Årsmelding 2014 - Sunnfjord Golfklubb
Transcription
Årsmelding 2014 - Sunnfjord Golfklubb
Årsmøte 2014 SunnFJORD GOLFklubb Rica Sunnfjord Hotel 26. februar 2014 Sakliste: 1. Konstituering: a. Val av ordstyrar b. Val av referent c. Val av to til å skrive under møtebok. 2. Årsmelding 2014 3. Rekneskap 4. Budsjett 2015 5. Val etter vedtektene a. 3 styremedlem b. Leiar for 1 år c. Nestleiar for 1 år Sak 2 Årsmelding 2014 Styret si samansetning Leiar: Nestleiar/baneansvarleg: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Thor Olav Andersen Leiv Årseth* Mathias Haug Ewa Sonesson* Hege Kjeilen* 1.vara: 2.vara: Kim Ronny Lykkebø * Frode Bruland * * = på val Dagleg leiar/sekretær Leiv Årseth / Donovan Goosen Grupper, utval, komitear, ansvarlege Bane- og byggekomité: Leiv Årseth, Odd Anders Vie, Ole Jacob Bye Veien til golf-ansvarleg: Donovan Goosen Handicapkomité: Ole Jacob Bye Instruksjon: Donovan Goosen Klubbutvikling: Leiv Årseth Kvinnekontakt: Ewa Sonesson Barn/junior-kontakt: Paula Lesto Turneringskomité: Arnar Helgheim, Inger Jorunn Årseth, Ewa Sonesson, Donovan Goosen Valkomité: Roy Svalheim, Helge Skudal, Hanne Fonn Seniorkomité: Ikke bemannet Disiplinærkomité: Torgeir Årdal, Roy Svalheim Banemannskap: Leiv Årseth, Donovan Goosen Ansvarleg - politiattest: Ewa Sonesson Styremøter Det er halde 7 styremøter sidan førre årsmøte. Styret har hatt møter gjennom heile året. Dagleg leiar Klubben har ikkje ansatt daglig leder, men Leiv Årseth har på vegne av styret hatt den daglege oppfylginga i lag med klubbsekretær Donovan Goosen Pro Sesongen 2014 var pro Donovan Goosen sin tiande sesong i Sunnfjord Golfklubb. Aktiviteten rundt undervisning og pro-arbeid er godt etablert, og Donovan er ein viktig miljøfaktor i klubben. Butikk Pro Donovan Goosen har hatt ansvar for butikken i eigen regi. Baneutvalget Vinteren 2014 var ganske skånsom mot greenane, det var ingen lange periodar med sprengkulde. Målte telen i greenane i slutten av februar, då var det mellom 12 og 5-6 cm og det var nesten fritt for is. Alt såg ut til å gå bra. Fyrste dugnaden starta 2 februar, då rensa vi vannhinder på bane 2 og 3. Helge, Harald og Lars var med. 6. februar vart det sett ut flagg til konkurranse dagen etter, ei spesiell oppleving men morosamt. 4. april vart bana klargjort, med dugnad og sesongen kunne starte 5. april. Alt 22. mars vart greenane gjødsla, dette er ca. tre veker tidlegare enn normalt. Det var med stor spenning vi gjekk rundt og studerte graset etter kvart som det livna til, ikkje alt var like hyggeleg i år heller, det var mykje tunrapp på nokre greenar , spesielt 1, 3 og 9. Det vart sett i gang med vertikalskjæring lufting og såing. Same prosess på nytt 24. april, og igjen 10 og 25 mai, og så igjen 7 juni. Det såg tregt ut med dårleg spiring etter så mykje arbeid. Heile denne perioden var det jamleg vatning. Med vårt enkle vatningssystem er dette eit utarmande og tidkrevande arbeid og slett ikkje godt nok. Etter kvart ut over sumaren fekk vi redusert tunrappinnslaget i greenane og frå August og ut sesongen var det gode spelforhold over alt på bana. Elles var det ein god sesong med godt arbeidsvær og god grasvekst på bana, og dermed ofte klipping. Arbeidssituasjonen min vart mykje betre i år når eg fekk Helge med, han ser kva som må gjerast og arbeider sjølvstendig. Ei svert god ordning, det er rikeleg med arbeid for å utvide arbeidstida til Helge. Banekomiteen hadde ei synfaring i september og prioriterte forbetringsarbeid