stryn

Transcription

stryn
STRYN
18-19
SEPTEMBER
2015
7 0 9 0 0 3 5 3 8 0 0 10
· Oslo Blåseorkester
· Stryn Musikklag
· Kjell «Kjellen» Bigset
· Husbandet
· Loveshack
· Lokale ompaband
· Daniel Engen and The Hugin Band
Opningstider: Fredag 20 - 02 Laurdag 13 - 02
www.oktoberfeststryn.no
2
God oktoberfest!
Du held no i dine lett skjelvande, forventningsfulle hender den andre oktoberfestavisa i historia. Før du puttar den varsamt
inn i permen ved sidan av fjorårets aller første oktoberfestavis, kan du hygge deg med
nokre smaksprøvar på det du kan oppleve i
levande live under årets arrangement.
Du kan lese om banda som spelar i sirkusteltet, om ølbrygging og bart og kva Kjellen
Bigset har tenkt å varte opp med på fredagen. Du kan også få tips til kvar du kan
kjøpe reglementert oktoberfestantrekk
både for damer og herrer.
Oktoberfest Stryn er også i år eit tidvis velsmurt maskineri som byr på ei god blanding av lystig musikk i to fjerdedels takt,
god mat og spretne nordfjordingar iført
bondepikedrakter, lederhosen og tvilsom
ansiktsbehåring. Ordføraren har spart barten i flere veker allereie for å unngå einkvar
tvil, og eg vil herved oppfordre deg til å
gjere det same.
Velkomne til Stryn!
Til fjorårets oktoberfest stilte Sven Flo, den elles så glattbarberte ordføraren i
Stryn, med fyldig heilskjegg som vart trimma til ein spenstig bart under direktesending på NRK. Dermed var stilen under den tradisjonsrike paraden sikra.
Og det er ikkje tvil om at ordføraren gledar seg til årets fest.
– Eg skal vere med i år også, det er eitt av årets høgdepunkt, seier Sven Flo.
– For meg betyr oktoberfesten at Stryn har eit flott arrangement i ein litt roleg
periode etter turistsesongen, og festen skapar stort engasjement i bygda. Eg er
stolt over at oktoberfesten blir arrangert i Stryn, og er imponert over kva Ping
Pong-klubben får til på rein og skjær dugnad.
Flo tykkjer det er viktig at oktoberfesten er eit uformelt arrangement.
– Eg likar at ein ikkje treng å ta seg sjølv så høgtideleg. Vi får ei anledning til å
kle av oss det skalet vi har på til dagleg, og ta på oss kostyme som bryt ned
grenser. Eg trur det er sunt for alle å ta ein pause frå kvardagen og løsne litt på
snippen.
Ordføraren vil spesielt ynskje tilreisande både frå nær og fjern velkomne.
– Når eg høyrer at det kjem tilreisande frå heile landet, mellom anna ein eigen
oktoberfestbuss frå Oslo, seier det litt om at folk syns dette er spennande. Eg
vil gjerne ønske alle hjarteleg velkomne til Stryn og ei fantastisk oppleving!
Vel møtt!
Ivar John Erdal
REDAKTØR
Info: www.oktoberfeststryn.no
Billettar: www.hoopla.no
Nyhenderedaktør: Geir Tonning
Kulturredaktør: Olav Næss
Sportsredaktør: Thomas Thaule
Fotografar:
Ole Eltvik, Kåre Tonning, Henning Dispen,
Ivar John Erdal og Fjordingen
Kardinal: Kim Rune Flo
Konsul: Kåre Tonning
Layout og trykk: Fjordingen
Barneshow: F. v.: Siri Beinnes Lien, Maren Bø Håheim og Taline Veum Stølen.
Borna er med
Det er viktig for arrangørane at oktoberfesten er for heile familien. Derfor
vert det også i år fleire barnevennlege aktivitetar på dagtid laurdag.
Klokka 12.30 går det den tradisjonelle paraden gjennom Stryn sentrum
med fjordhestar og ompamusikk. Etter paraden vert det gratis show for
borna i «lisjeteltet» på Per Bolstad plass.
Utandørs er det klart for ulike aktivitetar for dei minste fram til ca. klokka
15. Her kan du mellom anna få deg ein tur anten i hestevogn eller på
hesteryggen.
3
Oktoberfestkardinal
Kim Rune Flo helsar
Klart for oktoberfest: Ordførar Sven Flo klipper snora, medan bürgermeisterin Anne Margrete Tonning
er entusiastisk til stades.
Fest på dugnad
Oktoberfesten har vakse seg stor, og gjennomføringa krev meir enn 1500
dugnadstimar i form av planlegging, logistikk, rigging, koordinering og
tunge løft. Stryn Ping Pong Club består av omlag 60 aktive medlemmer
som deltek i stort og smått av arbeid som krevst for å gjennomføre arrangementet. I tillegg til dugnaden er det sjølvsagt mange som står på med
underhaldning, marknadsføring, mat og drikke, logistikk, sal av kostyme,
servering, vakthald, førstehjelp og så vidare.
SPPC ynskjer å takke både arbeidsgjevarar, næringslivet, kommunen,
innbyggjarane i Stryn og ikkje minst familiane sine for samarbeid, støtte
og stort tolmod.
I år har vi eit godt team klare til og gjennomføre årets oktoberfest. Stort sett
same bemanning med ny mann på marknad og ny mann på underhaldning. Vi
har som tidligare eigne folk på økonomi,
sikkerheit, matservering, booking, butikkplass og teltansvarlig og ikkje minst
avisredaktør. Dette teiknar godt, dette er
drevne karar som gjer ein framifrå jobb,
og eg gledar meg til innspurten fram mot
ei fantastisk helg for Stryn.
