GRATIS - WebProof

Transcription

GRATIS - WebProof
FUSA
Midt i
blinken
FUSA
KOMMUNE
SOMMAR I FUSA:15
7. årgang
GRATIS
Foto: Berge Skåtun og
bidrag i fotokonkurransen
#fusasommar i 2014.
Fotokonkurranse 2015:
#fusaglimt
Informasjonsavis til fastbuande og turistar
Les om aktivitetar,
arrangement og
attraksjonar i Fusa
SOMMARI FUSA:15
Velkomen til sommar i FUSA
Fusa midt i blinken! Det er Fusa sitt
slagord, og set du passaren midt i
Hordaland så set du han i Fusa.
Fusa er midt i blinken for deg som
vil driva sommaraktivitetar, enten
det er innafor kommunen eller som
utgangspunkt for dagsturar til t.d.
Folgefonna, Baroniet i Rosendal og
ikkje minst til Bergen by.
2015 er Friiluftslivets år. Det passar
midt i blinken for oss i Fusa. Her kan
vi driva friluftsaktivitetar både sommar
og vinter, både til fjells og på sjøen
frå alle kantar av kommunen. Sjølv
mange av dei ”innfødde” har framleis
mykje til gode av opplevingar. Kor
mange er det som har vore ein tur til
Kikedalen eller så gjerne skulle prøvd
laksefiske i Sævareid?
I samband med Friluftslivets år vert
det arrangert ein tur til Åsasåta
i Hålandsdalen. Den er kalla
”Ordføraren sin tur!” Då håpar eg
mange vil gå i lag med meg. Det kan
bli ein fin tur i lett terreng og med flott
utsikt. Tidspunktet er 13. september.
I Fusa har vi det godt og vi har god
plass til fleire. Kunne du tenkja deg
å flytta til Fusa, finn du oversikt over
ledige tomter her i sommaravisa.
Ta gjerne kontakt med meg som
ordførar om Fusa lokkar!
Så vil eg ønskja dykk alle, enten de er
fastbuande, er faste sommargjester
eller berre er her på tur: Ha det
triveleg, nyt sommaren og nyt
friluftslivet – og andre goder medan
de er i Fusa!
Med helsing
Hans S Vindenes
Ordførar
Foto: Berge Skåtun
Utstyrsbanken
Utstyrsbanken er eit samarbeidsprosjekt mellom idrettsrådet og
kommunen ved kulturkontoret.
Utstyrsbanken er i oppstartfasen.
Målet er å samla ulikt aktivitetsutstyr
til utlån for både lag, organisasjonar,
skular, barnehagar, bedrifter og
privatpersonar.
Ved å gjera sports- og friluftsutstyr
tilgjengeleg i nærmiljøet, ønskjer ein å
bidra til å få fleire i fysisk aktivitet, og
få fleire til å dra nytte av dei psykiske
og sosiale effektane ein har av å
vera aktiv i friluft saman med andre.
Tilbodet er meint å vera gratis og
dermed bidra til sosial utjamning i
kommunen.
Få med deg Tour des Fjords
På lista over utstyr finn du:
• Flytevestar/redningsvestar
• Akematter
• Skeiser
• Utstyr til isfiske
• Funbattlesett
• Frisbigolfsett
• Hjartestartar som kan
lånast ut til arrangement
• Førstehjelpsutstyr
• Bålpanne med diverse utstyr
Kontakt Fusa kommune
Ansvarleg utgjevar:
Fusa Utviklingsselskap AS
E-post: [email protected]
Tlf: 478 39 308
2
Ansvarleg for "Sommar i Fusa":
Vigdis Øvreeide
E-post: [email protected]
Tlf: 478 39 308
Ynskjer du å tinga annonseplass eller
har innspel til avisa, ta gjerne kontakt.
Første etappe av sykkelrittet Tour
des Fjords skal gå gjennom Fusa
onsdag 27. mai. Løpet startar i
Bergen kl. 13.40 og skal ha målgang
i Norheimsund ca. kl. 18. Rittet går
via gamle Tysse til Holmefjord og kjem
forbi Eikelandsosen ca. kl. 15.30.
TV2 skal følgja løpet med direktesending frå Eikelandsosen til målgang
i Kvam. Ei rekkje profflag er med i
løpet, mellom anna Alexander Kristoff
sitt lag Katusha. Tour des Fjords går
over 5 dagar, med endeleg målgang i
Stavanger sundag 31. mai.
Publikum vert oppfordra til å stilla
langsmed løypa gjennom Fusa og
heia. Dette blir det spennande å følgja
med på! På Holdhus vert det lagt inn
ein spurt som kan bli ekstra sjåverdig
Fotografar: Fredrik Thorsen, Berge Skåtun, Iman
med stor fart. Det er lurt å vera ute i
god tid då vegen vert stengd for anna
trafikk når ryttarane kjem.
Sjå meir informasjon på
www.tourdesfjords.no
ØMERKE
ILJ
T
M
de Zwarte, Lars Kristian Kvåle, Erik Vangsnes,
Eva Brænd, Trond Bruarøy, Anja Tveiterås, Vigdis
Øvreeide, Mette Sundvor Skjerdal, Anne Martinsen,
24
59
1
9
Opplag: 10 700
Utforming: ASKO Reklame
Trykk: Schibsted Trykk Flesland
Trykksak
Heidi Skår Dale, foto frå annonsørane.
Avfotografering av materiell frå denne
avisa er berre tillat etter avtale.
FUSA
UTVIKLINGSSELSKAP
SOMMARI FUSA:15
Kulturkalendar 2015
Under har vi lista opp noko av det som skjer i Fusa sommaren 2015.
Oppdateringar og nærare informasjon om dei ulike aktivitetane finn du blant anna på:
fusa.kommune.no / strandvikjo.no / strandvikopen.net / eikhaugen.no /
tonnegarden.no / engevik-gaard.no / haalandsdalil.no / vinnesfestival.no
27/5
28/5
Tour des Fjords
Torsdagstur
gjennom Fusa.
Passerer gjennom
Eikelandsosen omlag
kl. 15.30.
til Hovda.
Oppmøte kl. 18.30
på Helland.
4/6
6/6
30/5
Strandvik sals- og
utstillingsmarknad
32 salsbuer og
utstillarar.
7/6
31/5
ykje i Fusa!
Det skjer m
å
aktivitatar, sj
rmasjon om
fo
in
r
ei
m
r
Fo
ok. Send
sa på Facebo
Kva skjer i Fu
rar på noko!
ding om du lu
gjerne ei mel
3/6
Jubileumstur
"Ut i naturen"
Sommaravslutning
på Fusafjellet.
Oppmøte kl. 11
ved gamle bakeriet på
Fusa.
til Heihillerhornet.
Felleskøyring Fjord'n
senter kl. 10.
Bygdastølen kl. 10.20.
på Eikhovda for
bebuarar og andre eldre
i nærmiljøet kl. 15.30–
17.30. Song, musikk og
matøkt.
13/6
19/6
Kafé
Sommarmarknad
Sundagstur
Engevik gaard
Midtsommartur
på Baldersheim helsetun
kl. 11–13.
Ope for alle!
på Fjord'n senter med
blant anna moteshow
og dans. Mykje moro for
store og små!
til Håvikamulen.
Oppmøte kl. 10 ved
snuplassen i Håvik.
startar sommarsesongen
med nyopning av
restauranten på tunet.
Sjå generelle opningstider nedst på sida.
til Ottanosa.
Oppmøte kl. 19 på
parkering Heihiller.
20/6
21/6
Vinnesfestivalen –
Torgdag kl. 11–16.
Vinnesfestivalen –
Konsert med Åsne
Vinnesfestivalen –
Kveldsarrangement
Sunniva Søreide og
Johann Sebastian Blum
i Kulturbedehuset på
Fredheim kl. 16.
for dei over 18 år.
2/7
4/7
21/6
3/6
26/6
27­28/6
19/6
Vinnesfestivalen –
Rusfritt arrangement
for ungdom
7. klasse–17 år.
2/7
Sundagsopen kafé
Torsdagstur
Bornas turlag
Strandvik Open
på Tønnegarden.
til Bjergabrotet.
Oppmøte kl. 18.30
ved Bygdaheimen på
Holmefjord.
skipar til kajakk-kurs for
born. Våtkort frå 9 år.
Turneringar i
sandvolleyball startar
denne dagen.
5/7
19/7
13/8
13/8
Konsert
Strandvikløpet
Sundagstur
Aktivitetsdag
Konsert
Torsdagstur
med Jonas Fjeld på
Eikhaugen Gjestegard.
Iskremløpet for dei
minste, Sentrumsløpet
for dei mellomste og
3 km for alle aldrar.
Ottanosa rundt.
Oppmøte kl. 10.00 på
parkering Heihiller.
på Tønnegarden.
med Jan Eggum på
Eikhaugen Gjestegard.
til Stegen.
Oppmøte kl. 18.30
ved Bolstad bru.
15/8
16/8
16/8
Bornas turlag
Fredheimseminaret
Trefjellsturen
skipar til leik i fjøra
kl. 12–15. Oppmøte i
Hafskorvegen 6.
i Kulturbedehuset
Fredheim på Vinnes kl. 16.
på 3. året over
Heihillerhorn, Kjerringafjell
og Ottanosa. Parkering
ved Heihiller.
30/8
Kåseri med Helge Unneland.
Salsutstilling av nye hustavler
v/Anne Hesvik. Enkel servering.
3/9
6/9
22/8
Skodespel og
sommardans
på Breidablikk.
"Kallane i Oladalen" skipa
til av Sævareidfjorden
ungdomslag.
26/9
23/8
30/8
Kystsogedag
Ottanosi duathlon
på Engevik gaard.
Utdeling av Anders Kåre
Engevik sin kulturvernpris
for 2015.
Sykkel- og fjell-løp med
start i Eikelandsosen.
27/9
27/9
Torsdagstur
Kom deg ut!
Fritidsmønstring
Matfestival
Vengsvatnet rundt
til Gjønakvitingen.
Oppmøte kl. 10
parkeringa på Gjøn.
til Revnasetret.
Oppmøte kl. 18.30
ved gravplassen på
Baldersheim.
Kvanndalselva ved
Vengsvatnet.
Oppmøte kl. 12 ved
grustaket på Skjelbreid.
med tema friluftsliv på
Leiro i Eikelandsosen.
i Hålandsdalen på
Holdhus oppvekstsenter
med lokal tradisjonsmat.
Mosjonsløp for heile
familien.
Gudstenester
Bruktbuo
Gardsbutikken på Eikhaugen Gjestegard
Tønnegarden
Det er gudsteneste i
ei av kyrkjene i Fusa
kvar sundag. Sjå under
Gudstenesteliste på
www.fusa.kommune.no.
er open i sommar:
Torsdagar kl. 12–18
Fredagar kl. 11–17
Laurdagar kl. 11–14
har ope pinsehelga. Laurdag kl 10–14, sundag og
måndag kl. 12–16.
Ope bakeri kvar fredag
kl. 11–15.30, unnateke
fredag 10. juli.
Économusée visningssenter har ope måndag–
fredag kl. 11–15.30, og
elles etter avtale.
Restauranten på
Engevik gaard
Sundagstur
Opningstider i sommar:
Juni: Laurdagar kl. 10–14 og sundag 21. juni kl. 12–16
Juli/august: Laurdagar kl. 10–14 og sundagar kl. 12–16
Siste opningsdag er sundag 16. august.
har ope laurdagar
kl. 14–21 og sundagar
kl. 13–20. Puben har ope
kvar laurdag frå kl. 22.
3
SOMMARII FUSA:15
SOMMAR
Sjarmerande naustrekke i Strandvik.
Den gamle postvegen
Det kom i gang postføring frå
Fusa til Strandvik i 1786, som
del av postvegen mellom Bergen
og Stavanger. Vegen var statleg
hovudveg fram til 1861, då det
vart slutt på postføringa.
Frå 1861 til 1901 var dette den
kommunale vegen mellom Fusa
og Strandvik. Han vart nedlagd
i 1901, då nyetraséen gjennom
Vinnes opna. I dag er postvegen
ein fast og god skogsveg mellom
bygdene Fusa og Strandvik.
Særskild anbefalt som ein
familievenleg tur ein strålande
sumarsdag. Les meir om denne
turen på side 24.
Slik kan du legga opp turen:
Kl. 14:00 Parker bilen ved,
eller ta buss til, Fusatun. Gå
200 meter på hovudvegen mot
Strandvik, og ta av til venstre og
følg skilt merka «Ludden» (ved
busshaldeplassen). Følg skogsvegen mot Strandvik frå Ludden.
Kl. 16:00 Middag i Strandvik på
restauranten Handelslaget, med
flott utsyn over Bjørnafjorden.
Kl. 17:15 Ta ein kikk på den
flotte naustrekka, og ærverdige
Strandvik kyrkje frå 1857.
Kl. 17:45 Ta buss 743 frå
Strandvik sentrum.
Kl. 18:10 Tilbake på Fusatun,
etter ein strålande flott dag.
God tur!
amna i
ullt i gjesteh
Stemningsf
arskveld.
m
su
e
ein still
Ådnavikjo
Både folk
og dyr leve
r gode
dagar i idyl
liske Stran
dvik.
Velkomen til Strandvik
Inst ved foten av Bjørnafjorden ligg ei ven og vakker kystperle med
namnet Strandvik. Kransa inn av knaus og kollar ligg bygda som eit
paradis ein solblank dag.
Bygda er eit ynda mål for slitne byfolk
og andre langvegsfarande. Her er
mang ei hytte, og her, i den avslappa
atmosfæren i det velstelte kulturlandskapet, finn ein ro.
Om det blir for mykje avslapping
finn ein òg eit mangfald av turstiar,
fotballbane, tennisbane og fleire
sandvolleyballbanar med sand
i verdsklasse. I bygda vert det
årleg arrangert fleire spanande
arrangement som Strandvikløpet og
ei stor sandvolleyballturnering. Etter
hard fysisk fostring er det ikkje langt
til dei godt tilrettelagde badeplassane
for ein forfriskande dukkert i den
herlege avkjølande fjorden.
