HCD7301_Digitalbooklet

Transcription

HCD7301_Digitalbooklet
Kjetil Flatland
Ein song til deg
Tidleg vår
Kjelda
Å var eg vind
Tekst: Sigurd Kaasa og Knut Buen
Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland
Tekst: Knut Buen
Musikk: Kjetil Flatland
Tekst: Knut Buen
Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland
Varme er vindane,
sol over tindane,
vermer og lyser – det ber imot vår!
Sol over mogane, sol over skogane,
inn i kvår krå desse strålane når.
Sol over mogane, sol over skogane.
Inn i kvår krå desse strålane når.
Eg har klatra så høgt på hei
at eg ser til det store hav.
Ja, no er eg langt av leid,
men der som eg held så av.
Bekkane sullar,
småfuglan´ tullar;
syng melodiar som vekjer til vår.
Snoen hev bråna, fjelli hev gråna.
Fivreld eg såg utmed veggen i går.
Snoen hev bråna, fjelli hev gråna.
Fivreld eg såg utmed veggen i går.
Yrer i lufti,
heilt ned i tufti .
Heile naturen er glede og smil.
Allheim so blidleg – i mars, so tidleg.
Berre ‘kje våren narrar april.
Allheim so blidleg- marsvår, so tidleg.
Berre ‘kje våren narrar april!
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
Eg har vore så langt av stad
at eg veit om den store verd.
Men aldri, på gråten glad
eg er som på fjellet her.
For her innmed bekken min
eg freden og kjelda finn.
Her ser eg så vidt frå nut,
eg treng ikkje lenger ut.
Ja, hugen til skog og fjell
og vidde omkring mitt sinn,
som elsken svermar og svell
han aukar og dreg meg inn.
For her innmed bekken min
eg freden og kjelda finn.
Her ser eg så vidt frå nut,
eg treng ikkje lenger ut.
Ja, inn der uppkome-skjenk
er runnen av reine grunn,
i springande stråleblenk,
der leskar eg sjel og munn.
Eg veit da, så hjartans vel,
om veldige fossefall.
Om havet der mengde tel.
Men eg har eit anna kall:
For her innmed bekken min
eg freden og kjelda finn.
Sjå vidt ut frå fjell og nut;
det høver ein Telegut!
Her ser eg så vidt frå nut,
eg treng ikkje lenger ut.
Knut Buen: Hardingfele
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitarar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal, saksofon og koring
Å var eg vind
ved dine kinn
som svala kjærleg
kringom sinn
og leika i ditt hår.
Ja, var eg luft
av blomeduft
som du drog inn
på gamal tuft
og vekte deg til vår.
Å var eg jord
for all din gror.
Som regn og sol
i kjærleiks-flor
av honningblom og blad.
Ja, var eg varm
og ved din barm,
i vengje-fang
av elsk på arm,
eg tykte jorda kvad.
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
Olavs kvad
Mai
Solsong
Folkestadvisa
Tekst: Knut Buen
Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland
Tekst: Halvor H. Sisjord
Musikk: Kjetil Flatland
Tekst: Knut Buen
Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland
Folketone frå Bø etter Jens Eikamyra
Arrangert av Helge Wahl Flatland og Kjetil Flatland
Eg veit eg sku´studera
og blive noko glupt,
men blei so lengje heime
at røtan´ kom for djupt.
Eg blei so lengje heime
at røtan´ kom for djupt.
Fjellbekken huskar sitt silkefaks.
Du ville og kvitaste folen!
Du voks i vår, slik som før du vaks
i ditt dristige skumsprang mot dalen.
Det gufsar rått i frå foss og å
og snoen i skuggehaldet.
Men erla sender så lett på tå
sitt glede-tirl til alle.
Som svermen i sole-blomar
og frævande ånd i sjel,
kjem våren i alderdomar
attende og gjer så vel.
Det bevrar i blom og bringe
når kjærleik om sola syng.
Så livet vil opp å svinge
som bier i gras og lyng!
Ei rose eg har sett, uti ein blomehage;
det var den finaste som Herren Gud har
laga.
Til meire ho voks fram det fagre auka på,
og aller mest for meg som sjeldan fekk ho
sjå.
Velkomen erle, på spebygd veng
hit, på di bryllaupsreise.
Du eig ein part i vår blome-eng.
Og me skal flagget vårt heise!
Å, om me kunne som vesle du
etter stjernene styre,
og gle oss som deg i ditt vesle bu
i vårdagar blanke og dyre.
Me ventar i tela tider
at varmen skal koma att,
og lindre alt liv som lider
og taka det frosne fatt.
Ja, sola for jord og måne
er vitne som stend ved lag:
At bortafor berg og blåne
er her i den ljose dag!
Utom glaset susar det vår
under heimslege lider.
Isen losnar og skogen svår
fram mot gro-varme tider.
Kven hugsar vinteren kald og lang
når me kan 17de skrive,
under flagg, og med solskinsang.
Takk for dagen – og livet.
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
Eg folkemugen rømde
og fann ei freda leid.
I slekt med vier, rape
eg søkte skog og hei.
I slekt med, vier, rape
eg søkte skog og hei.
Der fann eg til mitt inste
og kjenner meg som bror.
I mellom ville vektstar
eg heime er på jord!
I mellom ville vekstar
eg heime er på jord.
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
Det var ei liti tid då eg fekk lov å gange
imillom tre og frukt, og blom med herleg
ange.
Men so blei hagen stengd, eg fekk´kje
koma inn,
det blei forbode meg, å sjå dei blomekinn.
Hav takk for kvar ein gong min ven eg
fekk deg kalle
hav takk for kvar ein gong di hand eg fast
fekk halde.
