15.02.12 - Lindås kyrkjeleg fellesråd
Transcription
15.02.12 - Lindås kyrkjeleg fellesråd
DEN NORSKE KYRKJA Osterfjorden Sokneråd Ørnnova 21 5993 Ostereidet MØTEBOK FOR OSTERFJORDEN SOKNERÅD ONSDAG 15.FEBRUAR KL.17.00 Desse møtte: Inger Helen Midtgård, Magne Titland, Irene Femanger, Borghild Toft, Jorunn Nøttveit, Odd Molvik (vararepresentant), Ingunn Skeie Buanes (vararepresentant), Tore Svendsen (vararepresentant), Vilhelm Overå (sokneprest) og Rolf Eivind Monsen (vikarprest). Desse hadde meldt forfall: Ivar Eidsheim, Torill Hellem og Silje Smådal. Ord for dagen ved Vilhelm Overå: Joh. 12, 20 – 33. Sak 19/12 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Merknader: - Saksdokument til sak 27/12 vart etterlyst. - Ønskje om at stad for soknerådsmøtet står i innkallinga og at eventuelle endringar vert kunngjort. - Framlegg om to ekstra saker: Sak 32/12: Vedlikehald og oppdatering av audiovisuelt utstyr – saka står i innkallinga under eventuelt. Sak 33/12: Besøk til dei som jobbar frivillig – dette er sak 9/12 som vart utsett på soknerådsmøte den 17.01.12. Eventuelt vert då sak 34/12. Samrøystes vedtak: Innkallinga og sakslista vart godkjende med desse merknadene. Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 Sak 20/12 VAL AV TO REPRESENTANTAR TIL Å SKRIVE UNDER MØTEBOKA FRÅ MØTE 17.01.12 Samrøystes vedtak: Inger Helen Midtgård og Jorunn Nøttveit vart valde til å skriva under møteboka. Sak 21/12 GODKJENNING AV MØTEBOK FRÅ SOKNERÅDSMØTE 17.01.12 Merknader: - Retting av opplysningar som vart gitt på sist møte: 10% av offera til kyrkjelydsarbeidet går til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Aserbajdsjan. - Møteboka kan med fordel vera mindre detaljert. Samrøystes vedtak: Møteboka frå soknerådsmøtet 17.01.12 vart godkjent med desse merknadene. Sak 22/12 GODKJENNING AV MØTEBOK FRÅ AU-MØTE 06.02.12 Vedtak: AU godkjende møteboka frå AU-møtet 06.02.12 Sak 23/12 SKRIV OG MELDINGAR A) Postlista (Sjå vedlegg) B) Ny ordning for møta i soknerådet Au ønskjer ein endra plan for gjennomføringa av Soknerådsmøta. Mykje kan sikkert seiast om denne nye planen, men vi gjennomfører møtet 15. februar etter denne for så å evaluere på mars-møtet 1. kl. 17.00 møtet startar, og vi går rett på saklista 2. kl 18.00 pause, vi får kaffi m/noko attåt 3. kl 18.15 oppstart med ”ord for dagen” 4. kl 20.00 vi set strek for møtet, og brukar 15 min til oppsummering 5. kl 20.15 møtet slutt C) Rundskriv nr. 3 – 2012 ”Gudstenesteordningens bøker og digitale løsninger”vart delt ut i møtet. Soknerådsleiaren vil undersøkja om Lindås Kyrkjelege Fellesråd kan ha ein felles lisens for kyrkjene i Lindås. Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 Samrøystes vedtak: Osterfjorden sokneråd tek skriv og meldingar til orientering. Sak 24/12 KATEKET BJØRN NYGÅRD INFORMERER OM ARBEIDET SITT. ORDSKIFTE/SPØRSMÅL/DRØFTING. (Sjå vedlegg) Saksdokument: - Brev dat. 06.02.12 frå soknerådsleiar til kateket Bjørn Nygård med invitasjon til soknerådsmøte. - Skisse på trusopplæringa i Osterfjorden prestegjeld – pr. vår 2011, kateketen delte dette ut på soknerådsmøtet. Kateket Bjørn Nygård informerte soknerådet om kateketen sitt arbeidsområde og avslutta med å peika på vegen vidare for soknerådet: - Utnemne ein person i soknerådet som er