Øy-Blikk nr. 09/2015

Transcription

Øy-Blikk nr. 09/2015
1985
30
ÅR
2015
Øy-Blikk
Torsdag 5. mars 2015 Spør oss om
BUSTADLÅN
Dei beste vilkåra får du gjennom
Møre Ung og Møre Verdi.
Jan Ivar Stokset
Aut. finansiell rådgivar
Tlf. 414 94 550
[email protected]
Din lokale eiendomsmegler
Odd-Arild Sæther
Mob: 900 88 380
odd.arild.sather
@moremegling.no
Nr. 9
|
30. årgang
Selge
|
?
Cecilie Clausen Dyb
[email protected]
Tlf: 400 01 064
www.oyblikk.no
|
Laussal kr 20,-
Boligspesialisten i gisKe
selge Bolig?
Kontakt meg i dag for
en gratis verdivurdering
Audun Sjøholt
mob 906 03 774
[email protected]
www.notar.no
Giskespelet 2015:
Er du ein krigar?
Vigra - ein del av
kontinentet
Den nye avgangshallen
på Vigra vart opna
måndag, og gir dei
reisande ein forsmak
av store flyplassar ute i
Europa.
SIDE 5
I år har Giskespelet 20-årsjubileum. Dette
skal sjølvsagt markerast, og sist helg
var det rekordstort oppmøte på Giske
skule med spente og motiverte aktørar
som vil by på seg sjølv i Giske Amfi til
sommaren. Kven som får hovudrolla i
år er enno hemmeleg, men arrangørane
ønskjer seg fleire "soldatar".
SIDE 7
Snart klare for revy
Revysjefane for "Den
raude tråden" lovar
mange ablegøyar når
Valderøy Frilynte
Ungdomslag går til
scena neste veke.
SIDE 8
Foto:Lise Istad Slotsvik
ord for dagen:
5. mars 2015 Veke 10
Ubunden lokalavis for Giske
Ansvarleg redaktør:
Odd Egil Valderhaug
Utgjevar: Øy-Blikk AS
Ship o’hoy. Fredag 6.
mars blir vår snille og
gode kollega Elin 55
år. Gratulerer så mykje
med dagen. Håper den
blir super:) Hilsen alle
store og små på Skjong
barnehage
Gratulerer så mykje med
dagen til flinke og snille
Runa Kolås Ingebrigtsen
som blir heile 10 år
9. mars. Hurra!
Klemmar frå Simon, Emil,
mamma og pappa.
1500+ Likes!
Sjøvik-Marie 95 ÅR
Heldige er vi som har fått en
tante som behandler oss alle
så godt! Du vet alltid en råd
når det for oss går i stå. Lyst
humør og knepte hender
velsignelse inn i en familie
sender. I takknemlighet til
himlen vi oss vender
og våre hjerteligste
gratulasjoner på din 95 års
dag sender.
Familien
ikkje alle er like nyttige
Norsk ordtak
Vi ønsker å gratulere
Barbro Ringmo Fylkesnes
med overstått 12 års
dag som var den 4 mars.
Oss er super duper glad i
deg. Mange klemmer fra
mamma, pappa, Sander
og Heidi. Mormor og
morfar hilser også.
Maria Fauske 90år
Lys til sinns og kristen tro,
mot oss alle så uendelig
god!!! Snart skal du glad i
himmelen få bo!
Vi er så utrolig glad i deg!
De hjerteligste gratulasjoner
fra oldebarn Emily Grace
og resten av familien.
Hipp hipp hurraaa,
4. mars kom endeleg,
dagen du har venta så
lenge på Matheo!
Håper alt svarer til
forventingane dine og at
du får ei knall 9-års feiring!
Stor klem fra brorane,
mamma og pappa.
Siri Moldskred Molnes
Kjære godjenta vår,
gratulerer så mye med 13
årsdagen. Ønsker deg en
flott feiring. Klem Sverre,
mor og far. En hilsen fra
mormor og Lasse også.
Gratulere så masse me 40
års dagen 5. mars verdens
beste Ole Johan <3 du e
verdens beste pappa og
kjæresten å oss e veldi gla
i dej :) Bursdags klem fra
Lotte, Mille, Jonas og Siv <3
Ruben Valderhaug
Vi vil gratulere den blide
og kjekke guten vår, Ruben
Valderhaug med
9 årsdagen den
5. mars. Mange klemmer
fra mormor og morfar.
Familien på Godøya og
Hakadal gratulerer også.
GI
SK
E
Finn oss på
Alle år er like lange, men
Øy-Blikk arbeider etter “Ver Varsam” plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av
urett-messig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål.
PFU, Rådhusgt. 17, 0158 OSLO.
Tlf. 22 40 50 40, fax. 22 40 50 55
@oyblikk #øyblikk
MOBILE MILJØSTASJON
Snart kjem din
10. mars Godøy ved Bunker Oil kl 15:30 - 17:30
Øysenteret Valderøy kl 18:00 - 20:00
Kva kan du levere?
Vi sender brosjyre med informasjon om kva du kan levere.
Du kan òg kontakte oss på telefon 70 31 41 00 eller [email protected]
Bilethelsingar
i Øy-Blikk
er GRATIS
(max. 30 ord)
Helsingar med kunngjering
av tid og stad for feiringa
kostar 110 kroner.
#øyblikk
Vi oppfordrar alle til å bruke
fullt namn på den eller dei
som vert gratulert.
Helsingar kan sendast på
e-post til:
[email protected]
Legg ved frankert konvolutt
dersom du ønskjer biletet
sendt i retur. Siste frist for
innlevering av helsingar og
takkeannonser er tirsdag
klokka 12.00.
TIPSTELEFON: 92 42 33 98
Telefon: 70 18 63 80
Faks: 70 18 63 90
e-post:
[email protected]
[email protected]
[email protected]
Øysenteret, 6050 Valderøy
Forretningsannonsefrist:
Måndag kl.12
Privatannonsefrist:
Måndag kl.16
Trykk: Polaristrykk as
Sats og montasje: Øy-Blikk
Odd EGIL VALdERHAUG
AnSVARLeG ReDAKTØR
& DAGLeG LeIAR
[email protected]
REbEccA MOLTU RIISøEN
Redaksjons& AnnonSeSjeF
[email protected]
KRISTOFFER OFTEdAL
joURnALIST
[email protected]
ROLF HANSEN
joURnALIST
[email protected]
MARcUS MURPHy
GRAFISK FoRMGIVeR
[email protected]
JOURNALIST FRILANS:
Nora
R. Hesseberg
Lise Istad
Slotsvik
Birgitte Magelssen Godø
Anja Heimland Løkling
dato til venstre
2
Torsdag 5. mars 2015
øyglimt
Øyriket Giske
Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya,
Giske og Godøya. Øyriket har til saman 7.923 (dec. 2014)
innbyggjarar. Øyane er bundne saman med tunnel og bruer, og
kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar.
det skjer
Sveletreff
Valderøy sokneråd arrangerer
sveletreff kvar måndag i Valderøy
kyrkje. Her blir det svele og kaffi,
god prat, kanskje litt song og opplesing. Kom og gå når det passar
deg. Alle velkomne.
måndag 9. mars
Valderøy kyrkje
Pensjonisttreff
Sang- og musikkhelg på Valderøya
Valderøykvartetten ønsker
velkommen til sang- og
musikkhelg med sang og
musikkvenner fra Sunnmøre,
Kristiansand og Strømstad.
Torstein Valderhaug
Det blir sang og musikkmøter fredag
kveld, lørdag kveld og søndag ettermiddag, og med følgende aktører:
Eva Persson kommer fra Strømstad
og synger gamle bedehussanger og «fet»
gospel i skjønn forening. Hun er også
en meget dyktig pianist, og får i tillegg
med seg lokale musikere.
Helge Johannesen kommer fra Kristiansand, og er en av Norges beste på
steelgitar. Han vil både ha egne avdelinger, og spille sammen med musikere
fra Valderøykvartetten.
Tor Rødset er godt kjent på Sunnmøre. Han skriver tekster og melodier
og har utgitt en rekke album, Han har
med seg dyktige musikkvenner, så han
stiller med band.
Valderøykvartetten har holdt på i
41 år, og består av 4 sangere og 6 musikere. Mye av repertoaret er hentet fra
sørstatsgospel, og oversatt til norsk av
kvartetten. De har gitt ut seks album
og én DVD.
Og vi inviterer til mye allsang ledsaget av musikerne i Valderøykvartetten.
Det sosiale blir det også tid til, men
enkel servering etter samlingene.
Sist Valderøykvartetten arrangerte
sang- og musikkhelg var der mellom
900 og 1000 mennesker innom i løpet
av helgen. Og vi forventer det samme
denne gang.
Kvar tysdag
tysdag 10. mars
Husmortun
Grautatreff
I bedehuskjellaren annankvar
laurdag.
laurdag 7. mars
Valderøy kyrkje
Babysang
Kvar tysdag.
tysdag 10. mars
Valderøy kyrkje
Gudsteneste
Høgmesse ved Leif Sæther.
Offer: Kyrkjelydsarbeidet.
Årsmøte etter gudstenesta
søndag 8. mars
Vigra kyrkje
Høgmesse ved Geirmund Sakseid.
Samarbeid med Israelsmisjonen.
Offer: Den norske Israelsmisjon.
søndag 8. mars
Valderøy kyrkje
Bibelskulen for alle
“Bibelskulen for alle” startar opp
att med 6 nye samlingar denne
våren. Dette semesteret vil Bjørn
Mannsverk rette fokus på kjende
personar frå Bibelen, og sjå nærare
på kva dei har gjort og betydd.
onsdag 11. mars
Godøy bedehus
Flaskeinnsamling og rettskriving
Klasse 9a ved Valderøy Ungdomsskule
skal på klassetur til Amsterdam. Det
blir sikkert en flott tur, og forhåpentligvis motiverende for videre utforsking av flere byer og land.
Prisverdig nok vil elevene samle
inn penger til turen, bl.a. gjennom
flaskeinnsamling. Det er distribuert
løpesedler for å orientere om dette.
Det er godt og riktig tenkt.
Det er når man leser løpeseddelen at øyenbrynene heves. Språk og
rettskriving er et godt stykke fra det
som burde kunne forventes etter så
lang skolegang. Formuleringer er ikke
spesielt gode. Leie skrivefeil vitner
om mangelfull norskkunnskap. Dersom dette er representativt for nivået
Vil ha bokbåten
Epos
Tjuveri av
båtmotorar
Ikkje brenn
mjølkekartongen
Fylkeskommunen vil saman med
Hordaland sikre vidare drift av
bokbåten Epos. Det kjem fram
i f ylkesrådmannens innstilling
t il møtet i f ylkeskult ur ut va let
04.03.2015. Møre og Romsdal har,
saman med Sogn og Fjordane og
Hordaland, drif ta bokbåten sidan 1963, men Sogn og Fjordane
har bestemt seg for å gå ut av
samarbeidet, skriv NRK Møre og
Romsdal.
Saka med båtmotorane som
vart stolne frå småbåthamna
på Fugleneset er framleis under etterforsking. Lensmann
i Giske, Hans-Eirik Pettersen,
fortel at det ikkje er riktig som
Sunnmørsposten skreiv førre
veke at tjuvane kom sjøvegen.
Leidningar og styremekanismar
vart klippa av, og motorane
vart deretter lempa over i bil og
køyrd frå staden.
Kvart år fyrer innbyggjarane i Møre og
Romsdal opp ovnar og peisar med opp
mot 1,7 millionar drikkekartongar. Ifølgje
ei undersøking Ipsos MMI har gjort for
Grønt Punkt Norge, som driv returordningene for m.a. drikkekartong, forsvinn ca.
fem prosent av alle drikkekartongar opp i
røyk i private heimar.
– Brenning av kartongar lagar store
mengder partiklar som er skadeleg for
lokalmiljøet, seier dagleg leiar Gunnar
Moen i Grønt Punkt Norge.
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
blant elever i 9. klasse, er det bekymringsfullt. Dersom løpeseddelen er
gjennomlest av lærer, er det enda mer
bekymringsfullt.
Men uansett ønsker jeg god tur med
mange flotte opplevelser og inntrykk.
Kolbjørn Rørstad,
Valderøya
Pris til E-Design
E-Design vann prisen for Årets Bedrift
i Hareid 2014. Bedrifta som vart starta
på Valderøya i 1982 utvida med butikk
på Hareid i 2002 etter å ha bygga opp
ein stor kundekrins på Søre Sunnmøre.
Prisen vart utdelt på Hareid førre
veke, og juryen uttala om vinnaren at
”E-Design er ei verksemd som, på alle
nivå, utøver høg grad av service og
kunnskap om produksjonsspekteret
bedrifta tilbyr.”
– Det er ei stor ære å få denne prisen,
seier en kry butikksjef, Ane Sofie Rørvik,
Blindheimsvik til Vikebladet.
3
Giske kommune på studietur
til Danmark
Giske kommune sender
ein delegasjon på tre
personar til København
neste veke, i høve
Sunnmøre Regionsråd
sin studiekonferanse
om kommunereforma.
Rolf Hansen
[email protected]
Det er rådmann Marit Elisabeth Larsen, Marit Alnes
(KrF) og Roar Dyb Sandnes
(Ap), som måndag sett seg på
flyet til København. Onsdag
vender dei heim att, truleg
med verdifulle erfaringar og
informasjon i bagasjen, som
skal delast med formannska-
pet i møte 16. mars.
– Det har i den seinare tid
kome tunge kritiske stemmar
på bana i Danmark, der ein
kritiserer kommunereforma
for å viske ut lokaldemokratiet
i større grad. Det er lengre veg
frå brukar til slutningstakar.
Dette gjeld truleg spesielt i
dei samanslåtte kommunane.