I år som i fjor har vi om lag 60 personar
som bidreg med ulike jobbar og ansvarsområde, alle saman er svorne SPPCmedlemmer som jobbar på dugnad. Det
er dette som er suksessfaktoren i arrangementet, og gjer at vi kan glede mange
gjester på oktoberfesten!
Planlegginga av årets fest starta så smått i
februar. Vi kunne tillate oss ein månad
«seinare» oppstart då vi har folk med
erfaring i alle ledd. Vi var godt i rute etter
god jobbing heile første halvår då alle
ansvarspersonar og komitéleiarar var
tidlig ute. Dermed kunne vi sende den
formelle søknaden til kommune og politi
allereie i mai. Noko som gleda meg stort
er at vi for fyrste gang fekk opp plakaten i
god tid før fellesferien, slik at turistane
som har vitja Stryn i sommar har fått med
seg høgdepunkta i årets arrangement.
No er vi her igjen, med bart, lott og løje!
Det er med glede kardinal Flo ynskjer
dykk alle hjarteleg velkomen til Oktoberfest Stryn 2015.
Vel møtt!
God dugnadsånd: Styn Ping Pong Club står på for å lage ein best muleg oktoberfest.
4
Tradisjonell festmiddag laurdag
Schweinshaxe har etterkvart vorte eit must på
Oktoberfest Stryn. Bestill billett i god tid og lev på
luft og ompamusikk så magen er klar når du
benkar deg til festmiddag i Bierstube (vesleteltet)
laurdag klokka 19. Smak Kafe & Catering står for
maten, så smaksløkane dine er i dei beste hender.
Underhaldninga er ved Direksjonsmusikken, eit
24-manns orkester frå Bergen. Kjøp billett på
Vertshuset.
Solgunn Øen lovar at dei lagar Schweinshaxe frå
grunnen av, ved å langtidssteike dei i ovn for
maksimal mørheit før dei blir grilla for å få ei
knasande, sprø skorpe du kan spare litt av i
barten utover kvelden. Trufaste stamgjester treng
ikkje bekymre seg for unødige endringar i eit
velprøvd opplegg. Det vert same prosedyre som i
fjor når det gjeld tilbehøret, og då snakkar vi
sjølvsagt om potetstappe og surkål.
Det er no eingong slik at musikk i to-fjerdedelstakt er spesielt eigna til å framkalle svoltkjensle
hos publikum. Skulle dette gjelde deg, vil det
verte god anledning til å lufte skjegget eller
strømpene og bestille ein porsjon tysk bondekost
i sirkusteltet elles i løpet av laurdagen.
Festmiddag i Bierstube: Solgunn Øen (f. v.) og Ann-Kristin Flåm
tilbyr Schweinshaxe som er laga frå grunnen.
Die Bürgermeisterin
Tradisjonsrik Club
Oktoberfesten i Stryn har mange fedre, men ei
ubestriden gudmor. Anne Margrete Tonning
var ei av eldsjelene bak Sommarglade Stryn og
karnevalet der på byrjinga av 1980-talet, og
meiner ein kan sjå klare linjer fram til Oktoberfesten. Tonning har fått ærestittelen Bürgermeisterinn, og har eit varmt hjarte for
ompamusikk og utkledning i Stryn sentrum.
Spesielt trekk ho fram den uhøgtidelege
stemninga som gjer at folk slappar av, let
hemningane fare og har det moro.
- Her kan fleire generasjonar ha det kjekt i lag,
seier ho.
Paraden i Stryn sentrum på dagtid laurdag er
ein av favorittane til Tonning, men likevel er det
ein ting som toppar det heile.
- Eg har stor sans for Husbandet med Kapellmeister Svidal i spissen!
Kåre Tonning er die Bürgermeisterin sin
førstefødde. Dette adelege opphavet gjorde han
sjølvskriven til konsul-vervet då Stryn Ping
Pong Club skulle etablerast. SPPC vart skipa i
2004, og er ei svært uformell foreining som er
open for alle menn over 25 år som vil vere med.
Klubben har faste medlemsmøter kvar første
fredag i månaden. Som konsul er Tonning
klubben sitt ansikt utad.
- Stryn Ping Pong Club har som mål å vere ein
aktiv del av lokalsamfunnet i Stryn. Samtidig er
det sosiale kanskje det viktigaste. Vi skal vere
ein arena der nytilflytta og fastbuande i nærmiljøet kan møtast, sier han. Eller som ein av
grunnleggarane uttalte før oppstarten i 2004:
- Vi burde lage ein klubb, slik at vi har eit påskot
til å treffast ein gong i månaden!
Syter for ein trygg fest
Møt alle gjester med eit smil,
og ynsk dei velkomne! Dette
er første punkt i instruksen til
vaktene på Oktoberfest Stryn.
Rett person til å møte gjestene på denne måten er
vaktleiar Terje Mundal. I år
som tidlegare er Terje og co
klare på at godt vakthald og
god sikkerheit bidreg til at
gjestene kan kose seg maksimalt under oktoberfesten.
Terje Mundal.
Reknar vi med det gode
samarbeidet med Raude
Kross, Loen idrettsalg og
politiet er vi oppe i om lag 30
vakter som held kontroll på
både gjester, utstyr, scener og
det som må til elles. Utanom
dette har oktoberfesten også
ein eigen teknisk vert, Hans
Olav Bøe, som sørgar for at
alt det tekniske held høg
standard.
Raude Kross stiller med eige
telt og fem personar til stades
kvar dag og kveld. Dei bidreg
med alt frå bandasje til ei god
samtale om det trengs.