I denne idyllen blant fjord og fjell
finn ein og ei vakker kyrkje, butikk
og ein restaurant der du kan avslutte
dagen med god mat og god drikke,
akkompagnert av fenomenal utsikt!
Så uansett om du kjem susande på
dagstur med motorsykkel, langvegsfarande med bil, gåande over
fjellet eller siglande inn fjorden er du
velkomen til den fantastisk bygda.
Flott gjestehamn
Om du siglar på Bjørnafjorden og
vitjar Strandvik, kan vi anbefale
gjestehamna i Ådnavikjo.
Ved Leigland Bygg finn du ein flott
marina med eit hyggeleg båtmiljø.
Der er òg fasilitetar som vaskerom,
straum, dusj og vatn.
Frå Ådnavikjo er det ikkje lange
spaserturen for ein god matbit på den
lokal restauranten, Handelslaget. Dei
nødvendige innkjøpa tar du på lokal-
butikken, før turen går vidare. Om
du vil nytte høvet til å gå ein lengre
tur, kan Strandvik by på mange flotte
turstiar.
Skjelavikjo
Like forbi Ådnavikjo, mot Håvik, finn
du ein flott badeplass; Skjelavikjo. Her
er parkeringsplass med toalett i bakkant av området, med gangveg ned til
badevika.
I vika finn du ei flott badefjøre med
sand, stupebrett, svaberg, grasmark,
bord og benkar. Skjelavikjo er og ei
fin uthamn. Området er skilta som
friluftsområde frå sjøsida og det
er plassert ut fortøyningsboltar og
redningsbøye langs svaberga.
Alle foto på denne sida: Jan Tore Aakre
For meir informasjon,
nyhende, turkart og
liknande, sjå bygda si
eiga nettside:
www.strandvikjo.no
Restauranten Handelslaget er vel verdt
eit besøk.
4
Få med deg Strandvik kyrkje som tronar
vakkert i landskapet.
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
Foto: Iman de Zwarte
Hold av helga 2.–4. juli!
Strandvik Idrettslag held i
hevd dei tradisjonsrike idretts­
arrangementa Strandvikløpet
og Strandvik Open, og legg
opp til at desse går av stabelen
den første helga i juli. Det vert
lagt opp til eit breitt spekter av
aktivitetar for store og små.
Det er nesten 10 år sidan Strandvik
Open vart starta opp i den nydelege
kritkvite sanden på bygda si idrettsbane. Kvart einaste år har det samla
seg nærare 300 deltakarar i alle
aldersgrupper, for å trena og tevla
med eit knippe av Noregs beste
trenarar i sandvolleyball.
I år byrjar det med dei aldersbestemte klassane den 2. juli. Der
blir det arrangert både turnering og
treningsleir i sandvolleyball for alle frå
5 år og oppover. I løpet av torsdag
og fredag vert det trena og tevla i
klassane U12, U15, U17 og U19.
Fredag kveld vert det og arrangert
tevling i open klasse for damer,
herrer og mix. Vi avsluttar på laurdag
med Mix 4-turnering for bedrifts- og
venelag.
Strandvikløpet, som vert halde
laurdag 4. juli, består av «Iskremløpet»
for dei minste, «Sentrumsløpet» for
dei mellomste og klassikaren
«3 km» for alle aldrar. Strandvikløpet
er som ein bauta i sportsmiljøet i
Fusa. Ein bauta med 25-årsjubileum.
Som ein naturleg vidareføring av
Strandvik-stafetten, kunne ein i Os
& Fusaposten den 9. mai 1990 lesa
at «smil og humør prega tilskipinga»,
noko som framleis er synleg etter 25
år. Mange har kjend på mjølkesyra i
denne tevlinga, både i iveren etter å
forbetra eigne prestasjonar, og ikkje
minst i duellar mot medløparar. På
det mest populære løpet, «3 km»,
er det den tidligare OL-syklisten
Alemayehu Sitotaw som har rekorden
for menn, med tida 9.31.8. Cathrine
Stabell Henriksen har rekorden for
damer, med tida 11.02.00. Vert desse
rekordane slått i Strandvikløpet 2015?
Bygda legg ned ein formidabel
dugnadsinnsats i denne vene og
vakre kystperla, slik at både kort- og
langvegsfarande skal få ei aldeles
fornøyeleg oppleving. Vel møtt til
sportslege dagar i Strandvik!
Faksimile Os
.
& Fusaposten
Psst! Det ryktast òg at arrangøren
klarer å overtala ein lokal helt frå
Baldersheim til å arrangere eit sykkelritt, med målgong i Strandvik, denne
laurdagen.
Foto: Iman de Zwarte
For meir informasjon og program:
www.strandvikjo.no
www.strandvikopen.net
Hoppeslott og kjekke aktivitetar
for alle under Strandvikløpet og
Strandvik Open.
Strandvik Marknaden
Strandvik har gleda av å
invitere til sals­ og utstillings­
marknad i bygda laurdag
30. mai 2015.
Foto: Iman de Zwarte
Andeløpet under Strandvik Marknaden.
Moro for både små og store!
Dagen startar med at ein kan delta
på den fantastiske frukostbufféen til
Joker Strandvik og gode samarbeidspartnarar. I fjor vitja nærare 600
menneske marknaden, og dei 32
salsbuene og utstillarane kunne by på
alt frå tretønner, kjøkenreiskap, ATVar,
bilar, bøker, fotografi, måleri, sko, kle,
parfyme, slips av tre, Tupperware
og smykke, til fillipinsk mat, belgisk
sjokolade, cupcakes, Strandvikadravle og lefser.
I tillegg vert det song og musikkstemne med flotte konsertar halde av
kor og korps frå både fjern og nær. Vi
kan by på blant anna lotteri, hønsedritebingo og andeslepp. Dagen vert
avslutta med fest og dans i Grendahuset.
Det vert tilrettelagt for bubilar
under marknaden, og for båtfolk har
Leigland Bygg ei flott gjestebryggje i
Ådnavikjo. Vi håper vi ser deg!
Foto: Iman de Zwarte
Spente små ventar på startskotet!
Foto: Lars Kristian Kvåle
Engasjerande underhaldning
under Strandvik Marknaden.
5
SOMMARI FUSA:15
Accounter
Vi har talt
5 368 432
gåsunger
TRÖBBEL MED BILEN?
Vi har lidenskap for tall og ønsker å hjelpe deg
med ditt regnskap.
Smarte bileiere stiller strenge krav til verkstedet sitt.
Krav som vi møter både med riktig pris og høy beliggenhet.
Vi gir den smarte bileieren en enklere hverdag!
Ditt lokale
BILVERKSTED
– kontakt oss!
Vis oss din lidenskap - få enda bedre resultater!
FUSA AUTO AS
5641 Fusa
Tlf.: 56 58 22 86
Åpningstider:
man-fre: 07:30-16:00
Avd. Fusa tlf: 56 58 00 80
Avd. Tysnes tlf: 53 43 29 00
Avd. Os tlf: 53 50 25 35
Foto:
[email protected]
www.accountor.com
www.mecacarservice.no
LIFT- OG
MASKINUTLEIGE
Strandvik Plast starta med å laga
plastbåtar i 1964. I dag vert det laga
eit allsidig utval av produkt både til
næring og nytte. Med badestamp og
symjebasseng kan me og tilby hyggje
– og eit lite snev av luksus.
Vi leiger ut maskiner og verktøy for private og bedrifter.
Vi utfører og gravejobben for deg, om du ynskjer det.
• Strandvik Stampen er i glasfiberarmert
polyester. Enkelt reinhald og alltid tett og
klar til bruk. Setet er ein del av stampen,
det reduserer vassvolumet og gjev kortare
oppvarmingstid. Stampen kan gravast ned, eller
byggjast inn i terrasse.
• Symjebassenga er produsert i seksjonar, og har
høg kvalitet. Bassenga er fleksible i storleik og
form, er isolert og kan tilpassast dei fleste ynskje.
• Strandvik Plast har i over 30 år levert utstyr til
oppdrettsnæringa: Oppdrettskar, inkubatorar,
lagringstankar m.m.
• Slamavskiljarar og vasstankar kan leverast i ulike
storleikar.
5643 Strandvik
Revsfjøra 73
Tlf 56 58 48 54
[email protected]
www.strandvikplast.no
6
Lygre Eiendom AS
Indre Rød • 5640 Eikelandsosen • Tlf. 90041504
www.lygreeiendom.no • [email protected]
SOMMARI FUSA:15
OPNINGSTIDER:
10–18(15)
– meir enn du trur
GOD SOMMAR
MAT: 8–21 (9-20)
Mild og maskulin pleie
Toalettmappe med Vichy Homme Deo 50 ml
og Hydra Mag C Showergel 200 ml.
Rik og pleiende
Cosmica Sense&Care Rich Care Hand
Cream 100 ml og Foot Cream 100 ml
Gavesett
Gavesett
INTERIØR • BARNEKLÆR
199,-
(verdi 263,-)
99,-
(verdi 154,-)
SPORT OG FRITID • LEIKER
GÅVER •GARN
KOSMETIKK OG HELSEKOST
MERKEKLÆR • SKO
Andre tenester: Fusa kommune – Barn, familie og velferd / Barnehage og undervisning / Helsestasjon
Personleg pleie • Fusa frivilligsentral • Kyrkjekontor • NAV • Konsulentar • Lensmann • Os- og Fusaposten
Velkomen til
SOMMARMARKNAD
6. juni
SISTE NYTT!
Fjord’n senter har
fått 48 m kaiplass
berre 60 m frå senteret,
og ynskjer alle båtfolk
velkomen innom!
Følg oss på nett for
oppdatert informasjon
om komande aktivitetar
på senteret:
www.fjorden-senter.no
Me ynskjer
Vinmonopolet
velkomen med utsal
på senteret i 2015.
facebook.com/
fjordensenter
LADESTASJON
for elbil
Tre ladestasjonar for
elbilar blir snart å
finna ved senteret.
Vi på Fjord'n Senter ynskjer deg ein riktig god sommar
og velkomen til triveleg handel i Fusa.
OPNINGSTIDER: 10-18(15) MAT: 8-21(9-20) • www.fjorden-senter.no
7
SOMMARI FUSA:15
i
19. - 21. jun
TIL
VELKOMEN
OMER
BHATTI
2015
TWANG
GANG
ERIK
MOGENO
GINA
ASPENES
ORBO
ÅSNE SUNNIVA
SØREIDE
Fredag 19. juni
EI OPPLEVING FOR
STORE OG SMÅ
Laurdag 20. juni
UNGDOMSKVELD PÅ
VINNESHOLMEN
OMER BHATTI
Kl. 19.00-24.00 billett kr. 200,Aldersgrense:
fra 7. klasse t.o.m 17 år
Laurdag 20. juni
TORGDAG PÅ HOLMEN
FAMILIESHOW MED ERIC MOGENO
FUSA GOT TALENT
AKTIVITETER
KONKURRANSER
Kl. 11.00-16.00
Fusta
go t!
talen
DANS
Fra kl. 19.00 billett kr. 400,Aldersgrense 18 år
KUNSTUTSTILLING I
BEDEHUSET FREDHEIM
“DEN BLÅ
TIMEN”
Kl. 12.00-17.00
Søndag 21. juni
KONSERT I
BEDEHUSET FREDHEIM
ÅSNE SUNNIVA
SØREIDE (song)
JOHANN SEBASTIAN
BLUM (cello)
Kl. 16.00
Telefon : 56 58 00 70
Telefax : 56 58 00 79
Fusa
SJÅ KVA SO SKJER:
8
Trelast
Byggevarer
Byggmester
Takstoler
Arkitekt / ingeniørtjenester
Prefabrikerte konstruksjoner
5643 Strandvik
www.vinnesfestival.no
FØLG
OSS PÅ
FACEBOOK
SOMMARI FUSA:15
Vinnes Festival
–ei oppleving for store og små
Dette er ein festival av Vinnesbygda. Både store og små i heile Fusa og distrikta rundt
er invitert til ei innhaldsrik og underhaldande junihelg på Vinnes!
Vinnes Festival er eit samarbeidsprosjekt mellom Nesjarheimslaget og
Vinnes Båtlag. Målet med festivalen
er å skape auka trivsel og samhald,
og samstundes setje Fusa kommune
på kartet. Vi rettar oss både mot
vaksne, born og ungdom, og prøver
å leggje tilrette for aktivitetar som treff
alle målgruppene.
Rusfritt ungdomsarrangement
På Vinnes Festival er det ein tradisjon
å ha eit rusfritt arrangement for
ungdom. Det er viktig å ha eit
godt tilbod til denne målgruppa
også. Det er kanskje her
vi har det største trekkplasteret
i år; Omer Bhatti kjem til Vinnes
Festival fredag kveld! Omer Bhatti
er ein stor nasjonal artist som vil
halda eit forrykande show. Nytt
av året er at arrangementet blir
flytta frå Nesjarheimen, og ut på
Vinnesholmen.
Torgdag med mykje moro
Det blir ingen Vinnes Festival utan
torgdagen som har vore ein suksess
frå første dag. Laurdag frå klokka
11.00–16.00 kjem det utstillarar
frå heile
regionen. Fusa har mange flinke og
spanande aktørar innan husflid og
kultur. Nokre av dei står på scena
og andre finn du i salsbuene rundt
omkring på holmen. Utvalet er stort
og variert, her er noko for alle.
Aktivitetane på torgdagen
famnar vidt. Det vert mellom anna
bogeskyting, hesteskokasting,
hoppeslott og kassestabling. Som
vanleg blir det og familieshow med
lokale talent.
Dans laurdag kveld
Etter torgdagen blir det arrangert
dans for vaksne over 18 år. Lokale
artistar har vore prioritert, men større
nasjonale artistar har òg vore innom.
I år spelar tre talentfulle artistar frå
Hordaland; ORBO frå Os, Gina
Aspenes frå Os og TWANG GANG
frå Voss. Her blir det full trøkk frå
første stund!
9
SOMMARI FUSA:15
Holdhus kyrkje
Anleggsgartnar Steinar Midtrød vart etablert i 2008. Me held til i Eikelandsosen
i Fusa og har vår hovuddel av arbeid i Fusa, Os, Samnanger og Bergen. Me er eit
allsidig firma som utfører arbeid både for private, burettslag og offentlege.
Open 14.07 – 02.08 2014
Tysdag – søndag 11:00 – 17:00
Me er ein totalleverandør av uteanlegg, alt i frå opparbeiding
frå grunnen av, til mindre arbeid som liming av skifer og
beplantning. Me tilbyr blant anna:
med madonnafiguren
PRISAR:
Vaksne
Born
Kjernefamilie
Student/Honnør
• Opparbeiding av
hage/uteområde
• Gravearbeid
• Natursteinmurar
• Skifer
• Belegningsstein
kr 60
gratis
kr 110
kr 40
Guiding for grupper/bedrift/blåtur:
Ta kontakt med Ingunn S. Bondevik hos
Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS,
tlf. 56 58 11 30, e-post: [email protected]
• Trapper
• Kantstein
• Granitt
• Ferdigplen
• Beplantning
Eigar: Fortidsminneforeninga
RESTAURANT, KAFÉ & CATERING
HÅVIKVEGEN 14
5643 STRANDVIK • TLF: 56 58 17 00
www.handelslaget.com
IS
GRAT G.
IN
R
BEFA ss!
o
v
ø
r
P
Grimeneset 33, 5640 Eikelandsosen • Telefon: 992 78 194
• E-post: [email protected] • www.agsm.no
Berre ein kort ferjetur frå Os!
I Fusa finst det ei rekkje merka
turløyper og stiar frå fjord til fjell,
både lette familievennlege turar og
krevjande fjellturar. Mange gode
fiskevatn og fine utsiktspunkt finn
du òg.
På tur
i Fusa
English/Deutsch
www.visitfusa.no
10
Fusingane har alltid gått turar i
området. Enten har dei gått for å
sjå til sauene på sommarbeite, på
jakt eller for å koma seg frå den eine
staden til den andre.
No går dei fleste for hyggja og
helsa. Det er laga eige turkart
for Fusa. Dette får du kjøpt på
Kommunetunet og i fleire butikkar i
Fusa. Dei fleste turstiane er no merka.
For dei som ikkje vil gå åleine, har
Fusa turlag, Barnas turlag og Fusa
frivilligsentral eit rikhaldig program
med turar i alle delar av kommunen
gjennom heile sommarhalvåret.
Skulle du vilja prøva fiskelukka
på turen, finn du informasjon om
fiskekortsal, båtutleige m.m. her:
http://www.skogseidvatnet.no
I Sommaravisa i år vil vi presentera
fem populære turar som i tillegg til
gode naturopplevingar òg kan ha
historisk interesse. Du finn turane på
side 11, 13, 24, 30 og 31.
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
På tur til Rennesvik.
Parker ved Rv 48 ved H
­ oldhus,
ved den store utkøyringa i
­retning E
­ ikelandsosen. Gå nokre
­hundre meter nedover riksvegen
til avkøyring til skytebane. Ved
avkøyringa står det eit fareskilt
for hjort.
Tur 1:
Rennesvik
– den veglause garden
Start og slutt: Holdhus
Turtid: Ca 1 ½ time tur/retur til dei gamle hustuftene
tur/retur til Henangervatnet ca 2 t
Turtype: Lett
Anna: Stien vil bli merka sommaren 2015
Fisk aure i Hålandsvatna.
Dei gamle hustuftene i Rennesvik.
Følg vegen til skytebane opp
til s­ vingen og ta av rett fram
på stien fram til tjørnane. Stien
går på ­vestsida, og langs med
både Vetlatjørna og Storatjørna.
­Terrenget er lett å gå i, men bruk
gjerne ­gummistøvlar då d
­ et er
noko m
­ yrlendt deler av stien. Både
­Vetlatjørna og Storatjørna er fulle av
fin aure!
Når du kjem fram til dei gamle
­tuftene, får du eit panoramautsyn
over Henangervatnet og områda
omkring.
Gnr 53 Rennesvik
På 1940-talet hadde garden tre
mjølkekyr, 40 geiter og gris. I tillegg
hadde dei revegard på haugen
­ ortanfor tunet nokre år. Garden
b
Rennesvik høyrer til Holdhus skulekrins. Folket i Rennesvik har orientert
seg både mot Holdhus, Drageide
og Sævareid, og nytta seg av både
vassvegen og gangvegane i skogen,
liene og fjellet.
Borna gjekk på skulen på
­Holdhus. Dei kunne springa dit på 20
minuttar ein fin vårdag, men når dei
måtte vassa i djup nysnø om vinteren,
kunne turen ta ein og ein halv time.
Det var god voksterjord i
­Rennes­vik, og garden ligg solvendt til.
I utkanten av bøen hadde dei ­­
sju–åtte små åkrar, der dei dyrka
poteter, kål, kålrabi og gulrøter slik at
dei var sjølvforsynte med det.
I 1953 flytta huslyden inn i nytt
hus nede ved Henangervatnet.
­Materialane til huset var tekne or
eigen skog og skorne på saga nede
ved vatnet. I 1975 bygde Georg
­Rennesvik nytt hus på Drageide.
Dermed var det slutt på busetnaden ­
i Rennesvik.
Tunet i Rennesvik 1937.
11
SOMMARI FUSA:15
Alle typar elektriske installasjonar
Verdisikring:
• Innbrotsalarm
• Brannalarm
• Vasskadealarm
Vi produserer i hovudsak styreskap, startarar, styrepultar,
kraftstasjonstavler, byggtavler og skipstavler.
Gravering av plastskilt.
Elmo AS • Fusavegen 29, 5640 EIKELANDSOSEN
Tlf. 56580300 • Fax 56580301
E-post: [email protected] • www.elmoas.no
www.elfag.no
www.bademiljo.no
Ansvaret er ditt:
• Vi utfører el.sjekken
• Dokumentasjon
elektrisk anlegg
Straumsparing: Gode ENØK-råd er gratis!
Ring hytta varm
s oss
– du får den ho
Tlf. 56 58 07 50 • e-post. [email protected]
Solheim Elektro AS
5642 Holmefjord • Telefon: 91 71 84 91
EKOMNETTAUTORISASJON
Eikelandsheiane, 5640 Eikelandsosen • Telefon 56 58 06 20
Opningstid: Mandag – fredag 09.00 – 15.30
• Bolig og industriinstallasjonar
• Tele- og datainstallasjonar
• Brann- og innbrotsalarm
• Termografering og kontroll av elektriske anlegg
• Sertifisert av Det Norske Veritas
www.solheimelektro.no
For et trygt oppdretts miljø
Støttespiller for miljø og
lokalmiljø i over 20 år
www.liftup.no
12
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
Utsyn frå Ottanosa, mot Gjønavatnet.
Tur 2:
Ottanosa med
krigsminner
Start og slutt: Heihiller
Turtid: 4 – 5 timar
Turtype: Til dels krevjande tur
Anna: Stien er merka
Ei alternativ rute ned er via Kjerringafjell. Ein går då i
nordaustleg retning og kryssar over i Kjerringadalen. Stien er
merkt, men det kan vera mykje snø i dette området tidleg på
sommaren. Ein følgjer ned ryggen og det er relativt lett å ta
seg ned. Frå Bygdastølen er det tydeleg sti til ein kjem inn att
på starten av turen.
Kanskje det fristar med eit bad etter turen opp?
Ta av rv 48 ved Holdhus og køyr
mot nord i retning H
­ ammarland
ca 2 km. Der tek ein av ved
­Vengsvatnet den siste kilometeren
opp til Heihiller. Det er bompenge­
veg siste stykket og god skogsbilveg opp til parkeringsplass.
Først følgjer ein traktorveg ein
­kilometer og tek så av til venstre
der det er skilta Ottanosa. Vidare
på bru over Årreselva og til høgre
i eit stikryss. Stien går oppover i
bjørkeskogen til Bjørndalsstølen.
No byrjar ei bratt oppstiging over
Bjønnstegen i tregrensa. Over
tregrensa er stien mindre tydeleg,
og ein følgjer vardar på fjellryggen
til ein kjem til eit nytt bratt parti ved
­Vindestegen. Stien fortset på austsida av ­Vindestegtjørna, og det er
relativt lett terreng opp mot toppen.
Her er to store vardar og H
­ ålandsdal
idrettslag har lagt ut turbok. Frå
­Ottanosa er det flott utsyn mot
­Kvinnherad i aust, Sunnhordland i sør
og Os i sørvest.
Hålandsdal idrettslag har i mange
år skipa til midnattstur til Ottanosa
ved jonsoktider. Det er ei heilt spesiell
Frå flysleppa i Hålandsdalen, fallskjermar med
­containarar. Vinteren 1944/45.
oppleving å vera på fjellet den ljosaste
natta i året.
”Nu ser vi det hele”
Nordaust for toppen er det sett opp
ei minneplate for flyslepp som vart
gjort her under andre verdskrigen.
Siste krigsvinteren vart våpen,
­ammunisjon og utstyr til heime­
styrkane frakta luftvegen frå England
og sleppt i løynd i fjellområde rundt
om i landet, m.a. i hålandsdalsfjella.
Ei lokal milorggruppe hadde ansvaret
for mottaket i Fusa.
”Dropping”, som det vart kalla,
måtte føregå i måneljose netter og
stille vêr. Dagen før det skulle
koma fly, vart det sendt ei avtala
­særmelding i nyheitene frå London,
og ei av dei var: ”nu ser vi det hele”.
Då visste dei at den natta kom det fly.
Det første flysleppet kom på
Storfjellet, nordvest for Botnavatnet
6. november 1944, og dei to siste
på Ottanosa natt til 29. januar og 25.
mars 1945. Slektningar av dei som
var med og tok imot flysleppa, var
med og sette opp minneplatene i
august 1994.
Bygdastølen på 1920-talet.
13
SOMMARI FUSA:15
Fusa Catering A/S
5647 Baldersheim
Alt til hagen!
Vi hjelper deg med:
• Planlegging
Velkommen til Fusa Catering!
Ring 481 95 328
Se hjemmeside: www.fusacatering.no
• Rydding og planting
• Oppsatser til kyrkje
og festbord
Opningstider:
Måndag – fredag
Laurdag
kl 15–19
kl 10–15
Juli:
Berre laurdag
kl 10–15
• Tillaging og preparering
av brudebukettar
5640 EIKELANDSOSEN • Tlf: 56 58 16 58
Mob: 938 31 619/924 88 059
Velkomen til Vitusapotek Fusa
i Fjordn’n senter!
Våre opningstider:
Måndag-fredag
10-17
Rik og pleiende
maskulin pleie
Cosmica Sense&Care Rich Care Hand
appe med Vichy Homme Deo 50 ml
TorsdagCream
10-18
100 ml og Foot Cream 100 ml
Mag C Showergel 200 ml.
LaurdagGavesett
10-15
199,- (verdi 263,-)
99,- (verdi 154,-)
Vitusapotek Fusa
Tlf 56 58 22 30
[email protected]
www.vitusapotek.no
Laila’s Kro & Kafé
– held til på kaien på Venjaneset
Ope til
kl. 22.00
✽
✽
✽
✽
✽
✽
✽
✽
✽
HAMBURGER
PIZZA
PØLSER
KEBAB
BIFFSNADDER
KYLLING
BRUS
SOFTIS
IS
kvar dag i heile
sommar!
✽ EIN DEL DAGLEGVARER
Ring gjerne for bestilling: 56 58 31 70
14
Har under oppføring kontorbygg for utleige.
6 kontor og 4 soverom, møterom og kantine.
Ferdigstilles vinteren 2015.
Ønsker dere kontor i et nytt og trivelig
kontorfellesskap ta kontakt på 92 04 03 79.
Mob: 92 04 03 79
• Utfører alt innen skogrydding
• Salg og montering av gjerdemateriell
www.hellandhogst.no
SOMMARI FUSA:15
Eikhaugen Gjestegard er ei perle ved Bjørnefjorden. Her finn du restaurant med
heimelaga og kortreist mat, gardsbutikk og gjestehytter. På fine sommardagar kan ein
kajakktur på fjorden varmt anbefalast!
Siv kan du treffa i Eikhaugen sin eigen frukt- og grønsakshage.
Eikhaugen Gjestegard
–god mat, gode opplevingar
På Vinnes kan du vitje
Eikhaugen Gjestegard, ein
pulserande gard med eit
bredt spekter av opplevingar
i eit vakkert natur­ og
kulturlandskap.
Siv Grethe og Arne-Richard Stadaas
har bygd opp ei komplett pakke
av opplevingar på garden sin. I
den gamle fjøsen finn du ein særprega gardsrestaurant, der du kan
oppleva konsertar av høg kvalitet på
”Høyloftet” i sommar. Gardsbutikken
sel mat frå utvalde produsentar i
tillegg til eigne produkt. Siv er og
gartnar og det kjem tydeleg fram i
eigen produksjon; fersk frukt og bær
frå garden, oljer, sirupar, syltetøy og
ikkje minst iskrem, nylaga brød og
skillingsbollar.
Ny visningshage
Tilknytt gardsbutikken er det denne
sommaren ein ny visningshage med
urter, frukt og bær. Ein kjærkomen
plass for å ta ein kort pause frå ein
travel kvardag eller eit kurs- eller
seminarprogram for våre kursgjestar.
Visning etter avtale.
Overnatting
Eikhaugen Gjestegard har to
komfortable hytter, kvar av dei med
10 sengeplassar som kan leigast for
kortare eller lengre periodar, gjerne
til kurs eller konferanse. Hyttene ligg
kun nokre få meter frå fjæresteinane
med panorama utover fjorden.
Eikhaugen Gjestegard har både
motorbåtar, syklar og kajakkar til
leige. Desse kan leigast også om du
ikkje er overnattingsgjest.
Restaurant
Restauranten er i hovudsak open
for grupper heile året etter avtale.
Maten til Siv er vel verdt eit besøk.
Ho brukar lokale råvarer, men har
valt å gje den vestnorske matkulturen
spennande kontinentale innslag.
Telefon: 970 09 403/980 04 322
E-post: [email protected]
Nett: www.eikhaugen.no
facebook.com/
eikhaugengjestegard
Vi tek imot grupper heile året.
Båt-, kajakk- og sykkelutleige.
Konsertar i sommar
▶
▶
2. juli: Jonas Fjeld
13. august: Jan Eggum
For billetter og info sjå eikhaugen.no
eller kontakt Eikhaugen Gjestegard
på facebook.
Matskattar i gardsbutikken
I gardsbutikken på Eikhaugen Gjestegard er det sal av garden sine eigne
produkt samt eit eksklusivt utval frå nokre andre produsentar. Her er mellom
anna stort utval i heimelaga syltetøy, geleer, saft og anna godt frå frukthagen.
I tillegg får ein nysteikte brød og bollar her.
Gardsbutikken har ope kvar laurdag kl 10.00–15.00 (t.o.m. 15. august).
I tillegg er butikken open desse dagane:
Pinse: Søndag 23. mai kl 12.00–16.00 og mandag 24. mai kl 12.00–16.00
Juni: Søndag 21. juni kl 12.00–16.00
Juli/August: Søndagar 12.00–16.00 (siste opningsdag er søndag 16. august)
15
SOMMARI FUSA:15
Telefon: 975 87 009
E-post: [email protected]
www.epamaskinstasjon.com
Me leiger ut bosscontainere
frå 10m3–35m3.
Sal av veg-grus, singel
og pukk.
Sal av dekkbark.
Transport.
Kon
t
på t akt Jan
lf. 90
M
– 56
0 1 agnus
på t 58 21 1 2 126
l
eller f. 918 4 1, Olav
s
dult end e 4 000
en@ in m
a
onli
ne.n il:
o
Alle typar oppdrag innan anleggsfaget. Blant våre vanlegaste
tenester er graving, massetransport, vegbygging, rivning, sprengning,
natursteinsmuring, asfaltering, samt installasjon av septiktankar.
www.strandvik.no
✓ Gode referansar ✓ Fleksible i forhold til oppdrag ✓ Lang erfaring
Innvendig og utvendig måling.
Tapetsering og
golvbelegg-arbeid.
Vi utfører gratis heimebesøk
der vi kjem med forslag til dine
oppussingsplanar.
Handverkstenester med
meir enn 30 års erfaring.
Sal og montering av Kirsch
solskjermingssystem.
T
KONTAK
Tlf. 56 58 13 10
5640 Eikelandsosen
e-post:
[email protected]
Meistergaranti. Ta kontakt med Anders Hjelle på tlf. 915 46880
Malermester Hjelle
Fjord’n Senter, Eikelandsosen
Tlf. 56 58 15 25 - Faks 56 58 28 76
BETONG
BETONGPUMPING
SAND/SINGEL
GRUS/PUKK
MASKINARBEID
TRANSPORT
www.malermesterhjelle.no•[email protected]
Curry SALMA i tortilla
Go'laks fra
Eide Fjordbruk AS, 5640 Eikelandsosen
Produksjon av matfisk og setjefisk
AS Bolaks , 5640 Eikelandsosen
Tlf 56 58 52 00
e-post: [email protected]
www.fjordbruk.no
Tlf 56 58 06 00 faks 56 58 06 01
[email protected]
www.bolaks.no
AS SÆVAREID
FISKEANLEGG
AS Sævareid Fiskeanlegg
5645 Sævareid
Årleg produksjon av 8 mill smolt
Tlf 56 58 06 50
www.sevareid.no
Prøv ein ny vri på den klassiske
tacoen. Med SALMA i tortillaen får du
ein sunn og frisk rett, som og passar
bra som lunsj.
Slik gjer du:
1. Kutt SALMA i terningar på
ca. 2x2 cm. Finhakk ingefær
og kvitlauk, og kutt raudlauk i
strimlar.
www.alsaker.no
Kvalitet i generasjonar
5640 Eikelandsosen
Tombre Fiskeanlegg AS
5640 Eikelandsosen
Tlf 56 58 52 17
[email protected]
www.tombre.no
Til 4 personar:
240 g SALMA
1 ts raud curry paste
1 ts fersk ingefær
1 fedd kvitlauk
1 raudlauk
½ sitron
4 ss rømme
Litt heimelaga potetchips
(evt. Sørlandschips e.l.)
Bolstad Bruk – Eidestøa
5640 Eikelandsosen
Tlf 53 50 22 68
[email protected]
Produksjon av setjefisk
2. Steik SALMA-laksen i panna
med litt olje, og tilset ingefær,
kvitlauk, curry paste og
raudlauk. Når laksen er
ferdig steikt heller du
sitronsaft over.
3. Varm lefsene i aluminiumsfolie
i steikeomnen på 200 ºC i
ca. 5 minutt.
4. Fordel SALMA-blanding
saman med dei friske
grønsakene og rømme i
lefsene og server.
Oppskrift frå salma.no
16
SOMMARI FUSA:15
Kjapt & nyttig om
Fusa
Overnatting
Fusa camping Venjaneset, Fusa
Tlf. 56 58 24 76/932 24 839
www.fusacamping.no
Fusa camping ligg idyllisk til ved
fjorden. Badeplass og utleige av
båt. Gåavstand til butikk. 6 hytter.
Leiligheit med minikjøken.
Hytter
Dei fleste hyttene i Fusa vert leigd ut
på vekebasis i høgsesongen,
men det kan vera ledige dagar.
På dei neste 4 sidene har vi plukka ut
kortversjonen av ferie­Fusa. Her finn du
kart med oversikt over attraksjonar, turar,
servering, butikkar m.m. Dessutan er det
kontaktinformasjon til overnatting og
serveringsstadar.
Dersom du nappar desse sidene ut av Sommaravisa
har du med deg dei viktigaste opplysningane du
treng for ein aktiv dag i Fusa. Vi ynskjer deg lukke til
og håpar at du finn fram til det Fusa har å tilby på ein
enkel og grei måte.
HÅLANDSDALEN
Skjelde hyttegrend:
Odd Gunnar Skjelde, tlf. 482 88 641
Fusa kommune
Tlf. 56 58 01 00
Vengstunet hyttegrend:
Tlf. 56 58 51 60 - 997 14 015
www.vengstunet.no
Legevakt heile døgnet
Tlf. 56 58 02 80
Lege/Eikelandsosen
helsesenter
Ope: 08.15–11.30 /
12.00-15.15
Tlf. 56 58 02 90
ut
p
p
a
N
!
d
e
m
a
og t
i
Dersom du likevel har spørsmål kan du venda
deg til Tønnekafeén på Fjord’n senter. Her er
det turistinformasjon og dei vil kunne hjelpa til med
det meste. Du kan og nå dei på tlf. 56 58 18 00.
Opningstider på Tønnekafeén:
Måndag – fredag
kl. 10.00 – 18.00
Laurdag
kl. 10.00 – 15.00
www.visitfusa.no
English/Deutsch
Her finn du informasjon på nett om Fusa:
Servering • Overnatting • Opplev • Aktiv • Det skjer
Fusa Apotek
Tlf. 56 58 22 30
Fusa lensmannskontor
Tlf. 56 58 20 00
Politi 02800
BRANN 110
POLITI 112
AMBULANSE 113
Tegland:
Kristin Tegland, tlf. 918 87 351
VINNES
Djupvik:
Ragnhild Bjørke/Magne Gjuvsland,
tlf. 971 94 200/56 58 23 61
Eikhaugen Gjestegard:
Siv Stadaas, tlf. 970 09 403
www.eikhaugen.no
Vinnesholmen:
Vidar Øvredal, tlf. 411 20 526
Roger Hoel, tlf. 900 93 249
Engevik
Fiskekort
Båtutleige
Namn
Stad
Telefon
Namn
Stad
Telefon
Laila Tveitnes
Margun Eide
Odd Skjelde
Gitle Emil Ragnhildstveit
John-Eirik Håland
Håkon Tombre
Kristin og Svein A Tegland
Harald Bjørndal
Kilen Auto AS
YX Eikelandsosen
P. H. Haugen Landhandel
Tveitnes
Eide
Rongestveit
Eidestøa
Holdhus
Tombre
Tegland
Bjørndal
Kilen
Eikelandsosen
Sævareid
56 58 39 30
56 58 51 57
56 58 11 20
56 58 52 22
56 58 52 26
56 58 52 30
91 88 73 51/47 61 84 90
56 58 51 19
56 58 51 80
56 58 22 70
56 58 31 10
Laila Tveitnes
Margun Eide
Harald Bjørndal
Gitle Emil Ragnhildstveit
Håkon Tombre
Kristin og Svein A Tegland
Viggo Nonås
Siv Grethe Stadaas
Tveitnes
Eide
Bjørndal
Eidestøa
Tombre
Tegland
Tombre
Vinnes
56 58 39 30
56 58 51 57
56 58 51 19
56 58 52 22
56 58 52 30
91 88 73 51/47 61 84 90
90 15 50 67/56 58 42 11
97 00 94 03
Priser
•1 DAG kr. 100,- •1 VEKE
kr. 350,- •1 ÅR kr. 900,17
v
e
l
p
p
O
SOMMARI FUSA:15
Holmefjord
10 C
B
1
C
B
6
F
9
8
7
E
F
4
D
E
5
G
2
3
A
18
D
11
SOMMARI FUSA:15
Kulturattraksjon/
Cultural sight
Returpunkt/Dumpster and
recycling collection
Toalettømming/
Caravan toilet waste dump
Servering/Food service
Gjestehamn/Harbour
Camping/Camping
Badeplass/Seaside place
Symbolforklaringar:
Finn fram
i Fusa
Daglegvare/Groceries
Verdt å vitja
Attraksjonar
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
11.
Tønnegarden
Vinnesholmen
Vinnesleiro
Postvegen
Engevik gaard, Sævareid
Jettegryter ved Koldalselva
Eidegrend klyngjetun
Skulemuseet på Holdhus
Holdhus kyrkje
Krigsminnesmerke
Drageidkanalen
Vinnesleira
B
Gjøn – Kikedalen
C
Ottanosa
D
Postvegen Fusa – Strandvik
E
Fusafjellet
F
Rennesvik
G
Kulturstien
Turar/Hikes
FJORD'N SENTER
Tønnekafeén, Eikelandsosen
Enkle lunsjrettar, middagar og
pizza. Ferske steinomnsbakte
brød kvar fredag.
Komler kvar torsdag.
Måndag–fredag kl. 10.00–18.00
Laurdag kl. 10.00–15.00
Tlf. 56 58 18 00
EIKELANDSOSEN
Mot Engevik gaard.
YX - bensinstasjon
Assortert gatekjøkkenmat.
Måndag–fredag kl. 09.00–22.00
Laurdag–sundag kl. 10.00–22.00
Tlf. 56 58 22 70
SAMNØY
Badeplassar og friluftsområde
I samarbeid med Bergen og omland
Friluftsråd har fleire område blitt
tilrettelagt i Fusa.
Hagafjøra i Eikelandsosen er
ei vestvendt og lun badefjøre med
mindre holmar like ved. Baderampe
for rørslehemma. Bord, benk og
fast grill. Eigen parkeringsplass og
handicaptilpassa toalett.
Skjelevika i Strandvik har
badefjøre, svaberg, grasmark og
stupebrett. Romsleg parkeringsplass
i bakkant av området med gangveg
ned til badevikane. Toalett, bord,
benk og informasjonstavle. Skjelevika
er òg ei fin uthamn. Området er skilta
som friluftsområde frå sjøsida og det
er plassert ut fortøyningsboltar og
redningsbøye langs svaberga.
Fusaneset (Peraneset) på Fusa
X
Servering
Turar
A
Lege/Doctor
Bensin/Gas
Tønnegarden
Ope måndag–fredag
kl. 11.00–15.30 for kaffi
med noko attåt.
Tlf. 91 99 30 40
er eit området med flotte svaberg
og grasmark bak. Gangveg inn i
området. Langs gangvegen er det
òg ei lita badevik med strandfjøre.
Toalett, stupebrett, bord og benk,
bålplass og redningsbøye. På
grasmarka er det fint å telta. Det er
mogeleg å parkera ved gravplassen.
Informasjonstavle ved inngangen til
friluftsområdet.
Vinnesholmen på Vinnes har ei
lun badefjøre mot Vinnessundet.
Fine svaberg for fiske mot fjorden.
Flott utgangspunkt for turar i
området. Toalett på baksida av det
raude naustet.
Tretteskjeret i Lygrepollen er
ein idyll som du må ha båt for å
kome til. Gode ankringstilhøve og fin
badeplass. Parkering på fastlandet.
VENJANESET
Lailas Kro & Kafé
Ope til kl. 22.00 kvar dag
Tlf. 56 58 31 70
STRANDVIK
Handelslaget
Restaurant, kafé og catering.
For opningstider sjå
handelslaget.com
Tlf. 56 58 17 00
VINNES
Badeliv i Fusa.
Eikhaugen Gjestegard
Vestlandske råvarer med ein
kontinental vri. Middag: Berre
bestilling for grupper over 12
personar. Ring for reservasjon,
tlf. 970 09 403. Servering av
skillingsbollar, kaffi og mineralvatn/
eplemost i gardsbutikken si
opningstid. (Sjå side 3).