Det er også fleire positive sider
ved reforma i Danmark, og det
vert spennande å høyre meiningar frå begge perspektiv,
seier rådmann Marit Elisabeth
Larsen.
Omfattande
Danmark har nyleg vore gjennom ein omfattande kommunereform, som trådde i kraft frå
1. januar 2007. Talet på kom-
munar vart redusert frå 271 til
98, og 14 amt vart erstatta av
fem regionar. Kommunene sine
gjennomsnittlige folketal auka
frå 20 000 til 55 000.
Rekneskapstal frå danske
kommunar i 2012 syner at
kommunane har redusert administrasjonskostnadane med
1,3 milliarder danske kronar.
Forsking syner videre at samanslåtte kommunar ligg 10 prosent lågare i administrasjonskostnadar per innbyggar enn
dei kommunane som ikkje har
vorte samanslått.
– Det vert spennande å få
eit innblikk i prosessen både
i for- og etterkant. Danskane
starta med ei utgreiing på dette
tidleg på 2000-talet, og har sikkert mykje input å gi oss i den
fasen vi er no. For oss vert det
tre fulle dagar med mykje god
informasjon, held rådmann
Larsen fram.
Saman med Sula
Måndag v il ordførar K nut
Støbakk ha ei orientering i
formannskapet frå siste møte i
regionsrådet.
I tillegg jobbar Giske og
Sula saman om vegen til å
verte ein eigen storkommune.
Vidare har Haram slutta seg til
selskapet.
– Både Giske og Sula er vekstog presskommunar sa ma n
med Ålesund. Ei samanslåing
mellom dei tre kommunane vil
ikkje gi tilgang til meir areal.
Dermed fell noko vesentleg av
grunnlaget for ei samanslåing
bort. Haram har kontakta oss
for å sjå nærmare på den modellen vi jobbar med, avsluttar rådmann Marit Elisabeth
Larsen.
Kommunereforma tek mykje fokus
FOKUS PÅ KOMMUNEREFORM: Ordførar Knut Støbakk
(KrF) går inn i ei tid der mykje skal handle om korleis Giske
kommune skal sjå ut i framtida.
Foto: Rolf Hansen
Knut Støbakk (KrF) går
inn i sitt siste halvår
som ordførar. Han får
hendene fulle med å
leggje alt til rette for
etterfølgjaren.
Rolf Hansen
[email protected]
Støbakk var måndag å treffe
under opninga av den nye
avgangshallen på Å lesund
Lufthamn Vigra. Dei neste
ve ke ne utove r v å r e n ve r t
prega av noko he i lt a n na
enn overrekking av gåver og
festivitas.
– Vi går inn i ein periode
der mykje vil handle om kommu ne re for ma som v i st å r
overfor. Dette er komplisert,
fordi ingen veit korleis kartet
vert sjåande ut, eller kva slags
oppgåver storkommunane skal
jobbe med i framtida, seier
Støbakk.
Utidig
Den siste veka har fylkespolitikar Frank Sve (FrP) og Ålesundordførar Bjørn Tømmerdal (H)
hatt open ordkrig i media om
den tidlegare mykje omtalte
bypakka i regionen kring Ålesund.
Ei pakke som skal gje betre
vegar og infrastruktur, men
som innbyggjarane må betale
ein stor del av gjennom bompengar.
Kritikken frå Sve gjekk ut på
at bypakka ikkje var framtidssynt nok, medan Tømmerdal
svara med at Sve truleg ikkje
hadde vore i Ålesund på ein
stund.
Det fekk Sve til å sjå raudt på
det han oppfatta som sjikane og
arroganse frå Ålesund-ordførar
Tømmerdal.
Svært lite naudsynt, meiner
ordførar Knut Støbakk.
– Dette er ikkje det regionen
vår treng no. Vi treng ein konstruktiv debatt om korleis vi
skal løyse utfordringane knyta
opp mot kommunesamanslåinga. Då vert dette heilt feil
energibruk. Dessutan synest
eg Sunnmørsposten har blåst
denne saken opp, seier Støbakk
vidare.
To alternativ
Neste veke er det eit nytt kommunestyre. Der står kommunereforma på agendaen.
– Vi kjem til å ha ei orientering om status, og for å
gi representantane eit betre
grunnlag for å ta eit standpunkt til dei modellane vi
jobbar med. For Giske ønskjer vi enten å vere ein eigen kommune, eller så ser vi
for oss ein storkommune på
Sunnmøre. Vår oppgåve vert
å leggje forholda best mogleg
til rette, slik at det komande
kommunestyret kan ta saka
i mål, rundar ordførar Knut
Støbakk (KrF) av.
Kva lurar du på?
Øy-Blikk skal starte
opp ein serie der vi
presenterer dei ulike
toppkandidatane til
dei ulike partia framfor
valet til hausten.
Rolf Hansen
[email protected]
I det høvet inviterer vi lesarane til å sende inn sine
beste spørsmål. Kva ønskjer
du svar på frå dei som aspirerer til å ta over ordførarvervet etter Knut Støbakk (KrF).
Opent
Det er knyta stor spenning til
kommunevalet til hausten, der
det førebels ikkje finst ein krystallklar arvtakar til Støbakk.
Etter 12 år med KrF - kva no?
Kven ser du helst tek over, og
kvifor? Dei neste åra vil bere
preg av mellom anna kommunereforma. Partiet som vinn
valet, vil truleg vere partiet som
legg føringane for korleis Giske
skal sjå ut inn mot 2020.
Då har storting og regjering
bestemt at reforma skal setjast
ut i livet.
Korleis ser du for deg Giske om
fem år? Er vi ein eigen suveren
kommune, eller skal Giske verte
ein del av ein større kommune?
Kva lurar du på?
Kort og godt ønskjer vi i ØyBlikk å stille dei spørsmåla
innbyggjarane lurer på.
Her er ingen spørsmål for
opplagte eller kompliserte. For
ein ordførar skal vel kunne
svare for seg, når innbyggjarane lurar på noko?
Send spørsmål til:
[email protected]
Du kan også kontakte oss på
telefon eller på Facebook.
dato til venstre
4
Torsdag 5. mars 2015
OPNING: Divisjonsdirektør Margrethe
Snekkerbakken (t.v), statssekretær i
Samferdselsdepartementet Tom Cato Karlsen
og konsernsjef Dag Falk-Petersen opna
offisielt den nye avgangshallen på Ålesund
lufthamn Vigra måndag. Foto: Rolf Hansen
Ein forsmak på kontinentet
Den nye avgangshallen
på Vigra vart opna
måndag. Med to nye
serveringstilbod, kiosk
og tax free, får dei
reisande ein liten smak
av det store utland.
Rolf Hansen
[email protected]
Dei reisande frå Ålesund Lufthamn Vigra har i lang tid trakka
forbi den nye avgangshallen
– utan å vere klar over det.
Bakom nokre veggar har Avinor
jobba på spreng for å ferdigstille
den2200 kvadratmeter store
terminalutvidinga. Det har gitt
ei kapasitetsauke i avgangsområdet, noko lufthamnsjef Tor
Hånde er svært glad for.
– No kan vi vekse vesentleg
mykje meir i talet på reisande,
før vi får ei ny utfordring knytt
opp mot kapasitet. Vi er inne
i ein konsolideringsfase, ettersom veksten har flata noko
ut. Det skulle egentleg berre
mangle etter den valdsame
veksten vi har hatt dei seinare
år. Vi kjem til å planleggje nye
destinasjonar, og vonar å ha
nye tilbod opne i løpet av eit
par år, seier Hånde.
Enorm vekst
Dette er den største terminalutvidinga på Vigra sidan opninga av det gamle terminalbygget i 1984.
Markeringa fann stad med
vitjing frå Samferdselsderpartementet. Statssekretær Tom Cato
Karlsen fekk æra av å klippe
snora, medan divisjonsdirektør
Margrethe Snekkerbakken og
Konsernsjef Dag Falk-Petersen
nøgd kunne slå fast at no var den
nye avgangshallen offisielt opna.
– Det har vorte utruleg flott
her, og Vigra har hatt ein fantastisk utvikling sidan etableringa
i 1958. Året etter var det kring
34 000 reisande. I 2009 var det
talet auka til 700 000. I fjor passerte Vigra 1,1 millionar reisande. Dette syner kor viktig denne
VEGGPRYD: Lufthamnsjef tor Hånde
og Ålesund lufthamn Vigra fekk eit
maleri av Ørnulf Opdahl i gåve av
ordførar Støbakk og Giske kommune.
Foto: Rolf Hansen
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
flyplassen er for regionen, og kor
viktig det er å få på plass slike
tiltak som denne utbygginga, sa
Statsekretær Tom Cato Karlsen
før han klipte snora.
Ein smak av verda
Når ein kjem inn i den nye
avgangshallen, får ein nesten
ei kjensle av å ha kome til ein
internasjonal flyplass ein stad
ute i Europa. O`Learys og Upper
Crust serverer mat og drikke,
medan ein stor Point Kiosk
byr på litteratur og anna ein
kan gle seg med på reisa ut frå
Ålesund lufthamn Vigra. I tillegg finst det ein Travel Valuebutikk som byr på kosmetikk
og anna til hyggelege prisar.
– Flyplassen betyr mykje for
Giske kommune som arbeidsplass og infrastruktur. Denne
utbygginga vil føre til fleire
tilsetjingar, og det er sjølvsagt
eit gode for Giske Kommune
og regionen kring flyplassen.
Dei reisande finn det meir attraktivt å vere her med den nye
avgangshallen. Kanskje dei til
og med ikkje vert så sure om eit
fly skulle verte forsinka, for eg
er svært imponert over fasilitetane som er på plass her no. Ein
får rett og slett assosiasjonar til
andre flyplassar på kontinentet,
seier ordførar Knut Støbakk.
God butikk
Luftfarta i Noreg får ingen statlege overføringar, men skal vere
sjølvfinansierande. Det skjer
mellom anna gjennom eit utvida serverings- og butikktilbod
til dei reisande på flyplassen.
Etter påtrykk frå politisk hald,
lokalt- og regionalt næringsliv
vart den nye avgangshallen
opna eit par år før tida.
Lufthamna på Vigra har hatt
ein ekspansiv utvikling i talet
på reisande dei siste åra, men
trenden har no stabilisert seg.
Rekneskapstala har vore hyggeleg lesing, der det har vore
overskot på drifta kvart år.
– Sidan 2011 er det investert
kring 300 mill her. Det er store
verdiar som skapast her i tillegg
til at dei reisande nyttar luftfart
oftare og oftare. Dette er den
viktigaste lufthamna mellom
Trondheim og Bergen. Vigra
går med overskot og bidrar til
å skape meir trafikk og vekst.
Dei held rammer og framdrift.
Det er god tradisjon for Tor
Hånde og folka kring han, seier
divisjonsdirektør Margrethe
Snekkerbakken.
I mål i mai
Heilt ferdig med utvidinga er
ein ikkje på Vigra. Dei neste
to månadane vil gå med til å
ferdigstille tryggleikskontroll
og pusse opp den gamle avgangshallen.
– Den gamle kiosken og
kafeen skal rivast, og der skal
tryggingskontrollen forlengast
og gjerast mykje breiare enn ho
er i dag. Det vil også skje langt
meir effektivt enn i dag. Kring 1.
mai er vi heilt ferdig. Då vil dei
reisande verte slusa direkte inn
hit i den nye avgangshallen. Dei
vil få ein heilt anna oppleving
av det å reise frå Vigra, avsluttar
lufthamnsjef Tor Hånde.
GÅVEDRYSS: Statssekretær i Samferdselsdepartementet Tom Cato Karlsen (t.v.) var
berre ein av fleire grantulantar måndag, der lufthamnsjef Tor Hånde fekk mykje ros.
Konsernsjef Dag Falk-Petersen (bak) var også godt nøgd med jobben som er gjort på
Vigra. Foto: Rolf Hansen
5
Sterkt møte for 9. klasse
– I openheit kjem
kjenslene fram, og folk
vågar å snakke om
ting, vi må berre tørre
å bry oss, seier Frode
Tafjord. Han er ein av
dei som løfter rusen
fram i lyset.
Foto: Rebecca Moltu Riisøen
Rebecca Moltu Riisøen
[email protected]
Camilla Tafjord døydde av
ein overdose GHB i 2007, bere
24 år gamal. Sidan det har
faren Frode Tafjord brukt all
si fritid på foredrag til skuleelevar, lærarar og foreldre.
Tysdag var 9. klasse ved
Valderøy ungdomskule samla
for å høyre det rus førebyggande foredraget frå Camilla
Tafjord Stiftelsen.
Førebygge
skal visast på NRK.
– Eg synest det er bra at han
informerer oss om kor stor
risiko det er med narkotika,
og at han vil hjelpe oss med
å unngå dette, seier Hanna
Gjendem, elev i 9. klasse.
Kvart år dør ca. 30 0 menneske av overdose i Norge.
Det er dobbelt så mange som
resten av Europa i høve til
folketal. Mange dør medan
dei venter i helsekø, fortel
Ta f jord . F le i r e e le v a r ha r
hørt den gripande historia
om Camilla, og kva Tafjord
mei ner k a n førebyg ge for
andre i same situasjon.
– Dei må få høyre det av
folk som kjenner problema
på kroppen. Eg har vert der,
eg veit kva sårheit og tårer er,
seier Tafjord.
– Verken barn eller foreldre
skal måtte oppleve det, held
han fram.
– D et er ma nge som er
uvitne der ute, påpeikar Tafjord. Siste året har det blitt
laga ein dokumentarfilm om
arbeidet og livet hans, «Ei
rose under snøen». Filmen
Foto: Birgitte Finne Høifødt
Openheit
I dei sju åra han har halde
foredrag, har positive tilbakemeldingar strauma på.
– Å halde foredrag er min
måte og overleve på – ved å
bry seg om andre, så får ein
meir igjen enn man g ir. I
openheit kjem kjensler fram
i lyset, og folk vågar å snakke
om ting, seier Tafjord.
Både folk som ha r vore
involvert og ikkje involvert
i rus, vil halde seg vekke frå
det når dei høyrer den sterke
historia. Elevane er invitert
til å skrive ned tankane sine
etter foredraget.
– Veldig bra at vi får høyre
om korleis rus verkar. Han
e r s te rk s om sn a k k a r om
dette, seier Ida Roald, elev i
9. klasse.
Frode Tafjord fortel at han
sit på f leire hundre sterke
historier frå unge menneske,
og alt blir samla i permar.
Mater ia let ver t br u k t ved
kompetansesenteret i Skien
til å utdanne folk innan rusomsorg.
Bry seg
Den sterke r ustemat i k ken
Ta f jord belyser g ir ma nge
tankevekkjarar.
– Det er ein veldig sterk
historie, og vi får lære om
konsekvensane og kven rusen
går utover. Eg synest narkotika er forferdelig , det skulle
ikkje skulle vore tillete for
nokon, seier elev Nora Roald.
– Livet er på mange måtar
som eit piano: dei gode dagane på det kvite, og dei dårlige
dagane på det svarte. Nokon
får f leire svar te tangentar
enn andre, men for å lage god
musikk treng vi begge, seier
Tafjord.
Han understrekar òg at det
er viktig å ha blikket festa
f ramover. Camilla Tafjord
Stiftelsen deler kvart år ut
Bry Seg-prisen til den som
bryr seg om samfunnet og
ungdommane i Ålesund sitt
rusmiljø. I fjor var det Blå
Kors som fekk prisen.
– Eg har brukt tid på ungdommar, sidan eg sjølv var
ein ungdom. Dei er framtida
vår. Det gjer så godt å sjå folk
som gjer gode ting for andre.
Vi må berre tørre å bry oss,
avsluttar Terje Tafjord.
Foredrage t v il også ve r t e
halde for foreldre ved Valderøy
ungdomsskule torsdag kveld.
1
Lavpris inkl. mva.
FURENE, 6100 VOLDA
Tlf. 70 04 59 90 FAx 70 06 87 70
www.koppenind.no – [email protected]
110 x 120 PVC
opningsvindu
2700,TS kr 3370,-
DK kr
120 x 120 PVC
opningsvindu
2790,TS kr 3600,-
DK kr
36 x 68 just.
pr m kr 12,50
48 x 98 just.
pr m kr 20,45
15 x 70 prof. golv/dør kvit. pr m kr 33,95
21 x 70 prof. tak kvit.
pr m kr 40,00
122x239 12 mm std. spon 1 pr pl kr 154,90
19x148 dobbelfals
1. sort. grunnet kvit
pr m2 146,70
13 mm gips std. 120x240
pr plate 90,50
12 mm foliert takplate spon
62x122
pr m2 90,20
70 mm Knauf isolasjon 037. . . . . . .pr m 2 kr 33,30
100 mm Knauf isolasjon 037 . . . . . .pr m 2 kr 46,30
150 mm Knauf isolasjon 037 . . . . . .pr m 2 kr 67,80
200 mm Knauf isolasjon 037 . . . . . pr m 2 kr 92,50
Manstad 12 mm våtrom 60x250 . . .pr plate 268,00
Manstad 20 mm våtrom 60x250 . . .pr plate 313,00
Bever tak
skygge MDF
12 x 128 x 2390 mm
Eggkvit
165,-
kr
pr m2
U-verdi =1,2
Bygg1
Kari
1200,m/ karm
kvit
7/8/9x20/21
10x21
Perle MDF
11 x 620 x 2390 mm
Eggkvit, Cafelatte
Kostmalt
Lys Toscana
kr
129,-
pr plate
Fritt levert
Fas MDF
11 x 620 x 2390 mm
EGGKVIT
Kostmalt
kr
129,pr plate
Fritt levert
Skygge MDF
11 x 620 x 2390 mm
Eggkvit, Cafelatte
Kostmalt
Lys Toscana
kr
129,-
pr plate
Fritt levert
Bygg1
Ida m/ glas
3430,m/ karm
kvit
Giskespelet 2015:
Ber ”soldatar” om å melde seg
I år har Giskespelet
20-årsjubileum. Dette
må sjølvsagt markerast,
og i helga var det rekordstort oppmøte på Giske
skule der instruktør Paul
Ottar Haga fekk møte
spente og motiverte
aktørar som kan tenkje
seg å by på seg sjølv på
scena.
Lise Istad Slotsvik
[email protected]
Endeleg er det atter ein gong
spel på sagaøya. 18. – 21. juni
kan du bli med tilbake til vikingtida, rett før og etter Heilage Olav sitt fall på Stiklestad,
for å vere meir nøyaktig. Her
kjem du til å møte mektige
menn og kvinner frå Giske
som i stor grad var involvert
i det store slaget, så dette blir
spennande for både store og
små. Men for å skape den rette
stridsstemninga, trengs det
fleire manfolk.
– Vi treng fleire ”soldatar” i
spelet, ja, så eg oppfordrar derfor mannfolka til å melde seg
som aktørar. Dei må ikkje vere
redde for å ringje oss, for vi
vil gjerne ha dei med sjølv om
vi ikkje har teke kontakt med
dei. Spesielt ønskjer vi fleire
ungdommar i statistroller.
Men born som skal vere med i
spelet, må ha med seg foreldra
sine, seier aktøransvarleg Siv
Avseth.
Mange vil vere med
Det er ellevte gongen Giskespelet vert arrangert, og i år er
det 20-årsjubileum.
– Dette ønskjer vi å markere
både for publikum og for alle
som har vore med gjennom
desse åra, seier Arne Tunheim,
dagleg leiar og styreformann
for Giskespelet.
I helga hadde instruktør
Paul Ottar Haga eit vellukka
møte med alle som ønskjer
ei talerolle i spelet. Tretti
Paul Ottar Haga er
igjen instruktør for
Giskespelet. Her i rolla
som Heilag Olav.
Foto: Lise Istad Slotsvik.
motiverte og spente aktørar
som kan tenkje seg å by på seg
sjølv på scena, møtte opp på
Giske skule søndag. Og sjølv
om ingen enno har fått tildelt
roller, så har nok Haga tankar
om kven som kan passe til å
spele Torberg, Ragnhild og
Isrid med fleire. Frå 1. juni skal
i alle fall aktørane vere klare for
øving.
Haga er i år instruktør for
Giskespelet for tredje gong, og
han har også hatt den gjeve
kongerolla eit par gongar tidlegare.
– Paul Ottar er ein svært dyktig instruktør med stor erfaring
frå ”Spelet om Heilag Olav”, der
han omtrent har vakse opp, og
det er ingen tvil om at han har
tilført Giskespelet mykje. Han
er flink til å jobbe med dyktige
og lærevillige amatørar, seier
Avseth.
Broch og Tobias Santelmann,
spelt hovudrolla med glans,
så forventningane er høge til
kven som no skal ta over etter dei. Ellen Dorrit Petersen
spelte Ragnhild Erlingsdotter
i 2013, så også her blir det
store sko å fylle. Alle desse
tre skodespelarane er for tida
aktuelle i tv-serien ”Frikjent”
på TV 2.
– Detaljane i planane vil
kome etter kvart, og når rollelista er klar, vil det bli både
pressekonferanse og oppstartsmarkering. Og då er det berre å
setje i gong og førebu seg, seier
Tunheim.
Cruisegjestar på besøk
Noko som er nytt i år, er at litt
av Giskespelet og vikingtida
skal presenterast for Disney
sine cruisegjestar som kjem til
Ålesund i juni.
– Disneyborna skal få lage
seg minne som dei får ta med
seg heimatt, fortel Avseth.
D e t bl i r e l le s i k k je de i
heilt store forandringane i
Giskespelet i år, men Avseth
kan røpe at Isrid blir meir
framtredande enn tidlegare.
Dessutan blir det kanskje litt
meir song, og forspelet og
sjølve hovudspelet blir meir
f letta inn i kvarandre. Pu-
blikum kjem også til å møte
vikingar allereie ved inngangen når dei kjem på besøk til
Giske Amfi.
– Eg må også nemne at premiera blir på ein torsdag i år,
for på fredagen skal det vere eit
arrangement der 20-årsjubileet
blir markert. Laurdagen blir
det ei framsyning, som vanleg,
og på søndagen blir det to,
seier ho.
Øy-Blikk gleder seg til å
vere med på ei magisk reise
tilbake til vikingtida, og både
sjå, høyre og kjenne lukta av
ei tid som for lengst er forbi på
sagaøya Giske.
Vil du vere vikingsoldat? Giskespelet ønskjer fleire mannfolk. Foto: Lise Istad Slotsvik
Kongerolla
Øy-Blikk spør både Tunheim
og Avseth om kven som skal
spele konge dette året, men
det vil dei ikkje røpe heilt
enno. Tidlegare har mellom
anna dei kjende og aktuelle
skodespelarane, Nicolai Cleve
Vil skape arbeidsplassar med Giskespelet
– Giskespelet har
lenge arbeidd med å
få amfiet meir i bruk
og eventuelt med å
skape arbeidsplassar i
tilknyting til spelet og
historia, seier primus
motor Arne Tunheim.
– I samarbeid med Destinasjon
Ålesund & Sunnmøre har vi
utvikla smakebitar av miljøet
og historia tilrettelagt for cruiseselskapa og invitert selskapa
sine reiseplanleggarar inn på
visning. Konseptet har blitt
strålande mottatt og vil bli utprøvd på ein del cruisebesøk no
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
i vår, når vi likevel har aktørar i
gang med øving og oppkøyring
til spelet.
”Eg er ein fryktlaus,
norsk viking!”
Følgjarar av Giskespelet på
Facebook har kan hende fått
med seg ein videosnutt der
Tunheim overset norske frasar
på uklanderleg engelsk. I tillegg til flotte bilete frå Giske
Amfi og aktørar i vikingtidkostyme er denne videoen ein
del av Disney Travel si marknadsføring av opplevinga
på Giske.
Foto:
Disney Parks på YouTube
7
Eventhallen sett frå framsida. Her er det inngang
frå begge sidene av bygget. ”Peace, love and
understanding” er gode ord å ta med seg frå eit
besøk her. Foto: Nora R. Hesseberg
Kulturelt
Tredelt opning av
Eventhallen på Giske i
helga. Øygardshamna
skal bli ein ynglestad
for kulturlivet både i og
utanfor kommuna.
Nora Marie R. Hesseberg
Dette er eit hus for alle som
jobber innan kreativ næring,
fortel Ante Giskeødegård:
– Det er utruleg stor interesse
for hallen, både frå næringslivet og reiselivsarrangører.
Ope hus søndag
Det heile starta fredag. Alle
sponsorer var invitert til opninga. Laurdag var 430 innbodne til stades, med mat og
underhaldning til gjestane som
kom frå ulike næringar innan
kulturlivet. Søndag stod dørene
opne for alle interesserte, store
og små. Her vart det bydd på
kaffe og sveler, og folk kunne
berre vandre rundt i lokala og
gjere seg kjent.
Spektakulært
Idar Giskegjerde er ein av aktørane bak «Øygardshamna.»
Han peiker mot vindauga og
seier:
– Her har vi teke inn det
spektakulære veret, og har
filmframvising frå dette. På tre
forskjellege veggar i lokalet rullar film av båra som veller fram
og bryt mot berg og strand. I
det skarpe dagslyset vart filmframsyninga litt utvaska, men
det var lett å forstå stemninga
som dei prøvde å vise fram på
denne måten.
3000 kvadratmeter
Sjølve byggeprosessen har teke
cirka eit halvt år. I helga steig
den gamle produksjonshallen
til Møre Kjøkken fram i ny
prakt. Heile hallen er på 3000
Inne i Eventhallen. Til venstre scena. I midten ei av filmframsyningane. Til høgre ser vi baren. Foto: Nora R. Hesseberg
Revysjef og leiar i laget Lene Sofie Røysset saman
med nestleiar Marthe Farstad i Johansbuda. Valderøy
Frilynte Ungdomslag er godt i gang med regien til nært
føreståande revy ”Den Raude Tråden”.
Foto: Nora R. Hesseberg
Snart klare for
Kvar laurdag vert det øvdjevnt og trutt i Johansbuda på Valderøya. Det frilynde ungdomslaget skal
arrangere revyen ”Den
Raude Tråden”, og har litt
av kvart å gå igjennom
til nært foreståande helg,
14. og 15. mars, då revyen
skal framførast.
Nora R. Hesseberg
Valderøy Frilynte Ungdomslag har
mange artige innslag og vitsar dei
vil vise fram for publikum. Her
blir det ablegøyer og sang med
mange ulike tema på vitsane:
– Vi har valt ut ting som er
morosame å halde på med, seier
revysjef og leiar i laget, Lene Sofie
Røysset (21). Saman med nestleiar
Marthe Farstad (18) var ho i full
gang med å sette opp regien for
”Den raude tråden.” Dei to driftige
jentene ynskte ikkje å røpe so
mykje av repertoaret, men kom
med nokre få tips til Øy-Blikk.
– Vi kjem med eitt nummer der
vi tuller litt med miljøet på treningssenteret, slik vi oppfatter at
det er der.» Kva dei gjer og korleis
dette skal framførast vil dei få sjå
som kjem til revyen. Skulekorpset
vil få si grad av merksemd, og ikkje
minst: fjortiser.
– Vi ynskjer å fokusere litt
på kor populært merkekleda er
blant dei unge, seier Lene Sofie.
Men, det vert ikkje berre
ungdomen som får litt i glatte
lag. Også dei eldre, gamle og
stereotype – ”som sit og pratar
om barnebarna sine” – vil få
god merksemd under revyen.
Nye i revysamanheng
14 aktive medlemar er med på
revyen. Tidlegare oppføringar
har gått annankvart år sidan
2009. Laget hadde 60 års jubileum i 2013, med ny oppstart
i 2004. Den raude tråden vil
gå gjennom heile revyen i Johansbuda, med vekslande tema.
Ungdomane, i alder frå 15 – 21,
har skrive alle tekstane sjølve.
Førebuinga starta allereide i
summar, og i laupet av hausten
var sketsjane ferdigskrevne. Ei
dato til venstre
8
Torsdag 5. mars 2015
panorama
kvadratmeter. Deler av lokala
var gjort om til kontor tidlegare, men no er også toalett,
kjøkken,og sjølve storhallen
pussa opp. Scene og lyd og lys
er på plass, og baren i hjørnet
med utsikt mot nordvest og
storhavet like utanfor.
– Det er kjekt. No er det
ferdig. Og det ser ’smashing’
ut, seier Ante Giskeødegård.
Herifrå ser vi solnedgangen og
horisonten. Huset ser fint ut,
både innvendig og utvendig,
og er ei beriking for øya. Ante
Giskeødegård kan fortelle om
mange avtaler, og ser framover
mot ei spennande tid.
Fyrste spira til Momentium
har utvikla seg frå å vere ei lita
privat sumarfestival-bedrift,
med fyrste oppstart i 2003 i
fjøra nedanfor lokala. Då var
det cirka 30 personer tilstades;
to år utan scene, eitt år med
scene. I år kjem summarfestivalen for 13. året. Dei kreative
mennene frå øya Giske starta
opp Momentium allereie i
2008.
Frå 30 deltakarar til 30
tilsette
– Det er lenge sidan vi klekte
ut idéar åleine, seier Ante Giskeødegaard, og viser til seg sjøl
og Lars Berg Giskeødegaard.
No er dei 10 tilsette og dermed
10 hovud ilag som kjem med
nye idéar. Totalt er dei cirka 30
tilsette, og har gått frå den lille
summarfesten til å bli ei heilårleg bedrift. Det gjeld festivalar,
andre arrangement, utleige
av lyd/lys, video/filminnspeling, designarar, forfattarar,
programmerarar og billettselskap. Med fellesnevnar kreativ
næring der siste tilskotet er
«Eventhallen.»
– Vi har drenert heile festivalområdet, laga til trapp og fått til
uteområdet. Her er heilt annleis
enn det var for eit halvt år sidan,
seier salssjef for «Momentium,»
Idar Giskegjerde. Salssjefjobben
har han hatt i sju år, og minnest
tilbake til 1978 då han tilbrakte
arbeidsveka for skulen i lokala
for Møre Kjøkken.
– Kven skulle tru det! Ringen er
slutta, seier han og ser seg om i
lokala som no er eigna for ulike
arrangement, som bryllaup,
workshop, konferanser eller
andre bedriftsarrangement.
Selskapslokaler
– Vi har kommet hit for å sjå.
Det er kjempeflott kva dei får
til, og fantastisk at dei får til
noko slikt på Giske. Dei er
dyktige. Det er eit panorama,
seier Synnøve Synnes frå Vigra,
som har funne vegen til lokala
saman med June Pettersen, Valderøya:
– Vi har hatt Mjølner og
Viking på Vigra, men treng
noko anna. Dette blir nye selskapslokaler for oss som er mest
interessert i nærmiljøet, og det
dei får til rundt oss.
heilt eigne idear om til realitet.
Også toaletta har blitt godt ivaretekne som
oppussingsobjekt. Her er det kunstnaren
Trine Røssevoll, busett på Valderøya, som står
for den flotte dekoren. Foto: Nora R. Hesseberg
Det flotte lydstudioet i Øygards-hamna er
lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
kjent for si særeigne og vakre plassering rett ut
i havgapet. Foto: Nora R. Hesseberg
Ante Giskeødegård og Idar Giskegjerde
tok imot gjester heile helga under opninga
av den nyoppussa Eventhallen.
Foto: Nora R. Hesseberg
Blomstrande kreativitet
Hotell som tek med gjestar og
kokker ut til øya, barnedåp eller
tilsette ved «Øygardshamna»
som gjer heile jobben; alt er
no lagt til rette for at kven som
helst kan bruke lokala. Her
kan kreative hjernar, tankeog ordsmiarar, musikarar og
filmmakarar hente inspirasjon
frå det vakre panoramaet like
utanfor vindauga, og gjere sine
or revy på Valderøya
helg med instruktør frå Noregs
Ungdomslag i oktober var med å
gi inspirasjon, for «mange av dei
som er med i laget no er heilt nye
i revysamanheng.
– Det blir intenst fram til revyen, men det går bra, seier
Lene og Marthe.
Nokre av medlemmane i ungdomslaget. Forutan Marthe H. Farstad og Lene Sofie Røysset ser vi, i sofaen: Solveig Reitan Sundnes; Maria
Rørvik; Andrea Krogsæter; Ingrid Rørvik Rønning; Antona Hauge; Jenny Farstad Blindheimsvik; Thea Farstad Blindheisvik. Medlemmane
Nora Roald, Lars Magnus Longva, Silje Alnes og Julie Dahl var ikkje tilstades då biletet blei teke. Foto: Nora R. Hesseberg
Knyte ilag den eldre og
yngre generasjonen
– Vi har blitt ein veldig samanknytta gjeng som har lyst
til å vere ilag. Alle syns det er
kjekt å halde på med dette. No
håper vi på godt publikumsoppmøte, og gler oss veldig til
revyen! Vi trur folk syns det er
kjekt med revy, især eldre menneske. Dei er litt meir vande
med det enn vår generasjon,
men vi håper at den yngre
generasjonen ser kor kjekt vi
har det, og får lyst til å bli med,
seier Lene Sofie og Marthe.
Dei vil gjerne rekruttere
medlemmar frå alle øyane i
Giske kommune, slik at ungdomslaget kan bli enno større
og sterkare, med fleire som står
isaman og har det kjekt ilag.
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
9
75 år sidan vårt øy
Ein artikkelserie om krigen i Giske kommune
Fangeleiren p
Tyskarane hadde arbeidd med
å bygge fortet på Budafjellet
ei tid, men det gjekk for seint
meinte dei. Tyskarane måtte
ha meir arbeidsfolk, og det
fekk dei frå uventa hald.
Ei gruppe på 50 til 60
russiske krigsfangar. Tidleg på
våren 1942 var dei sett i land
på kaia på Roald, og det synet
som møtte folket på Roald
då dei kom i land har mange
aldri gløymt.
Odd Egil Valderhaug
Dei russiske fangane var uthungra og
fillete då dei var slept i land på Roald.
Fangane kom i frå nordfronten og var tatt
til fange av finnane. Då dei kom i land
var dei kledd i gamle fillete uniformer av
ulik farge. Nokre var svarte medan andre
var grå. Uniformene var enten for store
eller for små. Mange av dei mangla sko
og hadde berre sekkelaser bunde rundt
føtene. Dei var så svoltne at dei år sniglar
som dei fann langs vegen. Fangane skulle
nyttast til å bygge opp den tyske leiren
mellom Budafjellet og Monlesfjellet. I dalen ned mot Heland vart det bygd nokre
åttekanta hytter av kryssfiner som dei
russiske fangane skulle bu i. Dei tynne
husa kom i land som prefabrikkerte element på Roaldskaia. Der fantes ikkje iso-
lering, heller ikkje i golvet som var laga
av same tynne materalar. Den første tida
var dei russiske fangane brukt til lossing
av byggematerialar på kaia i Roald hamn.
Det var store mengder sand, sement, stål,
piggtråd og trevirke. Fangane lessa frå båtane som låg ved kaia og opp på lastebilar
som køyrde godt og varer opp i leiren.
Folket på Roald syntes veldig synd i dei
radmagre fangane som i alder var mellom 17 og 45 år. Men tyskarane åtvara
lokalbefolkninga mot å gi dei mat, fordi
dei ikkje tolte det på grunn av at dei så
lange hadde gått på svelterasjonar. Men
folket på Roald trudde ikkje på dette og
lurte i dei mat når dei hadde ein sjanse
utan at dei tyske soldatane såg det. Men
dei fleste soldatane såg mellom fingrane
og let fangane få ta imot ein matbit i ny
og ne, medan andre var meir restriktive
og slo hardt ned folk dei som gav dei
mat. Somme gav også sko og sokkar til
dei russiske fangane. Som takk for alt dei
fekk skar fangane ut fuglar i tre som dei
gav til folk på Roald. I hamna på Roald
var det ein del kapp frå fiskebuene, haud,
sporar og innmat. Dette tok dei russiske
fangane å gøymde under frakkane sine
og år når dei kom tilbake til leiren. Men
var det oppdaga måtte dei kaste det frå
seg og fekk i tillegg ein omgang med
geværkolben. Tyskarane sett inn store
resursar for å få ferdig festningsanlegget
på Budafjellet. Når det stod ferdig gjekk
det inn i ei rekka av likande anlegg langs
heile Norskekysten. Anlegg som skulle
observere kysten og halde dei allierte
styrkane borte frå Norge. Mange lokale
hadde oppdrag for tyskarane med mellom anna transport til og frå leiren.
Mange bønder arbeidde her med hest
og kjerre og dei få som hadde skaffa seg
lastebil hadde også mykje oppdrag i leiren. I tillegg var mange unge jenter tilsett
i leiren for å lage mat, servere og vaske
dei mange brakkene. Ikkje alle såg like
velvillig på at folk jobba for tyskarane,
men dei gjorde ikkje noko ulovleg. Leiren
var godt sikra med eit minebelte mot
sjøen og masse piggtråd på land. Sentrale
personar i leiren på Vigra var Mennicke,
Albert Hasse og August Korneman. Dei
likte seg godt på Vigra og kunne ikkje forstå at lokalbefolkninga var så avvisande.
Dei var der for å hindre at Engelskmennene okkuperte landet, sa dei. Leiren på
budafjellet er eit imponerande byggverk,
og ikkje minst så er det solid, svært solid.
Bunkersane er laga med ein meter tjukke
veggar med rikeleg med armering. For
nokre tiår tilbake var det gjort forsøk på
å fjerne nokre av bunkersane, men utan
hell. Det vart prøvd med store mengder
dynamitt både inne i og utapå bunkersane, men deis tor like trygt. Løysinga
var å grave dei ned.
Eige kor
Det var ofte festar og sosiale samlingar
i leiren på Budafjellet. Og då var ofte
jenter frå lokalmiljøet og frå byen invitert utover til Vigra. Og etter kvart
oppstod det gode relasjonar mellom
norske jenter og tyske soldatar. Ja det
Tyske soldatar på oppstilling i leiren
på Budafjellet.
Tyske soldatar i leiren på Budafjellet
førte også til fleire ekteskap, men det
er ei historie som vi vil kome tilbake
til seinare. Spesielt i jula var det store
julefestar i leiren, og tyskarane hadde
sitt eige kor i leiren. Dirigent var ein
tidlegare domprost frå Køln. Koret
held også konsertar i Vigra kyrkje for
soldatar og innbedne representantar frå
styresmaktene på Vigra. Og sidan soldatane høyrde til fleire religiøse samfunn,
så var det to prestar i leiren, ein frå
kvart av dei største kyrkjesamfunna.
Det var då både julefest og gudsteneste
i arbeidsbrakka.
Fire døydde i leiren
Under tida dei russiske fangane slava
på Vigra døydde fire mann. Dei døydde nesten samstundes og tyskarane
forklarte dette med at dei døydde av
kolosforgifting, men mange på Vigra
meinte det var matforgifting. Dei fire
vart køyrde til kyrkjegarden på Olaf
E Blindheim sin lastebil. To tyske befalingsmenn var med, mellom anna
August Kornemann. Dei fire vart gravlagde på utsida av kyrkjegardsmuren ved
dato til venstre
10
Torsdag 5. mars 2015
samfunn var i krig
1940-1945 og om innsatsen til lokalbefolkninga
på Budafjellet
Tyske soldatar på kaia på Roald. Kaia var viktig for den
tyskekrigsmakta for å kunne ta i land både fangar og
materiell til leiren på Budafjellet.
Vigra kyrkje. Nokre fangar var med for
å grave ei grav som var stor nok til alle
fire, og dei vart gravlagde utan kiste,
berre inntulla i sekkestrie. Dei to tyske
offiserane trekte seg litt vekk i frå grava
og tende seg kvar sin sigar. Medan dei
dampa på sigaren lo og vitsa dei seg i
mellom. Sjåføren på lastebilen, Olaf E
Blindheim vart dårleg av det han måtte
oppleve og gjekk bak kyrkje å sette seg
ned. Tyskarane kom å henta han då det
heile var over. Så køyrde han tyskarane
og dei russiske fangane tilbake til leiren.
Han har fortalt at det under heile turen
var ei merkeleg stemning i bilen, kanskje
ei slags galgenhumor.
Tyske soldatar rundt ei kanonstilling på Budafjellet.
Etter krigen vart dei tatt oppatt og køyrd
til ei smalegrav for russiske krigsfangar.
Kanskje ved krematoriet i Ålesund, der
er i russisk krigsgrav. Men i ettertid blir
det sagt at dei russiske fangane som
hamna på Vigra var heldig samanlikna
med fangar som vart plassert andre stader i landet. Som til dømes i Trøndelag
og Nordland der tusenvis døydde under
slavearbeid med Nordlandsbana.
Albert Hasse fotografert i leiren på
Vigra. Han var ein sentral person under
opparbeiding av leiren på Roald. Han var
arkitektstudent då krigen braut ut og han
hadde ein finger med i utforminga av
leiren. Han likte seg svært godt på Vigra
og var skuffa over at lokalbefolkninga
ikkje sette pris på at dei var til stades.
