Velkommen som avlastar

Transcription

Velkommen som avlastar
rettleiing til deg som avlastar
Kontaktpersonar
Rettleiing vert gjeve etter behov
Hildegunn Vengen, leiar.
Tlf. 55 09 71 56
[email protected]
Avtale om oppdrag
Ved oppstart av eit avlastingsoppdrag, vil det bli
skreve ei avtale mellom deg og kommunen.
Omfanget av avlastinga følgjer vedtaket som
brukar har fått. Vedtaket blir som hovudregel fatta
for ei periode på eit år.
For kvar ny vedtaksperiode vil du motta eit brev
som stadfestar oppdraget ditt som avlastar.
Godtgjersle blir gjeven etter KS sine satsar for
besøksheim for helegavlasting. For avlasting på
timebasis er det er det etter Fjell kommune sine
eigne satsar.
Timelister skal leverast seinast 15 i kvar månad,
og utbetaling vert 12 i påfølgande månad.
Anne–Tone Sætenes,
fagleiar Straumsfjellet avlasting
Tlf. 55 09 68 85
[email protected]
Avslutting av oppdrag
May Liss Snekkevik, sakshandsamar
Tlf. 55 09 71 97
[email protected]
Det kan vere ulike grunnar til å avslutte eit
avlastingsforhold. Uansett grunn er det viktig å
avslutte på ein god måte. Spesielt born treng
god tid på å forberede seg på ein endring, og
forholdet bør difor avviklast over tid.
Oppseiing
Design: Monica Hovland, Informasjon
Oppseiinga av oppdraget er på 1 månad, og er
gjensidig for begge partar.
Terje Aaberg, fagleiar Gullfjellbasen
Tlf. 55 09 68 94
[email protected]
Anita Birkeland, sakshandsamar
Tlf. 55 09 71 58
[email protected]
Fjell kommune
Fjell kommune
Postadresse: Postboks 184, 5342 Straume
(merk konvolutt med Støttetiltak for
funksjonshemma)
Tlf. 55 09 60 00
www.fjell.kommune.no
FØLG FJELL KOMMUNE PÅ FACEBOOK
Velkommen
som
avlastar
Takk for at du melder deg til innsats,
og er interessert i å bli avlastar.
Det er mange som har bruk for
ei slik teneste i kommunen.
Som avlastar vil du møte mange
utfordringar, og du vil også oppleve mykje
som er triveleg og gjevande.
Fjell kommune
avlasting
Gode grunnar for å bli avlastar:
Avlasting er ei teneste som er heimla i
Helse – og omsorgstenestelova.
Kommunen skal syte for avlastningstiltak for
personer og familiar som har et særlig tyngande
omsorgsarbeid.
Avlasting er eit tiltak for nære pårørande som har
dagleg omsorg for spesielt pleie- og
omsorgskrevjande personar.
Omsorgsoppgåvene må vere av eit slikt omfang
at det skil seg vesentleg frå det som er vanleg.
•
Kva er avlasting?
Avlasting er ei kommunal teneste som vert sett
i verk der brukarfamilien bur.
Avlasting skal bidra til å halde vedlike gode
familierelasjonar og sosiale nettverk. Tenesta
skal førebyggje utmatting hos omsorgsytar, og
bidra til naudsynt ferie og fritid.
Avlasting kan ein gje på mange ulike måtar,
og det er viktig avlastingstilbodet gjev tryggleik
og kontinuitet.
Døme på ulike former for avlasting er:
• Privat avlasting på timebasis og/eller helgar
• Avlastingsbustad
• Aktivitetsbasert avlasting
•
•
•
•
Du kan vere saman med andre menneske,
og samtidig gjere noko positivt for andre.
Du får utfordringar som kan gje deg noko,
og som du kan ta med deg vidare.
Du kan bruke noko av fritida di på ein
nyttig måte.
Du kjenner nokon som treng avlasting.
Du treng praksis/erfaring innan helse- og
eller sosial.
Du kan tene nokre ekstra kroner.
Kven er avlastar?
•
Det er ikkje krav om formell utdanning for å
verte avlastar.
Den som ønskjer å vere avlastar må vere
personleg eigna med tanke på haldningar,
motivasjon, kommunikasjon og interesser.
Det er også viktig å ha respekt for andre, ha eit
positivt menneskesyn og ikkje minst interesse for
denne type oppdrag.
Då avlasting ofte føregår i heimen til avlastaren,
er det også viktig at heile familien er med på
dette og innstilt på å ta eit slikt oppdrag.
Den som vil bli avlastar må legge fram gyldig
politiattest.
teieplikt
Det kan vere vanskeleg å utforme konkrete
krav som er gyldige for alle avlastarar, men
nokre generelle køyrereglar gjeld:
• Meld frå om sjukdom i så god tid som råd er.
• Hald avtalen om tidspunkt
• Gje melding om du kjem for seint.
• Ikkje start samveret med å fortelje kor sliten
du er.
• Dine eigne aktivitetar må vike til fordel for
behov hos den som er til avlasting hos deg.
• Hugs at merksemda må vere retta mot den
som er til avlasting.
Som avlastar i Fjell kommune har du teieplikt
etter Forvaltningslova §13 a-.Målet med teieplikta
er å hindre at andre får tilgang til opplysningar
om sjukdomsforhold, eller andre personlege
forhold, som du får informasjon om gjennom
oppdraget som avlastar. Den omfattar all
informasjon du har fått om pasient og pårørande,
både direkte og indirekte. Personlege forhold kan
t.d. vere økonomiske forhold, familieforhold og
andre personlege opplysningar.
Brot på teieplikta kan straffast med bøter, eller
med fengsel og er grunn til oppseiing.
Teieplikta gjeld også etter at du har avslutta
oppdraget som avlastar!