Referat frå SU-møte 28.10.2015

Transcription

Referat frå SU-møte 28.10.2015
Skattebøl barnehage
Branesvegen 2
3570 Ål
Tlf. 32 08 15 06
E-post: skattebol.barnehage
@ aal.kommune.no
Referat frå SU-møte i Skattebøl barnehage, onsdag 28.10.2015, kl.15.30 – 17.00.
Desse møtte:
Beate Luksengard Bergum, foreldrerepr.
Staffan Landsmann-Wiwe, foreldrerepr.
Janne Birgitte Grøthe, personalrepr.
Mona Helling Gunhildgard, personalrepr.
Grete T. Hagen, styrar
Forfall: Marie Skråmestø, nyvald kommunerepresentant (vald dagen før, og fekk kort varsel..)
SAKER TIL HANDSAMING:
HANDSAMING:
01.15
01.15-16: Konstituering av nytt SU. Val av leiar.
Leiar: Staffan Landsmann-Wiwe
Skrivararbeidet er lagt til styraren som er sakshandsamar for SU.
02.15
02.15-16: Tal og fakta for barnehagen, hausten 2015
2015
Styrar la fram status pr.dato på barnetal, tilsette m.m.
03.15
03.15-16: Årsplan for Skattebøl barnehage 2015
2015-16.
Foreldre, tilsette og barna kan kome med idear til handlingsplanen i Årsplanen.
Handlingsplanen er ein plan for dei aktivitetane ein vil leggje inn i dette barnehageåret.
SU hadde ingen spesielle merknader til «kladden» for Årsplan 2015-16, og planen
vil bli delt ut så snart den er ferdig ”i trykken”.
04.15
04.15-16: Informasjon om påkrevd utbygging av barnehagen
Orientering v/styrar. Barnehagen har utgangen av 2016 som siste frist for å rette opp diverse
avvik som vart påvist i tilsyn av Miljøretta helsevern, våren 2015. Dette gjeld blant anna at barnehagen berre har 2 barnetoalett (det skal etter lova vere 1 barnetoalett pr.10 barn).
Det er også eit prekært behov for større vaskerom (reinhald). Sist, men ikkje minst, så manglar
barnehagen kontorplassar til pedagogane. Naudsynt utbygging av barnehagen, for å få desse
funksjonane på plass, har ligge inne i kommunens «utbyggingsliste» frå 2013.
Samarbeidsutvalet vil ettersjå at prosjektering av utbygginga kjem i gang på nyåret 2016. Oppvekstleiar Eldgrim Springgard er kjent med saka, og vil vere den som må sørgje for at tiltaket kjem
med i kommunens utbyggingsplaner for 2016.
05.15-16: Ymse
• Neste SU-møte: Onsdag 16.des 2015 kl.15.30-17.00 (med eit lite atterhald..)
Referat v/Grete T. Hagen, styrar
____________________________________________________________________________________________________________
Internett: www.aal.kommune.no