Møtereferat - Høgskolen i Bergen
Transcription
Møtereferat - Høgskolen i Bergen
1 av 1 Møtereferat Vår ref: 15/01591-1 Dato: 16.02.2015 Håvard Ulstein, tlf. [email protected] Referat avdelingsråd AL 10.02.2015 Til stades Dessutan møtte Torstein Selvik, leiar Lorentz Reitan Randi Moe Oddrun Hallås Jeanette Haukeland Bakke Kjærsti Rønneberg Maria Brosvik Johan Bruland (Sak 25 – 14/15) Andrea Eikset (Sak 25 – 14/15) Jan Helge Kallestad (Sak 27 – 14/15) Fråfall Else Berit Kyte Marianne Veiteberg Bente Brathetland Saksliste Sak 23 – 14/15 Godkjenning av møteinnkalling. Godkjenning av saksliste. Sak 24 – 14/15 Godkjenning av referat frå møtet 02.12.2014 (Vedlegg 1). Sak 25 – 14/15 Nettplattformer. Sak 26 – 14/15 Orienteringssaker. Sak 27 – 14/15 Studiebarometeret 2014. Sak 28 – 14/15 Eventuelt. 2 av 8 Sak 23 – 14/15 Godkjenning av møteinnkalling og saksliste. Møteinnkallinga og sakslista vart godkjente utan merknader. Sak 24 – 14/15 Godkjenning av referat frå møtet 02.12.2014. Referatet vart godkjent utan merknader. Sak 25 – 14/15 Nettplattformer. Dokument i saka Vedlegg 2: IT-strategi for Høgskolen i Bergen 2013-2018. Saka om nettplattformer var ei studentinitiert sak, der Kjærsti Rønneberg hadde det første innlegget frå eit studentperspektiv. Ho hadde to mål med å ta opp problematikken. Eit langsiktig og eit kortsiktig mål. Det langsiktige målet er å få HiB til å innsjå at its learning ikkje tener formålet det skal dekke. Det kortsiktige målet er at dei rette personane på høgskulen skal sørgje for å gjere its learning meir leveleg som nettplattform for studentar og tilsette. Ho tok deretter føre seg situasjonen i dag. Informasjonen flyt ganske fritt på dei ulike plattformene som blir brukt på høgskulen, noko som fører til at studentane ikkje tar til seg informasjonen fordi den kjem i mange ulike kanalar. Ho la vidare vekt på at its learning har i seg mange av funksjonane som bør brukast, men er eit for tungvint system som faglærarane i tillegg ikkje kan godt nok. I dag nyttar høgskulen seg av itslearning, webpost, Time Edit, osv. til funksjonar som its learning kan dekke og løyse. Rønneberg avslutta med at ho ønskte at møtet skulle finne utfordringane, men også finne løysingane eller løysingsforslaga som vil gjere studentkvardagen betre. Andrea Eikset frå matematikkseksjonen tok deretter føre seg faglærarperspektivet. Ho tok utgangspunkt i bruken av its learning og la vekt på at mange av førsteårsstudentane koplar seg for seint på. Det kan gå ein månad inn i første semester før studentane nyttar seg av its learning. Dei har ingen opplæring, noko som gjer at faglærarane må nytte undervisningstid til its learning. Studentane må få eit tilbod om bruken av its learning tidleg. Eikset tok deretter føre seg dagens organisering, der Endre Bjuland er superbrukar. Han skal snart gå av med pensjon, men det er ingen som har fått opplæring med sikte på å erstatte han. Det er tale om 300 timar. Det er også eit spørsmål om det bør kome ei omstrukturering av organiseringa. 3 av 8 Praksislærarane og tilgang til its learning er også ei utfordring. Dei skal inn med gjestestatus. Utfordringa er at dei brukar det i Bergen kommune, men må aktivt logge seg på høgskulens. Mange studentar nyttar seg av Facebook. Det er ikkje ønskeleg frå eit faglærarperspektiv. Målet må vere at alle nyttar its learning, men det store spørsmålet er korleis få studentane tilbake til its learning. Det handlar m.a. om forventningar studentar og lærarar har. Ein bør forvente at studentane er inne på its learning kvar dag, men det er få som er det. Det siste Eikset var inne på var fråversstatistikken som kjem fram