på plass.
Lærdalsmarknaden hadde god deltaking både sommar og haust. Satsinga på sommarkonsertar
både i Kvammegarden og kulturhuset er ført vidare med bra besøk. Nytt av året var
Jordelpelrock. Ungdommane våre gjennomførte arrangementet på ein flott måte.
Sogn lokalmedisinske senter er eitt steg nærare realisering. Prosjektet vart styrka
ressursmessig og prosjektleiinga lagt til samhandlingssjefen i Helse Førde. Grunnlag for
vidare politisk handsaming i kommunane vart lagt fram i november. I framkant gjennomførte
me ein omfattande informasjonsrunde i alle deltakande kommunar. Lærdal kommune gjorde
sitt vedtak før årsskiftet. Andre kommunar har gjort sine vedtak tidleg i 2014. No er det
gjennomføringa som står att. Målet er å gje trygge og gode tenester basert på dei mulegheiter
sjukehuset og kommunane sin kompetanse og ressursar gjev.
Leiarane har skrive kommentarar til sine ansvarsområde, med fokus på økonomi, brukarar og
personalressursar.
Med dette vert årsmelding for 2013 lagt fram til politisk handsaming frå administrasjonen si
side.
Lærdal, 09. april 2014
Alf Olsen Jr
Rådmann
5
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
2 Folketal – økonomi – personal – sjukefråvære
2.1 Utvikling i folketal
Frå 2007 til 2010 auka folketalet i Lærdal med 55 personar. Denne trenden vart broten i 2011.
I 2013 hadde Lærdal kommuen ein nedgang i folketalet på 2 personar. Det bur 50 færre
personar i kommunen ved utgangen av 2013 enn i 2010. Bak dette ligg noko lægre fødselstal
enn før, og netto utflytting. Det er rimeleg å tru at dette har ein samanheng med endringar i
arbeidsmarknaden.
Innbyggjartal Lærdal kommune pr.31.12
2007 - 2013
2230
2224
2220
2205
2210
2199
2200
2199
2190
2180
2170
2176
2174
2012
2013
2169
2160
2150
2140
2007
2008
2009
2010
2011
2.2 Økonomi
2013 gjekk ut med eit meirforbruk på drifta på vel 6 mill kroner. Meirforbruket er 3 mill
dårlegare enn prognosane i andre tertial indikerte. Rekneskapen går likevel i balanse, men då
har me redusert overføringar til investeringsbudsjettet og nytta midlar frå disposisjonsfondet
for å få dette til. Måla om sunn økonomisk drift og oppbygging av fond er ikkje nådde. Ved
utgangen av året har me om lag 400 000 kroner på konto til å møte uføresette hendingar. Ei
stram økonomisk stode har vorte verre.
Bak dette ligg både positive og negative trekk. På den positive sida finn me at renteutgiftene
er lågare enn budsjettert, kostnader til kjøp av varer og tenester som går inn i drifta er
reduserte, brukarbetalingane aukar noko, og lønnskostnadene er i tråd med lønnsutviklinga.
Nokre tenester ligg på budsjett. Det er også eit positivt trekk at deler av meirforbruket er knytt
til opprydding i høve tidlegare år. Dette gjeld særleg kulturhuset og drift av dei aktivitetar
som er der. Dette er rydda opp i og kjem ikkje att.
På den negative sida ser me at mange tenester har stort meirforbruk i høve budsjettet, det er
høgt sjukefråvære i deler av organisasjonen, og me har ikkje klart å selje bygg og eigedommar
til finansiering av investeringar. Meirforbruket er i hovudsak lønnsutgifter.
Detaljane i dette går fram av årsrekneskapen.
Grunna formelle feil ved vedtak av økonomi og handlingsplanen vart kommunen meldt inn på
ROBEK. Konsekvensen er at låneopptak må godkjennast av fylkesmannen før dei kan settast
i verk. Det har vore dialog med fylkesmannen for å avklare stoda og freiste å komme ut av
lista i 2014.
Som ei førebuing til budsjett for 2014, vart det gjennomført ein analyse av organisasjonen for
å finne fram til tiltak som kan rette opp økonomien ytterlegare. Analysen peikar på større
6
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
tiltak innafor dei ”tunge” sektorane oppvekst og pleie og omsorg som naudsynte for å rette
stoda. Kommunen har også mulegheiter til å auke inntektene monaleg.
2.2.1 Utvikling av disposisjonsfond
Lærdal kommune har pr 31.12 eit disposisjonsfond på kr 413.000,-. Dette betyr at kommunen
ikkje har reservar til å møte uføresette hendingar.
Disposisjonsfond pr.31.12
2007 - 2013
25 000
19 543
20 000
17 620
17 620
15 000
12 315
10 000
5 000
3 434
890
413
2012
2013
2007
2008
2009
2010
2011
Tal i heile tusen
2.2.2 Netto lånegjeld pr. innbyggjar i kommunen
Kommunen har hatt ein sterk vekst i lånegjelda. Samla låneportefølje er på om lag 240
millionar kroner. Av dette var 9,1 mill ubrukt ved årsskiftet. Frå KS vert det tilrådd ei netto
gjeldsgrad på maks 50-60%.
Netto gjeldsgrad i kommunen ligg på 100% og me har pr 31.12.13 ca 166 mill på flytande
rente. Ein prosent i auka rentenivå vil medføre ein ekstra kostnad på 1,6 mill i drifta. Utan
reservar må dette dekkast inn gjennom redusert tenesteproduksjon.
Netto lånegjeld pr.innbyggjar pr.31.12
2009 - 2013
120 000
100 000
80 000
108 298
107 760
105 785
2011
2012
2013
88 906
79 653
60 000
40 000
20 000
2009
2010
Grafen viser endring i lånegjeld pr innbyggar frå 2009 til 2013. Trenden med auka lånegjeld
snudde i 2011, med ein svak nedgang i etterfølgande år. Tala for 2013 viser at me framleis er
på rett veg, om enn med liten fart.
7
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
2.3 Personal
2.3.1 Kommunen som arbeidsgjevar
Utviklinga i tal årsverk går fram av tabellen under.
Årsverk Lærdal kommune
Ansvar/År
100 Folkevalde/HVT
110 Rådmannen
120 Oppvekst Borgund
121 Oppvekst Ljøsne
122 Lærdalsøyri skule
123 Lærdalsøyri barnehage
131 Helse
132 sosiale tenester NAV
133 Pleie og omsorg
134 Barnevern
151 Kultur og formidling
162 Tekniske tenester
170 Nøytrale
Sum
2008
2009
2010
20,73
11,40
10,40
29,00
29,40
11,66
6,71
74,90
2,75
7,18
27,80
19,88
11,81
11,33
33,03
34,70
13,80
6,79
75,83
1,05
8,08
27,50
24,56
13,28
10,06
31,89
33,60
11,16
5,82
74,43
1,25
8,07
27,25
231,93
243,80
241,37
2011
2,20
20,40
13,34
9,65
31,75
24,60
9,56
7,17
77,26
1,00
7,40
23,85
1,00
229,18
2012
2,20
16,00
10,30
10,70
34,20
27,90
14,00
5,00
87,90
1,00
6,80
24,75
2,00
242,75
2013
2,20
15,91
9,74
9,70
32,13
25,50
10,30
6,64
89,00
1,00
6,80
25,20
2,00
236,12
Det er ein nedgang på seks årsverk frå 2012 til 2013. Bak nettotala ligg ein reduksjon på eitt
årseverk på Ljønse skule, to årsverk på Lærdalsøyri skule, to årsverk på Lærdalsøyri
barnehage og fire årsverk på helse. Pleie og omsorg har hatt ein auke på to årsverk.
Pr 31.12.2013 hadde Lærdal kommune 294 tilsette, fordelt mellom 242 kvinner og 52 menn.
Samla årsverk i kommunen var 236.
Utvikling på tal tilsette og kjønnsfordeling går fram av tabellen under.
Tilsette i Lærdal kommune
Tal tilsette
2011
2012
Ansvar/År
110 Rådmannen
120 Oppvekst Borgund
121 Oppvekst Ljøsne
122 Lærdalsøyri skule
123 Lærdalsøyri barnehage
131 Helse
132 sosiale tenester NAV
133 Pleie og omsorg
134 Barnevern
151 Kultur og formidling
162 Tekniske tenester
170 Nøytrale
Sum
23
18
16
36
31
13
11
97
1
16
33
295
22
15
11
33
28
16
7
104
1
12
26
2
277
2013
2011
Kvinner
2012
18
13
13
38
32
13
7
113
1
15
29
2
294
16
15
15
30
30
10
8
92
1
6
16
14
13
10
28
27
12
6
91
1
4
16
239
222
2013
2011
14
11
12
32
32
10
6
101
1
5
18
0
242
7
3
1
6
1
3
3
5
0
10
13
52
Menn
2012
2013
8
2
1
5
1
4
1
13
0
8
10
2
55
4
2
1
6
0
3
1
12
0
10
11
2
52
Kommunesektoren er kvinnedominert. I 2012 syner tal frå kommunesektorens arbeidsgivermonitor at kvinneandelen i kommunane var 79%. I Lærdal kommune var kvinneandelen i
2013 82 %. Med unntak av kultur og formidling viser statistikken for Lærdal kommune at det
er fleirtal av kvinner i samtlege einingar. Dei fleste tenestene i kommunen er innan omsorg og
oppvekst, som framleis er kvinnedominerte yrker.
Lærdal kommune er utradisjonelle når det gjeld kjønnsfordeling i strategisk leiargruppe, som
består av 2 menn og 3 kvinner. Statistikk frå leiarar i kommunar og fylkeskommunar viser
8
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
fylgjande fordeling i toppleiing; 24,4% kvinner og 75,6% menn – i Lærdal fordeler den
prosentvise andelen seg slik; 60% kvinner og 40% menn.
2.3.2 Rekruttering
I 2013 vart det rekruttert inn til fylgjande stillingar i Lærdal kommune: sjukepleiarar og
hjelpepleiarar i samtlege av pleie- og omsorgseiningane, arkivansvarleg og sekretær i
servicesentralen, organisasjon- og personalleiar, leiar for kultur og oppvekst, barnehagestyrar,
prosjektstilling sau og utmark.
Rekruttering er ei utfordring, særleg innan pleie og omsorg. Me har forsøkt annonsering
lokalt, nasjonalt og via fagblad, men ser ikkje effekt av det. KS påpeiker at dette er eit område
som er ei utfordring for kommunesektoren. Dei meiner dette heng saman med økonomiske
konjunkturar og strukturelle tilhøve som løn, oppfatning om arbeidsbelastning i yrka,
manglande karrieremulegheiter og mulegheiter for fagleg utvikling. KS meiner vidare at det
ikkje vil vere tilstrekkeleg å dekke kommande behov innan pleie og omsorg gjennom
nyrekruttering og at kommunane må nytte og utvikle eksisterande arbeidskraft. Rekruttering
vil vere eit fokusområde for Lærdal kommune framover.
2.3.3 Kompetanseutvikling og læring
Kommunen legg til rette for tilsette som ynskjer å gjennomføre vidareutdanning. Støtte som
vert gitt er permisjon med løn, kompensasjon for studieutgifter m.m. Me gav i 2013 støtte til
to tilsette i sjukepleierutdanning, og til to leiarar som gjennomfører master i organisasjon og
leiing. Dette vil bli vidareført i 2014. Vidare legg me til rette for tilsette som ynskjer å ta
fagbrev.
Me har i året som har gått hatt 3 lærlingar, 2 i pleie og omsorg og 1 i oppvekst.