kontaktperson i høve til trusopplæring. - Strategi for å engasjere enno fleire frivillige medhjelparar. - Gudsteneste – ny liturgi – musikalsk uttrykk - fokus på at barn og unge skal kjenna igjen sitt uttrykk. - Godt samarbeid med dei frivillige organisasjonane. Sak 25/12 ÅRSMELDINGA FOR 2011 (Sjå vedlegg). Denne skal leggjast fram i årsmøtet 19. februar. Einaste høve vi har for drøfting og eventuelle kommentarar Saksdokument: - Årsmelding 2011 for Ostereidet sokn - Rekneskap 2011 og balanse 31.12.2011. - Årsmelding 2011 for Vike sokn – vart delt ut i møtet. Samrøystes vedtak: Osterfjorden soknerådet godkjenner årsmeldingane. Årsmeldinga for Ostereidet sokn vert lagt fram i årsmøtet 19. februar saman med oversikt over den økonomiske stoda. Kopi av årsmeldinga vert sendt snarast til revisjonsfirmaet Deloitte AS. Årsmeldinga for Vike sokn vart lagt fram på årsmøtet 12.02.12 Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 Sak 26/12 ENDRING AV MØTEDATO I MARS. Soknerådet avgjorde i januarmøtet at marsmøtet skulle flyttast frå tysdag 13. mars til torsdag 15. mars. Årsak var m.a. at det vert kurs for nye sokneråd tysdag 13. mars. Det viser seg no at Fjon fjellkyrkje inviterer til middag og rådsmøte torsdag 15. mars. Både rådsmedlemmet og andre medlemmer frå soknerådet blir inviterte med. Dette fører til at vi bør flytta møtet nok ein gang. Au føresler at marsmøtet i soknerådet vert lagt til onsdag 14. mars på Hjelmås. a) Soknerådet drøftar og avgjer denne endringa b) Kven i soknerådet ønskjer å delta på Fjon 15. mars i tillegg til rådsmedlemmet Ivar Eidsheim Saksdokument: - Invitasjon til Fjon Fjellkyrke – middag og rådsmøte – vart sendt rundt på soknerådsmøtet. Samrøystes vedtak: A - Soknerådsmøtet i mars vert lagt til onsdag 14. mars i Hjelmås kapell B - Den/dei som ønskjer å delta på Fjon fjellkyrkje 15. mars melder seg på sjølv. Sak 27/12 KYRKJEGLØTTEN: AVTALE MED DISTRIBUTØR TIL GODKJENNING OG UNDERSKRIFT Saksdokument: - Avtale om distribusjon av Kyrkjegløtten – vart delt ut i møtet. Samrøystes vedtak: Osterfjorden sokneråd godkjenner avtalen mellom Helge Eiknes Transport og Osterfjorden sokneråd. Sak 28/11 SØKNAD OM STØTTE TIL BARNE-OG UNGDOMSARBEIDET Soknerådet har fått 2 søknader om støtte til barne- og ungdomsarbeid som blir drive 1) 8 leiarar og 5 hjelpeleiarar frå Jungelgjengen på Hjelmås ønskjer å reise på Sprell Levande Konferanse i Bergen 10. mars. Dette er ein konferanse for vaksne som også inkluderer hjelpeleiarar i alderen 10-14 år. Dei vaksne får innføring i det nye undervisningsopplegget SPRELL LEVENDE. Ungdommen får leiarkurs og høve til å møte andre unge hjelpeleiarar. Kostnader er kr 350 pr person. Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 2) barnekoret ønskjer å senda to av ungdomsleiarane på leiarfestival i Oslo, arrangør er Oslo Soul Children, 11.-13. mai 2012. Målsetjinga er å gje leiarane både kunnskap og inspirasjon i arbeidet som leiarar. Begge utsendingane har vore leiarar i barnekoret i fleire år. Totalkostnad pr delegat er 3 500 kr. Samrøystes vedtak: 1. Søknaden frå Jungelgjengen på Hjelmås vert innvilga. Osterfjorden sokneråd dekkjer kostnadene med kr. 350,- pr. person, totalt kr. 4 550. 2. Søknaden frå barnekoret vert innvilga. Osterfjorden sokneråd dekkjer kostnadane pr. person med kr. 3 500, totalt kr. 7 000,-. Midlane til dette vert å ta av rentene til Knut Eknes-fondet og midlane til tusopplæring. Sak 29/12 RÅD OG UTVAL Gudstenesteutval: Vilhelm Overå, Rolf Eivind Monsen, Boris Kuprijanov, Berge Toppe, Paul Eknes, Gunn Rusten, Borghild Toft Til orientering. Gudstenesteutvalet, prester og kantorer er innkalt til møte i Alversun Tysdag 14.februar kl.16.30-20.30. Dei har fått eige informasjon om dette. Kyrkjemusikalsk utval: Boris Kuprijanov, Magne Titland, Vilhelm Overå, Misjonsutval/Diakoniutval: Kjell Harald Nedreås, Marit Larsson, Solvår Toft Offernemnd Berge Toppe, Kjell Harald Nedreås, Borghild Toft Bøneringen Ingunn Skeie Buanes, Anne Marie Eidsheim, Inger Jordal, Solveig Angelskår Redaksjonsnemnd for Kyrkjegløtten: Berge Toppe, Kåre Eide, Martin Eknes, Borghild Toft, Ola Toft Representantar til følgjande oppgåver: - styret for barnekoret: Torill Hellem - styret for pensjonistlaget: Ivar Eidsheim - styret for fredagskafeen: Silje Smådal Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 - repr til Fjon Fjellkyrkje Ivar Eidsheim - kontaktperson for Kirkens SOS Torill Hellem - kontaktperson for Kirkens Nødhjelp Irene-K Femanger Ostereidet kyrkjelydsutval: Ivar Eidsheim, Kjell Harald Nedreås, Odd Molvik (fleire skal spørjast før møtet) Hjelmås kyrkjelydsutval Inger Helen Midtgård, Sylvia Toppe, Svanhild Eknes, Birger Eknes Vike kyrkjelydsutval Jorunn Nøttveit, Randi Romarheim, Nils G Romarheim, Marit Larsson Samrøystes vedtak: Desse vert vald for 4 år: Gudstenesteutval: Vilhelm Overå, Rolf Eivind Monsen, Boris Kuprijanov, Berge Toppe, Paul Eknes, Gunn Rusten, Borghild Toft. Kyrkjemusikalsk utval: Boris Kuprijanov, Magne Titland, Vilhelm Overå. Magne Titland arbeider vidare med å få fleire med i dette utvalet; det kan gjerne vera ungdommar. Misjonsutval: Berge Toppe og Nils Gerhard Romarheim Oppgåva som bibelkontakt vert lagt til misjonsutvalet. Diakoniutval: Kjell Harald Nedreås, Marit Larsson, Solvår Toft Offernemnd: Berge Toppe, Kjell Harald Nedreås, Borghild Toft Bøneringen: Ingunn Skeie Buanes, Anne Marie Eidsheim, Inger Jordal, Solveig Angelskår Redaksjonsnemnd for Kyrkjegløtten: Berge Toppe, Kåre Eide, Martin Eknes, Borghild Toft, Ola Toft. Borghild Toft spør Line Hellem om ho vil vera med i redaksjonsnemnda. Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 Representantar til følgjande oppgåver: - styret for barnekoret: Torill Hellem - styret for pensjonistlaget: Ivar Eidsheim - styret for fredagskafeen: Silje Smådal - representant til Fjon Fjellkyrkje Ivar Eidsheim, vararepr. Jorunn Nøttveit - kontaktperson for Kirkens SOS Torill Hellem - kontaktperson for Kirkens Nødhjelp Irene-K Femanger Ostereidet kyrkjelydsutval: Ivar Eidsheim, Kjell Harald Nedreås, Odd Molvik. Ivar Eidsheim arbeider vidare med å få fleire med. Hjelmås kyrkjelydsutval Inger Helen Midtgård, Sylvia Toppe, Svanhild Eknes, Birger Eknes Vike kyrkjelydsutval Jorunn Nøttveit, Randi Romarheim, Nils G Romarheim, Marit Larsson Kontaktpersonar for trusopplæring Dette kjem soknerådet tilbake til på neste møte. Soknerådet vil arbeida vidare med retningslinjer for utvala. Sak 30/12 ARVEN ETTER BORGNY HELLAND, SOKNERÅDET SI ROLLE (Sjå kopi av brev i eige e-post) Det er sett ned ei gruppe som