i its learning. I dag kan studentane sjå fråveret sitt i its learning, men utfordringa er at det er for få faglærarar som kan funksjonen. Johan Bruland frå AHS og utdanningsseksjonen tok til slutt føre seg kva som blir gjort og korleis ein ser føre seg kva som bør og skal skje. Han viste til at HiB i dag har ein LMS som riksrevisjonen har reagert på fordi høgskulen ikkje har hatt det ut på anbud på mange år. Dette er noko høgskulen må gjere noko med ganske snart, noko som fort kan føre til endringar. Det kortsiktige målet for arbeidet seksjon for utdanning har sett i gong er å få til ein såkalla ”single sign-on”. Det er særleg tre tenester som gjennom feidepålogging vil ha same inngangsportal. Det vil m.a. føre til at lærarane kan skrive inn sin timeplan på Time Edit, studentane vil ha tilgang til studentweb og Lync vil kunne nyttast som verktøy for digital samhandling med ei pålogging. IKT-gruppa som er sett ned har som mandat å sjå heilskapleg på IKT-strukturen på høgskulen. Its learning har vore i bruk ca. 15 år no og avdelingane har brukt læringsplattforma ulikt. Dei klare forventningane til faglærarane er fråverande. Det er eit paradoks at studentar som kjem frå vidaregåande skule i regionen er vande med ein betre bruk av its learning. Its learning er ein LMS som er vanskeleg å gjere dei store endringane på fordi den ikkje er modulbasert. Ein kan dermed ikkje ta vekk t.d. timeplan og meldingsfunksjon, sjølv om det ville vore betre om studentar og tilsette hadde ein kommunikasjonskanal, webposten. HiBs IT-strategi, jf. vedlegg 2, skal bli sett nærare på av utdanningsseksjonen og då særleg målområde 1, utdanning og læringsmiljø. IT-strategien må også sjå på organisering ut frå ein tanke om at avdelingane har ulike bruksområde og at det dermed ikkje nødvendigvis treng å vere lik bruk på tvers av avdelingane. Det langsiktige LMS-målet er at its learning må bli meir fleksibelt og modulbasert for at plattforma skal vere interessant for høgskulen. Elles så må ein sjå til andre løysingar. Det skal vere eit møte med its learning snart. Frå diskusjonen Tidsperspektivet. Kven gjer kva innan kva slags fristar? 4 av 8 På tvers av avdelingane. Er frustrasjonen like stor på AHS og AIØ som på AL? Konsekvente brukarar. Tilsette og studentar må vere meir konsekvente i bruken av its learning. Gjer faglærarane det dei skal på its learning, så er det opp til studentane å følgje med. Opplæringssystem for nye studentar. Strategi for tilsette. Må sørgje for at alle gjer det på nokolunde same måte. Canvas-systemet, eit alternativ til its learning? Its learning forsøker å halde tritt med utviklinga, men var t.d. ikkje så kjapt ute med ein app. Når den først kom, fungerte den ikkje optimalt m.a. fordi den ikkje skil mellom utdaterte og aktuelle saker. Its learning kan med nokre grep gjere ting betre for studentane. Studentanes viktigaste informasjonsstad er its learning, og i staden for å bli møtt med logoen til HiB er det ønskjeleg at viktig informasjon kjem i det første bildet. Dette er studentane vande med frå t.d. Facebook. IT-strategien til høgskulen. I planen står det at det skal vere brukarundersøkingar kvart år. Dette har ikkje skjedd og ei undersøking vart etterlyst. Den kunne t.d. gitt svar på om studentane på dei ulike avdelingane tenker noko lunde likt. Viktig å få fortgang i anbudsprosessen for ny LMS-avtale. Det er viktig å vere bevisst på kva HiB treng, noko IKT-gruppa skal jobbe med framover. Dersom its learning ikkje kan tilby det HiB treng, vil dei diskvalifisere seg sjølv. Rydding undervegs. Det vart spelt inn at faglærarane bør, etter at eit fag er ferdig, slette