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
11
--- og nye tider Av Een Ytrebø
Dette er dikt nr. 2 innsendt av ein lesar som fann dei
handskrevne dikta i papira etter mora. "--- og nye tider"
følgjer opp "Den gamle garden" som vi trykte sist veke.
Diktet er skrive av Ellen Ytrebø (f. 1904, d. 2000), fødd
Elen Johansdatter Ryssevik i Herøy. Ho skreiv mellom
anna folkelivsskildringar frå Ytre Sunnmøre og gav ut
diktsamlinga ”Runer frå livsvegen” på eige forlag i 1980.
”--- og nye tider” kan vere henta frå denne diktsamlinga,
men dette er vi ikkje sikre på. Lesarane av Øy-Blikk må
gjerne tipse oss om de veit meir!
N O M A D L S O E D o er det nye tider, og snart ingenting er som det var.
Uthusa står til nedfalls, og brakk ligg den gamle gard.
Graset visnar på rota, og åkeren den er vekk,
og gjerdet rotnar og ramlar ned, der dyra på beite gjekk.
en på ein ”liten plite” utav den gamle gard,
står der ein velhalden villa, der bur nok ein
velhalden kar.
Men nei, han laut fylgje med tida, og fekk seg eit husbanklån.
Skal ein flyge som ein har vengjer, nei då vert ein berre til hån.
et er kje snakk om å spare, og prøve å greie seg sjølv.
Nytt hus og lån det er tingen, aldri på gamalt vøl.
Fargefjernsyn og veggseksjon, og fin salong må du ha,
Og mjuke tepper frå vegg til vegg, og oljekamin, det er bra.
å må du ha bil, og helst ein ny, og garasje som høyrer til,
for no er det berre fattigfolk som ikkje har eigen bil.
Ein rasehund må du også ha, som kan stå der i band og gøy.
Han er einaste dyret på garden no, og treng hverken fjøs eller
høy.
in plen må du ha rundt huset ditt, med prydplanter
dyre og fine.
Dei får du kjøpt i eit gartneri – for slikt har no alle hine.
Poteter og grønsaker får du kjøpt, å dyrke kjem aldri på tale.
Så vert du ikke skitten på hendene, og slepp med ugras å bale.
g no har vi elektrisiteten, som vart kalla ”det kvite kòl”.
Mang ein foss vart i røyrgater lagt, som før berre
marma og mol.
Så no kan vi skru på ein brytar eller setje i ei kontakt,
anten du skal koke middagsmat, eller ei kake ha bakt.
utomatisk hushjelp har husmora fått, så no kan ho
slappe av,
og ta seg ein røyk og ein kaffikopp,
til kleda er ferdig å henge opp,
det krev hverken slit eller kav.
jåen, spaden og greipa – ingen har bruk for dei no.
Og hestesleden og vogna – no kan dei ligge i ro.
Og kua, sauen og hesten – er berre ”ein saga blott”,
Men saknar dei gjer nok dei fleste, om vi har det aldri så flott.
g borna som no skal vekse opp, i vår mekaniserte tid,
dei er det verkeleg synd i, for dei største tapet lid.
Dei får ikkje ride på hesterygg, eller kjæle med kalv eller lam.
Dei gløymer vel snart kor dei såg ut – er kje det litt av ei
skam?
ei gamle laut leve i tida som var – og dei unge lyt leve
i si.
Og ingen av oss kan skape om, tida vi lever i.
Tida som var kjem aldri att – og ho var ikkje berre god.
Om mangt vi saknar, så trur eg nok, at vi har det betre no.
M jølk og alt du på bordet treng, det kan du få i
butikken,
så får du med same ta deg ein tur, og sjå på folk i trafikken.
Og har ikkje dei alt du vil ha, så set deg berre i bilen,
Og køyr til næraste super-marked – han treng ikkje lenge på milen.
–Skrive den 3. feb. 1985
Bruk vårt lokale næringsliv
finans | rekneskap | handel | service
7-23 (9-21)
Ditt Firma
Her
Kr350
Foto: Lise Istad Slotsvik
dato til venstre
12
Torsdag 5. mars 2015
Giske VENSTRE si liste
til kommunevalet
2015
1. Britt Giske Andersen
Giske
2. Jan Ove Skodje
Godøya
3. Geirmund Oltedal
Vigra
4. Marit Vik
Valderøya
5. Sheila Alnes
Alnes
6. Ole Furnes
Godøya
7. Reidar Roald
Vigra
8. Mona Vartdal Dimmmen
Godøya
9. Marte Nordset
Giske
10. Arild Hagen Bye
Valderøya
11. Britt Elin Roald Farstad
Godøya
12. Anne Lovise Stornes
Ytterland, Vigra
13. Jon Åge Giske Andersen
Giske
14. Britt Dagny Nikolaisen
Valderøya
15. Perry Giskegjerde
Giske
16. Otto Stornes
Vigra
17. Runa Godø Sæther
Valderøya
18. Jon Arne Hildre
Vigra
Kommuneval 2015:
Giske Venstre går for ordføraren
Giske Venstre har hatt
nominasjonsmøte, og til
å leie Giske kommune
dei neste 4 åra har Giske
Venstre samrøystes valt
Britt Giske Andersen
som ordførarkandidat.
Innsendt av Giske Venstre
Britt Giske Andersen (f. 1966)
er ordførarkandidat for Giske Venstre.
Britt Giske Andersen er dermed klar for si fjerde periode
i kommunestyret, og har etter
kvart opparbeidd seg ein god
kompetanse i lokalpolitikken.
Fylkespolitikken har ho og
fått ein smakebit av, som 1.
vara til fylkestinget og Regional- og Næringskomiteen og
medlem i miljøutvalet.
I tillegg har ho fartstid i
Venstre sitt landsstyre som
ein av åtte direktevalde i to år,
og sit i dag som vara. Og sist,
men ikkje minst så vikarierer
ho innimellom på Stortinget
som 1. vara for Pål Farstad. Ho
arbeider i dag som sals- og produktutviklar ved Atlanterhavsparken – Ålesund Akvarium.
Ifølgje leiar for nominasjonskomiteen, Arne Tunheim,
så har dei fått ei solid liste med
dyktige representantar og ombod for folket i Giske dei neste
fire åra.
Dei fem neste på lista er Jan
Ove Skodje, Geirmund Oltedal, Marit Vik, Sheila Alnes og
Ole Furnes.
Alle har dei brei kompetanse, innan både skule, omsorg
og næringsliv, emne som alltid
har stått Venstre nært.
– Vi står framfor ei spanande tid, med kommunereform og stadig større krav
til kommunane, og då må vi
sette oss i førarsetet og ikkje
la oss bli overstyrte. Vi kan ikkje love gull og grøne skogar,
men vi vil gjere vårt beste,
spesielt når det handlar om
å hjelpe dei som treng det
mest og dessutan å ta vare på
folkestyret. Det som vi tek
som sjølvsagt har ikkje kome
av seg sjølv, vi har det fordi
nokon har kjempa det fram
for oss. Og det vil vi forvalte
vidare til dei som kjem etter
oss. Folk først, avsluttar Arne
Tunheim, leiar for nominasjonskomiteen i Giske Venstre.
Frå nominasjonsmøtet i Giske Venstre. F.v. Jon Åge Giske Andersen, Geirmund Oltedal, Otto Stornes, Britt Giske Andersen, Ole Furnes, Jan
Ove Skodje, Anne Lovise Stornes Ytterland, Marit Vik, Marthe Spjelkavik Nordset, Britt Elin Roald Farstad, Arild Hagen Bye og Jon Hildre.
Tverrpolitisk liste
for Giske
Ved kommunevalet
i haust kjem det ein
tilvekst til partilistene.
Pressemelding
Tverrpolitisk liste for Giske
er under etablering, og på
eit ope møte på Solbakken
skule 12. mars skal både lista
og programmet ferdigstillast.
Alle innbyggjarar i Giske
kommune som ynskjer å påvirke kommunen si framtid, og
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
som ikkje vil arbeide innanfor
dei tradisjonelle partia, får no
dette tilbodet om å vere med på
å styre utviklinga i Giske i åra
framover.
Ei rekke gode kandidatar og
medspelarar har alt sagt ja til
å vere med, men det er enno
bruk for fleire til å vere med i
arbeidet for å sikre kommunen
praktisk og økonomisk handlingsrom framover. Vi er difor
interessert i at endå fleire vil
stille opp, og kome med forslag
til fleire gode kandidatar, seier
ein av initiativtakarane, Olav
Sindre Roald.
Den grunnleggjande ideen
bak lista er at pleietrengjande
og skuleelevar må vere førsteprioritet i kommunen. Med
den store gjeldsbøra Giske
Kom mu ne ha r, k revst det
strenge prioriteringar framover, både når det gjeld investeringar og drift. Det er her
Tverrpolitisk liste for Giske ser
at det trengs nye krefter og nye
initiativ.
Olav Sindre Roald (tidl. Giske Høgre) er ein av initiativtakarene til
den nye tverrpolitiske lista. Arkivfoto
13
Lenge leve Janteloven!
Det anonyme leserinnlegget i forrige ØyBlikk
slo ikke bare som en
knyttneve i ansiktet,
men som et realt spark
under beltestedet. Jeg
må ærlig innrømme at
jeg gråt i et par dager.
At det er tøft å lykkes – det
visste jeg. Men at det var slike
ting som dette som ventet
meg – det var jeg ikke helt
forberedt på.
Både jeg og min gode venninne og kollega Lene A.
Nilsen reagerte på måten en
anonym kan få en helside
i en lokalavis, der han/hun
etter vår mening går langt i
å hevde at det vi holder på
med er juks og fanterier – og
på grensen til ulovlig. Dette
er svært drøye antydlinger å
komme med uten at vi i første
omgang fikk mulighet til å
kommentere dette. Så i den
grad Øy-Blikk kan kritiseres,
så rettes vår kritikk mot at
dette anonyme leserinnlegget
i det hele tatt ble trykket. Og
vi opplyser også om at det var
avisen selv som tok kontakt
med OSS for å få en artikkel
om dette positive tilbudet
som BootCampen faktisk er.
Innlegget inneholder flere
faktafeil, men stemningen
på våre eventer avstår vi for
å måtte forsvare. Fornøyde
mennesker skaper nødvendigvis positiv steming og energi.
Vi beklager at dette virket
provoserende og støtende.
Eqology er et norsk børsnotert selskap som ble etablert
i 1998. Bransjen er Network
Marketing som er en bransje
som har eksistert i over 100år.
Vi finner det meningsfullt
og spennende å jobbe med
forebyggende helse og trening
gjennom et selskap som blir
sett på som en sterk underdog
i forhold til de amerikanske
selskapene som råder markedet. I Norge er det over 85 000
konsulenter/partnere tilknyttet denne bransjen som bare
i Norge omsetter for over 1,3
milliarder. Vi har bikket 2015,
og måten å selge/kjøpe varer
og tjenester på er i dag annerledes enn det var for 10-20 år
siden. Ta for eksempel fremgangen i netthandel. Så ja, det
stemmer at vi tjener penger på
å selge en vare. Slik som 100%
av alle andre som selger en
vare eller tjeneste. Men vår visjon er at våre kunder på feks.
EQ shake skal oppleve å få
den beste oppfølgingen sammenlignet med hvilket som
helst produkt – kjøpt hvor
som helst, når som helst! Vi
har kjempemange fornøyde
kunder som gir oss den trygghet om at den jobben vi gjør,
med de produktene vi har,
er god. Helse ER i dag business, så fortige ukes overskrift
kan like gjerne stilles til alle
Apotek, treningssentre, helse
bloggere, kostholdskurs, le-
gemiddelindustri, Personlige
Trenere, helsekostbutikker ect
etc.
BootCamp er forsatt et
gratis tilbud til alle som ønsker å benytte seg av dette. Et
tilbud vi bruker vår fritid på,
og ikke tjener en krone på.
Ideen sprang ut i at vi ønsket
å tilby trening til våre kunder,
men fordi vi synes det var
vanskelig å utelukke noen,
valgte vi å gjøre dette gratis
for alle – kunde eller ei. Og
som innflytter til kommunen,
var det en fin anledning til å
bli kjent med flere på øyene.
Vi jobber knallhardt, og
heldigvis har støtten fra folk
som kjenner oss, folk som er
kunder hos oss og folk som
er på BootCamp vært massiv etter fredagens anonyme
innlegg! Da vi tok en prat om
dette på ukens BootCamp så
var damene der like sjokkerte
som oss, og sa at de er takknemlig for den jobben vi gjør
på BootCamp og syns dette er
et gøyalt, sosial og effektivt
lavterskeltilbud! Vi hadde
tidenes treningsøkt denne
mandagen!
Pulsen har heldigvis senket
seg og vi er om mulig enda
mer stolte over den jobben vi
gjør både i lokalsamfunnet
med å gi spreke damer et gratis treningstilbud, samt den
jobben vi gjør i et selskap der
vi får være med på å gjøre folk
gode!
til og med gjennom deler av
Ålesund for å kome til absolutt alle andre kommuner
landevegen. Å tenkje seg å
gå inn i ei landkommune
sammen med kommunane i
indre strøk, utan at Ålesund
også er med, verker for meg
fullstendig malplassert. Målet
bør i såfall vere ei kommune
beståande av – minst – Sula,
Skodje, Giske og Ålesund.
Eg er ikkje akkurat glad
for evt. å måtte gje slepp på
Giske kommune som eining.
Det er lett å sjå ulemper, men
i praksis er det ikkje vi som bestemmer spelereglane. Og det
finst nok positive sider også.
F.eks. på næringslivssida. Eg
minnest frå tidleg i 1970-åra,
då Åsane, Fana, Laksevåg og
Arna slo seg sammen med
Bergen. I åra etterpå vaks
Kokstad/Sandsli-området like
nedanfor Flesland flyplass til
å bli viktigaste næringslivsområdet i Bergen. Forståsegpåarar har hevda at det ikkje
hadde skjedd utan at heile
regionen var samla i ei kommune.
