Møtebok for Sauherad og Nes sokneråd I SR
Transcription
Møtebok for Sauherad og Nes sokneråd I SR
Møtebok for Sauherad og Nes sokneråd Møtedato: Møtetid: Møtestad: 12.03.2015 kl. 21:00 Nes menighetshus Til stades: Edit Pernille Norheim, Tom Arne Møllerbråten, Anlaug Jorunn Bergan, Arne Torgeir Ripegutu, Ingebjørg Kaljord Svalebjørg, Margrete Nitter Gundersen. Meldt forfall: Anne-Inger Lunner, Dag Gjermund Roheim, Brit-Vera Lie, Torunn Hesthag, Bente Irene Vogsland. Saker Sak 010/15 Val av styre for Nes menighetshus 2015 Iht vedtektene for stiftelsen Nes menighetshus skal soknerådet skal i løpet av 1. kvartal kvart år velje nytt styreStyret består av 7 representantar og to vararepresentantar. Dei faste repr. blir valkt for to år medan vararepr. veljast kvart år. Om lag halvparten av dei faste repr. er på val kvart år. Dei som er på val i år er dei faste representantane Gudrun Midtbø, Randi Slettebø og Arne Aune, i tillegg til vararepresentantane Eie Bergan og Birgit Brenne. I SR-sak 009/15 blei soknerådsleiar og kyrkjeverja oppnemnt som valkomité. Valkomitéen har snakka med alle dei fem som er på val og med ein del nye aktuelle kandidatar. Forslag til vedtak: Faste representantar (veljast for to år -til 2017): Arne Aune (attval), Sverre Blaasvær (ny), Gepke Robiins-Post (ny) Varerepresentantar (veljast for eitt år – fram til 2016): Randi Slettebø, Birgit Brenne, Eie Bergan Møtebehandling: Vedtak: Nye styremedlemar til Nes menighetshus: Faste representantar (valt fram til 2017): Arne Aune (attval), Sverre Blaasvær (ny), Gepke RobiinsPost (ny) Varerepresentantar (valt fram til 2016): Randi Slettebø, Birgit Brenne, Eie Bergan Sak 011/15 Dei 35. internasjonale Hansadagane i Viljandi Vi har i mange år no hatt ein venskapsmenighet i den estiske Hansabyen Viljandi. Menigheten bærer namnet Jaani Kirik, og dei har sendt oss ein invitasjon i samnad med at byen i juni i år (4.-7.) skal vere vertskap for dei 35. internasjonale Hansadagane (sjå vedlagte brev frå deira pastor Marko Tiitus). I brevet går det fram at dei inviterer inntil 5 offisielle representantar frå menigheten vår. Der er ordna med overnatting til alle inviterte, men kostnaden på ca 200 kr pr pers/natt må gjestene betale. Pastor Marko skriv vidare i at kyrkja deira skal innvie eit nytt klokkespel i samband med Hansadagane, og som venskapsmenighet blir vi utfordra til å gje ei gåve til dette prosjektet. Det har ei total kostnadsramme på € 89.000, og dersom vi betaler kostnaden til ei av dei 25 små klokkene (€ 1.500), vil vi få namnet vårt gravert inn på klokka. Til slutt blir vi invitert til å delta/medvirke på den internasjonale gudstenesta den 7. juni. Som saksopplysning har soknerådet ein Viljandikomité der desse er med; Henrik Ødegaard (leiar), Tove Tengesdal, Ivar Solbu, Bjørn Otto Halden, Torunn Hesthag og Jarl Olav Rugtveit. Forslag til vedtak: Saka leggast fram utan forslag til vedtak. Møtebehandling: Vedtak: Soknerådet set av 5.000 kr som Viljandikomitéen kan bruke til å dekke kostnadar for ein delegasjon frå Sauherad til den intenasjonale Hansafestivalen i Viljandi, Estland i juni 2015. Sak 012/15 Utsending til Kirkens SOS i Telemark sitt årsmøte Organisasjon Det er menighetene i Den norske Kirke og Den Evangelisk Lutherske Frikirke som eier Kirkens SOS i Telemark. Disse sender hver sin representant til det årlige representantskapsmøtet, som er det høyeste organ for K-SOS/Telemark. Dette møtet velger et styre for ledelse av virksomheten mellom rep.skapsmøtene. Kjelde: Kirkens SOS i Telemark sine nettsider. Sauherad og Nes sokn er altså medeigar i Kirkens SOS, og kan såleis velje ein utsending til det årlege representantskapsmøtet. Forslag til vedtak: Aud Berit Tangen veljast som representant frå Sauherad og Nes til sokn til årsmøtet i Kirkens SOS Telemark. Møtebehandling: Vedtak: Aud Berit Tangen veljast som representant frå Sauherad og Nes til sokn til årsmøtet i Kirkens SOS Telemark. For Sauherad og Nes sokneråd Trond M. Haugen kyrkjeverje