Referat -- - Norske Landbrukstenester

Transcription

Referat -- - Norske Landbrukstenester
Referat
Frå Styremøte 21. oktober, Quality Airport Hotel Gardermoen - Gardermoen
-Til stades:
Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy og Ivar
Aae.
Frå adm.: Frode Alfarnes, Tor Skeie Olsen og Romar Skeie Olsen
Sak 53/14
Godkjenning av protokoll frå førre styremøte
Ingen merknader.
Vedtak
Protokoll frå sist styremøte vert godkjent
Sak 54/14
Rekneskap til dags dato
Frode Alfarnes orienterte om rekneskapen pr. 20. oktober.










På forsikring står det att å fakturera bilforsikring og forsikringane til
bygdeserviceføretaka.
Vi har «kickback» på helseforsikringa som enno ikkje er betalt ut frå Vertikal.
Her skal også laga ha litt for deira sal ute i laga.
Det kjem meir utgifter på kurs og kjøp av tenester samt på lisensar
Foreløpig ligg vi under budsjett på lønn til tillitsvalte, dette kjem av at besøk i
medlemslaga har vore nedprioritert.
Posten for WebTemp ligg kr 150 000,- under budsjett
Kurs/møter er kr 20 000,- over budsjett
På reiseutgifter ligg vi kr 90 000,- under budsjett pr. i dag
Vi ynskjer profilering gjennom NBU, der dei nemner oss i ulike fora. Her er det
snakk om kr 25 000,- i året og vi ventar på forslag på kontrakt frå dei.
Vi treng meir profileringsartiklar, dette legg vi på neste års budsjett.
Foreløpig underskudd viser kr 340 000,-
Vedtak
Rekneskap tatt til orientering
Sak 55/14
Gjennomføring av haustsamlingane
Dato for haustsamlingane er:
Sør
- Quality Airport Hotel, Gardermoen
Nord - Rica Hell Hotel, Værnes
21 - 23. oktober
11 - 13. november
Innstilling frå administrasjon
Forslag til arbeidsoppgåver
1. Registrering;
Aud og Ivar (Sør) Aud og Finn-Egil (Nord)
2. Ønskje velkomen;
Harald (Sør og Nord)
3. Møteleiing dag 1;
4. Møteleiing dag 2;
5. Årets avløysar;
6. Markering adm;
7. Toastmaster;
8. Rekruttering;
9. Verveaksjon;
10. Strategidebatt;
11. Tillitsvalt time;
12. Tilsettes time;
13. Informasjon;



Harald (Sør) og Jorulf (Nord)
Finn Egil (Sør) og Bodil (Nord)
Harald (Sør og Nord)
Frode (Sør og Nord)
Jorulf (Sør) og Harald (Nord)
Utval (Sør og Nord)
Utval (Sør og Nord)
Harald (Sør og Nord)
Styret (Sør og Nord)
Administrasjon (Sør og Nord)
Administrasjon (Sør og Nord)
I sør er det i år færre deltakarar enn tidlegare år. Det vart ein diskusjon på
om tida var inne for ei samling for heile landet. Dette vert ei sak på seinare
styremøte.
Fylkesvise samlingar fungerer dårleg i enkelte fylker. Her må vi ha ein
person som leier møtet. NLT set opp ein møteleiar.
Styremedlemene vart fordelt på fylka for innsamling av valresultat
Vedtak
Haustsamlingane er gjennomgått og alle tek ansvar for sine oppgåver under
samlinga.
Sak 56/14
Strategisk
Syner til sak 44/14. Utkast som vart presentert frå administrasjonen dannar
utgangspunkt for vidare arbeid med strategisk plan. Foreløpig plan ligg vedlagt.
Saker som er avgjort
 Årsmøte vert eit eiga møte
 Vårsamling og haustsamling som i dag
o Her må det diskuterast om vi skal ha ei haustsamling for heile landet.
 Ikkje diskusjon om fusjon med NLR på noverande tidspunkt
 Strategiplan til debatt på haustsamlingane
 Strukturutval med innstilling 30. november
 Strategiplan klar i desember
Saker som vart diskutert
 Visjon
NLT skal gjennom sine medlemslag sørgje for :
o at landbruket sitt behov for arbeidskraft vert dekka over heile landet.
o effektiv gjennomføring av velferdsordningar av god kvalitet.
o å byggja på organisasjonen sitt verdigrunnlag.
 Overordna mål
o NLT skal forvalta velferdsmidlane i landbruket og vera norsk faglag
for velferdsordningane.
 Her må formuleringane gjennomgåast. Bør faglag nyttast?
 Kva tankar har vi om at NLT skal forvalte velferdsmidlane?
 Vi må formulere ord og uttrykk slik at dei vert forstått slik vi
ynskjer.
o Profesjonelle medlemslag.










