Referatet kan lastes ned her.

Transcription

Referatet kan lastes ned her.
Studietur til Finland
med frivillige tiltak i landbruket, Jæren vannområde
26. - 28. august 2015
Foto: Monica Dahlmo
Turen var interessant og aktuell. Vi fekk eit oversyn korleis Finland arbeidde for å oppfylle
vanndirektivet. Deltakarane har gitt positive tilbakemeldingar på turen. Særleg positivt er det at
det no i ettertid er knytt tettare kontakt mellom NIOBIO Særheim og forskingsstasjonen Jokoinen.
Turen synte at Finland og Noreg har kan samanliknast når det gjeld å satse på frivillige tiltak for å
oppnå betre vasskvalitet. Problematikken i dei områda vi besøkte kan nok best samanliknast med
kornområda på austlandet, der næringstap knytt til erosjon er dominerande utfordring. Vi syntes
likevel det var svært interessant å sjå og høyre korleis det blei arbeidd. Vi er glad for at det i Noreg
er valt ein modell der kommunane er sterkt involverte. Vårt inntrykk er at Jæren, som eit nasjonalt
pilotområde, ikkje står tilbake i prosessen med vanndirektivet sjølv om Finland er i ein planfase
framfor Noreg.
Ein spesiell takk til Svein Skøien Fylkesmannen i Østfold og Anna Salmensaari, Innovasjon Norge for
utarbeiding av program og praktisk tilrettelegging. Ein stor takk til Rogaland Fylkeskommune og
Innovasjon Norge som har bidrege med betydeleg økonomisk stønad til turen. Takk til Elin Valand
og Monica Dahlmo for gode og utfyllande notat, og ein spesiell takk til Ragnvald Gramstad som har
referert dei fleste tema. Takk til alle deltakarane som var med og bidrog til at studieturen vart ei
verdfull, fin og god oppleving.
Olav Husveg og Olaf Gjedrem
Prosjektleiarar i Frivillige tiltak i landbruket
Det var i alt 34 deltakarar frå landbruksnæring, forvaltning og forsking/rådgiving med på
studieturen.
Kart over reiseruta
Torsdag 27. aug.
I bussen på veg til Åbo fekk vi bra informasjon om Finland v/Anna Salmonsaari. Ho er tilsett i
Innovasjon Noreg, og hadde hatt ei sentral rolle i utforming av programmet for desse to dagane.
Finland er ofte kalla dei 1000 sjøars land, og med rette av di ca. 10% av landet var dekka av vatn og
elver. Landbruksarealet utgjorde om lag 6 %, eller om lag 25 mill. daa (vel dobbelt av vårt). Skog er
ein viktig ressurs – eksport av trevarer og papir. Elles er elektronikk og diverse maskinar viktige
eksportartiklar. Om lag 16 % av gardsbruka hadde mjølkeproduksjon, og om lag 12 % av
arbeidskrafta i landet er sysselsett i foredlingsindustri knyta til landbruket.
Finland består av i alt 317 kommunar (107 definerast som byar). 5% av befolkninga er
svenskspråkleg, og dei fleste bur langs vestkysten og tettstader som Åbo og Pargas.
Finska Hushållningsselskapet i Åbo
Vi ble møtt av direktør Jørgen Grandell.
Han kunne fortelje at organisasjonen som var ein rådgjevingsorganisasjon for landbruket vart
etablert 01.11.1797. Hushållningsselskapet var organisert som 2 organisasjonar, men med eit tett
og godt samarbeid. I 1798 var organisasjonen kalla Kongeleg Finsk hushållningsselskap, og i 1809
vart det kalla Keiserlig Finsk Hushållningsselskap på grunn av Finland var underlagt Russland.
Føremålet med organisasjonen var å utvikla dyrkingsmetodar og å spreia informasjon til
landbruket. På 1800-talet var potet-, lin- og hampdyrking sentralt i rådgivinga. Dei var
medverkande til at den første landbruksskulen vart etablert i 1840. Dei dreiv eigen forsøksgard på
Runsala på 1800 talet.
2
Kontorbygget i Åbo
Det er 6 personer knytt til hovudkontoret. Dei har sitt faglege spesialfelt som økonomi, dyrking,
mjølkeproduksjon, produksjonsteknisk rådgiving og hjelp til ulike støtteordningar i landbruket. Om
lag 40-50 % av inntekta i landbruket kjem frå ulike støtteordningar.
