Nyhendebrev sommar 2015 KLB
Transcription
Nyhendebrev sommar 2015 KLB
Nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Sogn og Fjordane Juni 2015 Kjære ressurssjukepleiarar og leiar i kreftomsorg og lindrande behandling Takk for sist! Vi ynskjer med dette å sende litt informasjon om aktiviteten vi har hatt i nettverket sidan des.2014 Samlingar Fellessamlinga Fellessamlinga var 10 februar 2015 på Skei Hotel. Tema var Eit verdifult liv trass utfordringar. Det var godt frammøtte av ressurssjukepleiarar og deira leiarar. Vi har fått gode tilbakemeldingar både på møtestad, innhald og gjennomføring av samlinga. Vi har dessverre fått tilbakemelding på dårleg mat. Skei hotell har fått tilbakemelding om dette. Fellessamlinga opplevast som nyttig både for ressurssjukepleiarar og leiarar. Nytt namn på fellessamling frå neste år: Årleg Fagdag Dette for at alle helseføretaka (Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde) skal bruke same benevning. Lokalsamlingar Tema for lokalsamlingane i vår var: Korleis kan ein ressurssjukepleiar vera ein ressurs for pårørande? Vertskommunane fekk velje om dei ville nytte ein pårørande eller bruke www.pårørandeprogrammet.no Oppmøte: Indre Sogn: Nordfjord: Sunnfjord/Sogn I: Sunnfjord/Sogn II: 14 deltakarar av 22 ressurssj.pl 20 deltakarar av 25 ressurssj.pl. 16 deltakarar av 22 ressurssj.pl. 13 deltakarar av 22 ressurssj.pl. Tilbakemeldingane på lokalsamlingane er at ein får inspirasjon av kvarandre og at desse treffpunkta er viktige for at ein ikkje brenner seg ut. Ressurssjukepleiarane er flinke til å støtte kvarandre innad i gruppene. Dato for lokalsamlingar hausten 2015 Indre Sogn: Årdal 08.09.15 Nordfjord: Gloppen 29.09.15 Sunnfjord/Sogn I: Flora 20.10.15 Sunnfjord/Sogn II: Fjaler 27.10.15 Snakk med leiar tidleg og merk av tida allereie. Nytt namn frå hausten blir: Møte i lokal nettverkssgruppe……..f.eks Sunnfjord/Sogn Dette for at alle helseføretaka (Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde) skal bruke same benevning. Introduksjonskurs Introduksjonskurset vart gjennomført 08.juni 2015 Det kom 9 nye ressurssjukepleiarar og 1 leiar. I tillegg deltok Kristin Vassbotn Guldhav, ny driftsgruppeleiar. Ressurssjukepleiar Mette Storhaug Nybø frå Hyllestad fortalde om korleis dei i Hyllestad utførte sine oppgåver som ressurssjukepleiar. Elles deltok Geir Andvik, leiar i styringsgruppa for Nettverket, Edith Hooiveld og Marit Eikemo Halsnes med undervisning. Nytt i nettverket Ny leiar i nettverket Edith Hooiveld slutter som leiar for nettverket frå 01.07.2015 Ny leiar for nettverket er Kristin Vassbotn Guldhav [email protected] Marit Eikemo Halsnes fortsetter som medarbeidar i KLB i 20% stilling som før. Årsplan og årsrapport for nettverket Årsrapport for 2014 og årsplan for 2015 er godkjent og ligg på nettsida til KLB. Her er mykje nyttig informasjon. Alle ressurssjukepleiarar og leiarar vert oppmoda til å lese gjennom desse dokumenta. Ny brosjyre frå KLB Det er laga nye informasjonsbrosjyrar for KLB og nettverket. Vi tar med brosjyrane ved lokalsamlingane til hausten, men de finn den også på framsida i nettsida til KLB under « 0m kompetansesenteret» LCP nytt Det har vore litt diskusjon i bruk av LCP både som system og ved bruk av namnet. Men 17. okt. 2013 var det i Oslo eit møte mellom det norske LCP-teamet og den nasjonale referansegruppa. Der vart det bestemt at LCP skulle brukast her i Noreg på same vis som tidlegare. KLB oppdaterer jamleg sine nettsider i høve nytt om bruken av LCP. Til orientering er nytt, norsk navn på tiltaksplanen nå offisielt. Heretter heter den « Livets siste dager - Plan for lindring