SÆVAREID
Kommunesenter
Eikelandsosen
Sjå www. fusa.kommune.no og
www.fjorden-senter.no
• Daglegvare og spesialbutikkar
• Offentlege kontor
• Bank
• Fjord'n senter, butikkar og kafé
• Bensinstasjon
• Jettegryter ved Koldalselva
Engevik gaard
Laurdag kl. 14.00–21.00
Sundag kl. 13.00–20.00
Ope alle dagar for førehandstinga
grupper. Puben er open kvar
laurdag frå kl. 22.00.
19
SOMMARI FUSA:15
Kulturminne
og naturattraksjonar
I Fusa har vi ei rekkje kulturminne både i form av fornminne, bygningar og bygningsmiljø, restar
etter næringsdrift og ferdslevegar. Vi har òg særmerkte naturattraksjonar, og kan by på både
naturfenomen som jettegryter og på fugle, dyre­ og planteliv som er verna i naturreservat og
sjøfuglreservat. Naturattraksjonane lyt du i hovudsak oppleva på eiga hand; einskilde kulturminner
har faste opningstider/tider for omvisning og servering.
1.Tønnegarden
Skulemuseet på Holdhus.
Bøkkarhandverket med produksjon
av tretønner har lange tradisjonar
i Fusa. I 2012 fekk vi vår eigen
moderne tønneattraksjon, då
Tønnegarden economuseum opna
på garden Gangstø på Samnøy.
Tønnegarden tilbyr opplevingar
og tradisjonsmat i trivelege lokale.
Her vert det både laga tønner og
tønnemøblar og baka brød, lefser,
flatbrød og kaker. Opningstidene er:
Måndag–fredag kl. 11.00–15.30.
9. Holdhus kyrkje
Holdhus gamle kyrkje vart ombygd
frå stavkyrkje til tømra hallkyrkje truleg
i 1175. Det finst ei inventarliste frå
kyrkja frå 1306, men kyrkja kan vera
eldre. I Holdhus kyrkje kan du sjå
ein unik steinskulptur med ei gåtefull
historie. Mariafiguren på Holdhus
er den einaste målte madonnaskulpturen i stein frå mellomalderen i
Noreg. Skulpturen er frå 1400-talet.
14. juli–2. august er kyrkja open
tysdag–sundag mellom kl. 11.00 og
kl 17.00.
2. Vinnesholmen
Den tidlegare husmannsplassen
er no offentleg friområde. Stiftinga
Vinnesholmen har restaurert
Vinnesholmen som utleigebustad
for feriegjester etter filosofien
”vern gjennom bruk”. Sjå meir om
husmannsplassen under Tur 5 på
side 32.
3. Vinnesleiro
Naturreservat med visse restriksjonar
på ferdsla. Produktivt gruntvassområde, havstrandvegetasjon,
hekkelokalitet for måse og terne,
viktig område for vadefugl på trekk.
Reservatet og områda ikring har
rike kvalitetar for friluftsliv heile året.
Parker på p-plass ved Fv 122.
Her finn du òg informasjonstavle.
Naturstien i reservatet er skilta.
4. Postvegen
Postføring over Fusafjellet fann stad
mellom 1776 og 1861, som ein del
av postvegen mellom Bergen og
Stavanger. Sjå meir om Postvegen
under Tur 3 side 24.
5. Engevik gaard
Offisersgard frå 1700-talet. I over
100 år fungerte Engevik som
embetsgard og militær sjefsgard for
20
som fanst ”i den gamle skulen”.
Skulemuseet har same opningstider
som Holdhus kyrkje.
10. Krigsminnesmerke
Madonnaen i Holdhus kyrkje.
Søndre Bergenhus infanteriregiment.
Gardsanlegget omfattar ni bygningar
med hovudbygningen frå 1770 i
karakteristisk bergensklassisisme
med halvvalma tak. Ope for
middagsservering heile året for
grupper. Laurdag 13. juni startar
sommarsesongen med nyopning av
resturanten på tunet. Opningstider:
Laurdag kl. 14.00–21.00, sundag
kl. 13.00–20.00. Puben har ope kvar
laurdag frå kl. 22.00.
6. Jettegryter
Jettegrytene i Fusa er mange. Dei
er danna av rennande vatn, som
set stein og grus i rørsle, slik at det
vert laga holer i berget. På grunn
av den særeigne forma, og ofte
enorme dimensjonar, har det opp
gjennom tidene kvilt eit skjær av
mystikk rundt jettegrytene. Dei lettast
Jostein, oldermannen
frå "Anno" lagar tønner.
tilgjengelege grytene ligg i Eikelandsosen, ved fotgjengarundergangen
50 m nordaust for sentrum. Parker
ved rundkøyringa, gå 250 m oppover
langs riksvegen og ta ned til venstre.
Siste krigsvinteren 1944–1945
vart våpen, ammunisjon og utstyr
til heimestyrkane frakta luftvegen
frå England og sleppt i løynd i
fjellområda rundt om i landet, m.a.
i hålandsdalsfjella. Ei lokal milorggruppe hadde ansvaret for mottaket
i Fusa. Det er sett opp minneplater
på begge ”droppstadane”. Sjå meir
om minnesmerkene under Tur 2 på
side 13.
7. Eidegrend klyngjetun
Garden Eide ligg på eidet mellom
Skogseidvatnet og Gjønavatnet. I
år 1900 budde det 23 personar i
tunet. Dei gamle bygningane er sette
i stand med eit rikhaldig innbu og
stor gjenstandssamling. Margun Eide
teke imot grupper for omvisning og
servering.
8. Skulemuseet på Holdhus
Skulestova, som ligg like ved
Holdhus kyrkje, vart bygd i 1875
og vart brukt som skulehus fram til
1956/57. Skulemuseet inneheld i dag
ei interessant samling av læremidla
11. Drageidkanalen
Kanalen frå 1887 ser du når du køyrer
Rv 48 mellom Kilen og Holdhus.
Kanalen letta vasstransporten mellom
gardane i Hålandsdalen og Sævareid,
som var både fabrikkbygd, handelsstad og utgangspunkt for byturar. På
heimvegen måtte dei dra båten etter
to tau frå ein trekkveg ved sida av
kanalen.
English/Deutsch
www.visitfusa.no
SOMMARI FUSA:15
TRELAST • BYGGEVARER
LISTER • PANEL • KLEDNING
• IMPREGNERT
• OVERFLATEBEHANDLING
Følg oss på
Perlebutikken har open gardsbutikk i Kalven torsdagar kl 17-20.
Vi har flotte smykke, perler, interiør og klede frå Odd Molly, Mille Moi,
Lama, Lots Living med fleire.
Ospelister brukt i programmet
Tid for Hjem.
ØYSTEIN BOGE AS
Tlf. 56 58 16 60
[email protected] • www.bogelist.no
FUSA CAMPING
Fusa Camping ligg landleg og
idyllisk til mellom sjø, fjell og
fjord, ca. 3,5 mil sør for Bergen.
> Utleige av båt
> Gode fiskemoglegheiter
> 6 heilårshytter, 5–8 pers.
> Telt-, camping- og bubilplass
Bestilling/spørsmal:
Rolf-Harald Opsal
tlf: 56 58 24 76/ mob: 932 24 839
> Eige servicehus
TV-stove, vaskerom/vaskemaskin,
toalett/dusj fasilitetar, handicap
dusj/toalett fasilitetar.
5641 FUSA
Mob.: 975 46 797 – Tlf.: 56 58 10 70
[email protected] • www.skaatun.no
www.fusacamping.no
HEI FUSA.
VI ER HER.
UniProtect as er en korrosjonsentreprenør
som utfører alle typer overflatebehandling, som
sandblåsing, vann-jetting, termisk sprøyting og
sprøytemaling, både på landbaserte anlegg og
maritime konstruksjoner.
Vårt fokus på kvalitet bidrar til å sikre våre kunder
god prosjektrapportering, kvalitetsmessig utført
arbeid og levering til fastsatt tid.
Våre største oppdragsgivere er: Statens vegvesen, Jernbaneverket,
Statkraft Energi , BKK, Hydro Energi AS m.fl.
NÆR
5643 Strandvik • Telefon: 99 44 26 00 • www.uniprotect.no
Din lokale bank med forsikring, lån, sparing og plassering.
spv.no / 05555
EIKELANDSOSEN
Brødrene Eikeland
Ope: 8 – 21 (9 – 20) • Telefon: 56 58 12 45
21
reklame
SOMMARI FUSA:15
– helt i nærheten
Joker tilbyr biff av storfe til bare 19,90 per stykke på 150 gram,
hver fredag og lørdag. Entrecôte eller ytrefilet, rå, medium eller
godt stekt, med eller uten marinade – saken er biff uansett.
Se etter oppskrifter og steketips på joker.no
Biff
storfe, 150g
Enh.pris 132,67 pr.kg
Partivare
JOKER ER
N
E
K
IK
T
SOMMERBUTIKKEN
JOKER ER SOMMERBU
Reker, 1kg
Loff
19
90
Store, fryste reker og Skjærgårdsloff får du bare hos Joker
!
n
e
m
m
o
k
l
e
V
Gunn Helen Wik Ødegård, Joker Flatraket
22
32
for
Tilbudet gjelder jordbær i kurv.
Jordbær er smaken
av sommer
for
3
3for22
Vi spanderer den billigste.
Krone-is med Jordbær, Sjokolade og NonStop.
Vi spanderer den billigste.
Krone-is med Jordbær, Sjokolade og NonStop.
Istid
Joker.
Istidpå
på Joker
Sjekk www.joker.no for flere gode tilbud.
Joker Revnestranden Joker Strandvik
9 –19(18)
9 –19(18)
Gjelder f.o.m. 2. juni t.o.m. 8. august.
Søte jordbær
Gjelder f.o.m. 2. juni t.o.m. 8. august.
5990
SOMMARI FUSA:15
w
ww
no
. n a rb utik ke n.
Velkomen til Nærbutikken
i Fusa!
Her hjå oss finn du alle varene du treng til din daglege
handel. Varesortimentet er tilpassa lokalsamfunnet med
varer frå lokale leverandørar og produsentar, så her finn du
litt av kvart av det du måtte trenge. Å vera hjelpsam, smila
og ha ei “lun” stemning er ikkje gamaldags service slik vi ser
det. Vi ser fram til å ynskje deg velkomen som kunde!
Nærbutikken Bogavik
Nærbutikken Holmefjord
Nærbutikken Sævareid
etbl. 1948 • Tlf. 56 58 28 61
Tlf. 56 58 13 78
Tlf. 56 58 31 10
Opningstider:
Månd.ons.torsd:
Tysdag:
Fredag:
Laurdag:
Sundag:
Opningstider:
Månd-torsd:
9–18
Fredag:
9–19
Laurdag:
9–16
Kaffien er alltid klar!
Opningstider:
Månd-torsd:
9–17
Fredag:
9–18
Laurdag:
9–15
Post i butikk • Tipping
10–17
13–19
10–19
10–15
13–16 (24/5-23/8)
Utkøyring av varer fast kvar onsdag og fredag
– elles også etter avtale.
Legg båtturen innom oss!
Velkommen
til
SPAR Fusa og SPAR Eikelandsosen
Hos oss finner du alltid gode tilbud og et bredt utvalg av ferske brød, frukt og grønt.
Lurer du på hva du skal ha til middag,
kan du få gode tips og oppskrifter
i vår ferskvareavdeling.
Vi er opptatt av at du som kunde
skal trives, og vi strekker
oss alltid lenger
for å yte god service.
SPAR Fusa
Åpningstider: Man-fre: 8-21 (9-20)
SPAR Eikelandsosen
Åpningstider: Man-fre: 8-21 (9-20)
23
SOMMARI FUSA:15
Bru langs postvegen.
Første del av turen går på grusveg
opp til dei øvste gardsbruka på
Øpstad. Vidare går ein innover på
skogsveg som delvis følgjer Den
Stavangerske postvei.
Stien er bratt dei første vel 200 hm til
ein nærmar seg stikrysset på Ludden.
Her er det sett opp ein flott steinbenk
og bord. Frå Ludden kan du velja å gå
vidare ned til Strandvik, ca 4 km.
Viss ein er litt observant, ser ein fleire
forseggjorde steinmura bruer og gamle
murar langs vegen.
Den stavangerske postvei
Den første postruta mellom Bergen
og Stavanger vart skipa rundt 1650.
Posten gjekk då over Bjørnafjorden
med båt frå Os til Tysnes og vidare.
Postmengda var lita, og ruta vart
lagt ned i 1690-åra.
I 1770-åra vart spørsmålet
om postgang mellom Bergen og
­Stavanger teke oppatt og postrute blei
igjen etablert i 1766. Ruta gjekk frå
Bergen over land til Hatvik. Vidare vart
posten rodd over til Fusa og boren på
ryggen over Fusafjellet til Strandvik.
Øpstad var postgard på fusasida, Vik
på strandviksida. Vegen var statleg hovudveg, men vedlike­haldet var l­ikevel
så som så. Ein kunne ­ikkje k­ øyra med
vogn før langt utpå 1800-talet.
På 1840-talet byrja post­transport
med dampbåt, noko som fekk ­posten
til å gå både raskare og oftare. Då
Kvinnheradsfjella lengst borte.
24
d/s ”Vøringen” starta opp ruta si
innover fjordane i 1861 med stopp
m.a. i Strandvik, vart det heilt slutt på
­postferdsla over Fusafjellet.
Etter dette var vegen i bruk som
bygdeveg mellom Fusa og S
­ trandvik
fram til 1901, då ny veg gjennom ­­
Vinnes opna.
Fusafjellet
Vel du å gå vidare opp mot F
­ usa­fjellet,
tek du til venstre i krysset ved L
­ udden.
Opp mot fjellet går du først nokre
hundre meter på skogsveg, før du tek
av til høgre på sti. Det kan vera ein del
bratte parti opp mot ­Grautkjerringa,
men når ein er komen opp på
­snaufjellet, er det fast ­og fin sti.