Kontorbygget vart kjøpt i 1760, og selskapet er organisert med
11 Finskspråklege organisasjonar
4 Svenskspråklege
2 Fellesorganisasjonar
Totalt 670 tilsette
Litt om utvikling i landbruksproduksjonen
Årstal:
Tal bruk
Areal
1995
95500
21,7 ha
2000
80000
28 ha
2014
56016
40,7 ha
39 000 bruk med kornproduksjon, kveite, bygg og rug. 9000 mjølkeproduksjonsbruk. Sjølv om ein
har hatt ei betydeleg strukturendring, er den samla mjølkeproduksjonen stabil.
Paavo Myllymækki, centralforbundet for land- og skogprodusentar
Det er i dag 5,4 mill. personer i Finland, og om lag 30 % av befolkninga bur på landsbygda. Om lag
66 % av landarealet er dekka med skog. Finland vart medlem av EU i 1995. Landet har kort
vekstsesong på 120 – 180 dagar. Finland er den 3. største havreeksportør i verden. 80 % av
kornproduksjonen går til fôr.
Støtte frå EU er i stor utstrekning relatert til areal og ikkje til avling. (Det fekk ein delvis sjå og
oppleva på gardsbesøka seinare på dagen). Det har som elles i Europa vore stor kostnadsauke på
gardane, og inntektene frå marknaden var om lag 55 %. Finland eksporterer landbruksvarer til
Russland, Sverige og Baltikum. Dei er no inne i en vanskeleg situasjon for eksport av mjølk og kjøtt
på grunn av den pågåande konflikt med Russland. Kanskje vert dette løyst i løpet av 2016. EU er i
dag verdens største eksportør av matvarer.
3
Aino Launto, Prosjekt og rådgiving i miljøspørsmål
TEHO – Pluss var eit miljøprosjekt støtta av EU
Dette er eit prosjekt filosofien var at ein skal sjå samanheng med miljømessig betre drift
samstundes som det skal gi betre økonomisk resultat på garden.
Prosjektperioden var frå 2014-2020. På dei bruka som er med på ordninga, vert det tilført om lag
3500 euro til rådgiving over 5 år. 58 % av støtta kjem frå statlige midlar, og 42 % frå EU.
Cirka 200 gardsbruk hadde hatt frivillige gardsbesøk.
70% av gardbrukarane meinte at rådgiving omkring miljø bør samordnast med anna rådgiving på
garden. Gardbrukarane er naturleg nok mest interesserte i rådgiving som gir best økonomi i drifta.
Det er viktig med grøn vegetasjon på alle areal både haust og vinter for å kunna redusera
avrenning til vassdrag. Problematikken i dei områda vi besøkte var dominert av produksjonar med
4
open åker, og erosjon var ei viktig problemstilling. Dei estimerte at 90 % av næringstapet frå
garden til vassdrag skjedde i periodar utanfor vekstsesongen.
Status for implementering av vanndirektivet (WFD) i Finland
Ved Sanna Kipinä-Salokannel, NMT-Centralen
Generelt
Finland ligg ein planfase før Noreg. 1. planperiode med gjennomføring av tiltak skal være ferdig i
2015. Neste planfase går til 2021. Miljømål skal endelig vere oppnådd innan 2027. Finland har
etablert lovverk som følgjer opp WFD
Planlegging og koordinering
Det er oppretta 5 finske vannregioner, og 2 internasjonale vannregioner. Åland er egen
vannregion. Det finske Miljødepartementet er hovudansvarleg for gjennomføringa
Hovedplanleggingen skjer i ELY sentrene. ELY-sentrene er ansvarlig for utarbeidelse av planer – i
kvart sitt distrikt. Det er oppretta ein regional koordineringsgruppe under kvart ELY-senter med
undergrupper. Under disse er det oppretta styringsgruppe som utarbeider regional plan.
Status for grunnvann og overflatevann
Finland har store vassressursar. Om lag 10% av Finlands areal er dekka av vatn.
Grunnvatnet blir nytta til drikkevatn, og har stort fokus i arbeidet.
Status i 2013 – 9% av grunnvatnet er i risiko for å ikkje oppnå miljømål. Om lag 100 førekomstar
med grunnvatn har dårleg status (ca 3%). Generelt har overflatevatnet god tilstand i nord og midt i
landet. I sør og vest i landet er mye av vannet i moderat til dårlig tilstand. Det er en større del av
elvene som ikkje har god miljøtilstand, enn innsjøane.