i livets sluttfase». Eiga lukka nettgruppe for ressurssjukepleiarar Nettgruppa har i dag 31 medlemmer. Alle ressurssjukepleiarane har fått tilbod via e. post om å delta. Ta gjerne kontakt med Kristin om du vil bli medlem. Informasjon på legekontor/helsesenter Vi har laget 2 slides som vi kan sende til legekontor/helsesenter som har en flatscreen på venteromma sine. Alle ressurssjukepleiarane kan sende dei til sine legekontor/helsesenter. Ressurssjukepleiar sitt arbeid i nettverket Hospitering Dersom du vil hospitere på FSS så ta kontakt med fagutviklingssjukepleiar Benedicte Garfors: [email protected] Husk at du kan søke nettverket om midlar til å få dekke utgifter til reise/opphald inntil kr. 2000,-. Send søknad til Kristin ([email protected]). Du må sjølv betale utgifter for å så få tilbakebetalt etter kvittering. Ta vare på kvitteringar! Hospitering må finne sted i Sogn og Fjordane. Dette gjelder hospitering frå sjukehuset til kommunar eller frå kommunar til sjukehus. Men også til andre for eks. Hauglandsenteret. Sjå elles tidligare utsendt e-post. Søknad på å få dekka fagdag Også i år kan du få dekke kursavgifta til palliative fagdagar i Bergen som er om våren og hausten. Du kan få dekke kursavgift til 2 dagar (900 kr/dag) og inntil kr.1.000,- til overnattingskostnadar. Du må sende ein søknad til Kristin og får tilbakemelding om du får dekke kostnadene. Ta vare på kvitteringar! Sjå elles tidligare utsendt e-post. Oppmoding til å gi intern undervisning Du finner mykje informasjon på KLB sine nettsider (til og med ferdig PP presentasjonar) Husk å lage årsplan i lag med leiaren din! Informasjon frå samarbeidspartnarar Kristin Vassbotn Guldhav har fått 60% fast stilling som kreftsjukepleiar i det palliative teamet FSS. I tillegg har ho fått 20% stilling i KLB som driftsgruppeleiar for nettverket. Karianne Røssummoen Øyen har fått 40% fast stilling som kreftsjukepleiar i det palliative teamet FSS. I tillegg skal ho fortsette som lektor ved høgskulen Sogn og Fjordane i 40%. Karianne fortsetter som representant for høgskulen i driftsgruppa. Informasjon frå Kreftforeningen Vardesenteret på Haukeland blir godt besøkt og no er også psykolog i full stilling på plass. Ein viktig møteplass for pasientar og pårørande! For meir informasjon: https://kreftforeningen.no/vardesenteret/sentersider/haukeland-universitetssjukehus/ De skal etablerast kreftkoordinator i alle kommunar innan 15.12.2016. Sjå ny Nasjonal Handlingsplan for kreft 2015 – 2017 https://helsedirektoratet.no/Documents/Nasjonal%20handlingsplan%20for%20kreft%20201 5-2017.pdf Husk å minne kreftpasienter og pårørende, som har økonomiske problem, på at dei kan søke Kreftforeningen om økonomisk støtte, gjerne via søknadsportalen: https://okonomiskstotte.kreftforeningen.no/ Vi i Kreftforeningen ynskjer dykk alle ein god sommar og ser fram til vidare samarbeid til hausten! Kurs og Konferansar Sjå på nettsida til KLB! - Palliative fagdager i Bergen 04.-05. juni 2015: http://www.helse-bergen.no/no/OmOss/Avdelinger/klb/kurs-ogutdanning/Sider/palliative-fagdagar-i-bergen.aspx - 17. Landskonferanse i Krefsykepleie 24.-26 september 2015 i Stavanger - Omsorg ved livets slutt. Veiledning og standarder for god praksis, 13.-14. oktober 2015 på Gardemoen - Helsedirektoratet har gitt ut ein ny rapport innan palliasjon: «Rapport om tilbudet til personer med behov for lindrende behandling mot livets slutt. «Å skape liv til dagene» https://helsedirektoratet.no/Lists/Publikasjoner/Attachments/892/Rapport_lindrende% 20behandling%20og%20omsorg%20ved%20livets%20slutt_IS-2278.pdf Takk for denne våren og ha en riktig god sommar