Protokoll - Studenttinget i Volda

Transcription

Protokoll - Studenttinget i Volda
Studenttingsmøter 2014-15
Møteprotokoll nr 7/14-15
Møtedato 25.03.15
Møteprotokoll nr 7/14-15
Tid
Stad
25. mars 2015 kl 17.00
Rokken, konferanserommet
Til stades med
stemmerett
AHL: Marie Havnsund, Nikolai Bjørnevik Flisnes, Maria Kaldhussæter
AMF: Jose Eduardo Garcia Aldama, Filip Gundersen (fom. Sak 48)
AKF: Axel G. Lund, Melissa Nerland,
ASH: Alexandra Endresen, Marie Dahle Storfjord, Serghei Levcenco
Til stades utan
stemmerett
Arbeidsutvalet: Joanna Antoniak, Karoline Strand, Lisa Kalvø, Thomas Hesselberg,
Erlend Kvernmo Langset, Natalia Ramirez Garcia
Kontrollkomite: Eirik Nybø
Ordstyrar: Pernille Solvang
Landsstyrerepresentant: Tormod Smedsvig
Andre: Ecaterina Prostomolotova, Marit Aklestad (referent).
Sak 00 – 14/15
Konstituering
__________________________________________________________________________________
Styret innstiller Pernille Solvang som ordstyrar.
Vedtak: Studenttinget godkjenner Pernille Solvang som ordstyrar.
Sak 01 – 14/15
Godkjenning av innkalling og referat
__________________________________________________________________________________
Vedtak: Studenttinget godkjenner innkalling til møtet og referat frå førre møte.
Sak 02 – 14/15
Godkjenning av sakliste og dagsorden
__________________________________________________________________________________
Det vert meldt inn 2 eventueltsaker.
Vedtak: Studenttinget godkjenner sakliste og dagsorden.
1
Studenttingsmøter 2014-15
Møteprotokoll nr 7/14-15
Møtedato 25.03.15
Sak 03 – 14/15
Orienteringar
__________________________________________________________________________________
Orienteringar frå arbeidsutvalet v/Joanna Antoniak
-
-
Aktivitet i arbeidsutvalet sidan sist:
o Kompetanse Sunnmøre – sjå sak 51
o Erlend og Lisa har vore på tur til Dublin med Læringsmiljøutvalet
o Regionmøte i Norsk Studentorganisasjon i Trondheim – 4 delegatar frå Volda
o Pressekonferanse: kunnskapsministeren har lagt fram stukturmeldinga om høgare
utdanning. Heile meldinga kjem på fredag.
Aktivitet framover:
o 14. april – wordkurs for studentar, blir også mest sannsynleg eit eige kurs på engelsk.
o 16. april – jobbsøkekurs med LO
o 17.-19. april – landsmøte i NSO
o 20. april – kursdag med tema psykisk helse. Foredrag frå kl 12.00 og utover.
o Start Volda er i planleggings-/oppstartsfase for eit lokallag
LS-representant Tormod Smedsvig
-
Møte i Høgskulestyret: valreglementet no endra, slik at studentrepresentantar vert valde på
same tidspunkt som resten av styret, på våren.
Det er tilsett ny dekan, så no er alle fire på plass.
Oppussinga av Kaarstad tek til frå hausten av.
Høgskulen i Volda v/ Nynorsksenteret arbeidet for å kunne overta prosjektet Norsk Ordbok, i
konkurranse med fleire andre høgskule- og universitetsmiljø.
Sak 47 – 14/15
Endeleg godkjenning av årsmeldinga for 2014
Type sak:
Vedtakssak
Sakshandsamar :
Lisa S. Kalvø
__________________________________________________________________________________
Årsmeldinga for 2014 er ferdigstilt, etter innspel og tilbakemeldingar frå Studenttinget på
førsteutkastet, som vart lagt fram på møtet 28.01.15.
Studenttinget har ingen yttarlegare kommentarar på årsmeldinga.
Vedtak: Studenttinget godkjenner Studenttinget i Volda si årsmelding for 2014.
2
Studenttingsmøter 2014-15
Møteprotokoll nr 7/14-15
Møtedato 25.03.15
Sak 48 – 14/15
Arbeidsprogram for studieåret 2015-2016
Type sak:
Vedtakssak
Sakshandsamar
Natalia Ramirez Garcia
__________________________________________________________________________________
STiV sitt arbeidsprogram for 2015-2016 vert lagt fram for Studenttinget, med AU sine
endringsforslag.
Studenttinget kjem med forslag til endring i punkt 13: godt framfor tett samarbeid med
Faddervekestyret.
Vedtak: Studenttinget godkjenner arbeidsprogrammet til STiV for Studieåret 2015-2016, med
endring i ordlyden i punkt 13 frå tett til godt.
Sak 49 – 14/15
Framlegg av revidert årshjul
Type sak:
Orienterings-/diskusjonssak
Sakshandsamar:
Karoline Strand
__________________________________________________________________________________
Arbeidsutvalet har arbeidd med å revidere årshjulet til STiV, og ynskjer kommentarar og innspel.
Årshjulet er eit arbeidsverkty for AU, som vil bruke det meir aktivt i arbeidet med dei ulike
aktivitetane dei har gjennom året.
Studentinget kjem med innspel på at Faddervekestyret må setjast tidlegast råd.
Vedtak: det vert ikkje gjort vedtak i diskusjonssaker.
Sak 50 – 14/15
Profilering av val til AU
Type sak:
Diskusjonssak
Sakshandsamar:
Joanna T. Antoniak
__________________________________________________________________________________
Arbeidsutvalet ber om innspel frå Studenttinget til profilering av det føreståande valet av nytt
arbeidsutval.
Innspel:
-
Info på andre bygg enn BK, eksempelvis plakatar og stand på Kaarstad
Bruke Peikestokken som informasjonskanal
Lage bosjyrer og flyers, ikkje berre plakatar
Ansikt-til-ansikt, inn i klasseromma. Meir givande enn ein plakat.
Bruke dei tillitsvalde i klassene – gå gjerne gjennom studieleiarane
3
Studenttingsmøter 2014-15
Møteprotokoll nr 7/14-15
Møtedato 25.03.15
-
Snap chat med «vil du ta frå meg jobben min?» Humoristisk vinkla.
Bruke meir Snap chat generelt
Studenttingsrepresentantane kan bistå AU med å spreie informasjon/dele ut flyers
Klassegrupper på FB – stud.tingsrepresentantane deler info på sine klassegrupper
#Bring back waffles at BK i veka før valet - happy waffle hour med gratis valfer
Kvar på Kaarstad kan vi henge opp plakatar?
-
På dørene
Inne i klasseromma, på tavler og dører
I gangen inn til dramasalen
Vedtak: det vert ikkje gjort vedtak i diskusjonssaker.
Sak 51 – 14/15
Evaluering av Kompetanse Sunnmøre
Type sak:
Diskusjonssak
Sakshandsamar:
Thomas Hesselberg
__________________________________________________________________________________
AU bed om Studenttinget sine tilbakemeldingar på arrangementet Kompetanse Sunnmøre, som dei
vil ta med seg inn i det vidare arbeidet med neste års konferanse.
Studenttinget kjem med fylgjande tilbakemeldingar:
-
Dei som var til stades var veldig fornøgde med programmet
Viktig med meir PR – mange har anten ikkje fått med seg arrangementet, eller tenkt at dei
ikkje hadde bruk for det. Få fram at det er eit lavterskel-tilbod til alle studentar.
Slå i hop med «ut i jobb-dagen» er ein god idé, men hugs at det er eit stort arr.
Legge det inn i studieplanen – obligatorisk oppmøte
Vurdere tidspunktet: betre med månadsskiftet jan./febr.
Ulike foredrag retta mot dei ulike studieretningane
Involvere lærarar og undervisarar for å nå studentane
Vedtak: det vert ikkje gjort vedtak i diskusjonssaker.
Sak 52 – 14/15
Eventuelt
__________________________________________________________________________________
52.1 – 14/15
Samarbeid med internasjonalt kontor om info om utveksling
Natalia har vore i dialog med internasjonalt kontor knytt til kva som kan gjerast for å
få fleire studentar til å reise ut på utveksling. STiV vil bidra med promotering og
informasjon ut til studentane om mulegheitene for å reise på utveksling.
4
Studenttingsmøter 2014-15
Møteprotokoll nr 7/14-15
Møtedato 25.03.15
Innspel: viktig å gjere det meir kjent, og få informasjon frå nokon på sitt nivå, andre
studentar som har erfaringar osv. Også viktig å informere om fristar og
støtteordningar. Promotere bloggen til HVO der studentar som er på utveksling skriv.
Hyperlink frå bloggen til stivolda.no.
52.2. – 14/15 Dassavisa
Første utgåve er ute på toaletta. AU vil gjerne ha innspel.
Innspel:






52.3 – 14/15
Større overskrifter
Bra at det er bilete på
Kanskje større font på brødteksten?
Bra tiltak – studentane har reagert positivt
Tegneseriestripe
#ukens bart
Sosialt i Studenttinget
Det blir fest for studenttinget 10. april heime hos David og Halvard. Forslag til tema:
«noko blått», gjer det enkelt, partytema, bartetema. Mat: smårettar, fingermat,
enkelt, litt av kvart. Det vil bli lagt fram forslag på FB-sida med avstemming.
Møteslutt kl 19.15
Referent Marit Aklestad
5