Les meir.. - Strand kyrkjelege fellesråd

Transcription

Les meir.. - Strand kyrkjelege fellesråd
Preikestolen
Nr. 1. FEBRUAr 2015 • 76. årg.
KYRKJEblad for HJELMELAND • STRand • forsand
Nr.1 / 2015
Endra samansetnad av befolkninga...3
Adresse:
Postboks 188,
4126 Jørpeland
Neste nummer av
Preikestolen kjem ut
ca. 16. april.
Frist for innlevering av stoff
4.mars.
Redaksjon:
Redaktør Annbjørg Strøm Haukalid
Tlf. 99476436
[email protected]
Magne Nag
Elise Norland Sørheim
Liv Åse Gaard
Anita Grødem
Olav Frantzen
Siv Fossan
Yvonne Langeland Meltveit
Haldis Karine Nilsen
Kyrkja sin
kontaktperson:
Liv Åse Gaard
[email protected]
Inkluderande fellesskap.........................4
Nye i kyrkjelyden vår ..............................6
Korttidsmisjonærar...............................8
Vil truande bli trudde i 2015?..............11
Side
8
Spelar på lag.........................................12
Kvardagsven i Hjelmeland..................14
Sanning...................................................15
Åsmund Thomsen ...............................15
Andakten...............................................18
Fasteaksjonen......................................19
Side
12
Minnelund..............................................19
Oppslagstavla.......................................20
Slekters gang......................................23
Side
15
Om det er nokon som
ikkje får PREIKESTOLEN
i postkassa, kan ein kontakte
posten eller kyrkjekontora.
Frivilleg abonnementpris
pr. år kr. 200,Bankgiro: 3205.30.06158
Grafisk formgjeving:
Anita Grødem
[email protected]
Trykk:
Gunnarshaug Trykkeri
Opplag: 6400
Framsidefoto: Kristine
Knudsen og ei jente frå
favelaen i Brasil.
2
Å bli sett og tatt imot,
det er livsviktig for deg og meg
Dette gjeld i familien, på arbeidsplassen, i nabolaget, i kyrkjelyden.
Me skriv litt om dette i Preikestolen denne gongen. Her tenkjer me
først og fremst på når ein kjem som ny til kyrkjelyden, frå eit anna
land eller ein annan stad i landet.
Ser me kvarandre? Tar me imot kvarandre? Inkluderer me kvarandre?
Dette tykkjer me er vanskeleg av og til. Vågar me likevel ? Ta ein
sjanse!
Annbjørg Strøm Haukalid
Endra samansetnad av befolkninga
Dei to siste åra har Hjelmeland
kommune annonsert barnehageopptaket på polsk og litauisk i
tillegg til norsk. Det er ikkje utan
grunn. Hjelmeland har i dag ein
uvanleg stor innvandrarandel, og
folk frå Litauen og Polen utgjer dei
to største gruppene.
Av Haldis Karine Nilsen
Mellom 17 og 18 prosent av Hjelmeland
si befolkning er av Statistisk sentralbyrå
definerte som innvandrarar/norskfødde
med innvandrarforeldre. Prosentdelen i
Strand og Forsand er per i dag ein god
del lågare enn i Hjelmeland, men i desse
to kommunane er veksten størst mellom
dei tre, både i tal innbyggjarar og tal innvandrarar. Nye befolkningsgrupper gir
nye muligheiter og nye utfordringar for
lokalsamfunna våre. I dag er det t.d. over
100 personar med bakgrunn frå Litauen i
Hjelmeland, stort sett unge folk.
Statistisk sentralbyrå (SSB) er elles ei oppdatert og spennande informasjonskjelde,
mellom anna med kvartalsvise oppdateringar på folketalet. Sidan 2009 – altså på
fem år – har talet innvandrarar i våre tre
kommunar ifølgje SSB auka frå 955 til
1795, altså ikkje så langt frå ei dobling.
For Hjelmeland sin del reknar ein med at
berre ein snau tredel av innvandrargruppa
på knapt fem hundre, kjem frå land utanom
EU/EØS/USA/Canada/Australia. Eit stort
fleirtal er arbeidsinnvandrarar; folk som er
komne her p.g.a. arbeid, men som ikkje
har rett eller plikt til norskopplæring.
Tek me for oss dei ulike aldersgruppene,
viser det seg at andelen innvandrarar
varierer kraftig. Det er veldig få som er
over femti år. I Hjelmeland er så mykje
som ein tredel av aldersgruppa 30–39 år
innvandrarar. I dei to andre kommunane er
det også i denne aldersgruppa at innslaget
av innvandrarar er størst, men det utgjer
ikkje meir enn 16,5% i Strand og 20% i
Forsand. For Hjelmeland sin del er elles
utslaga størst i born under skulealder
(25%) og gruppa 20–29 år (25%). Når
det gjeld førskuleborn, er tilsvarande tal
for Strand og Forsand 10% og 7%, altså
er det stor forskjell.
Innvandrargruppa er også samansett,
og i alle fall i Hjelmeland registrerer me
Det er viktig med møteplassar. Det er ikkje alltid nødvendig å skapa nye, men å orientera på ein god måte om dei som allereie er. 17.-maifeiring er ein slik møteplass i
Jøsenfjorden.
Fiskefestivalen er og ein møteplass. Her møtes små og store, fastbuande og tilreisande,
til tradisjonell aktivitet, leik og moro.
at dei buset seg i heile kommunen, også
ytterkrinsane. Det siste året har t.d. to
småbarnsfamiliar med bakgrunn frå landa
nemnde innleiingsvis, kjøpt seg hus i
Jøsenfjorden, noko som definitivt bidreg
til optimisme og framtidstru i bygda.
Fiskeindustrien er nok den viktigaste
årsaka til den uvanleg store innvandrarandelen som er i Hjelmeland, men den
verdifulle arbeidskrafta er etter kvart å
finna i mange ulike roller dei fleste stader;
som tilsette i kommunen, i byggenæringa,
i landbruksnæringa, i handel og i service.
Nye folk gir nye muligheiter! Er så lag og
foreiningar, og kyrkja med, nok merk-
same på dei nye gruppene og tilflyttarar
generelt? Det varierer nok sterkt, kanskje
idretten har vore dei som har rekruttert
flest til no. Hjelmeland bygdekvinnelag er
døme på eit lag som har satsa målretta,
aktivt og utoverretta, og har opplevd sterk
medlemsvekst. Men har kyrkjelydane
våre oppfatta den nye situasjonen og
teke nok høgde for tilrettelegging for nye
befolkningsgrupper? Kva med orientering
om t.d. dåp , 4-årsbok og konfirmasjon på
fleire språk, slik at foreldre med avgrensa
kunnskap i norsk kan veta kva dette i
røynda dreier seg om? Og kva veit me
sjølv om dei landa me rekrutterer flest
nye innbyggjarar frå? Her er utfordringar
for oss alle!
3
INKLUDERANDE FELLESSKAP
Av Charlotte og Andreas Frantzen
Charlotte og Andreas
Frantzen, nå busette
på Forsand, har vore i
teneste i Ungdom i Oppdrag i mange år, både i
Norge og i utlandet. Nå
er den epoken avslutta.
Preikestolen bad dei
kome med tankar om
inkluderande fellesskap,
ut frå sine erfaringar.
Her kjem det – på nynorsk og bokmål:
Andreas: Denne bortreiste sonen – er
komen tilbake til si kjære heimbygd. Med
seg har han hustrua Herren så altfor
sjenerøst skjenka han for femten år sidan,
Charlotte Millianne. Ho vaks opp med
rullande r i meir tettbygde strok eit kraftig
steinkast frå Tusenfryd fornøyelsespark.
Og så er det borna, minstemann med
rulle-r og to jenter med skikkeleg r.
Sett og verdsatt
Charlotte: Å bli spurt om å skrive ned noen
tanker om inkluderende fellesskap var jo
flott, men nå skal det sies at ekspertene
på inkluderende fellesskap nok er de som
har tatt imot oss i sitt fellesskap.
De sier det er både på godt og vondt å
bo i ei lita bygd. Mannen som vokste opp
her har kanskje opplevd begge sider, men
for oss som familie å komme til Forsand,
har vært en eneste stor opptur. Slitne og
litt utafor etter 10–15 år i misjonstjeneste,
kom vi «hjem». Det som nok betydde
mest i begynnelsen, var da de eldre med
erfaringer i bagasjen ga en klem, spurte
hvordan det gikk, lyttet og sa slapp av og
ta det med ro. Som en tidligere misjonær
sa til oss idet hun siterte et kinesisk ordtak: «Har du funne att sjela? Det tar tid ‘å
komme hjem’!» Dette tror jeg vi kan ha i
bakhodet når det gjelder alle nye som
kommer.
Det å spørre oss om å være med på ting
er også veldig omsorgsfullt. Det er klart
det er lurt å tenke over hvordan man spør,
så den nye ikke føler at man spør kun for
hjelpens skyld. Men å gi verdi til andre på
den måten, betyr mye.
4
Interessen for å høre hva vi hadde å dele
var så nydelig, og selv om vi har sagt
mye nei, så har ikke menigheten sluttet
å spørre. Tommel opp. Jeg tror alle nye
har noe å dele, og om ikke tida er der for
å dele fra en talerstol, så er det uansett
godt å oppleve lyttende ører og interesserte hjerter.
Jeg husker at det en av de første dagene
vi bodde her kom en nabo fra menigheten
med et velkommen-kort og noen ting til
barna. Tror det var noe bakverk med i
bildet også. Kanskje en tenker at det en
har, ikke er så mye, men det er utrolig
hvordan det varmer. Når man da kommer
til kirken/bedehuset første gangen, ser
man automatisk etter dette kjente fjeset,
og ensomhetsfølelsen blir mindre.
Grøt og pizza
Vi opplever folk i menighetene her på
Forsand og Jørpeland som veldig inklu-
derende og gjestfrie, og det er klart sånt
smitter. Invitasjoner til grøt en lørdag, felles
grilling på stranda etter en gudstjeneste.
Eller som en annen familie gjorde, inviterte
noen som skulle be med seg noen – så
stod pizzadeigen klar på bordet. Vi ble
nødt til å bli litt kjent med hverandre over
pizza-lagingen og -spising. Og vi gikk
alle derfra den kvelden med en følelse
av at vi hadde vært med på noe gøy og
spleisende. Fellesskap uten en agenda
samler og spleiser, spesielt når det skjer
hjemme hos folk.
Under overflaten
«Guds menighet er jordens største under!» Det vil man oppleve om man tør
være åpen og sårbar selv. Plutselig sitter
man der og gråter sammen med noen i
et hjem bare etter en times bekjentskap.
En mail i ny og ne fra en annen god venn
med ordene «hvordan går det?» – en
innbydelse til å dele gleder og sorger.
Vi som er i Guds familie, er jommen
søsken. Det å kjenne søskenkjærligheten
over kirkegrensene, gjør oss mer rause
med hverandre. Raushet innbyr til
åpenhet, og åpenhet innbyr til åndelig
fellesskap. Åndelig fellesskap skapes av
Den Hellige Ånd som er aktivt interessert
Fellesskap med pølsegrilling og gode kaker.
i et inkluderende fellesskap som vokser i
kjennskap til Herren selv. Jesus Kristus,
kjærlighetens opphav.
Andreas: For mange er «himmelsk»
ei skildring av noko eksepsjonelt, noko
fantastisk. I Matteus 18,20 snakkar Jesus
om ein type fellesskap som har Guds
himmel som tak:
heiter Han også – Gud med oss! Tenk at
Gud vil vera saman med oss:
Himmelsk!
Då står me igjen med tre element i eit
inkluderande fellesskap:
Jesus
Du og eg
Ein invitasjon
Enkelt, ikkje sant?
«For der to eller tre er samla i
mitt namn, der er eg midt
imellom dei.»
Eg kan ikkje tenke meg eit betre fellesskap
enn det som har Jesus gåande mellom
dei som er til stades, han som tilgir frå
den minste til den største ugjerning bare
ein ber Han om det, trøystar i den tyngste
sorg og gir håp som ingen annan kan.
Igjen og igjen har me funne oss sjølv i
dette fellesskapet på ulike stader etter
at me flytta heim til Forsand, enten i ein
heim eller blant mange.
Alle dei tre barna våre (6, 9 og 13) har på
eitt, eller faktisk fleire tidspunkt uttrykt
ynskje om å flytte frå oss. Så greie er vi å
vera saman med... Mens himmelens Gud
ville dø for å vinne vårt venskap. Immanuel
Kom og bli med oss!
5
Når dei nye i kyrkjelyden vår
Ja, kva gjer me då? Vågar me å ta kontakt, ynskje velkommen, be heim på kaffi for å bli kjent
med dei, invitere med i bibelgruppa? Og gje dei oppgåver i kyrkjelyden, går det an?
Les kva to av desse fortel, ein frå Færøyane og ei frå Nederland.
Frå Færøyane
til Årdal
Tekst og foto: Olav Frantzen
Frodi Durhuus og kona Antonia kom til
Årdal hausten 1993. Året før hadde dei
flytta frå heimlandet Færøyane for at
Frodi skulle gå på Fjelltun bibelskule i
Stavanger. Frodi vaks opp i sjøkanten
og vart etterkvart skipper og kaptein på
både fiskebåt og fraktebåt. Det var ingen
diskusjon om at det var sjømann han skulle
bli, men han hadde også solid bakgrunn frå
oppdrettsbransjen då dei flytta til Norge.
Med utgangspunkt i sitt kontor i Årdal selde
Frodi laks over heile verda gjennom firmaet
Atlantic Food Salmon, som var eit salgsselskap eigd av lokale fiskeoppdrettarar.
Seinare vart dette selskapet innlemma i
Marine Harvest der Frodi haldt fram som
ein nøkkelperson i sal av oppdrettslaks,
noko han gjer den dag i dag.
Frodi er ofte å sjå både i kyrkja og på
bedehuset. Kristentrua har han med seg
heimanfrå, og det å gå på bibelskule var
noko han hadde ønskt å gjera i mange
år før det vart realisert i 1992—1993. I
Stavanger gjekk han ofte i Bekkefaret
kirke, og han seier at han vart godt motteken i kyrkja, og likte seg utruleg godt
på bibelskulen, sjølv om dei aller fleste
elevane var mykje yngre enn han.
– Kor naturleg var det for deg å ta kontakt
med kyrkja då du kom til Årdal?
– For meg var det ganske naturleg. Eg
hadde alltid gått i kyrkja på Færøyane,
og ville gjerne tilhøyra ein kyrkjelyd, men
eg gjekk også på bedehuset der eg vart
kjent med mange.
Me lurer også på korleis møtet med kyrkjelyden i Årdal var. Frodi seier:
– Dette er lenge sidan nå, og eg hugsar
ikkje så nøye, men også her vart eg veldig
godt tatt imot. Eg blei fort kjent med folk,
og spesielt fekk eg eit godt og nært forhold
6
Frodi
til Magnus Strøm. Han skal ha all ære for
at eg kom til å trivast så godt i det miljøet,
både i kyrkja og på bedehuset. I det heile
følte me oss veldig godt mottekne i Årdal,
ikkje berre i kyrkja og på bedehuset, men
i bygda generelt.
– Når du tenkjer tilbake, er det nokon
skilnad på måten du vart tatt imot her hos
oss, samanlikna med slik det er eller var
på Færøyane?
– Eg meiner nok at folk på Færøyane er
opnare og har lettare for å ta kontakt med
tilflyttarar. Slik trur eg også det er i kyrkja.
Her i Årdal er det gudsteneste berre kvar 3.
søndag, og då kan det vere vanskelegare
å bli kjent. Men dei som flyttar hit, må
også gjere ein innsats for å komma inn
i eit fellesskap. Dei må ikkje vera redde
for å ta kontakt, og dei har eit ansvar for
å bli kjent med oss som bur her.
– Har du eit råd eller eit tips du vil dela
for at kyrkja skal bli flinkare til å ta imot
tilflyttarar?
– Nå har eg budd her så lenge at eg skal
vera forsiktig med å gje råd. Men eg vil
gjerne nemna ein ting; nemleg å invitera.
Eg vart invitert med i ei bibelgruppe/
mannsgruppe. Der har eg gått i 18—19
år nå, og me møtest ein gong i månaden.
Det har hatt stor betydning for meg, og eg
håpar at mange vert inviterte med i slike
grupper. Elles må me invitera tilflyttarar
med på gudstenester og på møte og andre
samlingar på bedehuset. Det er ikkje farleg
å invitera, sjølv om svaret av og til er nei.
– Er det ei konkret hending som du vil
nemna som har betydd noko spesielt for
deg i møte med den lokale kyrkja?
– Ja, eg har gått på Alpha-kurs her i Årdal.
Det har også hatt stor betydning for meg,
både for å læra meir om den kristne trua,
men og for å bli godt kjent med dei andre
som gjekk på kurset. Så eg ønskjer at det
blir arrangert fleire Alpha-kurs. Og når det
skjer, vil eg oppfordra både innflyttarar og
andre til å delta.
er utlendingar...
Frå Nederland
til Strand
Tekst og foto: Magne Nag.
Nicolien Haasbroek er frå Nederland og
kom til Noreg saman med mannen sin
sommaren 1999. Dei budde først eit år
på Jørpeland, men kjøpte seg så hus på
Tau og flytta dit. No er dei fem i familien,
ein gut på 13 år og to jenter, ei på 10 og
ei på 6 år.
– Kvifor valde de å flytta til Noreg?
– Me hadde nok litt utferdstrong, og såg
for oss at Noreg var eit vakkert land, noko
me verkeleg har fått erfart. Mannen min
fekk arbeid på West Control på Tau, og
eg fekk arbeid på Kartverket Sjødivisjon i
Stavanger. Me likar oss godt i Strand, og
her har me tenkt å fortsetja å bu.
– Kor naturleg var det for deg å ta kontakt
med kyrkja då du kom hit?
– For meg var det heilt naturleg. Eg var van
med å gå i kyrkja i heimlandet, både i oppveksten og seinare i studentkyrkjelyden i
studietida. Så sjølv om norskkunnskapen
ikkje var så god den første tida, prøvde eg
å få med meg så mykje som råd.
– Korleis var møtet med den lokale kyrkja?
– Sidan me i starten budde på Jørpeland,
var det der eg først møtte den lokale
kyrkja i Noreg. Geir Øy, som då var prest
der, var veldig inkluderande. Han sende
til dømes preika for søndagen til meg på
førehand, slik at eg kunne setja meg inn
i den. Det var til kjempegod hjelp sidan
min kunnskap i norsk var heller liten, og
utan den hjelpa ville eg nok fått minimalt
ut av preika.
I kyrkjelyden på Jørpeland var det og ein
del som eg visste kven var på grunn av
felles pendling til jobb. Dette gjorde det
lettare å bli kjent med folk i kyrkjelyden.
Så flytta me til Tau, og eg fann det då
naturleg å gå i Strand kyrkje. Eg må jo
berre vedgå at overgangen var stor i
starten. Eg kjende ingen, og følte meg
ganske åleine. Det gav meg ei kjensle av
n
e
i
l
o
c
i
N
at eg ikkje var velkommen. Men dette har
endra seg. No er det mange friviljuge som
tek del i gudstenesta, og eg har fått vera
med både som forsongar og kyrkjevert.
Spesielt tenesta som forsongar har gitt
meg nye kontaktar.
– Kva fungerte bra, og kva fungerte ikkje
så bra?
– Eg tykkjer sjølve gudstenesta er flott. Det
at så mange friviljuge tek del i gudstenesta
med ulike oppgåver, er med å gjere den
rikare. Det er og frisk og god song, noko
organisten må ta mykje av æra for. Men
eg trur at me som er faste medlemmer i
kyrkjelyden, kan verte mykje betre til å ta
imot nye. Eg opplevde at det var vanskeleg
å få nye kontaktar. For meg har husgruppene vore viktige, og det er her eg i stor
grad har fått kontakt med nye. Difor meiner
eg at det må satsast meir på slike grupper.
Kyrkjekaffien skal ein kanskje og gjere
noko med. Den skal jo vera ein arena for
å treffa nye, men eg trur diverre ikkje den
fungerer slik. Eg ser jo at det er praktiske
hindringar for at det skal fungere optimalt.
– Kva forskjell er det på måten ein tek
imot tilflyttarar i den kyrkja du kom ifrå
og kyrkja her hos oss?
– Eg trur ikkje forskjellen er så stor. Nederlendarar og nordmenn er nok ganske
like både i kultur og lynne. Når ein kjem
ny til ein stad, vil det alltid ta litt tid før ein
får nye kontaktar, og det tek tid å venna
seg til kulturen der ein kjem.
– Har du nokre erfaringar/tips du vil dela
for at kyrkja skal bli flinkare å ta imot
tilflyttarar?
– Som nemnt er trongen til å bli inkludert,
bli sett, grunnleggjande for dei som kjem
nye, og som ynskjer å gå i kyrkja vår. No
er det kyrkjevertar som ynskjer vel møtt
til kyrkje, men kanskje det hadde vore ein
idé å ha nokon som stod ved utgangen
etter gudstenesta og takka for samværet
og ynskte god søndag vidare?
Eg kunne og tenkt meg at nokon tok
kaffikanna og nokre koppar med seg og
serverte kaffi i staden for at alle klumpar
seg rundt bordet bak i kyrkja. Det er ikkje
alltid så mykje som skal til for at dei som
er nye, skal føla seg velkommen hos oss.
7
Ungdommar som
Mitt år i Estland
Av Sondre Fossan Dahle
Tere, tere! Hei, hei!
Jeg, Sondre Fossan Dahle fra Forsand,
har fått gleden av å tilbringe ett år i Tallinn, hovedstaden i Estland, som ettåring
i NMSU – en avdeling i Det Norske
Misjonsselskap. Her stortrives jeg og er
med på så mye som mulig. Jeg jobber i to
menigheter. Den ene ligger i Saku, som
er en liten kommune rett utenfor Tallinn.
Den andre ligger i Mustamäe, som er en
bydel i Tallinn.
Sondre sammen med en av de andre ettåringene.
Dåpsbarn og faddere i Mustamae. Sondre fikk være fadder til en gutt som heter Henrich.
Mine arbeidsoppgaver her er først og
fremst barne- og ungdomsarbeid, og
det innebærer at jeg er med på ungdomskvelder, gutte- og jenteklubber,
søndagsskoler og fotball, og jeg hjelper
til på gudstjenester, ofte ved å være med
de minste på lekerommet mens gudstjenesten foregår.
Vi holder på med en del prosjekter som vi
prøver å få best mulig til. Vi har noe som
heter Saku gospel, som er et kor i Saku.
Vi har også en avtale med en menighet
på Bømlo der oppgavene våre er å reise
sør i Estland og hjelpe til med en samarbeidsmenighet til Bømlo. Her arrangerer
vi ungdomskvelder og deler det som står
i Bibelen. Vi har også matutdeling, hver
onsdag i Mustamäe og annenhver torsdag
i Saku. Her kommer de som ikke har det så
godt, og får en matpakke som varer rundt
to uker. Disse arbeidsoppgavene er nye
for meg, men er veldig spennende, og en
dag er aldri lik den andre. Du får nesten
hele tida nye oppgaver som du lærer mye
av, både om deg selv, kristendommen og
kulturen her.
Jeg stortrives i Tallinn og vil anbefale dette
på det sterkeste. Det er et år der du vokser
og lærer ufattelig mye.
Juleselskap i NMSU-regi i Tallin.
8
korttidsmisjonærar
Projecto Casa i Brasil
Av Kristine Knudsen
Jumala õnnistust! Guds velsignelse!
Dette skuleåret går eg på Hald Internasjonale Senter i Mandal. Hit kjem ungdom frå
heile verda. Me byter plass i 6 månadar, så
nå sit eg i Brasil, mens nokre brasilianarar
er i Noreg. Eg deltar i Norges kristelige
student- og skoleungdomslags program
og får lov til å reisa med Fredskorpset.
Leik og moro ute.
I brasilianske storbyar bur om lag halvdelen av befolkninga i slumområde med skur
laga av papp, plankebitar, bølgjeblikk mm.
Slike område heiter favelaer. Eg får lov til
å vera med på eit prosjekt i ein favela.
Prosjektet er retta mot barn frå 2 til 12 år,
og barna kjem hit to gongar i veka. Veldig
mange av dei kjem frå heimar som har det
vanskeleg. Alle barna på prosjektet har ei
historie bak seg. Ofte har fedrane reist
Kristine med ei lita veninne på fanget.
frå kone og barn, og mødrene er kanskje
vekke på jobb heile dagane. Nokre har ikkje foreldre som tar seg av dei, nokre bur
hos besteforeldre. Ofte kjem dei største
barna i prosjektet med småsyskena sine,
dei passar dei og oppdrar dei som om dei
skulle vore mødrer. Barna er tynne, nokre
av dei et bare ein eller to gonger til dagen.
Og tenk deg når foreldra ikkje er heime,
kor skal dei då få mat ifrå?