i haust. Nr.1 var green 4/13, reparere venstre side, bygge om og så på nytt høgre side, dette er ikkje gjort. Vidare skulle det byggast nytt gult utslag til bane 11. Til bane 12 skulle det utvidast slik at det vart plass til både gult og raudt utslag på same tee. Dette ferdig og klart til bruk til våren. Hausten har vore fin med godt arbeidsvær, og eg greier ikkje å late vere når eg ser så mange småting som burde gjerast. Så eg har «teke meg til rette» og forbetra litt her og der, som de forhåpentleg vis vil legge merke til. Kostnaden med dette er ca.5-6 tusen kr. Komitéen bestemte vidare at høgre side bane 5/14 skulle drenerast og påfyllast. Dette er eit arbeid som krev gravemaskin, dette arbeidet måtte utsetjast til seinare. Det siste og store arbeidet kvar haust er å rydde vekk småbjørk og selje o.l på begge begge sider av alle banene. Bana er 4,5 km. gange 2 er 9 km og det bør ryddast 10 m ut til sidene. Til og med 22/10 har Leiv arbeidt 771 timar. Helge har notert 207 timar, men har arbeidd meir. Gunnar Hansen har klipt utslag, han fører ikkje timeliste, men det utgjør ca. 30-40 timar. Det meste av ballplukking er ein slags dugnad ( får ballar for arbeidet) i snitt ca 4 t pr. veke 108 timar. Det same er det med reinhald og rydding i og rundt klubblokalet. I dag 8 februar er det ca 80cm snø og ingen tele i jorda so det er gode sjansar for god overvintring. Leiv Årseth Veien til golf (VTG) 2014 Sesong 2014 arrangerte vi 3 VTG kurs. Vi opplevd ein god del interesse før-sesong, men lite påmelding når vi først kom i gang med kurset. Vi har registrert totalt 43 ny medlemmar i 2014: 10 barn som har komt gjennom Barn og Golf program 2 som er flytta frå ein anna klubb 17 stk via VTG kurs (gruppekurs) 14 stk via privat kurs (individuelt) Helgekurs har vore effektivt men dei passer likevel ikkje for alle, derfor tar ein del folk individuelle kurs. Sesong 2015 burde vi prøve kurs midt-veke for å sjå om det passer betre for folk. Lav-terskel VTG kurs er rett vei å gå for rekruttering. VTG-pakke som inkluderer medlemsskap og spelerett første året er heilt klart ein god måte å få folk til å faktisk prøve golf etter fullført kurs og spele ein god del. Så får vi fleire som få det til og bli hekta. Donovan Goosen Juniorgolf tirsdagstrening Første trening starta tysdag 13. mai. Det har vore ei trening i veka på tirsdagane frå kl 18:30 til 19:30. Totalt vart det 19 påmeldte deltakar. Berre ein fall i frå i løpet av sesongen. Vi har gjennomført tirsdagstreningane utan å stenge treningsområdet for andre golfarar. Kvar trening har vore planlagt på førehand og sett saman av ulike øvingar på driving rangen, putting området, bunker og picthing området. Vi har vore ute og spelt på bana fleire gonger, og ser det er populært når vi kjem oss ut på bana for spel. Avslutning 9. september med elefantbunkerstafetten, merkeutdeling, kaker, saft og kaffi. Annonsering. Ei annonse i Firda om oppstart. Plakatar Info om ”Barn og Golf” på internettsida til Sunnfjord GK. Direkte e-post til alle vi hadde e-post adresse til frå året før. Utstyr. Bestilt Tri-golfsett til sesongstart. Bestilt golfblink 2 m til sesongstart. Trenarar: Arvid Årseth Roald Eikås Roy Svalheim Vidar Myrhol Tor Kristian Kvammen I tillegg har vi hyra inn litt ekstra hjelp når vi har vore ute og spelt på bana. Takk til dei som har hjelpt til. Tal: 12 treningar 19 deltakarar. Treningsavgift kr 500,Det er ei utfordring å kontrollere om alle har betalt treningsavgifta. Bør vurdere