FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2015, den 4. juni, hadde

Transcription

FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2015, den 4. juni, hadde
FUSA SOKNERÅD
HOVUDUTSKRIFT
År 2015, den 4. juni, hadde Fusa sokneråd møte på kyrkjekontoret, Eikelandsosen.
Møtet tok til kl.18.30 og var slutt kl.21.00.
Innkallinga var sendt representantane og vararepresentantane den 26. mai 2015.
Desse har meldt forfall til møtet:
Heidi C Bergesen
Anders Holmefjord
Følgjande vararepr. møtte:
Endre Samnøy
Magnar Berge møtte frå og med sak 2015/024
Kommunal representant Steinar Skår møtte med røysterett i sakene 2015/030-034.
Dessutan møtte: kyrkjeverje Harald Geir Sæther.
SAKSLISTE:
Saksnr.:
Sak Tekst:
SAK:
SKRIV/MELDINGAR S-SAKER
SAK:
2015/023
S
GUDSTENESTELITURGI I FUSA - EVALUERING
2015/024
S
GUDSTENESTEPLAN 2. HALVÅR 2015
2015/025
S
TILTAKSPLAN M.M. 2. HALVÅR 2015
2015/026
S
ORIENTERING OM SOMMAREN 2015
2015/027
S
AKTUELLE SAKER
2015/028
V
RØYSTELOKALE VED KYRKJEVALET 2015
2015/029
V
OPPNEMNING AV RØYSTESTYRE
2015/030
2015/031
A
A
2015/032
A
2015/033
2015/034
2015/035
2015/036
A
A
S
S
FRAMTIDIG KYRKJEORDNING - HØYRING
FUSA SOKNERÅD SIN REKNESKAP 2014 GODKJENNING
NYTT FLOMLYSANLEGG VED
HÅLANDSDAL KYRKJE
NYTT FLOMLYSANLEGG VED
STRANDVIK KYRKJE
EIGEDOMSUTVALET SINE PRIORITERINGAR
PÅ BYGG OG ANLEGG 2016-2019
UNGDOMSARB.STILLINGEN - VIDAREFØRING?
KONFIRMANTUNDERVISNING FRÅ SKULEÅRET
2015-2016
ARKIV
ARKIV
362
311
360
369
369
002.31
002.31
002.5
133
411
411
112
210
332
- side 2 -
Det var ikkje merknader til innkalling og sakliste.
Kyrkjeverja opna møte med å lese frå andaktsboka "Rasteplassen" om det å vere eit frimodig
vitne.
Soknepresten sine fem minutt:
- Einar Ekerhovd har tatt i mot stillinga som sokneprest og byrjar den 10. august
- Sokneprest Roar Strømme sluttar 30. juni
- Bispedømerådet ønskjer at prestegarden på Fusa vert tatt vare på som prestebustad, men det
er ikkje dei som avgjer
- David Vogel er tilsett som sokneprest i Samnanger
Kyrkjeverja sine fem minutt:
- orienterte om status for reiskapshus og utviding av gravplassen på Baldersheim. Bygget er
godkjent av Bjørgvin bispedøme, men det må søkjast om byggjeløyve. Kommunen følgjer opp
arbeidet med kjøp av grunn til utviding av gravplassen
- Ein driv no med og gjer klar for oppattgraving på Hålandsdal kyrkjegard. Arbeidet som
pågår går bra, og det ser ut som om ein kan få gjort klar 40-50 graver når arbeidet er ferdig.
- ein gjer no klar for første delbetaling av pengegåve til bygging av kyrkje i Awada i SørEtiopia. Det vert sendt kr.25.000,- i første omgang
Soknerådet avslutta møtet med å synge salma "Den prektigkledde sommerfugl"
Rett utskrift,
Fusa kyrkjekontor, 5649 EIKELANDSOSEN
den 5. juni 2015
Harald Geir Sæther
kyrkjeverje
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
S
GUDSTENESTELITURGI I FUSA - EVALUERING
Saksnr.: 2015/023
Ark.nr. 362
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd vedteke endringane slik dei er tilrådd i vedlegg 2 i saka.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd vedteke endringane slik dei er tilrådd i vedlegg 2 i saka.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
1. Oppsummering av innspel som kom i samband med skriftleg evaluering
2. Framlegg til endringar som er tilrådd
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Ein er frå biskopen pålagt å ha ein gjennomgang/evaluering av gudstenesteliturgien no 2-3 år
etter at den nye er innført. Soknepresten har saman med staben laga eit skjema som har vore
nytta ved evalueringa. Det er kome inn om lag 20 svar. Desse har soknepresten samordna i eit
svarskjema (vedlegg 1). Med bakgrunn i innspela som er kome har ein hatt gjennomgang av
liturgien i stab og AU. Med bakgrunn i drøftingane har ein laga eit utkast til tilpassingar
(vedlegg 2).
Av det som vil visast mest som gjeld tilrådde endringar, er at vi i framtida sit noko meir under
salmesongen enn det vi gjer no. Det vert vist til vedlegg 2 når det gjeld tilrådde endringar og
oppfølging av dei praktiske konsekvensane.
Det må søkjast biskopen om godkjenning.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
S
GUDSTENESTEPLAN 2. HALVÅR 2015
Saksnr.: 2015/024
Ark.nr. 311
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd tek gudstenesteplanen for perioden 01.09-31.12.2015 til orientering.
Soknerådet vil sjå på gudstenesteplanen for 1. halvår 2016 før ein evt sender ei
bekymringsmelding til biskopen om nedgangen i gudstenestetalet.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd tek gudstenesteplanen for perioden 01.09-31.12.2015 til orientering.
Fellesframlegg til vedtak:
Som framlegget, men med følgjande tillegg:
Soknerådet vil sjå på gudstenesteplanen for 1. halvår 2016 før ein evt sender ei
bekymringsmelding til biskopen om nedgangen i gudstenestetalet.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Fellesframlegget vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
1. Utkast til gudstenesteplan
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Gudstenesteplanen for 2. halvår ligg no føre. Vedlegget syner gudstenestene i perioden 01.0931.12.2015. Sommarplanen er klar og den kjem i kyrkjebladet medio juni.
No skal gudstenestene samordnast med Samnanger, og det ser ein i vedlegget.
Soknepresten har ein gjennomgang av gudstenestelista i møtet.
Kyrkjeverja vil presisere at biskopen har forordna 94 gudstenester i Fusa. Med den planen
som no ligg føre vil ein neppe innfri biskopen sitt krav om talet på forordna gudstenester.
Soknerådet bør ha dette med seg i framtida når den nye strukturen har sett seg.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
S
TILTAKSPLAN M.M. 2. HALVÅR 2015
Saksnr.: 2015/025
Ark.nr. 360
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd tek tiltaksplanen til etterretning.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd tek tiltaksplanen til etterretning.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
1. Framlegg til tiltaksplan for 2. halvår 2015
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Tiltaksplanen syner det meste av dei aktivitetane som skjer utanom sjølve gudstenestene som
gjeld det kyrkjelydsbyggjande arbeidet i soknet. Der er særleg to faktorar kyrkjeverja vil
trekkje fram:
1. Vi får ny prest, og her er det viktig at vedkomande får vere med å ta initiativ til og forme ut
ein del av tankane han gjer seg for å fremje det kyrkjelydsbyggjande arbeidet.
2. Det skal vere kyrkjeval i september. Allereie no er det ganske mykje administrativt arbeid
med dette. Særleg skal informasjon leggjast inn i ein valdatabase, ein skal leggje til rette for at
praktiske ting er på plass med omsyn til m.a. vallokale, røystestyre, og vi skal heile vegen ut
med informasjon om valet både i kyrkjeblad og lokalpresse. Seinare skal ein gjere klar til
førehandsrøysting alle yrkedagar frå 10.august til 11. september. Så skal nytt sokneråd veljast,
og dei som vert valde skal ha informasjon og opplæring ut over hausten. Den nye
soknerådsperioden tek til å gjelde frå 1. november.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
S
ORIENTERING OM SOMMAREN 2015
Saksnr.: 2015/026
Ark.nr. 369
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Saka vart teken til etterretning.
Framlegg til vedtak:
Saka vert teken til etterretning.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Saka vart tekne til etterretning.
Trykte saksdokument:
Ingen
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Der er mange ting som skal på plass til sommaren, og spesielt i år er det at vi ikkje har fast
tilsett prest. Roar Strømme har si siste gudsteneste sundag 21. juni, og ny prest Einar
Ekerhovd byrjar i august månad.
Det er alltid ei utfordring å få kyrkjetenarkabalen til å gå opp pga ferieavvikling. Forutan at
kyrkjetenarane strekk seg langt for å finne løysingar vil også folk frå kontoret ta evt
enkeltoppgåver for å få gjennomført gudstenester og gravferder.
Ved kyrkjekontoret får vi også utfordringar då sekretær Grete Tveitnes sluttar 30. juni. Hans
Einar Markhus er tilsett, men vi vil likevel få ei utfordring gjennom særleg ei veke i juli
månad - då har vi ikkje folk på kontoret. Det er ikkje uvanleg at vi slit med full dekking ei
veke, men spesielt i år er det at vi har vikarprest frå gong til gong. Erfaringsmessig ser vi at
alle prestar som kjem her som vikar har mange spørsmål som kyrkjetenar, organist og
kykrjekontor må støtte opp om. Vi har også frivillige medarbeidarar som vi må ha nær dialog
med for å få brikkene på plass. Meir informasjon om status vert gitt i soknerådsmøtet.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
S
AKTUELLE SAKER
Saksnr.: 2015/027
Ark.nr. 369
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
1. Soknerådet oppmodar alle KU om å stille med to kaker kvar til kyrkjekaffien 21. juni
2. Tre laurdagskafear i haust. Soknerådet er positiv til eit samarbeid mellom bedehus,
frivilligsentral og sokneråd.