Kan hende kunne vi få
fylt opp både Gjøsundet og
flyplassområdet og meir til.
Igjen takk for all støtte, ros og
gode ord vi har fått!
We love you!
Kjære Jantelov - kom og bli
med på Bootcamp.
“Hvorfor sitte inne når alt håp
er ute!”
Lene og Connie
- velkommen til BootCamp
Kommunereforma:
Kvar høyrer vi til?
Salige Henrik Ibsen hadde ord for det meste,
og han synest framleis
å vere aktuell. «Hvor
utgangspunktet er galest, blir titt resultatet
originalest», heiter det i
Peer Gynt. Og det kunne godt
ha vore sagt i dag også, om
mange ting. F.eks om mange
av dei reformane som stadig
dukker opp.
Kommunereforma er ikkje noko unnatak i så måte.
Der er det i praksis berre gitt
eitt fasitsvar; alle kommuner
skal ha minst 15.000 innbyggarar, elles…. Kva desse
kommunane skal stelle med,
arbeidsfordeling kommune/
fylke/stat, er ikkje fortalt. At
kommunane, dvs. ordførarar
og rådmenn, heilt tydleg er
rådlause og hoppar frå tue til
tue, er lett å forstå. Ord som
byskrekk og Ålesundsarroganse svirrar i lufta, og den ferske
ordvekslinga mellom Frank
Sve og Bjørn Tømmerdal var
neppe det diskusjonen hadde
mest bruk for akkurat nå.
Giske kommune har på
papiret fleire alternativ. Å
fortsette som før er visst enno
muleg, dersom vi er villige til
å ta den økonomiske belastninga som er varsla å følgje
med. Ein samla kommune på
nordre Sunnmøre er muleg,
men etter mi meining p.t.
lite sannsynleg. Ein landkommune og ein bykommune er
kan hende mest sannsynleg,
og i såfall må Giske kommune
finne sin plass. Ålesund kan
utfrå størrelsen heilt klart
fortsette åleine som i dag. Og
ordføraren vår har sagt at skal
vi ilag med Ålesund, må det
vere sammen med fleire, for
å vege opp for «bydominansen».
Eit viktig poeng for å ønskje større kommunar, var å
lage større og meir naturlege
bu- og arbeidsmarknadsområder. For vår kommune sin
del, så er det ingen tvil: Det
er Ålesund som er vår viktige nabokommune. Vi må
Hans Petter Godø,
Godøya
Auka støtte til gründerar i Møre og Romsdal
No kan endå
fleire gründerar få
økonomisk støtte til
bedriftsetablering
gjennom hoppid.no.
Pressemelding
Tysdag 3. mars gjekk Regionalog nær i ngsut va let/f yl kes politikarane inn for å auke
hoppid.no-midlane frå 2 til 3,5
millionar kroner, øyremerka
uttesting av forretningsidear.
L e ia r for g r ü nde rhje lpa
hoppid.no, May-Britt Roald,
er glad for at hoppid.no kan
hjelpe endå fleire gründerar
i gang.
– Ei slik økonomisk støtte
kan bety eit ‘vere eller ikkje
vere’ for bed r i f ta. Vi veit
at det er utruleg viktig å få
avklart ei rekke spørsmål i
startfasen, og at denne støtta
kan vere avgjerande for om
dei kjem seg gjennom dei
første k revjande åra, seier
Roald.
Låg terskel
hoppid.no er aleine om å tilby
ei ordning som rettar seg inn
mot den spede oppstartfasen.
No syner ei fersk spørjeundersøking at 80 % av verksemdene
som fekk støtte i 2013, framleis
er i drift. Over halvparten
meiner at midlane har hatt
stor eller svært stor effekt for
vidare satsing og vekst, og at
dei har bidrege til å avklare
spørsmål kring organisering,
marknadspotensiale, lønsemd
og vidare vekst.
– Ordninga er tilgjengeleg for
alle gründerar i heile Møre og
Romsdal, seier Roald.
33 av 36 kommunar i fylket
har hoppid.no-kontor, og dei
3,5 millionane skal fordelast på
desse. 500.000 kr er øyremerka
kreative næringar. Gründerane
kan søke om støtte på opp mot
30.000 kr. I fjor fekk 161 gründerar hoppid.no-midlar.
I år har også Innovasjon
Norge auka etablerarstøtta til
gründerar med vekstpotensiale
og høg innovasjonsgrad.
Gründersatsing
hoppid.no er Møre og Romsdal
fylkeskommune si satsing på
entreprenørskap. hoppid.nokontora tilbyr gratis råd og
rettleiing, tilbod om kurs og
opplæring, råd om tilskot og
finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging.
I tillegg legg hoppid.no til rette
for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i
skulen.
dato til venstre
14
Torsdag 5. mars 2015
Dagleg leiar Svein Aasemyr er glad for samarbeidet med danske
Vestergaard Marine Service. Foto: Giske Servicebase AS.
Giske Servicebase AS vert halvt dansk
Tre år etter at Svein
Aasemyr frå Valderøya
etablerte Giske
Servicebase AS utvidar
selskapet eigarkrinsen.
Danske Vestgaard
Marine Service har kjøpt
49 prosent av aksjane.
Kristoffer Oftedal
Dagleg leiar Svein Aasemyr
etablerte Giske Servicebase AS
i februar 2012, med fokus på
service og vedlikehaldsoppdrag
til den maritime industrien.
I september 2014 flytta selskapet til Ålesund, og no er
eigarkrinsen utvida med det
danske selskapet Vestergaard
Marine Service A/S, som driv
internasjonal verksemd med
systerselskap i både Norge,
Danmark og Brasil.
Kompetansestyrking
Giske Servicebase har spesialisert seg innanfor stål, aluminium og rustfritt samt reparasjon
og vedlikehald av dekksutrustning og anna driftsutstyr. Dei
seier dei no blir styrka med
med eigarskapsutvidinga, ikkje
minst innanfor motorservice
og -reparasjon, som er noko av
kjernekompetansen til Vestergaard Marine Service.
– Det har heile tida vore
ein del av strategien vår å
kunne tilby kundane våre den
rette kompetansen. Vestergaard
Marine Service er den beste
aktøren å samarbeide med for
å styrke tenestene våre på mekanikk, seier Svein Aasemyr i
ei pressemelding.
Komplett service
Målet er å kunne tilby komplett service på maskineri, og
her har Giske Servicebase fylt
eit tomrom etter at ein større
aktør valde å forlate Ålesundområdet.
– Med eigarskapsutvidinga
vil Giske Servicebase både utvide kompetanseområdet og auke
talet på ansatte med mekanisk
bakgrunn, seier Svein Aasemyr,
som sjølv har 30 års erfaring
innanfor den maritime servicebransjen.
Strategisk satsing
Adm. direktør i Vestergaard
Marine Service, Morten Vestergaard, ser i stor grad medeigarskapet i Giske Servicebase som
ei strategisk satsing.
– For oss handlar det også
om å vere til stades i eit område
der fleire av Vestergaard Group
sine kundar blant offshore-rederia har base. I tillegg har Ålesund eit sterkt cluster av trålarar
samt ein del nybyggingsverft,
som kan opne for utvikling av
den samla marknaden vår, seier
Morten Vestergaard.
Eigarskapsutvidinga kom i
stand ved ein aksjeemisjon, og
aksjefleirtalet er stadig i norske hender etter at Vestergaard
Marine Service har teke over 49
procent av aksjane i Giske Servicebase. Den fyrste kontakten
vart formidla via VMS SafePort,
eit norsk systerselskap under
Vestergaard Group, som held til
på Mongstad nord for Bergen.
JubileumsÅr med jubileumsMål
I løpet av 16
direktesendte timar har
Radio Sentrum som
mål å samle inn 300
000 kroner under årets
RadioGiv tysdag 10.
og onsdag 11. mars, i
anledning radioen sitt
jubileumsår.
pressemelding
– Radio Sentrum feirer i år
30 år, og i det høvet vil årets
RadioGiv ha eit jubileumsmål
om å samle inn 300 000 kroner
i løpet av 16 sendetimer, fortel
dagleg leiar Ragnhild Kristine
Vartdal Espelund.
 Victor Haram som mange
kjenner spesielt i frå programmet
Kaffipausen. Han blir òg å høyre
under RadioGiv.
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
Radio Sentrum sender 71 timer
i veka over heile Sunnmøre.
Lyttarane er i tillegg til på
Sunnmøre via FM, lyttarar
frå heile landet som lyttar via
internett og TuneIn (app for
telefon). Radioen er drifta økonomisk på givarane sine gåver,
og kvart år er to dagar sett av til
ein iherdig innsamlingsaksjon.
– Det er kostbart å drive
radio, og det er ikkje kjekt å
spørre om økonomisk støtte
gjennom heile året. Det vil heller ikkje dei som gir at vi gjer.
Derfor har vi to dagar som vi
kallar for RadioGiv, der vi har
16 sendetimar direkte der fokuset er å samle inn pengar til
drifta av radioen. I år er målet
sett høgare enn i fjor, det er i
tillegg eit kjempehøve til å feire
eit 30 års jubileum for radioen,
seier Vartdal Espelund.
Nytt av året
I løpet av to dagar med sending, mange gjestar i studio
og stor muligheit til å støtte
radioen, kan det for mange vere
kjekt at det i år er nye overraskingar for lyttarane.
– I år er vi så heldige at vi
har fått fleire forretningar og
attraksjonar på Sunnmøre til å
sponse oss med flotte gåvekort
som vi vil trekke mellom dei
som er med å gi til radioen. Det
er vi svært takksame for, og det
blir ein gest tilbake til alle som
er med og støtter radioen, seier
Vartdal Espelund.
– Ei oppfordring til alle er å
lytte til radioen også desse dagane, tysdag 10. og onsdag 11.
mars. Vi sender 16 timar direkte
desse to dagane, frå morgon til
kveld. Spanande gjester, flotte
gåvekort, og ei kjempemuligheit til å støtte Radio Sentrum,
avsluttar dagleg leiar.
 Ragnhild Kristine Vartdal
Espelund er Radio Sentrum sin
nye daglege leiar og starta
1. februar i år.
15
Susanne mot siger i vintercupen
Susanne Jenny Avseth
(16) frå Giske ligg
godt an til å vinne
Vestnes Islandshest sin
vintercup.
Ho vart tatt ut på landslaget
for å representere Noreg, under Feif Youth Cup på Island
i september i fjor. Der fekk
Giske- jenta den beste norske
plasseringen med ei bronsemedalje i V4 (gangartsriding,
der god og presis riding vert
premiert), og ekspertar skildrar Avseth som eit spen-
nande talent.
Vidare fekk ho ein 5. plass
i Trail (gymkana, liknande
øving med diverse utfordringar å løyse for hest og ryttar
saman), ein 7. plass i flaggritt
(eit løp på tid der flagg skal
plukkast frå bøtte i fart og settast ned i neste bøtte to gonger)
og ein 7. plass i lett tølt klasse.
Rolf Hansen
[email protected]
Cupen går over tre stemner, der
det siste finn stad neste helg.
Då vert det også kåra samanlagtvinnarar.
Etter dei to første stemna i
januar og februar ligg 16-åringen svært godt an til å vinne
4-gang klassa.
I januar vart det 1.plass i
4-gang med poengsummen
6,20, og 1.plass i tølt- klassa
med poengsummen 5,67.
Under del 2 i februar vart det
ein ny siger i 4-gang klassa på
hesteryggen til Vinda med poengsummen 6,40. Vidare vart
det ein 2.plass i Tølt 1 Ungryttar med poengsummen 6,45.
I tillegg fekk ho ein 9. plass
med hesten Blida i V2-klassa
med poengsummen 4.97.
Pendlar
Susanne er frå Giske, men har
treningsbase hos Stall Wenaas
på Vestnes. Der trener 16-åringen fleire gonger i veka.
Under stemnet i februar vart
ho kvalifisert for Noregsmeisterskapen saman med hesten Vinda.
Suksess på hesteryggen er
ikkje noko nytt for 16-åringen.
SUKSESS: Susanne Jenny Aveth (16) frå Giske
ligg godt an til å vinne Vintercupen til Vestnes
Islandshest. Avseth er ein av dei mest lovande
ryttarane i landet i si klasse. Foto: Arild Haddal
Klart for cup i Vigrahallen
Til helga er det cup for
G16-lag i storstua til
Vigra IL.
Rolf Hansen
[email protected]
Den driftige fotballgruppa i Vigra IL slår til med ny fotballturnering vinterstid. Denne gongen
er det sjuar-fotball for G16-lag.
– Førebels har vi elleve lag
melde på, men vi vonar å få inn
nokre etternølarar på overtid,
seier Svein Slyngstad.
Sjeldan
Turneringa startar opp tidleg
laurdags morgon med dei innleiande rundane. Siste kamp i
gruppespelet er i mål til rett før
barne-tv-tid.
Slutspelet startar opp søndag
morgon, der finalen vert spelt
eit stykke ut på ettermiddagen.
– Det ventar ein stor pokal til
vinnaren. Det er god kvalitet på
laga som er med, og vi har fleire
påmelde i år enn til same turnering i fjor. Då fekk vi unna alt
på ein dag. Det er ikkje mange
klubbar som kan lokke med
sjuar-bane innandørs i sommarlege tempereturar i mars
månad, skryt Svein Slyngstad.
Samarbeidslaga er med
SAMARBEID: Vigra IL og Ellingsøy IL har eit samarbeid om mellom anna felles G16-lag. Der stillar dei med to lag i
eigen cup i Vigrahallen til helga. Her ser vi eit bilete frå ein kamp i G11-klassa i fjor, der Ellingsøy og Vigra spelte på
Nes Stadion. I denne klassa har klubbane eit treningssamarbeide. Foto: Rolf Hansen
Vigra IL og Ellingsøy IL har
eit utvida samarbeide på fleire
aldersklassar, der dei to klubbane stiller eit felles lag på G16
mellom anna. På yngre lag er
det felles treningar, og begge
partar synast godt nøgde.