om vi skal nytte oss av «deltaker.no» som betalings ordning, neste sesong. Golfmerker: 4 bestått puttemerke 3 beståtte bronsemerker 5 beståtte sølvmerker 5 beståtte gullmerker Merkeprøvene vart fordelt på to treningar. Arvid Årseth Juniorgolf torsdagstrening Treninga starta den torsdag den 15. mai. Dei yngste årskulla 2002 til 2004, hadde trening frå kl. 17.30 til 18.30 og dei eldste, årskulla frå 1999 til 2001 hadde trening frå kl. 19.00- 20.00. Det var totalt 17 barn som var med på torsdagstreningane, 10 i den yngste gruppa og 7 i den eldste. I løpet av sesongen fall to barn i frå treninga, eitt frå kvar gruppe. Totalt vart det køyrd 14 treningar, 7 før sommarferien og 7 etter. Juli var treningsfri månad. Treningane har vore sett saman av teknikktrening på slag, putt, chip, pitch og bunkerslag. I tillegg har ca. halvparten av treningane vore spel ute på bana. Inger Jorun Årseth har hatt ansvar for treningsopplegg og informasjon. Ho har hatt med seg Eirik Hjelmbrekke og Håkon Østenstad med dei yngste og Arne Lesto med dei eldste. I tillegg har Donovan Goosen vore med når det har vore trening på sving. Hanne Fonn, Knut Fonn og Leiv Årseth har stilt opp når det har vore behov for vikartrenarar. Tusen takk til alle trenarar og vikartrenar som stille trufast opp, gjer ein god jobb og er kjekke å samarbeide med. Vi avslutta sesongen med å levere ut golfmerker til barna/juniorane. I år har vi fått til juniorfredagsgolf. Dei barna som er medlem i klubben har hatt mogelegheit til å kome å spele golf saman med andre barn fredagar. Ein vaksen har hatt ansvar for å sette saman flightar og bestemt speleform. Tal barn som har vore med på fredagsgolfen har variert frå 3 til 7 stk. Slik vi ser det har dette vore eit bra tiltak for å få barna til å kome å spele på bana. Utfordringane framover er å få barna som er med på treningane til å kome å trene og spele på eiga hand. I dag ser vi at dei fleste berre er på klubben på sjølve treningane. Vi trur at ei lita tre hols bane kunne gjere golf meir tilgjengeleg og artig for dei minste barna og håpar at planlegging og gjennomføring av eit slikt prosjekt vert prioritert i Sunnfjord golfklubb. Inger Jorun Årseth Damegruppen I golfsesongen 2014 har det ikkje vore arrangert noko felles trening eller turneringar for kvinner. Det er oppretta ei facebookgruppe der ein kan invitere med andre kvinner til å spele golf. Det har vore lagt ut to invitasjonar til spel på starten av sesonegen, men det kom ikkje noko respons på desse. Inger Jorun Årseth Handicapkomiteen Årsrevisjon av handicap vart gjennomført 1.1.2015. Systemet for årsrevisjonen vart endra hausten 2012. Retningslinjene for årsrevisjonen er nedfelt i EGA Handicap System, og klubben vil be alle med spørsmål rundt revisjonen om å lese dette dokumentet: http://www.golfforbundet.no/assets/files/spiller/turneringer/Regler/EGA%20turneringshandicap.pdf Revisjonen er obligatorisk for alle spelarar. Ved årsrevisjon i GolfBox for handicapstatus for medlemmene i Sunnfjord GK var det ved utgangen av året 159 (begge kjønn) med etablert handicap, og 126 med klubbhandicap. Sortert på kjønn og handicapkategori, er det følgjande fordeling: Hcp.kategori Frå - til Kvinner Menn 1 -4,4 0 1 2 4,5 – 11,4 0 11 3 11,5 - 18,4 1 35 4 18,5 - 26,4 4 41 5 Etablert hcp (36 eller lågare) Klubbhcp/golfkort Intet handicap (eller hcp=99) 26,5 - 36,0 8 13 31 1 58 146 102 4 Talet på medlemmer (begge kjønn) med etablert handicap er uendra frå året før, mens talet