3. Bodil Samnøy er med i "Finnmarksnemnda" med tanke på tur i 2016.
Framlegg til vedtak:
Saka vert teken til etterretning.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
1. Soknerådet oppmodar alle KU om å stille med to kaker kvar til kyrkjekaffien 21. juni
2. Tre laurdagskafear i haust; Soknerådet er positiv til ei samarbeid mellom bedehus,
frivilligsentral og sokneråd.
3. Bodil Samnøy er med i "Finnmarksnemnda" med tanke på tur i 2016.
Trykte saksdokument:
Ingen
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Her kan soknerådet sine eigne representantar ta opp aktuelle saker og spørsmål.
AU har to tema som ein ønskjer å orientere om.
1. Konfirmantåret 2015-2016. Ny prest Einar Ekerhovd set i gong si teneste i Fusa i august
månad. Ungdomsarbeidar Hans Einar Markhus går over i ny stilling i løpet av sommaren. Der
skal vere eit møte mellom ny sokneprest Einar Ekerhovd, avtroppande sokneprest Roar
Strømme og ungdomsarbeidar Hans Einar Markhus før soknerådet sitt møte. Det skal også
Fusa sokneråd si sak 2015-027 held fram
Aktuelle saker
- side 2 -
vere eit møte i ungdomsutvalet før soknerådsmøte. Det vil bli gitt ei orientering i soknerådet
sitt møte.
2. 21. juni 2015 - Roar Strømme si siste gudsteneste i Fusa. Roar Strømme har si siste
gudsteneste som sokneprest i Fusa den 21. juni, og då i Fusa kyrkje.
Informasjon frå soknerådsmøte:
I sjølve møtet vart fleire tema trket fram, og det vart gjort ein uttale/vedtak på tre punkt.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
V
RØYSTELOKALE VED KYRKJEVLAET 2015
Saksnr.: 2015/028
Ark.nr. 002.31
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
1. Fusa sokneråd gjer vedtak om å ha følgjande røystelokale og røystetider:
Nore Fusa oppvekstsenter/skule kl.13-19
Eikelandsosen – Eikelandsosen ungdomsskule – kl.10-19
Fusa – Fusa samfunnshus – kl.13-19
Hålandsdal – Holdhus oppvekstsenter/skule – kl.13-19
Strandvik – Strandvik oppvekstsenter/skule – kl.13-19
Baldersheim – Søre Fusa oppvekstsenter – kl.13-19
Fusa sokneråd følgjer Fusa kommune sine endelege val av røystelokale og røystetider.
2. Fusa sokneråd vedtek at det skal vere førehandsrøysting følgjande stader:
Fusa kyrkjekontor yrkesdagar kl.10-14. Kyrkjeverja får mynde til å oppnemne
røystemottakarar til førehandsrøystinga. I tillegg skal det vere førehandsrøysting på
Fusa bu- og behandlingssenter, Eikhovdaheimen og Baldersheim helsetun.
3. Det vert teke atterhald om at ein finn praktiske løysingar som gjer at ein kan
gjennomføre valet slik som er tenkt gjennom dette vedtaket.
Framlegg til vedtak:
1. Fusa sokneråd gjer vedtak om å ha følgjande røystelokale og røystetider:
Nore Fusa oppvekstsenter/skule kl.13-19
Eikelandsosen – Eikelandsosen ungdomsskule – kl.10-19
Fusa – Fusa samfunnshus – kl.13-19
Hålandsdal – Holdhus oppvekstsenter/skule – kl.13-19
Strandvik – Strandvik oppvekstsenter/skule – kl.13-19
Baldersheim – Søre Fusa oppvekstsenter – kl.13-19
Fusa sokneråd følgjer Fusa kommune sine endelege val av røystelokale og røystetider.
Fusa sokneråd si sak 2011/028 held fram
Røystelokale og opningstider ved kyrkjevalet 2015
- side 2 –
2. Fusa sokneråd vedtek at det skal vere førehandsrøysting følgjande stader:
Fusa kyrkjekontor yrkesdagar kl.10-14. Kyrkjeverja får mynde til å oppnemne
røystemottakarar til førehandsrøystinga. I tillegg skal det vere førehandsrøysting på
Fusa bu- og behandlingssenter, Eikhovdaheimen og Baldersheim helsetun.