Vaktleiar Terje Mundal er
glad for at Raude Kross er
tilstades. Dei har god kontroll
på mellom anna rømningsvegar om ambulanse må
tilkallast. Loen Idrettslag
stiller med gjerdevakter som
sørgar for at inngjerdinga er
intakt på området, og held
utkikk om nokon prøvar å
snike seg usett inn.
tert, med to patruljerande
vakter kvar kveld inne på
området pluss ekstra folk
under paraden laurdag. Dei
er også til stades rundt
området på kveldstid, og ser
til at alt går fint føre seg.
Politiet si melding til publikum er at dei ynskjer alle ein
god fest med mykje moro, og
oppmodar alle til å feste med
måte. Mundal er stolt og glad
over å kunne ta godt imot
gjestene med hjelp frå både
dugnadsfolk, frivillige og
profesjonelle under oktoberfesten. Innsatsen frå alle
desse gjer at han er trygg på
at Oktoberfest Stryn 2015 blir
ein heidundrande fest.
Politiet er også godt represen-
Vel møtt med eitt stort smil!
5
Christine Hagen (f. v.) og Signe Jervell.
Olav Flataker (f. v.) , David Sigurdsson og Isak Loen.
Allsong
og verbale
sleivspark
Kåring av Frøken oktoberfest og Beste bart
Holko & Hauge
Likar du kombinasjonen godt humør,
allsong og dans? Holko & Hauge byr på
alt dette og meir til både fredag og
laurdag kveld i Bierstube.
Duoen har eit allsidig repertoar, som
passar vaksne i alle aldrar og kjønn.
Rolege sjekkelåtar, heftige rytmer og
opptil fleire historier (les: skrøner) med
glimt i auget vil bli servert på ei seng av
uhemma publikumsfrieri.
Vi tør love at Holko & Hauge kjem til å
gje deg ein triveleg kveld der latteren
sit like laust som lovnadane rett før
valget.
Frøken oktoberfest og Beste bart i 2014: Signe Jervell frå Elverum vart Frøken Oktoberfest, kåra av bartevinnar i fjor
Arve Fjellkårstad. Olav Flataker frå Stryn vart kåra til Beste Bart av Frøken Oktoberfest i fjor, Drude Aarnes Sørgaard.
Ingen oktoberfest utan fyldige bartar og
yndige bondepikedrakter. Allereie frå tidleg i
august kan du sjå dei første sjenerte fjona
klamre seg til overleppene på dei av stryningane som har nådd kjønnsmoden alder. For
mange er det haustens nest vakraste eventyr
å følge veksten frå desse vare knoppane fram
til dei testosteronfylte buskvekstane som
spradar rundt i sirkusteltet i midten av
september. Generøse som vi er gjev vi eit
programtips til NRK2, som neste år bør
vente seg sjåarrekordar for “Bartevekst
minutt for minutt”. Damene på oktoberfesten pyntar seg i den tradisjonelle Dirndl, ei
bondepikedrakt frå alpane som på mange
måtar liknar på ein litt kortare og luftigare
versjon av bunad.
Under årets Oktoberfest Stryn vil det som
alltid bli kåring av Frøken oktoberfest og
Beste bart på laurdagskvelden. Fjorårets
Frøken oktoberfest, Signe Jervell, vil nominere 10 av dei finaste bartane til «finalen»,
og vinnaren av Beste bart 2014, Olav Flataker, vil plukke ut 10 av dei flottaste damene
i Dirndl. Alle dei nominerte får medalje,
medan vinnarane i tillegg til stor heider
og ære får ein premie og biletet sitt i
Fjordingen.
For dei som ikkje kjenner til Stryneduoen, kan dei best beskrivast som to
glade og muntre herrar med uovertruffen evne til å få kontakt med publikum.
Pluss på med særdeles allsongvennlege melodiar, så kan det ikkje bli anna
enn suksess. Skulle dette mot formodning ikkje vere nok, skrur Hauge på sin
velkjende sjarm, og då vert Holko
nøydd til å kompensere med verbale
sleivspark under bukseselehøgde. Sjå
programmet for tidspunkt.
6
Daniel
Engen &
The Hugin
Band
Daniel Engen & The Hugin Band: Oktoberfesten i Stryn må vel vere ein av dei beste plassane vi har spelt på nokon gong, seier frontfigur Daniel Engen.
Tre år er gått sidan sist Stavangerbandet
Daniel Engen & The Hugin Band var på
oktoberfesten i Stryn. Ingen tvil om at
strynepublikummet kan sjå fram til gjensynet. Oktoberfestavisa tok ein prat med
frontfiguren i bandet, Daniel Engen, for
nokre veker sidan. Han kunne avsløre at
bandet er superklare for ein ny tur til
Stryn. Sist dei besøkte Oktoberfest Stryn
var altså i 2012, og dei fekk eit særs godt
inntrykk av festen:
- Oktoberfesten må vel vere ein av dei
beste plassane vi har spelt på nokon
gong. For eit fantastisk opplegg arrangøren har sett i stand, seier ein entusiastisk
Daniel Engen. - Når publikum kosar seg
og gir gass, gir det oss endå meir energi.
Publikum er litt den 12. mann! Eller i vårt
tilfelle, den 13. mann. Vi har spelt mykje
på studentfestar som har litt den same
stemninga, der alt er ein fest. Det er akkurat desse jobbane vi diggar mest. For
nokre år sidan spelte vi på ein oktoberfest utanfor Stavanger. Kult det, men
ikkje i nærheita av stemninga ein får i
Stryn.
Stort band
Med ei besetning som tel 10-12 personar
så seier det seg sjølv at det blir trøkk.
Dyktige musikarar som gir full gass og
som verkeleg sler seg laus på scena.