på medlemmer med klubbhcp har auka med 7 personar. Handicapnivået på spelarane i Sunnfjord GK har vore stabilt dei siste åra. Klubben har langt fleire (rundt 30 prosent) spelarar i kategori 2 og 3 enn for fem år sidan. For handicapkomiteen, Ole Jacob Bye Turneringskomiteen 2014 Arnar Helgheim (leiar), Ewa Sonesson, Inger Jorun Årseth og Donovan Goosen. Målsetjinga til komiteen er å lage eit turneringsopplegg med ”noko for ein kvar smak”. Når vi sjekka GolfBox etter sesongen, finn vi 45 registrerte klubbturneringar med stort sett god deltaking. Turneringssesongen var rekordlang: 1.3.14 – 18.10.14! Sesongopning Bana var snøfri men med noko frost då 40 spelarar stilte til vinterscramble den 1. mars! Den 5., 12. og 19. april var det også scrambleturneringar. Aldri før har vel klubben hatt turneringar midtvinters? Nordea Pairs14. juni Her konkurrerte 20 deltakar. Lena Årseth og Inger Jorun Årseth gjekk av med sigeren. Audi Quattro Cup 21. juni Arrangert av Berge & Co. 20 spelarar utgjorde 10 lag der minst ein frå kvart par er Audi-eigar. Arild Fleten og Bjørn Kåre Rotnes vann og fekk dermed sjansen til å spele landsfinalen på Oustøen. COOP Vest Sunnfjord Open Vår NVT-turnering var sponsa av COOP Vest. Turneringa vart arrangert 10. august med 44 deltakarar frå 9 klubbar. Brutto slagspel: I herreklassen vann Aksel Hovland (+11) medan Inger Jorun Årseth (+20) vann i dameklassen og Jakob Stubhaug (+11) vann juniorklassen. Stableford: Her vann Joar Takset (Vanylven), Lena Årseth og Andreas Årseth kvar si klasse. Laurdagsgolf / søndagsgolf Laurdags- eller søndagsgolf har etter kvart vorte eit fast innslag på programmet. Dette er litt uhøgtidelege turneringar som vi stort sett har ei av kvar veke gjennom sesongen. Sunnfjordserien Vi hadde (som sist) sett opp 6 innleiande turneringar der dei 4 beste var teljande. Avslutninga var eit ”playoff” med 3 turneringar. Vi heldt på same format som i 2013 med ei felles klasse for alle deltakarane og ein Grand Finale som avslutning. Det vart svært jamt og spanande i samandraget og berre eitt poeng skilde dei 3 beste! Inger Jorun Årseth vann med 1 poengs margin til Helge Skudal og Terje Sæterdal. Aksel Hovland vann finaleturneringa 21. september med same poengsum som Arvid Årseth og Ewa Sonesson. Cross Country golf 3. august Her set komiteen opp ei «ny bane» på 18 hol med spel på kryss og tvers i scrambleformat. 16 spelarar var delte inn i 5 lag. 3 av dei 5 laga delte sigeren med 61 slag nett (1/4 handikap). Klubbmeisterskap 24. og 25. august Som vanleg gjekk klubbmeisterskapet i slagspel over 36 hol laurdag og søndag. Vinnarane vart: Herrar: Donovan Goosen (+13) Herrar Senior: Aksel Hovland (+33) Damer: Ewa Sonesson (+44) Junior: Jakob Stubhaug (+16) Geir Huus minnepokal (beste resultat): Donovan Goosen Klubbmeisterskap match Dei 16 beste uavhengig av klasse i klubbmeisterskapet kvalifiserte seg til matchspelet. I finalen vann Odd-Anders Vie med 4 & 3 mot Jan Furelid. NordVest Tour Dette var tredje året med denne turneringsserien i samarbeid med dei andre golfklubbane i nærområdet. Det vert arranger ei turnering hjå kvar klubb: Sunnfjord, Sandane, Nordfjord, Selje, Vanylven, Stranda, Volda, Sunnmøre og Ålesund. Vår runde var COOP Vest Sunnfjord Open (sjå første side). Peppe’s Pizza BedriftsScramble Den første BedriftsScramble den 10. september var ein stor suksess med 52 ivrige spelarar. Meir enn halvparten hadde ikkje spelt golf før. Takk til Peppe’s Pizza ved Arild Romarheim for eit flott arrangement! Sesongavslutning Vi arrangerte avslutningsgolf i scrambleformat den 27. september. Det var svært jamt og 3 av dei 5 laga fekk netto score på 3 under par. Haustgolf etter 27. september Vi hadde 3 ekstra turneringar også etter «avslutningsturneringa». Det var haustgolf den 4., 11. og 18. oktober. På vegner av turneringskomiteen Arnar Helgheim Styret Medlemsoversikt Sunnfjord Golfklubb hadde ved årsskiftet 442 medlemmer, av desse er 297 aktive barn, juniorar og vaksne. Resten av medlemmene er passive og Long Distance- medlemer. Ved førre årsskifte var talet på medlemmer 446, av desse 292 aktive. Ifølge Norsk Golf (http://www.norskgolf.no/artikler/nyheter/oversikt-dette-norges-storstejuniorklubber) var Sunnfjord GK per oktober 2014 på 7. plass i landet på oversikten over klubbar med høgast andel junior- /barnemedlemskap (17,3%). Grupper FH - Aktivt medlem m/lån FH - Aktivt medlem m/årskort FH - Aktivt medlem u/lån FH - Barn under 15 år (BARN) FH - Ektefelle/samboer m/lån FH - Ektefelle/samboer m/årskort FH - Ektefelle/samboer u/lån FH - Junior under 20 år (JUN) FH - Long Distance Ektefelle (LDE) FH - Long Distance Medlem (LD) FH - Long Distance u/lån FH - Passivt medlem (P) FH - Student (STUD) FH - Student u/lån FH - Æresmedlem (ÆRES) 97 74 16 30 10 7 6 23 3 20 13 125 11 0 3 Ole Jacob Bye Aktivitetsoversikt for spel på bana Sesongen 2014 -April Mai Juni Juli August September Oktober November Sum Medlemmer 237 578 557 488 556 337 160 0 2913 Gjester 12 29 51 43 34 32 13 0 214 Sesongen 2013 Total 249 607 608 531 590 369 173 0 3127 Medlemmer 0 301 506 490 515 420 115 0 2347 Gjester 0 18 19 28 35 19 0 0 119 Total 0 283 487 462 480 401 115 0 2228 Vi ser at vi har en god økning i antall spillere i år, men det er fortsatt et stykke å gå før vi er tilbake til 2012 sesongen hvor vi hadde nesten 5000 spillere på banen. Uansett har vi tatt et stort skritt i riktig retning, og slik banen fremsto på slutten av en lang sesong antar jeg at dette vil få en positiv effekt på 2015. Vi må vel konkludere med at vi delvis greide fjordårets målsetting med å gjenopprette et godt rykte for å få spillerne tilbake, antall gjestespillere viser også at ryktet også har spredt seg. Sponsorar 2014 Verdi over 25.000 kr. pr.år: Berge & Co, Peppe’s Pizza, BT Hus og Stein Arne Sunde. Verdi 12.000 kr. - 24.000 kr pr. år: Sparebanken Sogn og Fjordane, Jølstraholmen (Spar, Jølster Camping, Jølstraholmen kraftverk og Jølstringen kafe), Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Naustdal Dampbakeri, Frydenbø Bilsenter Førde og Enivest. Verdi 6.000 kr. - 11.000 kr pr. år: Bravida, GK Førde, Holtane hyttegrend, Terje Sunde, Sunnfjord Energi og Fjordane IT. Jølster kommune har i alle år gitt oss et kjærkomment bidrag ved ikke å kreve leie for det arealet klubben disponerer som er kommunalt. Klubben ønsker å tilby sponsorene aktiviteter på anlegget, og i 2014 arrangerte vi turnering for Peppe’s Pizza, noe som ga mersmak både for dem og oss. Arbeidet med å følge opp, og å skaffe nye sponsorer må prioriteres også fremover. Bana Se også årsmeldinga frå baneutvalget. Greenkeeper-funksjonen ble i 2014 fylt av Leiv Årseth og Helge Skudal. Vi leide ikke inn sommerhjelp, slik at vi frigjorde penger for en avtale med Helge som da fordelte innsatsen etter behov over hele året. Leiv har sagt seg villig til å ta et nytt år som baneansvarlig forutsatt samme avtale med Helge som i fjor. Dette er vi veldig glad for, da Leiv har opparbeidet en