skal utarbeide planar for korleis gåva skal brukast. Den gruppa forheld seg til LKF, der kyrkjeverje har sett dei i arbeid. Det viser seg i eit brev at advokat Mikkel Mundal meiner at det er i samsvar med Borgny sine ønske at pengane blir brukte til å utbetre kjellarlokalet slik at det blir betre eigna for barneog ungdomsarbeid. (brev som vedlegg.) Gåva blei, etter det ein veit, gitt til soknerådet. Kvar er soknerådet i arbeidet no? Bør vi ha eit avklaringsmøte med LKF eventuelt kyrkjeverja for å få klart for oss dette, eller skal vi la vera å blanda oss opp i dette Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 Saksdokument: - Skriv frå kyrkjeverje Åge Clausen dat. 05.09.11 - Referat frå møte i arbeidsgruppa for oppgradering av Hjelmås kapell 26.01.12. - Notat om testamentet til Borgny Helland – vart delt ut i møtet og samla inn att. Samrøystes vedtak: 1. Soknerådet ønskjer eit møte med advokat Mikkel Mundal, kyrkjeleg fellesråd og ein representant frå gruppa som arbeider med å planleggja for bruken. Inger Helen Midtgård møter for Osterfjorden sokneråd. Magne Titland spør Kvilhaug om han også kan møta. Mål med møte: å sikra seg ei felles forståing av kva pengane kan brukast til og kven som skal godkjenna bruken. Det er eit mål å få gjennomført møtet før 22. mars 2. Soknerådet ber Kyrkjeleg fellesråd om å sjå til at beløpet som vart brukt til vedlikehald på tårnet, vert tilbakeført til arvebeløpet snarast råd er. 3. Gruppa som er i arbeid på Hjelmås, ønskjer å kjøpa inn utstyr (pc/prosjektor/Boomblaster) Soknerådet ber kantor Boris Kuprijanov ta kontakt med gruppa for å sikre at utstyret som vert innkjøpt stettar kapellet sitt behov 4. Prisnivå på kyrkjetekstilar er knytt til kva gruppa tenkjer å kjøpe inn. Gruppa må spesifisere kva dei ønskjer å kjøpe inn før Kyrkjeleg kulturverkstad kan seie noko om pris. 5. Soknerådet ønskjer at gruppa set opp ein plan med pris på det arbeidet dei ønskjer utført i kjellaren. Sak 31/12 ARBEIDET FRAMOVER Au meiner at soknerådet bør setja av tid, gjerne eit heilt møte i første omgang til å drøfte kva visjonar har vi for arbeidet vårt? Vi disponerer ein del midlar, korleis skal dei brukast, skal vi vera aktive, eller berre behandle søknader etter kvart som dei kjem inn? Kva seier soknerådet til slik tidbruk? Kva møte skal vi eventuelt setje av til dette arbeidet? Innspel/framlegg i møtet Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet E-post. [email protected] Telefon 56 357230 Samrøystes vedtak: - Osterfjorden sokneråd ønskjer å reisa bort frå torsdag til fredag eller frå fredag til laurdag – for å arbeida oss saman og utarbeida visjonar for arbeidet vårt. Brekke fjordhotell er eit aktuelt reisemål. Tidspunkt: Etter soknerådskurs i mars og før påske? - Osterfjorden sokneråd ønskjer også å få betre oversikt over struktur, organisasjon og rekneskap. - Det er ønskjeleg å invitera nokon med for å inspirera oss til å arbeida med soknerådet sine visjonar. - Saka vert å koma attende til på neste møte. Sak 32/12 EVENTUELT Sjå e-post frå Paul Eknes om diverse innkjøp Møtet slutta etter sak 31/12 - kl. 20.15. Borghild Toft -skrivar- Inger Helen Midtgård Postadresse: Ostereidet kyrkjekontor Ørnnova 21 5993 Ostereidet Jorunn Nøttveit E-post. [email protected] Telefon 56 357230