o Alle bønder som har rett til avløysartilskott skal få tilbod om å vera
aktive medlemer.
o Dekke minst 80% av leigd arbeidskraft i landbruket.
o Styrkje inntektsgrunnlaget.
Delmål
o Det må setjast realistiske tidsfesta delmål til kvart overordna mål
Vurdering av underpunkt
Årsmøte over ein eller to dagar
o Det er ikkje noko problem å avvikle årsmøtet på ein dag
o Vil ikkje vera rom for andre saker enn årsmøtesaker
o Ein vil misse det sosiale ved ei slik omlegging
o Sparte kostnader til godtgjersle ca. 120 000,o Sparte kostnader på møte ca. 80 000,Eksterne personar til vurdering av strategiplan
 Vi bør ha to personar utanfor vår organisasjon som går
gjennom planen vår.
Viktig at planen ikkje vert for statisk, den må vere fleksible for endringar i åra
som kjem.
Planen må ha nokre målbare punkt vi skal arbeida mot.
Ein må auka aktiviteten mot det politiske. Det er viktig at vi nyttar dei
kanalane vi har i politikken.
Innspela som vi får inn på haustsamlingane skal gjennomgåast og takast i
betraktning ved vidare arbeid av planen.
NLT vil spare ca. kr 200 000,- på å halde årsmøtet på ein dag. Det sosiale vil
falle bort ved eit slikt møte. Det bør vurderast å halde årsmøtet over ein dag
dersom vi går for ei haustsamling for heile landet.
Administrasjonen sjekkar opp kapasitet på hotell.
Vedtak
Administrasjonen innarbeider innspel i vidare arbeid med strategiplan
Sak 57/14
Høyring - forskrift produksjons- og avløysartilskott
Harald Lie orienterte.
 Det er gjort eit godt forarbeid og det er oppretta kontakt med mange
personar i systemet.
 Innspel er formidla til faglag sentralt og på fylke, og politikare sentralt.
 Det har vore gjort eit godt arbeid lokalt rundt om i landet.
 Vi må gjere laga merksame på kva innspel deira kommune har, det er lett å
miste oversikten med alle forslaga.
Arbeidet er ikkje ferdig sjølv om høyringsfristen er gått ut. Vi bør finne personar som
kan gå i pressa med korleis desse endringane kan påverka bondens kvardag
negativt. Fjorårets «Årets unge bonde» kunne vore ein god kandidat.
Styremedlemene vert oppfordra til å bruka sitt kjennskap til politikarane for å
påverka.
Frode Alfarnes jobbar vidare opp mot departementet og Krf. Jorulf Refsnes tek
kontakt med Høgre og Ivar Aae tek kontakt med Venstre.
NLT går ut med offisielt standpunkt på facebook og heimesida. Her kan innlegget til
Harald Lie i Nationen nyttast.
Det er lagt ut ein ny høyring på sjukdomsavløysing; «Høring av ny forskrift om tilskot
til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v.» Høyringsfrist er 1. desember og vi må
starte arbeidet med eit høyringssvar. Styret gjev arbeidsutvalet fullmakt til å lage
svar til høyringa.
Vedtak
Vidare strategi i saka er bestemt på styremøtet og vert fylgd opp.
Sak 58/14
Markering av tillitsvalde med lang fartstid
Det er kome eit spørsmål frå eit medlemslag om å heidre styreleiar i laget. Han har
hatt ei fartstid på 25 år.
NLT har ikkje oversikt på kor lenge tillitsvalte har vore i sine verv og styret ser det
som naturleg at denne markeringa vert teke lokalt i laga.
Vedtak
Det er viktig å verdsette det arbeidet tillitsvalde gjer i organisasjonen. Det vil nok
ikkje vera mange som når 25 år i vervet. Det kan vera meir naturleg at laga lokalt
har dette ansvaret.
Sak 59/14
Orienteringssaker
A. Etterutdanning- og rekrutteringsutval
Bodil Mannsverk orienterte frå Etterutdanning- og rekrutteringsutval.
Landbruksvikarkurs:
 SNS Nordenfjellske søker for alle laga
 Utvalet har laga kursplan og budsjettmal til laga
o Nettverksbygging og det sosiale er viktig på slike kurs
 Det vert oppsamlingskurs for dei som ikkje har tilbod om kurs. Planen er å få
til eit slikt kurs i samarbeid med Landbrukstjenester i Sør-Trøndelag på
nyåret 2015.
 Rogaland har landbruksvikarkurs i regi av Tine. Her er vi i dialog om
samarbeid og har hatt kontakt med nokre lag samt Tine.
2+2