2.3.4 Bedriftshelseteneste
Alle tilsette i Lærdal kommune er innmeldt i Bedriftshelse1. Det er utarbeidd handlingsplan
for aktiviteten, og i 2013 vart fylgjande gjennomført:







Helse- og arbeidsmiljøkartlegging på Kultur, Helse, Tekniske tenester, samt Oppvekst
med unntak av Lærdalsøyri skule
Delteke i vernerunder i heile kommunen
Støymåling i barnehagane
Inneklimakartlegging på Helse
Kurs i kommunikasjon og samarbeid Lærdalsøyri barnehage
Personalsamlingar i pleie og omsorg med tema organisasjonskultur og
kommunikasjon
HMT/Vernerundar
Lærdal kommune deler HMT-medarbeider med Årdal kommune. Det vert kvart år
gjennomført vernerundar i samtlege einingar, og HMT-handbok vert årleg revidert. 2013 er
tredje året det vert gjennomført vernerunder etter rettleiinga frå HMT handboka. Referata etter
vernerundene er eit godt verktøy for FDV og for leiar og verneombod. Oppsummering etter
vernerundane i 2013 er at referata vert kortare for kvart år, noko som betyr at saker vert
handtert etter kvart, og gamle saker er blitt handsama og lukka.
9
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
2.3.5 Alderssamansetjing
Gjennomsnittsalderen til arbeidsstokken går fram av tabellen under.
2008
43,04
Gjennomsnittsalder
Alderssamansetjing
2009
2010
41,08
41,84
2011
45,08
2012
46,1
2013
48,15
Gjennomsnittsalder for tilsette i Lærdal kommune er 48,15 år. Gjennomsnittsalder for tilsette i
kommunane i Noreg er 44,7 år (kjelde: Kommunesektorens arbeidsgivermonitor 2013).
Kommunen ligg såleis høgt samanlikna med det totale gjennomsnittet og har hatt ein auke i
gjennomsnittleg alder sidan 2009. Dette er gir ein auke i gjennomsnittleg alder på sju år
fordelt over fem år.
2.3.6 Seniorpolitikk
Det er innført eit seniortiltak for tilsette mellom 62 og 65 år. Dei kan søkje om å behalde
100% løn og arbeide i 80%. I tillegg er det innført ei ekstra ferieveke. Kommunen har pr i dag
fem tilsette som nytter seg av tiltaket.
2.3.7 Løn
Ein oversikt over prosentvis lønsutvikling går fram av tabellen under.
2008
4,30 %
2009
4,70 %
Sentral lønsutvikling
2010
2011
3,70 %
4,20 %
2012
4,00 %
2013
3,50 %
Gjeldande hovudtariffavtale regulerer i stor grad lønsfastsetjinga i kommunen. Avtaleverket
har ein kombinasjon av sentralt fastsett minsteløn, fastsetjing av løn i lokale lønsforhandlingar
og fastsetjing av løn ved tilsetjing. Ved tilstetjing i einskilde stillingar vert det gjeve ”løn etter
avtale”. Det vert her teke omsyn til generelt lønsnivå, kompetanse, rekrutteringsbehov, krav
frå søkjar m.m.
2.3.8 Sjukefråvære
Ein oversikt over sjukefråværet i organisasjonen går fram av tabellen under.
Sjukefråvere fordelt på einingane
Ansvar/År
100 Folkevalde/HVT
110 Rådmannen
120 Oppvekst Borgund
121 Oppvekst Ljøsne
122 Lærdalsøyri skule
123 Lærdalsøyri barnehage
131 Helse
132 sosiale tenester NAV
133 Pleie og omsorg
134 Barnevern
151 Kultur og formidling
162 Tekniske tenester
163 Tekniske tenester(sjølvkost)
Lærdal kommune
2008
2009
2010
2011
2012
1,40
3,10
0,90
6,50
9,10
8,30
8,70
11,80
17,90
2,60
2,80
5,20
0,60
6,60
8,40
10,20
12,30
5,20
12,00
6,70
2,00
6,30
2,60
0,50
9,60
6,00
8,20
3,30
4,60
9,60
1,20
1,90
4,20
3,10
1,50
3,60
6,10
10,30
1,50
10,30
9,40
0,90
6,90
15,60
6,80
7,70
6,20
15,60
5,40
2,30
11,70
0,80
1,90
2,90
7,40
8,50
6,50
6,80
9,30
2013
0,30
9,10
2,60
7,60
6,30
13,50
2,30
5,90
9,90
39,00
1,70
6,80
4,20
8,30
Samanlikna med andre kommunar i Sogn og Fjordane ligg Lærdal framleis høgt. Fråværet er
redusert frå 9,3% til 8,3%, noko som viser ein god trend. Fråvær og oppfølging av tilsette vil
vere eit fokusområde i 2014.
10
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3 Tenestene
3.1 Folkevalde
Dette ansvaret består av dei folkevalde og deira møte, kontrollutval, råd for eldre og
funksjonshemma og hovudtillitsvalde. Vennskap Lærdal Jeriko er også plassert her.
Hovudtal frå Driftsrekneskapen
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
Totalt
Rekneskap 2013
Budsjett 2013
Rekneskap 2012 Avik 2013
2 147 322
2 367 085
4 514 407
2 218 570
1 381 000
3 599 570
2 297 912
1 780 116
4 078 028
-71 248
986 085
914 837
-1 465 259
-1 465 259
-444 000
-444 000
-464 916
-464 916
-1 021 259
-1 021 259
3 049 148
3 155 570
3 613 112
-106 422
Ansvar folkevalde kom ut med eit mindreforbruk på kr 106.422,- Ein auke i inntekter på ca 1.
mill skuldast refusjon av løn for ordførar på tid brukt til forhandling om Stuvane, samt
refusjon av utgifter til reise- og opphald for fleire i formannskapet.
3.1.1 Politisk aktivitet i 2013
Eit oversyn over tal møte og saker går fram av tabellen.
Kommunestyret
Formannskap
Administrasjonsutval
Forvaltningsutval
Møter Saker Møte Saker Møte Saker Møte Saker
2013
2012
2011
2010
8
93
9
111
11
152
12
97
14
175
16
165
18
181
26
203
8
24
13
40
8
22
14
36
0
0
7
33
8
48
10
39
Formannskapet hadde i 2013 14 møte og det er behandla 175 saker. Kommunestyret hadde 8
møte og behandla 93 saker i kommunestyret. Tal møte og tal saker er sterkt reduserte frå
2010.
3.1.2 Kontrollutvalet
Kommunelova kapittel 12 omhandlar internt tilsyn og kontroll samt revisjon. Det er
kommunestyret som har det øvste tilsynsansvaret med den kommunale forvaltninga, men
kommunestyret vel eit kontrollutval til å stå føre det løpande tilsynet med den kommunale
forvaltninga.
Etter kommunevalet i september 2011 valde kommunestyret følgjande kontrollutval for
perioden 2011 —2015:
Olav Grøttebø (leiar)
Kari Blåflat (nestleiar)
Anders Haugen
Siv Rysjedal
Guri Olsen
Olav Grøttebø er også representant i kommunestyret.
11
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Kontrollutvalet er direkte underlagt kommunestyret og dette gjer at kontrollutvalet har ein
uavhengig ståstad i høve til andre politiske og administrative organ. Det er følgjeleg berre
kommunestyret som kan instruere kontrollutvalet.
Kontrollutvalet sitt hovudmål er å medverke til at kommunen sine oppgaver vert løyste på ein
best mogleg måte i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Kontrollutvalet sine oppgåver er heimla direkte i kommunelova kapittel 12 og i forskrift om
kontrollutval fastsett av Kommunal og regionaldepartementet.
I 2013 vart det halde 5 møte i kontrollutvalet, og det vart gjort vedtak i til saman 22 saker. Dei
viktigaste sakene har vore:











Årsmelding for kontrollutvalet i Lærdal kommune 2012 (sak 04/13)
Kontrollutvalet si fåsegn til årsrekneskapen for 2012(sak 8/13 og 12/13).
Tertialrapportar
Skriv til kontrollytvalet om brot økonomireglementet (sak 10/13)
Skriv til kontrollutvalet om ugildskap i plansaker.
Statusorientering korleis omorganisering frå 2-nivå til 3-nivå modell fungerar.
Oppfølging av innsynskrav til kommunen
Budsjett for kontrollutvalet (sak 19/13)
Informert om konsekvensar av at kommunen er innmeldt i ROBEK
Kontrollutvalet har registrert manglande svar frå kommunestyre/formannskap til
innbyggjarane.
Sjukefråverert i kommunen
3.1.3 Råd for eldre og funksjonshemma
Råd for eldre og funksjonshemma er heimla i eiga særlov; Lov om kommunale og
fylkeskommunale eldreråd og Lov om råd eller annan representasjonsordning i kommunar og
fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne. Lovene seier at det skal vera eit
eldreråd og ein representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne i alle
kommunar og fylkeskommunar. Desse råda kan slåast i saman, slik det er gjort hjå oss.
Medlemmar:
Leiar: Knut O. Aarethun
Øyvind Hamre
Aslaug Grøttebø
Mia Karlsen
Jermund Bosheim
Solfrid Sanden (n.leiar)
Anders E. Mo
Personleg Vara: Håkon D. Kvamme
Inger Stokke
Audun Takle
Ingrid Bjørkum
Børre Klingenberg
Marit Steinheim
Agnar Berge
Møte- saker: Rådet hadde i 2013 fem møte og handsama 17 saker.





Økonomi- og handlingsplan 2014-2017 – høyring
Reguleringsplan for fortetting i Ofta aust/vest- kunngjering av vedtak
Brukarutvalet i Sogn og Fjordane – Uttale til verdighetsgarantien
Budsjett 2014
Økonomiplan 2014-2017 – nytt framlegg
12
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Rådet har teke desse sakene til orientering:
 Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet
 Kommunaldelplan for trafikktrygging
 Reguleringsendring for Forthun
 Informasjonsmøte om flaumsikring
 Kommuneplan - samfunnsdelen, oppstart av planarbeidet
 Reguleringsplan for utviding av Saltkjelen bustadfelt.
Rådet har også vore representert i prosjektgruppe Hjelpepleiarskulen, og medlemmar av rådet
har delteke på regionsamling ved Vik Bygdaheim og fylkesrådet sin seniorkonferanse.
Eldredagen 1. Oktober vart arrangert i kulturhuset med omlag 50 deltakarar. Underhaldning
ved Kristen Olav, Steinar og Magne.Det var sett opp buss til arrangementet. Ordførar,
rådmann og helse- og omsorgsleiar var til stades og orienterte og svarte på spørsmål.
3.1.4 Vennskap Jeriko – Lærdal 2013
I 1997 fekk Lærdal sin eigen vennskapskommune - Jeriko. Vennskapsavtala vart samrøystes
vedteken av kommunestyra i Jeriko og Lærdal den hausten og endeleg under-skriven av
ordførarane Abdel Karim-Sidr og Hans A. Tønjum i juni 1998. Vennskapsarbeidet i Lærdal
blir drive av Vennskap Jeriko – Lærdal, ein organisasjon som i 2013 hadde 86 med-lemmer.
To styremedlemmer er valde frå kommunen, ordførar Jan Geir Solheim og Guro Eri Jakobsen.
Dei andre i styret er Berit Kaardal, Bente Opsvik og Anna J. Avdem.
Vennskapsarbeidet blir hovudsakleg finansiert av prosjektmidlar som me kvart år søkjer om
frå organisasjonen Vennskap Nord/Sør. I tillegg får laget årleg kr 10 000.- frå Lærdal
kommune og har noko inntekter av salet i Jerikobui.