På prosjektet lærer barna å leike samandele på fargeblyantar og sakser, og at dei
ikkje skal slå kvarandre. Grunnleggjande
ting som ikkje alle lærer heime. Nokre av
foreldra drikk og er valdelege, og barn
lærer det som foreldre gjer. Mange av
barna har opplevingar dei aldri skulle hatt.
Kvar gong startar vi med ein time med
leik. Då går det i UNO, Memory og lego.
Etterpå er det undervisning frå Bibelen, og
barna får ei oppgåve, til dømes å klippa
og farga ein figur frå bibelhistoria. Mens me hadde undervisning ein gong,
sa ein gut med mykje energi, ein av dei
som gjer mest av seg: «Kan ikkje me
prøva å visa foreldra våre kven Jesus er
med oppførselen vår?»
Me kan sjå at Jesus er med på prosjektet.
Barna blir forandra. Dei får læra Jesus å
kjenna, og Jesus forandrar!
Eg blir og forandra, dette er fantastisk å
vera med på. Eg gler meg til å sjå barna
igjen kvar gong! Konsentrasjon rundt memory-spelet.
“Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har
elska Gud, men at han har elska oss og
sendt sin eigen Son til soning for syndene
våre. Mine kjære, har Gud elska oss så,
då skuldar og vi å elska kvarandre.“
1.Johs.4, 10—11.
9
Ungdommar som korttidsmisjonærar...
På disippeltreningsskule i Australia
Tekst: Trond Brandal / Haldis.K.Nilsen
Trond Brandal frå Eiane i Hjelmeland
var russ på Tryggheim i vår. I haust
valde han å dra på Ungdom i Oppdrag
sin internasjonale disippeltreningsskule
i Brisbane, Australia. Opplegget baserer
seg på å bli utrusta i disippelgjerning i
rundt fire månadar før ein blir sendt ut
som korttidsmisjonær i to månadar.
– Eg vart overtydd om å ta ein DTS
(disippeltreningskule) etter å ha høyrt om
det gjennom venner, og etter å ha høyrt
Loren Cunningham, grunnleggjaren av
Ungdom i Oppdrag (UIO), tala på eit
møte i Sandnes. Eg ville kombinere mine
lidenskapar for musikk og reising, og
denne DTS-en ga meg moglegheit til å
ha eit lite fokus på musikk medan eg var
på andre sida av jorda på ein bibelskule,
fortel Trond på mail frå Brisbane.
Det er ikkje gratis å gå på slik skule på
andre sida av jordkloden. Difor jobba
Trond hardt i sommar for å reisa summen som skulle til. – I tillegg fekk eg litt
sponsing frå foreldra mine, fortel han, og
legg til at UIO har som prinsipp at alle må
ordna med eigen finansiering.
Når dette bladet kjem ut, er Trond i ferd
med å forlata bibelskulen til fordel for
arbeid direkte på misjonsmarka. – Eg har
stortrivest her på skulen, sjølv om det til
tider har vore utfordrande og tøft. Men det
er noko av det som gjer ein disippeltreningsskule så bra, seier han. – Ein nærast
vert tvinga til å ta ei oppgjerd med seg
sjølv og med verdien av kva det vil seie
å følgje Jesus. Jesus seier at den som vil
følgje han, må leggje ned sitt eige. Her
får ein verkeleg moglegheit til å vekse i
det, og byggje sitt forhold til Jesus. Hovudfokuset er personleg vekst i trua, og
det er heilt opp til ein sjølv kor djupt ein
vil gå. Alt dette er for å verte utrusta for
oppgåva som korttidsmisjonær.
Trond er sikker på at han har valt rett, at
dette er noko for han, og oppsummerer:
– Eg ville ikkje ha vore forutan dette året
i Australia. Eg har lært mykje om Guds
karakter og kva han har gjort mogleg for
oss, slik at vi kan leve i det. Det kan i aller høgste grad anbefalast å ta ein DTS!
Kjenner de nokon som ynskjer eit
slikt år som desse ungdommane?
Nedanfor finn de linkar til ulike misjonsorganisasjonar og tilbodet dei
har til unge som vil ha eitt år i misjonsteneste.
http://www.ywam.no/skoler-ogkurs/dts/
http://www.nms.no/ktm/
http://www.nms.no/utveksling/category2782.html
http://www.gus.no/
http://bibelskolen.fjellhaug.no/linjene/teft-utland/
Trond Brandal frå Hjelmeland valde UiO sin disippelskule i Australia.
10
Vil truande bli trudde i 2015?
Det er biskop Erling Pettersen som
stiller seg dette spørsmålet etter at
ein truskonvertitt tilhøyrande Jørpeland menighet blei sendt tilbake
til Afghanistan i november i fjor.
Tekst og foto: Trond Hjorteland
– Det siste me veit er at han bur ein stad
i utkanten av Kabul. Me har sendt han
litt pengar, og planen hans er å komma
seg over grensa til Iran kor mora og
søstera lever som flyktningar. Dette fortel
menighetsforvaltar Gro W. Nag og sokneprest Bård Boye i Jørpeland menighet,
som også jobbar for å hjelpa den 26 år
gamle afghanaren via Åpne Dører.
Dei er framleis prega av det som hende
like før jul. Heilt utan førevarsel blei
afghanaren henta frå bustaden sin på
Jørpeland, og nokre få dagar etter – den
4. november – blei han sendt ut av landet
med mindre enn 200 kroner i lomma.
Ei aksjonsgruppe i Jørpeland menighet,
der Nag og Boye deltok, prøvde i det
lengste å få utsett utsendinga ved hjelp
av advokat, men dette førte ikkje fram. I
tida etterpå har det vore vondt å tenkja på
at han ikkje fekk bli. – Dette er dramatisk
Menighetsforvaltar Gro W.
Nag og sokneprest Bård Boye
prøvde å stansa utsendinga av
den 26 år gamle konvertitten frå
Afghanistan (biletet i midten).
for han. Om det skulle bli kjent at han er
Jesus-truande, ville situasjonen bli endå
mykje verre, seier Boye.
om det norske samfunnet behandlar konvertittane som annanrangs menneske,
seier Boye.
Begge prestane i Strand – og fleire
andre – gjekk gode for at dei opplevde
konverteringa som reell, og dei hadde
personleg kontakt og samtalar med han
om kristentrua. 26-åringen er både døypt
og har deltatt på fleire Alpha-kurs. Men
vitnemålet til prestane blei ikkje vektlagt
av utlendingsstyresmaktene.
Også biskop Pettersen har engasjert
seg i saka til 26-åringen og andre truskonvertittar som står i fare for å bli sende
ut or landet. I nyttårstalen for 2015 bad
biskopen styresmaktane slutta å diskreditera godt kvalifiserte kyrkjelege
vurderingar av asylsøkjarar som har
blitt kristne. Fleire truverdige kristne er
sende ut av landet, med fare for livet, på
grunnlag av tvilsamme vurderingar frå
UNE, meiner biskopen.
– Nå i ettertid har me i aksjonsgruppa
hatt fokus på den utsendingsprosessen
UNE (utlendingsnemnda, red. merk.) har
når det gjeld konvertittar. Det viser seg at
utsendingsvedtaka blir tatt administrativt
av ein enkelt sakshandsamar. Truskonvertittane får altså ikkje lagt fram saka
si føre ei nemnd, ei heller føra vitne.
Dette meiner me strir imot den allmenne
rettskjensla. Ville me andre ha akseptert
ein slik rettsprosess om det handla om liv
eller død? For meg framstår dette som
Sjølv om kampen for 26-åringen har kosta
både tid og pengar, angrar ikkje Nag og
Boye på at dei engasjerte seg i saka til
konvertitten på Jørpeland. Dei føler dei
gjorde det dei kunne for at han kunne
bli. Nå håpar dei at politikarane vil endra
regelverket til UNE, slik at konvertittar frå
land som Afghanistan, Iran og Irak kan
få bli i Norge.
11
Spelar på lag
– Eg er glad i ungane og dei
friviljuge, seier barnearbeidar i
Normisjon, Jorun Marie Hauge og
legg til: – Ungane i dag er faktisk
meir oppmerksame enn før! Sidan
1979 har ho tråla fylket frå Sauda
til Sokndal, og besøkt yngres, basar, formiddagstreff og alt som er
av barnearbeid i Acta/Normisjonregi. Sjølv er ho frå Jøsenfjorden
i Hjelmeland, og både heimbygda
og Ryfylke elles er viktige for Jorun
Marie.
Av Haldis Karine Nilsen
Foto: Berit Søvik Østerhus
– Eg gler meg til å dra på lagsbesøk.
Den dagen eg ikkje gjer det lengre, lyt
eg slutta, seier Jorun Marie og ler. – Eg
er ingen kløppar på tekniske duppedittar.
Men flanellografen og forteljinga fungerer
godt framleis, konstaterer ho og held
fram: – Det virkar som om ungane kan
mindre om Gud og Jesus i dag enn før.
Dermed har uttrykksforma mi endra seg
også. Eg tek ungane meir med, spør, og
me har ein dialog under vegs. Det er flott
å oppleva at ungane sit med trillrunde
auge og gapande munn og tek imot. Dette
er nytt og spennande! Og så er det fint å
kunne undrast i lag utan å ha berre ferdige
svar, legg ho til.
Jorun Marie likar å ta eit tak reint praktisk
også. Her er ho i sving på Nepalkafè saman med Haldis Karine Nilsen.
12
Jorun Marie si fyrste røynsle med Normisjon var då Indremisjonen hadde yngres i
Jøsenfjorden i hennar barndom og ungdom. Så reiste ho på leir, og på Indremisjonen sin realskule på Sand på sekstitalet.
Seinare vart det vidaregåande skule i
byen og husflidskule, før ho arbeidde to år
som lærarvikar i heimbygda. Etter vidare
aktivitørutdanning, var Klokkargarden
psykiatriske sjukeheim neste jobb. Der
vart ho i nesten fem år før ho vart kalla til
barnearbeidar i Indremisjonen. – Eg vart
ikkje så lite «øvegidde» då, fortel ho, men
er glad for at ho valde å takka ja. – Eg
fann fort ut at det var som barnearbeidar
eg høyrde heime! Det er der eg vil vera!
Gjer innsatsen ilag
Lagsarbeidet har frå dag ein stått sentralt
i arbeidet hennar. – Eg prøver å prioritera
lagsbesøk, helst fire gonger til kvart lag i
løpet av året. Det vert mindre av styremøte
og slikt, men eg ser at dei som driv med
barnearbeid, sjeldan har tid til så mykje
meir enn lagskvelden. Så då er det betre
å koma litt tidleg på kvelden, før arrangementet, så kan me heller ta ein prat medan
me ryddar til, eller etterpå før me går heim.
Godt å gjera noko praktisk isaman, seier
Jorun Marie. Ho snakkar varmt om alle
friviljuge medarbeidarar, om det er i det
daglege med lagsdrift, eller om det er på
leir. – Innsatsen gjer me ilag, seier ho. Og
Jorun Marie i sving med andakt på påskebasaren i Jøsenfjorden. Ark og pensel gjer
nytta!
Ho likar å vera der folk samlast. Og det gjer dei til gagns på den årlege påskebasaren
i Jøsenfjorden. Her frå litlesalen på bedehuset.
Det er mange år sidan Jorun Marie flytta til byen. Byen for ho er i dag Sandnes, ikkje Stavanger. Ein stor del av hjarta ligg likevel
i Ryfylke. Foto: Haldis Karine Nilsen.
ho tykkjer det er fantastisk å oppleva når
ungar som tidlegare har vore deltakarar
på leir, dukkar opp att som nye leir-leiarar.
Ho har elles sans for det å kombinera fleire
ting, å visa fleire sider. Ho har opplevd å
reisa rundt som emissærane gjorde i tidlegare tider, med full service og oppdekking
i bestastova. – Fantastisk oppfølging, men
eg likar ikkje det så godt. Det er betre å få
vera med og putla sjølv, seier ho og legg
til: – Eg vil ikkje at det me driv med skal
vera ei belastning!
Lått og løye
Elles tykkjer ho det er viktig å vera seg
sjølv, og ikkje framstå som nokon annan.
– Når eg drog rundt før, og vart henta
på kaien, merka eg at dei kikka etter ei
dame med gitar! Det var ikkje meg, seier
ho og smiler.
Lått og løye likar ho likevel godt, det er ein
naturleg del av programmet på dei fleste
lagsmøta ho er med på, og på leir. Sjølv
utan gitar har ho ein spesiell song som
«varemerke», ein song som berre består
av tal! Fyrste strofa lyder «ein to sekstifem
seks sju» og melodien er «Ritsj ratsj filibombombom». Teksten, det vil seia tala,
har ho på eit stort papirark i veska som
også rommar utgangspunkt for andre spel
og leikar. – På det punktet er eg ikkje så
flink til å fornya meg, trur eg. Men ungane
spør ofte etter det eg hadde sist. Så det
betyr kanskje ikkje så mykje likevel, seier
ho og legg til: – Det er viktig å visa fleire
sider av seg sjølv. Eg kan vera med på
meir enn å halda andaktar!