Daniel Engen & the Hugin Band har ei
flytande bandsamansetning, og gjesteartistar er ein naturleg del av konseptet.
- Vi er som eit slags musikarkollektiv,
der det kvart år er litt uskiftingar. Eg
reknar med at vi blir 10-12 stykker som
tek turen til Stryn, men ein veit jo aldri
kor mange ein gløymer att på dei mange
bensinstasjonane oppover, seier Engen
med eit smil.
Ikkje berre Blues Brothers
I tillegg til eit rikt Blues Brothers-repertoar blir det sjølvsagt plass til eit par
tyske ompa-slagerar. Det skulle berre
mangle når det er oktoberfest. Men
publikum vil også kjenne att litt nyare
låtar frå VG-lista, om enn i Blues
Brothers-soundet, og med litt ekstra
fuzz i gitarane. Også god, gamal 60-talsmusikk står på programmet.
Bandet, som såg dagens lys i 2008, har
frå den spede starten i studentmiljøet
blitt eit etterspurd partyband over heile
landet. Det er såleis ein rutinert gjeng
som kjem til årets oktoberfest. - Vi satsar
på å lage ein real fest i fagre Stryn! Vi veit
at det garantert blir høg Stimmung, men
vi håpar sjølvsagt på å få skrudd opp
energinivået eit par hakk til. Det kjekkaste vi veit er når publikum er gira og
syng med. Og dei fleste bør kjenne til
mesteparten av settlista vår, avsluttar
Engen, som knapt kan vente på at årets
oktoberfest skal byrje.
Oktoberfest Stryn ønskjer Daniel Engen
& The Hugin Band velkomne til årets
fest!
Stryn Musikklag sviktar aldri
I lag med Husbandet så er det eit
orkester som berre må vere med på
oktoberfesten, og det er sjølvsagt
Stryn Musikklag. Oktoberfest Stryn
er utruleg glade for at bygda sine
eigne musikantar stiller opp år etter
år. - Det er mange høgdepunkt for
oss i musikklaget i løpet av eit år
seier dirigent gjennom mange år, Jon
Are Steen. - Du har i tur og orden 17.
mai, oktoberfesten, kulturnatt,
farsdagsbasaren og julekonsert. Ja,
og så konkurransespeling då viss vi
er med på det. Men å få vere med på
oktoberfesten er alltid veldig kjekt
for oss, alle musikantane ser verkeleg fram til å stå på scena i sirkusteltet. Det er alltid god stemning i
korpset i september månad, det er
fint at vi kan senke skuldrane og
berre ha det moro. Vi kan rett og
slett ikkje gå glipp av ein happening
som dette, seier Steen.
Gamalt og nytt
Musikklaget skal ikkje vere med på
konkurransespeling i år, dermed vil
Steen og co få litt betre tid til å
førebu repertoaret til årets ompafest. - Vi kjem garantert til å spele
ein del av det vi gjorde i fjor, men vi
vil også øve inn litt nytt materiale. I
tillegg til diverse omparytmer skal vi
heller ikkje sjå vekk i frå at dirigenten sjølv grip mikrofonen og får heile
sirkusteltet med på ein allsong eller
to. Sjølvsagt stiller også musikklaget i
korrekt ompaantrekk på scena.
Stryn Musikklag.
7
Oslo Blaas:
- Stryn er eit høgdepunkt
Oslo Blaas: Det blir topp stemning og høg seidelføring når Oslo Blaaseorkester spelar opp.
Oslo Blaaseorkester har sjølvsagt rydda plass i kalendaren for å vere med på årets oktoberfest i
Stryn. Dei ser fram til å bidra også i år. For desse
storblåsarane er oktoberfesten i Stryn eit av dei
definitive høgdepunkta i året: - De lagar eit utruleg
flott arrangement i bygda, det ser nesten ut som
om heile Stryn er med på festen! Vi gler oss veldig
til å vere ein del av oktoberfesten, seier frontfigur
Robin Bogstad.
Oslo Blaaseorkester ser fram til at sommaren snart
er slutt slik at festivalsesongen kan ta til. Som i fjor
kjem orkesteret med solid besetning og massevis
av rutine i bagasjen. Dei stiller med same mann-
skap som på fjorårets festival. Det skulle bety gjensyn med mellom anna artige frontfigurar og
dyktige musikantar som veit å få folk i rette stemninga.
fleire oktoberfestivalar i og rundt Oslo samt
andre stader i Sør-Norge. Men også GrenseJakobselv i Finnmark vil få besøk i haust.
Stram timeplan
Oslo Blaaseorkester spelar på eit breitt spekter
musikalsk sett, og dei har meir enn 20 års
erfaring frå scena. Dei spelar mykje tradisjonell
tyrolermusikk og kjende øl- og drikkeviser frå
inn- og utland, men også folkemusikk, 70- og
80-talspop og storbandswing. Oktoberfest Stryn
ønskjer Oslo Blaaseorkester velkomen til Stryn!
Vi gler oss til å oppleve desse musikarane nok ein
gong i sirkusteltet!
Orkesteret, som må reknast som spesialistar
innan tyrolerstemning og ompamusikk, har eit
hektisk program både bak seg, men også framføre seg. For dei har oktoberfest-temaet inga
begrensing når det kjem til årstider. Allereie i
januar var dei i gang. Men det er ingen tvil om at
det er september og oktober som er høgsesong
for desse karane. Etter festen i Stryn ventar det
Kjend og kjær musikk
Loveshack
Pastellfarga leggvarmarar som tilbehør til bondepikedrakta? Ball-gensar
under skinnbuksa? Kvifor ikkje!