Samarbeidslaget mønstrar
to lag til cupen i helga, der
Valder også er melde på med
to lag. Godøy kjem med eitt.
Elles kjem det reisande frå Ørsta, medan resten av laga er frå
Ålesund-området.
Her vert det med andre ord
fleire lokaloppgjer, høg temperatur og ekte fotballglede.
Seriestart
A-laget til Vigra rykka opp frå
5. divisjon i fjor, der Kennet
Kjevik aleine stod for 55 mål
- eller om lag halvparten av
måla til Vigra i serien. Så langt
i vinter har angriparen vore ein
del skada.
I treningskampane har det
vorte to sigrar og eit tap. Mot
Ellingsøy på Nes Stadion vart
det siger 4 -3, og det same
resultatet vart det borte mot
Blindheim. Begge dei laga skal
spele i 5. divisjon i år. Mot
Rollon vart det tap 3-6.
For Vigra sin del vert den
største utfordringa få forsvarsspelarar. Framover i bana ser
laget sylkvast ut, med ein
rek kje målfarlege spelarar.
Bakover har ein i vinter omplassert folk for å få dekt inn
forsvarsrekka.
Vigra serieopnar borte mot
Larsnes/Gursken laurdag 18.
april.
dato til venstre
16
Torsdag 5. mars 2015
FOLK
Jan Ove Skodje
Alder:53
Yrke: Bagasje-stuer i SAS,
Ålesund Lufthavn, Vigra
Kva er ditt beste minne frå barndomen?
– Å få vekse opp på Roald. På ein liten
plass. Eg hadde det trygt og godt der. Spelte
fotball og klatra i tre.
Korleis var du som tenåring?
– Det var fotball, leik og moro. Men mest
fokus på fotball. Eg var vel som tenåringar
flest. Veldig oppteken av friidrett, fotball
og volleyball. Dans og fest var ikkje tema
for meg.
Dersom du skulle velje eit anna yrke,
kva kunne du tenke deg?
– Å vere helikopterpilot. Eg er veldig fascinert av helikopter, og angrar storleg på at
eg ikkje tok utdanninga.
Kva bruker du fritida di til?
– 60 prosent bruker eg som formann i
Godøy idrettslag og trenergjerning. Elles er
eg fast kommunestyremedlem for Venstre,
og siste 40 prosent går til politikken.
Korleis er du på kjøkkenet?
– Elendig, mildt sagt, men føler eg er veldig
flink til å vaske opp og rydde kjørel. Å lage
mat er eg svært dårleg på. Når eg lagar noko
so flirar ungane.
Kva er ferien du drøymer om?
– Feiring i Karibien med familien. Har vore
der eindel, som ungkar og spellemann,
men kunne tenkt meg tur med seglbåt der
vi bada og kosa oss. Seglbåtferie ser eg på
som ein fantastisk fin form for ferie.
Kva musikk høyrer du helst på?
– Eg er ”altetande”. Klassisk. Kormusikk.
Pop og rock. Det spelar ikkje noko rolle,
berre det er i rette settingen.
Spelar du eit instrument sjølv?
– Nei, men angrar bitterleg på at eg ikkje
lært meg det. Især gitar. Det syns eg er
fantastisk flott instrument å høyre på –
når folk er dyktige å spele. Dette er ein av
Sivilstand:Gift
Familie: 3 barn
Bor:Godøya
dei tinga eg prøver å få ungane til å lære å
forstå. No prøver gutungen min å lære seg
gitarspel, og han er veldig engasjert.
Korleis held du deg i form?
– Eg hadde eit lite uhell med ein fot. Difor
er eg litt begrensa for tida, men prøver å
sykle og gå turer so ofte eg kan. Og vere
aktiv innanfor rammene. Eg blir nok ikkje
våt på ryggen av å jogge, men går tur på
fjellet når moglegheita er der. Elles prøver
eg å passe på kosthaldet.
Har du grøne fingrar?
– Nei, det har eg overlete til fruen. Men, eg
deltek. Prøver å hjelpe ho litt, og bidra so
godt som eg kan på det feltet. Men frua står
for vala når det gjeld plassering og vatning.
Kva les du?
– Om det som har skjedd. Difor fylgjer eg
godt med på nyheitene. Romanar og slikt
engasjerer meg ikkje. Det blir stort sett avislesing. Sunnmørsposten les eg frå perm
til perm, både politikk, leiar og sportssider.
Og so les eg Øy-Blikk. Der er det mykje
bra stoff. Eg må lese noko som er sant; frå
verklegheita, og fylgjer til dømes godt med
på Tungtvannsserien. Har lest boka, og alt
det som har skjedd i den saka.
Kva forhold har du til sosiale media
som Facebook, Twitter og Instagram?
– Har ikkje nokon app på telefonen. Ser
over facebook av og til, men er ikkje aktiv.
Les, men skriv svært lite sjøl.
Kva er det beste ved å bu i Giske
kommune?
– Mangfaldet. Vi har idrett, og vi har turterreng. Dette er ei god kommune å bu i. Vi har
mykje, og svært lite å klage over. Her er korte
avstandar, god tenestedekning og legetilbod.
Kva saknar du i Giske kommune?
– Symjehall. Ein ordentleg god symjehall.
Vi er ein maritim kommune med hav på
alle kantar, og eg saknar at ungane får lære
seg å symje.
Kva meiner du om kulturtilbodet i
Giske?
– Eg sit i kulturkomiteen sjøl, og syns vi har
eit veldig bra kulturliv med stort mangfald.
Men, eg ynskjer at kommuna hadde fått
litt meir midler å bruke til dette formålet.
Bruker du ofte kulturtilbodet i Ålesund?
– Av og til.
Stemmer du ved kommune– og
stortingsval?
– Ja, på begge to.
Bør Giske halde fram som eiga kommune
eller bør vi slå oss saman med andre?
– Vi er tungt inne i debatten no, so både
ja og nei. Usikkerheita rår på kven det blir
aktuelt å eventuelt slå seg saman med, og
kva retning vi tek. Eg trur vi klarer å stå
åleine som kommune..
Kva kommune kunne det vere mest naturleg å slå seg saman med, om det vart
naudsamt?
– Ålesund. Naboane er jo dei næraste å
gå til, og det er naturleg for meg at vegen
går dit.
Kva er du opptatt av akkurat no?
– Kommunesamanslåinga! Det opptek
meg dagleg. Eg samler informasjon, og
snakker med folk. Både her, på Vigra,
Valderøya og Giske. Eg spør kva dei trur
om dette, og prosessen omkring. Det er
naudsamt at folk på alle fire øyane engasjerer seg i dette store valet som skal takast,
og få med andre sitt syn på saka. Det er
svært viktig at dei ikkje kjem i ettertida,
når det er for seint, men brukar stemma si
no. Folk må snakkast og meine noko! Då
blir det lettare for politikarane å fremje
folket si røyst.
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
17
Omsetnad av eigedomar i Giske kommune
Andel av Rikkavegen
24 (Gnr 127, bnr 239,
seksjon 2) er overdrege for kr 1.875.000 frå
Maria Elizabeth Marthinussen til Kay Ove
Hafsås (30.01.2015)
A nde l av Gn r 12 6,
bnr 263 er overdrege
frå Anna Helene Alnes,
Arna Ingeborg Alnes,
Bi r ge r Joha n A l ne s,
Ketil Elias Alnes, Leif
Steinar Alnes, Ove Laurits Alnes, Svein Arne
Alnes og Linda Elin Alnes Optun til Ivar Otto
Alnes (30.01.2015)
Gj ø s u nd r e m a ne 10
(Gnr 7, bnr 16 4) er
selt for kr 3.000.000
frå Brian Strømsholm
til Elias Arne Blomvik
og Shelly Kay Blomvik
(02.02.2015)
Gnr 1, bnr 567 er selt
for k r 1.350.0 0 0 f rå
Mats Mikal as til Trond
Håkon Schaug-Pettersen (02.02.2015)
Gjerdevegen 147 (Gnr
130, bnr 8) er overdrege frå Inge Olger
Giskegjerde til Oddny Klara Giskegjerde
(03.02.2015)
Overdraginga omfattar
også Gjerdevegen 163
(Gnr 130, bnr 9)
Pedersen og Stein Pedersen (06.02.2015)
Overdraginga omfattar
også Gnr 185, bnr 184
Øvre Nordstranda 58
(Gn r 183, bn r 595)
er selt for kr 860.000
frå Malvin Leif Nordstrand til Erlend Giske ø degå rd Hol m og
Kariann Giskeødegård
Holm (06.02.2015)
Ivateigen 15 (Gnr 6,
bnr 278) er selt for kr
1.900.000 frå Borislav
Aleksandrov Dimitrov
til Elisabeth Johansen
og Ha l lva rd West ad
(06.02.2015)
Andel av Markevegen
10 (Gnr 1, bnr 468) er
selt for kr 300.000 frå
Ragnhild Roald til Helene Roald Skau og Karl
Isak Skau (06.02.2015)
Overdraginga omfattar også Gnr 183, bnr
1184
Overdraginga omfattar også Gnr 183, bnr
1224
Overdraginga omfattar også Gnr 183, bnr
1225
Overdraginga omfattar
også Skomakarvegen
20 (Gnr 183, bnr 1227)
Leitebakken 27 (Gnr
124, bnr 290, seksjon
1) er overdrege for kr
1.350.0 0 0 f rå Yng ve
Oterhals til Henriette Malen Alnes-Støylen og Vegard Støylen
(09.02.2015)
Salet omfattar også andel av Gnr 1, bnr 469
Trollhaugane 16 (Gnr
186, bnr 631) er selt
for k r 3.590.0 0 0 f rå
Fleher Boliger as til Karolina Anna Dejewska
og Frode Lars Rørvik
(10.02.2015)
Gnr 183, bnr 7 er overd rege f rå Herd is Jo hanne Lervik til Arnv id Sigbjør n L er v ik,
Per Ing mund L er v ik
o g To r s t e i n L e r v i k
(31.12.2007)
Gnr 188, bnr 135 er
selt for kr 1.750.0 0 0
frå Mona Berit Ytterland til Elias Skjong
Valderhaug og Ove Johan Godø Valderhaug
(26.06.2013)
S a le t om fat t a r ogs å
Gnr 188, bnr 136
Overdraginga omfattar
også Gnr 2, bnr 71
S a le t om fat t a r ogs å
Gnr 188, bnr 147
G n r 1 2 7, b n r 2 51
er selt for kr 10.0 0 0
frå John Helge Giske
til A xel Njord Giske
(16.02.2015)
Gnr 125, bnr 58 er
overdrege for kr 20.631
til Staale Arvid Brungot
(19.05.1989)
Overdraginga omfattar
også Gnr 125, bnr 59
Gn r 125, bn r 57 er
overdrege for kr 78.450
frå Giske kommune til
Staale Arvid Brungot
(09.05.2014)
Andel av Syvermarka
15 (Gnr 185, bnr 377,
seksjon 3) er overdrege
for k r 2.20 0.0 0 0 f rå
Julie Gåsdal Wollstad
til Oddgeir Wollstad
(11.02.2015)
Molnesvegen 386 (Gnr
2, bnr 7) er overdrege
til Jakob Helge Molnes
(24.01.1970)
Overdraginga omfattar
også Molnesvegen 381
(Gnr 2, bnr 64)
Overdraginga omfattar
også Gnr 2, bnr 67
Jovegen 29 (Gnr 183,
bnr 194) er selt for kr
3.400.000 frå Christina
Jensen Christiansen og
Kim Iversen til Oksana Valerijevna Sjadjuk
(18.02.2015)
Gnr 183, bnr 849 er
overdrege for kr 3.000
til Gunn Kristin Uggedal Røysset og Ronny
Røysset (01.08.1988)
Gnr 124, bnr 269 er
overdrege til Geir-Arne
Dyb (08.10.1979)
Hamnevegen 16 (Gnr
6, bnr 81) er selt for kr
2.000.000 frå Asbjørg
Helene Hagen til Elisabeth Merete Hagen Fagerheim og Inge Johan
Fagerheim (20.02.2015)
Postvegen 630 (Gnr
1, bnr 117) er selt for
k r 540.0 0 0 f rå Henning Johansen til
Rønnaug Sissel Roald
(22.07.2005)
S a le t om fat t a r ogs å
Gnr 1, bnr 297
A nd e l av G n r 18 6 ,
bnr 393 er selt for kr
137.500 frå Kurt Skjong
til Johan Karsten
Skjong (24.02.2015)
Niklamarka 10 (Gnr
189, bnr 174, seksjon 4)
er selt for kr 2.175.000
frå Stian André Kolaas
til John Kåre Drabløs
(24.02.2015)
A nde l av Gn r 18 5,
bnr 364 er overdrege
frå Ellinor Alstadsæter,
Anne Marie Monsrud,
A rlin June Sundnes,
Glenn Arve Sundnes,
Kevin André Sundnes
og Siv Oddrun Sundnes
t i l A sbjørg Su nd nes
(25.02.2015)
Ågnegjerdet 22 (Gnr 1,
bnr 579, seksjon 8) er
selt for kr 2.000.000 frå
Mikal Rafael Molnes til
Randi Birgitte Kleivan
(26.02.2015)
Kjelde: Statens kartverk
Valderhaugstranda 10 (Gnr 185, bnr 139) er
overdrege frå Olga Eline Pedersen til Bjørn Pedersen
og Stein Pedersen (06.02.2015)
N o r d s t r a n d a 10 C
(Gnr 183, bnr 1187,
seksjon 1) er selt for
k r 2 .4 9 0 . 0 0 0 f r å T
Tryphon Eiendom as
til Anders Godø Dyb og
Marthe Giskeødegård
(03.02.2015)
Blind heimsga rden
190 (Gnr 4, bnr 9) er
overdrege frå Kari Inger
Dyb til Per Ståle Dyb
(04.02.2015)
Overdraginga omfattar
også Gnr 7, bnr 65
Rabbevegen 15 (Gnr
127, bnr 241) er selt
for k r 4.30 0.0 0 0 f rå
Eivind Giskegjerde til
Jone Roger Slinning
og Marianne Svensen
Sund (04.02.2015)
Leitebakken 10 (Gnr
124, bnr 213) er selt
for k r 2.20 0.0 0 0 frå
Ollbjør n Aust nes t il
Jan Arild Austnes og
May-Britt Kalvø Austnes (05.02.2015)
Lisavegen 18 (Gnr 183,
bnr 1130, seksjon 10)
er selt for kr 2.100.000
frå Nils Johan Sæther
og Helge Torstein Sæther til Ingebjørg Rørvik
(05.02.2015)
Va lde rh aug s t r a nd a
10 (Gnr 185, bnr 139)
er overdrege frå Olga
Eline Pedersen til Bjørn
dato til venstre
18
Torsdag 5. mars 2015
rubrikken
Leilighet til leige
på Skjong 60 kvm,
1 soverom.