3. Det vert teke atterhald om at ein finn praktiske løysingar som gjer at ein kan
gjennomføre valet slik som er tenkt gjennom dette vedtaket.
___________________________________________________________________________
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
Ingen
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Ved kyrkjevalet i 2011 hadde ein 11 røystekrinsar. Fusa kommune reduserte talet på krinsar til
seks frå og med valet i 2013. Ein rår difor til at soknerådet gjennomfører val på same stad som
ved kommunevalet. Det er i tråd med sentrale tilrådingar.
Fusa sokneråd får truleg overført om lag kr.50.000,- til gjennomføring av kyrkjevalet. Det
strekk ikkje til alle dei utgiftene ein vil ha til gjennomføring av valet om alle reelle utgifter
skal dekkast.
Kyrkjeverja har hatt samtalar med administrativ leiing for valet i kommunen
Dei vil leggje opp til at valet kan gjennomførast praktisk i same vallokala som kommunevalet,
men ikkje i same rom. Det er etter same mønster som for fire år sidan.
Kyrkjeverja rår til at Fusa sokneråd gjennomfører vala i same krinsar som kommunevalet.
Unnatak må vere der det ikkje let seg gjere av praktiske omsyn som t.d. ein ikkje skulle få
eigna vallokale eller greie å skaffe røystestyre. Oppnemning av røystestyre blir fremja som
eiga sak 2015/029.
Når det gjeld opningstider, vil kyrkjeverja rå til at ein også har same opningstider som
kommunevalet. Det må truleg på plass to røystestyre i Eikelandsosen medan det er nok med
eit i dei andre valkrinsane. Det har samanheng med opningstidene, og at der er lenger
opningstid i Eikelandsosen.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
V
OPPNEMNING AV RØYSTESTYRE 2015
Saksnr.: 2015/029
Ark.nr. 002.31
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
1. Valteamet får delegert mynde til å oppnemne røystestyra.
Soknerådsmedlemmene vil evt. bli trekt inn i prosessen om nødvendig.
2. Medlemmene i røystestyra og andre valfunksjonærar blir godtgjort med kr.150,pr time. Leiaren i røystestyra får kr.700,- i tillegg. Tapt arbeidsforteneste vert
dekka.
Framlegg til vedtak:
1. Valteamet får delegert mynde til å oppnemne røystestyra.
Soknerådsmedlemmene vil evt. bli trekt inn i prosessen om nødvendig.
2. Medlemmene i røystestyra og andre valfunksjonærar blir godtgjort med kr.150,pr time. Leiaren i røystestyra får kr.700,- i tillegg. Tapt arbeidsforteneste vert
dekka.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
Ingen
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Det er valstyre sitt ansvar å få oppnemnt røystestyra. Det må vere eit røystestyre i kvart
røystelokale. Det må vere minimum tre personar, og desse kan ikkje vere dei same som
røystestyra til stortingsvalet.
Fusa sokneråd si sak 2015/029 held fram
Oppnemning av røystestyre
- side 2 –
Røystestyra kan ikkje oppnemnast før røystekrinsane er bestemt. Røystestyra bør på plass før
sommaren. Difor rår ein til at valteamet får i oppgåve å oppnemne røystestyra. Valteamet
oppnemnde soknerådet i sitt møte i desember 2014, og det er samansett av leiar for
soknerådet, leiar for valstyret (Anders Holmefjord), leiar for nominasjonskomiteen (Bodil
Samnøy) og kyrkjeverja. Her kan ein samarbeide med kyrkjelydsutvala og
medarbeidarkoordinatoren for å få på plass røystestyra. Medarbeidarkoordinatoren har ved dei
siste vala vore den som praktisk har arbeidd med å få på plass røystestyra, noko som har
fungert svært godt. Å sitje i røystestyre er ei oppgåve som alle medlemmene i Den norske
kyrkja kan oppnemnast til.
Ein rår til at godtgjersla vert kr.150,- pr time (kr.100,- i 2011) for alle valfunksjonærar, og at
leiaren i kvart røystestyre får ei leiargodtgjersle på kr.700,- (kr.500,- i 2011). Tapt
arbeidsforteneste for valfunksjonærar rår ein også til skal godtgjerast.
Når det gjeld utbetaling av godtgjersle, rår ein til at røystestyra får dei utbetalt på bankkonto
viss dei ikkje ønskjer at beløpet skal vere ei gåve til kyrkjelydsarbeidet (barne- og
ungdomsarbeidet).