Årets oktoberfest byr nemleg på ei
tidsreise tilbake til den gongen då
både musikken og håret var stort.
Loveshack er eit av dei mest populære livebanda i Noreg, og hentar
repertoaret sitt frå mellom andre
Europe, Lionel Richie, Nik Kershaw
og Billy Idol.
Laurdagskvelden inntek dei scena i
sirkusteltet, og vi kan garantere at
det blir mykje å glede seg til anten
det var du sjølv, foreldra dine eller
borneborna dine som var unge på
åttitalet.
- Det er første gong vi er i Stryn så vi
gledar oss stort. Vi er eit band som
alltid lagar liv og røre, og klarar stort
sett å få dei fleste til å ha det moro,
seier frontfigur Svein Finneide til
Oktoberfestavisa. Han må innrømme at det er første gong dei spelar på
oktoberfest, men sidan dei som åttitalsband har eit nært og klamt forhold til skinnbukser er han sikker på
at det går som smurt.
Finn fram dei gamle Bon Jovi- eller
Samantha Fox-plakatane (hvis du
tenkjer etter så huskar du godt at
dei ligg fint ihoprulla bak brusmaskina og kassettspelaren oppe på
loftet) og tupér håret eller kombiner
tyrolerbarten med ein kledeleg hockeysveis, så er du klar for årets store
hending på Oktoberfest Stryn.
Bassist Aslak Johnsen.
8
H
1
Pølsesnakk
Ved sidan av øl, er det ein
ting som er naudsynt for
einkvar oktoberfest med
respekt for seg sjølv: Pølser.
Otto von Bismarck sa ein gong noko i
retning av at det er best å ikkje vite korleis lover og pølser vert laga. Med fare
for å skrive noko negativt om ein tysk
herre med bart, dette er sludder og pølsevev frå ende til annan! Oktoberfest
Stryn har i fleire år vore forsynt med
lange lekkerbiskenar frå Nordfjord kjøtt.
Etter at vi hadde utøvd jamnt press over
lang tid, forøvrig ikkje ulikt framstilling
av sylteflesk, gjekk kjøtkunstnarane i
Loen med på å la oktoberfestavisa sleppe inn i det aller heilagste. Vi skulle få
sjå korleis oktoberfestpølsene blir til.
Pølsemakar Stig Muri kan fortelje at det
heile byrja i den spede oppstarten til
oktoberfesten, då einkvan frå Stryn
Ping Pong Club spurte einkvan på NK
om det let seg gjere å lage ei spesialpølse
som kunne serverast som akkompagnement til ompamusikk i Stryn sentrum.
Muri tok utfordringa på strak arm:
– Det måtte sjølvsagt vere ei pølse med
litt kraftige krydder i, med mykje god
smak og solid lengde.
Strengt hemmeleghald
Etter utstrakt eksperimentering bak
stengde dører inne i Loen kom han
fram til ei eiga oppskrift han var sikker
på ville slå an. Pølsene er laga av ei
nøye avstemt blanding av storfekjøt og
svinekjøt, og smaksett med ei spesialut-
vikla og strengt hemmeleg krydderblanding.
– Kva består denne krydderblandinga
av, spør eg håpefullt medan eg for mitt
indre auge ser for meg akkurat kvar
SKUP-prisen skal henge på stoveveggen.
Eg skjønar imidlertid raskt at her har eg
har gått over streken idet Muri byrjar å
taste på telefonen sin: «G-e-i....» Men så
verkar det som om han ombestemmer
seg.
– Det kan eg dessverre ikkje fortelje deg.
Men du kan få sjå korleis det går føre
seg, seier han.
Etter å ha iført meg reglementert antrekk i form av kvit frakk og hårnett, fører han meg ned ei trapp, inn ein
korridor og gjennom eit utal sluser. Til
sist vert eg møtt av Dag Sunde, som akkurat har byrja jobben med å mikse farsen til oktoberfestpølsene. Storfekjøt og
svinekjøt forsvinn lett og ledig inn i
maskineriet. Då Sunde skal til å tilsetje
krydder i miksen, stoggar han og vekslar blikk med pølsemakar Muri som er
snar med å vise meg vidare innover i
produksjonslokala.
Perfekt røyking
Mellom høge stablar med velluktande
sekkar får eg helse på to karar som
presenterer seg som kryddermeisterar.
Kjell Sandvik og Ove Hafsås viser fram
ein prøve av den mystiske krydderblandinga, og medan det rykkjer i nasevingane må eg skuffa konstatere at eg ikkje
kjem til å finne ut meir om samansetninga sidan posen er heilt utan innhaldsforteikning. Akk ja. Neste stadium
i prosessen er å stoppe ut pølsene i
fåretarm. Eg får helse på Anniko
Cmielova, Juray Nagy og Raof Rashid
Maerof. Etter ein nådelaus prosess som
set opptaksprøvene til Storesunde
Lysløypelag fullstendig i skuggen, er
desse tre valde ut til jobben med å gje
oktoberfestpølsene den rette, apetittvekkjande forma. Då er pølsene klare
til å verte kokt og røykt.
– Her ser du siste hand på verket, sier
pølsemakar Muri stolt, og geleidar meg
rundt eit hjørne. Ei dør som må vere
bestilt frå same leverandør som Fort
Knox brukar, opnar seg, og ut av røyken
stig ein kvitkledd mann. Brått skjønar
eg hemmeligheita bak det imponerande
O2-opptaket hans. Helge Hafsås kokar
og røykjer pølsene, og ser til at dei får
akkurat rett farge og smak. Det passar
forøvrig bra at oktoberfesten kjem i etterkant av grillsesongen. Hafsås kan
opplyse at han er i ferd med å øve seg på
ei ladning chilipølser, slik at røykinga
skal vere perfekt kalibrert innan oktoberfestpølsene står for tur.