Variert og triveleg
Arbeidsåret er oppdelt i fleire «økter». Lag
og foreiningar vert besøkt haust og vår;
sesongen startar i september og held framt
til drøyt påske. Så er det påskeleirar og
sommarleirar, og litt hjelp på kontoret til
Normisjon Rogaland i Sandnes innimellom. Variert og triveleg. – Det kan vera ei
utfordring å få til eit «vanleg» sosialt liv når
eg skal ut nesten kvar kveld, og kanskje
føremiddag i tillegg, seier ho. – Mange
av vennene mine har eg fått gjennom
misjonsarbeidet, legg ho til. Sjølv er ho
einsleg, men har likevel del i stor familie
gjennom syster, svoger og deira barn og
barnebarn. – Familie vert berre viktigare
etter kvart, seier ho, og set stor pris på
å få engasjera seg i rolla som tante og
grandtante. Litt hobbyar vert det også tid
til; strikking og broderi. – Eg likar å putla
med litt slikt frå aktivitørtida, seier Jorun
Marie, som også vitjar barndomsheimen i Jøsenfjorden så ofte ho kan. Ho
eig huset saman med systera, og nyttar
høvet mellom anna når yngres der inne
skal ha besøk. Lenge dreiv mor hennar
barneforeining der inne, dei seinare åra
er det blitt andre type arrangement,
som til dømes Nepalkafé og andakt på
Påskebasaren.
– Talet på lag har generelt gått ned.
Men mange kyrkjelydar driv veldig godt
barnearbeid i eigen regi. Det er flott, seier
ho. At Indremisjonen slo seg saman med
Santalmisjonen og vart Normisjon, har ho
også sansen for. – Det har gitt oss ein
dimensjon ekstra. Sjølv har ho fått vitja
Bangladesh, eit besøk som ho vil minnast
lenge. – Fint når dei der ute vert personar
me får møte og bli kjent med, ikkje berre
fattige langt borte.
13
Kvardagsven i Hjelmeland
Prosjekt kvardagsven
er starta opp i Hjelmeland. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom
helsevesenet, frivilligsentralen og kyrkja, og går
kort fortalt ut på å kopla
saman ein frivillig kvardagsven med ein annan
person som har meldt frå
at han eller ho ønskjer å
få ein slik ven. Desse to
inngår ein avtale, og så er
dei i gang.
Av Olav Frantzen
I gang med kva?
Det er mykje ein kan finna på, og her er
nokre døme:
Samtalepartnar, snakke om laust og fast
- Gå på tur, fisketur, sykkeltur
- Gå på biblioteket
- Vere treningskameratar
- Vere guide for innflyttarar
- Leksehjelp til vaksne som går på
norskopplæring
- Hjelpe til med skyss for dei som ikkje har bil
Det begynte med eit kort kurs for dei
som ønskte å vere kvardagsven. Omlag
10 personar skreiv seg på lista, og så
kunne dei som ønskte ein ny kvardagsven,
melde seg.
Korleis har det gått?
Me spør Åsmund Sigmundstad, leiar i
frivilligsentralen.
– Me er heilt i oppstartsfasen, men til
nå er det åtte personar som har fått ein
kvardagsven, altså fire par. Eg må understreka at dette ikkje er noko ”brukar-klient”forhold, men eit opplegg for å bli kjent med
ein annan person til gjensidig glede. Måten
dette er lagt opp på, avspeglar naturleg nok
at det i utgangspunktet er ein som ønskjer
14
- Anne Katrine Byre og Guri Heim – to gode kvardagsvener
besøk eller hjelp, og at den andre stiller
opp. Men dette fungerer sjølvsagt ikkje
utan at begge har glede av det. Det er
altså noko meir enn berre å få besøk, og
det skal ikkje vera slik at kvardagsvenen
skal ”utnyttast” til å gjera ærend eller vaska
huset. Det er det andre som kan gjere.
Her gjeld det å finne på kjekke aktivitetar
i lag, slik som gode vener ofte gjer.
Kvardagsvener på Fister
To av dei som har meldt seg, er Anne
Katrine Byre og Guri Heim. Anne Katrine
vart enke for sju år sidan. Ho er 87 år og
bur i huset sitt på Fister. Ho likar godt å få
besøk, og ville gjerne ha ein kvardagsven.
Guri flytta til Fister i oktober i fjor. Ho er frå
Stavanger og hadde hus der. Ho hadde
eit ønskje om å flytta, og kjøpte seg like
godt hus på Fister, for så vidt litt tilfeldig,
men ho trur det var ei god meining med
det. Ho har vaksne born, og for tida bur
også sonen med sambuar i huset. Ho
trivest godt i bygda og har fått kontakt
med mange. Då ho høyrde om prosjekt
kvardagsven, ønskte ho å stilla seg til
disposisjon, og kontakten mellom henne
og Anne Katrine vart etablert.
Nå har dei møtt kvarandre fire gonger
heime hos Anne Katrine. Preikestolen
sin utsendte trefte dei ein måndagskveld
i januar, og eg ville gjerne høyra litt meir
om korleis dette var.
Anne Katrine seier: – Eg har alltid likt å få
besøk. Nå er eg åleine, og eg har opplevd
vonde og vanskelege tider dei siste åra.
For sju år sidan døydde Arne, mannen
min. For fire år sidan mista eg ei dotter,
og i fjor sommar omkom ei anna dotter
og barnet hennar i ein brann i Stavanger.
Då er det viktig å ikkje bli sitjande åleine
med alle tankane, men å kunne snakke
med nokon som er villige til å lytte. Det
har eg hatt, men eg hadde ikkje noko imot
å få ein ny kvardagsven. Ein dag nå før
jul kom ein god nabo og sa at han hadde
med seg ei dame som gjerne ville treffe
meg. Det var Guri.
Guri: – Eg gjekk på det kurset som var
annonsert for alle interesserte. Der fekk
eg høyre om prosjektet, og bestemte meg
for at eg ville vere med på dette. Det var
veldig kjekt å få kontakt med Anne Katrine.
Det er nesten 30 års aldersforskjell på
oss, men det er ingen hindring for å ha
god kontakt.
– Kva finn de på?
– Eg har lyst å gå turar, gjerne ein gong
SANNING
Tekst: Jon Vogt Engeland
«Kva er sanning?» spør Pilatus då han skal avgjera Jesus
sin skjebne. Og eg ser for meg at han trekkjer likegyldig på
akslene. Pilatus var realpolitikar. Det var ikkje Sanninga med
stor S som interesserte han, men kva dei leiande i samfunnet
rundt han meinte. I dag ville han truleg spurd kva gallupen
viste var meininga til «folk flest». Det er direkte u-etisk å ta
avgjersler bare på slikt grunnlag. Særleg når det gjeld livsviktige spørsmål.
- Åsmund Sigmundstader er leiar av frivilligsentralen.
Me slepp å avgjera Jesus sin skjebne,
det gjorde Pilatus. Men me skal ta
standpunkt til kva me vil ta for god fisk
i forteljinga om han: Er det sanning,
eller ein gamal myte?
i veka. Eg ser fram til våren, seier Anne
Katrine. – Elles er det fint å sitja her og
snakke saman, dele tankar, både gode
og vonde. Det er godt å ha nokon å snakke med.
– Eg gjer det Anne Katrine har lyst til,
seier Guri. Eg går gjerne på tur, eg kan
vere med i butikken, eller eg kan sitje her
i stova og drikke kaffi og prate. Sist gong
eg var her, gjekk drøsen i 3 timar.
– Trur de at fleire hadde hatt glede av å
vere med på dette?
– Heilt sikkert, seier Guri. Eg har gått
mykje i Frelsesarmeen i Stavanger, og
veit at det er mange som sit åleine og er
einsame, som kunne fått eit nytt liv om
nokon hadde tatt kontakt og stilt seg til
disposisjon. Også her i Hjelmeland er det
heilt sikkert mange som kunne hatt glede
av å bli ein kvardagsven, slik som eg nå er.
– For meg trur eg dette blir fint, seier Anne
Katrine. Me har fått god kontakt, og sjølv
om eg ikkje kan seie det sikkert, så trur eg
det må vere fleire andre som hadde sett
pris på å få ein ny kvardagsven.
Plass til mange fleire
Bur du i Hjelmeland og har lyst å få ein
kvardagsven , eller å bli ein kvardagsven,
så ikkje nøl med å ta kontakt med Åsmund
Sigmundstad, tlf. 404 39 155 – eller Ingebjørg Vik Laugaland, tlf. 404 39 242 . Og
med dette er ideen sendt vidare til Strand
og Forsand.
Eg meiner den gamle Sanninga om
Jesus ikkje er forelda. Den er ei av dei
få eg vil skriva med stor bokstav. Men
eg har skrive ein tekst om to andre allment vedtekne sanningar som er gått
ut på dato, og som samstundes seier
noko om Sanninga.
FORELDA SANNINGAR
Skjærtorsdagsnatta var mørk
---nei,
sol var det ikkje, men
fullmånen skein over Getsemane
og synte soldatane vegen.
Ingen tre veks inn i himmelen
---jo, eitt
I fullmånelyset
planta soldatane
Korset.
15
Åsmund Thomsen – gravar i 50 år
I mai 1965 var Åsmund Thomsen 17 år gammal. Då fekk han jobb som kyrkjetenar i Fister kyrkje og gravar i
Fister sokn. 31. desember 2014 var karrieren som gravar og kyrkjegardsarbeidar over. Åsmund har pensjonert seg frå jobben på gravplassane, men heldigvis ikkje som kyrkjetenar. Ei spesiell yrkeskarriere er avslutta
etter nær 50 år.
berre nokre få graver i året, sa han. Det
første året vart det 10 graver. Gravene
vart sjølvsagt kasta opp for hand, og eg
fekk 100 kroner pr. grav. Ei grav inneheld
omtrent 3 m3 masse, så det tar litt tid å
grava dette for hand, i alle fall når det er
både stein og leire i bakken.
Av Olav Frantzen
Å vera gravar på kyrkjegard er ein spesiell
jobb. Dei fleste vil kanskje tenkja at det
ikkje er noko for dei, men når me snakkar
med Åsmund Thomsen, så høyrest det
ut som eit triveleg og svært så givande
arbeid. – Fritt og godt arbeid der eg meir
og mindre har styrt arbeidsdagen min
sjølv, seier han.
Gode tilbakemeldingar
På den positive sida tel det heilt sikkert
også med at han har fått mange gode
tilbakemeldingar på arbeidet som er
utført, for dei velstelte kyrkjegardane
og, ikkje minst, for måten han ordnar
gravene på etter at kista er komen i jorda
og seremonien er over. Det er det mange
16
som legg merke til, og det har vorte eit
varemerke for Åsmund. Jobben er ikkje
ferdig før det ser skikkeleg ut, enten klokka
er 15 eller 18, og uavhengig av om det er
regn eller solskin.
Me møter Åsmund heime i stova på Fister, i
huset han har budd heile livet, med unntak
av ein vinter på Tomb jordbruksskule i
1967—68, og deretter tre månader på
Evjemoen .
– Då fekk eg fri to dagar kvar gong det
var gravferd, for å køyra heim til Fister
for å grava, seier Åsmund.
– Korleis starta det heile?
– Våren 1965 spurde gravaren på Fister
om eg ville hjelpa han med å grava ei grav.
Eg gjorde det, og etterpå vart eg spurd om
eg ikkje ville overta heile jobben. Det var
– Og fortsetjinga?
– Frå 1965 og fram til ut på 80-talet, hadde
eg berre ansvaret for Fister kyrkjegard.
Men då vart eg gravar og kyrkjegardsarbeidar for alle ni kyrkjegardane og
gravplassane i Hjelmeland; åtte som er i
bruk, og i tillegg Årdal gamle kyrkjegard
som er freda, men som skal haldast ved
like. Først i 1986 fekk me ein traktor med
graveaggregat, ei maskin som ennå er
i bruk. Nå har me også ein liten beltegravemaskin. I den første perioden med
traktorgravaren køyrde eg med den til
dei ulike gravplassane. Med ein fart på
20 km/t og inne i ei knøttlita hytte med
knea oppunder haka, vart det fort slutt på
traktorkøyringa langs landevegen, og eg
kjøpte ein lastebil med kapell til å frakta
traktor og utstyr i. Dette er ei ordning som
har vore svært praktisk, og i snart 30 år
har me gjort det på den måten, nå med
den tredje bilen.
– Kor mange graver har du grove?
– Eg har ikkje noko tal på det, men det
er vel rundt 1100.
Mange gode historier
Frå nesten 50 års teneste som gravar
og kyrkjegardsarbeidar, er det mangt og
mykje å fortelja. Det kunne sikkert vore
stoff til ei bok, men eg spør om han har
eit par små historier.
– Rundt 1990 vart kyrkjegarden på
Hjelmeland utvida på øvre sida av kyrkja.
Medan eg haldt på med ei av dei første
gravene der, kom systera til han som var
død og gav uttrykk for at ho likte dårleg at
broren skulle gravleggast her i utmarka.
Biletet viser Mikal Espeland si gravferd i april 1998. Båra kom med båt frå øya Måløy utanfor Bokn og Byre, til Fister kai der Åsmund stod klar med hest og kjerre. Bak båra går prest Frøyland frå Finnøy. Gravfølgjet gjekk så opp til kyrkja. Før 1965 høyrde
desse øyane til Fister kommune, og gravplassen deira var på Fister. Nå er dei ein del av Finnøy kommune. Heilt fram til det siste
har innbyggjarar frå Fisterøyane blitt gravlagde på Fister, og bårene har blitt køyrde med hest og kjerre frå kaien til kyrka.
– Ei eldre dame hadde i alle år stelt fint
med gravminna ho hadde ansvaret for. Ho
vaska dei regelmessig, og ein gong sa ho
til meg at når eg er død, så er det vel ingen
som kjem til å gjera dette. Eg svarte at eg
skulle sjå til at dette vart gjort også etter
at ho var død. Nokre år etter at dama var
død, møtte eg sonen på kyrkjegarden. Då
sa eg til han: Eg har fått beskjed frå mor
di at gravsteinane må vaskast! Neste dag
var gravminna nyvaska.
Elles fortel Åsmund at i den første tida
møtte gjerne tidlegare gravarar opp på
gravplassen når ei ny grav skulle gravast.
Dette var både kjekt og lærerikt. Dei kunne
fortelja om folka som var gravlagde der
tidlegare, om spesielle ting som hadde
skjedd, om kor det var greitt å grava og
kor det var vanskelegare. På den måten
vart eg godt kjent på dei ulike plassane.
– Har du stått fast nokon gong?
– Nei, men det har hendt at eg måtte finna
ein ny plass fordi det var umogeleg å grava
der me hadde bestemt først. Då vert det
gjerne litt travelt å bli ferdig til rett tid. Men
ein gong på Fister var det umogeleg å
grava med maskin. Då hadde eg sonen
med meg, og me brukte ein heil dag for å
hakka oss gjennom aurhella før me kom
ned på lausare masse. Det var akkurat
som betong. Medan den eine arbeidde i
15 minutt, låg den andre strekk ut i graset
og kvilte. Me sleit ut to hakker den dagen.
Åsmund og Arna og borna har farta land
og strand i Norge med bubil og båt, og
resten av familien var ikkje alltid like begeistra for at han stoppa attmed (altfor)
mange kyrkjegardar.
– Det er kjekt å sjå korleis det ser ut på
andre kyrkjegardar, og korleis ting vert
gjort. Dessutan er det fredeleg. Mange
gonger har eg sett meg ned for å kvila på
ein benk på ein eller annan kyrkjegard.
Åsmund har ikkje berre vore gravar. Det
er for så vidt den minste delen av jobben, men han har likevel helst kalla seg
nettopp gravar. For det er det som er det
spesielle med denne jobben, og det er
her dei fleste utfordringane ligg. Å stella
gravplassane slik at det alltid ser velstelt
ut, er meir ein rutine. Men me som bur
i denne kommunen ser at det vert lagt
mykje innsats også på vedlikehaldet.
– Det beste med gravarjobben er at det
har vore fritt og godt. Eg har kunna styra
arbeidsdagen sjølv i stor grad, og eg har
fått gjort det på min måte. Det verste har
vore regn og vatn. Det er ikkje kjekt når
ei grav renn full av vatn og du veit at det
er ein time til gravfølgjet kjem, eller at
veggene i grava raser ut på grunn av alt
vatnet. Då er gode råd dyre.
Heldigvis er dei felta som er opparbeidd i
seinare tid, mykje betre. Her har det vore
full masseutskifting, og då er ikkje vatn
lenger noko problem. Men på dei gamle
felta, spesielt på Hjelmeland, kan det vera
utfordrande. Men det har gått bra, me har
alltid funne løysingar.
Folket i Hjelmeland har mykje å takka
Åsmund for. Me har alle eit forhold til ein
kyrkjegard, til ei grav der ein av våre kjære
ligg, enten det er i Hjelmeland eller ein annan plass. Det er på ingen måte sjølvsagt
at arbeidet som vert utført, vert gjort på
ein så verdig og skikkeleg måte som her.
Det handlar om økonomiske ressursar,
men like mykje om innstilling til arbeidet
og å bestemma seg for kva standard ein
vil ha. I 50 år på Fister, og i 30 år i resten
av kommunen, har hundrevis av familiar
og pårørande blitt møtt av ein gravar som
dei kunne snakka med, som kunne hjelpa
med det praktiske, som hadde store evner
i å visa empati og medkjensle, som var
trygg i rolla si.
Den unike kompetansen og lokalhistoriske kunnskapen som er resultatet av
denne 50-årige tenesta, har me ikkje
eingong nemnt. Men me treng ikkje vera
i tvil: Her er det mykje å ta av! Takk!
17
andakt
Av Sigrunn Hagen Arnesen
”Se, vi går opp til Jerusalem”
Ein flott salme startar slik, den fører oss inn i
fasten og opp mot påskehøgtida.
Fastetida har ei stigning opp til noko som
skal skje. Eller rettare sagt, noko som skjedde
i Jerusalem då Jesus måtte gå lidingsvegen
for oss menneske. Og den fører oss mot Jesu
oppstode, som er høgdepunktet.
I januar for to år sidan fekk eg vera med på ein
studietur til Israel kor me vandra rundt på stadane
kor det heile skjedde. Me fekk vandra ved
Genesaretsjøen der Jesus talte og lærte folket.
Me fekk vandra i Getsemanehagen og mange
andre stadar det står om i Jesu lidingshistorie.
Me vandra i bibelhistoria. Og me er alle eit folk på
vandring.
I Det nye testamentet står det at Jesus fasta
i ørkenen i førti dagar før han starta sitt virke
blant folket. Kyrkjas fastetid varer og i førti dagar.
Denne tida har me nå begynt på.
Fastetida er førebuingstid og ei vandringstid
fram mot påskehøgtida.
Fastetida er som skapt for ettertanke. Er det
noko som har fått for stor plass i livet mitt – og
som fører meg i ei retning eg eigentleg ikkje vil?
Fastetida er tid for å stoppa opp og tenkja
gjennom våre eigne liv. Kva vil eg eigentleg med
livet mitt?
Fastetida er tid for å dela. Han som delte av seg
sjølv, av sitt liv og sin himmel med oss, han ber
oss om å dela med kvarandre. Slik det og blir
synleg når me har nattverd: Jesus gir seg sjølv til
oss, ingen får meir enn andre. Alle får like mykje.
Alle får det dei treng: Tilgjeving for synd og
fellesskap med Han. Jesus deler ut seg sjølv, for
at me skal få dela med kvarandre.
Mange menneske følgde Jesus då han vandra
her på jord. Dei følgde etter med forventning
om kva dei nå skulle få oppleva, og dei levde
18
i forventning om under og teikn. Under som
skapte undring og beundring. Under som skapte
etterfølging.
I dag er det mange menneske som følgjer
Jesus. Me får og leva i undring og tilbeding.
Jesus forvandlar liva til mange menneske og i
dag. Som etterfølgjarar og kyrkjelydar er det vår
oppgåve å invitera andre med til eit møte med
Jesus. Kanskje denne fastetida kunne vera ei
vandringstid i Guds ord og ei medvandringstid
saman med menneske som ynskjer eit møte med
Jesus, og eit møte med ein medvandrar i trua.
Jesus gjekk ofte opp i fjella for å vera åleine. Han
hadde behov for det.
Fastetida kan og vera ei tid kor me trekkjer oss
litt tilbake, for å vera stille innfor den allmektige
Gud. Det er godt å vera i bøn og tilbeding og la
Jesus få tala til oss. Det kan skapa undring
og beundring i hjarta våre.
God fastetid i vandringas teikn!
Se, vi går opp til Jerusalem
i hellige fastetider
og ser hvordan Jesus, Guds egen Sønn,
i stedet for syndere lider.
Se, vi går opp til Jerusalem.
Hvem deler vår Herres smerte?
Hvem våker med Jesus i verdens natt
og bærer hans sorg i sitt hjerte?
Se, vi går opp til Jerusalem,
til Frelserens kors og pine,
til Lammet som ofres for verdens skyld, for
syndene dine og mine.
Se, vi går opp til Jerusalem,
til byen med glans og ære,
for Frelseren sa oss at der han er, skal vi
ved hans nåde få være.
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015:
I kriser er vatn kritisk
Minnelund
Ein liten del av kyrkjegarden på
Forsand er blitt minnelund. Sjølve
minnesteinen er henta frå fjellet
på Fløyrli. Det er ein hoggen stein
frå anleggstida som er merkt av
mange år i regn, sol og vind. Slik
kan den vera med å symbolisera
dei ulike fasane i liva våre.
Teksten på steinen er lyrikk av
jærdiktaren Helge Torvund. Og
det vesle lyriske verset lyder slik:
Lyset
du treng
finns
Muhammed Irshad og familien hans fekk livet endra totalt då flaumen ramma landsbyen.
Huset vart fullstendig øydelagt, og den yngste dottera, Sadia (2), har vorte sjuk av det
forureina vatnet. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp.
Klimaendringane fører til fleire og verre
katastrofar, og truar menneske sin tilgang
på reint vatn. I haust overlevde Muhammed
og familien så vidt den dramatiske flaumen
i Pakistan. Det er dei fattigaste som vert
hardast ramma av klimaendringane, anten
det er i tyfon på Filippinane, tørke i Etiopia
eller flaum i Pakistan.
Ein av dei som nyleg har fått merke dette
på kroppen, er Muhammed Irsdad. Han
er gift og har 3 barn, og bur i landsbyen
Basti Riaz Abad i Pakistan. Ein morgon
tidleg i oktober 2014 kom flaumen brått
til landsbyen.
– Vatnet kom i stor fart frå kanalen, og eg
måtte ta med familien og springe. Vi sprang
til næraste landeveg, som ligg litt høgare
enn resten av landsbyen. Slik berga vi livet,
fortel Muhammed.
Vart sjuk av vatnet
Familien vart buande på denne landevegen
utan ly i over ein månad, ventande på hjelp.
Då flaumen kom, hadde dei ikkje tid til å ta
med korkje husdyr eller eigendelar. Huset
vart fullstendig øydelagt og husdyra drukna.
– Vi har aldri opplevd flaum i landsbyen før.
Det er noko heilt nytt, seier Muhammed.
Flaumen hadde store konsekvensar for
Muhammeds familie. Tidlegare jobba
Muhammed som sikkerheitsvakt, og heile
storfamilien var avhengige av inntekta
hans. Etter flaumen måtte Muhammed
vere saman med familien, og han mista
difor jobben. I tillegg har flaumen gjort at
drikkevatnet er forureina.
– Dottera mi på to år er blitt sjuk av å drikke
vatnet etter flaumen. Det er så vidt vi har
råd til å betale for medisinane ho treng for
å overleve, fortel han alvorleg medan kona
held dottera tett inntil seg.
Kirkens Nødhjelp sin partner Sunghi var ein
av dei første organisasjonane som kom til
Basti Riaz Abad. Dei skal gi Muhammed
og landsbyen nye handpumper, latriner og
hygieneutstyr, og sikre at landsbyen igjen
får trygt vatn.
Du kan hjelpe
I kriser er vatn kritisk. Difor er vatn noko
av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller
med i katastrofar. Dei sørgjer for reint vatn
og høve til gode sanitærtilhøve der alt er
øydelagt. Samstundes jobbar dei saman
med folk i utsette område for å førebyggje den neste naturkatastrofa. Kirkens
Nødhjelp jobbar i tillegg med å påverke
politikarar og andre beslutningstakarar til
å stanse klimaendringane.
Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for å hjelpe.
24. mars går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015 av stabelen, også i Hjelmeland,
Strand og Forsand. Dette er kyrkjelydane
sin eigen aksjon. Ditt bidrag gjer det mogleg
for Kirkens Nødhjelp å vere der med reint
vatn når katastrofa rammar. Difor håpar vi
du vil støtte fasteaksjonen 2015, anten ved
å stille som bøssebærar eller med pengar
i bøssa. Vi oppmodar deg også til å bruke
stemma di i fasteaksjonens klimakampanje
og slik bidra til å stoppe klimakrisa.
