Søknad om endringar for Bråtane bustadfelt på Kaupanger

Transcription

Søknad om endringar for Bråtane bustadfelt på Kaupanger
Sogndal kommune
Tenesteeining Plan
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle
Deres ref.:
Dato: 11. september 2015
SØKNADAR FOR BRÅTANE BUSTADFELT
Bråtane Sogn as er endeleg i full gang med salget av bustadtomter i
Bråtane bustadfelt. Allereide er det selt 8 tomter og i tillegg er vi no i ein
salgsprosess for 2 nye.
Nordbohus Sogn as skal bygge på tomtene for tomtekjøparane.
Vi har difor i ein tidleg fase sett at et er viktig å få på plass gode løysingar
for heile bustadfeltet.
Vi er difor i full gang med planlegging av bustadfeltet og ser at for å få til
gjennomførbare og praktiske løysingar for dei ulike tomtene er det
naudsynt med ein del mindre vesentlege endringar av reguleringsplanen
og av VVA-norma til kommunen.
Nordbohus Sogn as
Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44
Foretaksregisteret 982725216
[email protected] http://www.nordbohus.no/sogn
SØKNAD OM
MINDRE VESENTLEGE ENDRINGAR AV
REGULERINGSPLAN
-
Byggegrenser
Opparbeiding av gangvegar
BYGGEGRENSER
Fleire av tomtekjøparane har allereide bede oss om å sjå på korleis tomta
kan utnyttast og kva hustypar som passar inn på tomta.
Vi har laga eit forslag til 3 alternative løysingar som kan nyttast på dei
fleste tomtene. Breidden på tomta avgjer kva type bustadhus som kan
byggast på dei ulike tomtene.
Tomtene i felt BF1 er svært smale mot veg, dvs om lag 21m.
Skissa viser 3 ulike måtar å plassere bygg på tomtene i BF1.
Byggegrenser for bustadtomtene mot veg og grøntstruktur er vist på
reguleringsplankartet, medan det ikkje er vist byggegrenser mellom
bustadtomtene. Slik vi tolkar reglane er det då lagt opp til at det kan
byggast inntil 4m mot nabogrense for bustad og 1m for garasje.
I alle eksempla er det lagt opp til at byggegrensa vert sett til 2m/4m frå
eigedomsgrensa mot nabo. Dette krev i mange høve branntiltak på nokre
av bustadane. Vi ser at det er trong for å redusere avstanden mellom
bustadane frå 8m til 6m for å få på plass bustad og garasje/carport på
einebustadtomtene.
Nordbohus Sogn as
Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44
Foretaksregisteret 982725216
[email protected] http://www.nordbohus.no/sogn
Døme 1:
Her er det vist ein einebustad med BYA=111m2 og maksimal lengde på
12 m parallelt med vegen. Bustaden har underetasje som tek opp 3
høgdemeter av terrengskilnaden som er på om lag 4-5 meter. Carporten
er passert med innkøyring normalt på vegen. Dette er ei gunstig løysing
med lite behov for muring i framkant av bustaden. Utfordringa er at det er
svært få kataloghus som har ein breidde på 12m og mindre så kundane
får ikkje eit reelt val av type bustad.
Døme 2:
Her er det vist ein einebustad med BYA=145m2 og maksimal lengde på
14,5 m parallelt med vegen. Bustaden har underetasje som tek opp 3
høgdemeter av terrengskilnaden som er på om lag 5-6 meter. Carporten
får ikkje plass ved sida av bustaden og er passert mellom med innkøyring
parallelt med vegen. Denne løysinga krev noko meir muring i framkant av
bustaden. Fordelen er at kundane kan velge dei fleste av våre kataloghus.
Ei utfordring med plassering av carporten som vist her gjer at ein vil
måtte nytte den fulle bredda på vegen for å klare å snu seg inn på tomta
utan å måtte køyre fram til snuplassen og tilbake.
Døme 3:
Her er det vist ein einebustad med BYA=116m2 og maksimal lengde på
19,5 m normalt på vegen. Bustaden har underetasje som tek opp 3
høgdemeter av terrengskilnaden som er på om lag 8-9 meter. Carporten
er plassert ved sida av bustaden med innkøyring normalt på vegen.
Denne løysinga er den mest krevjande med omsyn på muring i framkant
av bustaden. I tillegg har vi svært få kataloghus som er planlagt til ligge
med langsida normalt på vegen.
For å kunne bygge ut tomtene som for alle tre døma er det naudsynt å
endre byggegrensene.