På veg opp trappa etter endt omvisning
kan Stig Muri informere om at Nordfjord kjøtt lagar rundt 400 kilo oktoberfestpølser til årets arrangement. Til
samanlikning produserer dei totalt om
lag 5 000 tonn pølser av ulike slag i løpet av året.
– Vi tykkjer at oktoberfesten er eit flott
arrangement, så det er mest for moro
skuld vi gjer dette, avsluttar han. Turen
er over, og medan eg kler av meg den
kvite frakken og hårnettet ber eg ei stille
bøn om at ingen legg merke til den vesle
plastposen med mørkebrunt pulver
som dett ut av lomma før eg får lurt han
opp i kameraveska.
H
3
Mange dyktige fagfolk er i sving når
oktoberfestpølsene skal lagast:
1. Utstopparar Anniko Cmielova,
Juray Nagy og Raof Rashid Maerof.
2. Pølsemakar Stig Muri.
3. Kryddermeisterar Ove Hafsås og
Kjell Sandvik.
4. Kokar og røykar Helge Hafsås.
5. Farsemiksar Odd Sunde.
9
Ingen kan føle
seg trygge
for Kjellen
H
2
Fredagskvelden kan du oppleve Norges
sintaste, og desidert mest populære, fergebillettør på scena i sirkusteltet. Kjell
«Kjellen» Bigset ryggar vogna meeeget
elegant inn på Stryn kæmping, og er klar
for show på årets oktoberfest. Kjellen
har fleire millionar visningar på Youtube,
og kan mellom anna lære deg å vispe
svelerøre med 6 hestars Mercury påhengsmotor.
Stryningane kan vente seg ein Kjellen i
toppform. Då oktoberfestavisa slo av ein
prat med han i august hadde han reiseplanane klare. Kvivsvegen er sjølvsagt
heilt utelukka, skal ein reise på standsmessig vis må ein legge inn eit cruise frå
Volda til Folkestad. Kjellen kan opplyse
at han likar seg godt i Stryn:
- Ja det er litt sånn som i Syden, i sentrum
har du den fine blandinga av kloakk og
gatekjøkkenmat som pirrar nasebora. Vi
reknar med at stryningane generelt og
arrangørane spesielt kan vente seg klar
beskjed om kvar skapet burde ha stått,
når Kjellen entrar scena fredag kveld.
H
4
H
5
10
Servering
må til
Gledar seg til fest:
Adrian Lefdal på Stryn Vertshus.
Tradisjonen tru er det fleire krefter som står bak
serveringa av fast og flytande også i år. Jens Isehaug og Isehaug kafeteria er den mest rutinerte
av drivarane, medan Frode Briksdal og Briksdal
Adventure kom til i fjor. I år er Adrian Lefdal og
Stryn Vertshus nykomar på serveringssida. Etter
eitt år som eigar av vertshuset på Per Bolstad
plass er han klar til å vere med på festen:
– Eg hugsar faktisk at den første åpningsdagen
min på Stryn Vertshus var på fredagen under
fjorårets oktoberfest. Då var vi utanfor festområdet, men hadde likevel fullt hus heile helga, sier
Lefdal. I år er vertshuset altså med som arrangør,
og Adrian Lefdal ser fram til hektiske dagar.
Serveringstrioen har ingen planer om å gjere
store endringar i eit velsmurt maskineri frå tidlegare oktoberfestar. Det blir sjølvsagt tradisjonelle
literseidlar og Paulaner i år også, i tillegg til
mange nye, spennande ølsortar. Ved inngangen
til festområdet vert det garderobe ved inngan-
gen, så publikum kan henge frå seg ytterkleda. I
storteltet er det til ein kvar tid eit tjuetals servitørar
i sving fordelt på tre barar, i tillegg til ryddepersonale. Tek vi med dei som jobbar inne på Isehaug
kafeteria og Stryn Vertshus, er det meir enn 70 personar som sørger for mat og drikke til oktoberfestdeltakarane.
Oktoberfesten har vakse mykje dei siste åra. Tidlegare var Strynemessa det største arrangementet
når ein ser på omsetninga til serveringsstadene, no
har motorfestivalen og oktoberfesten gått forbi.
– Eg seier som eg har sagt før, eg syns det er utruleg
viktig at det skjer noko i bygda. Folk har vore flinke
til å finne på ting i periodar der det ikkje skjer så
mykje frå før, sier Jens Isehaug. Han vil oppfordre
publikum til å bruke bankkort som betaling, og
gjerne minst mogeleg kontantar.
– Vi lovar å ha rikeleg med bankterminalar på alle
serveringsstader.
Kapellmeister i storslag: Johan Olai Svidal.
Ølbrygging
Allereie i august sende Stryn Ping Pong-club ut invitasjon til
ølbryggingskonkurranse, årets utgåve er den tredje i rekkja.
Konkurransen er inndelt i to klassar: «Tradisjonelt konnjøl» og
«Internasjonale ølstilar».
Juryen legg vekt på faktorar som smak, farge og lukt. Arrangørene vil likevel setje pris på om deltakarane gjer ein innsats
med emballasje, etikett og historieforteljing, med meir. For
deltakarar i klassen «Internasjonale ølstilar» er det viktig å
spesifisere kva for stil ølet er laga i.
Alle som vil delta i konkurransen må melde seg på ved å sende
epost til [email protected] seinast 14. september.
Juryformann er Espen Lothe frå Kinn Bryggeri og vi har, i år
som i fjor, ein svært velkvalifisert jury.