Første gode utsiktspunkt er
Vetlahorgi med flott utsikt i alle
­himmelretningar. Høgste punktet
på Fusafjellet er Storehorga, 665
moh. Her er ein stor og flott varde
på toppen. Er vêret godt, har du
panoramautsikt over store delar av
Kvinnherad, Stord, Tysnes, A
­ uste­voll,
Sotra, Os og delar av fjella rundt
­Bergen. Det er turbok til å skriva seg
inn i på toppen.
På austsida av Fusafjellet ligg
­Breistølhytta, som er lagshytta til
Strandvik idrettslag. Ein kan ta kontakt
­­
med idrettslaget viss ein ønskjer å
overnatta i hytta. På denne sida av
fjellet kan ein koma seg ned til gardane
­­
Hauge og Legland, i h
­ ovudsak på
skogsvegar.
Tur 3:
Fusafjellet og
Den stavangerske
postvei
Start og slutt: Parkering ved Rv 552 på Øpstad, i den store svingen ved avkøyring til Fusa kyrkje eller frå Strandvik i Strandvik sentrum
Turtid: Postvegen tur/retur ca 1,5 t,
Fusafjellet tur/retur ca 4 t
Turtype: Postvegen lett, Fusafjellet middels
Anna: Stiane er merka
På veg mot Storahorga. Utsyn mot Vinnes og Os.
Postvogna som vart nytta på turen over Fusafjellet
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
GJESTEHAMNER,
BÅTHAMNER OG UTHAMNER:
Berre nokre få stader i Fusa har
tilrettelagde hamner spesielt retta
mot gjester. Tilrettelagde båthamner
er etter kvart kome til fleire stader. Her
kan du leggja til og gå ein tur i land
– så sant du finn plass:
Samnøy – Samnøy båthamn
Eikelandsosen – Svananeset
båthamn
Fjord'n senter, Eikelandsosen
– gjestebryggje
Bryggjekanten er ein spanande stad.
Ådnavika, Strandvik
– gjestehamn
Vinnessundet, Vinnes
– stor småbåthamn med
gjesteplasser
afjorden.
rn
k å få i Bjø
Mykje fin fis
Makrellen
Sævareid – kommunal kai
i sentrum
er komen!
Baldersheim – båthamn
Sjøliv i Fusa
Sjøen har hatt stor tyding
for folk i Fusa i alle tider,
både som transportåre og
som næringsveg. No er
sjøen mest for rekreasjon
og til dels for matauk.
Morgonstund har gull i munn.
Trange sund og lune viker.
Fusa har heile 198 km kystlinje og
gode, breie fjordar og fjordarmar. Her
er plass for alle, enten du berre vil ein
tur på stranda, stå på brett, padle,
segle, eller kanskje bruke sjøen på
”gamlemåten”: ta fram årane og ro,
aller helst i ein trebåt.
Kast anker!
Fusa er eit paradis for småbåtar. Her
er fleire gjestehamner og uthamner
og utsetjingsplass for småbåtar. Vi
har så mykje ubebudd kystlinje at du
lett kan finna deg ein plass å gå i land
eller ankra opp utanom tilrettelagde
hamner.
Langs kystlinja finn du både
holmar og skjær, strender, badeplassar og svaberg. Godt kan det òg
vera å berre liggja på sjøen og nyta
dagen; sjølv midt på Bjørnafjorden
kan du oppleva svartstilla heile
dagen.
Fiskelukke og djupdykk
Fisk er det framleis mykje av i
fusafjordane. Er du ute med båt, er
det hundrevis av gode fiskeplassar
å velja mellom. Pala, torsk, makrell,
brosme og lange er her mykje av
til tider, og er du ekstra heldig kan
du kanskje skryte av å ha fått både
steinbit og breiflabb.
Av og til kjem silda inn i fjordane,
og då kan du få særs mykje av
den om du er så heldig (uheldig)
å ha garn ute på rette tida. Storseien brukar òg å vera på vitjing på
sommaren. Når det er seiabit, t.d.
på strandvikafluene, kan du raskt få
båten full.
Dykking har blitt ein populær
hobby for enkelte. Kamskjel kan
du fanga her om du er på dei rette
plassane, eller du kan kanskje stikka
ein torsk på 10–12 kg.
Fusa har eigen dykkarklubb.
Kontaktperson er Ole Jørgen
Mikkelsen.
Nyt sommaren
Nyt ferien og la kystnaturen føra
deg til bortgøymde naturperler som
òg ofte er rik på kultur og historie.
Moglegheitene er mange, og
opplevingane kan bli store.
Selvågen, Nordtveit
– båthamn, god ankringsplass inne på vågen
Nystølsvågen, Lygrepollen
– kommunal kai
Tretteskjeret, Lygrepollen
– uthamn med gode
ankringsplassar
Utsetjingsp
lass for sm
åbåt:
Frå rampe i
båthamn på
V
innes
– mot avgift
. Sjølvbetjen
in
g
.
Elles i Fusa,
etter avtale
m
ed
grunneigar.
:
mråde
lePadleo
ode pad
r særs g
a
h
a
ssdrag.
s
a
u
F
jø og v
s
i
e
d
å
b
område
en
ngerfjord
▶ Samna rden
sfjo
▶ Ådland n
lle
▶ Lygrepo assdraget
idv
Sævare
▶
FERDSEL PÅ SJØ
Alle har rett til å ferdast i kystsona. Ta omsyn til andre. Det er forbode å fiska nærare enn 100 m eller
opphalda seg nærare enn 20 m frå oppdrettsanlegg, slepekast og steng. Rein natur er ein føresetnad for
gode opplevingar på sjøen. Vi ber deg ta omsyn til det og følgja reglane om allmenn ferdsel.
25
SOMMARI FUSA:15
Alt innan
frisør/hårpleie
Hudpleie
Ansiktsbehandling
Kjøp kraft
Solarium
Manikyr
GODE
SOMMARTILBOD
frå din lokale leverandør
Fusa-Kraft til innkjøpspris
Timebestilling
Du betaler:
Innkjøpspris
+ eit påslag på 1,2 øre/kWh + 59 pr. mnd
tlf. 56 58 15
33
Fusamed
Kraftlag
er og
ein heilt
totalleverandør
Agne`s Nailbar
Avtalen for deg som vil vera
heiltSA
opp
ned når av kraft og
svingar.straumnettenester
Avtalen har ingai Fusa
bindingstid.
tlf. 96 83 13innkjøpsprisen
60
kommune. Kraftlaget tilbyr og
Måndag ..................
Tysdag ....................
Onsdag/Torsdag ....
Fredag .....................
Laurdag ..................
9–20
9–16
9–20
9–16
9–14
OBS! Me har endra opnings­
tider f.o.m. juni t.o.m. august
breibandtenester på fiber. Kjenneteikna på våre produkt
Fordeler med å velja ein
lokal
leverandør
er høg
kvalitet
til konkurransedyktige prisar!
Inga forskotsbetaling
Som
eit moderne
samvirkelag ynskjer kraftlaget fleire
Alt på ein faktura, både
nettlige
og straumforbruk
Du betalar kun for den medlemmar.
straumen du Som
har brukt
medlem har du mogelegheit til å
Konkurransedyktig pris
motta kjøpsutbytte. Ta kontakt med Fusa Kraftlag
Vår lokalkunnskap gjer nøgde kundar
FRISØRBUA A/S
dersom du vurderer å bli medlem.
God og tilgjengeleg kundeservice
hud og hår
Din frisør i Eikelandsosen
For meir informasjon sjå vår heimeside
www.fusa-kraftlag.no
Vegen mot eit godt yrkesliv startar
på Fusa vidaregåande skule
Dersom du ynskjer ei fagutdanning eller vil ta studiekompetanse for å
satsa på høgare utdanning, ligg det eit godt tilbod i nærmiljøet ditt. På Fusa
vidaregåande skule vil du kunna utvikla evner og talent i eit inkluderande og
lærerikt skulemiljø med tilsette som bryr seg. Me har eit flott skulebygg, godt
utstyr, eit tett samarbeid med næringslivet, internasjonalt nettverk og flinke
fagfolk. Kan du ynskja deg meir? Me søkjer motiverte og kjekke ungdomar
og vaksne.
Studietilbod:
Utdanningsprogram:
• TAF - Marin
• TAF - Teknikk og industriell
produksjon
• TAF - Helse
• Studiespesialisering med
formgjevingsfag
• Naturbruk
• Restaurant- og matfag
• Helse- og oppvekstfag
• Teknikk og industriell produksjon
Utdanning kombinert med toppidrett
Fusa v.g.s. samarbeidar med lokale idrettslag om
utdanning kombinert med toppidrett innan skiskyting
og volleyball. Elevane får trening i, eller i tilslutning til, skuletida. Idrettssamlingar, treningsleir og
deltaking i konkurransar på høgt nivå har vist topp
resultat for mange av våre utøvarar.
Sponsormidlar frå næringslivet er eit viktig bidrag som gjev ungdomane gode
vilkår for å kombinera trening med utdanning lokalt. I tillegg legg skulen
til rette for at ungdom som driv anna idrett, t.d. ryttarsport på høgt nivå, får
kombinert sitt treningsopplegg med utdanning på skulen.
Vaksenopplæring
Vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring har rett til gratis
vidaregåande opplæring, karriererettleiing og vurdering av realkompetanse
frå det året dei fyller 25 år.
Fusa v.g.s har fleire utdanningstilbod for vaksne:
• Akvakultur
• Barne- og ungdomsarbeidar
• Helsefagarbeidar
• Platearbeidar
• Sveisefaget
• Salsfaget
I tillegg arrangerer skulen i regi av BJØRK ulike kurs tilpassa ynskje frå
næringsliv og lokalmiljø. Ta kontakt med skulen for meir informasjon.
Hordaland Helsefagskole har ansvar for alle off. NOKUTgodkjente helsefagskuletilbod i Hordaland. Studiestad
varierer etter kor studentane kjem frå, men me har
godkjenning i Bergen, Voss, Odda, Nordhordland og
Sunnhordland, i tillegg til Fusa.
Tilboda pt. er 1 årige studium over 2 år innan Psykisk
helsearbeid, Rehabilitering, Kreftomsorg og lindrande
pleie, Rus og avhengigheitsproblematikk, Spesialreinhald
og sterilforsyning, Helse, aldring og aktiv omsorg, og Livsstil- og kroniske
sjukdommar. Søknadsfrist 15. april via www.vigo.no
Fusa vidaregåande skule, P.b. 113, 5649 Eikelandsosen. Tlf. 56 58 09 00 E-post: [email protected]
26
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
Vår lyse
og
gjevand energie konfe
ransesa
l
t for
gspunkte
a er samlin eleg samvær
v
to
s
e
is
e
P
ygg
talar og h
gode sam
Skjelbreid Poirée
Du opplever, utfordrast
–og overraskar deg sjølv
Har du store ambisjonar for
bedrifta eller avdelinga di?
Ynskjer du å knytte sterkare
band i eit etablert team eller
kanskje held du på å bygge eit
nytt team? Er du på jakt etter
ei oppleving som tar dykk ut av
dei faste rutinane og samtidig
bidrar til betre kommunikasjon
mellom dine tilsette? Då er
Skjelbreid Poirée plassen
for deg!
Skjelbreid Poirée er ei førsteklasses
hytte med hotellstandard, som
ligg vakkert til på Skjelbreid. Med
naturen i sentrum har du og ditt team
sjansen til å kombinere eit opphald
med fagleg opplegg og eit unikt
teambuildingstilbod.
Skaparane av dette flotte
anlegget er det tidlegare skiskyttarparet Liv Grete Skjelbreid og Raphaël
Poirée, saman med Liv Grete si
søster Ann-Elen Skjelbreid og
hennar ektemann Egil Gjelland. Alle
4 har over ei årrekkje vore aktive i
verdstoppen i skiskyting – og alle har
verdsmeistertittel.
Teambuildingsaktivitetar
Våre 4 individuelle verdsmeistrar har
gjennom 15 år erfart kor viktig det er
å skape eit godt team for å lykkast
som lag eller individuelt. Desse
erfarne idrettsutøvarane har laga eit
spennande og flott opplegg: Her
kan de mellom anna boltre dykk i vår
franske Parc Aventure som består
av tre wirebaner, den eine er på heile
400 meter, og ein klatrepark med
ulike hinder. Vi tilbyr sjølvsagt også ei
innføring i kva skiskyting er, med eller
utan ski/rulleski – høg eller låg puls! I
tillegg arrangerer vi flogefiskekurs for
nybegynnarar og vidarekomne.
”Prøve sjølv, hjelpe, samarbeide
og meistre” er stikkord ved våre
aktivitetar, og ei av våre 4 stjerner er
med som instruktør på aktivitetane.
Kvalitet i alle ledd
Vårt mål er å ha høg kvalitet i alle
ledd – gje god service, og ivareta den
heimekoselege hyttekjensla. Vi tar inn
berre ei gruppe om gongen, så de
treng ikkje ta omsyn til andre.
Velkomen til oss!
Møter / Seminar /
Kurs / Konferanse /
Teambuilding / Jubileum
eller andre feiringar
Fasilitetar
Hytta har 15 rom med i alt 30 sengeplassar. Gode senger bidrar til ei
god nattesøvn, og alle romma på
bakkeplan har dør ut til terrassen.
Vår moderne konferansesal har
alt dykk treng av AV-utstyr. Store
vindauge slepp lyset og naturen inn
og lagar ei god ramme for rett fokus
og arbeid i ro og fred.
Som alt anna hos oss, har maten høg
standard. Den blir laga av Søtt+Salt
– eit anerkjent kjøken som stiller høge
krav til råvarene dei nyttar.
Hjarte i hytta er den koselege
peisestova, med fleire komfortable
sittegrupper som innbyr til hygge,
gode samtalar, og vakker utsikt
gjennom dei store panoramavindauga. Den intime tårnsalongen
har ei utsikt på 360 grader.
I tillegg kan du prøve laserskytebana, saunaen, massasjestolen eller
utandørs jacuzzi.
Booking:
Vi tilbyr skiskyting med ski om
vinteren og rulleski om sommaren.
Eit luftig svev på 400 meter, gir ei god
avkopling i kvardagen.