I fjor kom det inn 36 055 000 kr på landsbasis. Av desse var 70 000 kr frå Hjelmeland,
115 000 kr frå Strand og 32 500 kr frå
Forsand. Målet for i år er sjølvsagt å klare
minst like mykje!
Til våren vil det bli planta rundt
steinen, og steinane ved sida av
er til å leggja blomar eller setja
seg å kvila på.
Minnelunden har to funksjonar.
Den eine er at det er ein gravstad der det er mogleg å setja
ned urner eller små kister. Det
er ikkje anledning å setje opp
gravstein eller på annan måte
kunngjere kven som ligg gravlagt
her. Kyrkjegardsforvaltninga vil
oppbevare kart med kven som er
gravlagt og kor dei er gravlagt.
Den andre funksjonen er at dette
er ein stad å koma der ein kan
leggja ned blomar eller tenna lys
for kjære som er gravlagt ein annan stad, eller for andre sorger
ein ber på.
Soknerådet håpar dette vil vera
ein god minnestad.
Siv Fossan, kyrkjeverje.
19
OPPSLAGSTAVLA
Prosjektkoret med
påskekonsert
Viktige steg mot nytt
tilbygg til Forsandkyrkja
Prosjektkoret kan lokka med alt frå koralharmoniar til gospel når dei inviterer til det som
dirigent Anders Berglund kallar for ei “oppjustert påskevandring” torsdag 26. mars i
Jørpeland kyrkje.
Tekst: Trond Hjorteland
Det lokale Prosjektkoret med utspring frå Jørpeland
menighet har store forventningar til denne kvelden
der dei kan lokka med musikk mellom anna frå Oslo
Gospel Choir (Gloriamesse) og Reflex (Syv døgn i
Jerusalem).
– Ikkje minst er me nøgde med dei vanvittig dyktige
musikarane me har fått med oss, som Halvard Aase
på bass, Atle Hundsnes på piano, Thomas Gallatin på
trommer og Kristian Kvalvaag på gitar – i tillegg til våre
eigne, gode solistar, fortel Berglund.
Prosjektkoret har tidlegare hatt både julekonsertar
og vårkonsert med Divisi i fjor, men dette er første
gongen dei står heilt på eigne bein og presenterer eit
påske-repertoar. Dei har trua på at ein variert, musikalsk gjennomgang av påsketematikken vil interessera
eit breitt publikum – på same måten som dei mange
førjulskonsertane gjer.
– Me håpar at folk ønskjer å få dette med seg like før
påskehøgtida startar og hyttelivet kallar. Eg har kalla
dette for ei “oppjustert påskevandring”. Det vil blant
anna vera opplesing av påska sine sentrale bibeltekstar mellom dei musikalske innslaga, og ein vil gå
gjennom dei sju dagane i påskeforteljinga med oppstoda til slutt, opplyser Berglund.
Prosjektkoret tel kring 40 songarar. Torsdag 26. mars
inviterer koret til ein musikalsk gjennomgang av påsketematikken, under leiing av dirigent Anders Berglund.
20
Etter ein lang planprosess som byrja allereie i 2010, ser me no
at målet nærmar seg. Teikningane blei godkjent av Stavanger
biskop 2. desember, finansieringa blei godkjent av kommunestyret 17. desember, og no startar kommunen på handsaming av
reguleringsplan for området.
Kyrkjelyden sin del av finansieringa er på 1,5 mill. kroner.
Innsamlinga er komen langt, og er nå oppe i underkant av ein
million. Soknerådet er svært takksame for alle gåver som er
komne inn, og håpar bygda står med òg på den siste delen.
Me går for byggestart til hausten og gler oss til utvida areal. Dette
vil gje betre rom for trusopplæring og alt anna kyrkjelydsarbeid.
Kyrkja vil innvendig vera lik slik den er i dag. Einaste endring
blir dører til mellombygget både i første etasje og på galleriet,
og den eine trappa som no er opp til galleriet, blir stengt. I mellombygget vil det bli ei god, brei trapp opp til andre etasje, og
det blir montert heis.
Forutan dette, blir det toalett, kjøkken og gode rom for undervisning. Eine rommet blir som ei kyrkjestove der det vil bli plass
til 80—100 personar.
Bilda som ligg ved er bare skisser og gjer ikkje eit fullgodt bilete.
Ønskjer du å gi ei gåve til tilbygget er kontonummeret
3201.59.11424.
Siv Fossan, kyrkjeverje.
Frå Ryfylke til Madagaskar 5.-21. oktober 2015
Ein tur til eit annleis land – bli kjend med særeigen natur, folk og kultur, kyrkje og misjon.
Møt gjestfridom og smil, sol og varme.
Reiseleiarar blir sokneprestane i Hjelmeland og Strand,
Sigrunn Hagen Arnesen og
Martin Ivar Arnesen
som kjenner øya godt etter å
ha budd der i nær 10 år.
Pris: ca kr 19.000,- (inkl.
depositum kr 2.500,-, fly Stavanger – Antananarivo t/r og
flyskattar, overnatting, heilpensjon og transport med buss).
Maksimum deltakartal: 15
Påmeldingsfrist: 20.mai 2015
Nærare informasjon og
påmelding:
tlf 980 37 571, martin.ivar.
[email protected]
tlf 977 52 534, sigrunn@
hjelmeland.kyrkja.no
Å bli medlem i Den norske kyrkja Dåpsskulen på Tau og Fiskå 2015
Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja. Viss du ønskjer å
bli medlem av Den norske kyrkja, men ikkje er døypt, bør du
ta kontakt med kyrkjekontoret, eller med presten i kyrkjelyden
der du bur.
Kyrkja si oppgåve er å bringe bodskapen om Jesus Kristus
som verda sin Frelsar, til alle menneske, utan omsyn til dei motiva folk har for å søkje seg til kyrkja sine tenester. Bispedøma,
prostia og sokna (= kyrkjelydane) er geografiske einingar som
dekkjer heile landet. Alle innbyggjarane i Norge bur dermed i
eit av Den norske kyrkja sine sokn.
Den norske kyrkja er ei open folkekyrkje som vender seg mot
heile befolkninga. Også utmelde og andre som ikkje er medlemer
i Den norske kyrkja, er velkomen til kyrkja sine gudstenester og
andre arrangement.
1. januar 2014 var 75 % av befolkninga medlem av Den norske kyrkja. Medlemer over 15 år har røysterett ved val i kyrkja.
I Strand, Hjelmeland og Forsand er 85—90 % av befolkninga
medlemer.
Medlemer har ulike grunnar for medlemskapen sin. For nokon
tel respekten for kristen tradisjon og kultur sterkast, medan det
for andre botnar i eit djupt personleg engasjement. Kyrkja ber
aldri om grunngjeving for kyrkjemedlemskap hos den einskilde.
Opplysningar om medlemskap i trus- og livssynssamfunn kan ein
få ved å ta kontakt med dei lokale kyrkjekontora (sjå kontaktinfo
bak i bladet), eller ved å ringa Brønnøysundregistra på telefon
75 00 75 00. Trond Hjorteland
For elevar på 1.trinn på Tau blir det dåpsskule tysdag kl.13.30-15
på Tau bedehus, fyrste gong tysdag 3.mars.
For elevar på 1. og 2.trinn på Nordre Strand blir det dåpsskule
onsdag kl.13.-14.20 på Fiskå bedehus, fyrste gong onsdag
4.mars.
Bli med på dåpsskule for 6-7 åringar, med bibelforteljing, mat,
aktivitet og leik!
Dåpsskulen sluttar med familiegudsteneste i Strand kyrkje
søndag 19.april.
Alle er velkomne til å melda seg på.
Brosjyre og påmelding på heimesida: www.strand-kyrkje.no
Evt. ta kontakt med kyrkjekontoret tlf. 51741137.
Arr: Strand kyrkjelyd
21
OPPSLAGSTAVLA
Kyrkjevalet
2015
Til hausten er det
kyrkjeval samstundes
med kommune- og
fylkestingsvalet 13.
og 14. september.
Kyr kjevalet inne held to val: Val på
bispedømmeråd og
val av sokneråd.
Val på bispedømmeråd: Det skal veljast sju kyrkjemedlemmar frå Stavanger bispedømme til å sitja i bispedømmerådet.
Bispedømmerådet leier prestetenesta og har viktige faglege og
forvaltningsmessige oppgåver for kyrkjelydane. Dei som blir valt,
blir også medlemmar av Kyrkjemøtet, som er det øvste styrande
organet i Den norske kyrkja, parallelt med Stortinget i politikken.
Val på Sokneråd: Det skal veljast 4–10 medlemmar til soknerådet.
(Kor mange er bestemt av kyrkjelydsmøtet i soknet, der kan alle
kyrkjemedlemmar delta.)
I § 9 i kyrkjelova er det skissert opp hovudføremålet til soknerådet: «Soknerådet skal ha si merksemd vendt mot alt som kan
gjerast for å vekkje og nære det kristelege livet i soknet, særleg
at Guds ord vert rikeleg forkynt, sjuke og døyande tent med det,
døypte gjeven dåpsopplæring, born og unge samla om gode
formål og lekamleg og åndeleg naud møtt. Soknerådet har
ansvar for at kyrkjeleg undervisning, diakoni og kyrkjemusikk
vert innarbeidd og utvikla i soknet.»
Soknerådet er lokalkyrkja sitt organ, og som medlem i sokneråd
kan du vera med å utvikla di lokalkyrkje. Du kan påverka korleis
kyrkjelydsarbeidet skal drivast i ditt sokn. Kva skal leggjast vekt
på i trusopplæring, diakoni, undervisning og gudstenestearbeid.
Tenk på om dette er noko du vil vera med på, og send gjerne
ein mail til kyrkjekontoret i ditt sokn og meld di interesse. Her
vil du òg kunne få meir informasjon om lokale forhold. Det er òg
oppretta nominasjonskomitear i dei ulike sokna som vil utfordra
personar til å stilla til val.
Sokneråda har ansvar for at det blir stilt kandidatliste. Rådet
skal oppnemne nominasjonskomité som står for arbeidet med
å finne kandidatar til soknerådet. Det er òg anledning for andre
grupperingar å stilla liste. Det må då vera minst 10 røysteføre
personar som skriv under på listeforslaget. Forslag til liste må
vera sendt inn til Valstyret i soknet seinast 1. mai.
I kvar kommune blir det òg valt fellesråd med representantar frå
dei ulike sokneråda og ein representant frå kommunen. I vårt
område gjeld det Hjelmeland og Strand. Forsand sokneråd er
òg fellesråd sidan det bare er eitt sokn i kommunen. Fellesrådet
har ansvar for økonomi, eigedom og personale.
Siv Fossan, kyrkjeverje
22
TAKK til Geir Øy
som har vore med i redaksjonskomiteen for Preikestolen ei tid!
Nå flyttar han til Knarvik i Nordhordland der han tar til som
sokneprest.
Lukke til i ny teneste!
Husgruppesamling på Tau bedehus
Torsdag 26.februar kl 18.30-21.30
Tema: «Livsnære relasjonar i småfellesskap»
Seminarhaldar er Kjell Aanensen som er utdanna diakon og
har bakgrunn frå mellom anna NMS og Teleios Norge og som
no held foredrag og kurs for bedrifter og kyrkjelydar om kommunikasjon og relasjon.
Enkel servering. Kollekt til dekning av utgifter.
Påmelding til kyrkjekontoret tlf 51 74 11 30 eller
epost: [email protected] innan 24.februar.
Arr: Strand kyrkjelyd
Konsert i Jørpeland kirke
lørdag 14.mars kl. 18.00
Folketoner fra Rogaland med St. Svithun Choralis.
Dirigent Arne Hadland.
Kjell Inge Torgersen deltar.
GIROBLANKETTEN
I dette nummeret av Preikestolen ligg det ved ein giroblankett
for abonnements-betaling.
Me er glade for at så mange er med og betaler det frivillige
abonnementet. Det gir oss mulighet til å laga kyrkjebladet vårt
slik det er nå. Takk til kvar enkelt som bruker blanketten!