Hvitevarer, internett,
parkeringsplass.
Kr. 4000,- +strøm.
tlf. 915 53 519
2 vekes rubrikkannonser for
private kostar kr130,til [email protected]
eller tlf. 70 18 63 80
seinast tysdag kl.12.00
Valderøya
10 - 17 (15)
Torsdag 10 - 18
Barnevakt ønskes
Barnevakt søkes for
3 gutter (9,6,4) når
foreldre er ute å reise
pga jobb. Kan innebære
henting og levering på
barnehage, matlaging,
lekse og noen ganger
overnatting.
Være ansvarlig og 17+.
Vi bor på Valderøya.
tlf. 934 68 251
Tlf Leilighet
70 18 35 86
GISKE
KOMMUNE
Kommuneplanen sin
arealdel
til leige
Sokkelleilighet til leige
på Molnes frå 1. mars.
70 kvm, bra utsikt.
Internett og parabol,
varmepumpe,
oppvaskmaskin, komfyr
og vaskemaskin for klær.
Nær busstopp.
Passar for 1-2 pers.
tlf. 40 28 47 34
Hareid
Valderøya
Hareid
Kjøpmannsgata 56 Skaret 7
6060Man-ons
Hareid 10 - 16.30
6050 Valderøya
Man-fre 10-17
Man-ons 10-16 30
Tors-fre
10
18
Tors-fre 10-18
Torsdag 10-18
Laurdag
Laurdag
10-1510 - 15
Laurdag 10-15
Tlf 70 18 35 86
Årets Handelsbedrift 2014
-20%
på Hareid, og vi feirer i begge butikkane våre med
på alle varer
Vel møtt
Lokal kunnskap, med
landsdekkende erfaring.
Lokal kunnskap, med
landsdekkende
erfaring.
Lokal kunnskap,
med
landsdekkende erfaring.
Vi utfører alle elektro oppdrag for bolig og næring.
Vi utfører alle elektro oppfor bolig
og næring.
Vi utfører drag
elektro
opp•alleSkift
til LED:
spar penger
drag for bolig
og
næring.
• Styr varmen: spar strøm
• Skift til LED: spar penger
• El. kontroll: lavere forStyr
varmen:
spar strøm
• Skift til•LED:
spar
penger
sikring
• El. kontroll:
lavere for• Styr varmen:
spar strøm
sikring
• El. kontroll:
lavere
forKjetil
Løvold
sikring
5/13/2014 9:24:52 AM
Sang og
musikkhelg
sykkylvsbladet-høy.indd 1
sykkylvsbladet-høy.indd 1
Hvordan møte fremtiden
innen produksjon og teknologi?
5/13/2014 9:24:52 AM
5/13/2014 9:24:52 AM
På Valderøy Bedehus
Fredag 6.3. – søndag 8.3.
Velkomne!
DEN NORSKE KYRKJA
Nominasjon av kandidatar til soknerådsvalet skjer i tida
5
fram til 1. mai 2011.
Framlegg på kandidatar til soknerådet kan meldast til
kyrkjekontoret, Rådhuset, 6050 Valderøya innan 1. mai
2011.
5
Valføre er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i
soknet, og som seinast i 2011
5 fyller 18 år, og som ikkje er
frådømt røysteretten i andre offentlege val.
Det er høve til å levere inn alternativ kandidatliste innan
5
fristen 1. mai 2011.
Framlegg til kandidatliste skal vere underskriven av 10
røysteføre medlemmer.
Ein av underskrivarane skal førast opp som kontaktperson.
Kandidatar skal vere oppført med fornamn, eventuelt
mellomnamn, etternamn og alder, samt adresse og yrke/
stilling.
Kandidatlista skal ordnast i prioritert rekkefølgje (ikkje
alfabetisk).
Lo
NordsmlKsr
LniksmlKsr
Lolo på iys bmrlrnaa:
Lørdag 7.3. kl.19.00
Vi har invitert to av de fremste personene i regionen innenfor
det å fronte hvor viktig det er å automatisere og robotisere.
Tor Rødset m/venner, Inspired, Eva Persson,
Helge Johannesen, Valderøykvartetten.
Salatbar
Helge Johannesen, Eva Persson,
TVERRPOLITISK
LISTE
Tor Rødset m/venner,
Valderøykvartetten.
DU ER HJERTELIG VELKOMMEN
for GISKE
Sunn og bærekraftig økonomi til beste for innbyggerne
Kollekt under samlingene
Arr: Valderøykvartetten
GISKE KOMMUNE
Lolo lkd seKrreKeeki:
Dke
seKr
akee
Los
dke
eKise
Dreneringstilskot
drenering av tidlegare grøfta areal
Det er no tid for å søkje omDka
Dreneringstilskot
i Giske
aorsrk rKrrks eåpkasrjoid:
kommune. Søknadsfristen er sett til 1. April.
Dreneringstilskot kan søkjast av eigar og leigar av
jordbruksjord.
Søknadsskjema kan ein finne på Landbruksdirektoratet
si heimeside. Sunn og bærekraftig økonomi til beste for innbyggerne
TVERRPOLITISK LISTE
for GISKE
Ta kontakt med landbrukskontoret om noko er uklart.
Arne Tande er tidligere adm.
dir hos Rolls Royce, Brattvåg.
Jobber nå for å få etablert opplæring og fremtidens fabrikk,
med fokus på automatisering
og robotisering.
Arrangementet er åpent for alle. Fri entre.
Muligheter for servering.
Lol
K sm
(Oim
øek
Lolo på lørr bmrlrnaa (brnrks rna naaemrseKs):
Søndag 8.3. kl. 17.00
Torsdag 5. januar 2015, kl. 2000
Restauranten, Airport Hotell, Valderøy
Ol
lå
roa
srm
nel
SørsmlKsr
Annonsere? Ring 70 18 63 80
Fredag 6.3. kl. 20.00
Eva Persson, Helge Johannesen,
Valderøykvartetten. Enkel servering
Dke
erk
mrl
www.kyrkjevalet.no
Ved Valderøykvartetten med sang og musikkvenner
fra Sunnmøre, Kristiansand og Sverige.
Få muligheten til å få innblikk i hva som skal til for å møte
konkurransen i ulike markeder og ikke minst, hvordan vi
som høgkostland kan konkurrere med lavkostland.
Håkon Raabe er dr.ing hos
Sintef Manufacturing og
jobber opp mot bedrifter
som Ekornes, Rolls Royce,
men også Roaldnes rederiet.
Salg av kaker, kaffi og lodd
Arrangement er ein del av
<<Barnehagedagen 2015>>
Val av sokneråd i
Giske, Valderøy og
Vigra sokn
– innlevering
av kandidatlister
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
Trenger du Elektriker?
sykkylvsbladet-høy.indd 1
Business Forum er et samarbeid mellom Giske Rotaryklubb
og Giske Næringslag om et månedlig arrangement, der vi tar
frem aktuelle nærings– og samfunnsutviklings tema og saker.
Målsettingen er også å skape et treffpunkt for næringslivsfolk
og samfunnsinteresserte.
Daggry barnehage
Tysdag 10. mars 2015
kl.1730-1930
seminar om
tettstadsutvikling
/bukvalitet
I samband med rullering
av kommuneplanen sin
arealdel vert det halde
seminar om tettstadsutvikling/bukvalitet i
Giske kommune mandag
09.03.2015 kl 17 - 20 på
rådhuset, kommunestyresalen. Møtet er for alle.
Ring
7095
11 67
14 05
Mob 46
99
eller
Ring
70
11
14 05
Ikkje bunadavd.
Ring 70 11 14 05
gjeld 5. - 7. mars
OPE HUS
John-Ole Aarsæther
Giske kommune, landbruk
TVERRPOLITISKALFA
LISTE
BEGRAVELSESBYRÅ
for GISKE
TVERRPOLITISK LISTE
for GISKE
AS
Vi står alltid til tjeneste
Nominasjons- og programmøte
ved dødsfall og begravelse.
Tverrpolitisk liste for Giske ved
Personlig oppfølging fra
kommunevalet 2015
våre konsulenter.
Solbakken skule, Synes på Vigra
torsdag 12. mars klokka 19.00
DØGNVAKT: 70 18 34 44 / 70 16 92 20
Møtet er ope for alle innbyggjarar i Giske som ikkje
(Avd. Ytterland og Gåseid)
er kandidatar for politiske parti og som vil støtte
Tidlegare
Tidlegare SISenteret begravelsesbyrå
SISenteret
AS
begravelsesbyrå
Tidlegare SISenteret
AS
begravelsesbyrå
grunnprinsippet for lista. AS
Besøk
vår
hjemmeside:
www.aabb.no
Døgnvakt:
Døgnvakt: 70 17 86 60
70 17 86 60Døgnvakt: 70 17 86 60
Programutkast kan du få ved å sende epost til:
[email protected]
avdeling
Øysenteret eller
Dit kan du også sende forslag på kandidatar.
Velkomen
til felles løft for
kommunen.
TVERRPOLITISK
LISTE
VI
VI ER DER
ER
NÅR
DER
DU TRENGNÅR
OSS
DU TRENG
VI ER OSS
DER NÅR DU TRENG OSS
Vi
Vi kankan
avtale møte
avtale
i heimen, avdeling
møte
Øysenteret
i heimen,
eller
Vi kan
avdeling
avtale
Øysenteret
møte i heimen,
eller
kontoret
kontoret i Spjelkavik i Spjelkavik
kontoret i Spjelkavik
E-post:
E-post: [email protected]
[email protected]
www.bbsunnmore.no
www
www.sisenteret.no
.sisenteret.no
E-post: [email protected]
www.sisenteret.no
TVERRPOLITISK LISTE
for GISKE
dato til høyre
Torsdag 5. mars 2015
TVERRPOLITISK LISTE
for GISKE
Sunn og bærekraftig økonomi
til beste for innbyggerne
for GISKE
Sunn og bærekraftig økonomi
til beste for innbyggerne
19
Prof
Siste sida
TIPS OSS PÅ TELEFON 70 18 63 80
sol og måne
5. mar.
7.27,18.08,7.06,18.11
6. mar.
7.24,18.11,7.19,19.25
7. mar.
7.21,18.13,7.32,20.38
8. mar.
7.18,18.16,7.45,21.52
9. mar.
7.14,18.19,8.00,23.06
10. mar.
7.11,18.22,8.17
11. mar.
7.08,18.25,00.20,8.39
Øy-Blikk i foto gjennom 30 år
På slutten 1980-talet var Øy-blikk ganske dristig
i sin eigenreklame. Vi delte ut handdukar med
påskrifta «Øy-Blikk dekker det meste» til folk
som kom med gode tips som kunne føre til
aktuelle artiklar. Jenta som gøymer det meste
bak handduken er Beate Stub Skjong.
Foto: odd Egil Valderhaug
flo / fjære
5. mar.
Fjære
Flo
Fjære
Flo
kl.
cm.
04:5654
10:59196
17:2140
23:24189
6. mar.
Fjære
Flo
Fjære
Flo
kl.
cm.
05:2449
11:28199
17:4938
23:52191
7. mar.
Fjære
Flo
Fjære
kl.
cm.
05:5247
11:56200
18:1738
8. mar.
Flo
Fjære
Flo
Fjære
kl.
cm.
00:20191
06:2147
12:26198
18:4539
9. mar.
Flo
Fjære
Flo
Fjære
kl.
cm.
00:49189
06:5148
12:56195
19:1543
10. mar.
Flo
Fjære
Flo
Fjære
kl.
cm.
01:19186
07:2352
13:29188
19:4849
11. mar.
Flo
Fjære
Flo
Fjære
kl.
cm.
01:52180
08:0058
14:07180
20:2657
hjernetrim
Svar på
førre Sudoku
SuDoku
7
6
3
4
8
1
5
2
9
1
2
4
5
9
6
8
7
3
5
8
9
3
7
2
4
1
6
8
9
2
7
6
4
3
5
1
3
5
1
9
2
8
6
4
7
6
4
7
1
5
3
2
9
8
9
7
6
8
4
5
1
3
2
4
3
8
2
1
9
7
6
5
2
1
5
6
3
7
9
8
4
Fyll ut dei tomme
rutene med tal frå
1 til 9, både vannrett, loddrett og
i kvadrata.
Levert av Media Berge
@jannicke_valderhaugstrand - 2.3.15
������������� ����
���� �������������
������� �������� ��
������������ �����
�����������������
������� ���������
�������������� ���
��������� ��������
��������� ��������
#oyblikk | @øyblikk