aarsmelding-2014

Transcription

aarsmelding-2014
Årsmelding 2014
NLT Sunnfjord driv formidling av arbeidskraft, utlønning og tenesteytingar for sine
medlemmar i Naustdal, Førde, Gaular, Hyllestad og Høyanger nordside.
Laget har arbeidsgjevaransvar.
Kontoret har ope dagleg frå 0900 – 1500, og det blir fortsatt drift i 2015.
Styret har i meldingsåret vore samansett slik:
Knut Horne
Styreleiar
Asbjørn Høydal
Nestleiar
Anne Berit Holsen
Styremedlem
Linda Kristin Oppedal
Styremedlem
Odd Magne Vallestad
tilsette sin rep. i styret
Vararep:
Oddvar Aase
Kåre Ullaland
Geir Eide
1.vara
2.vara
3.vara
Valnemnd:
Jonny Følling
leiar
Per Magnar Sognnes
Hallvard Hauken
Revisor:
Deloitte
På årsmøtet 26/3-14, vart det vedteke fusjonering mellom Gaular avløysarlag og Sunnfjord
landbrukstenester, dette etter grundige forberedelser i begge laga. Det har også vore fleire
fellesmøter mellom laga i forkant. Fusjonen har tilbakeverkande kraft frå 01.01.2014. Namnet
på laget er no NLT Sunnfjord.
NLT Sunnfjord har i året som gjekk hatt 3 styremøter og 12 saker er protokollerte.
Antal medlemmar i laget er 529, av desse er det 304 som har brukt laget til utlønning. Noko
av grunnen til differansen i desse tala er at Høyanger nord er lagt inn som medlemmar, dette
p.g.a av landbruksvikordninga, og det er mange av desse som ikkje brukar laget til utlønning.
Som rekneskapen viser har vi i år eit overskot på kr 14 214,- før skatt.
Tilsette i laget
I 2014 vart det skrevet ut 554 løns og trekkoppgåver.
I tillegg har vi hatt 4 avløysarringar drift, 1 i Førde og 1 i Hyllestad og 2 i Gaular. Vi har og
hatt nokre freelanse avløysarar som har jobba ein del, så har vi også brukt ein del aust
europearar som avløysarar, noko dei fleste brukarane har vore fornøgd med.
Vi har og mange familie/deltidsavløysarar, og dette fungerer bra. Vi har formidla
mestparten, men ein del har ordna dette sjølv.
Årsmelding 2014
I starten på året var vi 3 tilsette i administrasjonen, i tilsaman 150% stilling. Etter at Gro
Haga sa opp stillinga si, har vi vore 2 i adm. i ca 120% stilling
Blant dei tilsette i laget og i styret, er både kvinner og menn representerte.
Lønnsutgifter avløysing 2014:
Type avløysing
Ferieavløysing
Sjukdomsavløysing
Andre oppdrag
Timar
2013
58988
6162
19489
Totale utgifter
2014
92464
9822
15938
2013
11179059
1137493
4517138
Pr. time
2014
17417638
1884661
3801488
2013
189,48
184,61
231,78
2014
188,37
191,89
238,52
Landbruksvikar
Vi har hatt 2 landbruksvikarar tilsett i laget, der den eine delar av året kun tok beredskap ved
sjukdom. Vi har stort sett greidd å hjelpe alle som har spurt etter avløysar, ved bruk av lv og
beredskapsavløysarar.
I samarbeid med kommunen administrerer vi også LV i Solund, der vi har sagt at vi kan ordne
den administrative delen. Vi har jamnleg kontakt med dei, men det har heller ikkje i år vore
noko aktivitet når det gjeld sjukdomsavløysing der ute.
Vervekampanje
NLT si landsomfattande vervekampanje, har vore jobba med også i år. Bakgrunnen er alle
millionane av ubenytta avløysartilskot som kvart år går inn att til staten. NLT har laga ein del
materiell/kurs som laga kan bruke i denne samanhengen. Kari har delteke på salskurs, og det
har vore jobba litt med verving av nye medlemmer. Men, vi har fortsatt eit stort potensiale
her.
Årsmelding 2014
Sosiale samankomstar
Den 10.12 vart det halde ekstra årsmøte. Dette pga at meldinga om fusjonen til Brønnøysund
vart innsendt for seint, og vi måtte ha eit nytt årsmøtevedtak på saka. I etterkant av dette møtet
hadde vi julemiddag på Pikant. Vi har også hatt ein samling/møte med dei tilsette, på Picasso.
Maskinprisar
Vi brukar felles maskinprisar for alle landbrukstenester/avløysarlag. Dei ligg på nettsida vår.
Arbeidsmiljø
Vi har betalt ut kr.115 310,- i sjukeløn i år, samanlikna med i fjor er dette ein liten nedgang.
Når det gjeld det ytre miljø, kan nemnast at det ikkje har vore faktorar som har påverka dette i
vesentlig grad for inneverande år.
Kurs/møter
Solund Kommune og norsk landbruksrådgivning inviterte oss på våronnmøte i Solund,
18.mars, der vi fekk presentert oss og snakka med nokre bønder. Vi har også vore i Leirvik
på ring/medlemsmøte, det var i Juni.
NLT si vårsamling var på Gardermoen i Mai, adm deltok på denne. I tillegg har Kari delteke
på salskurs, der første samling var i januar. Styreleiar og ein styremedlem var utsendingar til
NLT sitt årsmøte i April.
I slutten av august vart det arrangert kurs for
landbruksvikarar på Skei. Frå NLT Sunnfjord
deltok to landbruksvikarar og to frå adm.
På den årlege haustsamlinga deltok vi 4 stk frå
NLT Sunnfjord, samlinga er i regi av Norske
Landbrukstenester.
I oktober hadde vi i administrasjonen ein
presentasjon av Sunnfjord landbrukstenester på
Mo og Jølster vidaregåande skule. Dette er
fjerde året vi deltek her. I Desember vart adm
invitert på Tine produsentlag sitt julemøte på
Sande.
HMS
I November kalla arbeidstilsynet inn til ein felles gjennomgang med alle landbrukstenestene i
fylket. Det vart her sett på rutinane til laga når det gjeld HMS arbeidet.
Internett
Sunnfjord Landbrukstenester har oppdaterte internettsider:
http://www.landbruk.org Vi oppmodar våre medlemmar å bruke sidene aktivt for
informasjon og kontakt med oss i styret og administrasjonen. Vi brukar og facebook som
informasjonkanal.
Årsmelding 2014
Renter
Rentesatsane på medlemmane har i år vore 7 % på uteståande, dette utgjer kr. 135155,- og
0,75 % på inneståande, som utgjer kr. 16601,Renter i bank har vore kr. 79924,- på til gode og kr. 729,- på utgifter.
_________________
Knut Horne
_____________________
Asbjørn Høydal
_______________________
Anne Berit Holsen
_________________
Linda Kristin Oppedal
_____________________
Oddvar Aase
_______________________
Odd Magne Vallestad
_________________________
Kari Stokkebekk ( adm )
Førde 26.februar 2015
Årsmelding 2014
________________________
Jonny Lofnes ( adm )