Høgdepunktet i 2013 var Jeriko-besøket i juni, der ei gruppe på ni frå Jeriko var i Lærdal ei
knapp veke og fekk med seg både Lærdalsmarknaden, ulike turar, besøk, møte og mange
inntrykk. Feiringa av 15-årsjubileet for vennskapen var eit viktig tema. Ei felles redaksjonsgruppe hadde laga jubileumsheftet Under same himmel, Vennskap Jeriko-Lærdal 1997-2013.
Heftet har tekstar på arabisk, norsk og engelsk og eit stort utval bilete. I løpet av desse åra har
det vore gjennomført 16 besøk med heile 175 deltakarar.
I haust vart det etter initiativ frå pedagogisk leiar Torun Liltved sett ned ei gruppe som skal
styrkja vennskapsarbeidet i skulane i Lærdal. For 2014 har laget søkt støtte til å utvikla eit
felles skuleprosjekt mellom Jeriko og Lærdal, så målet er m.a. at skulane skal ha ein temadag
om vennskap og at det i 2014 er lærarar som skal ha prioritet til å få reisestøtte til Jerikobesøk.
Jerikolaget har ei eiga heimeside http://jericholaerdal.org. Elles er Helg og Kvardag og Sogn
Avis gode informasjonskanalar lokalt. Kontakten mellom Lærdal og Jeriko mellom besøka
går på Facebook, e-post og telefon. Jerikobui var sommaren 2013 i Ulviksbui, der også
fotoutstillinga Portrett-par vart vist. Jerikobui blir driven på dugnad og var open under
marknadene og kvar laurdag sommaren 2013. Her kan ein kjøpa handarbeid, såpe, olje og
andre varer frå Palestina, og bui er dessutan ein hyggjeleg møteplass.
13
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.2 Rådmannsfunksjonane
Rådmannsfunksjonanen omfattar sentraladministrasjonen, servicesentralen, skatteoppkrevjar,
næring, reiseliv, landbruk, kyrkja og andre religiøse formål. Dei ansvarlege for funksjonane
har skrive kommentarar til årsmeldinga.
Bemanning:
Det er 18 tilsette og 15,91 årsverk knytt til denne eininga. Interkommunalt samarbeid innan
IKT, skatt, rekneskap og landbruk er knytt opp mot denne funksjonen.
Økonomi:
Hovudtal frå Driftsrekneskapen
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
Totalt
Rekneskap 2013
Budsjett 2013
Rekneskap 2012 Avik 2013
11 644 063
28 924 246
40 568 309
10 726 639
19 299 000
30 025 639
11 347 687
22 145 759
33 493 446
-22 726 091
-22 726 091
-14 154 000
-14 154 000
-15 831 196
-15 831 196
17 842 218
15 871 639
17 662 250
917 424
9 625 246
10 542 670
-8 572 091
-8 572 091
1 970 579
Tabellen viser at eininga har eit meirforbruk på løn i 2013, dette skuldast at leiar for kultur og
oppvekst vart ført på denne funksjonen, men budsjettert annan stad, og at ein person vart flytt
frå prosjekt til funksjon 12000 sentraladmimistrasjon.
Ein stor post er bruk av advokattenester knytt til forhandlingar om overtaking av og offentleg
anbod på drift av Stuvane kraftverk. Dette vise att på inntektsida der Lærdal kommune har
fakturert Okken Kraft KF med desse kostnadane.
Funksjon 12002 felles IKT har eit meirforbruk på ca kr 400.000. Dette er knytt til
sjukefråvære og kjøp av ekstra driftstenester.
Funksjon 18000 ymse fellesutgifter har eit overforbruk på ca kr 200.000, - Dette gjeld auke i
porto og kontigentar for 2013.
Funksjon 30210 plan har eit meirforbruk på ca kr 300.000,- som gjeld kjøp av
konsulenttenester.
Funksjon 32002 og 32003 drift villakssenter/kunstsenter har eit meirforbruk på ca 600.000.
Bak dette ligg i hovudsak meirforbruk på Sogn kunstsenter, drift av turistinformasjon og kafe.
Funksjon 39200 andre relgiøse føremål har eit meirforbruk på ca kr 200.000, dette gjeld
tilskot til tru- og livsynssamfunn som er lovpålagd støtte. Her er det rydda opp i eit etterslep
sidan 2009.
Personale/tilsette:
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
2012
22
16
15,60 %
2013 Endring
18
15,91
9,10 %
-4
-0,09
-6,50 %
Tal tilsette er redusert med 4 personar. Dette skuldast mellom anna reduksjon innan områda
næringsutvikling, servicesentral og pedagogisk rådgjevar. I små einingar vil sjukefråvær av
enkeltpersonar medføre store utslag i prosentpoeng.
14
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.2.1 Skatteoppkrevjarkontor
I 2013 har samarbeidet mellom Lærdal, Aurland og Vik kommunar halde fram i samsvar med
ny vertskommuneavtale for perioden 01.01.2012 til 01.01.2015. Avtalen har ein
oppseiingsfrist i avtaleperioden på 1- eitt – år frå oppseiingsvedtak. Dersom ikkje avtalen er
sagt opp innan 01.01.2015, gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på 1 –eitt- år mellom partane.
I heile 2013 har kontoret vore bemanna med tre tilsette. Alle er tilsette i Lærdal kommune og
arbeider frå rådhuset i Lærdal.
I 2013 har Lærdal, Aurland og Vik skatteoppkrevjarkontor vore bemanna med tre årsverk.
Ordninga med tre tilsette i 2013 har fungert godt.
Me har også i 2013 prøvd å få med oss Skatteetaten, Skatt vest, sine kurs og
informasjons-/fagmøte. Dette er nødvendig for å vera àjour fagmessig og for å kunna
spesialisera oss meir.
Når det gjeld skatteoppkrevajaren sine hovedområder skatterekneskap, innkrevjing og
arbeidsgjevarkontroll, har kontoret etablert eit akseptabelt kompetanse-nivå på dei fleste
områda.
Når det gjeld arbeidsgjevarkontrollen er kommunen medlem av den Interkommunale
Arbeidsgjevarkontrollen i Sogn. Dette samarbeidet består av alle 9 kommunane i Sogn.
Samarbeidet har to kontrollørar tilsett og vert administrert av skatteoppkrevajaren i Årdal
kommune. Bemanninga har i 2013 vore stabil med dei to som vart tilsette på slutten av 2011.
Skatteoppkrevjaren viser elles til eigen årsrapport for 2013. Dette er ein rapport som vert
sendt Skatteetaten v/Skatt Vest, med kopi til Lærdal kommunestyre og Kontrollutvalet I
Lærdal kommune
3.2.2 Felles landbrukskontor ÅLA
Kontoret har ansvar for landbruksforvaltninga i Årdal, Lærdal og Aurland etter inngått avtale
om interkommunalt samarbeid. Med landbruksforvaltninga er her meint vedtak, forvaltning
og spørsmål knytt til fleire særlover som regulerer landbruksaktivitet, statlege og kommunale
tilskotsordningar.
Kontoret deltek i utarbeiding av planar og kjem med landbruksfaglege innspel til planar og
saker som er på høyring.
Felles Landbrukskontor ÅLA utarbeidar eigen årsmelding for 2013. Her kjem detaljar for
arbeidet fram.
Kontoret har tilfredsstillande bemanning med tilsette i tre stillingsheimlar. I tillegg vert det
leigd inn viltfagleg kompetanse frå Aurland fjellstyre med inntil 50% stilling. Kontoret har og
ansvar for prosjektleiar i 60% stilling i Prosjekt sau og utmark.
I meldingsåret har det har vore skifte i prosjektleiar og ein sakshandsamar. Noko som har ført
til utfordringa med å vera à jour i handsaming av saker som kontoret har ansvar for.
Kontoret har i 2013 brukt om lag kr 190 000 mindre enn budsjettert.
15
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.2.3 Næring
Lærdal kommune og næringslivet har i fellesskap skipa Lærdal Næringsutvikling AS (LNU).
Føremålet med selskapet er å fremja næringslivet i kommunen og driva eit meir målretta
utviklingsarbeid. LNU er no kontaktpunkt for alle saker som gjeld næringsutviklingsarbeidet i
Lærdal. Selskapet er eigd av Lærdal kommune (65,9 %) og Lærdal Næringssamskipnad (34,1
%). Dei viktigaste arbeidsoppgåvene til LNU er:





Gje rettleiing til einskildpersonar og verksemder
Ta ei aktiv rolle i prosjekt som gjeld næringsutvikling i Lærdal kommune og regionen
Vera kontaktpunkt mellom næringslivet, kommunale og andre offentlege styresmakter
Informera om næringslivet, for å fremja forståing mellom aktørane i lokalsamfunnet
Arbeida med oppgåver som er av felles interesse for det lokale næringslivet
LNU skal jobba både med utvikling av eksisterande næringsliv og leggja til rette for
nyetableringar. Selskapet skal også førebu handsaming av søknader om stønad frå nærings- og
konsesjonsavgiftsfondet og gje tilråding til kommunen i slike saker.
Styrking og utvikling av det eksisterande næringslivet, og arbeid med nyetableringar, er
avgjerande for framtida til Lærdalssamfunnet. LNU er etablert for å gjera dette arbeidet på ein
målretta og profesjonell måte.
Med ny dagleg leiar på plass frå 1. oktober, er arbeidet med å etablera selskapet no i godt
gjenge. I tillegg til å fylgja opp det generelle næringsutviklingsarbeidet i kommunen, har LNU
også det operative ansvaret for å gjennomføra omstillingsprogrammet i Lærdal. I 2012 fekk
kommunen status som omstillingskommune. Omstillingsarbeidet er eit samarbeid med Årdal
kommune. Det er kommunestyret i Lærdal som har vedteke omstillingsplanen og som
forvaltar omstillingsmidlane. Eit eige omstillingsstyre har ansvar for gjennomføring av
programmet. Dette er sett saman av styret i LNU, med tillegg av ordførarane i Lærdal og
Årdal. Arbeidet vert tett følgt opp av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge.
Gjennom omstillingsprogrammet har Lærdal gode verkemiddel til å utvikla næringslivet og
lokalsamfunnet, verkemiddel som kjem i tillegg til midlane frå kommunen sitt nærings- og
konsesjonsavgiftsfond. Totalt sett er det difor svært gode rammevilkår for utvikling i Lærdal.
Det er likevel initiativet og engasjementet frå innbyggjarane i kommunen, lokalt næringsliv
og dei offentlege aktørane, som er avgjerande for kor godt omstillingsarbeidet vil lukkast.
Gjennom samhandling mellom aktørane, og langsiktig og målretta arbeid, er det stor tru på at
Me skal lukkast med omstillingsarbeidet.
Målet for 2014 er å få enno meir trykk og drivkraft i omstillingsarbeidet. Dette skal skje
gjennom oppstart og gjennomføring av alle prosjekta i omstillingsplanen, og gjennom å dyrka
fram initiativ frå einskildpersonar og næringsaktørar. No er tida for alle med gode idear å
koma på bana.
Næringsarbeidet og omstillingsarbeidet i Lærdal kan fylgjast på nettsida til LNU,
www.laerdalnu.no
16
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Konto 25120001 NÆRINGS- OG KONSESJONSAVG. FOND
Renter
Bruk til investering
Avsetning konsesjonskraft
Bruk av næringsfond ansv. 110
Bruk av næringsfond ansvar 110(reiseliv)
Vetrinær
Sau og utmark
Politiske møter
Avs. Avdrag innbet. Lån k.fond
Avs. Renter innbetaling k.fond
Saldo
IB 2013
Bevegelse 2013 UB 2013
-3 010 664
-852
200 000
-6 210 239
5 041 366
738 381
200 000
125 000
200 000
-114 537
-27 897
151 222
-2 859 442
3.2.4 Reiseliv
I 2013 har det vore felles drift med Norsk Villakssenter og Lærdal Turistinformasjon. I tillegg
vart det gjort avtale med Sogn Kunstsenter om felles bemanning.