Raphael leiker seg i trea.
Kontakt dagleg leiar
Synnøve Austestad for tilbod.
E-post:
[email protected]
Telefon: +47 952 55 101
27
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
Salutt i tunet på Engevik gaard.
Kystsogedag
på Engevik gaard
Anno
1723
PROGRAM KL. 12.00 –17.00
Sundag 23. august
vert det Kystsogedag
på Engevik gaard med
livet på 1700­talet som
den raude tråden.
Fjernsynsserien Anno frå det
historiske miljøet på Bryggen i
Bergen nådde ut til eit stort publikum
vinteren 2015. I Fusa har vi eit heilt
unikt historisk miljø frå 1700-talet
på Engevik gaard, som er ei perfekt
ramme for ei lokal tidsreise.
I samband med Kystsogedagane
kan publikum få sjå og oppleva
handverk, folkedrakter, leikar og
ikkje minst båtar med røter tilbake til
1700-talet.
Lokale tradisjonar
Hålandsdalen folkedraktsaum kjem
og presenterer lokal draktskikk som
går tilbake til 17- og 1800-talet. Det
blir fleire handverkarar i aksjon med
oppvisning frå både smed, bøkkar og
28
båtbyggjar. Her får du sjå oldermann
Jostein Gangstø i full sving.
I eldhuset vert det baking over
open eld på stor takke. Serveringa
i tunet denne dagen vert også på
1700-tals maner. Det blir høve til å
kjøpa seg både middag og kaffimat.
Borna sitt Anno
Dette blir ”Borna sitt Anno” med
leikar og aktivitetar. Det blir ei eiga
avdeling med husdyr som høyrde
heime på den gamle garden
– anno 1723.
Torgdag
Torghandel med lokale produkt var
ein stor suksess i 2014 og vert følgd
opp i 2015. På torget vert det alt frå
lokale handverksprodukt til utstilling
av kunst og sal av frukt, grønt,
bakarvarer og lokal sjokolade!
Kåseri
Bård Skogrand frå Bymuseet i
Bergen vil kåsera om dagleglivet
på 1700-talet. Skogrand er førstekonservator ved Bymuseet i Bergen
og var med i Anno-episoden frå
lyststaden ”Frydenlund”
på tampen av serien.
Programmet for dagen vert
avslutta med utdeling av
Anders Kåre Engevik sin
kulturvernpris for 2015.
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
Over: Lars Johan Ditmarsen.
Fusa anno 1724 var dansketid.
Kystsogedag og folkefest i Engevikhavn.
Øvst: Torgdag med lokale produkt
vart ein stor suksess i 2014.
Skodespel på
Breidablikk
I samband med kystsogehelga i Fusa
set Sævareidfjorden ungdomslag
opp stykket ”Kallane i Oladalen” på
Breidablikk laurdag 22. august. Det
er teatergruppa i ungdomslaget som
er drivande kraft. Stykket er laga av
Sigurd Lybeck som kanskje er mest
kjend for teikneserien om Jens von
Bustenskjold. Komedien om ”Kallane
i Oladalen” er ein klassikar frå
1938 og har tidlegare vore spelt på
­Breidablikk med stor suksess.
Etter skodespelet vert det
­sommardans med levande
musikk for dei som ønskjer å
ta heile kvelden på Breidablikk.
Fargerike bunader frå Fusa i
fokus. Hålandsdalen folkedraktsaum kjem og presenterer lokal
draktskikk.
29
SOMMARII FUSA:15
SOMMAR
Tur 4:
Kikedalen
– øydegard frå svartedauden
Start: På Gjøn, eller ved Gjønavatnet
Turtid: tursti t/r: ca 3 t, gjennom vatnet ­
På veg inn Gjønavatnet.
Ta av Rv 48 ved Holdhus skule og køyr ca 4
km­mot Øvre Hålandsdal. Ta til venstre oppom
Eide og køyr 3 km til Gjøn. Etter den asfalterte
kommunale vegen køyrer du ca 100 meter på
privat veg. Det er mogleg å parkera ved start
på skogsveg på høgre sida. Etter eit par hundre
­­
meter på denne skogsvegen tek ein av til
­venstre, skilta Kikedalen. Stien er merka.
eit langhus og fleire andre bygningar. Det er lett
å tenkja seg at her må ha vore fint bondeland
den gongen plassar ikkje var avsides om dei var
veglause.
Dei vide fjellområda med fangst og fiske gav
livsgrunnlag for folket her. Segna om Kikedalsbonden fortel at heile huslyden strauk med under
Svartedauden.
Stien har vore brukt til å føra buskap på beite,
og det er ein fast og godt synleg sti i lia over
­Gjønavatnet. Ein går i frodig vegetasjon med
­varmekjære tresortar som alm og ask, og ein
kan sjå fleire gamle styvingstre langs stien. Ved
­Markabotn er det eit gamalt kvile, og ein open
plass med mange store, flotte tre. Vidare til
­Markhovda får ein eit flott utsyn over Kikedalen ­
før stien går ned til dalbotnen.
Gjønavatnet er eit eldorado for kanopadling.
Vel du vassvegen til Kikedalen, kan du kontakta
­Hålandsdalen naturguiding på Gjøn for leige av
kano (Solveig Lovise Håland, 41 31 30 75 – ho ­
kan og ta deg med på guida tur, dersom du
ønskjer det). Leige båt kan du og gjere på Eide
(Margun Eide, 56 58 51 57).
Ei vegetasjonshistorisk undersøking frå 1988
viser at garden i Kikedalen vart etablert i eldre
jernalder. I dalbotnen er ei 300 m brei flate, og
på austsida av elva ser ein spor etter busetnad;
Segna om Kikedalsbonden
Ifølgje segna skal Kikedalsbonden ha levd for rundt
650 år sidan i Kikedalen. Han skulle vera ætta frå
Gjøn og ropast for Jon. Kona til Kikedalsbonden
heitte Tola og kom frå Samnanger. Dei hadde ein
velståande gard med mykje tenarar. ”Maken til
jeger og bjørneveidar fanst ikkje på longan leid,
fjellmann på sin hals, kom ikkje der.” Det seiest at
han hadde liggjande tre tønner med salta tunger av
smale og vilt. Kikedalsbonden skal ha vore litt av
ein viking, ”det sku vera radt ei bisn å sjå han òg.”
Det gjekk gjetord om kor rak han var, ljoshærd og
høgvaksen, so han såg ut som ein høgdaherse!
Og det var han på si vis òg. "Gjevaste garden åtte
han og mæta mann ville han vera.” Segna fortel
at Kikedalsbonden døydde under svartedauden i
1349. Slik sluttar segna: ”Folk og fe og hus rotna
ned. Dei kom ikkje i kristna jord. Sidan den dag har
ingen mann tord busetja seg i Kikedalen.”
Heile segna om Kikedalbonden kan du lesa i Soga
Kikedalsbonden, måla av
Bernt Kristiansen.
30
t/r: Vatnet er 7 km langt, frå Gjøn ca 3, 5 km
Turtype: Lang, men ikkje særleg tung tur ­
Anna: Stien er merka
Ville, vakre Kikedalen.
for Fusa, Hålandsdal og Strandvik, bind 1.
Forhausting og beiteland
Oppover i liene veks det frodig edellauvskog.
Hausting av lauvet her heldt fram lenge etter at
gardane var nedlagde, fordi det var svært verdifullt
fór. I dei seinare åra har dalen vore nytta til beite for
sau og hest.
Hordaland Fjordhestlag har hatt hesteslepp
i Kikedalen sidan 60-talet. Då slepp dei inn ei
mengd hopper saman med ein hingst. Der lever dei
”Herrens glade dagar” heile sommaren igjennom.
På dagen for hestesleppet er det gjerne musikklag
på plass og sal av rjomegraut.
Frå Kikedalen kan det vera spanande å følgja
stien vidare til Selehaugtjørna. Eitt alternativ er å gå
vidare til Holmane i Samnanger.
Fusa og Samanger deler Kikedalen nesten på
meteren likt mellom seg, men heilt samstemte er
dei nok ikkje om kvar det er venast. Men både
­fusingar og samningar snakkar varmt om dette
smale dalføret.
I TV-serien ”Alt for Norge”, som gjekk på
TVNorge i fjor, fekk vi eit glimt av kva vi kan
oppleva på denne turen då deltakarane i
­programmet var på overnattingstur til Kikedalen.
Amerikanarane i serien var full av lovord om
denne bortgøymde, ville og naturskjøne dalen.
Hordaland Fjordhestlag har årleg hesteslepp i Kikedalen.
SOMMAR
SOMMARII FUSA:15
Tur 5:
Kulturstien
på Vinnes
– med funn frå forhistorisk tid
Start og slutt: Ved Nesjaheimen på Vinnes, frå
båthamna eller frå hovudvegen gjennom bygda
Turtid: ca 1½ time
Turtype: Lett
Følg Fv 122 til du kjem til Nesjaheimen, rett
før avkøyringa til Vinnesholmen. Her finn du
hovudskiltet for turløypa. Herfrå kan du følgja
postane i den rekkefølgje du måtte ønskje.
Kulturstien syner viktige naturhistoriske og
kulturhistoriske stader i bygda. Postane i stien
spenner frå å visa gravminne frå bronsealder, til
å fortelja om utflyttinga frå fellestuna i starten av
1900-talet. Kulturstien følgjer både stiar, mindre
vegar og hovudveg.
I Vinnesområdet er det registrert svært mange
funn frå forhistorisk tid (steinalder - bronsealder
- jarnalder). Ein av grunnane til dette er at det
meste av ferdsla i eldre tid føregjekk sjøvegen, og
dermed låg Vinnes svært sentralt i ­Bjørna­fjorden.
Då det var rimeleg mykje lettdyrka jord og gode
­fiskeplassar i sjøen utanfor, var det også ein
bra plass å slå seg til då omstreifande veidefolk
etter kvart gjekk over til å bli meir bufaste, og
­husdyrhald og jordbruk vart viktigare enn jakt og
fangst.
Vinnestunet
Før år 1900 budde bøndene på Vinnes­garden
­saman i ei husgruppe, såkalla tun. Alle dei
seks hovudbruka på Vinnes hadde husa sine i
­Vinnestunet. Dei vanlegaste husa som høyrde til på
ein gard på den tid var: røykstove, sengebu, fjøs,
Vinnestunet 1912.
Vinnesholmen i dag.
smalhus, skytje, eldhus, stabbur, geithus, stall og
smie. Det er vanskeleg å slå fast kor mange hus
det har vore i Vinnestunet, men truleg har det vore
godt over 30 hus. Tunet på Vinnes vart oppløyst
under utskiftinga rundt år 1900, men området her
vert framleis kalla "Tunet" på folkemunne.
Biletet nede til venstre på sida er teke ca. år
1912 og viser V
­ innestunet frå motsett side. Her ser
vi at dei fleste husa frå det gamle tunet er borte.
Heilt til venstre er det einaste huset av dei seks
hovudbruka som står att.
Folk flytta ut frå Vinnestunet og i staden for det
gamle fellestunet voks det opp einskildtun for kvart
gardsbruk rundt om på den gamle Vinnesgarden.
med handamakt. Plog og hest måtte ein klara ­
seg utan.
Vinnesholmen
Vinnesholmen var felleseige mellom Vinnes­
gardane. Husmannsfamilien hadde ikkje mykje å
brødfø seg på: "1 mål ring åker, 3 mål middels,
15 mål ringt england, fødde 3 naut og 8 sauer"
heiter det i ei oppgåve frå 1866. Dei måtte difor
driva med ymse attåtnæringar som handverk,
fiske og sildesalting. I periodar arbeidde mennene
på ­Vindenes teglverk i nærleiken. I tillegg hadde
­husmannen rett til sommarbeite på fastlandet for
to kyr, og han kunne ta heim brake til brensel. På holmen var det knapt med anna enn rekved
å finna. Møka vart bore i kipe. Turrhøyet vart óg
teke heim på ryggen. Alt arbeidet måtte gjerast
Teglverket på Leiro
Vindenes Teglverk dominerte det meste av
Selsneset. Verket vart starta opp av skotten J.W.
Scarborough i 1878. Fabrikken produserte både
takpanner og murstein. Der råstoffet ­­– bakkeleira –
vart grave ut, er det i dag kunstige tjørner
– "Leirtjødnane”. Takpanner og murstein vart frakta
ut frå Leirkaien. Sjølve teglverket låg like ved kaien,
heilt ytst på neset.
Husmannsplassen Vinnesholmen
ca 1920.
Munkarøyso Vinnesholmen.
Gravrøys, ”Munkarøyso”, på Vinnesholmen
Gravrøysa er lagt slik til i landskapet at ho var
synleg for ferdsla langs sjøvegen. Denne grav­
skikken var vanleg heilt frå eldre bronsealder til
vikingtida. Det er vanskeleg å tidfesta gravrøysene
nærare, når vi ikkje har funn frå sjølve grava.
Slike kystrøyser er eit markant særdrag i kultur­
landskapet. Folketradisjonen har ofte knytt namnet
munkerøyser til dei. Men med munkar har dei
ingenting å gjera, for kystrøysene er mykje eldre
enn kristendommen i landet vårt.
Vil du vita meir om kulturstien på Vinnes, sjå
http://vinnes-kulturloype.net/index.php.
Her kan du lasta ned heile løypekartet.
Vindenes Teglverk (1920).
31
SOMMARI FUSA:15
Engevik Gaard 1723
Engevik Gaard ved
­Sævareidsfjorden er ein m
­ ilitær
sjefsgard. Tunet vart bygd av
generalmajor Christian ­Wilhelm
Segelcke, ­kommandant for
Søndre Bergenshusiske
Infanteriregiment. Tunet,
som har 9 bygningar, skriv
seg frå 1700-talet og gjev eit
godt inntrykk av daglegliv og
smaksstil hjå embetssstanden
den gong Noreg var i union
med Danmark.
