10.02.2015
Transcription
10.02.2015
Møtebok for Nærbø sokneråd Møtedato: Møtetid: Møtested: 10.02.2015 kl. 18:00-21:00 Nærbø kyrkje (Grupperom 3 / spiserom) Tilstede: Tron Gudmestad, Gunvor Berge Risa, Ingrid Ljøkjel Wold, Svein Helge Harbo, Maria Reime Birkeli, Tone Torland Aarsland, Marie Lie Harbo, Håkon Høyland og soknepresten. Meldt forfall: Arne Reidar Hæåk. Innkallinga vart godkjent Meldingssaker Sak 000005 Arbeid i kyrkjelyden Samtale om: Gild samlivskveld med Anne Lene og Roar Otterøen som snakka om intimitet. Ønskje om fleire «voksenkveldar» med tema i kyrkja. Gild gudsteneste på sundag. Innsetjing av musikar Ragnhild Elisabeth Hoel. Ragnhild hadde fått med forsongarar til gudstenesta. Sak 000006 Idemyldring til kyrkjelydsbladet Sak 000007 Referat frå utval Referat frå Temagudstenesteutvalet 7. januar Referat frå misjonsutvalet 15. januar Referat frå diakoniutvalet 21. januar - Håkon Høyland er soknerådet sin representant i diakoniutvalet frå januar 2015. Referat frå gudstenesteutvalet 22. januar Sak 000008 Brosjyre for Utstein Pilegrimsgard Vart sendt ut med innkallinga. Sak 000009 Samling med stab og sokneråd Samtala om «samarbeid og forventningar mellom stab og sokneråd».AU lager program til neste soknerådsmøte. Sak 000010 Konsertar våren 2015 6. mars kl. 21:00 gospelkonsert med Redeemed frå Bergen. Gratis entré 8. mars kl. 19:00 Edgar Paulsen synger Jim Reeves-sanger og forteller om hans liv. Entré kr. 200,- ved inngangen 25. mars kl. 19:30 gospelkoret Abraham og Jæren gospelkor. Synger Dagsland v/ Bjarte Lending. Entré kr. 150.- og barn 50. 25.april kl. 19:30 Sandnes gospelkor. Entré kr. 150. 26. april kl. 18:00 Klepp Kultursskule og Jæren Symfoniorkester. 14. juni kl. 19:30 Konsertkafe med Jæren gospelkor. Entré kr. 200,- ved inngangen. Sak 000011 Områdeårsmøte på Himmel & Hav 7. mars kl. 11:00-15:00. Margunn og Georg Ivar Eide har sagt ja til å vera utsending for Nærbø kyrkjelyd . Sak 000012 Trusopplærar Helene Berentsen Kalleberg kom kl. 18:00 og samtala om arbeidet sitt Trusopplærer ønskjer leiartrening/undervisning for 50 unge leiarar. Skattekista: - Mellom 120-150 born på kvar sundagsskule. - Flott med ungdomsgruppe frå 8. klasse til 18 år. Ca 20 stk kvar gong. - Sundagsskulen ønskjer større plass. - Ønskje frå soknepresten og trusopplærar om å delta på sundagsskulen 2. gonger i året. Barnefestivalen: - Full kyrkje og samarbeid med andre menigheter. 24 hours festivalen: - Stor festival, travelt døgn men veldig kjekt. 450 born og 150 leiarar. Tårnagentane: - Gild helg med 70 born. Mini-meir: - Annankvar onsdag med ca 140 born frå 5-7 klasse. Til orientering: Hausttakkefesten 20.september Country Lights v/ Torild Egeland Reime kjem og er med på hausttakkefesten (kr. 5000.)- Det vert og ein minikonsert på 15. min rett etter gudstenesta. Endringar i gudstenestelista Soknepresten orienterte om gudstenestane til sommaren 4 på Nærbø, 4 på Varhaug og 2 i Ogna. Refusjonar for utleige Kvar sokn skal betala 35% av brutto inntekter ved utleige av kyrkjer og lokalar til Hå kyrkjeleg fellesråd. Gjelder frå 01.01.2015. Årsmøte 15. mars Jon Aarsland vert med på årsmøte. Sak 008/15 Årsmeldinga for 2014 Vedtak: Soknerådet godkjenner årsmeldinga 2014 med endringar. Sak 009/15 Representant til 17- mai komiteen 2015 Vedtak: Saka vert utsatt til soknerådsmøte i mai. Sak 010/15 Misjonsprosjekter i Nærbø kyrkjelyd Vedtak: Nærbø sokneråd fornyar misjonsavtalen med NMS om Evangeliseringsarbeid på Madagaskar. Nærbø sokneråd inngår ein ny avtale med NMS om «kyrkjeleg undervisning i Kina/Hong Kong». Nærbø sokneråd inngår ein ny misjonsavtale med Israelsmisjonen/Return2Sender om prosjektet «Bridgebuilders». Offeret blir delt likt på alle tre misjonsprosjekta. Sak 011/15 Status 10-årsjubileum c Vedtak: Laurdag 11. april: Steikja lappar utanfor Coop mega. Husfellesskapet for ungdom v/ Tor Martin Birkeli og Gunvor B. Risa tek ansvar for dette. Besøkja eldre og gi ei rose. Lars Sigurd Tjelle ,Randi E. Opstad og Diakoniutvalet . 