Alle bryggarane må møte opp ved Isehaug kafeteria laurdag
19. september kl 12.00. Her vil det bli informert om kva som
skjer utover dagen. NB: Det vert ikkje anledning til å servere
smaksprøver, grunna vedtak i Stryn kommune.
Innleveringsfrist for øl som skal vere med i konkurransen er
seinast fredag 18. september klokka 12.00. Leveringsstad er
Isehaug kafeteria. Ølet må merkast med namn, adresse og
mobilnummer, samt informasjon om ølet og kva klasse ein
konkurrerer i.
Kvar ølbryggar vil få anledning til å fortelje om sitt øl, og det
blir sjølvsagt fantastiske premiar til vinnarane.
Det skal leverast inn ein (1) liter øl for bedømming, valfri
emballasje. Kvar deltakar kan stille medmaksimum 4 øltypar
i konkurransen.
For meir informasjon, kontakt konkurranseansvarlege Arve Aaning eller Svein O. N. Solum på
[email protected]
Vi oppfordrar ølbryggarar frå heile landet til å stille opp i
konkurransen.
11
Husbandet
- I år skal vi ta Stimmungen til nye
høgder! Kapellmeister Johan Olai
Svidal har svinga pisken med fast
men kjærleg hand over Husbandet sine medlemmer sidan tidleg i
August. Han vil vere sikker på at
Ping Pong-klubben sitt paradeorkester leverer varene på oktoberfesten.
Varene er i år som tidlegare ei
blanding av gode, gamle slagerar
og nye låtar, og Svidal er full av
lovord om Oktoberfestpublikumet. - Eit av høgdepunkta er
allsong med “Ein Prosit” og “Anne
Mari”. I fjor såg vi frå scena at teltduken letta eit par centimenter
under desse nummera, og eg reknar med at årets publikum ikkje
er noko dårlegare.
Trekkspelvirtuosen som har vore
Husbandets ubestridte eineherskar heilt sidan oppstarten i
2006, kan opplyse at ei rekkje
gjesteartistar vil besøke Husbandet under årets Oktoberfest. - Eg
kan bekrefte at stjerner av både
lite og stort format vil dukke opp
på scena, men eg skal ikkje ødelegge moroa med å røpe kven dei
er. Litt spenning må det vere, avsluttar Svidal.
Husbandet klar for fest: Frå venstre: Svein Ove Solum (gitar), Thomas Thaule (trommer), Olav Næss (fele), Ivar John Erdal (saxofon), kapellmeister Johan Olai Svidal, Kristian Roset-Hansen (althorn og vokal), Elling Sølvberg (fele), Ingebrigt Kyrkjeeide (trompet) og visekapellmeister
Jørn Peder Sætre (tuba).
Ølbrygging: Framme frå venstre ser vi Svein O. N. Solum (arrangør frå SPPC), juryformann Espen Lothe frå Kinn bryggeri, vinnar Lillian Rebni Heimlid og
jurymedlem Per Øen. Bak ser vi finalistar og vinnar konnjøl Isak Fotland Fænn (bakerst til høgre).
12
Oktoberfest-butikken er klar: Det var stor opningsfest torsdag 3. september.
Konfeksjon frå Olden: Butikksjef Endre Bø har fått med seg «Drei schnelle
Mädchen» frå Olden, Åsta Sunde Fredheim, Margunn Skarstein og Berit Skogli.
Lengst til høgre Geir Tonning med oktoberfestbjøller.
Bondepikedrakter frå Olden
Det som etter kvart har gjort oktoberfesten i Stryn unik er at dei
fleste deltakarane kler seg opp i
tradisjonelle kle. Også i år vil det
vere ein eigen butikk for oktoberfestkle. Denne vil vere på same
stad som i fjor, i Sundehuset i Pershusvegen 27. Butikken kan tilby alt
hjartet måtte ynskje av kle, strømper og hattar. Også i år er det
mange spennande nyhende både
til ho og han.
Butikksjefen sjølv, Endre Bø, kan
fortelje at det tidlegare har vore rift
om varene og at mange likar å fornye garderoben til denne helga.
– Vi fortset difor suksessen med
«second hand shop». Om du leverer inn din gamle dirndl eller lederhosen får du rabatt på kjøp av
nye varer, opplyser han. Dermed
kan butikken tilby kle i dei fleste
prisklassar. Shopen vil opne i byrjinga av september, og held ope
både på kvardagar og i helgar. Sjå
etter informasjon om opningstider
på facebook-sida vår.
– Vi ynskjer gamle og nye kundar
velkomne til ein hyggeleg handel
eller ein interessant klesprat, seier
Endre Bø.
Barnas oktoberfest held i år fram
med aktivitetar og underhaldning i
lisjeteltet på dagtid laurdag. Vi veit
at også barna likar å kle seg opp til
denne helga. Vi har tinga kvalitetskle til barn, men etter stort førehandspåtrykk frå publikum ser Bø
at dette kanskje kan bli for lite:
– Vi har difor vore så heldige at den
velrenommerte konfeksjonsbedrifta “Drei schnelle Mädchen” i
Olden har sagt seg villige til å levere
OKTOBERFEST!
frå sin nye kolleksjon til oktoberfestshopen.
Jentene, som held til i dei grøne
åsane kring Olden, vil jobbe på
spreng fram mot oktoberfesten for
å møte den aukande etterspurnaden etter desse varene. Butikksjef
Bø var for ei tid tilbake på fabrikkinspeksjon og vart svært imponert
over det han såg:
Vi har
sko til
din
dirndl
og
lederhosen!
– Det er lett å sjå at her er det ikkje
spart på verken kvalitet eller førsteklasses saum. Etter omvising på
fabrikken fekk han presentert årets
dirndls, og teikna sporenstreks avtale for sesongen 2015.