Kommunen yter eit årleg bidrag til Visit Sognefjord for marknadsføring av Lærdal og
regionen som turistmål. Kr. 200.000 av desse gjekk til drifting av Turistinformasjonen.
Åpningstid i 2013 var frå 13. mai til 31. september. I mai og september var senteret ope 5
dagar i veka kl 11-16, i juni dagleg kl 10-18, i juli til 19.august dagleg kl 10-19, og fram til
2. september dagleg kl 10-18.
Besøkstalet i 2013 var på 10.600. Dette er ein nedgang frå 2012 på 1000 vitjarar. 71,5% av
billettinntektene kom frå vaksne og familiar, 24% frå grupper, og resten frå barn og ungdom.
Senteret hadde også sal av diverse varer, t.d. bøker, kort, veg- og turkart, gåveartiklar og
suvenirar. Dette salet utgjorde 27% av den samla omsetjinga.
Samarbeidet med Borgund Stavkyrkje heldt fram i 2013, der begge har seld kombibillettar til
grupper med reduserte prisar (8% av omsetjinga).
Norsk Villakssenter, Sogn Kunstsenter og Lærdal Turistinformasjon har hatt felles
skrankepersonell. Dagleg leiar vart tilsett i 20% stilling på årsbasis frå januar. Som
sesongpersonale vart det innleigd 6 personar med til saman 1650 arbeidstimar. Den mest
tidkrevjande oppgåva var turistinformasjonen.
Laksen Cafe i kulturhuset vart i 2013 drive av kommunen. Verksemda vart koordinert av
Norsk Villakssenter. Kafeen var i drift frå 13.mai til 31. august, med stort sett same
opningstid som senteret. 3 personar vart engasjert i ulike tidsperiodar (til saman: om lag 0,6
årsverk).
Berekraftprosjektet
I slutten av 2012 og byrjan av 2013 var det særs mykje arbeid med ”sertifiseringa” eller
arbeidet mot å oppnå ”Merke som berekraftig reisemål”. Det er lagt fram dokumentasjon på
alle dei fem områda:





forankring og implementering politisk
forankring og implementering på reisemålet
bevaring av natur, kultur og miljø
Styrking av sosiale verdiar
Styrking av økonomisk levedyktigheit
17
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Dette har heile tida vore overordna fokus for alle fire berekraftpilotane og har også vore
resultatmålet. Prosjektet skulle levere kriteriar og indikatorar på eit berekraftig reiseliv slik
som krava vart sett frå Innovasjon Norge for å oppnå Merke for berekraftig reisemål. At
Lærdal kunne motta Merke syner at Berkraftpiloten har jobba med dei rette delprosjekta i
prosjektperioden.
Det er også jobba vidare innafor hovudområda. På Miljø byrja o nye verksemder på arbeidet i
2013 mot å miljøfyrtårnsertifisere. Innafor Sykle og gå i Lærdal heldt alle delprosjekta heldt
fram som tidlegare Berekraftpiloten var med å arrangerte nettverksmøte på Tyinkrysset i
januar 2013 for Kongevegsprosjektet og har delteke på møter i siste halvdel 2013. I
Merkeprosjektet har ein arbeidd vidare med starttavlene og der er inngått avtale med
Storehaugen Opp som skal setta opp tavlene i 2014.
Innafor berekraftig






produktutvikling har det vore ein flerie underprosjekt:
Prosjekt Vertskap Gamle Lærdalsøyri (samarbeid med kulturetaten og Visit Sognefjord
om vertskap i Telegrafen og omvisning i gamle Lærdalsøyri).
Prosjekt Lund Hjortefarm (samarbeid om vertskap og visningsturar, eventuell
vintersatsing).
Prosjekt Smak av Sogn (vellukka SAS 2013 med mykje mediadekning, sjå eigen rapport).
( Arbeid med Lærdalsmarknaden & Haustmarknaden )
Grunnlovsjubileet 2014 (møter , søknadsskriving, programskriving osb).
Veteranbusstreff 2013 (gjennomføring mai 2013, stor suksess, godt nøgde deltakarar og
god overrisling i skuldersesong for det lokale handels – og reiselivet).
Innafor infrastrukturtiltak har det vore arbeid med Merke som berekraftig reisemål
I høve kompetanse (Lærdalsakademiet) er det arrangert tre kurs (gjennom Smak av Sogn):
ølbrygging, safting, sylting og hermetisering og bakaromnkurs. Elles er det arrangert to
Kveldsmatmøte for næringa og planlagt ein aktivitetskveld i kulturhuset. N
Når det gjeld Produktutvikling og produktkonsept til alle årstider har me hatt følgande
aktivitetar







Arbeid med vertskap og opplevingskonsept Gamle Lærdalsøyri
Synfaring og analyse trugevandring med Basecamp.
Synfaring og test Lund Hjort, vinter i samarbeid med Aurland Ressurs (fyrste cruisegjester
kjem i 2015)
Smak av Sogn (lagt inntil siste helga i september og haustmarknaden (sjå omtale
tidlegare)
Norsk Veteranbusstreff (9. til 12. mai 2013 ) (sjå omtale tidlegare)
Lund Hjort (tilgjengeleg heile året, sjå omtale tidlegare)
Starta arbeidet med søknad som ”typisk turiststad” og gjennomført møter med
handelsnæringa og konsulent. Søknaden skulle gjerast ferdig januar 2014 men vart utsett
grunna storbrann i Lærdal.
Innafor Marknadsføring og informasjon har me følgjande aktivitetar


Arbeid med og finansiering av filmen til Smak av Sogn.
Sponsa Storehaugen Opp
18
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune







Sponsa solcellepanel til lavvo, Storehaugen Opp, 2014
Planlagt og deltatt på Norwegian Travel workshop 2014
Produsert produkt manual 2013
Presentasjonar rundt om i Noreg
Partnarskap i NCE tourism Fjord Norge
Arbeid og produksjon av teasers til Kveldsmat og Smak av Sogn.
Alt PR og marknadsføringsarbeid med Smak av Sogn, Merke som Berekraftig reisemål og
Veteranbusstreffet.
Prosjektet vert elle rapportert gjennom ein større sluttrapport.
3.2.5 Kyrkja
I 2013 har Lærdal kyrkjestyre hatt 6 møte og handsama 31 saker.
Kyrkjeleg administrasjonsutval
Lærdal kyrkjestyre har vedteke at representantane for tilsette møter i kyrkjestyre ved
handsaming av administrasjonsutvalssaker.
Kyrkjeleg forhandlingsutval
Det har vore gjennomført lokale lønsforhandlingar for kyrkjeverja i 2013.
Utval for trusopplæring
Utvalet er felles for Aurland og Lærdal. Utvalet har vide fullmakter i høve økonomi, stillingar
og planar for trusopplæringa for born og unge 0-18 år.
Personale
Lærdal kyrkjestyre er arbeidsgjevar for tilsamen 3,6 % årsverk. Ingrid N. Vivelid har sagt opp
stillinga som trusopplærar frå 1. mai 2013, Carsten W. Hansen er tilsett og byrja i stilling 15.
september 2013. Trusopplæringsleiarstilling deler Me med Aurland kyrkjestyre. Me kjøpte
0.50 % årsverk (kantor) frå Årdal kyrkjeleg fellesråd avtalen vart oppsagt 31.07.13 og nå
kjøper me kantorrenester frå ulike organistar.
Sokneprest; Helene Langeland i 100% stilling (Bjørgvin bispedøme er arbeidsgjevar).
Me har avtale med Ola Myrmel om maskinell graving på kyrkjegardane i Lærdal.
I tillegg har me over 150 namn på frivillig lista vår, dette er personar som utfører frivillig
arbeid for kyrkja. Arbeidsoppgåvene er alt frå å vere kyrkjevert, rådsmedlem, bake til
kyrkjekaffi/trusopplæringsaktivitetar, vere ungdomsledarar, medhjelparar på
trusopplæringsaktivitetar og liknande. Kvart år arrangerer Aurland og Lærdal frivilligfest, der
alle frivillige får invitasjon i posten. I 2013 var det Aurland som arrangerte frivilligfest med
avslutning i Underdal kyrkje.
Kyrkjer og kyrkjegardar
Lærdal har tre eldre kyrkjer frå 1831, 1868 og 1869 med kvar sin kyrkjegard. Me ser at det er
kostnadskrevjande å drifte desse bygga. I 2012 søkte me kommunen om å få midlar til å måle
Tønjum kyrkje. Kommunen løyvde midlar i 2013 og kyrkja vart måla av Sjøthun Bygg.
Riksantikvaren løyvde om lag kr 110.000 til å oppgradere varslingsanlegget på Borgund
Kyrkje. Det er og kjøp inn ny orgelmotor til Hauge og Borgund kyrkjer
19
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Driftsrekneskapen
Driftsrekneskapen til kyrkjestyret gjekk i 2013 med eit overskot på kr. 94.853. Kr 50.000 av
dette er gåve frå Indremisjonen i Lærdal.
20
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.3 Oppvekst
Hausten 2013 vart det jobba med felles mål for skulane i Lærdal, med brei involvering frå alle
partane i skulesamfunnet. Dette var også ei oppfølging og avsluttinga på Skup-prosjektet, som
hadde gått over fleire år. Kompetanseplan for lærarane og Tilstandsrapport for grunnskulen
vart også utarbeidd og handsama politisk.
Ny leiar for oppvekst og kultur var på plass frå mars. Stillinga som pedagogisk rådgjevar
hadde då stått vakant sidan sommaren før, og det var eit stort etterslep i høve planar,
strukturar og pedagogisk utviklingsarbeid i sektoren.
Barnehagane hadde tilsyn frå Fylkesmannen i mars, og begge mangla godkjenning frå
kommunen. For å gje slike godkjenningar, må det ligge omfattande dokumentasjon til grunn
frå ulike instansar. Kommunen har frist til 01.07. dette året for å godkjenne barnehagane og
sende dokumentasjon til Fylkesmannen.
Hausten 2013 hadde Lærdalsøyri og Ljøsne skule, og kommunen som skuleeigar, tilsyn med
elevane sitt psykososiale miljø. Begge skulane fekk pålegg om å dokumentere rutinar og
systematikk i dette arbeidet. Lærdalsøyri skule hadde frist til 1. mars og Ljøsne til 1. april
2014 for å dokumentere korleis desse tilhøva er retta opp.
Oppvekst hadde eit samla økonomisk underskot på om lag 2,7 millionar. Særleg på
Lærdalsøyri skule vart personalet redusert frå nytt skuleår i august, men desse
lønsreduksjonane vart ikkje store nok til å hente ut forventa heilårsverknad. Det har også vore
arbeidd for å redusere spesialundervisninga. Dette er prosessar som tek tid, både når det gjeld
haldningar og praktisk handling, fordi dei fleste av enkeltvedtaka er gjort for tre år.
Uforutsette utgifter til ressurskrevjande elevar er ein del av forklaringa.
I nokre av einingane har det vore svært høgt sjukefråvære. Det er sett i gang eit prosjekt i
samarbeid med Arbeidslivssenteret og Sogn Bedriftshelseteneste for å få det ned.
3.3.1 Borgund skule
Borgund skule er ein todelt 1-7 skule med 21 elevar. SFO-tilbodet for Borgund skule er lagt
til barnehagen.
