Spørreundersøkelse i avisa DOKUMENT

Transcription

Spørreundersøkelse i avisa DOKUMENT
6
NYHETER
TIRSDAG 17. MARS 2015
Valdrisane ynskjer endring
70 prosent svarar i undersøking at dei ynskjer endring av kommunestrukturen
– Når 70 prosent svarar at det
ikkje er greitt slik det er i dag, så er
det eit sterkt signal. Dette syner
at valdrisane både er endringsviljuge og at dette er eit godt utgangspunkt for debatt. Eg vil også
berømme politikrane og administrasjonane i Valdres som har sett i
gang desse prosessane og vist aktivitet i spørsmålet om framtidig
kommunestruktur. Eg vil også berømme valdrisane generelt for at
dei er framoverlente i denne saka.
28 prosent vil ha seks
kommunar som i dag,
medan 70 prosent
ynskjer endring – flest
til berre ein kommune.
– Dette syner at valdrisane vil ha endring og er
endringsviljuge, seier
den nye fylkesmannen, Christl Kvam.
– Treng nye løysingar
– Trur du desse tala også kan tolkast i lys av alle nedleggingane og
sentraliseringane som no råkar
Valdres, Christl Kvam?
– Ja, me ser at mange uheldige
faktorar i våre dagar slær uheldig
ut for område som Valdres, og at
summen av alle nedleggingane
ikkje er bra. Eg synest også tala
frå avstemminga syner at «gårsdagens løysingar» nødvendigvis
ikkje løyser alle problem i framtida. Når 70 prosent seier at dei
ynskjer endring, fortel det ganske
mykje, seier Christl Kvam.
Ho fortel at ho følgjer godt med
på kva som skjer i Valdres, at ho
har hatt eige møte med lokale
rådmenn og ordførarar.
HELGE GUDHEIM
[email protected]
FAGERNES: Det er i avstemmings-
barometeret på nettsida til avisa
(www.avisa-valdres.no) at tala
ovanfor kjem fram. Måndag formiddag hadde heile 2190 stemt;
54 prosent vil ha ein framtidig
valdreskommune, 28 % vil ha
seks kommunar (som i dag), 16 %
ynskjer to kommunar (nord/sør),
to prosent veit ikkje og 1 % vil ha
fleire enn seks kommunar.
Små endringar
Avstemmingsbarometeret har
lege ute eit par vekers tid, og
stemmefordelinga ha nær sagt
vore uendra heilt frå starten av. Ei
innvending er at folk kan stemme
fleire gonger, men berre ein gong
pr. maskin. Trass i dette, blir tala
lagt merke til, fordi så mange har
stemt.
Ei tilsvarande spørjeundersøking i regi av avisa Hallingdølen,
der 887 personar vart spurde, resulterte i at 43 % ville behalde dagens seks kommunar, medan 41 %
ynskte endring (23 % to kommunar og 18 % ein storkommune).
FAKTA
Nettavstemming
– Behov for å gjera noko
– Desse tala syner at mange meiner det er behov for å gjera noko –
og det er det, seier den nye fylkesmannen i Oppland, Christl Kvam,
når ho får prosenttala frå Valdres.
Endringsviljuge: Fylkesmann Christl Kvam kommenterer den elektroniske kommunestruktur-avstemminga til
Avisa Valdres med at tala både syner at det er behov for endring av dagens struktur, og at valdrisane er endringsviljuge. Det gjev ho uttrykk for å setja pris på.
FOTO: IVAR ØDEGAARD
■■ På www.avisa-valdres.no har
alle i eit par veker kunne seia si
meining om framtidig kommunestruktur i Valdres.
■■ 2190 stemmer er avgjevne.
■■ 54 % ynskjer ein storkommune, 28 % vil ha seks kommunar (som i dag) og 16 % vil ha to
framtidige valdreskommunar.
■■ Det vil seia at rundt 70 %
ynskjer endring, og snautt 30 %
vil ha det same kartet som i dag.
Diskusjonsmøte og reformgruppe i Vang
Onsdag kveld blir det
halde debattmøte om
kommunereforma på
Vang folkebibliotek.
Kommunen har også
oppretta ei ny arbeidsgruppe i saka.
HELGE GUDHEIM
[email protected]
VANG: Onsdag kveld blir det ope
diskusjonsmøte om kommunereforma på Vang folkebibliotek.
Det blir spurt kva som er Vang sin
styrke og utfordringar, og korleis
ein reform på best måte kan ivareta og løyse sedde. Kva er dei statlege føringane, og kan eller må ein
slå seg saman. Kva er fakta og kva
er retorikk?
Dette er spørsmåla som ordførar Vidar Eltun, gründer Erland
Eggen, vararepresentant til Stortinget Ingjerd Thon Hagaseth
Løsningen for deg som vil
STYRE SOLLYSET
Solskjerming tilpasset ditt behov!
815 00 570 • [email protected] • kjellsmarkiser.no
og kommuneekspert Per Gunnar
Stensvaag skal svare på. Redaktør
Ivar Brynildsen er ordstyrar.
Kommunal arbeidsgruppe
Vang kommune har nyleg også
nedsett ei arbeidsgruppe (sjå
bildet), som skal prøve å svare på
om Vang bør bestå som eiga kommune, eller ynskjer vangsgjeldingane samanslåing.
Ordførar Vidar Eltun seier mellom anna at gruppa skal bidra til
å gje vangsgjeldingane eit godt
grunnlag for å kunne ta stilling
til spørsmålet om den framtidige
kommunestrukturen. Poenget er
å få flest muleg argument opp på
bordet. Både Eltun og resten av
gruppa er opptekne av at kommunen sjølv lyt få definere dei gode
argumenta i saka, og ikkje utan
vidare godta retorikken frå regjeringa. Poenget er å gje vangsgjeldingane eit godt grunnlag,
Arbeidsgruppe: Reidar Thune, Vidar Eltun, Marte Tangen, Kari Birgit Lien, Johannes Havro, Tor Jørstad og Hallgrim Rogn (sekretær/foto) utgjer
den nye arbeidsgruppa i samband med kommunereforma i Vang.
og bidra til at flest muleg seier si
meining.
På planen til gruppa står eit folkemøte i slutten av april, ein vil
vurdere om det skal gjerast både
ei eiga innbyggjarundersøking og
ei folkeavstemming. Gruppa min-
ner også om at dette blir ei av dei
viktigaste sakene i samband med
kommunevalet komande haust.
Gruppa vil gje ein førebels rapport til kommunestyret 18. juni.