Saka vert lagt fram for soknerådet til drøfting og vedtak.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
A
FRAMTIDIG KYRKJEORDNING - HØYRING
Saksnr.: 2015/030
Ark.nr. 002.5
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd vedtek framlegget til høyring som ligg føre.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd vedtek framlegget til høyring som ligg føre.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke
Trykte saksdokument:
1. Framlegg til høyringsnotat utarbeidd av Roald Samnøy og kyrkjeverje
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Soknerådet oppnemnde Roald Samnøy og kyrkjeverja til å lage eit utkasst til høyring frå Fusa
sokneråd i temaet som gjeld framtidig kyrkjeordning.
Dette er gjort, og AU har hatt det til drøfting.
Framlegget vert lagt fram for soknerådet for drøfting og avgjerd.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
A
FUSA SOKNERÅD SIN REKNESKAP 2014 - GODKJENNING
Saksnr.: 2015/031
Ark.nr. 133
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd godkjenner rekneskapen slik den ligg føre med merknaden frå
revisjonen.
Framlegg til vedtak:
Framlegg til vedtak vert ettersendt, evt. lagt fram i soknerådsmøte
Framlegg frå Randi Hauge:
Fusa sokneråd godkjenner rekneskapen slik den ligg føre med merknaden frå
revisjonen.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Randi Hauge sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
1. Årsmelding for rekneskapen 2013
2. Revisjonsrapport 2014 dat. 3. juni 2015 vart lagt fram i soknerådsmøte
3.Revisjonsberetning dat.3. juni 2015 vart lagt fram i soknerådsmøte
4.Fråsegn om årsrekneskapen dat.3 juni 2015 vart lagt fram i sopknerådsmøte
Ikkje trykte saksdokument:
5. Rekneskapstala 2013
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Innleiing:
Ein fekk oversendt rekneskapsoversikt for rekneskapen 2014 den 25. mai. Denne vart
oversendt revisjonen 26. mai saman med årsmeldinga for rekneskapen. Ein reknar med å få
tilsendt revisjonsmeldinga før soknerådet sitt møte. Kyrkjeverja har hatt nær dialog med
revisjonen den siste månaden. Det har teke lenger tid enn vanleg med rekneskapen i 2014,
men ein vonar på betring i åra som kjem. Der er nye medarbeidarar ved rekneskapskontoret
som er med på denne prosessen for første gong.
Fusa sokneråd si sak 2015-031 held fram
Fusa sokneråd sin rekneskap 2014 - godkjenning
- side 2 -
Det vert vist til årsmeldinga i rekneskapen (vedlegg 1) som gir meir informasjon om kvifor
rekneskapsresultatet er som det er.
Resultat:
Reelt resultat for ansvarsområda:
3.1
Sokneråd/Administrasjon
3.2
Kyrkjer
3.3
Kyrkjegardar
Resultat:
2014
+ kr.178.000,- kr. 20.000,- kr. 56.000,+ kr.102.000,-
2013
+ kr.233.000,- kr.125.000,+ kr. 97.000,+ kr.205.000,-
Overskotet for desse ansvarsområda, stort kr.102.000,-, er sett av på "Uspesifisert
disposisjonsfond". Det skal vere i tråd med Fusa sokneråd sitt vedtak i sak 2014/069. Med
denne avsetjinga går driftsrekneskapen i balanse.
For kyrkjelydsarbeidet syner rekneskapen balanse.
Evt disponering av renteinntekter i 2014
Fusa sokneråd har dei seinare åra, om den samla rekneskapen har tillate det, løyvd 20% av dei
frie renteinntektene til eit nødhjelpsføremål eller liknande. Soknerådet avgjer om ein vil halde
fram med denne ordninga. Her kna soknerådsmedlemene kome med framlegg om eit slikt
prosjekt i møtet. Alternativt tek ein det opp som eiga sak i førstkomande møte. Summen
utgjer om lag kr.20.000,-.
Oppsummering:
Det kan vere saksutgreiinga vert forlenga når ein får revisjonsmeldinga. Det vil kome nokre
merknader. Framlegg til vedtak vil bli laga når revisjonsmeldinga ligg føre.
Informasjon i soknerådsmøte.
Ein gjekk gjennom dokumenta frå revisjonen. Det var ein merknad i revisjonsrapporten for
2014 under punkt 2.1 om aktivering.
Malearbeid av kyrkjer tilrår revisjonen for framtida vert ført i driftsrekneskapen.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
A
NYTT FLOMLYSANLEGG HÅLANDSDAL KYRKJE
Saksnr.: 2015/032
Ark.nr. 411
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd løyver inntil kr.30.000,- til utskifting av fasadebelysning i Hålandsdalen
kyrkje. Dekning: Vedlikehald kyrkjer.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd løyver inntil kr.30.000,- til utskifting av fasadebelysning i Hålandsdalen
kyrkje. Dekning: Vedlikehald kyrkjer.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
1. Pristilbod flomlys Hålandsdal kyrkje
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Flomlysanlegget (Fasadebelysningen) av Hålandsdal kyrkje har vore i dårleg stand i mange år,
og lyspærene som vert nytta er kostbar i drift. Eigedomsutvalet tilrår at dette vert bytta ut til
ledlys.