Forsand bedehus
22.02. Temakveld NMS/Normisjon
28.02. Laurdagskafe
01.03. Kristen Muslimmisjon
04.03. Kyrkjelydsfest kl.19.30
06.03. Ungdomsforening
13.03. Ukrainakveld
15.03. Familiesøndag kl.11.
15.03. Temakveld Normisjon/NMS
18.-22.03. Møteveke NLM
24.-26.03. Bibelkveldar, Klaus Muff, NMS
28.03. Laurdagskafe
10.04. Ungdomsforening
11.04. DUGNAD frå kl.9.00.
12.04. Familiesøndag kl.11.
12.04. Temakveld NMS/Normisjon
17.-19.04. Møtehelg NLM
25.04. Laurdagskafe
26.04. Konfirmantfest
Slekters gang
Strand
Hjelmeland
09.11. Celina Norheim Merland
– døypt i Sjernarøy
23.11. Vegard Hia Ommundsen
27.12. Jone Hausken
Årdal
20.11. Agnes Jorunn Thorsen
08.12. Varna Garheim
Fister
Jørpeland
30.11.
14.12.
Konrad Haga Mork
Mathias Bertelsen
Lycke Amdal
Markus Haga Fossmark
08.11. 13.11. 15.11. 19.12. 23.12. 28.12. 07.01. 18.01. Sigbjørn Tveit
Kasper Bokn
Klara Karoline Ekeskog
Magnhild Kristina Østerhus
Maren Hansine Oftedal
Odd Kleven
Peter Helgeland
(gravlagd Erfjord)
Odd Børge Fiskå
Forsand
16.11. Frøya Egeland
30.11. Lena Laugaland
Emma Helgøy
16.11. 03.12. 13.12. 21.01. Kåre Lyse
Thore Vidvei
Konstanse Thorsen
Ingvar Fossan
30.11. Helene Rønnevik
26.12. Ivan Lygre Børkja
(døypt Moster krk.)
04.01. Hedda Bygdevoll Dahl
Isak Tollefsen
18.01. Frida Bjørheim Pedersen
Maja Eikelid Johnsen
01.02. Hailey Vinje Eriksen
Fjermestad
Malene Jøssang
Lykke Leigh Årvik
12.11. 12.11. 16.11. 16.11. 25.11. 26.11. 11.12. 17.12. 18.12. 20.12. 26.12. 29.12. 06.01. 15.01. 15.01. 21.01. 22.01. 27.01. Bjarne Ur
Richard Neeb Mydland
Egil Arne Larsen
Inger Bente Isaksen
Signy Gahnstrøm
Helge Johannessen
(gravlagd Hundvåg)
Marit Torild Eie
Mary Josefine Førland
Georg Berge
Reidar Finnesand
(gravlagd Utstein kloster)
Marton Konrad Idsø
Peder Bertinius Fjelde
Ingmar Henning Østbø
(gravlagd Thailand)
Odd Fjelde
Ellen Idsø
Gunvor Eriksen Tollefsen
Toralf Mansåker
Judith Lovise Meland
.RUOHLVKDUGXGHW
(,*(17/(*"
.ULVHWHOHIRQ
6260HOGLQJZZZNLUNHQVVRVQR
626&KDWZZZVRVFKDWQR
(,T MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
23
Gaver til alle anledninger
Tlf. 51 74 73 58
JØRPELAND
Jørpeland
Åpningstider: 8-22 (9-20)
Alt innen elektroarbeid - Varmepumper
Eltervaag Elektro as
Tungland, 4100 Jørpeland
tel. 51 74 83 70 - 918 60 895 - fax. 51 74 91 91
Vi er til hjelp ved gravferd og minnestund. Vi har utstilling av
gravsteiner i kontoret. Audun Ingvaldstad og Berit Nag.
Ryfylkeveien 1986, 4120 TAU. Tlf.51 74 87 00
Vi har kun én, vi skal gøre glad...
www.revisjonryfylke.no
Tlf 51 74 90 40
Hos AutoMester har vi kun én, vi skal gøre glad. Dig. Derfor har vi lavet AutoMester
ServiceSikring i samarbejde med forsikringsselskabet Lloyd’s of London.
Hvis du har spørgsmål om AutoMester ServiceSikring, er du velkommen til at ringe til
AutoMester’s hovedkontor på tlf. 63 41 89 88. Du kan også besøge vores homepage på
Horvath
Piano Service
Internet. Adressen er www.automester.dk.
Vi glæder os til at gøre dig til en gladere bilist. Velkommen.
AutoMester
Flere glade bilister
Tlf. 51 74 14 40 - www.jorpelandservice.no Ryfylkevegen 953 (v/Esso)
24
SCHWEITZER · LARSEN & KNUDSEN 01.02
Årdalstunet
Telefon: 51 75 11 50
Jørpeland tlf. 51 74 91 95
SKO OG MOTE FOR UNG
OG VOKSEN DAME
®
Allsidig byggefirma med lange og
gode tradisjoner. Vi har eget
materialutsalg med stort utvalg.
Tlf. 51 70 31 12
www.forsand-byggservice.no
Istvan Horvath
-Pianostemmer
-Tekniker
-Pianoentertainer
Hjelmeland Tlf. 924 24 098
Stein mek.
verksted as
Tlf. 51 70 38 55
Fax 51 70 39 52
Tlf. 51 74 72 04
• Maling • Tepper • Tapeter •
• Verktøy • Maskiner •
• Gardiner • Kjøkkenutstyr •
mob. 917 68 710
LANDBRUK
MURAR
Vikaneset Sør
www.dataplan.no
Opningstider:
8.00 - 16.30
Laurdag
9.00 - 13.00
Kvardagar
Tlf: 51 74
33 00
Ring gjerne og avtal tid for et møte,
MØBLER/TREVARE
så finner
vi sammen gode løsninger!
Tlf 51 74 77 45
Dataplan Ryfylke AS
Ryfylkevegen 1950, 4120 Tau
Telefon 51 96 31 60
Meieribygget
4137 Årdal
Tlf. 51 75 26 40
Fax. 51 75 27 11
Trodla-Tysdal Turiststasjon
HAGEMØBLER
HEILTREPLATER
LANDBRUK
tlf. 51 75 01 51 / mobil.
959 90 867
OVERNATTING
web: www.trodla-tysdal.no e-post: [email protected]
Traktorspesialisten
• SELSKAPSLOKALER•
Salg: Roald Schmidt
mob. 91 54 22 91
e-post: [email protected]
• KURS/KONFERANSE •
RING 51 75 27 75
Service: Ingolf Ullestad
• Regnskap • Firmaregistrring
mob. 90 91 70 83
• Årsoppgjør • Datatilkobling
e-post: [email protected]
• Scanning av bilag
LÅSESMED
Jørpeland - 51 74 14 00
Årdal - 51 75 42 50
HAR DU
LÅSE-PROBLEMER?
Levende opptatt av det
LANDBRUKSPRODUKTER
4120 Tau, Mob. 907 34 039
Tlf. 51 74 20 40
fax. 51 75 20 41
GJERDING
STÅLBYGG
Brensel,
skog- &
landbruk
Boks 36, 4130 Hjelmeland
Tlf.: 51
Strand og Hjelmeland
TLF 51 74 02 40
RØRLEGGERMESTER
REKNESKAP
LEIF
Regnskap - Firmaregistrering
Sandnes
Obed
Årsoppgjør - Datatilkobling
ANDREASSEN
Scanning av bilag
Tlf. 408 53 157 - Hjelmeland - 916 88 348
e-post: [email protected]
tlf: 51 68 MASKINELL
13 00
0410
11:00:46
0410Visittkort
VisittkortJorunn.pdf
Jorunn.pdf 20-04-10
20-04-10HOGST/FRAMKJØRING.
11:00:46
- ditt lokale regnskapskontor
STØLANE • 4233 ERFJORD
MOB 995 83 445
FAX 52 79 70 23
TRANSPORT AV:
• TØMMER • RUNDBALLER
• TRELAST M.M.
TANGO HÅR OG TERAPI
TØMMERMENN
TANGO
TANGO
HÅR
OGTERAPI
TERAPI
OsaHÅR
bru
- 4130OG
Hjelmeland
Osa
Hjelmeland
Osabru
bru- 4230
- 4230
Hjelmeland
Jorunn
Alvær
Hauge
Alvær
Hauge
Jorunn
Alvær
Hauge
TlfJorunn
51752210
- mob
90571332
VELKOMMEN
EDB REGNSKAP as
Aut. regnskapsførerselskap
Refleksolog
Refleksolog
4130 Hjelmeland
SB Rørleggerservice
Tlf.:
Tlf.:51
5175
7522
2210
10
tlf/fax. 51 75 11 50 / 51 75 11 51
51 75 00 99 /
Healer
Mob.:
Healer
Mob.:905
90571
71332
332Tlf.980
TJÆRALIN
www.hjelmeland-bygg.no
67 352
Kontonr.:
kan beises/males hele
Kontonr.:
Sandetorjå,
tlf. 51 75 0632111001471
2832111001471
Mobiltlf.
977 05 [email protected]
270
året! Ingen grunning! www.mesterhus.no
Frisør
E-post:
SERVICE
Frisør
E-post:
[email protected]
Tåler lagring på hytta!
SJØTRANSPORT
• Solskjerming
Alt innen
SKYSSBÅT
AS Tlf. 51 75 95 00• Gardin • Voksduk
elektroinstallasjon
[email protected]
• Tapet • Maling • Gulvbelegg
Jon ArneBrannvarsling
Helgøy
Sivilingeniør
4167 Helgøy
Tlf. 90 10 35 55
Tlf. 51750345
www.pgi.no
Oveoljeprodukter
Breiland
Alt iTerje
olje og
tlf 51 75 11 21/ mob 920 51 661
e-post: [email protected]
Ove Breiland
SKTerje
Langeland
as
Alt51
i olje
og 21
oljeprodukter
Tlf.
75 11
- 920 51 661
Telefon 51 75 26 40
[email protected]
Bygdaposten a.s.
4130 Hjelmeland
Tlf. 51 75 07 03 / 51 75 07 44
Helge Barka
Barka, Jørpeland
Tlf. 51 74 71 70/975 38 175
– dine muligheter
Kontor Forsand og Tau
Telefon: 51 74 48 80
[email protected]
www.tf-regnskap.no
Stihl-butikken
regnskapskontor
SkogAutorisert
og hagebruk
Jørpeland Servicenter as
Tlf 51 74 14 40 - www.hagia.no
Jørpeland Bilverksted as
4100 Jørpeland
Tlf 51 74 08 80
Ditt lokale sagbruk
Bilverksted - bildeler - rekvisita
Preikestolvn. 7
Jørpeland
VI STÅR TIL TJENESTE
www.hjelmeland.com
Telefon 51 75 26 40
Spesialsag som tilbyr
trelast i de fleste
dimmensjoner
TUR OG RUTEKJØRING
www.jdbygg.no
Godkjent teleinstallatør
Opningstider:
Traktorer, redskaper,
m-f: 08.00-16.00Ring
l:10.00-13.00
verksteder, motorsager m.m.
Ryfylke Malerservice
4137 Årdal
4137 Årdal
telefon 957 93 757
• disel • fyringsolje
• parafin
• koks
Vår kunnskap
• smøringsolje
• reperasjoner
• plast• båtlagring
Tlf. 51 75 29 35
Mob. 932 99 880
Begravelsesbyrå
Mob. 913 47 764
Leirstad - utleige for
Er tanken tom?
Trenger du
maler?
4110 FORSAND
BUSS AS
Tlf.: 51 70 38 10
VVS-arbeid innan nybygg,
reparasjonar, driftsbygningar,
rehabilitering.
Kort/Langtidsutleie
Tlf. 51 75 42 30weekends og leirar
INTERNATER • STORKJØKKEN
MØTESAL • KONFERANSEROM
Vi bringer - ring
51 74 99 10
OLJE
landbruksbygg
70 38 10
Transport av husholdningswww.r-m-v.no
og industriavfall.
Avd. Årdal • Tlf. 51 75 42 30
JørpelandTLF
- 5151 74
99 10
75 28 27
Mand.-fred. 08.00-16.30. 4137 Årdal
Tlf. 51 75 24 06
Tau
51
74
68
35
FAX
51
75
00
85
Lørd.
09.00-13.00
Tlf. 51 74 83 71
Mob. 416 23 896
Mob.
901og99
055
Salg
av traktor
redskaper:
Sven Lenaal • 991 68 MALER
435
og rehabilitering av
STRAND / HJELMELAND
• Bulktransport
• Kranbil •
samt
oppføring
Tlf. 51 74 98 boliger,
61
• Langtransport •
Mob. 98 26 77 46av industrihaller og
GAUTHUNS
CONTAINERUTLEIE
OG TRANSPORT
AS4110 FORSAND
Grøndal,
HJELMELAND
Jeg tilbyr alt innen låse-systemer. Filing av nøkler. ÅRDAL:
Vi utfører arbeid i
Rørlegger • VVS • Varme
& bad
40 41 11 15
fbm.
nybygg, MOB.
påbygg
Jørpeland tlf. 51 74 14 00
Hjelmeland tlf. 51 75 45 00
Årdal
tlf. 51 75 42 50
FURUTANGEN
MISJONSSENTER
TRANSPORT
VERKSTADARBEID
Jørpeland 51 74 98 10
Hjelmeland 51 75 05 49
E-post: [email protected]
RØYRLEGGJAR
Utleige for kortere eller
lengre tidsrom.
