Informasjonsskriv master i utdanningsvitenskap 2015
Transcription
Informasjonsskriv master i utdanningsvitenskap 2015
Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærerutdanning Velkommen til Masterstudiet i utdanningsvitskap! Tysdag 1. september startar Masterstudiet i utdanningsvitskap. Høgskolen i Telemark ynskjer deg velkommen! Me er svært glade for at nettopp du har valt å bli masterstudent hjå oss. Her er ein del praktisk informasjon om den fyrste samlinga ved EFL/ Notodden, som går frå og med tysdag 1. september og fram til kl. 12. på fredag. Tysdag 9.15‐ Opning av studiet ved 12 dekanane og instituttleiarane EFL/Notodden og AF/Bø. Orientering ved koordinatorane for studiet, Kerstin Bornholdt og Sveinung Nordstoga. Samtalar med studentane for å bli kjent. Rom F‐257c Onsdag Vitskapsteori og metode: Orientering og presentasjon ved Lars Frers. Kort informasjon om emnet Fagdidaktikk og didaktikk, ved Sveinung Nordstoga. Rom F‐257c 13‐ 16 Mat Informasjon frå bibliotektenesta F‐257c/ biblioteket 18 Mat Studentsamtalane held fram, rom F ‐257c Opplæring i nettundervisning frå 14‐ 16, L‐ 316 Felles middag i kantina Torsdag Til disposisjon for valemna Samfunnsfag/Sted og kulturarv: L‐226 v/ Kerstin Bornholdt Engelsk/English or Englishes? L ‐218 v/ Øystein Heggelund Norsk/Grammatisk teori i norskfaget, L‐318 v/ Bernt Øyvind Thorvaldsen Mat Fredag Til disposisjon for valemna Samfunnsfag: L‐226 Engelsk: L‐ 318 Norsk: L‐148 Side 2 av 2 Annan informasjon Bø/ Notodden og pensum: Masterstudiet er eit samarbeidsprosjekt mellom Fakultet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning/ Notodden og Fakultet for allmennvitskaplege fag /Bø. Pensum finn du på heimesida til høgskolen ved å gå inn på «Student». Emna i masteren er anten Notodden‐ baserte eller Bø‐baserte. Dei to fellesemna er lagt til Notodden (VITM400, FDID400). Av valemna til hausten er Grammatisk teori i norskfaget (GTNOR400) og Sted og kulturarv (STKULT400) lagt til Notodden, English or Englishes? (ENG400) er lagt til Bø. Pensumlistene finn du ved det fakultetet emnet er lagt til. Akademika på studiestad Notodden har relevant pensumlitteratur. I tillegg vil det bli publisert digitale kompendium via Fronter. Fronter m. m. Når det gjeld Fronter‐tilgang og annan viktig studieadministrativ informasjon, får du eigen mail om dette. Det er viktig at du har tilgang så fort som råd til Fronter. Viktig informasjon blir lagt ut der. Kvart emne har sitt rom. I tillegg vil det bli oppretta eit kullrom/rom for alle på studieprogrammet. Ei orientering om studieprogrammet blir lagt ut i dette rommet i byrjinga av august. Notodden 2.7.15 Sveinung Nordstoga ‐koordinator‐