Hovedutfordringene for vannmiljøet i Finland
 Eutrofiering / næringsbelastning
 Sur nedbør
 Vannkraftreguleringer
 Fiskevandringshindre
5
Vurderingar
Det har skjedd ein stor reduksjon i fosfortilførselen frå landbruket til vassdrag frå 1980 og 1990tallet fram til i dag. Likevel er diffus avrenning frå landbruket den største utfordringa for
vannmiljøet. Regelverket som Finland har i dag er ikkje tilstrekkelig for å oppnå godt vannmiljø.
Frivillige tiltak er nødvendige. Det blir brukt ulike støtteordningar for å få dette til:
 Vegetasjonsdekke
 Buffersoner
 Våtmark, dammar
 Gjødslingsplanlegging
 Rådgjeving
Tiltaka blir planlagt på regionalt nivå, og er ikkje spesifisert på vassdrag. Tiltaka i planane er ikkje
juridisk bindande. Dei fleste tiltaka er frivillige, og eit godt samarbeid mellom grunneigarar og
forvaltning blei vektlagt. I Finland ønskjer dei å fokusere på frivillige tiltak framfor tvang (ref.
Danmark).
Kan måla bli nådd?
Det er heilt klart behov for utsatt frist – til 2027. Det er fleire utfordringar knytt til måloppnåing;
 Tekniske løsninger mangler
 Forbedring tar tid – effekt av tiltak kommer ikke med en gang
 Arbeidet fikk en sein start (finansiering, frivillighet)
 Vanskelig å finne de rette tiltakene
 Effekt av tiltakene er ikke alltid kjent
6


Gamle synder kompliserer bildet
Klimautfordringer, mer regn på kort tid
No blir det jobba med å bli ferdig med plandokumenter for neste planfase – vedtak som skal
gjerast i desember 2015.
Lemlax gård, gardbrukar Carl A. Heurlin og rådgivar Peter Fritzen
Garden var ein gamal slektsgard frå 1930. Den bestod av 170 ha dyrka jord, og ca. 400 ha
skogsareal. Det hadde vore eigarskifte, og dei nye eigarane budde på ein annan stad.
Det vart dyrka haustkveite, vårkveite, litt luserne og bondebønner. Det var fleire bruk også på dette
bruket kor ein hadde dyrka karve. Karvedyrking kunne gi opp mot ca. kr 6 500/tonn karve i inntekt.
Det som var litt spesielt var at det vart nytta direktesåing, og på denne leirhaldige jorda hadde det
fungert greitt, og dei hadde god erfaring med dette. Det var ofte vårtrke i dette området, og elles
snakka ein om ein årsnedbør på om lag 600 mm (om lag halvparten av den vi har på Jæren).
Det vart nytta Glyfosat i dei tilfella det var naudsynt, og i følge EU-direktivet måtte ein ha sådd alt
innan 30. juni. Om lag 25% av inntekta på garden kom frå skogbruket.
Carl var innom strukturendringa i landbruket, og det var oppretta eit godt samarbeid mellom
husdyrbruk og planteprodusjonsbruk i utnytting av husdyrgjødsel. I følge EU-direktivet kunne ein
spreia husdyrgjødsel i miljøavtale frå 1/4-15/10 og med Nitratavtale 1/4- 1/11.
Det vart gitt eit tilskot på kr 40/daa for nedmolding av
husdyrgjødsel, og randsoner skulle vera minimum 3 m
breidde. Grasblanding med kløver var ok, men avlinga
måtte haustast kvart år og fjernast frå området. Det
vart gitt eit tilskot på kr 100/daa der ein nytta
fangvekst. Ved bruk av husdyrgjødsel kunne ein tilføra
maks 3,5 kg fosfor/daa og år, og næringsinnhald i
husdyrgjødsla måtte dokumenterast.
Våtmarksområde
Vi besøkte våtmarksområdet på garden som omfatta
om lag 60 daa. Det var om lag 4000 daa
landbruksareal som grensa til dette våtmarksområdet
kor ein testa ut bruk av jernsulfat for utskilling av
fosfor. EU støtta prosjektet med ei etableringsstøtte
og ei årleg støtte på 400 euro/ha/år. Det var førebels
lite dokumenterte resultat frå prosjektet.