faget slik at studentane ikkje møter fleire år gamle grupper med tilhøyrande informasjon dei tidlegare var medlemmar av på profilen sin. Her var det innvendt at faglærarane ønskjer å kunne nyttegjere seg av tidlegare års fag og emne. Praksiskontoret har mykje informasjon som skal ut, både internt til studentar og tilsette og eksternt til samarbeidspartnarar. Public360 kommuniserer direkte med Outlook, men ikkje med its learning, og sender ein ut til studentar blir det til dei private e-postadressene. På BLU dobbeltkommuniserer ein med praksistadane både på its learning og på webpost. Dette skjer ikkje i GLU. Betra kommunikasjon? Ein har levd med IKT i mange år, men vi har ikkje blitt betre til å kommunisere. Vi tar for lett på basalopplæring, både korleis og kvifor vi brukar det. Det er viktig å ta grep der ein overfor studentar og tilsette finn ei plattform som er felles og som begge grupper kan fungere på. Fungerer i vidaregåande, men ikkje på høgskulen. Spørsmålet blir då korleis kome seg ut av eit system utan å oppleve det NTNU gjorde. Her vart det vist til at høgskulen må vere presise i anbudet som skal leggast ut, noko ikkje NTNU var. Praksisfeltet og its learning. Studentane har tilgang til og er brukarar av høgskulens its learning. Ute i praksis er its learning knytt til kommunens portal. Det fører til at kommunikasjonen ikkje kan vere optimal fordi studentane ikkje har tilgang til denne portalen. Studiestøttesystemet som støtte til læring. Det er eit behov for ein diskusjon som tar opp i seg korleis studiestøttesystemet/its learning på best mogleg måte kan støtte opp under læring. Kven overtar etter Endre Bjuland? 5 av 8 Kven gjer kva? Det må jobbast på heile høgskulen. IKT-gruppa må kunne bestemme ein del. Så lenge det er sett ned ei gruppe som skal arbeide med tematikken, er det der ein må trykke på for å få inn endringar. Forslag til tiltak og endringar Ha ein orienteringsdag t.d. i fadderveka til å gi nye studentar ei innføring, opplæring og forventningsavklaring i høgskulens bruk av its learning. Det kan handle om korleis vidaresende webpost til privatmail, ei liste over kven som kan hjelpe med kva, osv. Funksjonar som bør inn i tillegg til det som Bruland nemnde i sitt innlegg: SMSfunksjon. Sak 26 – 14/15 Orienteringssaker Orientering ved dekanen Rapport på avdelingas årsplan for 2014 (vedlegg 3) Dekanen tok først føre seg gangen i rapport- og planarbeidet ved HiB. Både plan og rapport eser ut, medan den burde vere kortare og klarare. Samtidig er det eit system i sektoren som er målstyrt og som blir brukt av KD i møte med institusjonane. I planen kjem risikoanalyser i tillegg. Om rapporten vart det i rådet kommentert at dei enkelte partia ikkje er i samsvar med kvarandre. Nokre delar er detaljerte, andre det motsette. Det vart også føreslått å ha ei eiga kolonne for kven som har gjort kva. SAKS KD har vore misfornøgde med Vestlandet som ikkje har klart å einast. NTNU forsøker å slå seg saman med Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Gjøvik, sjølv om alle tilsettrepresentantane i styret stemte imot. NTNU blir dermed ein svært stor aktør i UH-landskapet. Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger er i samtalar om samanslåing, medan Høgskulen i Volda er i samtalar med Høgskulen på Lillehammer. Dekanen viste til at det er fleire institusjonar som ikkje har funne ein eller fleire samarbeidspartnarar, men statssekretæren er klar på at ingen (små) får stå aleine. Høgskulen i Sogn og Fjordane står på sjølvstendelinja, men har alternativt eit mål om samanslåing med UiB og HiB. Statssekretæren har uttalt at HiB er store nok aleine, men resultatet blir fort at HiSF må slå seg saman med HiB. Samtidig er opposisjonen på Stortinget i mot å slå saman institusjonar under tvang. Det sannsynlege resultatet for HiB blir då enten aleine eller saman med HiSF. Utlyste åremålsstillingar og rektoratval Det er brukbart med søkarar på programansvarlegstillinga på BLU og senterleiarstillinga på SEKKK. Elles er det ganske tynt. Rektorvalet har berre eit kanditatpar, dei sittande. Det bør kome motkandidatar for å få eit reelt val og for å legitimere det komande rektoratet. Understruktur 6 av 8 Det vil kome opp som sak på HiB i næraste framtid. Første ledd er den avdelingsvise faglege understrukturen. Etter førre runde bestemte styret at understrukturen på avdelingane skulle bli sett på også ved eit seinare høve. Det er uttalt at avdelingane nødvendigvis ikkje må vere like. Prosessen framover inneheld både ei intern og ei ekstern evaluering. Avdelingane kjem til å få bestillinga/mandatet snart. Doktorgradsprogrammet Har fått ein del stipendiatar og har lyst ut nokre nyleg. Etter kvart kan undervisninga bli sett i gong. Det skjer truleg til hausten. Ei offentleg opning av programmet vil skje i april. Budsjett 2015. Styresak 07/2015 Endelig budsjettfordeling 2015 (vedlegg 4) Delar av dei strategiske midlane blir plassert på avdelingane etter ei søknadsrunde. AL får 13 millionar, noko meir enn dei andre avdelingane grunna doktorgradsprogrammet. Avdelinga får 185 millionar etter at dei strategiske midlane er fordelte. I tillegg til doktorgradsprogrammet er resultatbasert studiepoengsproduksjon grunnane til auken. I tillegg kjem avdelinga til å få ein del frå EVO. I diskusjonen som følgde var rådet opptatt av - kvifor understrukturarbeidet og sentra ikkje er nemnde i budsjettet. - kvifor ha fleire administrative medarbeidarar sentralt samtidig som ein varslar søndagsstengt for studentar. - Har ein ei fjerde avdeling i fellesadministrasjonen? Dekanen viste til at AL får ei ramme som verksemda må tilpassast etter. FA er realbudsjettert langt på veg. Styret bestemte at det ikkje skulle tilsettast nye slik direktøren ville. Endra opptakskrav til grunnskulelærarutdanningane (vedlegg 5) Forslag til ny finansieringsmodell i UH-sektoren: Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill. Vedlegg 6 viser hovudmodellen I hovudsak består finansieringsmodellen av basistildeling (70%) og ei resultatbasert tildeling (30%). Dei gamle universiteta har gode basistildeling saman med nokre av høgskulane, medan andre har dårlegare basis. Det har sine historiske årsaker. Den nye finansieringsmodellen vil innføre kandidatbelønning, der institusjonane får 10.000,for gjennomført bachelor, 30.000,- for master og 340.000,- for phd. Modellen vil også redusere talet på kategoriar til fire, noko som gjer at lærarutdanningane ser ut til å bli ein tapande part. Ingeniørutdanningane kjem derimot betre ut. På spørsmål om dette på sikt vil kunne gå utover undervisningstilbodet, så svarte dekanen ja, men at det vil i så tilfelle skje etter ein gjennomgang av studietilbodet. Orientering frå studentrepresentantane Bacheloroppgåveseminar o Rettleiing på bacheloroppgåva i GLU. Nokre har mangla rettleiar, men det gjeld stort sett eitt fag. 7 av 8 o Mangel på rom. Dette er noko ein var klar over på førehand, men det er til tider nærast umogleg å få rom. Ei utfordring at ein ikkje får lov til å bestille mange grupperom. Samtidig var ikkje mangel på rom og dødtid i programmet det største problemet. Mange opplevde at det ikkje som nyttig fordi dei ikkje hadde fått tilbakemelding om det dei hadde tenkt var noko å bygge vidare på i ei bacheloroppgåve. Heiltidsstudenten. Eitt