NLT si oppgåve her er å koordinera. Ellen Svarstad er vår kontaktperson
Det er planlagt eit informasjonsmøte 19.-20. november i Bodø. Her vert
pilotfylka invitert samt fylkeskommunane og andre som har ei rolle i dette
prosjektet.
Det er søkt OU-midlar gjennom NHOML for denne samlinga og vidare arbeid
med 2+2. Mykje avheng av om vi får støtte sidan det ikkje føl med midlar til
igangsetting av 2+2 prosjektet.
B. Verveutval
Tor Skeie Olsen orienterte frå Verveutvalet.
Oppdaterte lagslister skal no ut til laga.
C. Prosjekt Webtemp
Frode Alfarnes orienterte.
Første samling med nye brukara av Webtemp er no gjennomført på Hell. Totalt så
møtte det 10 lag, NLT Hordaland og to pers frå WebTemp. Deltakarane var positive
til WebTemp.
Vi hadde lagt inn alle data, slik at ein fekk arbeid med reelle data. Det er viktig å få
inn data for å få reell innsikt i korleis programmet fungerer. Det er oppretta ei
facebookgruppe for dei som er med i prosjektet.
D. Administrasjonshandbok
Tor Skeie Olsen orienterte på møtet.
Første møte i gruppa som arbeider med Administrasjonshandbok vart gjennomført
1. oktober.
Ingvild Våg tok kommandoen og det er no laga ei grunnskissa.
Nytt møte på haustsamlinga i Nord og det er mogleg at ein får lagt fram eit forslag
på neste styremøte.
På neste møte skal det vurderast kor djupt ein skal gå i materien. Skal ein nytte
henvisningar eller skal alt inn i boka.
E. Fusjon NHO Mat og Landbruk/Mat og Drikke
Harald Lie orienterte.
Eit utkast til fusjonsavtale er no godkjent i styrene til Mat og Landbruk og Mat og
Drikke. Ved ein slik fusjon vil ein få større påverknadskraft. Landbruk forsvinn i val
av nytt namn.
Viktig at vi har ein plass i styret og at vi er representert på generalforsamlinga.
Vi ynskjer og vidareføring av kontingenten slik som idag.
Om det vert fusjon vil tida vise, ingenting er avgjort enno.
F. MRSA-smitte
Harald Lie orienterte.
Det er kome eit innspel frå Ellen Svarstad, Helgeland Landbrukstjenester, på korleis
vi bør takle utanlandske arbeidstakarar og testing av smitte. Det er eit ønske at
dette skal gjelde fleire enn dei som arbeidar med gris.
Her er det viktig at laga fylgjer rutinar og reglar. Vi bør sende ut ei påminning til
medlemslaga. Her kan vi sende ut skrivet som Ellen Svarstad har laga.
Viktig at tilsette i NLT-laga ikkje forårsakar MRSA-smitte.
G. Bemanning i NLT administrasjonen.
Frode Alfarnes orienterte.
Skal vi få WebTemp opp og gå må vi satse 100 %. Vi har fått eit tilbod frå NLTHordaland om å få kjøpe 50% av Trude Soma Saugestad si arbeidstid. Ho får då
hovudansvar for satsinga på WebTemp i 2015 og 2016. Kostnadar er rekna til kr
300 000,-. Trude har eigenskapar som vi har bruk for i NLT.
Vedtak
Orientering er teke til etterretting
Sak 60/14
Referatsaker
A. Samarbeidsmøte NLR
Jorulf Refsnes og Frode Alfarnes møtte for NLT
Jorulf Refsnes refererte.
NLR er inne i ein strukturdebatt. Dei arbeidar med nokolunde dei same
problemstillingane som NLT.
Det er store utfordringar i eigen organisasjon, så fusjonsplanar er lite aktuelt på
noverande tidspunkt.
Det er ynskje om eit godt samarbeid mellom organisasjonane, og det er avtalt to
samarbeidsmøter i året.
B. Styremøte NHO Mat og landbruk
Jorulf Refsnes møtte for NLT
Jorulf Refsnes refererte.
Eit godt og interessant møte der fusjonsplanane var hovudtema.
C. Representantskapsmøte
Harald Lie møtte for NLT
Harald Lie orienterte.
Gjekk på talarstolen og takka for at NLT vart tekne inn i representantskapet.
Orienterte litt om velferdsordningane og om NLT.
D. Dyrsku’n
Administrasjonen og Harald Lie møtte for NLT
Frode Alfarnes orienterte
Av lokale lag var det bare NLT Hordaland som var med på NLT sin stand.
Det var bra med folk innom, både medlemer, bønder og avløysarar.
Vi hadde ein god og funksjonell stand, der vi hadde høve til å setja oss ned å
snakka med dei som var interessert.
Vi må ta nokre investeringar i utstyr til stand for neste år.
Vedtak
Referat er teke til etterretting
Sak 61/14
Eventuelt
A. Studieforbundet Næring og Samfunn.
Høgre og Frp vil redusere 20% av midlane til studieforbundet. SNS ynskjer
underskrift av oss på eit opprop for å unngå denne reduksjonen. Heile styret skreiv
under på oppropet.
B. Søknad om refusjon av reiseutgifter frå Landbruk Nord
Landbruk Nord søkjer om dekking av reiseutgiftene til møte med Stortinget. NLT
vart invitert av Landbruk Nord til å delta på møtet. Dagleg leiar deltok for NLT.
Dagleg leiar avgjer om dette skal dekkast.