veldig god kompetanse rundt drift av banen, og utfører dette meget bra. Vi har imidlertid fått enda et pusterom i forhold til det å komme frem til en permanent løsning rundt Leiv’s arvtaker. Dette vil imidlertid styret ha fyll fokus på videre fremover. Heimesida Heimesida vart endra til en meir moderne og betre side i 2013. Vi forsøker å oppdatere siden fortløpende med relevant informasjon og nyheter. Målet er at all nødvendig informasjon rundt klubben og bana skal kunne finnes der. Facebook-siden vår blir mye brukt til å dele informasjon på lik linje med hjemmesiden, men også gode historier og bilder. Den fungerer godt med tanke på info og meningsutveksling. Tillitsvalde Sunnfjord Golfklubb har ikkje avgitt tillitsvalde til regionale eller sentrale idrettsorganisasjonar. Dugnadsinnsats Klubben vidareførte i 2014 opplegget frå året før med moglegheit for medlemmene å spreie dugnadsinnsatsen utover heile sesongen. Dette har vist seg å være en ordning som fungerer godt, slik at det ikkje er noen grunn til å endre på dette. I tillegg til nokre fastsatte dugnadsdagar, kunne medlemmene ta på seg og utføre oppgåver på anlegget når det passa dei. Det er herskar fortsatt ingen tvil om at klubben treng mykje hjelp på dugnadsbasis, så samtlege involverte fortener ein stor takk! * Klubben gjev gratis rangeballar til alle som forplikter seg til et fast opplegg heile sesongen. Alle som yter ein dugnadsinnsats tilsvarande avgiftsbeløpet (7 timar), vil sjølvsagt kunne krevje refusjon av heile summen. Møter/arrangement/kurs Klubben deltok ikke på kurs i 2014, men vi involverte oss i Jølster365 og deltok i en del oppstartsmøter og etablering av dette. Avslutningsarrangementet vart også denne gangen arrangert på klubbhuset. I tillegg til hyggelig sosialt samvær var det premieutdeling for mellom anna klubbmeisterskap og Sunnfjordserien. Økonomi Regnskapet for 2014 (se vedlegg) viser at økonomien igjen er på rett kjøl. Resultatet var bedre enn fryktet etter at banen fikk så hard medfart året før. Vi hadde en rekordlang sesong med gode vekstkår som ga tidlig håp om gode forhold. Dette, kombinert med god pleie fra banemannskapet, ga resultater og brakte brukerne tilbake på banen. I budsjettet for 2014 hadde vi lagt inn høyde for å kunne bruke en del penger på spilleflatene. Dette kom vel med da vi måtte bruke ganske mye mer gjødsel, frø og sand enn det som var beregnet, og vi kunne bevilge oss god kvalitetssand fra østlandet ved dressing av greener. I tillegg gikk gressklipperne ganske kontinuerlig, noe som medførte høye drivstoff utgifter, men heldigvis var vi forskånet fra store dyre reperasjoner. Alt i alt ble det en god sesong tatt i betraktning at greenene var i såpass dårlig forfatning året før. Tidligere har vi regnet 2-3 sesonger før vi er fullt tilbake etter en slik vinter, men vi har stor tro på at det skal være minimalt med spor etter dette når vi åpner banen i 2015. Resultatet ble såpass bra at styret vedtok å øke avdragsbetalingen til banken med kr. 70.000,- utover de kr. 50.000,- som var avsatt i budsjettet. Dette ble ikke gjort før i januar 2015 slik at det ikke fremkommer i regnskapet for 2014. Avgjørelsen om å betale så stort avdrag er selvsagt ikke lett da det er mange områder å bruke penger på i klubben, men vi tror at det vil bidra til gjøre klubben mer robust i fremtiden. Vi er selvsagt fortsatt avhengig av tilskuddsmidler, sponsorinntekter og rasjonell drift fremover, men vi ser helt klart at vi er på rett