100 stk T-skjorter med 10 års jubileum Nærbø kyrkje og laga foldar med program til jubileumsveka. Lars Sigurd Tjelle. • Søndag 12. april: Familiegudsteneste med Emmaus og Jæren gospelkor. Lars Sigurd Tjelle. Husfellesskapet v/ Bjarne Harbo og soknerådet har ansvar for kyrkjekaffi. • Tysdag 14. april: Arrangement på biblioteket kl.19:00. Lisabet Risa les kyrkjehistorie frå Nærbø «Nærbøkyrkja gjennom 1000 år». Ingrid L. Wold. «Barneselskap» i kyrkja kl.17:00. Glad Sang deltek. Jarle Waldemar kjem. Gunn A. Stokka og Helene B. Kalleberg har ansvar. • Onsdag 15. april: Stavanger bispedømmes kirkesangforbund skal vera med med Hovlands pilgrimsmesse og Jæren kammerkor. Anne Sofie Haarr deltek. Lars Sigurd Tjelle er liturg. Stein Johnsen er kyrkjetenar. • Fredag 17. april: Global kafé på kommunehuset kl. 18:00-20:00. • Fredag 17. april: Ungdomsarrangement. Dag Øivind Østereng saman med ungdommar. • Laurdag 18. april: Vi over 60 kl 14:00. Ragnhild Elisabeth Hoel og Randi E. Opstad deltek med song. Jan Roald og Karin Dahlstrøm deltek. Tor Syvert Aass skal visa ein bildeserie frå kyrkja i 10 år. - Arrangement på biblioteket kl. 12:00. Film «Fride på skipet» for barn frå 5-7 år. «Frida åtte år bur på verdens største sykehusskip. Kvar dag opplever Frida noko spennande». Ingrid har ansvar. • Søndag 19. april: Jubileumsgudsteneste. Ragnhild E. Hoel tek kontakt med musikkorpset og Jæren kammerkor. Prost Kjell Børge Tjemsland deltek. Lars Sigurd Tjelle. - Soknerådet bestiller ei stor jubileumskake og ispinnar. Desse vil soknerådet invitera til jubileumsgudstenesta den 19. april i Nærbø kyrkje: Biskop Erling Pettersen Prost Kjell Børge Tjemsland Anne Sofie Haarr Sven Tysdal Jan Roald Dahlstrøm Knut Svindland Ordfører Mons Skrettingland Rådmann Anne Berit Berge Ims Byggekomiteen: - Terje Mjåtveit - Kirsten Refsnes - Guri Vigrestad - Øystein Skretting - Ruth Synnøve Moi - Karen Elise Fossen - Per- Arvid Jakobsen Gabriel Bø Arkitekt Gunnar Fossen Byggeleiar Mikal Bjørløw Kyrkjeverje i 2005 Tor Syvert Aass Soknerådet i 2005: - Sokneprest Jan Roald Dahlstrøm - Leiar Gerd Turid Reime - Ingrid Ljøkjel Wold - Geir Bjarte Thaule - Jørgen Risdal - Karen Elise Fossen - Svein Helge Harbo - Stein Sandsmark - Astri Brekke Salte - Linn Sæla Taksdal - Harald Ueland - Åsvald Solheim (død) Sak 012/15 Medarbeiderfest i Nærbø kyrkje 2015 Vedtak: Ingrid L. Wold skal spørja personar om å vera med i ein komité til medarbeidarfesten den 25. september. Ingrid L. Wold kaller inn til møte. Sak 013/15 Avsetjing til fond 2014 Vedtak: Avsetjing og bruk av fond for 2014 - Avsetjing til fond Nærbø kyrkje, ferdigstilling og oppgradering kr. 24 170,60 - Bruk av fond orgel kr. -20,00 - Bruk av fond ungdomsarbeid kr. -85 149,00 - Avsetjing til fond musikarstilling kr. 63 532,00 - Avsetjing til fond misjonsprosjektet kr. 250,00 - Avsetjing til fond diakonistilling kr. 14 479,40 - Avsetjing til fond barne- og ungdomsarbeid kr. 1 100,00 For Nærbø sokneråd Kari Torland Sekretær