av tiltaka som er nemnd er at ein ønskjer fleire undervisningstimar. Studentane ser at både AIØ og AHS har lengre dagar enn AL. Orientering frå dei tilsette Sakn etter sosiale møtestadar. Arrangementet 9. januar var eit godt initiativ. Dører som slår og piper når ein vil lufte vil på sikt vere eit problem. HiB som miljøhøgskule. For å kome seg til dei tre øvste etasjane i A-blokka må ein ta heis for å kome inn. Alle tilsette må tilgang frå trappa til desse etasjane. Tospråkleg utdanning. Skal lage ein ny studieplan som skal vere klart til oppstart hausten 2016. Sak 27 – 14/15 Studiebarometeret 2015 Dokument i saka: Studiebarometeret 2014 Vedlegg 7: Studiebarometerets spørjeskjema Vedlegg 8: Gjennomsnitt per utdanningstype Programansvarleg for grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn, Jan Helge Kallestad, var invitert for å innleie saka. Han såg det som grunnleggande positivt å ha slike undersøkingar. Hovudgruppa studentar som var med i undersøkinga var 3. semesterstudentane på bachelorog masterløpa. Kallestad peika på at sjølv om det i utgangspunktet kunne sjå ut som at tilbakemeldingane til dels var dårlege, så låg ikkje standardavviket over eitt poeng frå gjennomsnittet. For GLU5-10 var det i ei av klassene særleg medverknad som fekk dårlege tilbakemeldingar, men ein må huske på at i ei klasse har studentane stor variasjon i kva fag dei tar. Det gjer det vanskelegare. Han tok deretter føre seg sjølve undersøkinga og kva hovudkategoriar studentane svarar på. Spørsmål om den generelle utdanningskvaliteten har ei slagside på engasjement og oppfølging. Under medverknad er det påverking som scorar lavt, medan studentdemokrati gjer det betre. For GLU er det t.d. ikkje uventa at internasjonalisering frå lav score, då tredjesemesterstudentane svarar på spørsmål som gjeld noko som skal skje i 7. semester. Når det gjaldt praksis og praksisorganisering, var det ingen større overraskingar. Kallestad gjekk deretter inn på kva AL kan gjere. Det kan vere å betre evalueringssystema slik at dei også fangar opp misnøye undervegs. kurse profesjonsrettleiarane. ha fokusgruppeintervju med studentar. ha læringsformer som aukar arbeidsinnsatsen som t.d. studentdrivne kollokviegrupper. 8 av 8 Forsøke å få nokre gode internasjonale samarbeidsinstitusjonar. Frå diskusjonen Struktur og organisering av GLU5-10. Har det vore oppe til debatt? Kan noko knytast til at studentane har valfag to som det største faget dei to første åra? Kallestad peika på at ved innføring av femårig GLU så vil modellen i større grad bli diskutert. Utveksling/internasjonalisering. Viktig at informasjonsmøta med internasjonalt kontor ikkje blir avtalt slik at det kolliderer med praksisperiodane til studentane. Master og høvet til utveksling må klarast opp i. Resultatet av undersøkinga kan lesast på ulikt vis. Kva som ligg bak er viktig. BLU er ei utdanning i ferd med å bli implementert med kontinuerlege evalueringar som identifiserer stadige manglar og hol. T.d. BULL har hatt minst fråfall, men er mest kritiske. Det er, på bakgrunn av følgjeforskinga, sett ned ei gruppe som skal sjå på ulike tiltak. Nyttig reiskap. NOKUT har tatt ansvaret for den årlege undersøkinga med mål om at den skal bli den store undersøkinga alle viser til. Det er ei sjølvrapportering frå studentane som er viktig, men AL må ta det overordna perspektivet som skal inngå som ein del av den studiekvalitative basisen. Medverknad er viktig. I stor grad kan det koplast til saka om nettplattformer. God kommunikasjon vil betre situasjonen. Representativt. Det er viktig at det var ein høg svarprosent på studiebarometeret.