– Vi er svært stolte over å ha med
Drei schnelle Mädchen på laget, og
ser fram til å ha denne kolleksjonen i vår butikk, avsluttar Endre
Bø.
SKOBUTIKKEN
LAGERSAL
%
0
÷ 40-5
•
•
•
•
•
•
:
v
ra
a
l
l
e
•
d
o
m
e
d
•
på utval
vår
å
s
g
Sjå o njeavis
pa
kam e veka !
denn
Vinterbekledning - Norrøna,
Bergans, Phenix, Didriksons m.m.
Innendørssko, joggesko
og hikingsko
Fotballsko
Bergans skulesekkar
Tursekkar - Helsport/ Arc'teryx
Treningskle
Softshellbukser
Fiskestenger og sneller
13
Barna sin OKTOBERFEST
på Stryn Torg
Fredag 18. september
Vi startar feiringa
med GRATIS
popcorn og
sukkerspinn
Laurdag 19. september
frå kl. 11.00
Oktoberfestklovnen
Fritz kjem på besøk
Song
Musikk
Ballongfigurar
til alle barn
www.stryntorg.no
Opningstider: mån - fre 10-18 lau 10 - 16
Rema 1000 og Vinmonopolet har eigne opningstider
Barnas lykkehjul
Matstova Heimebakeri • Cubus • Eurosko • Nille • Notabene • Clip Frisør • Studio Basis • Sparebanken Vest
Rema 1000 • Vinmonopolet • Upstairs (Jack & Jones, Vero Moda) • Heidi Blomster • Fysioterapi og Trening
699,Nike Free 5.0
EL-sykkel - herre
,
0
0
÷50
2 stk. E-GREEN inkl. batteri
Alle syklar
til vaksne
÷30%
÷20%
Alle syklar
til barn/junior
Tonningsgt 32 - tlf. 57 87 10 62 - [email protected]
MÅN-FRE 9 - 17 LAUR 10 - 15
14
Vi feirer i lag
OKTOBERFEST
VIC Havnen
Stryn - tlf. 57 87 11 71
DesignStudio
FRISØR - MAKEUP
Stryn
Isehaug Kafeteria
Johans Pub
Riccovero
Stryn - Olden
Midt på festivalområdet
Stryn
Kaffebar & Vertshus
Tlf. 57 87 05 30 - «EIN PROSIT»
Ytre-Eide Sport AS
Sport 1 - Stryn
Byggtorget
Stryn Trelast AS
Stryn
Bilverksted AS
Miljøservice AS
Toyota
Nordfjord og Førde AS
Kveen AS
Euronics
Esso
Stryn Bensinstasjon
Expert - Øvreberg
Thor Tenden
Transport AS
Stryn
Stryn
Tlf. 481 95 555
Tlf. 57 87 20 00
Stryn
Tlf. 57 87 60 00
Tlf. 57 87 14 11
Stryn
Stryn
15
Vi feirer i lag
OKTOBERFEST
Stryn
Bokhandel AS
Kr. A. Vik
Comfort
Berge & Co
Vinsrygg Maskin
YX
Fagre Stryn
Bensinstasjon
Stryn Hotel
Skarstein &
Walaker AS
SEAS
Stryn Elektro AS
STRYVO AS
SKOGSTAD
Enten Eller Frisør,
Hud & Velvære
Smartek.no
Vinsrygg VVS
Ommedal
Manufaktur AS
Stryn
Stryn
Stryn - tlf. 907 68 072
Tlf. 57 87 07 00
Tlf. 57 87 66 00
Stryn
Stryn - Olden - Innvik
Stryn
Tlf. 57 87 29 20
zum Spaß
Tlf. 57 87 22 01 - Stryn
S. Eikenæs
Klær og Sko
Stryn
RØRLEGGAR
Stryn - tlf. 916 26 585
Stryn
STRYN
18-19
SEPTEMBER
2015
FREDAG:
BIERSTUBE
22:00 Holko & Hauge
SIRKUSTELT
20:00 Oslo
Blåseorkester
LAURDAG:
BIERSTUBE
14:00 Familieshow
19:00 Festmiddag
m. underhaldning
21:00 Husbandet
21:30 Lokalstunden
22:30 Holko & Hauge
KVELDSTID
LAURDAG:
SIRKUSTELT
20:00 Stryn Musikklag
20:45 Oslo
Blåseorkester
SIRKUSTELT
21:00 Kjell Kjellen
Bigset
22:00 Oslo
Blåseorkester
23:00 Husbandet
00:30 Daniel Engen &
The Hugin Band
02:00 Slutt
20:00 - 03:00
Kiosk/ Lebensmittel
12:30
13:00
13:15
13:45
14:15
15:00
15:15
Parade
Offisiell opning
Husbandet
Stryn Musikklag
Direksjonsmusikk
Kåring ølsmaking
Oslo
Blåseorkester
16:00 Bingo
13:00 - 18:00
Matservering v/ Smak
13:45 Barnas
Oktoberfest
Familieshow
Pølse
Hestekøyring
22:00 Kåring Frøken
Oktoberfest og
Årets bart
22:15 Husbandet
m. gjesteartistar
23:15 Daniel Engen &
The Hugin Band
00:30 Loveshack
02:00 Slutt
20:00 - 03:00
Kiosk/ Lebensmittel
www.oktoberfeststryn.no
facebook.com/oktoberfeststryn
VELKOMNE TIL ALLE OG EINKVAR!
Billettar kjøpt på hoopla.no må bytast inn i armband i billettvogna ved inngangen.
FRI INNGANG LAURDAG 19. SEPTEMBER FRAM TIL KL. 18.00.