Konstruert våtmark. Foto: Monica Dahlmo
Nulto gård
Roger, som gardbrukaren heitte, var ein særs aktiv og positiv person. Han hadde mange jern i
elden. I desse dagar var han i full gang med såing av haustsæd, og det vart dyrka både haustrug og
haustkveite. Avlingane på haustrug varierte mellom 600 til 1400 kg/daa. Normalavling for
haustkveite var ca. 800 kg.
7
Det vart og dyrka hybridrug. Denne var om lag 1-1,20 m høg og gav mindre halm enn vanleg rug.
Roger starta opp i 1988 med om lag 20 ha, og i 19930 forvalta han ca. 300 ha. ( 40 ha eigd og 260
ha leigd). I tillegg til haustkorn, dyrka han følgjande kulturar:
 Tidlegpotet – setjing under plast/duk 9. mars i 2015
 Karve 1000-2000 kg/ha. Eksportvare.
 Hestehøy
 Bondebønner
Om vinteren nytta han tida til snømåking og skiljing av poteter. I tillegg dreiv han med noko kalking
som kalkentreprenør. Roger hadde ein fast tilsett, men nytta finske ungdommar i gardsdrifta om
sommaren. Det var viktig å kunna læra ungdommane å arbeida.
Kostnad på leigejord var ca. kr 250/daa. Det var spørsmål om han dyrka potet til spritindustrien. Til
dette svara han at det var dårleg økonomi i den produksjonen. Den form for potetproduksjon
føregjekk nær opp til spritfabrikkane, og på bruk som kanskje hadde opp mot 5000 ha potet.
Roger hadde eit eige krepseprosjekt på garden. Det starta opp i 1988. Det var to artar kreps. Han
dreiv oppformering og sal av livdyr av «signalkreps». Denne arten var særs sterk mot krepsepest.
Besøk på forskingsstasjonen Jokoinen
Forskar Risto Uusitalo frå Natural Resource Institute Finland viste oss rundt.
Forsøk med bruk av jernsulfat for å felle ut løyst fosfor i vatn. Foto: Monica Dahlmo
8
Dette var ein forskingsstasjon som kan samanliknast med NIBIO i Noreg. Dei arbeidde mellom anna
med med miljøspørsmål, og spesielt problem omkring fosfor i jord og avrenning.
Vi fekk informasjon frå eit prosjekt der ein nyttar jernoksyd i ein filtrasjonssone for å felle ut løyst
fosfor. Prinsippet var vellykka i lab, men viste seg vanskeleg å få til i stor skala. Metoden var etter
deira syn lite aktuell så langt. Forsøka hadde vist at ein bind ca. 70 % av fosforet 1. år, 30 % 2. år og
16 % 3. år. Prosjektet blei mellom anna finansiert av eit EU-støtta Interreg IVA prosjekt «Active
Wetlands».
Vi såg også eit forsøk med bruk av granulert jernsulfat for å felle ut løyst fosfor i vatnet.
Granulert jernsulfat, Fe2(SO4)3 – Ferix-3 (Kemira Kemwater Oy), jern-innhold 20%, all jern oksidert
til 3+ blei testa i 15 grøfter i sørvest-Finland. Ein boks med Ferix-3 blei dosert i grøftevannet via ein
dispenser der granuler jern blei tilført via eit røyr som står i grøftevannet (sjå figur).
Dei flest måle- og forsøkspunkta var lagt til Nautela, eit område nær Turku.
Mesteparten av total P transport var partikulær form – i gjennomsnitt var kun 24% løst P (TDP) i
innløp Nautela; konsentrasjonene varierte for TDP 0,027-0,160 mg/L og for total P (TP) 0,075 – 0,56
mg/L.
9
I perioden med utprøving av jernsulfat var fluks av TDP 8,2 kg og TP 37 kg i 2011 og i 2012 16 kg
TDP og TP 71 kg i behandlingsperioden. Total P var ikkje påvirka av felling ettersom P-jernsulfat
utfelling besto av små partiklar som ikkje dannet større flokker i vannstrømmen, og som difor ikkje
blei felt ut i grøfte-området. Berre ved lav/minimal straum kunne dei nokre gonger sjå utfelt Pjernsulfat. Kjemikaliedoseringa kunne varierte til nær ingenting ved svært lav vannføring, til titalls
kg per time ved høg vannføring.
