Velkommen til nytt barnehageår!

Transcription

Velkommen til nytt barnehageår!
Velkommen til nytt barnehageår!
Då er nytt barnehageår godt i gang, og me vil ønskje alle velkommen tilbake etter
sommaren. Eit ekstra velkommen også til dei nye barna og foreldra som nok no er over den
førte skumle tilvenninga i barnehagen i desse dagar. De kjenner det nok likevel godt i
magen for tida, men de skal veta at det er erfarne folk som tek i mot barna dykkar, og me
gjer alle det me kan for at dei skal få ein så god start som mogleg.
Kjøkken / mat
Barna får alle måltid i barnehagen, og me har for tida to kjøkkenhjelper (Baw Meh og Inga)
frå kantina til Opero. Dei er hos oss måndag, tysdag og onsdag.
Rutinane for måltida er som før sommaren:

Frukost ca.8.00 – 8.45 (oppe). Dei som kjem etter dette må ha ete frukost heime.
Dei som tilhøyrer Tusenbeingruppa et frukost på ”tusenbeinrommet”, medan
Gashoppe-,Tissemaur- og Sommarfuglgruppa et frukost i ”kantina”.

Lunsj ca 11.30, middag stort sett onsdagane.

Frukt i tida kring 14.00 – 15.00.
I avdelinga nede for dei minste har dei eigne tider for måltida, dei kan informere meir om
det.
Tilsette
Me er delt i 6 grupper, med 1 pedagogisk leiar og faste assistentar/fagarbeidarar i kvar
gruppe. I tillegg til den faste bemanninga har me også med ekstra personale som er inne i
ulike attføringstiltak gjennom NAV og Opero AS.
I haust har me jobba litt med å få inn nok pedagogressurs på huset. Lena Egelandsdal
Stokken som har vore tilsett som vikar før ferien er no inne i ein fast stilling hos oss. Me
meiner me har vore storheldige som har fått henne med på laget. I tilsettingsprosessen
stod det då att eit vikariat på humlegruppa som pedagogisk leiar. Sidan det no berre er to
månadar att til ei av våre tilsette kjem tilbake etter foreldrepermisjon fekk me løyve frå
kommunen å nytta interne vikarar til denne stillinga. Me frigjer Sissel som er assisterande
styrar, slik at den pedagogiske planlegginga skal vera på plass. Dei tre som no er der i
kvardagen er trygge og dyktige fagpersonar som me har stor tiltru til. Dei er gode på å ta
var på både borna og foreldra. Håpar også de har fått intrykk av dette. Avgjera i denne
tilsettingsprosessen har vore eit samarbeid med både tillitsvalte, verneombod, styrar,
kommunen og eigar.
Rundt 1. november vil Malin Eriksen vera tilbake. Ho går då inn att med den gruppa ho
hadde før ho gjekk i permisjon og Siv vil vera den som tar over pedagogansvaret nede på
Humlegruppa. Marte vil då miste den faste engasjementet, men vil vera ringevikar ved
behov.
Fordelinga av personalet blir slik i haust:
Humlene
- Siv-Camilla Bernersson, Ingrid Nysæter og Marte Hillesdal
Sissel er her pedagogisk vegleiar fram til Siv overtar rundt 1.november
Marihøne
- Lene Presthaug (pedagogisk leiar), Inger Marit Larsen og Margrethe som er
ekstra assistent.
Tusenbein
- Linda Amundsen Rogne (pedagogisk leiar), Jessica Hauan og
Agnethe Koppang (Kvalifisering).
Grashoppe
- Lena Egelandsdal Stokken (pedagogisk leiar), Jillian Moores og
Kjellaug Larsen
Tissemaur
– Kine Dommersnes (pedagogisk leiar), Audhild Sørensen, Anna Jespersen og
Kari Ågotnes(Kvalifisering)
Sommarfugl – Siv Miljeteig (pedagogisk leiar), Hilde Nysæter, Anne Bente Østraat og
Anita Aga(Kvalifisering)
Malin tar over som pedagogisk leiar her ca 1. november.
Styrar er Aud Jorunn Vedøy. Eg har kontor i ”kjellaren” og er vanlegvis å treffa mellom
7:30 og 15.00. Er det noko de lurer på, eller har de ein tilbakemelding er det berre å
komme innom meg, ringe, eller ta kontakt via e-post: [email protected].
Assisterande styrar er Sissel Gravdal. Ho har også kontor i kjellaren, og er til vanleg å
treffa mellom 7.30 og 15.00. Ho er stedfortreder for styrar, og har også ansvar for
tilrettelegging og oppfølging av deltakarane i attføring.
Telefonnummer til barnehagen:
Styrar: 53402430
Styrarassistent: 53402432
Gruppene oppe: 53402433
Gruppene nede: 53402436
Dei ulike gruppene har eigne mobiltelefonar. Daglege beskjedar om at barn er sjuke, tek fri
osb. kan sendast som melding til desse. De får nummer til dykkar gruppe frå pedagogisk