Forventa kostnad er kr.26.700,- inkl mva. På vedlikehaldsbudsjettet for kyrkjene i 2015 står
det til saman kr.80.000,-. Kyrkjeverja rår til at ein nyttar denne budsjettposten til dekning av
dette tiltaket, og gir det ei samla ramme på inntil kr.30.000,-.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
A
NYTT FLOMLYSANLEGG STRANDVIK KYRKJE
Saksnr.: 2015/033
Ark.nr. 411
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd løyver inntil kr.20.000,- til utskifting av fasadebelysning i Strandvik
kyrkje. Dekning: Vedlikehald kyrkjer. Viss kyrkjebudsjettet (ansvar 200) for 2015 går i
minus, nyttar ein "Fond kyrkjer" til dekning av tiltaket.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd løyver inntil kr.20.000,- til utskifting av fasadebelysning i Strandvik
kyrkje. Dekning: Vedlikehald kyrkjer. Viss kyrkjebudsjettet (ansvar 200) for 2015 går i
minus, nyttar ein "Fond kyrkjer" til dekning av tiltaket.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
1. Pristilbod, sjå vedlegg 1 i sak 2015-032)
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Flomlysanlegget (Fasadebelysningen) ved Strandvik kyrkje er relativt nytt, men har lyspærer
som er kostbar i drift. Vi nyttar flomlysa lite om vinteren, mest i advents- og juletida. I
Strandvik er det ønskje om meir belysning, og det er gode argument for det då Strandvik
kyrkje er eit signalbygg som er plassert midt i sentrum av bygda.
Så då er det ei vurdering om ein skal investere i nytt anlegg med dei kostnadane det har. Då
vil ein få noko reduserte straumutgifter, noko som og er meir miljøvennleg. Elles held vi fram
som no. Kyrkjeverja rår til at vi skifter til meir miljøvennleg lysarmatur. Eigedomsutvalet
drøfta spørsmålet og er samd i tilrådinga.
Ein har løyvd kr.30.000,- til Hålandsdal kyrkje. Det tar ein relativt stor del av
vedlikehaldsbudsjettet om noko uføresett skulle skje. Difor tilrår kyrkjeverja at ein dekker
med bruk av driftsbudsjettet, men at ein nyttar "Fond kyrkjer" om kyrkjerekneskapen (ansvar
200) går i minus i 2015.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
A
EIGEDOMSUTVALET SINE PRIORITERINGAR PÅ BYGG OG
ANLEGG 2016-2019
Saksnr.: 2015/034
Ark.nr. 112
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd vedtek følgjande prioriteringsplan for perioden 2016-2019:
År
Tiltak
Kalkulert pris:
2016
Utvendig opprusting av Sævareid kapell
200.000
2016
Opprusting innvendig Sundvor kyrkje
200.000
2016
Opprusting orgel i Strandvik kyrkje
1.000.000
2016
Utviding av Baldersheim gravplass
400.000
2017-2018
Skifte av tak Fusa kyrkje
1.000.000
2019
Utvendig opprusting av Fusa kyrkje
500.000
2020
Ny foldedør i Fusa kyrkje
200.000
Ein reknar med at ein allereie har finansiert arbeidet med opprusting av orgel i
Strandvik kyrkje og utviding av Baldersheim gravplass gjennom løyving i 2015 og
gåver/tilskot/fond elles.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd vedtek følgjande prioriteringsplan for perioden 2016-2019:
År
2016
2016
2016
2016
2017-2018
2019
Tiltak
Utvendig opprusting av Sævareid kapell
Opprusting innvendig Sundvor kyrkje
Opprusting orgel i Strandvik kyrkje
Utviding av Baldersheim gravplass
Skifte av tak Fusa kyrkje
Utvendig opprusting av Fusa kyrkje
Kalkulert pris:
200.000
200.000
1.000.000
400.000
1.000.000,500.000,-
Ein reknar med at ein allereie har finansiert arbeidet med opprusting av orgel i
Strandvik kyrkje og utviding av Baldersheim gravplass gjennom løyving i 2015 og
gåver/tilskot/fond elles.
Fusa sokneråd si sak 2015/034 held fram
Eigedomsutvalet sine prioriteringar på bygg og anlegg 2016-2019
- side 2 -
Framlegg frå Randi Hauge:
Som framlegget, men m,ed følgjande tillegg:
2020
Ny foldedør Fusa kyrkje, kr.200.000,-
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Randi Hauge sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
Trykte saksdokument:
1. Referat frå eigedomsutvalet si synfaring 11. mai 2015
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Kort historikk:
I 2014 hadde Fusa sokneråd to større investeringar:
1. Utvendig opprusting Strandvik kyrkje
2. Innkjøp av salmebøker
I rekneskapen for 2014 vil soknerådet få merknad om at opprusting av Strandvik kyrkje ikkje
skulle vore finansiert over investeringsrekneskapen, men skulle vore ført som eit ordinært
vedlikehald (eit større vedlikehald). Dette må endrast for framtidige prosjekt.
Langtidsbudsjett 2015-2018
Fusa sokneråd gjorde følgjande prioriteringar i sitt møte i juni 2014 når det gjeld åra 20152018:
INVESTERINGAR:
År
Tiltak
Kalk.pris
2015:
Opprusting Baldersheim kyrkjegard
400.000
2016:
Opprusting innvendig Sundvor kyrkje
400.000
2016-2017: Utviding Hålandsdal kyrkjegard og parkering
2.000.000
2014-2015: Opprusting orgel Strandvik kyrkje
1.000.000
2016-2017: Opprusting av tårn m.m. i Hålandsdal og Strandvik kyrkje
500.000
2018-2019
Skifte av tak Fusa kyrkje
1.000.000
Status pr juni 2015
I 2015 har ein jobba med to større prosjekt:
1. Opprusting Baldersheim gravplass. Ein fekk i slutten av april godkjenning frå rådgjevar for
gravplassaker til bygging av nytt redskapshus på Balderseim. Det må søkjast om godkjenning
frå kommunen også. Leiar i eigedomsutvalet Asbjørn Heidal og kyrkjeverja skal følgje opp.
Utviding av gravplassen vert det også arbeidd med. Leiar i eigedomsutvalet og kyrkjeverja
skal følgje opp dette.
Fusa sokneråd si sak 2015/034 held fram
Eigedomsutvalet sine prioriteringar på bygg og anlegg 2016-2019
- side 3 -
Orgel i Strandvik kyrkje
Kantor og kyrkjeverja følgjer opp dette. Det vert for tida arbeidd med å legge arbeidet ut på
Doffin, noko som må gjerast for oppdrag over kr.500.000,-.
Økonomisk driv ein framleis og samlar inn midlar til gjennomføring av arbeidet. Meir
informasjon i soknerådsmøte.
Prioriteringar 2016-2019
Eigedomsutvalet drøfta prioriteringar av oppgåver i åra som kjem. Ein kom ikkje med
konkrete årstal på alt. Men i framlegget ligg eigedomsutvalet sine tidlegare prioriteringar
saman med nye tiltak som må gjerast i åra som kjem. Ein reknar med at Fusa kyrkje også må
pussast opp att utvendig i slutten av fireårsperioden.
År
2016
2016
2016
2016
2017-2018
2019
Tiltak
Utvendig opprusting av Sævareid kapell
Opprusting innvendig Sundvor kyrkje
Opprusting orgel i Strandvik kyrkje
Utviding av Baldersheim gravplass
Skifte av tak Fusa kyrkje
Utvendig opprusting av Fusa kyrkje
Kalkulert pris:
200.000
200.000
1.000.000*
400.000*
1.000.000,500.000,-
Opprusting av tårn m.v.i Hålandsdal og Strandvik kyrkje har tidlegare stått på
prioriteringslista, men ein tar det ut inntil vidare.
* er tiltak som ein har starta opp i 2015.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
A
UNGDOMSARBEIDARSTILLINGEN - VIDAREFØRING
Saksnr.: 2015/035
Ark.nr. 210
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Det må presiserast i utlysingsteksten: Ungdom
Framlegg til vedtak:
Det ligg ikkje føre framlegg til vedtak.
Fellesframlegg til vedtak:
Det må presiserast i utlysingsteksten: Ungdom
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Det må presiserast i utlysingsteksten: Ungdom
Trykte saksdokument:
1. Utkast til stillingsannonse vart lagt fram i soknerådsmøte
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Ungdomsarbeidar Hans Einar Markhus går over i ny stilling i løpet av sommaren 2015.
Ungdomsarbeidarstillingen på 80% er dermed ledig. Stillinga har hatt om lag følgjande
arbeidsdeling - 60% ungdomsarbeidar (kyrkjelydsfinansiert) og 20% støttefunksjon til
trusopplæringsarbeidet 0-13 år (statleg tilskot).
Det er viktig at ein har ein prosess på korleis ein nyttar denne stillinga i framtida - før ein lyser
ut. Det er no ein har høve til ein slik gjennomgang. Vil vi ha stillinga slik den har vore dei
seinare åra? Eller vil vi tilpasse endringar som er kome eller som kjem? Vi må også ha i
bakhand kva søkjargrunnlag vi kan få til ei slik stilling.