Årlig forbruk av jernsulfat var ca 2500 kg, og prisen for å binde 1 kg P var 207 Euro i 2011 (0,47
EUR/kg) og i 2012 103 EUR (0,55 EUR/kg).
Størst TDP-reduksjon var når TDP konsentrasjonene var høyest men det var ikke sammenheng
mellom TDP-konsentrasjonen oppstrøms dispenser og prosent reduksjon av TDP som resultat av
jernsulfat-tilsetning.
I snøsmeltninga kunne innhaldet av løyst P (DP) vere høgt som et resultat av frigjøring frå
grasvegetasjon og overflatejord. Slike topper på våren er ofte før jorda tiner, og før tiltak som
vegetasjonssoner, våtmark, m.fl kunne forventast å ha effekt.
Tilsetning av jernsulfat førte ikkje til fjerning av P (dvs ingen nedgang i total P) i vannfasen men til
at løyst P blei omdanna til jern-assosiert-P som ant (Fe-P). Dvs fosfor på ein form som ikkje er så
tilgjengeleg for algar og mikroorganismar. Fe-P forsvinner ikkje men vil etter kvart felle ut i
sedimenter i grøfter, bekker og innsjøar. Fe-bundet P kan frigjørast ved anoksiske forhold i
sedimenter.
Det er ei side på WWF sin nettside som viser fleire bilete frå pilotområdet Nautela:
http://wwf.fi/en/active-wetlands-project/the-nautela-pilot-site/
Bruk av jernsulfat kan binda opp mot 80-90 % av fosfor som utfelling, og fosforhaldig slam må i
etterkant fjernast frå dei aktuelle fangdammane. Det kostar om lag 10-20 euro for å binde 1 kg
fosfor. Frå vanleg landbruksjord i dag renn det av ca. 30-40 mikrogram fosfor/l vatn
På forskingsstasjonen hadde dei samanlikna ulike jordarbeidingsmetodar, og målt avrenning av
fosfor. Redusert jordarbeiding samanlikna med tradisjonell pløying/harving osb. hadde ført til meir
avrenning av lettløyseleg fosfor.
Det var fleire prosjekt på gang relatert til fosforproblematikken i jord. Generelt fekk ein oppgitt at
70-80 % av landbruksjorda i området treng ikkje tilføring av fosfor for å sikra god vekst i plantene.
Innkjøpt mineralsk fosfor kostar i dag ca. 2 euro/kg.
10
Desse var med på turen:
Kyrre Vasstveit
Harald Velde
Alf Egil Vaula
Per Selvåg
Ole Motland
Stein Ove Byberg
Magnus Folkvord
Per Bjorland
Ingunn Dyvik
Jofrid Torland Mjåtveit
Einar Varhaug
Bjørn Christian Granberg
Jens Randby
Olav Husveg
Olaf Gjedrem
Monica Dahlmo
Ørjan Simonsen
Gudrun Kristensen
Connie Hellestø
Torbjørn Ruud
Anna Salmensaari
Stein Johnny Haver
Trine Eggen
Ragnvald Gramstad
Ola Andreas Byrkjedal
Jon Lund
Anne Grete Cazon
Sonja Herikstad Skårland
Olav Sande
Elin Valand
Arve Fløysvik
Rune Lian
Britt Jorunn Haslemo
Harald Olav Stuhaug
Alf Ole Bull-Tornøe
Agromiljø
Aksjon Vatsvassdrag
Bonde
Bonde
Bonde
Bonde
Bonde
Bonde
Bonde
Bonde
Bonde
Bonde
Felleskjøpet Rogaland Agder
Olav Sande i Rogaland bondelag viser seg
Frivillige tiltak i landbruket
løysingsorientert når regnet var på det
verste. Foto Monica Dahlmo
Frivillige tiltak i landbruket
Fylkesmannen, landbruksavdelinga
Fylkesmannen, miljøvernavdelinga
Gjesdal kommune
Gjesdal kommune
Haugaland landbruksrådgjeving
Innovasjon Norge Finlandskontoret
Landbruk og Maskin
NIBIO
NLR Rogaland
politikar Gjesdal kommune
politikar Jæren vannområde
Randaberg kommune
Rogaland bondelag
Rogaland bondelag
Rogaland fylkeskommune
Sandnes kommune
Sola kommune
Time kommune
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune
11
Informasjon gitt i forkant av turen av Anna Salmensaari, Innovasjon Norge Finlandskontoret
LUKE – Luonnonvarakeskus - Naturresursinstitut
Naturresursinstitutet är en forsknings- och expertorganisation, som arbetar för att främja en
hållbar användning av naturresurser och bioekonomi.
