Les heile saka i MØRE-NYTT

Transcription

Les heile saka i MØRE-NYTT
MØRE-NYTT LAURDAG 25. APRIL 2015 9
Rundbaneritt i
Hovdebygda i juni
Ørsta sykkelklubb skal søndag
28. juni arrangere rundbaneritt
for terrengsykkel i Hovdebygda.
Løypa går ut på vegen på
Ytrestøylen og langs Hovdevatnet frå opninga av Helgehorntunnelen til Hovden Møbel.
– Det vert turklasse for alle
over 17 år, og eiga trimklasse
for alle, seier Kjetil Myklebust.
Farkvamen med
byggjeplanar
Vil opne treningssenter i Ørsta
Farkvamen barnehage har planar
om utviding og søkjer no dispensasjon frå reguleringsplanen til kommunen. Det vert søkt om
dispensasjon frå både byggjeliner,
gesimshøgd og mønetak.
Det skal m.a. etablerast flatt tak
som gir bygningsmassen eit
moderne uttrykk, går det fram av
ein søknad.
Turker Sayar ønskjer å opne
treningssenter i Ørsta. Han har
skrive brev til kommunen der
han leitar etter lokale.
– Eg vil starte «gym» med
styrkeløft og «strongman»-trening som også kan kombinerast
med crossfit. Eg er ute etter
lager utan glasvegger, seier
Sayar i brevet til kommunen.
Møtte snøfriske geiter
Nyleg var elevane i arbeidslivsfaget 9. trinn
ved Ørsta ungdomsskule på besøk på Bueide gard i Volda
kommune.
Kring 200 mjølkegeiter og
bonde Anders Bueide tok i mot
Ørsta-gjengen. Geitefjøsen var
ny i fjor og er tilpassa miljøvennleg og moderne drift.
– Det var ei sterk lukt frå geitebukkane, fortel elev Håvard
Urkegjerde Åmås.
– Å vere saman med geitene
var veldig gøy. Dei var søte,
seier Andrea Hovden.
Leverer til Ørsta
Då elevane kom inn i fjøsen,
såg dei først mjølkestasjonane,
der det er plass til 40 geiter
samtidig. Mjølka frå mjølkestasjonen går til mjølketanken to
gongar i døgnet, og seinare
kjem det ein tankbil og fraktar
geitemjølka til meieriet i Ørsta.
Der vert Volda-mjølka brukt til
både Snøfrisk-produksjon og
brunostar. Anders Bueide leverer to hundre tonn geitemjølk
til meieriet i året.
– Å få lov til å mjølke geitene
var interessant og kjekt. For
meg såg det ut til at geitene
hadde god trivsel, konstaterer
Dawit Abebe.
– Geitene kunne nappe oss
litt, men berre for å vere godslege, trur Emilie Follestad Ørstavik.
I fjøsen fekk elevane sjå at
geitene hadde gode tarmar der
mykje avføring kom ut. Dei
fekk mat via samleband, og det
medførte at den maten som
vart fordelt i eit måltid, vart
ført ut av lokalet etter avslutta
måltid.
Fleire millionar
Elevane var imponert over at
bonden ville satse fleire millionar på geitedrifta si.
– I denne fjøsen var det veldig reint. Det var mange fine
geiter, men då dei kom samla i
flokk i full fart mot oss inni fjøsen, var det nesten litt skummelt. Like fullt var det fint å
kunne få halde nokre av killin-
I fjøsen: Bonde Anders Bueide tok i mot ørstaelevar i geitefjøsen sin på Bueide i Volda kommune.
gane, seier Nadja Tharai Skarstein.
– Om sommaren må bøndene jobbe meir enn om vinteren. Geitene var snille, fortel
Bhumika Subba.
– Gutekillingar vert oftast
sendt til slakteriet, fordi bøndene har ikkje bruk for så
mange bukkar kvar, opplyser
Arthur Bueide Gulla.
– Dei nyfødde kjea var søte
og gode kosedyr, uttalar Liza
Bisrat Tesfai.
– Dei minste geitene var dei
kjekkaste å kose med, meiner
Ingrid Eiken.
Leikerom i fjøsen
Når det gjeld lydnivået hjå geitene, vart elevane imponerte
over kor stille dei eigentleg var.
Dei var også danna då dei stilte
seg fint på rekke og gjekk til dei
ulike stasjonane i bustaden sin;
mjølkestasjonen, matstasjonen, drikkestasjonen og ikkje
minst leikestasjonen ...
gang, seier Markus Andre Engeseth.
Paddeliv
På veg heim frå gardsbesøket
nytta ørstaelevane høvet til å
stoppe ved den store padda i
Austefjorden.
– Eg hadde høyrt om den
store padda, men ho var endå
større enn eg hadde trudd på
førehand, konstaterer Khaled
Khaliqi.
Det vart ein del klekkeri ved
padda, då fleire nytta høvet til
å ta «paddefiar».
Elevane i arbeidslivsfaget likte seg godt i geitefjøsen.
- Geitene leikte seg ved å
hoppe litt, springe litt og klatre
oppover nokre pallar som var
lagt ut over, poengterer Ingrid
Myklebust Brautaset.
– Det var kjekt å gjere noko
utanfor skulen. Det var artig å
vere i ein geitefjøs for første
Tekst og foto: Faglærar
Hjørdis Almelid Vikenes og
elevane i arbeidslivsfaget 9.
trinn ved Ørsta ungdomsskule