leiar. Me ønskjer å få beskjed innan 9.00 om barnet ikkje kjem i barnehagen, sidan samling,
turar og andre gruppeaktivitetar startar på den tida.
I år har me også kjøpt inn eit arbeidsverktøys som heiter Vigilo. Dette skal de få meir
informasjon om, til dømes på foreldremøte onsdag 23. september kl 18:00. Gjennom
dette verktøyet kan de installerer ein app på smart-telefonen dykkar og gi korte beskjedar
til gruppene. Meir informasjon kjem altså her.
Heimeside
Barnehagen har eiga heimeside der de finn generell informasjon om barnehagen, planar,
vedtekter, månadsbrev og bilete frå aktivitetar i barnehagen. Adressa er
www.aasbarnehage.no
Opningstider
Me har open frå 06.45 – 16.15 kvar dag. Dei tilsette må arbeide i vakter for å dekke heile
opningstida, og det er difor ikkje alltid du vil treffe nokon frå ”di” gruppe når du leverer
tidleg, eller hentar seint på ettermiddagen. Me vaksne prøver å gjere oss godt kjende med
alle barna, så barnet ditt vert likevel teken godt hand om, og har du beskjedar til di gruppe
formidlar me sjølvsagt det vidare til rette vedkommande.
Fødselsdagar
Fødselsdagar vert markert på gruppa barnet høyrer til. Me heiser flagget, og har ei
bursdagssamling der me gjer stas på barnet med bursdagskrone, song og moro, og eit fint
fruktfat til slutt.
Me minner om at me ikkje ønskjer at bursdagsinvitasjonar til privat feiring vert delt ut i
barnehagen dersom ein ikkje inviterer heile gruppa. Dette er fordi me ser at det oppleves
sårt for dei barna som ikkje vert invitert, og me ønskjer at barnehagen skal vere ein stad
der alle kjenner at dei vert inkludert i fellesskapet. Personalet kan likevel vere behjelpelig
med kontaktinformasjon til andre foreldre om ein har vanskar med å finne fram til dei
barna ein vil invitere.
Eigne leiker
Regelen om at barna ikkje skal ha med eigne leiker kan nok opplevas som trøblete for
enkelte, men me ser at det er viktig å halde på den. Det oppstår fort konfliktar og
vanskelige situasjonar når barna har eigne leiker med. Barnehagen har leiker tilpassa dei
ulike aldrar og behov, og me får ein betre leik når ikkje nokon ”eig” leikene meir enn andre.
Tutt og kos for dei minste er sjølvsagt ikkje medrekna her, det som trengst til soving og
trøyst må sjølvsagt vere med.
Merking av klede
Me gjentek det kvar haust, og her kjem det igjen: Me har mange barn her i barnehagen, og
det blir mykje klede å halde styr på, særleg dei dagane me vert våte og må byte. Då går
det fort i surr med bukser, genserar, strømpebukser, sokkar og truser. For at me skal
kunne ha best mogleg oversikt ber me om at de merkar alt med namn, også dei små plagga.
Byteklede
Me lever etter mottoet at det fins ikkje dårleg ver, berre dårlege kler…eller av og til for
lite kler. Me er ute i all slags ver, og ein del blir våte kanskje fleire gonger kvar dag. Det er
difor viktig at de med jevne mellomrom sjekkar innhaldet i byttekorga, og har rikeleg av dei
mest ”utsette” kleda, som strømpebukser, sokkar, bodyar/undertrøyer. Våte dressar og
regnklede må takast med heim til tørk, sidan det er vanskeleg for oss å få alt tørt til dagen
etter når det skal i bruk igjen.
Dersom barna manglar det dei treng av utanpåkler/byttekler kan det hende me må ringe og
be dykk komme med det. Me har ikkje anledning til å halde ekstrakler her i barnehagen, og
det er foreldra sitt ansvar at alt nødvendig utstyr er på plass til ei kvar tid.
Informasjon via e-post
Me sender mest mogleg av fellesinformasjonen frå barnehagen via e-post, for å redusere
papirbruken samstundes som det vert lettare tilgjengeleg for dykk som foreldre. De som
er nye har no fått utdelt eit skjema der de fører på om de ønskjer informasjon via e-post,
og evt. adresser. Til dykk andre er det fint om de gjev beskjed dersom de endrar e-post
adresse. Det same gjeld telefonnummer og anna kontaktinformasjon til foreldre. Det er
viktig at me har oppdaterte telefonnummer dersom me kjem opp i akutte situasjonar og må
varsle raskt.
Då gjenstår det å ønskje alle ein fin haust i barnehagen – ta berre kontakt om det er noko
de lurer på.
Styrar