Vi søker difor om å få endra byggegrenser frå 4m/4m til 2m/4m frå
eigedomsgrensa dvs frå 8m til 6m mellom bustadane i felt BF1, BF2 og
BF3.
Vi søker og om at garasje som ligg langs med vegen kan byggast 1m frå
eigedomsgrensa.
Nordbohus Sogn as
Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44
Foretaksregisteret 982725216
[email protected] http://www.nordbohus.no/sogn
KRAV TIL OPPARBEIDINGA AV GANGVEGAR
Fellesføresegner
§3
I følgje felles reguleringsføresegner for Bråtane bustadfelt skal ikkje
utbygging på bustadtomt gjennomførast før det er etablert vegtilkomst
som og femnar om gang- og sykkelsamband inn i det etablerte
bustadfeltet i nord.
Vi meiner at det er tilstrekkeleg at dette kravet er knytt opp mot
bruksløyve og ikkje utbygging. Det er ein fordel at det kan jobbast
paralellt med tomter og sluttføring av infrastrukturen i bustadfeltet både
praktisk og økonomisk og søker om endring av føresegn § 3.1.
§4
Før det vert gjeve bruksløyve for bustadane skal det for
- FB1 skal det opparbeidast gang- og sykkelsamband mellom KV3 til
Steinhaugvegen
- BK1, 2, 3 og BF2, 3 skal det opparbeidast gang- og sykkelsamband
frå KV4 til Storebruvegen.
§4.2a
Gjennom/langs BK1 og BK3 skal det i situasjonsplanen visast
gangvegsamband mellom områda AKG1, AKGV2 og AKG4.
§6b
Gang og sykkelvegar som er samband mellom køyreveg, leikeplassar og
bustadområde og som går gjennom areal sett av til grønnstruktur
kombinert med gang og sykkelveg, bør i vareta krav til universell
utforming.
Å gjennomføre krava om opparbeiding av gang- og sykkelvegsamband i §
4, 4.2a og 6 i samsvar med universell utforming lett seg ikkje
gjennomføre i praksis. Vi søker difor om at ein i samband med utbygginga
konsentrerar seg om dei gangvegsambanda som let seg gjennomføre
med universell utforming. Dvs KV4 til Storebruvegen.
Nordbohus Sogn as
Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44
Foretaksregisteret 982725216
[email protected] http://www.nordbohus.no/sogn
SØKNAD OM ENDRING AV
-
TEKNISKE LØYSINGAR FOR
VVA-ANLEGG
Nedsenka fortau/tilkomst til bustadtomter
Løysing for VA-grøft som er plassert i eigedomsgrense
mellom bustadtomter
Fortau
Slik vi ser det er det er stor fordel om fortauet lang KV2 og KV3 vert bygd
utan at fortauet vert oppheva. Denne løysinga er anbefalt som eit
risikoreduserande tiltak I ROS-analysen for å ikkje blande saman «trygg
og utrygg» samferdselssone for mjuke trafikkantar.
På oppsida av vegen vil det for BK1 vere behov for innkøyringar til
garasjar. Ved innkøyring til bustadtomtene kjem alle bilane frå sør. Fallet
på vegen og det at tomtene er svært smale, gjer at det for tomtene på
nedsida vil vere naturleg med innkøyring nord på tomtene. Dette
medfører at for å unngå at alle må køyre inn til snuhammaren for å snu,
kan ein nytta heile vegbredde inklusiv fortausarealet til manøvreringsareal
slik at ein lettare kan komme inn på tomta frå sør. Sjå døme 2.
Vi søker om fortauet kan opparbeidast med nedsenka løysing for
bustadfeltet.
VA-grøft
I kommunalteknisk VA-norm er det lagt opp til at det i utganspunktet skal
vere 4m frå bygg og andre konstruksjonar til hovudleidningar. Sett i
samanheng med skissa for bygging på dei smalaste tomtene er trong for
at krava for VA-grøfta og kan tilpassast dei nye omsøkte byggegrensene.
Vi søker om at VA-grøfta kan plasserast midt i området mellom
byggegrensene mellom tomtene, dvs 6m bredde på VA-grøfta/avstand
mellom bygg.
Ber om at søknadane vert handsama ved første høve.
Med vennleg helsing
Nordbohus Sogn as
Heidi Helle
[email protected]
Nordbohus Sogn as
Bordvegen 17 Postboks 25 6854 Kaupanger Telefon: 57 67 23 44
Foretaksregisteret 982725216
[email protected] http://www.nordbohus.no/sogn