Plan for skulen
Samarbeidet mellom heim og skule har vore eit prioritert satsingsområde.
Skulen har nulltoleranse for mobbing. Me nyttar oss av antimobbeprogramma ”Zippys
venner” og ”Steg for steg”.
Samarbeid gjennom ulike prosjekt mellom einingane har hatt prioritet (fellesturar, Den
kulturelle skulesekken, fiskeprosjekt, ekskursjonar). Spesielt har det vore fokus på
overgangane barnehage/skule/ungdomssteg.
Spes.ped ressursane ved eininga har vore nytta i hovudsak i barnehagen og på dei låge
klassestega. Me har fokus på tidleg innsats og avslutning av tiltak når me har nådd dei måla
me har sett oss.
21
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Drift av skulen
Det pedagogiske og faglege miljøet ved skulen er lite. Romkapasiteten ved skulen vert ikkje
optimalt utnytta. Skulen har store og tenlege undervisningsrom med gode luft og lysforhold.
På nasjonale prøvar skårar skulen over og på landsgjennomsnitt.
Personale/tilsette
2013 var eit krevjande arbeidsår for dei tilsette ved eininga grunna innsparingstiltak. Kjønnsog alderssamansetning ved eininga er jamt fordelt på kvinner og menn i ulike aldrar.
Sjukefråværet ved eininga har gått ned. Korttidsfråværet er framleis lågt.
Tilsette i SFO er ikkje med i oversikta, sidan SFO er administrert av barnehagen.
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
Elevtal
2012
2013 Endring
5 ped. + 3 assistentar 5 ped. + 3 ass.
4,5
4,64
6,80 %
2,60 %
15
21
0,14
4,20 %
6
Samla tilsett på ansvar 120 er 13, assistentane på skulen vert og brukt i barnehage/sfo. Dette er
grunn til avvik på tilsette i tabellen.
Lærarar har gjennomført kurs i klasseleiing.
Økonomi
Hovudtal frå Driftsrekneskapen Rekneskap 2013 Budsjett 2013 Rekneskap 2012 Avik 2013
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
2 778 528
349 773
3 128 301
2 642 604
267 000
2 909 604
3 390 396
416 417
3 806 813
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
-201 318
-201 318
-61 000
-61 000
-282 486
-282 486
Totalt
2 926 983
2 848 604
3 524 327
135 924
82 773
218 697
-140 318
-140 318
78 379
Skulen leverer ein rekneskap med eit meirforbruk på 78 379,- .
3.3.2 Borgund barnehage
Barnehagen er ein 1-avdelings barnehage med barn i alderen 1 – 6 år. Våren 2013 var der 15
barn, og hausten 9. I tillegg er skulefritidsordninga lokalisert og tilknytt barnehagen. Der var 6
barn heile året. Leksehjelp er ein del av skulefritidsordninga.
Plan for barnehagen






Rammeplan med sju ulike fagområde ligg i botnen for det pedagogiske arbeidet
Prosjekt fagnettverk, i regi av Sogn Regionråd, der me skal driva utvikling av fagområde
”tal, rom og form”
Barnehagen skal gje god omsorg, leik og læring tilpassa aldersgruppa 1 – 10 år
Sosialt samspel med andre, evne til samarbeid og etablering av vennskap
”Teikn til tale” er fokusområde for språkutviklinga
Foreldresamarbeid tufta på tillit og god kommunikasjon
22
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Drift av barnehagen
Barnetalet var over norma i vårhalvåret.
Me har hatt trong for spes.ped ressursar og hatt eit godt samarbeid med føresette og PPT.
Det var mange små under tre år. Dei små barna treng ro og rutinar og å bli skjerma frå dei
større barna. Men med god planlegging og stabile vaksne var kvardagen grei å drifta, og seks
barn starta på skulen i august.
Personale / tilsette
2012
8
5,9
6,80 %
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
2013 Endring
7
5,1
2,60 %
-1
-0,8
4,20 %
Økonomi
Hovudtal frå Driftsrekneskapen Rekneskap 2013 Budsjett 2013 Rekneskap 2012 Avik 2013
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
2 553 058
104 521
2 657 579
2 250 018
89 000
2 339 018
2 496 996
93 307
2 590 303
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
-291 981
-291 981
-338 000
-338 000
-386 430
-386 430
Totalt
2 365 598
2 001 018
2 203 873
303 040
15 521
318 561
46 019
46 019
364 580
Barnehagen gjekk ut med eit meirforbruk på 364 580 kr ved utgangen av året.
Overforbruk på løn skuldast omfordeling av ressurar mellom skule/barnehage/sfo. I tillegg var
det svikt i brukarbetalinga.
3.3.3 Oppvekst Ljøsne
Ljøsne skule er ein fådelt barneskule, med fire klassar. Klassane (aldersgruppene) har
undervisning i lag to og to, bortsett frå nokre delingstimar i basisfaga. Elevtalet ved utgangen
av 2013, var 51.I tillegg har me SFO-ordning (23 elevar), som følgjer skuleruta. Dei elevane
som treng SFO i skuleferiar, har tilbod om SFO på LØS.
Plan for skulen
Satsingsområda:







Strukturera den digitale opplæringa ved Ljøsne skule.
Det vart innlagt ein ny fiberkabel sommaren 2013. I tillegg fekk me fem nye stasjonære
datamaskiner i 2013. Så no er stoda mykje betre enn i fjor. Me manglar likevel fem
stasjonære maskiner for å ha eit klassesett, og for å kunne nå målet. Ljøsne skule har no
fått eiga heimeside.
Utvikla rutinar for vurdering, munnlege og skriftlege.
Arbeidet er så vidt påbegynt. Det vart arrangert eit kurs i ”Vurdering for læring” i august
2013.
Skapa/ vedlikehalda leseglede og leselyst hjå elevane.
I løpet av hausten starta eit leseprosjekt som heiter ”Leselyst”. Elevane i 4.kl fekk prøva ut
dette, og erfaringane er gode. Dette målet må det arbeidast med kontinuerleg.
Gje elevane instrument- og bandopplæring.
23
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune





Dette jobbast det med kontinuerleg.
Fysisk aktivitet (uteområda).
I haust løyste me opp timeplanen, og planlagde og gjennomførte tiltak for å betra både
inne og utemiljøet. , Inne vart vestibylen pussa opp, og gamle elevarbeid vart fjerna frå
veggane og erstatta med nye individuelle arbeid og gruppearbeid. Elevar og tilsette er
fornøgde med resultatet, men dette punktet skal me vidareutviklaslik. Ute vart det lagt til
rette for at det skal bli meir fysisk aktivitet. Det vart blant anna laga ein dekk-jungel og ei
skøytebane.
Utsmykking (estetisk innemiljø).
I haust løyste me opp timeplanen, og planlagde og gjennomførte tiltak for å betra det
estetiske innemiljøet..
Drift av skulen
Den daglege drifta har gått bra trass i ein økonomisk pressa situasjon. Fleire
langtidssjukemeldingar har vore ei utfordring.
Personale/tilsette
Tal tilsette har vore slik: 12 kvinner og ein mann – fordelt på skule og SFO. I tillegg har me
leigd inn ein mannleg musikklærar frå kulturskulen i 20% stilling. Fleire av dei tilsette har
låge stillingsprosentar. Skulen har godt kvalifiserte lærarar.
2012
13
10,3
7,70 %
53
26
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
Elevtal
SFO
2013 Endring
13
9,7
7,60 %
51
23
-0,3
-0,10 %
-2
-3
Økonomi
Ljøsne skule gjekk ut med eit meirforbruk på 430 000 i høve budsjettet. Ei av årsakene til det
Hovudtal frå Driftsrekneskapen Rekneskap 2013 Budsjett 2013 Rekneskap 2012 Avik 2013
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
6 076 275
780 457
6 856 732
5 633 160
546 000
6 179 160
5 859 272
682 079
6 541 351
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
-686 136
-686 136
-439 000
-439 000
-690 105
-690 105
Totalt
6 170 596
5 740 160
5 851 246
443 115
234 457
677 572
-247 136
-247 136
430 436
er høge vikarutgifter. Skulen har også eit for høgt fastlønsbudsjett, som må reduserast frå nytt
skuleår 2014.
Generelle kommentarar til utfordringar framover:
Skulen treng renovering/oppussing. Spesielt har klasseromma i den gamle delen av skulen
dårleg luftkvalitet. Her treng me og eit trådlaust nettverk, slik at me kjem på høgde med dei
andre skulane i kommunen.
24
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.3.4 Lærdalsøyri skule
Lærdalsøyri skule er ein fulldelt barne- og ungdomsskule. Elevtalet ved utgangen av 2013 var
191. Skulen si SFO-ordning har 41 elevar og følgjer skuleruta.
Skulen har ein stabil stab med godt kvalifiserte lærarar. Ny inspektør begynte ved nytt skuleår
i august, og ny rektor var på plass frå 1. oktober.
Plan for skulen









Legge til rette for den digitale opplæringa
Skulearena, fråvær og karakterar
Fronter
Vidareutvikla kunnskap og praksis innan vurdering for læring
Arbeide med leseopplæring, leseglede og leselyst hos elevane
Gje elevane ei oppleving av å meistra. Inkludering og samhandling
Fokus på det pykososiale skulemiljøet – følgje opp Handlingsplan mot mobbing
Ta i bruk Måldokument for skulane i Lærdal
Endring i spesialundervisning – ressursar skal i størst mogleg grad brukast i
klasserommet.
Drift av skulen
Skulen er på god veg i arbeidet med måla i planen. Datasystemet Skulearena er innført, og
lærarane er i gang med å ta i bruk læringsplattforma Fronter. Vurdering for læring vart starta
opp i august, og skal arbeidast praktisk med vidare. Handlingsplan mot mobbing er vedteken
og teken i bruk. Tilsynet frå Fylkesmannen har ført til betre rutinar og dokumentasjon av
korleis det blir arbeidd med elevane sitt psykososiale miljø. Det er færre enkeltvedtak om
spesialundervisning, meir ressursar blir brukte på tilpassa opplæring i klassane.
Prosjektet ”Eit lakseliv”, er eit samarbeid mellom 7. klassane i bygda og kulturskulen. Det
har vore jobba med dette heile hausten som førebuing til framsyninga i mars 2014.
Lærdalsøyri skule opplever at samarbeidet med dei andre skulane i kommunen har fått betre
struktur og er meir forpliktande.
Det har vore gjennomført medarbeidarsamtalar for dei tilsette. Rektor har hatt samtaler med
pedagogane og inspektør med assistentane.
Personale
Tal tilsette (pedagogar og ass)
Årsverk
Sjukefråver
Elevtal
SFO - tal barn
2012
33
34,2
6,20 %
210
30
2013 Endring
38
32,13
6,30 %
191
41
5
-2,07
0,10 %
-19
11
Tal årsverk 2013 er 26 pedagogar, 1 miljøarbeidarstilling (gjeld alle skulane), 2 merkantile
(sakshandsamar kultur- og oppvekst + kontorhjelp på skulen), 9 assistentar.
Kommentarar:
Vikarording er dekka gjennom avtaler med tilsette. Det er inngått samarbeid med vikarar som
er kvalifisert for ulike fag, studentar som går 3. året på høgskulen. Frå 2012 til 2013 vart det
ein reduksjon i årsverk. Årsaka var at me fekk eit mindre elevgrunnlag, og ei endring i
ressursbruken.
25
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Utdanningspermisjon/deltid
Vidareutdanning i faget engelsk.
Masterstudium spesialundervisning.
Masterstudium organisasjonsteori og leiing.
