Norddal - Norges Bondelag
Transcription
Norddal - Norges Bondelag
- Som bønder i Norddal er vi glade i yrket vårt og stolte av næringa. Det er meiningsfullt og krevande å produsere landbruksvarer i vår vakre natur i høgkostlandet Norge. Næringa er synleg med store bygningar, med husdyr og jorder, skog og utmark. Bøndene utviklar stadig sine driftsmåtar. Produksjonen pr sysselsett auker 6 prosent årleg, det er på line med norsk oljeverksemd og storeksportøren USA. – For unge er difor landbruket ei spennande og meiningsfull næring å gå inn i med store krav til arbeidslyst og allsidig fagkompetanse. Rekruttering, økonomi og miljø er hovudmåla for landbruket i Norddal. - Veit du dette om landbruket i Norddal: Det vert utført 157 årsverk direkte i landbruksproduksjon i Norddal, av desse 34 årsverk i mjølkeproduksjon på storfe, 14 årsverk i geitemjølkproduksjon, 30 årsverk i sauehald og 6 årsverk i alt innan gris og ammekyr, og 73 årsverk samla for potet, grønsaker, veksthus, frukt og bær. Kvart årsverk i landbruket skaper ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemder. Bønder driv næring innan skogbruk, turisme, jakt og fiske, vidareforedling og sal av gardsmat, og har bygd fleire småkraftverk. Norddal er av fylkets mest jordbruksavhengige kommunar ved at landbruket er viktigaste næring for busetting og sysselsetting I Norddal er det bedrifter og maskinfirma innan landbruket. Norddal kommune har satsa på ei aktiv landbruksforvaltning. Det er dei siste åra bygd fleire nye fjøs. Norddal har 50 prosent av landets industrijordbær, verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking, og 80 prosent av fruktdyrkinga og over halvparten av jordbærarealet i fylket. 21 jordbærprodusentar i Norddal leverer rundt 700 tonn årleg. Bønder har etablert foredlingsbedrifta Valldal Grønt A/S. Norddal er ein betydeleg jordbrukskommune i fylket i antal gardbruk. I 2014 var det 98 gardsbruk i drift i Norddal (148 bruk i år 2000) med gjennomsnittleg dyrka areal på 120 dekar. Norddal er ein av dei store geitekommunane i Sør-Norge. Samla husdyrhald er ein stor buskap: 370 mjølkekyr, 520 ammekyr/andre storfe, 5300 sau/ lam, 1000 mjølkegeiter, 1800 griser. Det vert dyrka vel 11.700 dekar jordbruksareal, mest gras til fôr og beite. Vidare er det ca 62.000 dekar produktivt skogareal med furu, gran og lauvtre. Spesialisert produksjon, stor omsetnad og stadig ny satsing Matproduksjonen og råvarer frå jordbruket i Norddal har ein salsomsetnad på 84,8 millionar kroner i året. Av dette har kumjølkebruka inkl. kjøtproduksjon i Norddal ein omsetnad på 24,8 mill. kroner (Basert på 2010-tal frå NILF). Omsetnaden i geitemjølkproduksjonen er 9,4 millionar kroner, i sauehaldet er 10,9 millionar kroner, 6,1 millionar kroner for gris, 1,1 mill kroner i ammekyr, 2,4 mill. kroner i alt for potet, grønsaker og veksthus, 6,2 mill. kroner for frukt, og 23,9 mill. kroner for bær. Det allsidige landbruket i Norddal skaper i tillegg verdiar frå produksjonar med andre dyreslag, bønder arbeider med tilleggsnæringar og i skogen, og det er hestehald i kommunen. I 2014 vart det produsert 2,9 millionar liter kumjølk frå 13 mjølkebruk (48 mjølkebruk og 3,4 mill. liter i år 2000), og 700.000 liter geitemjølk frå 5 geitebruk. Dette tilsvarar årsforbruket av drikkemjølk, ost og andre meieriprodukt til vel 12.000 personar. Gjennomsnittleg har kumjølkebruka 29 kyr og leverer årleg 223.000 liter mjølk. Totalt vert det årleg produsert vel 400.000 kg kjøt i Norddal, av dette vel 86.000 kilo storfekjøtt, 255.000 kilo svinekjøtt og 53.000 kilo sauekjøtt. Kjøtproduksjonen tilsvarar årsforbruket av kjøt til heile 6.200 personar, eller over tre gonger befolkninga i kommunen. Vårt lokale landbruk er ein del av nasjonal og internasjonal matproduksjon Bøndene i Norddal er medeigarar i dei store nasjonale industribedriftene Tine SA og Nortura SA (Gilde). Næringsmiddelindustrien er landets største industrisektor. I tillegg kjem tømmerforedling. Landbruksnæringa si hovudoppgåve er å forsyne heile landet med norske matvarer året rundt til stabile prisar. Norsk matproduksjonen skal aukast med 20 prosent dei neste 20 åra i takt med befolkningsauken på 1 million menneske. Vi produserer i dag berre halve kaloriforbruket vårt. Matimporten aukar veldig raskt i Norge, liksom i Sverige, mellom anna av storfékjøt og dels mjølkeprodukt. – Auka import sikrar ikkje levande bygder og kulturlandskapet på Nordvestlandet. Norge har krevande natur og klima for matproduksjon utandørs. Dei fleste land vi samanliknar oss med har ein politikk for matforsyning. Liksom på mange andre politikkområde har Norge sin eigen modell for nasjonal landbrukspolitikk. Importvernet overfor land med gunstigare vilkår og lågare kostnadar er avgjerande for å oppretthalde matproduksjon over heile landet Bonden og landbruksnæringa i Norddal gir Mat, Miljø og levande Bygder Landbruket i Norddal * Stor næring med 157 årsverk og omsetnad på 85 mill kroner berre i matproduksjonen * 98 gardsbruk i drift * Har halvparten av industrijordbæra i landet * Kultur- og fjordlandskap av Verdsarv-format - Kvifor aktivt landbruk i Norge? lokal norsk mat året rundt i heile landet til nokså lik pris velstelte bygder med kulturlandskap og husdyr miljøverdiar, kulturverdiar og tradisjonsberarar lokal busetting og verdiskaping med store ringverknader Valldal har verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking Mars 2015 VALLDAL BONDELAG EIDSDAL OG NORDDAL BONDELAG