Hav takk for kvart eit ord eg høyrde frå
din munn!
Takk for du elska meg so varmt den vesle
stund.
Eg ynskjer deg min venn so mange rolege
nettar
som lindi bere lauv og haslen bere netar.
Som fuglen uti lund og fisken uti sund,
som stjerner utan tal på himlens gledesal.
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
Ein song til deg
To små
Vandringsvise
Salme 84
Tekst: Knut Buen
Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland
Musikk: Kjetil Flatland
Tekst: Knut Buen
Musikk: Knut Buen og Kjetil Flatland
Tekst: Knut Buen
Musikk: Knut Buen, Helge Wahl Flatland og Kjetil
Flatland
Ein song til deg skal vera ord om våren
når alt det klaka brånar til ein bekk
som sullar mellom symre og konvallar
som nikkar ved den vegen der du gjekk.
Og fuglar syng i ljose bjørkehallar
der sevja stig og isen tinar vekk.
Ellen Brekken: Bass
Kjetil Flatland: Saksofon
Å vandre som ein pilegrim
i tankar som til beins;
å gjesta seg og smaka på,
det gjer alt mindre eins,
for det me muggar inne med
det vert oss mest til meins.
Ein song til deg skal vera ord om sola
som gjer sjølv natta om til ljosan dag,
der liljer flyt på mørke nøkke-tjønnar
og skin for to som vandrar ut i lag
og kastar mynt i djupe lukkebrønnar,
i kveldar fylt av milde vindars drag.
Den varmen kan´kje vara ved
som berre er av tråd.
Den kjærleik ein vil hauste av
den må ein fyrste så.
Sjå elskelege skjenkarsveinar
fyller alltid på!
Ein song til deg skal vera om dei roser
som blømer på dei unge jentekinn
og får det til å brenne inni bringa
og lyfte seg i tunge gutesinn.
For du er flamma hjarta mitt har tinga
som tinar alt og vigjer livet inn!
All eigedom det pliktar
å sviva slikt omkring,
men har ein fantasien
så tel det meir enn ting.
Og den er lett å bera på
når gravferdsklokka kling.
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitarar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
På vandring inn mot framtida
så tek ein tidt farvel,
men tenkjer ein på morgonen
når dagen kjem til kveld
då ser ein fram mot nytt i ljos
av livsens gamle eld.
Knut Buen: Hardingfele
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
Me er som stråla ut frå same stjerne.
Eit mangfald runne av det same liv,
som søkjer same guddoms-kraft og kjerne
og etter same himmelhanda triv.
Me er på vandring på den kvite vidde
av ord og namn, som skodde kringom
ånd,
og leitar etter spor av dei som stridde
og openbara våre himmelbånd.
Du milde makt som bur i bønestilla:
O gjev me ut av skrifteskodda finn,
der du forklåra visar oss or villa
og atter dreg oss til ditt hjarta inn.
Knut Buen: Hardingfele
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Vegard Ringsby Hasselgård: Gitar
Ellen Brekken: Bass
Frode Flatland: Trommer og perkusjon
Kjetil Flatland: Vokal og saksofon
Ingrid Sletten av Sillejord
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson
Melodi: Rikard Nordrak
Arrangement: Helge Wahl Flatland og Kjetil Flatland
Ingrid Sletten av Sillejord
hadde verken sølv eller gull,
men en liten hue av farget ull
som hun hadde fått utav mor.
En liten hue av farget ull,
hadde verken stas eller for,
men et fattig minne om far og mor,
der skinte langt mer enn gull.
Hun gemte huen i tyve år,
måtte ikke slite den ut!
“Jeg bærer den vel engang som brud,
når jeg for alteret går”.
Hun gjemte huen i tredve år,
måtte ikke skjemme den ut!
“Så bærer jeg den så glad som brud
når jeg for Vårherre står.”
Hun gjemte huen i førti år,
hugsede ennu på sin mor.
“Vesle min hue, for visst jeg tror
vi aldri for alteret står.”
Hun ganger for kisten at tage den,
hjertet var så stort derved;
hun leter frem til dens gamle sted,
da var der ikke tråden igjen.
Helge Wahl Flatland: Tangentar
Kjetil Fatland: Vokal
Produsert av Leif Johansen og Kjetil Flatland.
Innspela i Stable Studios i januar og februar 2015.
Innspelingar, mix og mastring er gjort av Leif
Johansen.
Ein song til deg er produsera med stønad frå
Fond For Lyd og Bilde, Seljord kommune, Meny
Telesenteret, Dyrud Elektro, Dyrud Eigedom,
SWECO Seljord, Funnemark Seljord, Seljord
Elektriske, Morgedal Rør og Seljord Folkehøgskule.
Tusen takk til Knut Buen for tekstar, melodiar, spel
og samarbeid. Takksemd rettas også til musikarane
Helge Wahl Flatland, Vegard Ringsby Hasselgård,
Ellen Brekken og Frode Flatland. Takk til Halvor
H. Sisjord for teksta Mai. Ein stor takk til Leif
Johansen i Stable Studios. Takk til Knut Koppang
for foto, og til Erik(SEN) for design. Takk til Helge
Westbye og alle dei andre på Grappa Musikkforlag.
2014 Grappa Musikkforlag as
© 2014 Grappa Musikkforlag as
HCD7301
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
LC 49093
Tidleg vår 3:16
Kjelda 4:02
Å var eg vind 4:21
Olavs kvad
Mai 4:11
2:08
Solsong 3:08
Folkestadvisa 3:49
Ein song til deg 3:26
To små 1:54
Vandringsvise 3:28
Salme 84 5:47
Ingrid Sletten av Sillejord
4:34