Økonomi
Hovudtal frå Driftsrekneskapen Rekneskap 2013 Budsjett 2013 Rekneskap 2012 Avik 2013
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
18 887 287
4 375 665
23 262 952
17 748 561
2 574 000
20 322 561
18 374 543
2 739 064
21 113 607
1 138 726
1 801 665
2 940 391
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
-3 529 593
-3 529 593
-1 550 000
-1 550 000
-2 361 706
-2 361 706
-1 979 593
-1 979 593
Totalt
19 733 359
18 772 561
18 751 901
960 798
Skulen går ut med eit meirforbruk på 960 000 kroner ved utangen av året. Hovudårsaka til
dette er for høge lønskostnader. Tal årsverk vart redusert frå nytt skuleår, men dette var ikkje
tilstrekkeleg til å få rekneskapen i balanse.
3.3.5 Lærdalsøyri barnehage
Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage, og pr. 31.12. 2013 var der 95 barn i
alderen 1-6 år. Det var full barnehagedekning i 2013.
Plan for barnehagen:
Barnehagen fekk på plass ein godkjent årsplan i august 2013. Barnehagen har og eit årshjul
som arbeidsreiskap i tillegg til lover og forskrifter.
Lærdalsøyri barnehage har teke i bruk den nye heimesida. Her vert alle planar og anna
informasjon lagt ut. I tillegg til kursing frå dei som laga heimesida og brukarstøtta har
pedagogane kursa seg og hjelpt kvarandre.
Lærdalsøyri barnehage har hatt følgjande som overordna pedagogiske satsingar:
Felles tema: Bygda vår. Gjennom dette temaet ynskjer me å verte meir kjende med bygda vår
til alle årstider. Stikkord er kultur, tradisjon, arkitektur, næring og natur.
Hovudsatsingsområde for Lærdalsøyri barnehage er vidareført frå dei siste åra:
- Kommunikasjon, språk og tekst
- Kropp, rørsle og helse
Samarbeid overgang barnehage skule er også eit viktig fokus gjennom året. 5-åringane har
eigen klubb i barnehagen.
Drift av barnehagen
Barnehageåret 2012/2013 og hausthalvåret 2013 har vore prega av mykje uro i
organisasjonen. Dette har ikkje vore gunstig for stabiliteten av drifta og arbeidsmiljøet. Frå
01.01.2013 fekk barnehagen ny styrar i eit årsvikariat. Dette vart ikkje forlenga, og ny styrar
tok over frå januar 2014.
26
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Barnehageåret 2013 har og hatt stort sjukefråvær, både kort- og langtids. Oppfølging av
sjukemelde har vore ressurskrevjande, og sjukefråværet skapar utfordringar for den daglege
drifta. Eit døme er mange tilfeldige vikarar. Ei anna utfordring er å få nok kvalifisert
personale.
Arbeidet med uteområdet har halde fram i 2013. I haust er det gjort omfattande
dreneringsarbeid for å få vekk overflatevatn. I tillegg har ein fått utvida uteområde, fått
etablert ein haug (akebakke) og fått ny gjerding rundt barnehagen.
Barnehagen har nytta ein god del ressursar til spesialpedagogiske tiltak. Me ser at tidleg
innsats er med på å styrke barna i møte med skulen.
Personale
Tilsette i Lærdalsøyri barnehage pr. 31.12 2013:
Styrar: 1
Kontorhjelp: 0,4 (lokalisert på rådhuset)
Assistentar/barne- og ungdomsarbeidarar: 23
Pedagogar: 8
2012
33
26,2
15,60 %
97
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
Tal barn i barnehagen
2013 Endring
32
25,5
13,50 %
95
-1
-0,7
-2,10 %
-2
Vidareutdanning: 4 pedagogiske leiarar fullførte og besto ”Leiing i framtidas barnehage”, 30
studiepoeng. 7 assistentar har vore to dagar på barnehagefagleg grunnkompetanse i regi av
Fylkesmannen.
Økonomi
Rekneskap 2013 Budsjett 2013 Rekneskap 2012 Avik 2013
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
14 242 565
983 273
15 225 838
12 659 139
586 000
13 245 139
13 354 336
812 621
14 166 957
1 583 426
397 273
1 980 699
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
-3 875 793
-3 875 793
-2 825 000
-2 825 000
-4 181 970
-4 181 970
-1 050 793
-1 050 793
Totalt
11 350 045
10 420 139
9 984 987
929 906
Barnehagen går ut med eit meriforbruk på 929 906 kroner ved utgangen av året. Hovudforklaringane på avviket er høgt kortidsfråver og mykje ressursar til spesialpedagogisk hjelp.
27
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.4 Helse
Dette området har følgande tenester: lege, fysioterapi,helsesyster/helsestasjon, psykiatri og
dagleg drift av helsesenteret.
Plan
I budsjettet vart det vedteke å ikkje forlenge stillinga som ruskonsulent. Stillinga vart difor
avvikla i mars 2013. Ytterlegare innsparingskrav i psykiatritenenesta vart løyst ved at ei
stilling som miljøterapeut vart flytta til eit anna tenesteområde.
Helsesyster har hatt redusert bemanning heile driftsåret pga innsparingar. Her har me ei 50%
vakant stilling.
Fysioterapitenesta har hatt ein reduksjon på 20% stilling pga velferdspermisjon.
Ein sjukepleiar ved helsesenteret har redusert stillinga si med 20%. Ein annan sjukepleiar har
gått opp i stillingsprosent tilsvarande.
Kjøp av tenester av private legetenster er kutta med 10% (tidlegare knytt til helsestasjonen).
Kommunen kjøper tenester for to brukarar.
Drift
Drifta har stort sett gått som planlagt, men det har vore utfordringar for psykiatritenesta med
nedbemanninga etter innsparingskrav. Utfordringane har delvis vorte løyste ved samarbeid
mot andre einigar, men det er ikkje oppfatta som ein ideell situasjon.
2013 var fyrste året med to legestillingar knytt til helsesenteret. Den siste stillinga vart heimla
i løpet av hausten. Konsekvensar av dette er at sjukeheimslegefunksjonen er blitt styrka og at
ein løyser legetenesta på helsestasjonen innanfor eigne ressursar. Ein har ikkje nådd måltalet
for brukarbetaling.
Sogn lokalmedisinske senter. Det er i løpet av året gjort endringar i prosjektleiinga som har
ført til ei styrking av framdrifta i prosjektet. Helse-og omsorgsleiar har nytta tilsvarande 50%
stilling i prosjektet, kommunelegen har nytta 20% stilling og Helse Førde har bidrege inn med
50%. I tillegg har prosjektet kjøpt eksterne tenester. Kort status ved utgangen av året viser at
ein har lukkast med å få naudsynte vedtak på plass i kommunane slik at ein i november 2014
kan starte opp legevaktsentral for sju kommunar, øyeblikkeleghjelp døgntilbod for fire
kommunar, kreftkoordinatorfunksjon for tre kommunar(er starta) og interkommunal legevakt
for tre kommunar. Ønska framdriftsplan og oppstartstidspunkt er avhengig av at dei interne
arealprosessane i Helse Førde går som planlagt.Prosjektet er særleg ressurskrevjande for vår
kommune då me som vertskommune legg ned eit betydeleg arbeid i prosjektet. Både for helse
–og omsorgsleiar og kommunelegen er dette ei oppgåve som kjem i tillegg til ordinært ansvar
og arbeid.
Doktorheimen. Forhandlingar med Fylkeskommunen er sluttført. Undervisningsbygget er
rusta opp og teke i bruk. Det vert arbeidd vidare med utvikling av innhald og bruk av
eigedomen. Mellom anna vil utvikling av dagtilbod for fleire brukargrupper stå sentralt i det
vidare arbeidet.
Elektroniske meldingar. Det har vore eit omfattande samarbeid mellom tenesteområda
innanfor helse og omsorg for å setje oss i stand til å komme i gang med elektroniske
meldingar mellom nivåa i helsetenesta. Kort oppsummert skal pasientjournalsystema
28
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
kommunen nyttar, samhandle med tilsvarande system i spesialisthelsetenesta. Dette skal føre
til at ein kan kommunisere elektronisk med kvarandre og på sikt vil dette bidra til å lette
samhandlinga både internt i kommunen si helseteneste og med sjukehusa. Kommunen er
inkludert i eit regionalt prosjekt i Helse Vest som bidreg med støttefunksjonar, opplæring og
iverksetjng lokalt. Likevel krev dette prosjektet lokale ressursar både it-teknisk, i forhold til
programvareoppdateringar og personell. Framdriftsplanen er stram.
Personale/tilsette
2012
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
16
14
5,40 %
2013 Endring
13
10,3
2,30 %
-3
- 3,7
-3,10
Sjukefråveret er jamt lågt på helsesenteret, med ein nedgang frå 2012. Dette skuldast ei
langstidssjukmelding som no er i funksjon att og det får eit positivt utslag på fråversstatistikken.
Økonomi
Hovudtal frå Driftsrekneskapen
Rekneskap 2013
Budsjett 2013
Rekneskap 2012 Avik 2013
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
8 715 339
5 429 110
14 144 449
9 492 170
4 597 500
14 089 670
9 061 698
7 070 814
16 132 512
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
-3 338 081
-3 338 081
-3 624 598
-3 624 598
-4 536 122
-4 536 122
Totalt
10 806 368
10 465 072
11 596 390
-776 831
831 610
54 779
286 517
286 517
341 296
Rekneskapen viser eit negativt avvik på kr 341 296.- Dette skuldast mellom anna ei noko
mindre brukarbetaling enn budsjettert samt ein uforutsett og ekstra kostnad som måtte takast
att frå 2012 for ein ressurskrevjande brukar. I tillegg vart utgift til kjøp av jordmortenester frå
Helse Førde frå 2012 fakturert oss i 2013.
29
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.5 Sosiale tenester – NAV
Hovudområdet i NAV si kommunale tenesteeining i 2013 er økonomisk stønad (sosialhjelp)
og økonomisk rådgjeving. NAV har i tillegg ansvar for Kvalifiseringsordninga, bustad til
vanskelegstilte, og husbanken sine ordningar med startlån, bustadtilskot og bustønad.
Ansvaret for arbeid med rusvern, ligg til navkontoret. Vidare har stillinga ”Konsulent for
funksjonshemma” (område 24200) frå 2008 og til og med 2013 lege på navkontoret. I den
tenesta har det inngått individuelle planar for funksjonshemma, råd og rettleiing,
støttekontakt, fritidskontakt og omsorgsløner. I tillegg ansvar for rekruttering og oppfølging
av brukarstyrt personlege assistentar. Transportstøtte til funksjonshemma og
følgekortordninga ligg også her.
Plan
Eininga har ei form for oppgåver, der ein i mindre grad kan planlegge kundar sine behov og
driftsmønster. Hovudmålet er at det skal gjevast stønad i ein overgangsfase, og at folk skal
vere sjølvhjelpne. Hovudfokuset ovanfor dei fleste, vil vere at arbeidsevna blir nytta best
mogeleg. Oppfølging og støtte til sikring av inntektsgrunnlag er viktig. Difor er det kvalitative
arbeidet med rettleiing av brukarar innanfor økonomi, og handtering av gjeld, sentrale
oppgåver.
Alle tilsette har delteke på eit totrinns kurs i 2013. Kurset heiter Motiverande intervju, og er
eit rettleiingsfag. Det har vore lærerikt. Kurset var tilbydt av NAV Sogn og Fjordane.
I 2013 har me førebudd etablering av Flyktningteneste i kommunen.
Stillinga som gjeldsrådgjevar kom i funksjon i januar. Det har vore tru på dette skulle gi betre
kvalitet overfor brukarar med gjeldsproblem, og betre rådgjeving og støtte innanfor økonomi.