Kvalitetssikring
Sentralgodkjenning
REGNSKAP, LØNN
4130 Hjelmeland
OG IT-LØSNINGER
Avdeling Årdal
Tlf./Fax.: 51 75 03 65
Tlf. 51 75 42 30 - Fax 51 75 42 40- ALT PÅ
STED
Mobil:ETT
992 40 907
Tlf. 91 53 97 03
Tlf. 90 94 49 59
BOSSCONTAINERE
Jan E. Bjørnstad
ein god hanog godt
personleg
- Godt gjort er bedredel
enn
sagt! service!
4120 Tau, tlf. 51 74 07 90
RENOVASJON
MURMESTER
Kraftfôr – tilskuddsfôr – gjødsel
– såvarer – ensilering
- planteverntil
Velkommen
Tannlege
Finn Middelthon
TLF. 51 75 04 40 - FAX 51 75 04 74
Tlf. 51 75 17 14
Mob. 975 26 085
Rådhusgt., 4100 Jørpeland • Tlf. 51 74 90 55
E-post: [email protected]
www.centruminterior.no
Vakttelefon: 99 55 50 65
E-post: [email protected]
Finn ein skatt
PÅ NMS GJENBRUK
Pynteting, bruksting,
bilder m.m.
Varer kan leverast i butikken
Opningstider på TAU:
måndag - fredag 10.00-17.00 laurdag 10.00 - 14.00
25
PrOSt
Sigrid Sigmundstad
Telefon kontor: 40439245.
Mobil: 90871457.
Kontor: Hjelmeland kyrkjekontor Epost: [email protected]
Hjelmeland KYRKJEKONTOR
Hjelmeland, Fister og Årdal sokn
Kyrkjeverje:
Kontor:
Kontortider: Olav Frantzen
Bankbygg 2, 2. etasje
Tysdag-fredag 09.00 – 14.00
Telefon: e-post: Nettside:
404 39 240
[email protected]
www.hjelmeland.kyrkja.no
Sokneprest:
Sigrunn Hagen Arnesen
Kantor: Anne-Berit Rinde Bjelland
Barne-og ungdomsprest: Ingebjørg Vik Laugaland Gravplassarbeidarar: Ola Mjølhus og Sven Valheim
Kyrkjetenar Hjelmeland: Ola Dale
Kyrkjetenar Årdal: John Leikvar Nessa
Kyrkjetenar Fister: Åsmund Thomsen
Kyrkjetenar Jøsenfjorden: Bente Tednes Gjil
Soknerådsleiar Hjelmeland: Trygve Brandal
Soknerådsleiar Fister:
Anne Berit Verpe
Soknerådsleiar Årdal: Janfrid Frantzen
Strand KYRKJEKONTOR
Strand og Jørpeland sokn
Kyrkjeverje:
Trond Hjorteland
Kontortider: Måndag - fredag
09.30-14.00
Telefon: 51 74 11 30
e-post: [email protected]
Nettside:www.strand.kyrkja.no
Strand kyrkjelyd
Sokneprest: Adm.leiar: Organist: Kateket: Menighetspedagog:
Ungdomsarbeidar: Kyrkjetenarar: Soknerådsleiar: Martin Ivar Arnesen
Liv Åse Gaard
Geir Arve Helvig
Bodil Sande Turøy
Anita Grødem
Richard Andrè Helvig og
Åsa Lindeflaten-Fiskå
Jan Guttorm Sædberg og
Wenche Krogevoll
Harald Nesvåg
Jørpeland kyrkjelyd
Sokneprest: Menighetsforvaltar: Organist: Kateket:
Ungdomsarbeider:
Trusopplærarar:
Kyrkjetenarar Soknerådsleiar: Bård Boye
Gro Wersland Nag
Ragnvald Kristian Sørensen
Mia Christina Raustein
Natalie Bjørkeland
Elin F. Skårland
Mette E. Boye
Jan Guttorm Sædberg og
Wenche Krogevoll
Jon Vogt Engeland
For å få kontakt med prest mellom kl.17.00-08.00:
FORSAND KYRKJEKONTOR
Beredskapstelefon 948 32 880
Forsand sokn
Kyrkjeverje: Kontortider: Telefon: Telefaks: e-post:
Nettside: Siv Fossan
Månd. - fred. 09.00-14.00
51 70 01 70
51 70 00 06
[email protected]
www.forsand.kyrkja.no
Forsand kyrkjelyd
Sokneprest: Kyrkjelydsarbeider: Organist: Ungdomsarbeider:
Kyrkjetenar: Soknerådsleiar: Ole Wollert Meyer,
mob. 415 61 737
Irene Idland Thu
Hege Tungland Langbakk
Natalie Bjørkeland
Bodil Rettedal
Ragnhild Rettedal
Kyrkjeskyss: Ring Per Hagen tlf. 99513384
26
Preiketekstar
Søndag 22. feb – 1.s.i fastetida: Matt 16,21–23
Søndag 1. mars – 2.s.i fastetida: Luk 7,36–50
Søndag 8. mars – 3.s.i fastetida: Mark 9,17–29
Søndag 15. mars – 4.s.i fastetida: Joh 3,11–16
Søndag 22. mars – Maria bodsk.d: Luk 1,46–55
Søndag 29. mars – Palmesøndag: Matt 26,6–13
Torsdag 1. apr – Skjærtorsdag: Luk 22,14–23
Fredag 2. apr– Langfredag: Matt 26,30–27,50
Søndag 5. apr – Påskedag: Matt 28,1–10
Måndag 6. apr – 2.påskedag: Luk 24,36–45
Søndag 12. apr – 2.s.i påsketida: Joh 21,15–19
Søndag 19. apr – 3.s.i påsketida: Joh 10,1–10
Søndag 26. apr – 4.s.i påsketida: Joh 13,30–35
Gudstenester i Hjelmeland
HJELMELAND KYRKJE
ÅRDAL KYRKJE
FISTER KYRKJE
Søndag 15. febr. kl. 11:
Gudsteneste v/S. Sigmundstad.
Nattverd.
Offer til KRIK
Søndag 1. mars kl. 11:
Gudsteneste v/ S.H. Arnesen.
Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Søndag 22. febr. kl. 11:
Gudsteneste v/ S. H. Arnesen.
Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Onsdag 25. febr. kl. 19:
Fastegudsteneste
ved I.V. Laugaland og konfirmantar.
Onsdag 11. mars kl. 19:
Fastegudsteneste ved S. H.
Arnesen og konfirmantar.
Søndag 8. mars kl. 11:
Gudsteneste v/S. H. Arnesen.
Nattverd.
Offer til Kirkens SOS Rogaland.
Skjærtorsdag 2. april kl. 19:
Gudsteneste v/ S. H. Arnesen.
Nattverd.
Offer til Sjømannskyrkja.
Onsdag 4. mars kl. 19:
Fastegudsteneste ved
I.V. Laugaland og konfirmantar.
Kyrkjekoret deltek.
Søndag 22. mars kl. 11:
Familiegudsteneste
v/ I. V. Laugaland
Offer til Søndagsskuleforbundet
Rogaland.
Dåpsskulen deltek.
Søndag 26. april kl. 11:
Gudsteneste v/ I.V. Laugaland.
Nattverd.
Offer til skulelaget (NKSS/ ÅKUS).
Søndag 15. mars kl. 11:
Familiegudsteneste
v/ I.V. Laugaland.
Offer til IKO. Dåpsskulen deltek.
Langfredag 3. april kl. 11:
Gudsteneste v/ S.H. Arnesen.
Offer til Kirkens SOS.
Søndag 12. april kl. 11:
Gudsteneste v/ S. H. Arnesen.
Nattverd.
Offer til Strømmestiftelsen.
Påskedag 5. april kl. 11:
Høgtidsgudsteneste v/ S.H. Arnesen
Natterd. Offer til misjonsprosjektet.
Søndag 19. april kl. 11
Gudsteneste v/S. Sigmundstad.
Nattverd.
Offer til skulelaget (NKSS).
JØSENFJORDEN BEDEHUSKAPELL
Palmesøndag 29. mars kl. 11:
Gudsteneste v/ I.V. Laugaland
Offer til misjonsprosjektet i Nepal.
Dåpsskulen deltek.
Med atterhald om endringar
Sjå også våre heimesider: www.hjelmeland.kyrkja.no
Full distribusjon
Returadresse:
Preikestolen
Pb. 188
4126 Jørpeland
Gudstenester i Strand og Forsand
STRAND KYRKJE
JØRPELAND KYRKJE
FORSAND KYRKJE
Søndag 22. febr. kl. 11:
Gudsteneste v/Arnesen.
Dåp, nattverd.
Søndag 15. febr. kl. 11:
Gudsteneste v/Boye. Dåp.
Søndag 1.mars kl. 11:
Familiegudsteneste v/Meyer. Offer til søndagsskoleforbundet.
Søndag 1. mars kl. 11:
Gudsteneste v/Arnesen.
Dåp. Søndagsskule. Årsmøte.
Søndag 1. mars kl. 11:
Gudsteneste v/Boye
Dåp. Søndagsskule. Årsmøte.
Søndag 8. mars kl. 11:
Misjonsgudsteneste v/Arnesen.
Nattverd.
Søndag 8. mars kl. 11:
Gudsteneste v/Boye.
Dåp. Søndagsskule. Speidarar
deltek.
Søndag 15. mars kl. 11:
Gudsteneste v/Arnesen.
Dåp. Klubben deltek.
Søndag 15. mars kl. 11:
Gudsteneste v/Sigmundstad.
Nattverd. Søndagsskule.
Søndag 22. mars kl. 11:
Gudsteneste v/ Arnesen.
Dåp. Søndagsskule.
Søndag 22. mars Klippen kl. 11:
Fellesgudsteneste. Tale v/Boye.
Søndagsskule.
Skjærtorsdag 2. april kl. 11 :
Gudsteneste v/Arnesen.
Nattverd.
Søndag 29. mars kl. 11:
Gudsteneste v/ Boye.
Dåp. Søndagsskule.
Langfredag 3. april kl. 19.30:
Kveldsgudsteneste v/Arnesen.
Skjærtorsdag 2. april kl. 20 :
Gudsteneste v/Arnesen.
Nattverd.
Påskedag 5. april kl. 11:
Gudsteneste v/Arnesen. Dåp.
Søndag 12. april kl. 11:
Gudsteneste v/Arnesen.
Dåp. Søndagsskule.
Søndag 19. april kl. 11:
Gudsteneste v/Sigmundstad og
Turøy.
Dåpsskulen deltek.
Søndag 26. april kl. 11:
Familiegudsteneste v/Arnesen.
Dåp. Barnekoret Tryfena deltek.
Langfredag 3. april kl. 20:
Kveldsgudsteneste v/Meyer.
Påskedag 5. april kl. 11:
Gudsteneste v/Boye.
Dåp, nattverd.
Søndag 12. april kl. 11:
Gudsteneste v/Boye
Nattverd. Søndagsskule.
Søndag 19. april kl. 11:
Familiegudsteneste v/Boye.
4-årsbok. Jørpeland barnekor
deltek.
Med atterhald om endringar Sjå også våre heimesider:
www.strand-kirke.no, jørpeland-menighet.no og www.forsand.kyrkja.no
Søndag 8. mars kl. 11:
Gudsteneste v/Sigmundstad.
Søndagskule/søndagsgjengen.
Nattverd. Offer til misjonsprosjekta i Bangladesh og Etiopia.
Søndag 22. mars kl. 11:
Familiegudsteneste v/Meyer.
Dåpsskulen deltek. Nattverd. Offer til Menneskeverd.
Skjærtorsdag 2. april kl. 19.30:
Kveldsgudsteneste v/Meyer. Nattverd. Offer til misjonsprosjekta i
Bangladesh og Etiopia.
Langfredag 3. april kl. 11:
Gudsteneste v/Meyer.
Påskedag 5. april kl. 11:
Gudsteneste v/Meyer. Offer til
misjonsprosjekta i Bangladesh og
Etiopia.
Søndag 19. april kl. 11:
Gudsteneste v/Meyer. Søndagskule/søndagsgjengen. Nattverd.
Offer til kyrkjetilbygget.
Søndag 26. april kl. 18.30: Deltakingsgudsteneste v/Meyer og
konfirmantane. Offer til NKSS
– Laget. Konfirmantfest på bedehuset etterpå.