Vi har for tida ei intern drøfting med dei tilsette, og vi vil også ha ein dialog med ny
sokneprest i forkant av soknerådsmøte.
Det vert lagt fram forslag til vedtak i møtet, evt utsendt i forkant av møtet. Ein vil også lage
eit utkast til utlysingstekst som blir lagt fram i møtet.
MØTEBOK
Fusa sokneråd
Møtedato:
04.06.2015
Sak:
S
KONFIRMANTUNDERVISNING FRÅ
SKULEÅRET 2015-2016
Saksnr.: 2015/036
Ark.nr. 332
Sakshandsamar: HGS
Fusa sokneråd gjorde følgjande vedtak:
Fusa sokneråd tilrår at ein held fram med konfirmantundervisning på same måte i
2015-2016 som dei siste åra. Ein skal ha ein gjennomgang av eit framtidig
konfirmantopplegg i soknerådet i løpet av 2. halvår 2015. Der skal ein også ta fram dei
økonomiske konsekvensane ved evt endringar som måtte kome.
Framlegg til vedtak:
Fusa sokneråd tilrår at ein held fram med konfirmantundervisning på same måte i
2015-2016 som dei siste åra. Ein skal ha ein gjennomgang av eit framtidig
konfirmantopplegg i soknerådet i løpet av 2. halvår 2015. Der skal ein også ta fram dei
økonomiske konsekvensane ved evt endringar som måtte kome.
VEDTAK I SOKNERÅDET:
Framlegget vart samrøystes vedteke
Trykte saksdokument:
1. Skriv dat.3.juni 2015 frå einingsleiar i Fusa kommune Anne-Merete Mærli Hellebø
om samarbeid mellom Fusa sokn og Fusa ungdomsskule om konfirmantundervisning.
Skrivet vart lagt fram i møtet.
Ikkje trykte saksdokument:
Ingen
_________________________________________________________________________
SAKSUTGREIING:
Det er frå Fusa ungdomsskule teke initiativ til at konfirmantundervisninga skal ut frå skulen.
Temaet har vore oppe til drøfting før. Bakgrunnen for at det har vore konfirmantundervisning
på skulen er m.a. dei geografiske store avstandane vi har i kommunen. Lovverket gir difor
høve til dette. Dei siste åra har ein hatt 8 undervisningstimar fordelt over fire bolkar a 2 timer.
Så det har ikkje vore omfattande.
Fusa sokneråd si sak 2015-036 held fram
Konfirmantundervisning frå skuleåret 2015-2016
- side 2 -
3. juni var det møte mellom einingsleiar for barnehage og skule, representant frå
ungdomsskulen, sokneprest og ungdomsarbeidar for å drøfte kva ein gjer både i året som kjem
og dei påfølgjande åra. Ein konkluderte med følgjande når det gjeld konfirmantarbeidet og
samarbeidet med skulen:
Ein kan halde fram på same måte som før komande skuleår, men ein skal ha ein gjennomgang
av korleis evt samarbeid med skule skal vere frå og med skuleåret 2016/2017. Dette skal ein
ta stilling til før utgangen av 2015.
Dette gir noko meir omrømingstid for å drøfte kva konfirmantopplegg ein ønskjer i framtida.
Ny sokneprest startar opp i august månad, og han vil då kunne vere med i prosessen.
Soknerådet treng difor i denne omgang ikkje gjere noko prinsippvedtak om ein vil stå på for å
ha konfirmantundervisning i skulen eller ikkje. Dette vil ein kome tilbake til 2. halvår 2015,
anten i noverande sokneråd eller i nytt sokneråd.
Eit anna spørsmål som må reisast er det som gjeld konfirmantavgifta. Den har vore kr.800,- i
mange år, og berre leiren har hatt ein vesentleg høgare kostnad enn avgifta. Ein ser føre seg at
ei omlegging av konfirmantundervisninga vil skje. Ein del stadar ser ein at det vert laga
alternative opplegg for konfirmantane, og at eigenbetalinga varierer ut frå kva opplegg kvar
konfirmant veljer. Det kan gjerne variere frå kr.1.500,- og opp til kr.3.000,-. Vi har ikkje henta
inn oversikt frå andre sokneråd enno, men vil gjere det seinare i prosessen når ein skal sjå på
framtidig konfirmantopplegg. Det kan likevel vere nyttig å få innspel frå soknerådet allereie
no om ein har sterke synspunkt på det som gjeld eigenbetalinga.
Ein venter på eit skriv frå einingsleiar for barnehage og skule om dette. Dette vil ein ta med til
soknerådsmøte om ein får det i hende før møtet. Det vil kunne gi nye saksopplysningar som
har relevans i saka, men det får ein i så fall ta opp i møtet.