Det har vore ein nedgong i utgiftene til økonomisk sosialhjelp frå 2012 til 2013 med ca kr
267000. Ein kan ikkje tilskrive heile denne reduksjon at ein har fått ei deltidsstilling som
gjeldsrådgjevar. Me meiner likevel at det er effekt av stillinga, sjølv om utgiftene naturleg vil
variere noko frå år til år.
Innanfor oppfølging av funksjonshemma er det arbeid med individuelle planar, bruk av
tverrfaglege ansvarsgruppemøte, samhandling med skule og helse. Området krev ei
planmessig tilnærming til oppgåvene. Fagleg har tenesta vore stabil over år. Det var siste året
at denne tenesta låg under NAV Lærdal sitt ansvar. Frå 2014 er den overført til Helse.
Det har vore arbeida med førebuing til at Aktivitetshuset skulle flytte i løpet av kalenderåret.
Her har både psykisk helse og teknisk vore utøvande. Det har vore førebudd ei tettare
integrering av tenestene som ligg til Konsulent for funksjonshemma og Aktivitetshuset. Frå
januar 2014 er Aktivitetshuset komme i nye lokale, og Konsulent for funksjonshemma
samlokalisert med dei. Begge tenestene er flytt over til helse i frå 2014. Der ventar me
synergiar. Frivilligheitssentralen er også ein medspelar i dette miljøet, Doktorheimen
Aktivitetssenter.
Drift
Navkontoret har hatt ein travelt arbeidsår, men med stabil bemanning og lite fråvær. Kontoret
har hatt tre kommunale, og to statleg tilsette etter vedteken plan. Av dei kommunale, er det ei
spesialstilling, konsulent for funksjonshemma, I tillegg til tenester til kommunen, ytast eit
stort tenestespekter på Nav stat sitt ansvarsområdet. Det er ikkje omtale i denne rapporten.
Kontoret har eit relativt jamt tal brukarar av sosiale tenester. Ein merkar eit aukande
gjeldsproblem hjå enkelte. Det er ei utvikling med større vanskar for vanskelegstilte å få lån i
30
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
bankar, og etterspurnad etter Startlån i husbanken har auka. Det har også dei siste åra vore
både vanskelegare å skaffe utleigebustad, og prisane på leigemarknaden har auka.
Ein har merka noko meir tilgong på brukarar som har rusrelaterte problem, og det er uheldig
at kommunen ikkje har vesentleg ressursar til førebyggande arbeid innanfor feltet. Det er eit
godt samarbeid med psykisk helse i kommune, noko som er positivt.
Det har gått med ein god del ressursar frå leiar til å førebu at Flyktningtenesta skal i drift frå
2014. Rådmann gav eit mandat som ein har arbeida etter, og kommuneleiinga har delteke i
planmøter. Rekrutteringsarbeidet tok til siste månaden i året.
Aktivitetshuset har drive utan avdelingsleiar, og med om lag 1,64 stillingsheimlar i driftsåret.
Det har vore ein vanskeleg situasjon, og sårbart grunna lite ressursar. Drifta har vore redusert
over fleire år delvis grunna redusert tal brukarar, og delvis grunna svak kommuneøkonomi.
Det har vore ein del sjukefråvær ved Aktivitetshuset, og det har vore nytta noko innleige av
ekstra ressurs i den samanheng. Det har og vore nytta ressurs frå navkontoret. Dei tilsette har
gjort ein god jobb for å halde drifta oppe, og Aktivitetshuset er flytt i nye lokale og ny
organisasjon ved årsskiftet.
Tilsette ved navkontoret deltek kontinuerleg på ulike opplæringsprogram i regi av NAV Sogn
og Fjordane, og av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Det har ikkje vore tilsyn i 2013.
Samla sett er tenesta under god kontroll. Dei tilsette må handtere eit breitt spekter av tenester,
i stadig utvikling, og har eit stort arbeidspress på seg.
Personell / tilsette
Stabilt med tilsette og nesten ikkje sjukefråver ved navkontoret. Det har vore noko
sjukefråvær ved Aktivitetshuset. Nedbemanninga der er no ferdigstilt.
Hovudtal frå Driftsrekneskapen
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
Totalt
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
Rekneskap 2013
Budsjett 2013
Rekneskap 2012 Avik 2013
4 236 345
2 859 344
7 095 689
4 267 890
2 600 186
6 868 076
4 574 194
3 467 523
8 041 717
-657 720
-657 720
-420 000
-420 000
-1 539 630
-1 539 630
6 437 969
6 448 076
6 502 087
2012
7
6,8
-31 545
259 158
227 613
-237 720
-237 720
-10 107
2013 Endring
7
6,64
5,90 %
0
0,16
31
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.6 Pleie og omsorg
Tenesta femner om sjukeheim med 29 plassar i tillegg til aldersheimsplassane, heimetenester
med to plassar på aldersheimen, spesielt tilrettelagde tenester, institusjonskjøkken og
Grønebakken.
Plan
Det er vedteke ei gradvis nedtrapping av aldersheimsplassane og ei tilsvarande opptrapping av
omsorgsbustader med heildøgnsomsorg. Planarbeidet for dette er sett i gang og det ser ut til at
det vert eit omfattande prosjekt som grip om seg i omfang. Mellom anna må ein vurdere om
dagens organisering og drift er den mest tenelege.Kartlegging av tenesteområdet syner at det
ein må sjå på nye og andre modellar for drift av pleie-og omsorgstenestene.
Tenesteeiniga har hatt fokus på økonomistyring og kontroll. Nye rutinar er innført på dette
området.
Møtepunkt mellom vernetenesta og tillitsvalde er etablert og er i ferd med å finne si form. Det
har vore gjennomført tilsyn av arbeidstilsynet og det vart avdekka mindre avvik. Desse er
retta opp.
I dei ulike avdelingane har ein prøvd ut fleire alternative måtar å løyse turnusplanlegginga
både av økonomiske omsyn, men og av omsyn til trivsel og ønskje frå dei tilsette. Her har ein
ikkje lukkast i tilstrekkeleg grad å komme til semje mellom arbeidsgivar og forbunda til dei
tilsette. Lokalt har ein same ønskje, men sentralt har det vore utfordrande å finne fram til gode
løysingar. Resultatet av dette er at ein i delar av tenesta har måtte gå tilbake til
turnusordningar som ikkje har full tilslutning hjå dei tilsette.
Drift
Kommunen har fortsatt ein institusjonsdriven profil til tross for målet om ei meir heimebasert
omsorg. Truleg skuldast dette ein manglande fleksibilitet i tenestetilbodet, men som etablering
av omsorgsbustader med heildøgns omsorg vil gi oss. Tenesta har fokus på å legge godt til
rette for avlastningsopphald og rullerande opphald på institusjonen. Slike tiltak gjer fleire
brukarar istand til å bu lenger heime.Her ser me eit utviklingspotensiale for å legge
ytterlegare til rette slik at fleire brukarar kan nytte seg av slike opphald.
Personale/tilsette
Sjukefråveret er framleis for høgt og overtidsbruken gir oss store utgifter. Grunnbemanninga
er så låg at det ein må leige inn på nesten alle fråver.
Men me ser trass alt ei positiv utvikling av overtidsbruken.Me har gjennomført eit
sjukefråversprosjekt på sjukeheimen og det har gitt positive resultat. Det er likevel grunn til å
tru at ein kombinasjon av styrt kontroll av overtidbruken og betre oppfølging av sjukemelde
har gitt den største effekten.
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
2012
104
87,9
11,70 %
2013 Endring
113
89
9,90 %
9
1,1
-1,80 %
32
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Økonomi
Hovudtal frå Driftsrekneskapen
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
Totalt
Rekneskap 2013
Budsjett 2013
Rekneskap 2012 Avik 2013
60 538 605
9 447 781
69 986 386
52 796 394
7 823 600
60 619 994
56 562 667
9 245 022
65 807 689
7 742 211
1 624 181
9 366 392
-23 403 861
-23 403 861
-13 896 045
-13 896 045
-21 112 842
-21 112 842
-9 507 816
-9 507 816
46 582 525
46 723 949
44 694 847
-141 424
Prognosane var negative ved fyrste tertial, noko betre i andre tertial. Ved utgangen av året
kjem PLO ut med ei mindreforbruk på 140 000 kr i høve budsjett. Det har vore jobba godt og
systematisk med økonomistyringa.
33
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.7 Barnevern
Tenesta er interkommunal og har ansvaret for alle tenester innan barnevernsområdet i Aurland
og Lærdal. Dette er regulert i Lov om barneverntenester.
Aurland er vertskommune og rådmannen i Aurland er ansvarleg for tenesta.
Tenesta skal gje tiltak til barn og foreldre, dette strekk seg frå generelle førebyggande tiltak,
frivillig hjelpetiltak i familien og ansvar for å fremje sak om omsorgsovertaking der det er
naudsynt.
Det er eit breitt spekter i tenester som skal gjevast, med strenge lovkrav og stort ansvar som
ligg til kvar enkelt tilsett.
Tenesta har totalt 5 tilsette, fordelt på ein leiar, tre sakshandsamar og ein tiltakskonsulent.
Plan:
Tenesta skulle vore evaluert til nyttår 2012, men vart utsett til juni og seinare desember 2013.
Det vart utarbeida ein rapport av ekstern konsulent som låg føre i medio januar 2014.
Rådmannen i Aurland vil fylje opp denne rapporten.
Tenesta hadde som mål å evaluere internkontrollen i 2013, men har berre lukkast å gjere
småendringar undervegs. Dette vert vidareført til 2014.
Aurland og Lærdal barnevern har i 2013 søkt om midlar frå Fylkesmannen to felles
tiltaksstillingar med Årdal. Dette var med atterhald om at dersom det vart gjeve ei stilling
eller mindre ville denne tilfalle Årdal. Årdal fekk tildelt 50% stilling. Vidare samhandling på
tiltaksområdet er lagt på is fram til rådmannen har teke stilling til evalueringsrapporten som
ligg føre.
Årleg opplæring/oppdatering i fagprogrammet Familia er vidareført med to opplæringsdagar
på hausten. Dette er planlagt for 2014 også.
Drift
Tenesta har i 2013 overtatt omsorga for totalt fire born, og hatt førebuing av yttlegare ei sak i
høve omsorgsovertaking. Denne vart trekt og det er etablert eit omfattande omsorgstiltak
basert på samtykke frå partane.
I tillegg har tenesta akuttplassert eit born i 2013. Dette er svært arbeidskrevjande oppgåver
som krev mykje tid, men det er også ei krevjande øving på det personlege plan for den enkelte
sakshandsamar. På grunn av til tider stort arbeidspress har leiar vald å skjerme sakshandsamarane ein dag i veka for å gjere skrivearbeid i høve saker. Barnevernssaker set særs store
krav til dokumentasjon og for at ikkje skal gå utover rettsikkerheita til brukarane har dette
vore eit heilt nødvendig tiltak.
Det har vore fleire saker med familievald og seksuelle overgrep, noko som er ei prøving for så
små kommunar som me tross alt er. Det viser at det er trong for gode systemer kring arbeidet,
der mellom anna ”Klemetsrudsmodellen” er eit godt verktøy. At kommunane ikkje har ein
plan for vald i nære relasjonar merkes også når ein står i slik tøffe saker. Det er ei avlastning
for kvar enkelt tilsett, ikkje berre i barnevernet, at ein har gode system å lene seg på.
34
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Det har til tider vore utfordringar med det tverrfaglege samarbeidet, og dette har nok mange
årsaker. Barnevernet slit nok med forventingar me ikkje kan stette, haldningar til barnevernet,
meldingsvegring og profesjonskamp. Dette er store utfordringar som vert jobba vidare med i
2014.