Lukes forsknings- och sakkunnigverksamhet har byggts upp utifrån kompetens. Fyra
forskningsenheter, en statistikenhet och en enhet för interna tjänster är uppbyggda på basen av
grupper och team, vars kompetens används i tvärvetenskapliga forskningsprogram och projekt
tillsammans med finländska och internationella samarbetsparter. LUKEs klienter, dvs de som
använder sig av informationen och lösningarna, deltar aktivt i planeringen och inriktningen av
forskningen.
MAVI – maaseutuvirasto - landbygdsverket
Mavi svarar för användningen av medlen från Europeiska unionens jordbruksstöds- och
landsbygdsfonder i Finland. Mavi är det utbetalande organet i Finland. De administrerar årligen EUstöd och nationella stöd till ett sammanlagt belopp på över två miljarder euro.
Mavi skapar förutsättningar för livskraftiga näringar på landsbygden. På detta sätt verkställer de
målet för jord- och skogsbruksministeriets förvaltningsområde, som är att trygga produktionen av
ren inhemsk mat och en hållbar användning av förnybara naturresurser. De verkar i nära
samarbete med ministeriet och de övriga aktörerna i förvaltningsområdet.
http://www.mavi.fi/sv/om-oss/Sidor/default.aspx#sthash.xm0E9A6F.dpuf
MTK – maataloustuottajien keskusliitto
Centralförbundet för lant- och skogsbruksproducenter MTK är en finskspråkig fack- och
intresseorganisation för jordbrukare, skogsägare och landsbygdsföretagare.
MTK har över 400 000 medlemmar i lokala föreningar för jordbruksproducenter och skogsvård. Det
som förenar alla yrken och näringsgrenar som dess medlemskår utövar är att de baserar sig på
förnybara naturresurser och en hållbar och ekonomisk användning av dem.
14 förbund för jordbruksproducenter och 80 skogsvårdsföreningar påverkar och bedriver
verksamhet på regional nivå. På svenskspråkiga områden verkar deras systerorganisation SLC,
Svenska lantbruksproducenternas centralförbund, som har ungefär 14 000 medlemmar.
www.mtk.fi/sv_SE/
NTM-Centralen (ELY-keskus)
NTM-centralerna motsvarar Innovasjon Norges distriktkontor.
En av NTM-centralens uppgifter är att utveckla landsbygdsnäringarna och trygga landsbygdens
livskraft. Man syftar till att förbättra jord- och skogsbrukets konkurrenskraft samt främja
fiskerinäringen och andra landsbygdsnäringar.
NTM-centralen beviljar stöd för investeringar och utveckling till gårdar, SME-företag som bedriver
första gradens förädling av jordbruksprodukter och mikroföretag på landsbygden. Stöd kan beviljas
till utvecklingsprojekt som främjar näringsgrenarnas verksamhetsmöjligheter samt uppmuntrar till
ny företagsverksamhet och utvecklar fungerande företag.
Stödnivåerna och finansieringsformerna varierar något beroende på NTM -central.
http://www.ely-keskus.fi/sv/web/ely/maaseutuelinkeinot#.VV19GaPFaUk
Proagria – Svenska Lantbrukssällskapens förbund SLF
SLF är centralorganisation för den svenskspråkiga landsbygdsrådgivningen i Finland, den svenska
delen av Proagria, se www.proagria.fi (välj Svenska, så kommer du automatiskt till SLF’s sidor).
Rådgivningsorganisationen bildar ett nätverk där SLF svarar för samordning av verksamheten och
12
utveckling av rådgivningsmaterial och dataprogram. Lantbruks- och hushållningssällskapen i
Finland erbjuder lantbrukare och landsbygdsföretagare rådgivnings- och planeringshjälp.