Engevik ligg avskjerma til med omsyn
til fjorden. B
­ ygningane er tilpassa
dei ­funksjonane dei skulle ha i eit
gardshushald. Dei er plassert etter
terrengforholda og etter praktiske
omsyn. Embetsmannspreget kjem
klart fram i forholdet mellom den
dominerande hovudbygninga, hagen
og plasseringa ved sjøhusa.
Fleire generasjonar
I 1723 kjøpte major Christian ­Wilhelm
Segelcke eigedomen Engevik av
Kong Fredrik den 4. Segelcke
­avanserte til regimentsjef og vart
utnemnd til generalmajor i 1754.
Major Hartvig Carl Phillip S
­ egelcke,
sonen til generalen, bygde den
noverande hovedbygningen i 1770,
etter ein brann i 1768. Dotter til
major Segelcke, Anna Christine
Segelcke var gift med løytnant Knut
Nygaard. Dei var tipp­tippoldeforeldra
til ­noverande ­eigar av Engevik Gaard,
Lars Johan Ditmarsen.
Engevik Gaard presenterar
seg i dag slik embetsgarden var
kring ­midten av 1800-talet, utan
­forstyrrande element; - ein ­idyllisk
stad ved fjorden.
Sommar på Engevik Gaard
▶
Laurdag 13. juni:
Nyopning av restauranten.
Restauranten vil tilby eit utval av
norske og polske tradisjonsrettar.
▶ Opningstid:
Laurdag 14.00 – 21.00.
Sundag 13.00 – 20.00.
Ope alle dagar for
førehandstinga grupper.
Puben: Laurdag frå kl 22.00.
▶ Catering:
Koldtbord, snittar m.m. til store
og små selskap. Ta kontakt for
informasjon og meny.
Telefon: 56 58 33 95/
95 13 73 48
Nett: www..engevikgaard.no/
Vi byr på tradisjonsrik mat i tradisjonsrike
omgivnadar.
32
Interiøret er halde i same stil som på 1800-talet.
facebook.com/engevikgaard
SOMMARI FUSA:15
Telefon: 919 93 040
E-post: [email protected]
Nett: www.tonnegarden.no
facebook.com/tonnegarden
▶
Tønnegarden er med i
nettverket Économusée. Idéen
kjem frå Canada. Målsettinga er
å marknadsføre og halde i live
tradisjonelle handverksfag og
bevare handlingsboren kunnskap.
Verksemdene opnar dørene for
publikum og byr på lærerik og
interessant oppleving.
Meir info: www.economusee.eu
Opningstider
Économusée
visningssenter:
Måndag–fredag
kl.11.00–15.30, og
elles etter avtale.
Tradisjonsrik mat frå Fusa, til dømes
Rauddravle, lefser og flatbrød, er å få
kjøpt i butikken på garden.
Historisk sus over
Tønnegarden på Samnøy
Tretønner var i historisk tid det
folk brukte for å oppbevara
mykje av maten sin. Det å laga
tønner har såleis vore gjort
over heile kyst­Noreg. I dag
er det få igjen som kan dette
handverket, men i Nore Fusa
fins det framleis bøkkarar.
I dag er det 4. og 5. generasjons
bøkkarar som produserer og viser
fram handverket på Tønnegarden.
Bygget er difor tilrettelagt for at dei
som kjem på vitjing kan få eit innblikk
i produksjonen. Gjennom utstilling
vert historia til tønna og garden
presentert.
I Fusa er bøkkarhandverket framleis
levande, og på Tønnegarden satsar
dei på å føra det vidare inn i framtida.
Familien Gangstø har sett opp eit
nytt bygg og flytta bøkkararbeidet
inn i tidsrette lokale. I tillegg til den
tradisjonelle sildetønna er sortimentet
utvida til stampar, stolar og bord m.m.
Fleirfunksjonelle lokale
Utstillingslokale fungerer og som
serveringslokale til selskap, kurs
og møter. For Tønnegarden er ikkje
minst ein matstad og tek i høgste
grad vare på matkulturen vår.
Det er murt opp ein steinomn
midt i bygget. Her vert det baka
brød, rundstykker, bollar og pizza.
Anna tradisjonsmat frå Fusa som til
dømes Rauddravle, lefser og flatbrød
finn du òg i butikken på garden.
Tønnegarden driv òg med catering.
I tillegg lagar Solveig flotte og
velsmakande festkaker.
Tradisjonell Vestlandsgard
Tønnegarden er i utgangspunktet ein
tradisjonell Vestlandsgard med mjølk
som hovudproduksjon. Garden har
teke vare på mangesysleriet som
var typisk for ein liten gard. Med
nytenking, hardt arbeid og pågangsmot har familien skapt ein gard der
fleire personar arbeider.
Aktivitetar i sommar
▶
▶
▶
▶
I opningstida kan du kjøpe
kaffi med noko attåt.
Ope bakeri kvar fredag
kl. 11.00–15.30.
Søndagsopen kafé 21. juni.
Aktivitetsdag på Tønnegarden
19. juli. Ulike aktiviteter for
små og store. Grilling eller
pizza i steinomn.
Flotte utstillingslokale som òg vert
nytta til selskap, kurs og møter.
Familien Gangstø driv òg kafé på Fjord'n Senter i Eikelandsosen.
Kaféen er ein sentral og triveleg møteplass for folk flest. Her får du servert
påsmurt mat, enkle varmrettar, og kaker. Torsdag er det fast komledag som
er svært populær, så her kan det vera lurt å bestille.Kaféen tilbyr òg catering
og fungerer ofte som møtelokale.
ta kaffe
itar og nytrak
Lekre godb
nnekaféen.
får du på Tø
Telefon: 56 58 18 00 / 902 50 716
E-post: [email protected]
facebook.com/tonnekafeen
Opningstider på kaféen Fjord'n Senter:
Måndag–fredag 10.00–18.00 (varmmat til kl 17.00)
Laurdag 10.00–15.00 (varmmat til kl 14.00)
33
SOMMARI FUSA:15
LEIGLAND BYGG AS
– bygd på lang byggmeister-kunnskap
Leigland Bygg er ei vidareføring av familien Leigland sine
byggjetradisjonar mange generasjonar tilbake i tid. Verksemda
har ekspandert mykje og lagt vekt på å utvikla både kunnskap
og kompetanse. Bedrifta er i dag ein totalentreprenør
med 60 tilsette og har kontor, lager og produksjonslokale i
Strandvik. Produksjonen består i hovudsak av prefabrikerte
element og takstolar. Mesteparten av byggjeverksemda skjer i
Bergensområdet. Av større bygg kan nemnast tømrararbeid på
Høgskulen i Bergen, Os Brannstasjon, Litlafjell Utbygging med
61 leiligheiter, prosjekt Horisont handlesenter i Åsane med 91
leiligheiter m.m.
Leigland Bygg er og ein vesentleg aktør som bolig- og
hyttebyggjar.
Ingen bygg for store og ingen for små for Leigland Bygg.
Horisont, Åsane
6-manns bustad i Strandvik
Flotte leiligheiter i 6-mannbustad i Strandvik sentrum kjem
snart for salg. Det kjem og to einebustader i nærleiken.
For info ring Mikal Leigland 404 02 656.
200 meter gjestebrygge
• Vatn • Straum • Toalett • Dusj • Vaskemaskin • Tørketrommel
Me kan tilby:
> Hovudentreprisar
> Ferdighus
> Ingeniørtenester
> Arkitekttenester
> Hus, hytter og leilegheiter
> Byggmeistertenester
4
56
34
Tett h
us
2 dag på
ar?
Sjå vår
s
po
e
korleis ferdighus og
me får
det
www.le
iglandb til på
ygg.no
lef
e
T
3
St
ra
v
nd
ik
on
5
56
8
7
00
0
t@
lei
g
d
lan
by
.
gg
no
SOMMARI FUSA:15
Fusa midt i blinken
– for deg òg?
i
r de
d fo
r sta
upe
s
n
ei iske!
f
a er
Fus liker å
som
Solne
dgang
Hovden bustadfelt
over F
usa.
HOLDHUS
Utsiktstomter nær
skule,barnehage
og idrettsanlegg.
Ferdigstilling av
4-familiebustad
2015/2016.
Fusa ligg sentralt plassert i Bjørnefjordregionen
Scann QR-koden
midt i Hordaland. Allsidig natur – som spenner frå høge
og les meir om å
fjell og dalar, til nydeleg sørlandsidyll og flotte solnedgangar
bu i Fusa.
– samt imøtekommande og inkluderande menneske,
er noko av det vi kan by på. Kanskje er dette draumeplassen for deg?
Leitet byggjefelt
Opsalmarka bustadfelt
BALDERSHEIM
FUSA
Tomter med den
beste utsikten over
Bjørnefjorden klar
for sal.
Tomter 3 min.
frå ferje
og barnehage.
Info:
fusautvikling.no
Sigmund Leitet
tlf. 901 21 804
Haugen byggjefelt
SÆVAREID
Rimelege tomter
med utsikt over
fjorden.
Info:
fusautvikling.no
Hans Vindenes
tlf. 932 20 400/
Carl Johan Haugen
tlf. 94878604
Info:
Harald Bjørndal
tlf. 970 63 526
Stallabrotet bustadfelt
EIKELANDSOSEN
Store og rimelege
tomter nær skule
og barnehage.
Info:
fusautvikling.no
Hans Vindenes
tlf. 932 20 400
Kletten byggjefelt i Strandvik
Info:
fusautvikling.no
Hans Vindenes
tlf. 932 20 400
Revsnes
STRANDVIK
STRANDVIK
Fine hus- og
hyttetomter tilsals.
Mogelegheit for
båtplass.
3 store flotte tomter
med mogelegheit
for båtplass.
Info:
fusautvikling.no
Haldor Tuft
tlf. 916 29 017
Info:
leiglandbygg.no
Mikal Leigland
tlf. 404 02 656
35
SOMMARI FUSA:15
Returadresse:
Fusa Utviklingsselskap
Pb 31
5649 Eikelandsosen
#strandliv #sol
mar
#bading#som
lland
Foto: Trude He
Fotokonkurranse på Instagram.
Bli med du òg!
Merk sommarbilete frå Fusa med årets hashtag #fusaglimt,
og du kan vinne flotte premiar.
#fusaglimt
natur #ro
#
#sommarl
idyll
#minner #
a Dysvik
Foto: Lind
#Handelslaget #p
Foto: Solveig Gang
izza #fusaspesial
stø
Over viser vi dei tre flotte vinnerbidraga i fjorårets konkurranse!
Vi har tatt ein liten prat med
vinnarane og stilt dei nokre
kjappe spørsmål om vinnermotiva og fotografering generelt.
1. Kva tankar har du rundt biletet
ditt, og kvifor valgte du dette
motivet?
2. Kva likar du best å
fotografere?
3. Om du skulle valgt eit motiv
frå Fusa som lokkar turistar
hit, kva skulle det vore?
4. Har du eit fototips å gje vekk?
5. Kjem du til å delta i
konkurransen i år òg?
Det skjer mykje i Fusa!
For meir informasjon om
aktivitatar, sjå Kva skjer i Fusa
på Facebook. Send gjerne ei
melding om du lurar på noko!
Solveig Gangstø
32 år
Mobilkamera
Det var ein nydeleg fusasommar
i fjor, med mange flotte sommardagar! Biletet er tatt i Strandvik, på
Handelslaget restaurant. Vi bestilte
"fusaspesial"-pizza og eg tykte det
eigna seg godt som motiv, med
vakre Strandvik i bakgrunnen.
For å lokka turistar hit hadde eg
valgt eit bilete som viser noko av
den flotte naturen vi har her, med
gode mogelegheiter for både tur,
båt og bading. Sjø med flotte fjell
i bakgrunnen kanskje. Eg likar å
fotografere natur, sjø og fjell i dei
ulike årstidene, og gjerne portrett av
barn. Mitt fototips er å gå nært inn
på objektet du vil fotografera. Tenk
på kva du ser i bakgrunnen, det er
viktig for resultatet. Konkurransar er
kjekt, så eg vert gjerne med i år òg!
Linda Dysvik
36 år
iPhone 5 mobilkamera
Eg valgte akkurat dette biletet
fordi eg tykte det var ein idyllisk
varm sommardag, og dette biletet
beskriver roen der og då. Favorittmotiva å fotografere er landskap og
natur, og sjølvsagt dei to døtrene
mine. Skulle eg valgt eit motiv for å
lokka turistar hit måtte det vere eit
motiv frå Skjørsand og Saltneset
trur eg – ein vakker solnedgang til
dømes. Mitt fototips er å ta bilete frå
ulike vinklar, då kan du heller sletta
nokre av dei enn å kun ha eit par
heilt like bilete som du kanskje ikkje
er nøgd med. Eg trur eg vert med i
Instagramkonkurransen i år òg.
Trude Helland
32 år
iPhone mobilkamera
Det var heilt tilfeldig at eg valgte
akkurat dette motivet. Vi var på
stranda og eg sat og tok bilte av
Gard som bada. Eg likar godt å ta
bilete, men har vel eigentleg ikkje
noko favorittmotiv. For å lokka
turistar hit ville eg laga ei samansetning av fleire bilete med ulike motiv,
ein collage med alle fusabygdene
representert! Og så ville eg tatt med
litt meir enn berre solbilete – vi bur
på Vestlandet, og ein må jo vera
realistiske med tanke på sommarværet. Fototips ja; Kanskje at når du
trur du har tatt nok bilete – då skal
du ta endå fleire! Det er då du får dei
beste bileta. Konkurransar er artig.
Klart eg er med i år òg!
Konkurranse: Bli med på Instagramkonkurransen vår slik at vi saman kan vise kva ein sommar i Fusa har å by på. Merk biletet med #fusaglimt
og du er med i trekkinga av flotte premiar. Trekking 1. september, vinnarane vert kontakta. For å vera med i konkurransen må du ha ein open profil på
Instagram. Bileta kan bli brukt i marknadsføring av Fusa ved seinare høve.