Når det gjeld antall bekymringsmeldingar har Aurland og Lærdal motteke totalt 28 meldingar
i 2013. Dei som meldar oftast er private og politiet, medan me mottek fåe eller ingen
meldingar frå helsestasjonar og barnehagar. Dette må vere retningsgivande for kvar ein skal
setja inn innsatsen på tverrfagleg samarbeid i 2014.
Det er vedteke ny barnevernslov som gjeld frå og med 2014, men allereie i 2013 har me byrja
å merke endringar i tilbodet frå det statlege tiltaksapparatet. Det vert lagt meir ansvar over på
kommunane og dette vil berre forsetje. I ein kombinasjon med at lov om barnevernstenester er
vorte ei rettigheitslov og det er lagt inn eit forsvarlegheitskrev til tenestene me gjev, er det
klart at utfordringane for kommunane vert større på området i åra som kjem.
Personale/tilsette:
Frå sentralt hald er det gjeve midlar til kompetanseheving både til kommunane og
Fylkesmannsembeta I Sogn og Fjordane har alle kommunane gått saman og søkt om midlar til
kompetanseheving. På grunn av kapasitet er alle desse samlingane lagt til 2014.
Fylkesmannen har gjennomført to samlingar der mellom anna lovverket og arbeid med vald i
nære relasjonar har vore tema. Hovudtyngda av tilsette har vore deltakande på desse
samlingane. Dette tiltaket vert også vidareført i regi av Fylkesmannen i 2014.
Fire tilsette har hatt permisjonar i løpet av 2013, ein permisjon har vore langvarig medan dei
to andre er og vil komme attende i løpet av våren. Det har vore dekka opp med tilsette i desse
stillingane undervegs.
I samband med ei uventa langstidssjukemelding vart det nokre vanskar med ferieavviklinga i
2013, men ein lukkast å ha forsvarlege tenester til brukarane i denne perioden sjølv om det
vart travelt for dei som var på jobb. Ein viktig årsak til at dette gjekk bra var også at merkantil
ved Helse og førebygging stilte opp og jobba ekstra slik at det heile tida var nokon som kunne
svare på telefon hjå oss.
Sjukefråveret ber preg av ei langstidssjukemelding og noko kortare fråver hjå ein annan
tilsett. Tala i seg sjølv gjev ikkje grunn til bekymring.
Tenesta består fortsatt av fem kvinner, gjennomsnittsalderen er spreke 40 år.
Økonomi:
I Aurland er det budsjett meir eller mindre i balanse, og ein har ikkje hatt nokre store uventa
utgitter.
I Lærdal har kommunen fått medhald i 4 omsorgsovertakingar med dei kostnadene som er
knytt til det. Dette var ikkje mogleg å budsjettere med i 2012, fordi alle sakene er ført for
Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i 2013
35
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.8 Kultur og formidling
Kultureininga har mange og varierte oppgåver. I oversikta under er dei ulike oppgåvene og
institusjonane kort lista opp med viktige oppgåver og hendingar i 2013.
Leiar for kultur og oppvekst kom på plass i mars. Det var då konstituert leiar, som no fungerer
i ein kombinert stilling som leiar av kulturkontoret, rektor i kulturskulen og kulturskulelærar.
3.8.1 Kulturskule
Kulturskulen har ein stabil og kvalifisert lærarstab. Dette kan me sjå att gjennom motiverte
elevar og stabilt elevtal. Frå skuleåret 2013-14 kjøper alle skulane i Lærdal all
musikkundervisning frå kulturskulen. Totalt utgjer dette ca 90% stilling. Dette er ei ordning
som både grunnskule og kulturskule er nøgde med. Inneverande år hadde kulturskulen 201
elevar og 4,25 årsverk fordelt på 8 lærarar.
3.8.2 Bibliotek
Biblioteket har inneverande år hatt redusert bemanning. Biblioteksjefen har hatt, og har
framleis permisjon frå stillinga si. Midlertidige løysingar har truleg ikkje gått ut over
brukartjenestene.
3.8.3 Kino
Kinoen har ein stillingsressurs på 22,5 %. Kinoen har hatt fleire framsyningar enn før, og har
nådd eitt punkt der ein må vurdera kinoframsyningane opp mot stillingsressurs. Medan landet
under eitt har hatt nedgang i besøkande på kino, har Lærdal ein auke på heile 30,1% i 2013.
Det er eit gjennomsnittstal på 41 besøkande per framsyning, noko som er svært høgt i høve
folketalet og seier noko om godt arbeid med filmval og marknadsføring.
I 2013 vart ein liten kinokiosk starta, med sal av popcorn, mineralvatn o.l. Dette skaper
stemning rundt kinoen og gir auka inntekter.
3.8.4 Ungdomsklubb
Ungdomsklubben ”Kosen” har tilsett 50% stilling som klubbleiar og 22,5% stilling som
assistent. Klubben har open tysdagar og torsdagar. Den føl skuleruta. Det er ca 45 brukarar
her.
3.8.5 Arrangement
Kultur har gjennomført fleire arrangement dette året, mellom anna sommarkonsertar i
Kvammegården (4), ”Gjesmekonsertar (4), Ungdomens kulturmønstring, og fleire andre
konsertar.
3.8.6 Lokalhistorisk kontor
Dette er eit reint servicekontor. Her kjem folk som vil ha kjennskap til alt frå historisk stoff
til folk som vil leita etter ”røtene” sine. Lokalhistorisk arkiv er samla og arkivert her.
3.8.7 Kulturminnevern
Lærdal er kjent for sine mange kulturminne. Kommunen arbeider med prosjekt for å sikre dei
gamle trehusa på Øyri mot husbukk, og deltek også i eit uthusprosjekt. I samarbeid med
36
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Statens Vegvesen si museale avdeling har det vore jobba med den gamle kongevegen på
Filefjell og rekonstruksjon av gamle bruer ved Honingane.
3.8.8 Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri
Lærdal Kommune har sitt eige fagråd der kulturminnevernkonsulenten er sekretær. Fagrådet
hadde i 2013 fem møte.
Personal
2012
17
6,8
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver
Elevtal
Brukarar av kosen
2013 Endring
15
6,8
1,70 %
201
45
184
45
-2
17
Økonomi
Hovudtal frå Driftsrekneskapen Rekneskap 2013 Budsjett 2013 Rekneskap 2012 Avik 2013
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
4 428 368
3 010 617
7 438 985
3 912 688
1 415 500
5 328 188
3 675 133
2 250 079
5 925 212
515 680
1 595 117
2 110 797
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
-3 137 561
-3 137 561
-1 452 511
-1 452 511
-2 255 104
-2 255 104
-1 685 050
-1 685 050
Totalt
4 301 424
3 875 677
3 670 108
425 747
Lærdal kommune og Sogn og Fjordane Kunstmuseum har dette året rydda opp i økonomiske
mellomverande. Avtalen om husleige og driftstilskot for Sogn Kunstsenter har vore uklar, og
har difor ikkje vore gjort opp dei tre åra museet har vore i drift. Like før årskiftet kom ein
fram til ein avtale, og kultur har difor gjort opp for tre år (150 000 per år). Dette er årsaka til
underbalansen i rekneskapen.
37
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
3.9 Teknisk drift
Drift av eininga:
Eininga har heller ikkje i 2013 hatt bemanning til FDV i samsvar med vedteken
bemanningsplan. I 2013 gjennomførte Deloitte AS ein gjennomgang av mellom anna tekniske
tenester med sikte på ”analyse og effektivisering” av tenesteområdet. I rapporten kjem det
fram at tekniske tenester driftar sine oppgåver meir kostnadseffektivt enn samanliknbare
kommunar, vurdert ut frå KOSTRA-tal, både innan eigedomsdrift og vedlikehald. Med auka
oppgåver og reduserte rammer betyr dette i praksis at kommunen får auka
vedlikehaldsetterslep.
Lærdal kommune har pålegg frå Arbeidstilsynet når det gjeld personalfunksjonane på Bergo
med garderobar og rein/urein sone. I tillegg har kommunen pålegg frå Mattilsynet når det
gjeld utbetring av leveringstryggleiken til Lærdalsøyri vassverk.
Byggesak:
I 2013 var stillinga som byggesakshandsamar bemanna i 50% frå januar til august, og i 80%
stilling frå august.
I løpet av året vart det handsama 29 byggesaker etter pbl § 20-1 med ansvarsrett, og 32 saker
etter pbl § 20-2 utan ansvarsrett. 14 av sakene vart handsama som dispensasjonssøknader i
formannskapet. Det vart handsama 3 søknader om endring, 5 søknader om løyve til
igangsetting og 2 søknader om ansvarsrett. Det vart handsama 6 søknader om utslepp av
avløpsvatn, både nye anlegg og rehabilitering av eldre anlegg.
Av sakene i 2013 vart det mellom anna godkjent 2 nye einebustader og 7 fritidsbustader.
Kommunen har gitt ein stoppordre på ulovleg tiltak i 2013, og har i tillegg hatt ei tilsynssak
der det vart gitt pålegg om sikring og istandsetting av ein bustad. Denne bustaden brann 19
januar 2014.
Arbeidet som vart starta i 2012 med gjennomgang av byggesaksarkivet, for å oppdatere
matrikkelinformasjonen for bustader i kommunen er i hovudsak ferdigstilt i 2013.
Kart og Oppmåling:
I 2013 sa oppmålaren opp stillinga i Lærdal kommune. Dette er ein kompetanse som det vil
verte vanskeleg å erstatte.
Brann:
Sløkkje og redningstenesta har fungert tilfredstillande i 2013, alle utrykkingsoppdrag har vore
løyste på tilfredsstillande vis. Det var 31 utrykkingar i 2013.
Den største hendinga i 2013 var ulukka i Gudvangatunellen der 5 mannskap og 1
utrykkningsleiar deltok frå Lærdal brann og redning.
Lærdal brann og redning har hatt øvingar i høve til oppsett øvingsplan og krav i
dimensjoneringsforskrifta.
38
Årsmelding 2013 – Lærdal kommune
Det er i 2013 gjennomført 14 tilsyn i særskilde brannobjekt (§13-objekt) i høve til
forskriftene. Dette er 60 % av tilsyn som skulle vore gjennomført.
Årdal og Lærdal har eit samarbeid med felles brannsjef.
Feiarmeister Bjørn Haveland utfører feiinga og tilsyn på fyringsanlegg i Lærdal kommune.
I 2013 er 1075 skorsteinar feia og det er gjennomført 260 tilsyn på fyringsanlegg.
Økonomi:
Nøkkeltala for drifta i 2013 og endringar i høve 2012 er som følgjer:
2012
29
24,75
2,90 %
Tal tilsette
Årsverk
Sjukefråver tekniske tenester
Hovudtal frå Driftsrekneskapen
Løn (kto10000-10999)
Andre Driftsutgifter
Sum driftsutgifter
Driftsinntekter
Sum driftsinntekter
Totalt
Rekneskap 2013
2013 Endring
29
25,2
6,80 %
Budsjett 2013
0
0,45
3,90 %
Rekneskap 2012 Avik 2013
14 293 718
18 881 658
33 175 376
14 731 306
13 181 272
27 912 578
13 865 603
24 937 248
38 802 851
-17 526 692
-17 526 692
-12 441 945
-12 441 945
-24 835 127
-24 835 127
15 648 684
15 470 633
13 967 724
-437 588
5 700 386
5 262 798
-5 084 747
-5 084 747
178 051
Rekneskapen for 2013 syner eit overforbruk på driftsrekneskapen på kroner 178.051,-
39