Till SLF hör förutom lantbruks- och hushållningssällskapen 32 övriga organisationer som
medlemmar. www.slf.fi/
Svenska lantbruksproducenternas centralförbund (SLC) är den finlandssvenska landsbygdens
intresseorganisation. Deras arbete är inriktat på att bevaka och tillvarata medlemmarnas samt den
svenska landsbygdens gemensamma ekonomiska, sociala och kulturella intressen. SLC har cirka 12
000 medlemmar som fördelar sig över cirka 70 lokalavdelningar, vilka är medlemmar av de fyra
landskapsförbunden. SLC är medlem i Nordens Bondeorganisationers Centralråd - NBC och i COPA
, producentorganisationen inom EU. www.slc.fi/
Övrigt
Jokioinen
Jokioinen är en finskspråkig kommun med drygt 5 600 invånare. Orten ligger väster om Forssa,
precis mellan Helsingfors, Åbo och Tammerfors.
www.jokioinen.fi/en/municipality/general_information
Pargas
Pargas är en tvåspråkig skärgårdsstad 25 km från Åbo med drygt 15 500 invånare. Pargas stad
omfattar stora delar av Skärgårdshavets område med tusentals öar, holmar och skär.
www.visitturku.fi/sv/pargas_sv
Reso
Reso är en stad vid Finlands västkust med 25 000 invånare och 1 500 företag. Resoregionens långa
historia, traditionerna inom handel och stadens stöd för utveckling av företagsverksamhet har gjort
Reso till en betydelsefull handelsplats. Det kanske mest kända bolaget är Raisio Gruppen, se
www.raisio.com/en/brands-and-businesses
www.visitturku.fi/sv/reso-raisio_sv
Tuorla Värdshus
http://tuorlanmajatalo.fi/lang/svenska
Åbo
Åbo stad, grundad år 1229, är Finlands äldsta stad och belägen vid Aura Å i Sydvästra Finland.
Invånarantalet i Åbo är ca. 178 000, vilket gör Åbo till Finlands femte största stad. Åbo är officiellt
tvåspråkig med drygt 5 % av invånarna som talar svenska som modersmål. Åbo slott och
Domkyrkan är stadens mest kända sevärdheter.
I Åbo verkar två universitet och fyra yrkeshögskolor. I dessa studerar totalt nästan 30 000 personer
för grund- eller fortsättningsexamina.
www.visitturku.fi/sv
13
Program
Onsdag 26.8
23.15 Flyet DY 1198 lander Helsingfors Vanda, Terminal 2
Innkvartering på hotell Best Western, Skattbacksvägen 1, Vanda, nær flyplassen. Buss fra
terminalen.
Torsdag 27.8.
08.00 Med buss til Reso, MTK-Varsinais-Suomi, Hintsantie 3 (Dette er det finske bondelaget, den
lokale enheten i fylket Egentliga Finland. Centralforbundet for lant- og skogsprodusenter)
10.15 Finsk landbruk, rådgivingstjenesten, TEHO Plus prosjektet (et prosjekt som gjelder
målrettede miljøtilak i landbruket), diskusjon
-Ms Aino Launto-Tiuttu og Mr Paavo Myllymäki, MTK-Egentliga Finland
11.15 WFD (Vanndirektivet) implementeringen i Finland
- Ms Sanna Kipinä-Salokannel, NMT-Centralen (omtrent tilsvarende Innovasjon Norge)
12.00 Buss fra Reso
12.30 Lunsj på Tuorla Värdshus, Tuorlantie 1 E, St. Karins,
13.30 Buss til Pargas
14.00 Gårdsbesøk på to gårder med rådgiver Peter Fritzen, Finska Hushållningssällskapet.
17.30
18.00
19.00
20.00
Buss til Åbo
Innsjekk på hotell Cumulus, Eriksgatan 30, og fritid i Åbo eller guidad tur
Guidad tur i Åbo med buss
Middag i Åbo, restaurangbåten Cindy, Östra Strandgatan 19
Fredag 28.8.
08.00 Buss till Jokioinen, Humppilantie
09.30 Natural Resources Institute LUKE, Jokioinen. Dette er et nasjonalt forskningssenter for
landbruk. Kan sammenliknes med Bioforsk i Norge.
Feltforsøk med fangdammer. Risto Uusitalo
Feltforsøk med avrenning og tre forskjellige buffersoner. Jaana Uusi-Kämppä
Lunsj på forskningsinstituttet og samtale med forskerne.
12.30 Buss til flyplassen
15.40 Fly
14