vedlegg - Sogndal vidaregåande skule

Transcription

vedlegg - Sogndal vidaregåande skule
Til elevar vg2 og føresette ved Sogndal vidaregåande skule
INFORMASJON VEDRØRANDE VAKSINERING MOT SMITTSAM
HJERNEHINNEBETENNELSE
Dei siste åra har det vore fleire registrerte tilfeller av smittsam hjernehinnebetennelse blant
ungdom som deltek i russefeiring. Sidan 2012 har nasjonalt folkehelseinstitutt anbefalt
ungdom som skulle delta i russefeiring å vaksinere seg. Det vart ingen tilfeller av
hjernehinnebetennelse blant russen, men det var fleire tilfeller blant ungdom som festa med
russen, eller som gjekk på same skule som russ. Nasjonalt folkehelseinstitutt har derfor gått
ut med anbefaling om vaksinering av all ungdom i alderen 17 – 19 år.
Kva er hjernehinnebetennelse?
Hjernehinnebetennelse (meningitt) er ein bakterieinfeksjon i hinnene rundt hjernen og
ryggmargen. Infeksjonen førekjem ofte i kombinasjon med blodforgifting, som kan vera ei
alvorleg, livstrugande tilstand. Hjernehinnebetennelse er oftast forårsaka av
meningokokkbakterien. Sjukdommen vert ofte kalla smittsam hjernehinnebetennelse, då det
er risiko for at fleire i nærmiljøet kan bli smitta.
Korleis virkar vaksina



beskyttar mot fire typar av meningokokkbakteriar og vert rekna som trygg for barn/unge ned
til 11 år.
Vaksina vert gitt i ein enkelt dose, og beskyttelse inntrer om lag 10 dagar etter vaksinering,
og varer i minst 3-5 år.
Vanlegvis er det lite biverknader med vaksina, men nokon opplever raudheit, hevelse,
ømheit eller kløe på innstikkstaden. Nokre få opplever kvalme, hovudpine, feber, utslett eller
svimmelheit.
Kven kan få vaksina?
Gravide og ammande skal ikkje ha vaksina, då ein har begrensa erfaring med vaksinasjon av
denne gruppa. Ein skal heller ikkje vaksinerast om ein har reagert på tidlegare dose av same
vaksine, eller ein har akutt infeksjonssjukdom med feber. Ein kan då få vaksina utsett.
Kva kostar vaksina?
Vaksina må betalast av kvar enkelt elev, og vil koste 500 kr. Det vil verte bindande påmelding
til vaksineringa.
Når skal ein vaksinerast?
Me planlegg vaksinasjon torsdag 5.februar og tysdag 10.februar. Dette gjeld om lag 250
eleva og det vil komme nærare informasjon om dato for vaksinering og korleis
gjennomføringa av vaksineringa vil føregå.
Korleis får ein vaksina?
Om ein ynskjer å vaksinera seg, må ein fylle ut svarslippen nederst på arket, og returnere
denne saman med betaling, kontant eller kort på helsesøster sitt kontor innan 19. januar.
Dette må ein gjere for at me skal kunne bestille rett antal vaksiner.
Påmelding og betaling av vaksina på helsesøsters kontor heile veke 3 og t.o.m. 19.01.15.
For meir informasjon sjå folkehelseinstituttet sine nettsider: www.fhi.no
Mvh
Linda Habbestad Skorve og Kari Holen Loftesnes – skulehelsetenesta
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Eg ønskjer og vaksinera meg mot smittsam hjernehinnebetennelse. Svarslippen vert levert
saman med kontant betaling pålydande kr 500 på helsesøster sitt kontor.
NB! Vaksina kan betalast med bankkort/kontant heilt fram til og med mandag 19.01.15.
Navn:
Fødselsnummer:
Klasse:
Underskrift:
Helseopplysningar som helsesøster bør vite i forkant av vaksineringa:
Frisk?
Gravid?
Kronisk sjukdom?
Faste medisinar?
Allergi?
Tidlegare bivirkningar/reaksjonar på vaksiner?
Har du teke andre vaksiner siste månaden?
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Kvittering for innbetaling
Dato:
Underskrift: