Hallingdølen opinion nynorsk

Transcription

Hallingdølen opinion nynorsk
6
NYHEITER TORSDAG 26. FEBRUAR 2015
Nynorsk
landsting
til Gol
Omdømmebygging er tema under
landstinget til Landssamanslutninga av
Nynorskkommunar
(LNK) på Gol.
TORBJØRN GUNHILDGARD
[email protected]
Landstinget til LNK blir
arrangert anna kvart år
og er lagt til Pers Hotell
på Gol 4. og 5. juni.
Tema under årets ting
er omdømmebygging.
Til å prate om det kjem
det foredragshaldarar
frå mange ulike ståstader.
Tettpakka og variert
Administrerande direktør Ole Chr. Apeland vil
ta for seg kor viktig eit
godt omdømme er både
i næringslivet og det
offentlege.
Administrasjonssjef
Olav Helstad vil fortelja om Lom kommune
sitt systematiske arbeid
innan omdømmearbeid.
Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal stiller
spørsmål om omdømmebygging også er tufta
på tilfeldige hendingar,
som storbrannen i Lærdal i fjor.
Omdømmeleiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball kjem for å fortelja
korleis ein kan spela
kvarandre gode gjennom samhandling.
Strategisk arbeid med
språket er tema under
foredraget til kommunikasjonssjef Elin Wetås
de Jara i Time kommune.
Hallingdal profilerer seg
G ol-ordførar Hallvor Lilleslett er styremedlem i LNK og held
opningstalen. Ulrikke
Ytteborg i Hallingdal 2020 vil fortelja
om korleis Hallingdal har arbeidd med
sitt omdømme. Heidi
Molstad Andresen i
prosjektet Hått Halling
orienterer om korleis
ein kan auke interessa
for nynorsk og dialekt
blant barn og unge.
Stein Torleif Bjella
held minikonsert. Finn
Tokvam held oppsummeringskåseri med
humoristisk skråblikk
om kva omdømmebygging handlar om.
På programmet står
det også paneldebatt
og prisutdeling. Landssamanslutninga av Nynorskkommunar har
123 medlemsorganisasjonar. Blant dei er 103
kommunar og fire fylkeskommunar.
VIL HA NYNORSK: Sjølv om Hallingdølen «kjempar på» mot stadig sterkare bokmålsdominans, forventar lesarane at Hallingdølen kjem på nynorsk.
Klart fleirtal for
«nynorskdølen»
„ Lesararane har talt „ Berre sju prosent vil ha bokmål
Hallingdølens
lesarar vil ha
avisa på nynorsk.
MAGNUS LINDAHL
[email protected]
Ifølgje ei undersøking Opinion
har gjort for Hallingdølen, er 54
prosent av dei 887 spurde positive til avisas målform.
Berre sju prosent er negative medan 32 prosent stiller seg
nøytrale.
– Gledeleg at nynorsk står så
sterkt. Eg kan vel seie såpass at
det er lite aktuelt for oss å skifte
målform, seier redaktør Bjarne
Tormodsgard.
Gode tal
Bryt ein ned tala for kvar kommune, viser dei at det er dei to
mest utprega bokmålskommunane i Hallingdal som er mest
negative til nynorsk.
I Nes og Flå meiner høvesvis 12 og 14 prosent at nynorsk
er negativt for avisa mot berre
fire-seks prosent i dei andre
kommunane.
– Dette er gode tal og eit positivt resultat for Hallingdølen.
Det er tydeleg at det er Flå og
Nes som er mest negative, men
dei tala er absolutt ingen krisetal. Ein ser alltid etter balansen
mellom dei som er positive og
dei som er negative. At totalt
berre sju prosent at dei spurde
er negative til nynorsk er vel-
FAKTA
Skriftmål i Hallingdølen
Hallingdølen kjem ut på nynorsk. I ei undersøking gjort av Opinion vart
887 personar i Hallingdal spurde om kva synspunkt dei hadde om dette.
Tal pr. kommune
Hol
Ål
Gol
Hemsedal
Nes
Positiv til nynorsk
55
68
52
62
36
41
Negativ til nynorsk
5
6
12
5
12
14
35
21
33
25
44
38
5
5
11
8
7
7
Nøytral
Inga oppfatning
Flå
Spurde personar: Hol 196, Ål 199, Gol 198, Hemsedal 97, Nes 151 og Flå 43.
Totalt
Nøytralt:
34 %
Negativt:
7%
Inga oppf.:
7%
POSITIVT
54 %
dig bra, seier medieforskar Sigurd Høst.
Avisas identitet
I Hallingdølen er det redaktøren som til ein kvar tid bestemmer kva for målform avisa skal
ha.
Det står ingen stader i vedtektene frå 1936 at avisa skal
vere nynorskavis. Fram til
1970-talet var det då også både
bokmål og nynorsk i avisa, men
sidan 1970-talet har målforma
vore nynorsk.
– Nynorsk gir oss identitet.
KJEMPAR FOR NYNORSK: – Strålande,
seier leiar i Noregs Mållag, Marit
Tennø, om tala frå Hallingdølens
lesarundersøking.
Eg trur også folk er vane med
at Hallingdølen kjem ut på nynorsk, seier Tormodsgard.
Etter 16 år som redaktør har
han enno til gode å høyre krav
om at Hallingdølen må legge om
til bokmål. Det er heller tvert om.
– Eg får høyre frå bokmålsfolk som synest det er bra at me
skriv på nynorsk. Det er dessutan heilt naturleg for oss med
utgangspunkt i dialekten i Hallingdal. Den skal me støtte opp
om, seier Tormodsgard.
Mållaget applauderer
Også i Noregs Mållag er gleda
stor over resultatet.
– Dette er strålande, seier
leiar Marit Tennø når ho får
høyre tala.
For nynorsk er stadig under
press, særleg i skulen. Målrøystinga i Hol i fjor om målform gav siger til nynorsk. Men
denne våren er det duka for
ny målrøysting som ein følgje
av samanslåinga av skulane i
Holet og Hovet.
– Sett i lys av debattane i Hallingdal er dette gode tal. Nynorsk har jo lange tradisjonar,
særleg i øvre del av Hallingdal.
Men dette viser også at haldningane til nynorsk handlar om
vanar, seier Tennø som seier
Hallingdølen er svært viktig for
målrørsla.
– Hallingdølen bidreg til å
vise fram nynorsk. For nynorsk
i Hallingdal er avisa viktig.