vei. I 2014 ble det startet opp et felles firma for utvalgte bedrifter i Jølster rettet mot turistnæringen med tanke på å kunne dra veksel på hverandre i promoteringen av Jølster som et komplett opplevelsessenter. Dette vil ha et felles bookingsystem, og jobbe for å trekke turister fra fjern og nær. Vi har investert kr.: 20.000,- i dette, og det er påberegnet 3 års oppstartstid før det er selvbærende. Fremtiden Driftsmessige fokusområder fremover for styret må bli å fortsette arbeidet med en permanent løsning rundt greenkeeperfunksjonen, samt fornyelse av maskinparken. Det siste vil vi forsøke å få finansiert gjennom sponsoravtaler. Den største endringen for 2015 er at vår Pro gjennom 10 år har valgt å vende blikket nordover, og har laget avtale med Ålesund GK for neste sesong. Han vil fortsette i Sunnfjord GK på redusert stilling i helgene. De siste årene har vi ramset opp følgende for å bedre økonomien: - Øke medlemstalet og aktiviteten på bana. - Øke sponsorinntekter - Få klubben med i ett eller flere prosjekt (med tilskot) - Kostnadseffektiv drift av bana Alle disse punktene gjelder fortsatt, og vi må si at målet er nådd på siste punktet, og langt på vei på punkt to. Det første punktet er nok fortsatt den viktigste nøkkelen til trygg drift for å sikre at klubben og bana kan eksistere fremover i dagens format, og for egen maskin. Økonomisk tilskot/ klubbutvikling Gjennom året har vi søkt ulike støtte/tilskuddsordninger for å styrke klubbens arbeid med barn og ungdom. Vi har mottatt kr.: 16.000,- fra Jølster kommune til barn & golf og kr.: 65.000,- fra sparebankstiftinga. Sunnfjord GK satser videre på rekruttering, noe vi ikke lykkes med i 2014. Vi håper og tror at målrettet arbeid når banen er i god stand vil bringe mange nye spillere til Vassenden. Når det gjelder vår deltagelse i aktivitetsparken på Hafstad i Førde har dette stått litt stille. Vi har gjort et par henvendelser uten respons, og det har dessverre blitt nedprioritert litt fra styrets side i mangel på tid og ressurser. Alle medlemmer oppfordres til å bidra med ideer og kontakter som kan få Sunnfjord GK involvert i gode prosjekt. Framtidig utvikling Styret opprettholdt å styre i 2014 etter langsiktige mål som vi mener vil skape aktivitet og mangfold i klubben. Dersom vi lykkes med å følge opp målsettingene våre vil dette sikre klubben og banens videre eksistens i minst den formen som er i dag. Målene kan oppsummeres som i fjor: 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. Skape et inkluderende og godt sosialt miljø i klubben der alle tar ansvar og kjenner seg velkomne Få nye medlemmer aktive på bana og i klubben Auke medlemstalet, og auke talet på aktive medlemmer som spelar på bana jevnlig. Bedre økonomien. (ref. punktet over) Fokusere på juniorer, finne voksne i klubben i medlemsmassen som ser dette viktige arbeidet engasjerende. Styrke golf-ferdighetene til aktive medlemer (coaching), støtte deltaking av klubben sine medlemmer når dei representerer Sunnfjord Golfklubb Styrke den faglege drifta av klubben Arbeide for å få fleire aktive kvinnelege golfspillere Marknadsføre klubben mot fylkeskommunen og kommunene Jølster og Førde Være klar for framtidig utvikling mot 18 hull når medlemsmassen er på plass. Særforbund Sunnfjord Golfklubb er medlem av Sogn og Fjordane Idrettskrins og Norges Golfforbund, og gjennom desse organisasjonane medlem av Norges Idrettsforbund. Sak 3 Rekneskap Sjå vedlegg 2 Sak 4 Budsjett 2013 Sjå vedlegg 3 Sak 5 Val