Møtereferat - Hordaland fylkeskommune

Comments

Transcription

Møtereferat - Hordaland fylkeskommune
Møtereferat
Dato: 25.11.2016
Emne:
Møtereferat frå RMNF-AU, 24.11.16
Kjell Håland, leiar
Til stades:
Kjell Søvik, nestleiar
Ingeborg Borgen Takle
Forfall:
Ingen
Møtetid:
08.30 – 10.00
Sak: 2016/34506-1
Møtestad: Fylkesutvalssalen, fylkeshuset
Møteleiar: Kjell Håland, leiar
Referent: Merethe Helland Nordnæs
Sak 31/16 Saksliste og program for møtet 7. desember.
Arbeidsutvalet gjekk gjennom orienteringar, referatsaker og politiske saker til møtet den 7. desember.
Vedtak
Program for onsdag 7. desember:
Kl. 09.00 - kl. 09.30: Orientering om arbeidet med handlingsplan av Birte Markeseth Åsen
Kl. 09.30 – kl. 09.45: Innlegg fra Nina Murberg, diskriminering.
Kl. 09.45 - kl. 11.00: Sakshandsaming
Kl. 11.00 – kl. 11.30 Brannøving
Kl. 11.30 – kl. 12.15: Sakshandsaming.
Kl. 12.30 – Julelunsj på Hotell Ørnen.
Sakshandsaming:
Referatsaker:
- Status for handlingsplan for likestilling, likeverd og inkludering.
- Temadagen 2017 – status program
- Skyss sin digitale billetteringsløysing
- Skuleskyss i taxi for funksjonshemma elevar.
Politiske saker:
Forslag til budsjett 2017 for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
Sak 32/16 Budsjett for 2017 for RMNF
Budsjettet var vedlagt møteinnkallinga. ( Av 17.11.16.) Dette budsjettet er lagt opp etter fylkesrådmannen
sitt forslag til budsjettrammer for RMNF. Budsjettrammen for RMNF var foreslått til kr. 410.000,-.
Vedtak:
Arbeidsutvalet har handsama fylkesrådmannen sitt forslag til ramme for budsjett for RMNF og tilrådde at
forslaget vart vedteke.
Sak 33/16 Temadag 2017 – status program
Arbeidsutvalet jobba vidare med tema og program for temadagen. Forslag til program vart presentert på
rådsmøte den 02.11.2016:
Vedtak:
Administrasjonen kontaktar Anders Eriksen angåande tema oppdatering frå BufDir.
Kjell H. kontaktar ordførar Astrid Byrknes angåande temaet kommunesamanslåing og råda – konsekvensar
og tips til samanslåing.
Administrasjonen kontaktar RVTS og opplæringsavdelinga.
Kjell H/administrasjonen lager en plan for kjøp av gåver til innleiarane.
Sak 34/16 Regionalisering:
Intensjonsplan for etablering av Vestlandsregionen er no ute på open høyring. Det er difor mogeleg å sende
inn synspunkt og merknader på om Hordaland fylkeskommune bør inngå i eit nytt regionalt folkevald nivå
saman med Rogaland og Sogn og Fjordane. Høyringsfristen er den 30.11.2016. I denne saka kom ein fram
til at det ikkje skal sendast uttale til høyring.
Vedtak:
Arbeidsutvalet ynskjer å gje uttale på eit seinare tidspunkt, om eventuelle oppgåver for rådet, evt. etter
regionreforma er gjennomført.
Sak 35/16 Årsmelding for RMNF for året 2016
Det går fram av delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune del A, punkt 2 at: Årsmelding frå
rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vert lagt fram for fylkestinget innan 1. juli. Målet er at
årsmeldinga for RMNF skal være ferdig til møte i fylkestinget den 07.03.17 – 08.03.17. Årsmeldinga bør
være klar til det første møtet i 2017, dvs. 01.02.2017. Kjell H og Kjell S lager et utkast som tas med til det
første AU-møtet den 06.01.2017.
Vedtak:
Arbeidsutvalet vil utarbeide ei årsmelding som vil verte lagt fram for møte i RMNF den 01.02.2017 og til
fylkestinget den 07.03.2017.
Sak 36/16 Ymse:
Landskonferansen for de fylkeskommunale råd, er frå den 31.10.17 til og med den 01.11.2017.
Landskonferansen vert halden i Stavanger og er eit samarbeid mellom RMNF i Rogaland, Sogn og
Fjordane og Hordaland.
Skype-møte den 30.10.2016 kl. 10.
Julekort: Rådet sender digitale julekort til:
- Rådsmedlemmene og varamedlemmer
- Våre samarbeidspartnere
Side 3/3
-
De kommunale råd
Safo, FFO, Skyss, Bdir
Avdelingsdirektørene på fylkeshuset.
Fylkesordfører
Dianne, Thamina
Hordaland fylkeskommune
Agnes Mowinckels gate 5
PB 7900
5020 Bergen
Tlf: 55 23 90 00
e-post: [email protected]
www.hordaland.no
Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
Kontonr. [xxxx xx xxxxxx]

Similar documents