Vigra IL hevda seg i NM

Transcription

Vigra IL hevda seg i NM
Vigra IL hevda seg i NM
Vigra stilte med tre bogeskyttarar under NM på
Klepp sist helg. Dei kom
heim med sterke resultat.
Rolf Hansen
[email protected]
Over 300 deltakarar var med
under Noregsmeisterskapen
i Klepphallen frå fredag til
søndag. Vigra IL stilte med tre
deltakarar, og var ein av 29
klubbar totalt. Debutantane frå
Vigra beit godt frå seg, og var
dessutan einaste klubb frå Møre
og Romsdal representert under
Noregsmeisterskapen.
– Årets NM bar preg av at bogesporten er i sterk fram-marsj
i Noreg. Både talet på skyttarar
som var melde på, og ikkje
minst det høge nivået på resultata talar for seg. Vi var på vårt
første NM i år, men med den
veksten det er i gruppa, vert
det meir og større deltaking i
åra som kjem. Klubben er svært
stolt av resultata til sine skyttarar, seier leiar Tormod Roth i
Vigra IL Bogeskyttargruppe.
omgangar i kampen om edelt
metall under finalane søndag.
( Shot-off er ved likt resultat etter omgang, der det vert skote
ei pil, og det beste resultat
avgjer)
I begge omgangar var det totre milimeter i disfavør Roth,
som uansett leverte skyting i
toppklasse.
Regionsmeistar
Solid skyting
Sander Roth kom til NM som
nybakt regionsmestar etter
stemne i Trondheim sist helg,
og helt fram med sterke resultat i dei innleiande rundar
laurdag.
Han ende på 4. plass i klasse
eldre rekrutt (13-15 år) etter å
ha gått gjennom to shot-off
Sverre Moldskred Molnes oppnådde 12. plass i klasse kadett.
(16-17 år ) Der var det 24 skyttarar melde på.
Fredrik Eiken Emblem skaut
også i klasse eldre rekrutt, og
ende opp på ein sterk 7. plass etter flott skyting i finalerundane
søndagen.
Vigra-femmer: Trenar Terje Ingvald Molnes, Sander Roth, Fredrik Emblem Eiken,
Sverre Moldskred Molnes og Tormod Roth representerte Vigra IL under NM i
bogeskyting på Klepp sist helg. Foto: Privat
NM-finale: Sander Roth var
tett på pallen i eldre rekruttklassa, men måtte til slutt ta
til takke med ein fjerdeplass
etter shot-off. Han kom til
Noregsmeisterskapen som fersk
Regionsmeistar. Foto: Privat
Solid: Fredrik Eiken Emblem
leverte sterk skyting i finalen,
og vart til slutt nummer sju i
eldre rekrutt-klassa. Foto: Privat
NM-Debutant: Sverre Moldskred Molnes var NM-debutant som resten av Vigratroppen, og vart nummer 12 i klasse Kadett. Foto: Privat
Meisterskapsdebutantane sparka godt frå seg
Giske taekwondoklubb
var ein av dei lokale
klubbane som deltok
i Sunnmørsmeisterskapen
laurdag i Blindheimshallen.
Dei åtte utøvarane frå
Giske henta heim mykje
heider og glitter.
Rolf Hansen
[email protected]
Det var Ålesund taekwondoklubb som stod som arrangør
for meisterskapen for ungdom
og vaksne med kvitt til raudt
belte. Dette var faktisk første
meisterskap arrangert i området på dei siste tre åra.
Det vart konkurrert i mønster, sparring, high kick, flygende side og punch/blokk.
Dei 44 deltakarane kom frå alle
delar av Sunnmøre. Vanylven,
Ålesund, Haram, Giske og Storfjord taekwondoklubb var alle
representert på ein laurdag der
våren banka på døra.
Debutantar
Giske stilte med åtte utøvarar
som var i elden for første gong.
Tre juniorar og fire seniorar
konkurrerte i dei forskjellige
disiplinane. Alle saman fekk
med seg medalje heim i debuten, og totalt ti fann vegen til
veggar i Giske kommune. Truleg var det fleire barrierar som
vart braute ned denne laurdagen, og alle åtte deltakarane
frå Giske fekk nok meirsmak av
opplevinga i Blindheimshallen.
I tillegg var gr ünderane
bakom Giske taekwondoklubb
dato til høyre
Torsdag 26. mars 2015
også representert i hallen, der
tidlegare landslagsutøvar Jan
Tore Fure (31) var dommar.
Sambuar, tidlegare Noregsmeister, med medaljar i både EM
og VM, Irene Giskegjerde (29)
fungerte som fotograf og coach
for elevane frå klubben.
Giske taekwondo-klubb vart
skipa for knappe to år sidan av
sambuarane som er foreldre til
to små born. Snart startar dei
opp eit nytt parti for born og
nybegynnarar i gymnastikksalen på Valderøy ungdomsskule.
Fure var leiar og instruktør
saman med Giske-jenta Giskegjerde i Ålesund taekwondoklubb i ein årrekkje, men er no
ute av by-klubben for godt.
Gull mønster junior grønt belte:
Christina Haram Johnsen
Gull sparring senior grønt – rødt:
Radoslaw Langa
Gull flygende side junior:
Christina Haram Johnsen
Sølv mønster junior gult belte:
Ole-Jakob Farstad
Sølv mønster senior grønt belte:
Lillian Olsen
Sølv sparring senior grønt - rødt:
Kjell Andre Myhre
Bronse mønster senior grult:
Ingo Weitzenburger
Bronse sparring junior grønt – rødt:
Nikolai Sundnes
Bronse mønster senior grønt belte:
Kjell Andre Myhre
MØNSTER er ein disiplin i taekwondo der deltakarane ikkje konkurrerer
fysisk mot ein annan motstandar, men skal syne betre rørsler og teknikk
enn sin konkurrent. Her duellarar to Giske-utøverar. Foto: Rolf Hansen
Fylkesmeisterskap
Laurdag 26. april er neste oppgåve for Giske taekwondoklubb, då er det fylkesmeisterskapen i Larsgårdhallen.
Dette er “heimen” til Ålesund
taekwondoklubb, som tar sikte
på å arrangere fleire meisterskap framover enn kva ein har
gjort lokalt dei siste åra. Den
laurdagen kjem utøvarane frå
heile regionen, og det er også ei
klasse for svart-belte. Klubbane
som kjem til den meisterskapen
er Molde, Surnadal, Vanylven,
Storfjord, Haram, Giske og
Ålesund.
Resultat Giske
taekwondoklubb
Sunnmørs-meisterskapen
Gull mønster senior grønt belte:
Karoline Linnea Valkvæ
LÆRAR OG ELEVAR: Jan Tore Fure kunne nøgd slå fast at elevane og meisterskapsdebutantane i
Giske taekwondoklubb sparka godt frå seg under Sunnmørsmeisterskapen i Taekwondo laurdag i
Blindheimshallen. Karoline Linnea Valkvæ, Christina Haram Johnsen, Radoslaw Langa, Ole-Jakob Farstad,
Lillian Olsen, Kjell Andre Myhre, Ingo Weitzenburger og Nikolai Sundnes henta til saman med seg ti
medaljar heim til Giske. Foto: Rolf Hansen
15